tysdag 16. november 2010

Kannibaltofu og slikt

Ja, kannibalveka til Banden på P3 held fram i dag, og de kan høyre dagens opptak her (hopp fram ca. 25 minutt). I dag tok dei utgangspunkt i at Harald Eia har steikt mat i sitt eiget fett, i eit tilfelle av det fagfolk kallar autophagi. Altså det å ete seg sjølv, ein variant av kannibalisme som får altfor lite merksemd til vanleg. Ein annan form for kannibalisme som såvidt dukka opp i dag - vegetarkannibalisme. Kannibalisme for dei som ikkje vil ete kjøt! Dette er ein gåtefull praksis som dei fleste kannibalismeforskerar er redde for å gripe fatt i, men som var umogleg å oversjå etter avsløringane av ein stamme vegetarkannibalar i The Curse of Monkey Island som ofra frukt og tofu til ein laktoseintolerant vulkangud. Fleire år seinare ville Mark Nuckols gjere seg som talsmann for dei mange undertrykte vegetarkannibalane og produsere soyabaserte matprodukt for kannibalar - Hufu, som du kan lese alt om her i ei sak frå 2005.

No var kanskje Mark Nuckols ein svindlar... men det var ein frykteleg god ide!

Meir kannibalisme hjå Banden på P3 i morgon.

5 kommentarer:

  1. For å si som sunnmøringene:
    Steikje det då!!

    SvarSlett
  2. At Eia digger seg selv, ante vi vel egentlig?
    Så at han har brukt seg selv som digg, kanskje også med dipp, blir vel da ett fett?

    SvarSlett
  3. Er det autofagi når man biter negler eller sutter på ett skrubbsår på knoken? I såfall har vel vi strengt tatt alle en gang eller fler vært kannibaler.

    SvarSlett
  4. @Svein: Eg diggar ikkje Eia, så eg står over det måltidet. Eg vil heller ete Otto Jespersen.

    @KEE: Eg vil seie nei. Og det gjorde eg forsåvidt til P3 òg, men eg hugser ikkje om det vart brukt. Det bør helst vere noko som kjem frå under huden før eg vil definere det som sjølveting.

    SvarSlett
  5. Du må ikke glemme Gert Nygårdshaug sitt autophagi-epos "Nullpluss" fra 1986... ;)

    SvarSlett