Så var nok ei jul overstått, og vi er i gang med romjula og fleire dagars postludium etter fråtsing i måt og materiell velstand. Gåver på gåver har velta over borna i familien, medan vi vaksne har humra og kost oss med nye slips og bluser. Dagen derpå kan det vere greit å puste i bakken og tilbringe litt tid i stille meditasjon og ettertanke. Eg vil gjerne at de alle tenkje litt på dei som har gjort årets julefeiring mogleg. Først i rekkja er vel kanskje Julenissen, det er nok han dei fleste tenkjer på som den ansvarlege for alle desse materielle godane som openbarte seg under det hedenske juletreet. I andre rekkje har du vennar og familie, som har spinka og spart for å ha råd til å deg akkurat den gåva du vart så glad for i går, kva no enn den var (tapt som den er i haugen av innpakkingspapir).
Ja, dei skal ha sin takk. Men det er andre som har hatt meir å seie, og la oss tenkje på dei i 2010. Eg snakkar då om alle dei butikktilsette som har trassa sjukdom og julestress for å stå bak disken med eit smil og betjent deg på best mogleg vis. Dei har ikkje vist sitt eiga stress når du har stått og banna og steikt i kø til kassa, eller svima forvirra rundt i leiketøysbutikken på jakt etter den perfekte gåva. Nei, dei har tatt i mot deg med spøk og smil, og hjulpe deg fram til akkurat den gåva som du var på jakt etter. Dei har gjett deg gode råd og vink til kva som passar, og funne fram enno betre ting enn det du hadde tenkt å kjøpe - kanskje tilogmed til ein billegare penge? Dei har tilogmed pakka gåva inn for deg. Med eit smil.
Desse same folk har hatt sitt eiga julestress å tenkje på. Sine eigne gåver å pakke. Sine eigne hus å vaske. Men dei har undetrykt dette for deg. For at du skal få ein så bra jul som mogleg.
Så gje dei ein tanke.
Deretter gjev du ein tanke til dei som har laga gåvene. Anten det no er små gule kineserar eller fattige små barn som med blod, sveitte og tårer har produsert dippeduttar, leiketøy og klede så effektivt som mogleg i noko som tilsvarar gode gamle fangeleirar. Ja, gje dei ein tanke. For dei har gjett deg jula si, for truleg hadde dei ikkje høve til å feire den sjølv.
God jul då folkens!
laurdag 25. desember 2010
onsdag 22. desember 2010
Ei julehelsing frå Kim Larsen
Tikk-takk, tikk-takk. Jula er straks her, og nervene er tynnslitte. Borna ventar på gåver, og vaksne prøver å få alt i stand. Mullaen prøver å grave seg ei snøhole han kan gøyme seg i til det heile er over. Med seg i denne snøhola vil han ha litt fin, stemningsfull musikk som passar høgtida. I den samanheng har Lord Bassington-Bassington gjort mullaen merksam på at deira felles venn, den danske trubaduren Kim Larsen i år har spelt inn ei lita julevise tilgjengeleg på vinyl. Til denne er det laga ei framragande musikkvideo, som fangar stemninga til båe låta og julefeiringa generelt. Her er det berre å skru ut lyspærene og fyre opp nokre stearinlys og lene seg attende med kakene.
Slik? Klar for å trøystespise? Det er det julekaker er til for.
For dei som ikkje visste det, så har Danmark to trubadurar med namn Kim Larsen, beggje syslar med visesong og øldrikking, men berre ein av dei er frykteleg glad i Fleksnes og er frontmannen i Of the Wand & The Moon. Med seg på dette opptaket har han lurt med seg the Black Algiz Tabernacle Choir og ein handfull andre musikerar.
Så, no er det ut å spa opp siste delen av denne snøhola.

søndag 19. desember 2010
Jul med Laibach?
Jula kjem mot oss som eit tog ute av kontroll. Jula kjem som julaften på kjerringa, kvart år... eh... ja, de skjønner kva eg meiner. Det er travelt. Det er hektisk. Og dei av dykk der ute som klarar å lyge på dykk julestemning i alt dette kaoset vil henge ut som masochistar. For å nytte meg av ein av Laibach sine vendingar, så er jula ei feiring som krev fanatisme. Det er det einaste viset du kan overleve.
Så eg lurte på korleis det ville vere å feire jul med dei slovenske gromgutane i Laibach. Korleis er jula sett med deira auge? Vel, for det er i første omgang to ting som er verdt å trekkje fram, det eine er kommersialismen. Det store behovet for å shoppe, eller plyndre om du vil. Det andre er hastverket, for julaften er her snart, og du har ikkje handla alt du skal. Tida er snart ute... spelet er straks ute: Das Spiel ist Aus
Deretter trur eg dei nok ville ha tatt seg tid til å sjå på prisen vi må betale for varene vi handlar. Så mykje av det vi kjøper er produsert i den tredje verda, og er simpelthen ei gugge av blod, sveitte og tårar til dei som vi så altfor lett vil gløyme. Prisen vi vil betale for dette er ikkje berre den som heng på den kinesiskproduserte dukka du riv ut av hylla med glødande auge, prisen vi verkeleg skal betale er i framtida, når konsekvensane av denne handeleg kjem til å flaume over Europa... Barbarians are coming, the Demon is rising...
Korleis kan det ha seg at det har blitt slik? Den tradisjonelle europeiske industrien, vårt handverk og vår produksjon, lik den amerikanske, er ein skugge av det som ein gong gjorde den stor. Wirtschaft is tot!
Men alt dette kastar vi til side no mot slutten av året, når mørketida skal avsluttast og sola skal snu. For uansett om du er kristen, jøde, muslim, Chulhu-kultist eller odinist, så krever gudane sitt. For Gud er Gud! Og dette er vår offergåve til han!
Og slik har det alltid vore, og slik vil det alltid vere, over heile verda og ingenting kjem til å endre denne verda, og med det ville nok Laibach ha avslutta med John Lennon sine ord.
Og når dette juleevangeliet var fortald, så er det klar for eit herremåltid. Så ha litt sympati med oss, for du veit kven vi er. Kjekt å treffe deg.
Så god jul, lukke til med julehandel, fråtsing og bloting.

tysdag 14. desember 2010
Når ei bikkje først skal snakke...
Snakkande dyr er populære blant barn, og du finn dei stadig vekk som hovudattraksjonen i allskens teiknefilmar, særleg produsert av Disney. Dyr, som dei C.S. Lewis skildrar i Narniabøkene, skal illustrere reine eigenskaper og på sett og vis vere førebilete for våre barn.
Høyres bra ut i teorien, ja? Ta ein kikk på denne reklamen for Lexi, den snakkande hunden.
Fabelaktig, ja? Noko slikt kan ein jo gjerne unne sine barn... men det var eit eller anna som skurra var det ikkje? Shopping? Superstjerner? Når eit dyr først snakkar, kva seier dei eigentleg? Denne avslørande videoen av Lexie i aksjon seier meir enn ein eigentleg vil høyre.
Akkurat ja... ein sitt att med ei litt tom kjensle etter dette. Du kjøper ting som ber deg kjøpe meir? Er ikkje det pittelitt forstyrrande? Det er nesten som å kjøpe Apple-produkt det.
Neste gong eg høyrer nokon klage på valdelege spel og leikar, så skal eg vise fram denne bikkja. For når dyr først talar, så snakkar dei eit disneyfisert kommersielt språk. Og det er kanskje god nok grunn til at dei skal halde godt kjeft?
Høyres bra ut i teorien, ja? Ta ein kikk på denne reklamen for Lexi, den snakkande hunden.
Neste gong eg høyrer nokon klage på valdelege spel og leikar, så skal eg vise fram denne bikkja. For når dyr først talar, så snakkar dei eit disneyfisert kommersielt språk. Og det er kanskje god nok grunn til at dei skal halde godt kjeft?
måndag 13. desember 2010
Fienden er svart og kvit, ikkje gul!
I forbinding med årets nobelprisutdeling har det vore mykje prat om kina, dette lille gule landet styrt av frafalne maoistar som har omfamna autoritær statskapitalisme (litt som å gå frå å denge kona, til å denge kona OG barnet det). Kina er rekna som våre ideologiske fiendar, fordi dei seier jo sjølv at dei er kommunistar, og så har dei ein stygg tendens til å behandle innbyggjarane sine med litt mindre høfleg atferd enn det vi forventar oss heromkring. Samstundes er dei ein viktig handelspartnar, og vi kjøper villig billige produktar produsert av kinesiske slavar. Er frykteleg vanskeleg dette, må ein forstå, og difor var det kontroversielt å gje fredsprisen til ein kinesisk dissident, Liu Xiobo.
I ein kommentar i Dagbladet avslørar Inger Bentzrud det stygge sanninga om Kinas regime. Ho kan ikkje seie det heilt ut, for då ville aldri artikkelen ha komen på trykk. Kina... er styrt av Pandamonium. Pandaen er symbolet på det kinesiske diplomatiet seier ho, og no flekker villdyret sine tenner mot oss. Det kinesiske Pandamonium har brukt press på små land i heile verda for å få dei til å delta i boikotten av nobelprisutdelinga - ikkje pokker om ein av Pandamoniums motstandarar skal få ei slik ære? Ein etter ein gjev dei etter for den knurrande diplomatien til pandajævlane.
Det er på tide vi vert klar over at vår fiende ikkje er liten og gul, men feit, svart og kvit. Pandamonium er den sanne trugsel, og i Kina er den jamne innbyggjar slave for deira perverse lyster. Dei same perverse lystene som seier at dei sjølv ikkje treng å ha sex, men skal la menneske sørge for at dei aukar i antal, gjer òg at dei nekter å ta seg bryet med å ta vare på sine barn. Resultatet er at no skal òg det kinesiske folket ta på seg forsørgerrolla på det mest vulgære tenkjelege vis.
Ja, for no har altså Pandamonium hjernevaska kinesiske forskerar til å ikle seg rolla som pandaforeldra, totalt. I ein sjuk demonstrasjon av cosplay har kinesarar no byrja å kle seg ut som pandaar når dei tener pandaborna.
Og når det steget er tatt, er det ikkje lange vegen til at dei tar i bruk same metodane overfor små gule barn for å tilvenne dei at pandaane vandrar i gatene som deira herskerar. Når barna er hjernevaska til å tru at pandajævlane er snille og hyggjelege som kjem med gåver og godteri er løpet køyrd. Då mister vi ein generasjon. Og ein generasjon små gule kineserar er frykteleg, frykteleg stor.

Til våpen. Mot Pandamonium!

søndag 12. desember 2010
Fred på jord, ein julefilm
No er eg ikkje den som krydrar bloggen med julestoff kvar desember, vi her i moskeen prøver helst å la denne årstida gå forbi så tyst som mogleg. Sjølv når det smell bombar i nabolaget. Vi legg oss simpelthen ikkje opp i korleis folk vel å feire sin materielle velstand. Vi likar derimot post-apokalyptiske visjonar og spekulative fablar, og når det overlappar så har vi ikkje noko val å dele det med dykk.
La meg difor presentere denne visjonen av ei jul, i ei nær framtid (eller er det kanskje fortid?) av Hugo Harman frå 1939. I ei verd der menneska endeleg har klart å to rotta på seg sjølv, er det verkeleg dei saktmodige som har arva herlegdomen - dyra styrar på jorda, og dei har sjølvsagt si eiga vri på julesoga. Så kom her, og slå dykk ned, og lær om kva som hende med menneska.
Om eg skulle seie to ting om dette så ville det første vore... eg elskar rotoskopiteknikkar! Og det andre vere, sjå - ei framtidig verd utan pandajævlar!

torsdag 9. desember 2010
Årets julegåve er tilgjengeleg
Ei julegåve til din næraste vennar og familie? Ei gåve til deg sjølv? Om du ikkje heng til vanleg på fansida, så har du kanskje ikkje fått med deg at denne vakre plakaten no er til sals!
Den kjem i A3, på fint glansa papir og har den spesielle juleprisen på NOK 50,- pluss frakt. Om du bur i Bergen vert det difor frykteleg billig å berre snike deg innom moskeen med ein seddel. For dei som skal ha frakt, så prøver vi å få ordna det så snart som råd. Problemet er å finne slike hendige rør som ein kan sende plakatar i. Forslag, folkens?
Uansett, for å tinge deg eit eksemplar, og det vil du jo, så sender du ein mail til hastur @ start.no
tysdag 7. desember 2010
Skal det vere ein 18 åring?
Hei, ropte den første mannen, korleis går det?
Joda-joda, svarte den andre, det går bra, ikkje heilt nøgd med veret då. Det er frykteleg kaldt blitt.
Du treng noko å varme deg på!, seier den første.
Visst pokker gjer eg det, i denne kulda er det ingen veg unna ei varmeflaske og ein kopp kakao, erklærar den andre.
Du veit det finnes jo alternativ til slike heilnorske løysingar. Litt meir eksotiske variantar er å fortrekke, fortel den første og byrjar å fiske i lomma si.
Åh? Kva du har i tankane? spør den andre.
Her skal du sjå, seier den første medan han trekk fram ein lapp og les frå den; Bunnahabhain. 18 år gamal. Og vil verkeleg varme deg.
Du veit eg kan ikkje sysle med så mykje slikt, protesterar nummer to, eg har eit rykte å behalde, og desse afrikanske ungpikene...
Ho her er ikkje afrikansk, avbryt nummer ein, ho er skotsk og av beste slag frå ei lita øy med namn Islay.
For skotsk ungdom er ofte å foretrekk framfor afrikanske ungpiker. Mindre fare for lumske skjukdomar, og det varmar garantert. Slik 18 år gamle Bunnahabhain varmar frå topp til tå, for ein skarve tusenlapp eller så. Ikkje at afrikanske ungpiker ikkje har sin plass då, vi er ikkje rasistar eller noko. Neida. Berre gamle grisar.

måndag 6. desember 2010
Hip hop på grasrota
Hip hop, og rap, har alltid vore eit uttryk for den harde folkesjela. Original rap var primal og lite forfina, det var rått og usensurert. Korleis kan ein ikkje like noko så ærleg som det? Ja, klart ein kan ta avstand frå delar av bodskapen og artistane, men det var ikkje noko tvil om at dette var ekte saker. Ekte kulturelle uttrykk, av ekte menneske som levde eit ekte liv på ekte gater. Det er det ikkje noko tvil om når du fyrar opp klassiske album som Yo! Bum Rush the Show av Public Enemy eller Straight Outta Compton med sjarmørane i N.W.A., og er ikkje kanskje Banned in the USA av Luke Skywalker & The 2 Live Crew minst like aktuelle i dag som då den først dukka opp? Eller kva med gutane i A-Team, seinare BOLT Warhead? Der snakkar vi skikkeleg norsk rap!
Rap og Hip hop vart søppel med åra, la oss berre innrømme det. Med den eine idiotiske gangsterrapparen etter den andre så var det ikkje lenger særleg ekte. Musikken var keisam, artistane hadde ikkje sjel, men stor lommebok og eit enormt ego å mate.
Det var trist å sjå ein sjangar som var så viktig for å gje dei utan ei stemme ein kanal gå til grunne, men slik går no det. No er det eit fåtall av krigerar der ute som kjempar hardt for å halde sjangaren i livet. Dei tar den attende til røtene. Attende til grasrota. Berre sjekk ut desse danskane med max street cred!
Slike talent har eg ikkje sett sidan gromgutta i Gatas Parlament kasta seg ut i det!
Så kan vi ein annan dag snakke om dei som tar rappen opp eit trinn på klassestigen, som Professor Elemental og Mr. B The Gentleman Rhymer. I kveld skal vi drikke dansk økologisk mjølk, og krysse fingrane for at den er skikkeleg pausterisert.

laurdag 4. desember 2010
"Gylne tider" for kommersielt fjernsyn?
Eg høyrer stadig vekk mykje sutring om NRK-lisensen. Det er visstnok sure pengar å betale no når dei fleste av oss har tilgang til ørten og trygve kanalar med skit ingen av oss med vetet i behald har lyst til å sjå på. NRK gjer sitt beste for å halde følgje med faenskapen, utan stort hell... kvar vart det eigentleg av Trim for eldre? Eg saknar det no når eg har blitt gamal. Uansett; når folk kritiserar NRK og lisensordninga, så er det implisitt at kommersielle reklamebaserte kanalar er så mykje betre.
Ein kan jo nesten forstå det når ein ser kva reklameinntektane går til. Alvorleg tala - kva har ikkje dette kosta?
Eller dette?
Får nesten lyst til å sjå på Gylne Tider. Nesten. Pittelitt. Men kjem ikkje til å innrømme det om eg gjer det. Så er det sagt.

torsdag 2. desember 2010
Biologisk krigføring og attentat
Imitasjon, seier dei, er den største form for smiger, men den største merksemd du kan få er nok eit attentatforsøk. Få vil hevde å prøve å imitere mullaen, men drapsforsøk må eg lide med stadig vekk. Anten det no er å køyre meg ned på open gate eller utsette meg for makabert dårleg popmusikk som får hjerneceller til å begå kollektiv sjølvmord, så slår det feil. Eg held stand. Eg gjer motstand. Eg er for all del smigra av fiendens kular og krutt, men eg gjev ikkje etter.
Der Putin har gjort det stort med radioaktiv gidt, er andre meir kreative med biologiske komponentar. Virus og bakteriar som eg til stadig vert bombardert med av agentar sendt av mine fiendar. I sitt siste forsøk på å ta rotta på meg, teppebomba dei heile min klan med bakteriar, i von om at det skulle vere nok. Ein etter ein kollapsa dei, dei køyredyktige først. Desperat såg eg meg rundt etter ein fluktveg heile søndagen, men det var inga hjelp å få. Alt såg mørkt ut. Eg skulle ikkje sleppe unna... men så! Ein kjapp transport vekk frå det verste området, og frå der kunne eg komme meg vidare til siviliasasjonen. Eg etterlot meg ein handfull friske menneske, og tenkte meg fri frå helvetet.
Inntil natta kom. Bakteriane hadde fått meg og. Ein kjapp telefon om morgonen kunne avsløre at dei få resterande klanmedlemmane hadde strøke med òg. Vi var alle nede for telling. Og det såg ut til å vere slutten på oss alle.
Men vi er bygd av sterke saker, og velsigna med ei sak å kjempe for. Så imunforsvaret vårt sigra til slutt, og ut av våre respektive sottesenger steig vi. Klar til kamp att, endeleg!
Og vi ser oss om etter syndebukk. Kven skal vi skulde på? Korleis kunne eit enkelt barneselskap føre til denne katastrofa? Mitt blikk fall augneblinkeleg på det nyaste medlemmet av klanen...
Sjølvsagt. Den ferske rekrutten. Kan nykomlingen vere planta av våre fiendar? Har Pandamonium byrja å rekruttere born? Frå no av skal eg trø varsamt rundt dei små, og halde eit godt auge med dei. For om dei kvitsvarte svina har vendt dei mot oss, står vi overfor ein verre kamp enn eg trudde. Stol aldri på dei unge!

Abonner på:
Innlegg (Atom)