søndag 31. oktober 2010

Hallowe'en, Allehelgens aften, Samhain

Denne helga markerar ein verda over Hallowe'en. Det er den amerikanske versjonen av Allehelgens aften som vert feira, fjern frå sitt katolske opphav, eller keltiske Samhain som framleis vert markert av alternative religiøse grupper. Mykje kan verte sagt om at denne feiringa har slått så grundig an her i landet, og ofte vert det kombinert med sutring over amerikanisering og kommersialisering, noko Øyvind Strømmen tok opp i sin blogg i dag.

Ein har jo sjølvsagt heilt rett i at dette er ein gjennomført amerikansk feiring, og den er hyperkommersialisert. Det er handelsstanden i Noreg som først og framst prøver å selge oss dette. Dei vil selge godteri, kostyme og andre rekvisitta. Helst til born, då dei alltid er ei prima målgruppe for slikt. Det er sjølvsagt nok å vere kritisk til på dette punktet, og eg må ærleg innrømme at eg ikkje delar ut noko godteri uansett kor mykje "knask eller knep" dei gaular utanfor døra mi. Ei bøtte med isvatn er det einaste dei får. Dette har likevel lite med mitt forhold til Halloween å gjere, eg likar berre ikkje altfor mykje skråling på døra, og eg foretrekk den heilnorske tradisjonen med julebukk/nyttårsbukk, og meiner det held med ei slik runde i året. Pick one.

Nei, eg har diverre blitt så skada av å studere rituelle feiringar og anna moro, til at eg aksepterar fint at ting endrar seg, og nye ting slepp til. Folk som sutrar om framandelement i den norske kulturen, anar jo jamt over ikkje kva dei bablar om. Slike framandelement har vi hatt sidan Kvitekrist kom til vår kyst, så kva er det dei er redd for?

La oss heller sjå på kva behov Halloween dekk. Eg har for lenge sidan lagt festinga til side, til fordel for meir kontemplative kvelder på denne dagen, men i mi tid har eg slengt på meg båe det eine og det andre med stor glede. Ja, for då eg var tidleg i tjueåra, så var Halloween eit av årets høgdepunkt. Det var ein fest for unge vaksne, ikkje for barna. Ei feiring av vår kreativitet. Og ein av dei viktigaste årsakene til at feiringa slo så godt an, var det at hausten er frykteleg tom. Våren er full av feiringar av ulikt slag, båe religiøse og sekulære, for born og for vaksne.

Men når hausten kjem, med sine mørke kalde dagar, og med lovnar om vinter i nær framtid, har vi frykteleg lite å feire. Få lyspunkt vi kan hige etter. Ja, vi har jula, og eit par småfeiringar rundt det å sjå fram til, men den virker eviglangt unna (sjølv no då kakemenn og julebrus er i sal frå oktober)... så vi unnar oss sjølv ein fest. Ei barnsleg feiring av livet, i rare kostyme og atferd som elles ville ha vore sanksjonert av samfunnet. Dette er ein god ting, og eg trur vi treng det, og vi forten det. Sjølv no når eg har lagt kostyma på hylla, så ser eg verdien i dette.

Så alle dei som sutrar over amerikanisering, over kommersialisering, kan like godt sette seg ned og ta ein bolle, og heller tenkje på korleis dei kan gjere feiringa til si eiga. For ei feiring treng vi, forma bestem vi sjølv.

Eg feirar utan born på døra, men bøtta parat i tilfelle dei ikkje har lært frå i fjor.

tysdag 26. oktober 2010

Bak attende til framtida att...

Hugser du Attende til framtida? Back to the Future? Vel, då er du ikkje lenger ein ungdom, men det speler inga rolle, for ungdommen kan du alltids leve på ny. For som det vart kjend tidlegare i år vil 25 års jubileumet for denne filmtrilogien gje deg høve til nok ein gong vende attende til framtida med Marty og Doc.
Konseptskisse frå mine vennar hjå Telltale Games
Universal har gått saman med våre vennar i Telltale Games om å produsere Back to the Future: The Game, ein fem episoders eventyrserie som byrjar 6 månadar etter at Marty vender heim i den tredje og siste filmen. Den klassiske tidsreisande Delorean dukkar opp, utan Doc, og Marty må finne ut kva som har skjedd. Christopher Lloyd speler på ny Doc (i ung og eldre versjon), medan Marty vert spelt av nykomaren "AJ", då Michael J. Fox er opptatt med å riste milkshake for veldidgheit. Bli med mullaen bak kulissane i desse ferske videoane frå Telltale Games, la oss gå bak attende til framtida att!




Spelet er venta i desember til PC, MAC og PS3, og eg sitt og ventar på mitt anmeldareksemplar. Det kan førehandstingast på nettsidene, og då vil du få med Puzzle Agent og $1 går til jordskjelvsforskinga til Michael J. Fox.

onsdag 20. oktober 2010

Vil du ha ny jobb?

Har du IT-kompetanse? Har du lyst på utfordringar? Klarar du å ikkje vere flau på arbeidsgjevars vegne? Då har XTRA Personell kanskje ei stilling for deg!


Det er gøy... men pinsamt... eller noko slikt.

måndag 18. oktober 2010

Vibrerande mulla på eit Norgesglass

Det virker ikkje som om folk vert lei av vibratorar, eller å høyre meg forkynne om dei. Eg tar meg sjølv i å lure på kva det er med desse besynderlege gjenstandande som fascinerar folk så mykje. Frå sitt opphav som eit viktig legemiddel i kamp mot ein epidemi av hysteri blant kvinner til å verte sjølv symbolet på den moderne hysteriker... orsak, eg meiner frigjorde kvinne, så har vibratoren tenestegjort med iver og ære. Nett som mennene som skapte den - for her har det verkeleg ikkje mangla på iver og tiltakslyst for å blidgjere kvinna. For det er jo det det er snakk om her. At vi menn, har lagt alle våre ressursar inn i å forstå og å tilfredsstille kvinna. Vi famla kanskje i mørkret i ny og ne, men det var jo ikkje som vi fekk mykje hjelp. Og kva var takka? Jo, vi har vorte stempa som slemmingen, som undertrykte kvinna - når alt vi gjorde var å prøve å finne ut kva som tilfredsstilte henne. Nei, utakk er verdas løn. Og dette vil altså folk høyre meir om, så eg lar jo dei det. I førre veke gjorde eg nokre opptak for NRK P1s Norgesglasset, som vart sendt på torsdag og fredag. Desse opptaka vart seinare nytta i fleire andre program, men eg har ikkje oversikta, berre kva folk har sagt til meg om det.

Uanset er desse opptaka no tilgjengeleg på nett, og de kan laste dei ned sjølv. Sjekk ut del ein her, og hopp 37 minutt fram. Del to finn du her, 18 minutt inn i sendinga.

Bon apetite!

søndag 17. oktober 2010

Å lære seg å danse på ny

Høyrer du musikken? Høyrer du songen? Det lokkast til fest og moro! Til utforskande eventyr for dei unge, og nye sprell for dei eldre. Unge menn står parat til å kaste seg rundt, og komme seg på byen!


Å vere ein ung mann som skal ut på byen og finne seg kjærleik, eller berre nokon å leike med, er ikkje så lett. Det veit vi alle, for vi har alle vore i denne situasjonen. I våre ungdomsår er vi gjerne usikre, keitete og jamt over ukomfortable vesen. Hugser du Doffen, og hans første skuledans? Han kunne ikkje komme seg der utan å trene. Ein må faktisk trene på å byggje opp sin sjølvtillit. Gjere ting som bekreftar eins eigenverd, og øve på dei sosiale (og tekniske) ferdigheitane som gjer ein til ein attraktiv samtale- og dansepartnar. For slik kunne Doffen vinne sin Eva. Berre sjå her korleis det gjekk seg til!

laurdag 16. oktober 2010

Pandamoniums kjøterar

Pandakreka førebur ein omfattande utryddingskrig mot menneskeheita, og skyr ingen midlar for å oppnå totalt herredøme over jordkloden og det som vil vere restane av vår sivilisasjon. Dette har vi avdekt på gong på gong, og dei er ikkje framand for å drive genetisk manipulering av ulikt slag. Anten det no er å framdyrke amfibiske(?) drapspandaar eller sterke panda-elefanthybridar, så er dette midlar dei ser på som rettvise og naudsynte i deira pågåande kamp mot oss.

Vi må stille oss spørsmålet om ikkje det er på tide at vi tar i bruk same midlar, i møte med pandahybridar som dette:
Pandagatorar latar seg i sola, og ventar på å verte fora med menneskekjøt.
Når tida kjem for Pandamonium, pandaanes blodige terrorregime vil vi ikkje berre verte overvaka av ekorn, men dei planlegg å la oss verte haldt i sjakk av pandakommandoar, såvel som genmodifiserte vakthunder. Pandamoniums kjøtarpatruljar! Desse vart avslørt, ved eit uhell, i ein artikkel hjå Daily Mail! Berre sjå på korleis dei leiar sine menneskeslavar rundtomkring!
Menneskeslaver tvungen til å eskortere sine herrar.
Slik skal vi alle verte dreserte! Vi skal lære oss å lyde pandaenes minste vink, sjølv pandahybridar som desse pandakjøterane vil stå over oss på rangstigen. Vi skal slave, medan dei boltrar seg i luksus og "harmoni"!
Pandakjøterar i fri utfalding
For dei vil kloda verte eit paradis, men for oss eit helvete. Dei få av oss som har fått overleve det globale folkemordet, skal verte kua av Pandamonium. Vi må lystre. For vi lev under stadig trugsel av blodtørstige pandakjøterar.
Ein brutal vaktbikkje held auge med sin slave.

Dette kan vi ikkje akseptere, vi må gjere motstand. Og eg vonar at ærerike medlemmar av hunderasen, som min venn Lord Bassington-Bassington, ser behovet for å gjere motstand mot dette forsøket på å besudle hunderasens genmaterial! Dette, mine damar og herrar, er alarm! Motstandsrørsla står klar, og vi treng deg! Du må ta til våpen og forsvare din heim, forsvare ditt folk og forsvare di verd - elles vil eg ikkje gje to bambusskot for vår skjebne.

torsdag 14. oktober 2010

Den norske seksualiteten

Korleis vakner eigentleg seksualiteten hjå norske barn og unge? Kva er det som skjer? Korleis og kva tid? Er det ei spesiell hending, eit særleg punkt, i deira utvikling der dette hender? Det korte svaret på det siste spørsmålet er, sjølvsagt, ja.

Etter ein del studier av den særeigne norske seksualiteten kan eg med rimeleg stor tryggleik seie at den sidan 70-talet har vore dominert av eit ganske så spesifikt element i den norske kulturen. Eit fast innslag på fjernsynet. Og nei, det er ikkje Trond Viggo Torgersen sitt program om "Kroppen min".

Nei, her snakkar vi om eit til dels framand kulturprodukt, frå aust, ein del av den stadig påtrengande kommunistiske indoktrineringa av våre barn og unge. Musikalen Rock & Roll Wolf. Der den seksuelle spenninga mellom dei to hovudaktørane, Ulven, Titi Suru, og Geitemora, Rada, er til å ta og kjenne på. Det er ikkje noko tvil om at dei skodespelarane tilbragte pausane i tett omfamning.


Geitemora var kvinna som gav alle dei unge mennene sine første seksuelle kjensler, og gav jentene eit førebilete å sjå opp til. Ulven var han alle jentene ville ha i si seng, og som gutane ville vere, og som dei ønskte, i stille einsame stunder, skulle lære dei opp i kjærleikens kunst. Om ikkje anna var det han, Titi Suru, som kom til å definere det seksuelle idealet for båe jentar og gutar i Noreg frå 70-talet og fram til i dag. Hans kraft er framleis til å ta og føle på, i den norske seksuelle fantasi. Så, nyt dette... her er han att:

Mine damer og herrar, den norske seksualiteten!

laurdag 9. oktober 2010

Hanne, den dyriske jødinna

Ho har ordet i sin makt, Hanne Nabintu Herland, sjølv når ho vert utsatt for massiv sensur av mektige krefter, og tvungen til å fortelje verda om det på nettet og i aviser. I Dagbladet i dag kan ho fortelje kor tøft det er for henne å verte nekta å fortelje ting. Ja, for ho er utsatt for sensur. Utanom i pressa då. Og på nettet. Og på foredrag. Og i bokform. Ja, utanom det, så er ho undertrykt og nekte å fortelje sanninga om den slemme makteliten som undertrykk henne.

Som ho skriv på Verdidebatt i dag:
I dagens Dagbladet gir gir et dobbeltside intervju om foredraget hos Bistandsnemda som etter press ble sensurert av personer som ikke ønsker et kritisk blikk på den rådende marxistisk-sosialistiske historieforståelsen i Norge.

Av dette kan vi lese at ho openbart er forfølgd av mektige krefter. Ho seier det jo sjølv. Og ho veit jo best.

Som ho seier til Dagbladet:
Dere får finne ut hvem avsenderne er. Jeg bor altså ikke i Nord-Korea eller Kina, men her sensurerer de en bestselgende forfatter og velrenommert foredragsholder

Høyrer de?! Ho er sensurert og forfølgd! Og det i eit tosiders intervju i Dagbladet!

Det er jo ein grunn til at eg følte meg tvungen til å gjengje andre utsegn frå henne i går, for sidan ho er så sensurert, så må vi nesten klippe og lime frå facebooksida hennar slik at folk som ikkje er på facebook kan lese det òg. Noko anna er jo sensur.

Når eg skriv at ho ordet i si makt, er det fordi ho alltid på så klart og konsist vis har klart å leggje fram bodskapen sin. Enten det no er ting ho har høyrd "bak mål", eller det er om "syklonske marxistkolonistar". Hennar grep på det norske språk og den gode vending, rivaliserar hennar nybrottsarbeid innanfor historieskriving, og på same vis som ho har knust den tradisjonelle historieforståinga vår, vil ho òg ta for seg det norske språk! Ingen politisk korrekt språkbruk og terminologi skal stå i vegen for at denne dama skal seie Sanninga på sitt vis - anten du forstår det eller ikkje. Og når ho i dag erklærar at ho vert "jaga som eit dyr til gasskammeret", er det nok av politisk korrekte vitsemakerar og fjols som nyttar høvet til å spørre seg kva dyr som vert gassa. Og dei bablar om at høner vert gassa før dei vert slakta, og at Hanne Nabintu Herland er ei høne! Respektlaus fordumming av debatten! Akkurat slik som ho skriv hjå Verdidebatt i dag:
Utfordringen ligger tidvis i sosiale medier som ikke er underlagt norsk presseetikk. Dermed får usiviliserte mennesker som ikke eier folkeskikk lov til å uttale seg på de groveste personsjikanerende måtene, bare fordi de er uenige i politiske eller ideologiske standpunkter. 

Det er forståelig hvorfor det har utviklet seg slik. I en årrekke har vi nedtonet tradisjonelle verdier og dermed mistet fokus på alminnelig FOLKESKIKK, med det resultat at mange vokser opp helt uten retningslinjer for hvordan man håndterer sterk uenighet. Man tror at personangrep er et rasjonelt motargument ved politisk eller ideologisk uenighet. Men å angripe en meningsmotstanders vekt eller høyde eller hårfarge er intet rasjonelt argument i en samfunnsdebatt.
Akkurat, ja! Respektlaust! Alle kan vel sjå at ho med dyr meiner jødane! Ikkje sant? Hanne Nabintu Herland seier at jødar er som dyr, og at ho er som dei, eit offer for marxistiske nazistar! Er det verkeleg så vanskeleg å forstå? Er dette noko å gjere narr av?! Ein må vise litt folkeskikk, og forstå henne som eit offer på lik linje med dei jødiske dyra... ikkje sant?! Det handlar om respekt! Det handlar om FOLKESKIKK!

Så la oss ein gong for alle, vise Hanne Nabintu Herland den respekt ho forten, som vår tids viktigaste moralske debattant, og ta hennar utsegn for det dei er. Vi gjentar: Hanne Nabintu Herland er eit offer for sensur og undertrykking, det har ho sagt i avisa. Jødar er dyr, det har ho òg sagt i avisa.

Spørsmål?

fredag 8. oktober 2010

Hanne den sensurerte!

Blinkskot frå Adressa.no. Foto: Kim Nygård.
Vi har tidlegare denne veka presentert dykk for Hanne den modige, Hanne Nabintu Herland som talar opent ut mot den syklonske marxismens ateismes franske revolusjon eller eit eller anna slikt. Ikkje alltid like lett å følgje med. Ho kunne skryte av at 8000 og så 15000 hadde sett videoen, og difor måtte vere einige i Sanninga ho hadde å by på (kor mange minutt haldt eigentleg du ut?). Men så kom sensuren. Videoen vart for populær, så den vart fjerna av dei onde marxistiske kreftane som styrar i vårt samfunn. Eller rettere sagt, av bistandsnemnda som hadde lagt den ut. Sjølvsagt etter press... eller som dei sjølv sa: Uhm... æh... altså... at... liksom... eeeh... vi kan ikkje internett... og altså... vi høyrde ikkje etter då ho snakka.

Dette er sjølvsagt løgn. Hanne Nabintu Herland har sjølvsagt den heile og fulle sanninga, og vi siterar henne:
Sensur i Norge anno 2010. Jeg anser det som en ære at mine foredrag er så politisk og ideologisk eksplosive, at de faktisk sensureres av krefter i det bestående maktapparatet. Dette er Norge anno 2010. Det er ikke et sensurert Kina og ikke et lukket Nord Korea, men det såkalt frie landet vårt. Her kan man ytre seg frit...t om det som den rådende makta tillater at man ytrer seg om. Men å stille kritiske spørsmål til rådende ideologier som marxisme og sosialisme, møtes med udemokratisk hard motstand. Hvilket slag mot ytringsfriheten!

Foredraget som kritiserer marxismens og sosialismens innbitte motstand mot tradisjonelle europeiske verdier har gått som en farsott i sosiale medier. Det fikk rundt 15 000 views, kun etter få dager ute på nettet, med opptil 5000 nedlastinger daglig.

Ikke minst påminnelsen om at det vi er indoktrinert til å betegne som høyre-ekstremisme: eksempelvis nazismen, faktisk er venstre-ekstremisme. NAZI partiet i Tyskland er som kjent en forkortelse for: Det Nasjonal SOSIALISTISKE Arbeiderparti i Tyskland. Hitler sørget som god sosialist for en sterk stat der alle gikk i takt og mente det samme. Staten var sterk og respekten for individets frihet svak. Frykten for å mene noe annet enn hva som var tillatt, var betydelig. Og ikke uten grunn. Man risikerte meget: latterliggjøring, sjikanering, bevisst fordreiing av budskap med den hensikt å frata folk deres gode navn og rykte, inndragelse av eiendom, tap av inntekt, fengselsstraff og sluttvis, at man ble drept.

Tilbake til saken. Da foredraget ble så populært blant folk flest, økte presset mot Bistandsnemda og det kom til det som enkelte av mine medarbeidere allerede hadde nevnt for meg, og fryktet: Foredraget ble sensurert. Det forsvant fra nettet. Jeg har vært i kontakt med Bistandsnemda som bekreftet at det ble slettet etter betydelig press. Enkelte maktkretser ville ha seg frabedt at marxismekritikk sirkulerte på Bistandsnemdas side. Nemda hadde derimot gjort det klart da de la det ut på sin forside, som alle som så det husker, at Herlands foredrag var et i en serie med inviterte foredragsholderes perspektiv på religion, og ikke på noen måte representerte Nemdas offisielle linje.
Foredragsserien var et forsøk på å belyse ulike sider ved en utfordring som det norske bistandsarbeidet har i utlandet: Nordmenns manglende respekt for og kunnskap om hvor viktig det religiøse aspektet er for mennesker de fleste land i verden. Tanken var å belyse hvorfor det er blitt slik, og høyne nordmenns forståelse for religiøse spørsmåls betydning i bistandsland.
En direkte konsekvens av Bistandsnemdas arbeid på dette punktet, kom til uttrykk i miljøminister Erik Solheims Aftenposten kronikk 11. august, som også offentlig ble støttet av utenriksminister Jonas Gahr Støre: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3765431.ece

Jeg har derimot stor forståelse for Bistandsnemdas utfordringer. De er avhengig av å bli tildelt økonomiske midler fra den samme statskassen som styres av våre politiske eliter. De har vært i god tro og ønsket å sette fokus på nordmenns manglende kunnskap om religion i utlandet. Dessverre lever vi i en tid der politisk ideologiske motstemmer sensureres i Norge.

Jeg er på mange måter glad for at dette skjedde. Det bekrefter på en sylskarp måte nettopp den intolerante meningstvang som var foredragets hovedpoeng å angripe. Nytenkende foredrag som ikke ser historien fra den marxistisk-sosialistiske vinkel oppfattes følgelig som reelt truende for de politisk-korrekte eliters makthegemoni. Dette er en interessant observasjon.

Selv har jeg selvsagt foredraget i skriftlig form og kan legge det ut når jeg måtte ønske, samt holde foredraget igjen, om så tusenvis av ganger, så innholdet er på ingen måte tapt.

Vær med og spre foredraget til alle du kjenner!

Ver du sikker, vi skal spre det. Vi er dog mest interessert i å lese din transkripsjon av foredraget Hanne for... vel, i sin noverande form er det pittelitt vanskeleg å følgje deg. Vi er strengt tatt litt usikker på den raude tråden, den indre logikken og... uhm... nokre av dei meir esoteriske uttrykka. Du har samtaler bak mål, seier du? Litt usikker på kva du meiner med det. Er du bak mål når du snakkar? Eller er det noko du ikkje vil at keeperen skal ha med seg?

Uansett så er det jo soleklart at her har vi ei viktig stemme som gaular høgt. Og jo høgare ho gaular, og jo meir folk ignorerar henne og lattarleggjer henne, jo sannare må det ho seie vere! For ho har mektige fiendar. Fiendar som fjerna foredraget hennar frå nettet fordi dei frykta innhaldet i det. Som ein av hennar tilhengjarar seier:
Er det mulig! Ikke rart Jonas Gahr Støre og Erik solheim forsøker å kneble deg Hanne, men det er og blir en skandale. Om ikke dette er marxister i makt posisjoner så vet ikke jeg. Ikke prøver man å skjule det en gang - forkortelsen for SV? SOSIALISTISK VENSTREPARTI!

Klarare enn det kan det ikkje vert sagt. Så i ytringsfridomen, og den ultimate sanningas namn, presenterar vi ein reprise på den eminente videoen som har sjokkert det etablert og skapt ein massiv grasrotsrørsle av folk som ser rare ting på internett... eller noko slikt.




torsdag 7. oktober 2010

Miiaaaooo

Eg er framleis i kattemodus, sjølv om eg i dag tidleg forlot kattane i andre kapable hender. Ein tar seg gjerne i å sakne dei små rakkarane, og saknar at dei skal hindre meg i å lese i ei bok eller tafse på eit tastatur. Ein får det liksom i blodet. Og då snakkar eg ikkje berre om allergena, allergikar som eg er, men om deira leikande og kjærleiksfulle omgang med ein. Ja, så sitt eg her og sukker, og drøymer meg vekk, og kjem til å tenkje på Rossini si kjende vise, Duo des Chats. Ja, eg har jo blitt tilsendt ein del versjonar av den i det siste, som denne med eit katolsk gutekor, så eg tenkte eg skulle fyre opp ein versjon. Og valet fall på denne...

Ja, kanskje litt urovekkande... kjenslefull? Men mest urovekkande er det vel at dette er gutane frå det same katolske gutekoret. Men ja... la oss ikkje eventuelle fordommar mot den katolske kyrkje farge opplevinga. I det heile tatt. Berre la vere.

No var du flink.

onsdag 6. oktober 2010

Tilståing frå ein kattepassar

Den siste veka har mullaen først og framst vore opptatt med å passe kattepusar. Eg er frykteleg glad i kattepusar, og reknar dei stort sett overlegne menneske. Dette er ein tanke som har vorte særs forsterka i det siste, og kattanes selskap har stort sett vore å foretrekke framfor andres. Dei er no så gode og snille, og kosar på ein mulla heile tida. Så får det heller vere at han ikkje får gjort alt han skal fordi ein feit hårball legg seg oppå tastaturet, eller armen han skriv med. Slik er det berre, kattar er elskverdige, og forlangar å verte elska... diverre er dette særs forlokkande og altoppslukande selskap, og ein vert lett forført av tanken på å ville tilbringe heile livet med dei...

Og når eg tenkjer etter så... hadde det vore så dumt? Er det eigentleg ikkje det beste alternativet? Eg ville jo ikkje vore den einaste som gjorde det...

Kan ein få kjøpt hijab til kattar forresten? Og er det homofili om eg vel å tilbringe livet mitt med ein hankatt? Kva med to? Er det polygami?

tysdag 5. oktober 2010

Ikkje noko gryn til mullaen!

Det er skandaløst! Fritt Ord har i dag kunngjort mottakarane av sin bloggstønad, og dette vidløftige tidsskrift er ikkje å finne på lista! Vi har ikkje ord som kan forklare dette! Det er openbart ein feil, ein glipp eller eit overtramp. Eller alt på ein gong! Virrvarr har reagert på at så mykje av pengane har gått til ikkje-eksisterande bloggar, og til folk som ikkje har ei etablert tilstadevering på nettet. Det er ikkje berre-berre å etablere seg i bloggostan, og all verdas pengar kan ikkje hjelpe deg med det. Då er det rart at 2/3 av midlane går til nyetableringar, og helst i journalistars regi. Andre meiner at det stort sett er gjeven pengar til sutreplattformar. Andre att nyttar sine eksisterande plattformar til å sutre; å buhu, fekk de ikkje PK-midlar?

Dette er sjølvssagt vel og bra som kritikk, men det hårreisande er framleis at eg ikkje har fått pengar. EG! Moskeen står utan Fritt Ord finansiering! Er eg verkeleg mindre modig og talentfull enn Nina Karin Monsen som fekk Fritt Ord-prisen i 2008, med ein tilhøyrande sekk med kronasje? Eg føler eg er nøydd å gå i mitt hi. Korleis kunne Fritt Ord sjå vekk i frå dei solide anbefalingane som vårt lille menigheitsblad fekk, og som du kan lese her?

Det heile har jo berre ei forklaring! At Fritt Ord berre vil gje pengar til sosial demokratiets klamme lakeiar, dei som er løpegutar for det etablerte, det politisk korrektes spyttslikkerar! Heilt openbart er mullaen for radikal og banebrytande til at Fritt Ord vil våge å støtte det er slik det er! Men ha! Berre ha det så godt, Fritt Ord! Eg vil ikkje ha pengane dykkar! Eg er i mot utdeling av bloggstønad! Det er ein dårleg og feilslått idè! Veit de kvifor?! For om det var eit bra konsept, så hadde eg fått pengar, vel!

Så det så! Ikkje at eg er snurt, altså! Næhei! Det er det berre Hans Rustad som er!

måndag 4. oktober 2010

Hanne den modige

Det er ikkje ofte pratesalige kommentatorar som Dekodet må ty til ingen kommentar som replikk til noko som helst. Sjølvsagt, når han skriv ingen kommentar, så tar det litt over ei side. Det heile gjeld ein video som de sikkert har sett allereie, av Hanne Nabintu Herland som viser fram si talegåve for eit ivrig publikum hjå bistandsnemda.

Det heile er ein besynderleg demonstrasjon av eksentrisk gestikulering, springande tonefall og billige retoriske grep. Det heile sjølvsagt godt pakka inn i ei kreativ historieforståing, manglande begrepsforståing og ufullstendige setningar og poeng.'

For all del: Ho er modig. Frykteleg modig. Eg hadde ikkje våga å stå framfor folk og skrive om verdshistoria etter fri fantasi på det viset. Det heile toppar seg vel med at ho meiner at marxismen stod bak kolonialiseringa av Afrika, og at det var eit syklisk (sic) verdsbilete som var årsaka. Og det heile var sjølvsagt berre nok eit steg i marxismens krig mot hennar kristne verdiar. Ein gigantisk konspirasjon som i dag har all makt i samfunnet.

Utanom hjå dei snille journalistane som stadig vekk lar henne dukke opp i media, og som titulerar henne som religionshistorikar - trass det at ho har ein omgang med vitskaplege begrep som hadde ført til stryk i ex. phil. då eg studerte. Og den raude tråden er ikkje-eksisterande.

Ein spør seg sjølv - kven inviterte henne til å halde dette foredraget hjå Bistandsnemda? Kva gjekk gjennom hovudet deira? Og korleis klarte dei å halde maska då ho byrja å veive med armane, tale med dramatisk stemme og trekke den eine konspirasjonsteorien etter den andre ut av rumpa si?

Kva er det eigentleg vi har med å gjere her? Er dette kjærleiksbornet til Nina Karin Monsen og eit eller anna ugudleg vesen med butoxlepper frå ein dimensjon hinsides vår eigen?

Og kva går eigentleg gjennom hovudet til ein mulla som tar seg tid til å sjå gjennom heile dette foredraget? Vågar du å gjere det same?