tysdag 30. november 2010

Kosedrakter

Som pesten brer kosedraktene om seg. Onepiece, snuggies og gudane kva anna du vil kalle dei, dei er ein skamplett på menneskeheita. På lik linje med joggebuksa er kosedrakta eit perverst signal du sender til dine omgjevnadar om at du bryr deg om intet anna enn din eigen komfort. Ved å føre på deg eit av desse kostyma erklærar du for omverda at ikkje bryr deg om forpliktingar eller andre sitt syn på deg. Du bryr deg berre om å ha det mjukt. Du bryr deg berre om å kose deg. Om å boltre deg i ditt eiga lille univers. Kvifor vise respekt for andre, når du er den einaste som eksisterar? Du er som eit lite barn.

Dette er noko av det styggaste teiknet som finnes på vår siviliasjon sitt totale kollaps. Vestens murer ramlar ned rundt oss med eit brak, og vi ruller rundt i rosa og lyseblå kosedrakter og snakkar babyspråk til tomme lufta, og sender ut meiningslause SMSar til ei kvar tom sjel som vil motta. Kvifor?! Kvar kjem dette frå!? Eg vil ikkje spekulere... eg bør ikkje spekulere... og ikkje på noko som helst vis ønskjer eg å nytte dette som eit prov på at det finnes ein ultimat ondskap i dette universet. Sjølv om det kanskje er eit indisium.



Og ikkje kom her og skuld på jødane. Det vert for opplagt... vert det ikkje?

søndag 28. november 2010

Vitskapen krev offer

Vitskapen driv vårt samfunn framover. Vitskapen står for reelle materielle framsteg, sjølv når vi har latt vår moral og etikk forfalle, og ei kvar form for sosiale standardar glipp mellom fingrane våre. Vitskapen er det som gjer våre liv betre, og veg opp for at vi vert dårlegare menneske. Difor må ein nesten like vitskapen, men vitskapen kjem ikkje utan ein pris. Vitskapen krev offer. Av sjel og menneskeliv. Ingen vinning, utan litt svinn. Enten det no er eksperiment på mentalt forstyrra i psykiatrien eller på tvillingar i tyske konsentrasjonsleirar. Vitskapen krev sitt offer, og det har alltid vitskapen gjort. Noko dette biletet, som eg stal, illustrerar godt.

Vitskapen krev denne guten som sitt offer.

Og det er så mykje betre å halde fokuset på vitskap... og ikkje kommentere eventuelle skitne pedoseksuelle konnotasjonar dette biletet gjev. Eg berre seier det. Ikkje kommenter det. Ikkje ein gong tenk tanken. Ikkje sjå på den kvite gugga. Eller det lange røret og dei to glasballane.

Berre sjå vekk. Vitskapen krev berre sitt offer.

onsdag 24. november 2010

Du er full av drit, men kvar gjer du av den?

Du er full av drit. Du veit det, eg veit det. Du klinar avføringa di utover i blogginnlegg og kommentarar, medan andre smørar den tjukt utover kommentarfeltet til Dagbladet og andre nettaviser. Vi er ein nasjon av drittsekker, men så enorme mengder feces at vi simpelthen ikkje veit kvar vi skal gjere av alt saman. Frustrasjon og eksplosjon, hand i hand med tarmgass. Denne tarmgassen, diskursens eigen klimagass, gjennomsyrar heile debattklimaet, og hever temperaturen til det ulevelege.

Så slik er det med di avføring.

For det meste av tida; men kvar vert det av resten av driten? Domestos har svaret, for dei sporar driten din gjennom kloakken med sine nye Flush Tracker. Ikkje så mykje norsk data der enno, men de kan følgje med på folk i andre land sin drit i det minste. Og det er jo ei byrjing? For drit, det skal i dass, ikkje på nett.

søndag 21. november 2010

Den rette aldaren for stjernekrig

Nokre av dykk veit kanskje dette allereie, men mullaen er ikkje berre mullaen, han er òg onkelen. Først og framst for to stykk små born som hans blodsyster har satt til verda. Den eldste av desse er ein ung herremann, som snart fyller fem år, og er difor i den perfekte aldar for å ta sine første steg inn i verda og få sitt sinn forma av onkel-mullaen. Dei siste to åra har det vore ein ganske kraftig diskusjon om dette i familie, då mi blodsyster ikkje delar mi oppfatting om kva som er det korrekte viset å oppdra min nevø. Det dreier seg sjølvsagt om Star Wars - kva er den rette aldaren for å verte inkludert i det Sanne Publikum? Min nevø etterlys filmane, han har høyrd om dei, og vil frykteleg gjerne sjå. Hans mor sett ned foten, medan onkel går og luskar i bakgrunnen og vurderar å gjere ein inngripen.

Og i slike tilfelle, er det greit å få litt hjelp utanifrå. For eg er vel neppe den einaste som har lurt på desse tingane?

onsdag 17. november 2010

Hjelpemiddelsatsing i det offentlege

I det offentlege er ein frykteleg opptatt av å oppfylle alle krav om tilretteleggjing for menneske av alle slag. Her er det rampar og eigne kontor, tilpassa unike behov for enkeltmenneske og særgrupper. Det er teiknet på eit samfunn som verdsett sine enkeltmedlemmar og hegnar om dei som treng det. Som enkeltperson, så kan ein sjølvsagt ikkje kjempe saka til alle som treng det, ein vel ut sine særgrupper eller individ som ein har spesiell interesse for. Som dvergkastingentusiast er eg sjølvsagt opptatt av dei stuttvokste medlemmane i vårt samfunn, eller høgdehemma, eller kva dei no likar at vi ikkje kallar dei... eller likar at vi kallar dei, slik var det. Og då var det med stor glede at eg oppdaga den siste tiltaket på min arbeidsstad, då eg vandra inn på toalettet.
Dette skulle gjere det lettare for stuttvokste professorar tenkjer eg. Og det er bra, for alle veit jo at akademia hemmar, og til tider, reverserar vekst. Eller noko slikt.

Realistisk kannibalisme?

Kjend kulinarisk geni som viser siste mote frå Paris.
Eg skal snart halde kjeft om kannibalisme, tre dagar på rad er kanskje litt vel mykje? Men Banden på P3 slepp verkeleg ikkje tak i saka, så i dag var tida komen til spørsmålet om kva ein ikkje skal ete, og de kan de høyre her, ca 42 minutt inn i opptaket. Og kva skal ein eigentleg ikkje ete? Tradisjonelt sett, om ein skal vere litt pedantisk, så skal ein ikkje ete naboar, vennar, fiendar og... vel... menneske. Vår kultur er strengt tatt skeptisk til å gumle i seg folk i hytt og pine. Det er simpelthen uhøfleg og usivilisert. På den andre sida, hadde ein på Papa Ny Guinea ein tradisjon for å ete døde familiemedlemmar, og slik ta dei opp att i seg og vidareføre dei. Problemet med dette er at det førar til Kuru, ein sjukdom ikkje så ulik Creutsfeld-Jacob. Altså kugalskap. Og om ein skal tru filmane, så er det jo ein viss sjanse for at Hannibal "the Cannibal" Lecter kan slite litt med helsa - noko dei valte å gripe fatt i på P3.

Men for all del, alt kan jo skyllast ned med Chianti.

Det får meg til å tenkje på dei mange kannibalskildringane ein finn på film. Den mest omstridte av desse er sjølvsagt Cannibal Holocaust, som det nyleg var ein del oppstyr om i Oslo då regissøren vitja tettstaden. Denne italienske perla frå 1980, er den essensielle falske dokumentaren om grusome hendingar. Som for nokre år sidan hamna i skuggen av ikkje fullt så brutale Blair Witch Project. Då sistnemnte kom vart det mykje ståhei, fordi den liksom "lata som den var ekte", dog ingen verkeleg trudde det, og det var openbart ein film mynta på ungdom. Til sjuande og sist var Blair Witch Project ca like truverdig som den nye norske dokumentaren - Trolljegeren, med Otto Jespersen i tittelrolla. Forøvrig ein heidundrandes og fabelaktig film som mullaen absolutt anbefalar. Og Trolljegeren vert stort sett møtt med tommelen opp og fantastiske omtaler.

Då Cannibal Holocaust kom, vart det rettssak mot produsentane. Og for å prove at det heile faktisk ikkje var ein dokumentar, måtte skodespelerane vitne og vise at dei framleis var i live. Det kallar eg ein falsk dokumentar. Sjølv meiner eg at kannibalismen i filmen var så-som-så, medan valdtektane var det som verkeleg var det ubehagjelege å vere vitne til. Dog ikkje så ukomfortabelt som det var med liksom-oppfølgjerar og dårlege kopiar. Ved Profetens skjegg, det er mykje dårlege forsøk på å kopiere formelen til Cannibal Holocaust, den mest sjokkerande av alle er kanskje Porno Holocaust der... eller vent. Eg vil strengt tatt ikkje fortelje nokon om Porno Holocaust. Eg vil ikkje måtte svare på om eg har sett den eller ikkje.

Den verste oppfølgjaren til Cannibal Holocaust kan likevel vere den moderne nyinnspelinga av same regissør. Har verkeleg den filmen noko å by på, når den ikkje lenger vert oppfatta som "realistisk"?

Nok kannibalisme for ei stund no. Vi er mette.
Medmindre nokon vil betale meg for å skrive bok, altså? Nokon?

tysdag 16. november 2010

Kannibaltofu og slikt

Ja, kannibalveka til Banden på P3 held fram i dag, og de kan høyre dagens opptak her (hopp fram ca. 25 minutt). I dag tok dei utgangspunkt i at Harald Eia har steikt mat i sitt eiget fett, i eit tilfelle av det fagfolk kallar autophagi. Altså det å ete seg sjølv, ein variant av kannibalisme som får altfor lite merksemd til vanleg. Ein annan form for kannibalisme som såvidt dukka opp i dag - vegetarkannibalisme. Kannibalisme for dei som ikkje vil ete kjøt! Dette er ein gåtefull praksis som dei fleste kannibalismeforskerar er redde for å gripe fatt i, men som var umogleg å oversjå etter avsløringane av ein stamme vegetarkannibalar i The Curse of Monkey Island som ofra frukt og tofu til ein laktoseintolerant vulkangud. Fleire år seinare ville Mark Nuckols gjere seg som talsmann for dei mange undertrykte vegetarkannibalane og produsere soyabaserte matprodukt for kannibalar - Hufu, som du kan lese alt om her i ei sak frå 2005.

No var kanskje Mark Nuckols ein svindlar... men det var ein frykteleg god ide!

Meir kannibalisme hjå Banden på P3 i morgon.

måndag 15. november 2010

Om George Lucas og kannibalisme

Det er ikkje ofte ein snakkar om kannibalisme og George Lucas i same slengen, og ein må vel rekne det som litt av eit vågestykke. Og eg må ærleg talt innrømme at det ikkje er min plan heller, min plan var eit lite samleinnlegg om eit par radioopptredener i det siste, men så viste det seg at ikkje alt var å finne på nett. Då først og framst opptak frå Studentradioen i Bergen sin radiokafè på BIFF, den 27. oktober. Her var eg altså ikkje for å snakke om kannibalisme, eller vibratorar, men om sjefsewoken George Lucas, i samband med "The People vs. George Lucas" ein dokumentar som utforskar det turbulente og anstrengte forholdet mellom skaparen av Star Wars og Indiana Jones og hans mange tilhengjarar. Dette var ein særs underhaldande dokumentar, som tok for seg dei tre stadiane frå forguding då han først dukka opp som filmskapar og produsent, til stor forundring og vantru då han "fiksa" på dei originale filmane, og, til slutt, vassekte hat då han lanserte sin nye trilogi og ein fjerde Indiana Jones film. Eit fenomen som vi kanskje bør utforske ved seinare høve, og då òg ta opp det som er der underliggjande spørsmålet denne dokumentaren still: Kven eig kulturindustriens populære produkt? Kven eig populærkulturen? Har George Lucas lov til å gjere drastiske endringar på eit kulturprodukt som den amerikanske kongressen har vedtatt er ein del av den nasjonale kulturarven? Har han rett til å gjere som han vil med eit univers som publikum har pusta og anda dei siste tredve åra? Det er ikkje eit så enkelt spørsmål som ein først vil ha det til, og eg kan nok drøfte det lenge. Mykje lengre enn det eg gjorde i den radiosendinga... likevel er det store spørsmålet: Kvifor har ikkje Studentradioen lagt dette ut? Alt eg fann var 1 sekund med bilete av meg hjå Bergen Student TV, og eg veit korleis dette skuffar dykk. Send klagebrev!

I dag kunne avisene melde (ingen nettaviser?!) om ein svensk 32-åring som vart litt nyfiken på kva menneskekjøt smakte. Smattande kasta han eit blikk mot sambuaren sin, og kvessa kniven. Kort stund etterpå kunne han ivrig ringe onkel Politi og fortelje han at hadde endeleg fått tilfredsstilt sin svolt, og at sambuaren var fortært. Eller noko slikt, eg les ikkje papiraviser, men vi kan sjå for oss at det var circa slik. I samband med dette ville sjølvsagt ungdommane i Banden på P3 gjerne køyre ei sak om kannibalisme. Og då var dei gjerne heldige med at dei allereie i førre veke hadde meg i studio og gjorde opptak... eller heldige? Eg anar at dei kanskje hadde forutsett kva som kom til å skje... kanskje hadde dei ein finger med i spelet? Det heile er rimeleg mystisk, og eg vonar myndigheitane ser sitt snitt til å etterforske Banden. Hallo?! Dei heiter Banden, det seier vel alt!? Og dei spelte av nokre av dei merkelegaste opptaka nokonsinne gjort med meg. Kven er interessert i å høyre meg bla i papir? Er det deg, kanskje? Du kan i alle fall høyre det her etter litt fjasing, ca. 2 minutt inn i sendinga.

Kannibalisme, generelt, har vi allereie snakka litt om, så det tar vi ikkje no, men tanken slo meg at eg er førebudd på å skrive ei bok om det om nokon vil finansiere det?

Uansett kjem det visstnok meir i morgon. Vi er frykteleg nyfikne på kva dei presenterar då.

søndag 14. november 2010

Litt fordomsfull, kanskje?

Altså, no har dei søte spelpikene fått pengar for å skrive spel i eit meir kritisk og samfunnsorientert lys, og likevel har dei enno ikkje tatt opp det store og viktige spørsmålet om kven som har skulda når den ville vesten vert overfalt av levande døde. Dette er eit høgst aktuelt spørsmål, nyleg aktualisert i Rockstar San Diego si utviding av Red Dead Redemption, Undead Nightmare.

Der er det Herbert Moon som har alle svara. Han er kanskje litt fordomsfull - pittelitt - men altså... vi har vel alle tenkt at nokon må jo stå bak spreiinga av zombiepesta?

fredag 12. november 2010

Ten din mulla i jula

Nokon minna meg på at november er halvvegs over, og desember rett rundt hjørnet. Med andre ord er julehandelen faretruande nær, den skrapar meir eller mindre på døra di. Angsten vil i løpet av dei neste dagane byrje å kravle opp beina dine før den sett seg i mage, hjarte og hals og driv deg til vanvidd. Får du kjøpt alle gåvene du skal? Hugser du alt? Har du råd?

Eg har innsett at eg må gjere mitt. Det eksisterar allereie båe øyredobbar og plakatar og meire til, og kjenner du ikkje til det, så bør du nesten ta å gjere eit søk til. Likevel vil vi gjerne utvide repertoaret her i moskeen, og vil difor glede dykk med denne godbiten.
Denne perfekte julegåva til venner og kjære vil snart verte tilgjengeleg for bestilling, så snart trykking er unnagjort og pris er avgjort. Du vil sikkert òg ha ein til dykk sjølv? Alvorleg tala... gå i deg sjølv... du vil det, vil du ikkje? Og kjærasten din? Foreldra dine? Syskna? Du unnar dei denne inspirerande plakaten, gjer du ikkje?

Vi gjer vårt beste for at den skal verte så billig som mogleg, men diverre kostar det litt å båe trykke og sende. Så snart vi har ein endeleg pris vil vi varsle det her i bloggen og på fansida, i mellomtida kan de gjerne rekkje opp ei hand om du tenkjer å bestille eit eksemplar eller to, eller ti.

Design er forøvreg av den alltid makelause aLittleGerman.

Engelsk er ikkje alltid like lett

Vi nordmenn likar å tru at vi er frykteleg gode i engelsk, og fleire av oss er eigentleg det. Tilogmed samanlikna med nokre av dei som skal ha det som morsmål, men særleg om ein skal samanlikne med ein del andre europearar der ute. Som til dømes franskmenn. Franskmenn har ein openbar aversjon mot å lære seg engelsk, så sjølv når dei endeleg bestemmer seg for å ta det i bruk, og opprette internasjonale plattformar for selskapet sitt så kan det gå gale.

Sei at du lagar og distribuerar dataspel. Sei at du er ein av dei allar største aktørane på marknaden. Sei at du vil utnytte den posisjon og lage ei side dedikert til dei spela du eig rettane til, og som gjev spelarar høve til å halde oversikt over framgangen sin og laste ned eksklusivt material til spela sine... så tyder det ikkje at du ikkje skal lese korrektur på sidene.

Eller er tallerkenformer eit nytt spelomgrep eg ikkje har fått med meg? Takk UbiSoft. Uplay er kult det, men...

tysdag 9. november 2010

Humanistisk nazisex

Dagens anbefaling er ein artikkel frå Humanist 3/2010 som vart lagt ut på framsida av www.humanist.no i dag, truleg for å markere Krystallnatta på tvilsomt vis. For temaet er naturlegvis nazisex. Det vil seie seksualpolitikken i Det tredje riket, og litt om privatlivet til Doffen og vennane hans. Og det heile i form av ei bokomtale av Sex under Hitler. Seksualitet og rasehygiene i Det tredje riket. som kom ut på Samlaget tidlegare i år. Dette er ei velskreven bok, men eg må nesten ta eit oppgjer med deg meiner er totalt manglande nyansar. Om det er kunnskapsmangel, eller ein intenst ønske om å svartmale nazismen på alle moglege vis er vanskeleg å seie, men det er eit frykteleg skeivt bilete av den nazistiske seksualiteten som vert presentert her.


Den største syndebukken er kanskje kapittelet om homofili i Det tredje riket, som gjer sitt beste for å ignorere bidraga homofile hadde til nazismen, og til nazistars kamp for homofile rettar. Homofile vart sjølvsagt forfølgd etter 1934, men her må ein, enkelt og greit, sjå nyansane. Og få fram at nazismen ikkje var einsretta og av ei meining i dette spørsmålet. Særleg ikkje i tida fram til Himmler festa sitt grep på rettsapparatet. Og ein må vere varsam med å overdrive forfølgjinga, når vi veit at antalet homofile i leirane var mindre enn antalet frimurerar - sistnemnte var offisielle fiendar av nasjonalsosialismen frå dag ein.


Og det er kanskje ikkje lurt å framheve som døme på andres toleranse for homofile, menneske som etter krigen vart forfølgd og i praksis drept for det same. I det minste innrømmar forfattarinna at lova mot homofili stod uendra fram til 60-talet, og det burde vel illustrere at anti-homofilpolitikk ikkje er noko som er eit naudsynt særpreg ved nazismen og kanskje hadde sitt opphav ein annan stad?


Uansett kan de lese "Unyansert om nazisex" her, og så kan de etterpå springe og debattere spørsmåla som vert tatt opp hjå den Tvilsomme Humanist.


Og om du likte det? Kva med å ta opp eit abonnement på Humanist? I tidsskriftform får du haugevis av slike artiklar fire gonger i året. Høgt anbefalt.

måndag 8. november 2010

Piratar på rett spor

Eg likar tog. Eg elskar tog. Tog er tøff-tøff-tøffe! Har eg fortald dykk dette før? Frå dei tidlege damplokomotiva til dagens fancye køyretøy og Bergens nye Bybane, så er tog berre noko av det kjekkaste som finnes. Tog er ein ekte guteleike, og den er såpass stor, kronglete og nyttig at inga kvinne kan ta frå oss denne.

Ein annan ting som er tøft er piratar. Det har eg òg fortald før, men eg vert aldri lei av å fortelje dykk. Menn med masse skjegg, og havreduserte manerar som forsynar seg av det dei vil ha. Ignorer fisefine tullepiratar som Johnny Depp og Orlando Bloom, her snakkar vi skikkelege skjeggebustar med skitne klede og gull på sinn. Det likar eg.

Og så likar eg Brian Blessed, av heilt openbare årsaker.

Så kva er poenget mitt? Poenget mitt er at når du kombinerar alle desse tre, så har du piratar på rett spor.





Takk til Vicky for tipset.

søndag 7. november 2010

Erstatt det som fungerar!

Om du nokon gong har jobba i eit byråkratisk system, ein administrasjon eller ein større bedrift med hang til leiarskifte.

Eller budd i eit Noreg styrt av politikarar frå parti som Arbeidarpartiet, SV, Høgre og liknande.

Så veit du at reform er uomgjengeleg. Endring er den einaste konstanten. Og omstillingsprosessar er heilt naudsynt for at våre leiarar skal halde på sitt sjølvverd. Eit system, når det først er tatt i bruk, og barnesjukdomane utrydda, er dømd til å verte utsletta. Erstatta av eit anna, nytt og uprøvd system, uønska av sine brukerar, men hylla av sine oppfinnerar og sjefane som har kjøpt det.

Slikt førar til rasjonalisering av bedriftar, kvalitetsreformar av utdanninga og... ikkje minst... New Public Managment. Det vidunderlege systemet som våre politikarar sverger, og lar styre det offentlege. Eit system som skal gjere kostnadar synlege, og i same slengen gjere alle tilbod treigare, dårlegare og dyrare, og etterlet alle offentleg ansatte med enorme kular i panna etter at hovuda er dundra gjentatte gonger i pulten i løpet av arbeidsdagen.

Men er det naudsynt med alle desse endringane heile tida? Desse omveltingane av byråkratiske system for å tilfredsstille leiarar? Ja, eg veit det høyres rart ut når det kjem frå ein svoren revolusjonær mulla, så vi lar nokon andre svare. Denne lille soga var uansett ganske så søt.

tysdag 2. november 2010

Ingen kommentar til Trine Grungs sludder

Den norske bloggosfæra er i full vigør etter at Trine Grung slapp til ein gjesteskribent som oppmodar kronisk sjuke til å kaste medisinane sine og ty til endring av kosthold og merksnodige behandlingsmetodar for å kurere det meste. Det som provoserte mest var nok korleis fr. Grung takla kritikken mot henne - den vart avfeid, for ho står ikkje til ansvar for det som står i hennar eigen blogg. Og ho lar seg berre inspirere av denne gjesteskribent? Eh... javel?

Eg trur ikkje eg kan svare på det betre enn det Virrvarr har gjort, eller Rolf Marvin Bøe for den saks skuld, så det lar eg vere. Kommentarfelta i dei ulike sakene er heller ikkje dumme.

Nei, eg vil heller nytte høvet til å reklamere for eit litt meir seriøst produkt, som kan løyse verkelege problem. Dette er ikkje sølvvatn eller homeopatisk sludder, dette er skikkelege saker folkens!

måndag 1. november 2010

Det store plakatmysteriet

Vi lev i ei merkeleg verd, der snodige ting skjer båe titt og ofte. Ikkje minst er dette sant i korridoren der eg jobber til dagleg, smekkfull som den er av kunsthistorikerar og estetikerar. Her er ikkje ein dag lik på den andre. Her ein måndags morgon er eit godt prov på det. To av mine kollegaer kom på jobb, og fann at deira kontor hadde hatt gjester i løpet av helga. Uinviterte gjester som såg på det som si plikt å dekorere litt. Det som møtte dei var ein plakat av dei to i lag med sitt store førebilete, deira mentor og rettleiar. Og med denne plakaten var det duka for det store plakatmysteriet:

Kven hadde hengt opp denne plakaten? Kven hadde laga den?

Det var tunge avhøyr. Sjølv mullaen vart slept inn for å svare for seg, men han hadde sjølvsagt veldig lite å røpe. Uskuldsrein som han er. Til slutt var det ein genistrek som gjorde at eit av ofra for denne kunstterroren fann ut kven som stod bak ugjerninga. Ein teipbit var det som skulle til.

Han såg at plakaten var hengt opp med ein teip som var breidare enn den han sjølv hadde. Og den han hadde var den same som alle andre hadde, så sant dei hadde henta den på rekvisittarommet i seinare tid. Etter å ha målt opp litt, peikte det seg ut eit mistenkt opphav for teipbiten. Og korleis prove det, jo ved å rive av ein bit av teipen på plakaten, snike seg inn på den mistenkte sitt kontor og samanlikna.

Den passa perfekt. Og den skuldige var hekta... men eg kan ikkje røpe kven det var, for om ikkje ville det ikkje lenger vore eit plakatmysterie?

Er det fleire som har lyst på denne eller andre plakatar? Vi trykker og printer ut i nær framtid. Perfekte julegåver!