Eg har lova å vende attende til det musikalske bakteppet for førre Cafe Grössenwahn, og det skal eg såvidt byrje på no. Musikk er halve inspirasjonen for at vi møtast, og musikken trekk gjerne langvegsfrå. Deriblant ein underleg franskmann med namn Kentin Jivek som dukka opp på opningskvelden. Førre aften tok han sjølv fatt i gitaren og varme opp for hovudattraksjonen, min venn Tony Wakeford frå Sol Invictus.
Kenting er ein snodig liten mann, som i ti år har spelt med andre, og som først i fjor fann ut at han ville gjere noko med sitt eiga material. Så han spelte like så greit inn alt saman og gav ut på CD og MP3. Du finn alle godsakene til lytting på Spotify. Så du har ingen unskulding for ikkje å sette deg ned og prøve. Som mykje anna neofolk av soloartistar framstår musikken hans som eit tradisjonelt og mørkt 'singer /song-writer opplegg. Noko som kanskje er ekstra tydleg då han sang ein Leonard Cohen-song i 2007:
Hans eigen musikk er ganske rett fram, og nyttar seg sterkt av hans eigen mørke stemme til å drive fram ein stemning. Den har ein del ubestemmelege kvalitetar ein ekspert sikkert kunne sagt mykje om, og medan det kanskje ikkje alltid har den største driven eller songbarheten, så har den ei stemning ein kan sette pris på. Som i denne låta tatt opp frå Cafe Grössenwahn
Må berre beklage at lydkvaliteten ikkje er den beste.
Det største problemet med Kentin Jivek er sjølvsagt at han er fransk, og dette har haldt meg vaken ein del netter i forkant av konserten. Går det an å sette pris på ein fransk artist? Etter fleire lengre samtaler med han, så må eg konkludere med at han er ein roleg, grublande og tidvis sjenert og kjekk ung mann (like ung som mullaen). Det faktum at han har innsett at Paris er så gørr keisamt at han reisar til Noreg for å hyggje seg når vi har fest, tel òg i hans favør.
Konklusjonen er at han er ein godkjend artist og at de bør kjøpe platane hans. Han er under mullaens beskyttelse!
Broderleg kjærleik og beskyttelse kan òg gjelde franskmenn. Nokre gonger.
Då eg nyleg spøkte om at det var på tide at VG intervjua mullaen om hans vibratorkunnskap, så var det mest med tanke på dagen i dag. For de skjønner, det hadde dei allereie gjort, og i dag vart det klistra over to sider i papirutgåva av blekka deira.
Det heile byrja med ein telefonsamtale med det eg eit par sekund mistenkte var Espen Beranek Holm frå Hallo i Uken som etterlikna ein VG-reporter, men eg måtte til slutt - etter litt om og men - gå med på at kunst og liv imiterar kvarandre i hytt og pine. Det var VG. Og dei ville snakke om vibratorar. Eg hadde dårleg tid, så eg sa ikkje så mykje, men det gjorde ingenting sidan dei hadde tatt nok av notatar under foredraget. Så mange notatar faktisk at det vart to avissiders referat, ispedd sitat frå meg og Cecilie Kjensli (som forøvreg ikkje er særleg imponert over mullaens tankar om vibratorar, forstå det dei som kan).
Men no var dette i papirutgåva, så ingen kjem til å lese det. Slik ser det no ut då...
VG 29.09.10 side 36 og 37. Kven skulle trudd at vibratorar tok så stor plass i desse dagar?
Her har dei forsynt seg godt av fleire av mine favorittillustrasjonar, frå dei hysteriske kvinenne til dampdrevne vibratorar, og ikkje minst, min favoritt, sveivevibratoren. Dei har òg fått plass til ein reklame frå Sears-katalogen i 1918. Og ein rubrikk om den komande filmen om herr Granville, kjend for å ha tatt patent på den ein av dei første elektromekaniske vibratorane. Den høyres spanande ut, og er det forsåvidt, men vi stiller spørsmål om korleis denne soga skal forteljast som eit romantisk drama med kjende pene Hollywoodstjerner. Det høyres ikkje heilt realistisk ut, gjer det?
Sjølvsagt, dei burde hatt bilete av meg. Meg og Hello Kitty!
Vi prøver framleis å samle oss etter førre vekes ekskursjon til Syndas Bygd, tiggerstaden der vi, i von om å frelse dei stakkars innbyggjarane, har oppretta Cafe Grössenwahn. Eit lukka selskap for dyrking av sunn fornuft og stormannsvanvidd ved ei dryppande absinthfontene. Eit einsleg fyrtårn av god gamaldags europeisk sivilisasjon, i eit falmande kulturlandskap infisert av allskens framande element. Som joggebukser og MacDonalds.
På Cafe Grössenwahn kan vi siste edle menneske, uavhengig av livssyn og etnisk opphav samlast for å dele våre sorger, og saman drukne dei (og vere kvarandres alibi om nokon spør). Ja, vi er lukka, men vi slepp inn allskens folk. Tilogmed ein franskmann. Dette kjem vi attende til, for eg vil veldig gjerne dele med dykk nokre ord om musikken denne førre magiske kvelden, men det hendte meir som eg burde fortelje.
Det er ei enkel soge. Mullaen var i god form mellom dei to musikalske hendingane den kvelden, og såg for seg at han skulle berike platesamlinga si med eit par fysiske eksemplar av musikken. Til dette trengte han kontantar. Så han ropte ut til dei som ville høyre det: "Kvar finn ein eigentleg ein minibank heromkring?" Og svara hagla inn. Båe eit og to, og kanskje tre. Om ulike stadar der ein kanskje kunne finne ein minibank, men ingen kunne svare heilt sikkert.
Ein mulla med hatt. Foto: Eirik McYven
Eg er ikkje ein mann utan eventyrlyst eller tiltak, så eg tok min hatt og planta den på mitt hovud og gjekk ut i gata. Ei av retningane måtte jo vere den rette tenkte eg, og tok fatt i... ei retning. Leia av Gud, kanskje, eller gastronomisk inspirasjon etter å ha inntatt eit deilig strudelmåltid. Etter å ha gått knappe ti, eller tjue, tredve, eller førti meter, det var var vanskeleg å bedømme avstand i min euforiske tilstand. Etter eit uvisst antall steg kom eg til ein framand mann, som stod og famla med ein sykkel. Aha, tenkte eg, ein lokal kjenning, ein sykkeltjuv eller innfødd, han kan vi jo spørre. Så eg gjorde så! "Unskuld meg, min gode mann, er du kjend i dette strøk? Du veit vel ikkje kvar eg finn ein minibank?"
"Nei, det gjer eg nok ikkje." svarte han, på umiskjenneleg vestlandsk målføre, "men sei meg, er du mormonar eller noko slikt?" Spurde han, og peikte mot min hatt, mi jakke, min vest og mitt skjegg. "Nei," svarte eg, "det er eg ei, men eg er kjend for å vere ein eksentrisk mulla."
"Er du den gale mulla? Eg er fan av deg på facebook! Kva du skal med minibank?" sa den unge mannen med eit skjeggete flir.
"Nei, eg skulle jo ha meg kontantar", svarte eg. Og det var ikkje noko problem, i følgje han, for eg kunne jo låne ein klekkeleg sum av han, og han drog opp si lommebok og telte opp... ein klekkeleg sum. Audmjuk tok mullaen i mot, og spurde kven han var og kvar han kjende sin mulla frå? Jo, det var no først og framst gjennom teikneserieskaparen Den Unge Herr Holm, for den kjekke unge mannen var sjølv teikneserieskapar kunne han meddele. Så eg måtte jo spørre, hadde han laga noko eg kanskje hadde høyrd om, for teikneseriar det likar ein jo. Ja, kanskje, han hadde laga noko dei kalte "De fire store", for den kjekke unge mannen var unge lovande Øystein Runde. Og om de ikkje har sett hans arbeid, bør de gjere det no. Ta berre ein kikk på første boka i serien:
Vi prøvde sjølvsagt å lokke han med oss til det megalomane selskap, det er jo alltid kjekt å treffe ein tilhengjar med talent og lommebok, men han haldt seg på utsida som ein einsleg barbar i kulda.
Men neste gong skal vi få han med oss inn. Og slik ender soga om Mullaen, minibanken og Runde.
Teiknefilm er eit ypperleg vis å tiltale borna. Alle elskar teiknefilm, båe store og små born, så om du vil få fram eit bodskap så er det like godt å gjere det i teikna form. Personleg skulle eg gjerne sett denne bloggen omsatt animasjonsform. Då trur eg at eg kunne nådd eit breidare publikum, og eg trur innhaldet hadde komen til sitt rette.
Korleis ser eg noko slikt for meg, spør de? Vel, gjennom omveger og merksnodige tips (som eg kanskje kjem attende til om eg får tid til å skrive eit litt større innlegg om temaet), snubla eg over denne folkeopplysingsperla.
Vi treng simpelthen fleire filmar som denne:
Og korleis hadde eg passa inn i ein slik film? Vel, det er dei som har sagt at eg er ein kødd.
Torsdagens innlegg om ingefær fekk meg til å tenkje på mat. Eg tenkjer ofte på mat. Mat er godt, og det er ein sentral del av vår kvardag. Og det er vel gjerne difor vi har matregler, eit tema som eg ikkje så altfor ofte dekker i denne bloggen. Eg har såvidt vore innom litt koshermat for nokre år sidan, som var velsmakande nok, men kva med halalmat? Halalmat er nesten det same. Akkurat det same vil nokon påstå, men neida. Ta ein kikk på dette:
Berre i aller ytterste naud bør du ete dette...
Dette er så klart ikkje halal, det er heller ikkje mykje kosher. Denne tradisjonelle hotellfrukosten bør ein gjerne unngå. Om enn ikkje av anna grunn at du simpelthen ikkje har gotdt av det. Sjølv om det smakar godt. Det er haram. Det er svinekjøt for pokker. I massevis.
Men dersom du held deg til halalmat, og ikkje kosher, så kan du sleppe unna med denne godsaka her.
Sushi var kanskje yndlingsretten til Profeten (fvmh)
Vidunderlege godbiter frå havet er noko ein er skeptisk til i jødedommen, men som Koranen har eit velsigna avslappa forhold til. Eg er usikker på korleis jødar klarar seg utan tempura maki, men det må vel gå på eit vis. Og uansett om du er sunni eller shia, så er reker ok. I nokre fortolkingar av shiaislam så skal ein unngå skalldyr, men reker går greit. Reker er alltid ok i Islam.
Det er sjølvsagt ein haug med andre regler når det kjem til halalmat, som slaktemetoder og korleis maten skal vere velsigna, men etter fleire års studiar har det kokt ned til det overnemnte. Gissegiss er fy, tempura maki er godt.
Eg kan lett sjå for meg Profeten (fvmh) sitte i eit telt i ørkenen, godt skjult i skuggen, medan sola brann som det verste på himmelen. Det var lunsjtid. Det var sushitid. Meisterleg svingte Profeten (fvmh) spisepinnane som om dei skulle vere dei lettaste av lette sablar (light sabres?!) og gumla i seg maki, nigiri og all slag anna sushi. Ja, det skulle ikkje forundre meg om Fatima eller nokon andre i hans nære omgangskrets hadde førebudd ein estetisk tilfredsstillande bentoboks når han skulle ut og forkynne og krige. Presentasjonen er halve opplevinga, som de veit.
Det einaste som kunne ha toppe dette, var om han fekk servert strudel til middag! Ja, eg veit kva de tenkjer no. Strudel er bakverk, og difor desert eller kaffemat, og ikkje middagsmat. Det høyres difor lite kosher ut å servere strudel til middag, det er kanskje tilogmed haram? Vel, trøyst dykk med at strudel til middag er fullt mogleg. Som vi nyleg fekk demonstrert på ypperleg vis på Cafè Grössenwahn førre helg, den jamlege samankomsten til Norsk Selskab for Megalomani. På middagsmenyen stod ein vidunderleg strudelrett frå austerrike som sjarmerte oss alle i senk.
Nammestrudel!
Mine damar og herrar, hels på spinatstrudel med røykelaks og potetar. Det som truleg var favorittstrudelen til Skippern. Utsøkt, grønt og raudt. Kan det verte betre enn dette? Berre om vi har dessert.
Eplete desertstrudel! Og krem! Rrrrawr!
Og det har vi sjølvsagt! Den tradisjonelle Äpfelstrudel, med krem. Slik som har vore servert i dei germanske strøka sidan 1600-talet. Og om det skulle vere noko tvil om dette var halal, så kom inspirasjonen til retten sjølvsagt austfrå. Frå sjølvaste det ottomanske riket. Truleg etterlot dei oppskrifta på grensa då dei prøvde å ta Wien. Så aldri så kjipt, at det ikkje var deilig for nokon - eller kva?
Og om du ikkje er svolten no, og vil ha ein meny av ekte japansk-ottomansk-germansk-halalmat, så anar eg ikkje kva som er i vegen med deg. For dette er nok ein meny Profeten (fvmh) ville ha satt stor pris på.
Du er glad i gulrøtter og potetar, og tar gjerne ein turnips. Du er vaksen og sivilisert og veit at ingen av desse er djevelens frukt. Dei er gode for deg. Sunne og gode. Så, då kjem det neppe som ei overrasking at eg vil anbefale alle å ta i bruk ingefær i kosthaldet sitt. Dette var eg nyleg inn på, då eg var på Radioselskapeti førre veke, og snakka om gode kannibaloppskrifter. Ingefær er som kjend ein viktig ingrediens her.
Og i utgangspunktet vil eg hevde at ingefær, som dei fleste andre rotvekster er halal, og berre til å forsyne seg av. Diverre bør ein sjølvsagt vere på vakt, for avogtil er ingefær ganske så haram. Og då snakkar eg ikkje om når det blandast med gissegiss for å lage sweet & sour, men når ingefæren er gissegissen!
Slik som her!
Haram griseingefær! Oink! Oink!
Du er blind om du ikkje ser det!
Nesten like haram som turnips som har vekst seg til ein vulgær og morosam form lik delar av den maskuline anatomi. Ja, du veit kva eg tenkjer på, og du får ingen bilete. Haram, seier eg!
Eg kan hugse godt saka mot Arne Treholt, heile landet vart rysta over anklagene om at han hadde spionert for erkeskurkane i Sovjet. Og enno meir sjokkerte då han vart dømd. Ein nekta nesten å tru på bevisa mot han. Og for min gudfars del, var det heller ikkje noko tvil - som ekspertvitne i saka uttalte han at den berømte konvolutten ikkje kunne ha innehaldt pengane han skulle ha tatt i mot. Og det viser seg at vi hadde god grunn til å tvile på bevisa mot han. For no kjem det fram at pengane truleg var planta av politiet.
Dette er sjølvsagt beyond skandaløst, men det er ingenting i forhold til det eg har snubla over. Det viser seg at òg dei kjende fotografia av Treholt i lag med sovjetiske agentar var grovt manipulerte. Ikkje for å stille Treholt i eit dårlegare lys, men for å fjerne dei reelle bakmennene. Dei umanipulerte bileta avslørar dei verkelege bråkmakarane i bakgrunnen av fotografiet. To kjende spionar, som til den dag i dag har gått fri. Eg oppdaga dette biletet då eg tidlegare i veka snokte rundt i NRK, og heilt tilfeldigvis snubla over det. Eg har tenkt lenge på om eg burde offentleggjere det eg fann eller ikkje, men eg innser at det er mi plikt. Sanninga må fram. Sanninga om kven som felte Treholt må fram i lyset.
Kven felte Treholt? Biletet stolen frå kjelder i NRK
Og om de ikkje ser kven det er... så er det ikkje min feil at de er historielause barbarar!
Mullaen har, som de skjønner, vore vekke på tur. Og han tok seg tydlegvis ikkje bryderiet med å oppdatere sine leserar. Eg skal straffe meg sjølv ved næraste høve, og kanskje tilogmed fortelje alt som hadde hendt.
Som de kanskje har fått med dykk, så var ein av årsakene til fråveret eit foredrag om vibratorens historie i Oslo. Dette haldt eg endeleg i går, og det var ein underleg affære. Vi satsar på at publikum jamt over likte tilstelninga, sjølv om ikkje alle heilt forstod kva det var som var så pokkers morosamt. Ei interessant anklage var at vi lo av temaet, fordi vi tykte det var vanskeleg å snakke om seksualitet. Nei, vi ler fordi det er morosamt. Andre att meinte det var feil å le. For dette var trass alt alvorlege greier. Det var levebrødet deira. Og så var det dei som... vel, vi er litt usikker på kva den tredje protesten var for noko. Eit eller anna om vibratorar nytta for å kolonisere afrika og legar som var i hendene på den diabolske legemiddelindustrien.
Om eg ikkje var forvirra frå før, så vart eg det endeleg då. Heldigvis, så virka det som om resten hadde stor glede av det. Glede av det hadde òg våre vennar i Radioselskapet på NRK P2. Der var eg tidlegare på dagen og gav ein enkel kortversjon av foredraget, til mykje glede. Eg trur dei trengte noko beroligande etter førre vekes kannibalismeutspel.
Mykje rart vert sagt om kannibalar og kannibalisme. Båe av misjonerærar, antropologar og anna godtfolk. Og no har det hendt seg at òg eg har vore nøydd å uttale meg om temaet, på førespurnad frå våre vennar i Radioselskapet på P2. Kva var sagt som var så spanande? Det kan du høyre ved å laste den denne lydfila og hoppe forbi alt det trøyttsame til 34 minutt ut.
Ein kan seie langt meir om temaet enn det eg gjorde der sjølvsagt. For kannibalisme er eit utbreidt fenomen, i alle fall som tanke. Vår uvilje mot å ete andre menneske vert oppfatta som ein markør for sivilisasjonen. Vi et dyr, vi et ikkje menneske, for menneske er ikkje dyr. Kannibalismen er likevel ein stygg påminning om vårt dyriske opphav. Og funn i spania tyder på at Homo Antecessor kan ha hatt, om enn kanskje berre unntaksvis, ein kannibalistisk diett. Nokre forskerar meiner òg å ha funne at våre forfedre opparbeida ein genetisk immunitet mot nokre av dei plagane som råkar oss når vi et andre menneske. Denne immuniteten har vi altså fått slik ein gjerne får det - ved å byggje den opp.
Når vi i vesten byrja å vandre rundt i verda og oppdaga stammefolk av ulikt slag vart dei snøgt definert som båe usiviliserte og kannibalar. Kan vi stole på dette? I nokre tilfelle, så stemmer det nok at dei var det. Kannibalil er ein vulgarisering av Carib, ein karibisk stamme som praktiserte slike freske kulinariske sprell. Og vi har nok av døme frå dette området, som er relativt pålitelege, som fortel om kannibalisme i ulik grad. Men det heile vert vanskeleggjort av at ein gjerne knytter kannibalisme til primitivisme og det usiviliserte, og det difor noko ein lett vil anklage andre for, særleg om ein opplev dei som meir primitive og trugande enn ein sjølv. Det er eit stigma som ein nyttar som unskulding for tvangssivilsering og misjonsarbeid.
Kina er kanskje ikkje landet ein assosierar med kannibalisme, men dei har ein rik historie av kannibalisme mellom anna av medisinske årsaker. Og på 1800-talet kunne Kuwabara Jitsuzo nedteikne minst fire måter å tilberede menneskekjøt som ein del av det klassiske kinesiske kjøkkenet. Og så seint som i 2007 fann ein menneskerester dynka i ingefær og andre essensielle ingrediensar. Klar for litt Sweet & Sour? Det var i alle fall delar av partileiinga under kulturrevolusjonen, for 15 kommunistar vart i etterkant dømd for å ha stått bak systematisk kannibalisme. Revolusjonen spis sine barn, heiter det. Og det er nok sant. Mon tru om dei fekk smaken for det under Det store spranget, då kannibalisme var ein rein epidemi i landet? Nokre kjelder seier at det vart spist 100 000 menneske under desse omveltingane.
Og så kan vi snakke om japanerane under andre verdskrig, eller beleiringa av Leningrad og Stalingrad. Og vi kunne tatt opp den organiserte kannibalismen som breier om seg i Congo og Liberia, men det får vente til ein annan kveld. Og hadde tida strukket til, så skulle vi nok ha snakka om kugalskap, Kreutzfeld-Jakob og Kuru, samt ritual der ein et sin familie på Papa Ny Guinea. Men den gjer ikkje dèt.
Dette får halde med denne lille smakebiten i dag. Hugs å ta med ingefær neste gong.
Det kan umogleg vere lett å vere prinsesse Märtha Louise. Eg forstår godt at ho vil flykte frå røynda, når røynda er at ho er gift med antroposofen Ari Behn. Slikt kan ikkje vere lett å ha med å gjere i kvardagen, og ein søkjer gjerne selskap der ein kan. Det meste er vel å foretrekke framfor å føre daglege samtaler med kongen over stemte s'ar, så eg undrar meg ikkje mykje over at ho må bille seg inn at ho snakkar med båe englar og dei døde.
Problemet oppstår jo når ho ønskjer å introdusere andre for fantasivennane sine. Slikt lover jo aldri bra, og bråk vert det kvar gong. Diverre er det ikkje psykiatrien som grip inn, men kyrkja, som klagar på at daudingar og englar - det er ikkje slikt ein skal snakke med. Og ein kan jo forstå deira perspektiv, det er nok av råtne eplar bland daudingane, så unge, lettpåverkelege jenter som Märtha Louise bør helst halde seg unna. Berre sjå på kva som skjedde då ho møtte den klysa Ari Behn?
Det hjelper sjølvsagt lite, for sjølvgestalta religionshistorikar Hanne Nabintu Herland er klar til dyst. Ho har tydlegvis tatt ein kort pause frå å ta oppvasken og å tilfredsstille sin mann medan han les avisa, til å sette skapet på plass med særs uklare formuleringar. Uavhengig av kor lite samanhengande, så står konklusjonen fast. Märtha er ei heks, og burde nok gå på bålet - slik som i gode gamle dagar.
Ho har nok eit poeng der. På seg sjølv kjenner ein andre. Og når vi er inne på det - burde ikkje Snåsamannen vere varsam med å kalle andre for svindlerar som driv med humbug?
På bålet med heile hurven seier eg... men i følgje Märtha så lar ho ikkje slik negativitet gå inn på seg. Dessutan er vi slemme og mobbar henne. Vi bør ikkje våge å be om noko avklaring, altså. Ho er jo prinsesse. Og heks!
Om du ikkje har fått det med deg enno, så skriv det ned no og pugg det til i morgon: Kleda skapar mannen. Det er mullaens ufråvikelege meining. Korleis du kler deg, er korleis du vel å presentere deg for andre. Og kler du deg som ein slask, så er du nok ein slask. Kler du deg med omhu og stil så fortel du oss at du bryr deg. Du bryr deg om vårt inntrykk av deg, og du ønskjer at vi skal tenkje godt om deg.
Og det gjer vi nok.
Er du kvinne, så ser vi deg helst i ei kjole eller eit skjørt. Er du mann - så bør du ha ein dress. Ei fin skjorte er heller ikkje å forakte. Om du stiller i dressjakke og t-skjorte, må vi nok ta deg nøyare i ettersyn, for det skal litt til å sleppe unna med det.
Og har du ikkje meir enn eitt slips, og det er med Donald på, ja då er det nok på tide å investere i ny garderobe.
Har du nokon gong blitt fortald historia om vibratoren og kvinnas hysteri? Om ikkje er det rimeleg store sjansar for at du ikkje følgjer med, eller at du bur på ein meir gudsforlatt stad enn Bergen. Det skal vi no sjølvsagt fikse på, og tar turen til den provinsielle bygda Oslo neste måndag for å fortelje Studentersamfunnet der om dette. Oslo er som kjend bygd rundt eit ganske langt og aktivt horestrøk, som strekk seg frå Østbanehallen til Kongens bungalow. Så det skulle ikkje komme som nokon bombe at bygdas innbyggjerar lider av ein del seksuelle traumar. Dette vonar eg å kunne rette opp i, ved å ta dei på ei lita vandring i seksualhistorias irrgangar, med fokus på hysteriske kvinner, legevitskapen og oppfinninga av vibratoren. Menns største gåve til kvinner. Vi skal bevege oss frå antikken til det viktorianske 1800-tal, stappfull av hand- og dampdrevne vibratorar, og er vi heldige skal vi snuse litt på pedaldrevne òg. Deretter skal vi svinte kjapt innom 1900-talet og vår tid, men dette er strengt tatt ikkje så interessant som det er vulgært.
Så om du er i bygda den 20. september, så ta turen. Det er ei sterk oppmoding. Eller ein ordre. Alt ettersom. Sjekk facebookeventet.
I samband med utskifting av telefon, har vi oppdatert vårt lille arkiv. Ja, først og framst med ei lita sak om førre gong vi slo klørna i ein ny telefon, men òg nokre andre godbitar som de kan kose dykk med. For dei uinvidde, så har det seg slik at eg for nokre år sidan var nøydd å skifte beite. Eg måtte starte ein ny blogg, og den gamle lot seg simpelthen ikkje overføre. Bloggen, som då hadde vore jamleg oppdatert sidan hausten 2003, inneheld mykje snacks, som diverre alt forsvann frå nettet, og som eg då må leggje manuelt inn att i arkivet her. Noko som tidvis er ganske tidkrevjande.
I tillegg til den allereie nemnte telefonsaka, fann eg ut at eg kunne leggje ut ein gamal presentasjon av 30. juni frå same året. Dei lange knivars natt er og blir ein merkedag i min kalendar, som gjerne vert feira av at eg tar på meg ei brun skjorte og gneker meg opp til andre menn, medan eg syng tyske kampviser. For på denne dagen vart homonazistane jaga på dør av Doffen og onkel Heinie. Og når eg først var i gang, la eg like gjerne ut to tekstar om luddisme, inspirert av noko arbeid som vart gjort for Victoriana på tidspunktet. Det eine var eit eldfull forsvarsdikt av Lord Byron, då han tok til motmæle mot å avrette landets mange aktive luddittar. Det andre var eit brev frå sjølvaste Nedd Ludd, samt ein som vart sverga til han.
Og når vi først var i gang, kunne vi like godt dra fram ei gamal sak om Pandamonium - nemleg om korleis dei no driv og dyrkar kunstige drapspandaar.
Noko for ein kvar smak, altså. Så eit gledeleg attsyn for mine eldste lesarar, og nomnom for nye. Så kos dykk med dette, og hugs - arkivet er alltid opent.
Det er ikkje meir enn tre år sidan vi fekk hendene våre på det som virka som ein særs avansert telefon. Det var ein businesstelefon frå Nokia, med ein meir eller mindre strategisk plassert knapp for gruppesamtaler. Ein knapp som aldri vart brukt. Då eg først fekk den, nytta eg eit blogginnlegg (som eg no har lagt inn i arkivet her) på eit lite studie av denne avanserte saka som lovte meg viagraspam på bussen til jobb. I dei tider pendla eg, og var særs avhengig av å ha tilgang på mail og anna medan eg slava i veg i det private. For i det private har det private intet rom, så om eg skulle halde kontakta med folk per mail i arbeidstida - så måtte eg jommen ha ein mobiltelefon å gjere det på. Så difor fall Nokias E65 i god smak - trass små tastar, og litt dårleg plassert ringetast. Vant til den vart eg, og særleg tekstmeldinger gjekk suverent. Kven treng å sjå på tastaturet når ein kan det inn og ut? Med Nokia E65 kunne eg gladeleg spankulere ned gata, med armane til sida, medan mobilen vart tasta på med tommelen utan at eg trengte å gje den eit blikk før eg trykte på sendknappen. Oh happy days.
No har tida komen for å slå opp med Nokia. Finnane har tent meg bra, og eg har vore vel nøgd med mine tasteskillz, men er det ikkje på tide å gå vidare? Det er 2010, og vi føler oss klare for HTC. Slik som ungdommen har. Mykje pengar vil vi ikkje bruke på slike nymotens ting, vi går varsamt inn i det nye forholdet, usikker på om alt stemmer og om det vil vere så komfortabelt som vi er vant med. Så vi satsar på denne søte lille saka, ein HTC Wildfire.
Ein hip og ungdommeleg telefon
Ein pitteliten datamaskin er det, med allskens små spel og program. Og ikkje minst ein nymotens touch-skjerm, av den typen som alle kule telefonar har i dag. Faktisk har den ikkje ein einaste knapp, utanom av-og-på, og lydkontroll. Og ja, ein knapp til kamera. Der Nokia prøvde å gøyme vekk ringetasten, har denne telefonen ingen. For alt er touch. Toucha-toucha-touch me, I wanna feel dirty, skrik telefonen til meg. Eg køyrer det gjennom Google-translate appen og får resultatet; ta-meg, ta-meg, ta-meg, bruk meg som et luuuder.
Eit lite problem med å skulle bruke min nye telefon som eit ludder er jo at desse touchskjermane, er jo at dei openbart er designa for bruk av sarte små pikefingre. Ikkje mine akademiske syltelabbar. Så i mine vandringar gjennom kontaktlister og applikasjonar i forsøk på å forstå ting, ender eg sjølvsagt opp med å starte ein heil del program og rinnge opp folk i hytt og pine. Særleg når eg satt og finjusterte sambandet mellom mi gamle kontaktliste og tilhøyrande Facebookprofilar, samt Twitterkontoar. Nesten meir styr enn det er verdt, men no er det gjort.
Vi gjer eit ærleg forsøk på å forstå den nye telefonen. Og der vi før var kjempeglade over å kunne køyre gmail på mobilen, kan ein køyre langt meir tullball på Google sitt operativsystem, Android. Ja, for det er ikkje nok med Facebook og mail. Eg må ha strekkodelesar, for det kan vere nyttig ein dag. Eg må ha stjernekart og ein eigen Youtubelesar! Eg må ha lommelykt og Star Wars-lydar. Og ikkje minst, eit lite program som hindrar meg i å ringe folk berre eg er borti skjermen.
Det er ei fascinerande reise, og eg finn mykje rart til mitt nye leiketøy... men det eg ikkje finn, er ein hendig knapp for gruppesamtaler. Det kjem eg sikkert til å få bruk for, trur de ikkje?
Vi her i moskeen er store tilhengjarar av Max Brooks (son av Mel Brooks og Anne Bancroft) si bok - The Zombie Survival Guide, som gjev deg dei naudsynte triksa for å overleve den komande zombieapokalypsa. Som tidlegare meldt, har kanadiske forskerar grubla seg fram til at ein epidemi av hjerneetande levande døde nok til overvelde menneskeheita, og ingenting tyder på at vi vil vere i stand til å gjere særleg motstand. Difor er denne boka særs nyttig for å gje oss alle det lille ekstra som kanskje gjer oss i stand til å gjere motstand. For vi er ikkje alle Woody Harrelson, og ikkje alle zombiar er tilbakeståande.
Men ei bok er ikkje nok. Vi treng workshops og seminarar. Og vi treng studiepoeng. Difor var det gledeleg å høyre at Universitetet i Baltimore no tilbyr eit kurs i zombieoverleving, der studentane vert satt til å studere og analysere den store mengda av material vi har om dei vandaude hjerneetarane. Vi vonar sjølvsagt at fleire universitet vil tilby tilsvarande kurs, og at det vert satt til side nok ressursar til det naudsynte utstyret for studentane å få praktiske øvingar. Vi snakkar sjølvsagt om motoriserte grasklipperar, motorsagar, skarpe gåstolar, heimelaga flammekasterar og anna heilt elementere forsvarsverkty.
For vi må vere varsame med å sette vår lit til eit par kull av studentar som har den naudsynte opplæringa. Eit elitekorps er bra, men vi treng å spre kunnskapen og ferdigheitane til så mange som mogleg. Ja, vi treng førebilete og nokon til å lede oss i kampen, men til det har vi Natalie Portman og syskna frå Jane Austens Pride & Prejudice, som alle er topptrente kampsportekspertar klare for utfordringa. Vi kan ikkje alle vere som dei, men vi må førebu oss på å gjere vår del. Saman kan vi kanskje tilbakevise den kanadiske forskinga, og overleve?
Og om det skulle vere seg slik, at det aldri kjem ein epidemi med zombiar... så har vi alltids det langt nærverande problemet med Pandaar og deira komande terrorregime... og eg trur nok motorsag og flammekastar fungerar på desse feite pelsdottane òg.
(Illustrasjonsbiletet er forresten stolen frå Zombie Rationality, gudane veit kvar dei fann det)
Det er ikkje lett å vere ein heterofil mann i desse dagar, ikkje nominelt heteroseksuell heller, om det skulle gjere noko forskjell for deg. Alt vert liksom satt spørsmål ved, og feminisert. Uansett korleis ein kler seg eller ordlegg seg, så er det nokon som vil sette ein homorelatert merkelapp på det. Queer meg her, og queer meg der. Det er komen så langt at ein ikkje kan beundre kroppen til ein annan mann utan å verte anklaga for å vere homofil. Kva har skjedd med verda, der berre homofile kan følgje kurvene av velforma musklar, dryppande av olje og sveitte etter ein treningsaukt? Må ein stemple alt med No Homo no?
På den andre sida, så virker jo alt homo når du nyttar autotune. Det er det som er den avgjerande faktoren her, sant? Det er ikkje lett å vere hetero, men det første steget må nok vere å synge utan digitale hjelpemiddel.
Eg likar å tru at fleire av mine leserar er gamle grisar, eller nærar ein ved sitt bryst eller i sitt indre. Det er ingen skam i det. Den gamle grisen er ein institusjon i den vestlege kulturen, og sjølve bærebjelka i dens økonomi og den pesande dampmotoren i dens framdrift. Så er du ein gamal gris, så ver stolt, og gå med rett rygg og vandrande blikk. Det er likevel ein del gamle grisar som følar for å avansere til det neste nivået. Frå gamal gris, til heiltids siklande pervo. Og då er det kanskje best å høyre på erfarne tafsemenn som Terry Richardson, eller Onkel Terry blant hans offer. Onkel Terry er ein vidkjend og "populær" fotograf som oppdagar unge jenter og får dei til å stille i nettoen, og som ofte får gleda av å ta han på tissen samstundes. Her snakkar vi ein førsteklasses pervo, som stadig klarar å få unge jenter til å gjere dei mest nedrige ting og som vifter med den ikkje så altfor mini minien sin framfor gud og kvar mann. Så ja, om du vil ta ditt griseri eit steg opp, så er dette mannen for deg. Og her gjev han deg ein del råd. NSFW... Not Safe For Work som dei seier... and how!
Om du vitjar bygget der vi har vår moskè i desse dagar er det stor sjanse for at du møtar ein låst ytterdør. Og ingen ringeklokke til å vekke merksemda til bebuarane på innsida. Smekklås er installert og no skal verda verte trygg. Det er jo sjølvsagt som ein konsekvens av ein viss turbulens i nabolaget, som endte opp med å sende mullaen i politiavhøyr (nett som Krekar!)!
Ein kan jo forstå at to siklande troglodyttar som knivstikk ein kompis kan gjere båe den eine og den andre urolege. Noko som ein såg på det antallet leiligheiter i bygget som brått vart ledige, og det til ein rimeleg penge. Eg møtte ein av mine naboar på veg ut - no var det nok, insisterte han på. Han hadde budd her i 25 år, men no var nervene tynnslitt. For det siste drapet er nok berre ein av mange interessante hendinger i byggets lange historie.
Så slik sett, så forstår ein. Ein lås på døra. Tryggleik. Slikt gjev folk betre sovehjarte.
Men nokon burde fortelje dei at det ikkje hjelp med lås på bygget, når drapsmennane bur i blokka. Og dei har nøkkel.
Her i vår moskè sett vi stor pris på musikk og dans. Som uttrykk for glede og kjærleik er det lite som kan måle seg med spirituell musikk.Vi høyrer sjølvsagt ikkje på korrumperande musikk, men foretrekk oppløftande andelege toner frå artistar og band som Leonard Cohen, Muslimgauze, Sami Yusuf, Dead Can Dance, Sol Invictus og eit hav med andre artistar som vi meiner at rettruande har godt å svøpe sitt hjarte med.
Då mullaen i somar feira aldardomen sin, var det difor kjærkomen at ein av gåvene var nett slik musikk. Ein song med eit godt andeleg bodskap, og ein melodi og tekst som berre tiggar om å verte framført av alle og ein kvar ved morgonsamlinger, messer og bønestunder. Det er difor med stor glede eg i dag presenterar dykk for Café Grössenwahns Sublime Hedonistorkester sin fabelaktige låt. Tekst følgjer under for dei som treng det:
Til Profeten Hastur (Tekst og melodi: Café Grössenwahns Sublime Hedonistorkester, 11. juli 2010)
Hyll din mulla!
Hyll din mulla!
Hyll din mulla!
Hyll din mulla!
Ein heilag mann i eit uheilagt land
han ber eit kristent namn
Er han ein klarsynt konvertitt?
Er han ein gud på jord?
Ein sakleg skald med eit solid skjegg!
Ja, han er vår konge stor!
Vi helsar deg, o gode profet!
Vi ynskjer deg lukke og hell!
Hyll din mulla!
Hyll din mulla!
Hyll din mulla! (Hastur! Hastur!)
Hyll din mulla! (Hastur! Hastur!)
Denne vakre låta kan de laste ned her. Last opp til dykkar MP3 spelarar og del med vennar!