laurdag 31. desember 2011

Å ta til seg Gud

Jada, eg veit det er nyttårsaften, men la meg snakke om noko heilt anna. La meg snakke om det Guddomlege, og korleis ein kan inkorporere det i sitt liv. Det er eit verdig tema for ein nyttårstale i moskeen, så sett dykk ned og lytt til det eg har å fortelje. For i den grad det Guddomlege eksisterar, så må ein kvar person at som ekstern kraft har dette ingen relevans, det er berre når det er i ditt indre, at du sjølv husar Gud, at Gud vert relevant. Mange har nok sine synspunkt på korleis dette skal skje, og særleg er det dei konservative som meiner at dei har svaret, for svaret må vere det same som alltid. Tradisjonar er viktige, det er sant, så eg vil gjerne vise til ein annan tradisjon. Pepperkakehus. Og ikkje minst, pepperkakeGudshus. Min gode ven Lord Bassington-Bassington gjorde meg merksam på denne vidunderlege godbiten, av nokre særs velkledde svenske vener:
Som de ser, så er dette ein vakkert utsmykka pepperkakemoskè. Salafistar og andre reaksjonære vil nok hevde at dette bakverket er fundamentalt blasfemisk, då pepperkaker er matvarer og skal i magen til folk. Det er her eg må reise min peikefinger og sei at dei har misforstått fullstendig! Nett fordi at det skal etast er dette så halal ein kan få det, og langtifrå haram! For ved å ete Guds hus, tillet vi at ein i disse juletider at Gud kan ta bustad i vår mage (og tarmer) i lag med all den gode julemiddagen! Ikkje berre vert Gud relevant, og du ein berar av Guds nåde og kjærleik, du tilbyr Gud delar av den festen han i sin visdom har latt deg ta del i iløpet av jula.

Så denne moskeens oppmoding er sjølvsagt å byggje Gudshus av pepperkaker, sjokolade, krem, deig eller kva pokker du vil og ete det, uavhengig av din religiøse legning, så skadar det ikkje å gå inn i nyåret med ditt utvalte gudhus i vommen.

Godt nyttår kjære meinigheit, eg vonar det nye året vert smakfullt for dykk alle saman. Gurp.

onsdag 28. desember 2011

Ungdommen forstår det

Ja, ungdommen lærar fort, dei har forstått kvar dei skal hente kunnskap, og korleis dei skal få merksemd. Dei har lært det av å lese aviser, snoke på Youtube og lese på bloggane på blogg.no. Dei må andletet sitt ut der, dei må vere synlege, ikkje berre i tekstform, men i video, og det er viktig å vere folkeleg og sette ting i perspektiv. Slik som vår alles kjære Heidi Alexandra gjorde det, då ho uttrykte si enorme medkjensle med alle dei stakkars borna i utlandet. Det er vanskeleg for andre å følgje det opp, men det er jo lov å prøve, ikkje sant? 1, 2, 3 snurr film:



For som alle veit, så er det største problemet til annleispigmenterte rundtomkring i verda at foreldra deira går på narkotika, slik at dei ikkje får feire jul med hair extensions og denslags. Det når ikkje heilt dei same høgdene som Heidi Alexandra, då ho representerar eit heilt utsøkt nivå av kvalme, men godt forsøk var det. Absolutt applausverdig.

Heidi Alexandra kasta seg jo i haust inn i Breivik sine konspirasjonsteoriar, men det som verkeleg er det store blant ungdommen i dag, særleg på Youtube, er ikkje konspirasjonsteoriar om muslimar, men om dei verkeleg store klassiske konspirasjonane. Som Illuminati. Her kan ein hive inn alt ein vill, ein reinaste pytt-i-panne av absurde førestillingar og bisarre forklaringsmodellar. Her er det alltid plass til ein ungdom eller to til å ytre sine meiningar:



Her demonstrerar dei den gode kjeldekritikken som dagens skulevesen satsar stor på i allskens gruppe- og prosjektarbeid. Om du lurar på noko som helst av dei seier i denne videoen må du hugse at du kan sjekke det på Youtube, heilt seriøst, og utover det er det ein advokat som har fortald dei ting. Dette må ein jo ta seriøst. Og dette er reflekterte jenter, for det som dei høyrer om i religiøse tekstar er realistisk, men feil fordi... Youtube og ein fyr har jo sagt noko anna.

Og før de ler av dei stakkars jentene, så må de hugse på at de risikerar livet sitt ved å fortelje dette, eller verre, å få sletta kontoen sin på Facebook! Dette er veldig alvorleg, og vi må alle vakne.

Ein ting er at dei kanskje ikkje heilt har forstått samanhengane i ting, eller kjeldekritikk, eller retorikk, eller... vel noko som helst anna. Men dei har forstått korleis dei skal få merksemd, og merksemd får dei i haugevis. Berre sjå her; dei vert omtalt i bloggen min! Meir merksemd! Neste steg er sjølvsagt å verte invitert på kjendisfestar, og hamna på framsida av VG og Dagbladet. Dagspressa er jo alltid glad i slike gladsaker som dette.

At dei om nokre år truleg vil angre bittert på at dei la ut desse videoane, og framstod som totale nek... vel... altså... dei fekk jo merksemd. Så applaus for ungdommen! Dei har forstått det! Det viktige er merksemd, her og nu, for det finnes inga framtid.

Visstnok går verda under i 2012, og det er nok Illuminati sin feil det òg.

Kva var telefonnummeret til barnevernet forresten?

fredag 23. desember 2011

Ei julehelsing

Jula er ikkje som de sikkert forstår ikkje den mest sentrale feiringa i vår moskè. Med all respekt å melde til dei som roper høglytt om julas eigentlege, og opphavelege bodskap, så er det nok ikkje slik at jula har sitt opphav i  ei gamal feiring av Kristu fødsel. Og før alle hedningane sprett champagneflaskene fordi dei trur eg snakkar om den tradisjonelle feiringa av solsnu, og det klassiske juleblotet, så nei, eg hadde ikkje det i tankane heller. Julefeiringa, i si moderne form oppstod på 1800-talet, og er så mykje anna driven fram av kommersielle interesser. Handelsstanden sitt ønskje om at vi skal kjøpe og konsumere traff verkeleg ei nerve i dei kalde vintermånadane, og berre i Noreg brukar vi i løpet av desember fleire milliardar på julegåver, julemat og anna juling. Overflod er ein ting, å drukne seg sjølv i luksus og feitt er noko anna. Den eigentlege bodskapen? Kjøp noko juggel, og føl deg som eit godt menneske på kjøpet, ein god kristen. Og alternativt, drikk noko øl, ver ein god hedning og dyrk noko så kitschy sola for ei kort stund. Sol Invictus, mine vener!

For all del, eg ser jo at de har det kjekt, og at de ikkje har lyst til å tenkje på dette. Eg har strengt tatt ikkje lyst til å tenkje på kommersialisme sjølv - eg har lyst til å ete god mat, og ha litt ferie. Lese ei god bok, sjå ein film, spele eit spel - men det evige maset, det evinnelege jaget etter å konsummere forstyrrer juleroa mi, og då skal det pinadø forstyrre dykkar litt òg. Her sitt eg som den nissen som eg er, sprayen med kvitfarge til skjegget står klar til i morgon, då skal Grinchen ta rolla til Julenissen som forsvann. Det er slikt som må til når ein er onkel.

Jula kan eg styre meg for, men Julenissen er eg glad i. Og eg tar meg stadig i å lure på kvar han tok vegen. Kvar er han no? Korleis kan folk feire jul, når den fordrukne fyren er forsvunnen? Korleis kan dei styre på, utan tanke på denne elskverdige alkoholiker? Personleg føler eg eit sterkt band til han, truleg fordi han er ein tjukkas med skjegg og godt lynne - slik kjenner ein mulla seg godt att i.

Difor sprayer altså denne onkelen skjegget sitt i morgon, og vonar at trass i at jula eigentleg er masete, trist og kjip, så stiller alle verdas onkler opp på same vis. Det er jobben vår.

God jul.

torsdag 22. desember 2011

Liv og død, side om side

Vi har sett det før, og det er alltid like urovekkande. Når noko stygt og vemmeleg snik seg inn med noko godt. Når det som er vakkert og prisverdig, inneheld ei kime av det motbydlege og destruktive. Som ein trojansk hest. Vi tar i mot ei gåve, utan å vete kva vi får med på slepet. Vi kjøper eit koseteppe til barna, utan å vete kva sjukdomar som følgjer med. Og vips er vår by i flammar, og vips er vår stamme, vårt folk, utrydda av den kvite mann!

Denne type skitne triks har gong på gong blitt praktisert av våre erkefiendar i Pandamonium. Dei prøver stadig vekk å snike seg inn i lag med det som er godt og sunt. For slik å bryte ned ikkje berre oss, men òg det som held oss oppe. Dei vil ta frå oss alt, og det dei ikkje kan ta, vil dei så tvil om.
Berre sjå på korleis dei snik seg innpå Hello Kitty. Plasserar seg pent ved sidan av, slik at dei kan verte plukka opp av intetanande kundar som er ute etter Hello Kitty. Og sjølvsagt til lågare pris, for å senke terskelen for at nokon kjøper pandasvineriet hellare enn det guddomlege rosa ikonet. Her er det altså soleklårt! Side om side, liv og død, og Spongebob Squarepants fanga i midten, stakkars jævelen.

Når først denne trojanske pandaen er tatt i hus vil den sjølvsagt skape eit helvete. Den vil leike med hovuda dykkar. Kviskre styggedom i øyra dykkar medan de søv, og lure dykk til å tykkje at pandaer er uskuldige og donere pengar til World Wildlife Fund.

Så, no under innspurten av julehandelen, ver på vakt mine vener. Dei er over alt! Og dei prøver å snike seg under treet!

Men vi vil ikkje la oss lure! Vi gjer motstand! Til siste mann! Til vi er fri frå pandatrugselen!

måndag 19. desember 2011

Med ein basset mot horisonten

Når mullaen er ute og reiser, så gjer han det helst i godt selskap. Og i seinare tid har dette vore i lag med ein av hans trufaste følgjesvener, den eminente Lord Bassington-Bassington. Ein tweedkledd bassethund, full av verdigheit og klasse. Ja, der hundar tradisjonelt luktar hund, så osar Lord Bassington-Bassington av stil og god smak, og ein skulle nesten tru at han var ein katt (men det er ein heilt annan diskusjon). Det var difor ikkje noko tvil om at reisane vi har tatt i lag måtte få eit eiga visuelle minnesmerke, ei minnetavle om du vil, og det var naturleg at den alltid like talentfulle Den Unge Herr Holm fekk i oppdrag å utføre dette, då han er kjend for sin store kjærleik for både mulla og basset.

Resultatet... er hinsides alle ord.
Originalen snirklar seg snart gjennom postens irrgangar til herrskapshuset til Lord Bassington-Bassington, der eg vonar den vil få ein god heim. Værsågod gamle ørn, og god jul!

måndag 12. desember 2011

Fresh spresh

Ja, sjå her, alle aktive unge menneske... tingen dykk alle har vore ute etter er her. Den er avlangt, og god å ta i, og klemmer du skikkeleg på den så spruter den!
Ja! Det er rett! Det er SPRESH! Tingen som vil gjere livet ditt eit hakk betre, simpelthen fordi den har passformen som skal til til. Og den spruter! Når du klemmer på den! Ring heim til mor, og fortel at du ønskjer deg Spresh til jul, forten henne kva den gjer, fortel henne korleis den er forma - den kjem i mange ulike farger, er stilfullt designet og avlang. Ja, fortel henne alt dette, så får du ein Spresh til jul.
Spresh! Det alle aktive unge jenter ønskjer seg! Det er ingen skam! Det er skikkeleg moderne, hipt og ungdommeleg! Spresh er fresh!

(Nei, dei ville ikkje betale meg for å skrive dette innlegget, men Lady Mju overtydde meg lett om at eg burde gje litt gratisreklame for Spresh!)

onsdag 7. desember 2011

Tystofon, Terrorfon og raddislinje

Våre kjære statsbyråkratar og politikarar har gjort det dei gjer best, iverksatt tiltak som koster mykje pengar og som får folk til å tru at det har rabla for dei. Eit sterkt behov for å sjå ut som om dei brått er i stand til å gjere noko med evt. radikale og ekstreme grupper har dei lansert radikalisering.no, ei netteneste der du lett kan tyste på dine naboar, kollegaer og tidlegare klassekameratar. Personleg har eg ei liste med eks-kjærastar som i løpet av veka vil verte trugslar mot rikets tryggleik.

Ein må lære av historia, veit de, men ikkje visste eg at lærarmeistarane skulle vere gromgutane i Sovjet, Stasi-Tyskland og Det tredje riket. Brått vart Noreg transportert attende til amerika på femtitalet, og Stoltenberg har skifta namn til McCarthy.

Dette er fargerikt gjort folkens; kven kan no anklage regjeringa for å vere politisk korrekte? For å oppmode borgarar til å tyste på kvarandre til Storebror, er vel så langtifrå politisk korrekt som ein får det. Her forventar eg stor jubel frå det store fleirtal av sinte unge menn som kommenterar på nettet! Dei vann, det politiske korrekte er død, og meir draconiske tiltak er rett rundt hjørnet! Vi må satse på at det kjem ei eiga ordning retta direkte mot ungdom, gjerne som involverar at dei går i fine skjorter og har eit armbind av eit slag.

Kan vi få eit poengsystem? Gjerne med rabattar når ein har tysta på 10, 20 eller 30 stykk? Ein kan kanskje få avslag på skatten? Det hadde vore noko det. Halve nabolaget mitt stryk med om eg kan få halvert skatten, eller i det minste satt den ned 10%. Herregud, eg kjem til å tyste på familien min for det.

Men det vil ikkje fungere utan eit skikkeleg namn, og her må dei jobbe litt. Ein kunne kanskje kalla konseptet Tystofonen? Andre har foreslått Terrorfon, men eg tykkjer at eit bra, ungdommeleg forslag ville vore Raddislinja.

For det er viktig å fange ungdommen, og det har dei heldigvis gjort eit forsøk på i den grafiske utforminga. Som eit ungt moskèmedlem har vist, så speler sida både på 'laxing' og sex.

Ikkje berre er det ein pupp i eine hjørnet, det er faktisk ein stressballpupp frå Kondomeriet. Slikt krevst ballar i det offentlege. Du anar ikkje kor ofte uskuldige puppebilete vert fjerna frå ulike departementssider!

Så ein applaus til justisdepartementet for å gjere noko, sjølv om det kanskje er litt sært, og ein applaus for at dei har tatt lærdom av historiebøker og trassar det klamme politisk korrekte helvetet som dei representerar. Og så eit skikkeleg hurra for pupp. Ein kan aldri ha for mykje hurra for pupp.

Men, eit siste punkt, neste gong bør dei ha med penis eller noko. Likestilling er viktig på offentlege sider.

laurdag 3. desember 2011

Junidød i ein desember

Eit av dei bandene som har hatt overgjennomsnittleg mykje å seie for mullaen, særleg dei siste ti åra, er Death in June. Om ein går attende til den gamle bloggen, frå før mullaen vart mulla, så vil ein oppdage at fleire av dei første innleggja dreier seg om at Death in June skulle spele ein konsert seint i 2003, og bråk var i emning. Eg vart difor bedt om å vurdere korvidt konserten kunne gå av stabelen eller ikkje, det gav høvet til eit djupdykk ned i musikken, og mannen bak, Douglas Pearce, som eg ikkje hadde hatt høve til tidlegare. Konserten fann stad og var fantastisk, trass at det stod svoltne og kalde demonstrantar utanfor og gjekk glipp av magien innandørs.

Ikkje lenge etter den konserten la Douglas P. inn årene konsertmessig, og nekte å framføre musikken sin live for publikum. Det har vore ein underleg reise for mannen og bandet; bandet vart forma i 1981 av Douglas P., Tony Wakeford og Patrick Leagas som ein postpunkband inspirert av mellom anna Joy Division. Opphaveleg spelte Douglas P og Tony i det trotskyistiske punkbandet Crisis, og turnerte tilogmed i Noreg som det under banneret til Rock mot rasisme. Death in June skulle få eit litt anna rykte. Til då hadde punkmusikerar gladeleg brukt symboler både frå den eine og den andre politiske rørsla, inkludert nazismen, men med Death in June tok dei svalestup ned i symboluniverset til Det tredje riket og Europas historie. Dei fekk etterkvart selskap av andre band, og med det vart neofolksjangaren fødd - mystisk, militant og melankolsk, menn med kassagitarar, tvilsam legning og uniformer.

Death in June er no i stor grad eit einmannsprosjekt, då både Tony og Patrick Leagas forsvann tidleg på 80-talet.

Til no har Bergen vore den einaste norske byen som har hatt glede av å ha Death in June på ei scene, men det endrar seg i kveld. I samband med 30års jubileumet har Douglas P. komen ut av hiet, og gjev ein aller siste turnè. Og midt under turneen kunne han annonsere at han ville dukke opp i Oslo ein ledig kveld. Det vart snøgt mobilisert til fest og moro.
Du treng altså ikkje spørre kva mullaen tenkjer å gjere i kveld.

tysdag 29. november 2011

Sakkyndige

Ja, så var dagen her då, og folk hoppar rundt og synsar for full hals i alle kanalar, etter at dei rettssakkyndige har komen med sin rapport der dei konkluderar med at ABB var kokelimonke i gjerningsaugneblinket. Eg er korkje jurist eller psykiatar, så eg må nesten avvente å få rapporten i hendene før eg faktisk seier noko bastant om kva grunnlag dei har for å seie dette. Er fleire års planleggjing, og sjølvmedisinering, kompatibel med ei juridisk forståing av "gjerningsaugneblinket", og er dei sakkyndige klar over at hans tankeunivers er eit han delar med fleire andre?

Isåfall, har dei sakkyndige i dag erklært at kontrajihadistane og nettrolla som herjar rundt i inn- og utland, faktisk alle er paranoid schizophrene og dermed ikkje strafferettsleg ansvarlege for sine gjerninger? Høyrer dei alle heime på lukka avdeling? Og kvar går grensa? Kan dei gjere ei vurdering av Ole Jørgen Anfindsen, Bruce Bawer og Fjordfjolset i same slengen? Ver så snill!

For dei likar jo å påstå at vi lev i Sovjet, og Sovjet perfeksjonerte jo det å patologisere opposisjonell ideologi. Er dei i mot vårt Sovjetkommunistiske paradis, må dei jo sjølvsagt vere heilt sprø! Og ja, eg har allereie sett ein og annan kommentator påstå at dette er eit vis å undertrykke ein mann som har gjennomskua arbeidarpartiet. Takk skal du ha, ikkje beveg deg ut av huset, det kjem nokon og snakkar med deg snart.

Andre er sjølvsagt mest opptatt av at sidan ABB er sjuk, så kan dei toe sine hender, og gå attende til å hate muslimar og sosialdemokratiet med sin gamle intensitet. Ja, gjer det. Og helst like høglytt som før. Vi noterar alle namn, og sender den kvite bilen innom.

Dei sakkyndige har talt. Og då er det ikkje så mykje meir å seie?

Men for all del, så kan dei som vil høyre meir gjere lurt i å øyre kva Øyvind Strømmen skriv, eventuelt Vepsen og ikkje minst Nils August Andresen i Minerva, som alle har sine gode poeng og perspektiv.

No er det pilletid for meg, eg har visst usanksjonerte meiningar om ting, tang og sexye lille Tingeling.

søndag 27. november 2011

Årets juleblad

Det er første søndag i advent, og medan vi ikkje gjer det store nummeret av julefeiringa her i moskeen, så er godt kjend med konseptet og dei ulike tradisjonane som følgjer med. Advent er ein slik tradisjon, ein annan er dei mange julebladane som folk kjøper seg for å kose seg med i jula. Anten det no er klassikarane som Vangsgutane og Knoll og Tott, eller det er nyare tilføyingar til universet som Nemi og M, så er dette ein sentral del av kulturkonsumet i denne perioden. Problemet er sjølvsagt at det ikkje alltid er lett for rettruande å finne vegen gjennom denne materien. Er Smørbukk halal, er Finnbeck og Fia haram på grunn av all julinga han får av kona? Det hadde kanskje vore på sin plass med ein gjennomgang av alle årets juleblad for å vurdere det moralske nivået i kvar enkelt. Men la oss vere ærlege; ikkje berre er det mykje arbeid, og det vil koste moskeen ganske mykje å kjøpe inn alle saman. Så medmindre nokon vil byrje å sende meg desse julehefta, er nok det ein draum som ikkje går i oppfylling for dykk.

Men moskeen kan by på noko betre; eit garantert halal og rettvist juleblad! Vi er stolte av å presentere ein julespesial av mullamagasinet Mellow Mullah-magasinet!

Her får de siste nytt om kvinnesaka i midtausten, mullasamtalen med Lars Gule og Øyvind Strømmen, samt eit par duettar med Hello Kitty! Bestill dykkar eksemplar på dykkar lokale Narvesen. Om dei seier dei ikkje har det tilgjengeleg, så er det berre tull. Insister, og insister hardt. Skrik og rop. Bli valdleg om naudsynt. Få dei til å bestille det til deg!

Og dersom det skulle vere spørsmål om det; eventuelle skrivefeil du finn på framsida er ein del av ein konkurranse på innsida av bladet. Finn fem feil på framsida! Genialt, kva?!

torsdag 24. november 2011

Sei nei til WOW

Speler du World of Warcraft? Kvifor gjer du eigentleg det? Har du tenkt over kva du eigentleg gjer då? All tida du kastar vekk? All den hjernedøde aktiviteten for å gå opp i level? Alle dei uskuldige pikslane som stryk med kvart minutt? 10 millionar menneske er fanga av Blizzard sitt onlinerollespel World of Warcraft, basert på den gamle strategispelserien Warcraft. World of Warcraft vaks seg snøgt til å verte det dominerande onlinerollespelt, og for mange er det sjølve spelet, då det overskugger det meste andre.

Det er openbart at folkehopen som dagleg speler spelet er ein ressurs, og forskarane har kasta seg over det for å undersøkje sosialinteraksjon og gruppedanning, utan å tenkje noko vidare på motivasjonen til bakmennene eller potensialet for å utnytte brukarane. Nokre forskarar har sett på dei økonomiske sidene ved dette, men det stikk ikkje djupt nok. Det skjuler seg eit mørke i Blizzard sine serverrom. Ein entitet som lenge har tatt tida til hjelp, og sakte, men sikkert, slått rot i det umedvitne til dei mange millionane av sveittande nerdar som sitt og slit ut auga sine framfor PC-skjermen i mørke kjellerar.

For tidleg såg våre fiendar potensialet i nettrollespel, og å binde millionar av ivrige, sosialt handikappa nerdar til si sak. Her kunne dei gjere dei avhengige av seg, og sakte men sikkert gjere dei til lojale fanboys og fotsoldatar. Hjernevaska av Blizzardserverane.

Ja, vi snakkar om Pandamanium. Pandajævlane sin stygge konspirasjon for å ta total kontroll over jorda og vår framtid. Det blodige terrorregimet vert bygd i det stille, gjennom effektiv ideologisk krigføring og mental infiltrasjon. Gjennom World of Warcraft ønskjer dei ikkje berre å døyve oss og passivisere oss, dei vil gjere oss lydige. Dette er det siste steget i denne planen, å forme deigen dei har lagt av spelarane. Det steget vert openberra i desse dagar i form av den nyaste utvidinga av spelet Mists of Pandaria!



Her skal dei ikkje berre lære å sympatisere med dei mystiske og vise Pandabjørnane, men dei skal identifisere seg med dei. Dei vert oppmoda til å tre inn i rolla som ein av dei, og slik utviske skillet mellom dei og den komande herskerrasen. Slik vil dei gjere World of Warcraft-spelarar til ei utviding av seg sjølv, ein ekstra arm, ein penisforlengar. Det menneskelege andletet til terroregimet. Deira menneskealibi.

Det heile er sjølvsagt skandaløst.

Og vi vil, som alltid, kjempe i mot. Sei nei til World of Warcraft. Sei nei til Pandamonium.

søndag 20. november 2011

Eit etisk dilemma

Tida fyk forbi, og innlegga eg tenkjer å skrive kvar dag vert liggjande fordi... vel, ein har jo ting som må gjerast. Så då vert det gjerne til at andre ting går i gløymeboka. Og apropos det; er det nokon som har lyst til å komme og rydde litt i moskeen? Eg fekk simpelthen ikkje ut fingen i helga. Så rastlaus ungmø er hjarteleg velkomen til å komme her og ta i eit tak.

I mellomtida, så kan eg glede dykk med eit lite etisk dilemma no på tampen av denne søndagskvelden. Eit dilemma sendt inn av ein av våre mange lesarar:
Så klart; det korrekte svaret er at dersom ein først reiser attende i tid (for det må jo vere ei førutsetnad for dette dilemmaet), så bør strengt hovudprioritet vere å få tak i noko bra bartevoks, ein ny skreddersydd dress, ein hatt frå bates... og ja, du bør melde deg inn i ein gentleman's club. For ærleg tala, kven bryr seg om desse stakkars austerikske kunstnarane? Det vert aldri noko av dei uansett. Og det er under ein gentleman si ære å drive og stele lommebøker frå fattiglus. Det er direkte sjofelt. Heller stele hatten til ein politimann og springe som berre pokker - kven er med?!


For vidare fordjuping i korleis livet bør utarte seg for ein gentleman kan du byrje her:


tysdag 15. november 2011

Sjølvoppofrande objektivistar (og mykje bæsjprat)

Det finnes grupper som står på skitlista til mullaen, som han så altfor sjeldan får høve til å drite ut. Det er ikkje fordi at det manglar på material, men det er fordi dei er ekspertar på å drite seg ut på eiga hand. Det kjem av at dei er så usedvanleg skrudde, at når dei kastar seg over relativt normale gjeremål, og gjer som alle andre, så vert det simpelthen feil. Standard vert for dei tilsvarandre å drite før dei trekk ned buksa og sett seg på porselenet.

Ei slik gruppe er våre alles kjære objektivistar. De veit desse folka som heng ved alle orda som nokon gong har blitt mishandla av Ayn Rand i dei såkalla romanane hennar. Som eg har fortald tidlegare så er det nokre lyse hovud der ute som har funne ut at dei skal filmatisere hennar største og mest ufordøyelege makkverk, Atlas Shrugged - i tre delar. Den første delen - på tre timar - vart no lansert på DVD, og er denne vekas snakkis på nettet.

Kvifor? Fordi ikkje berre drit dei seg ut med å lage ein film som det å sjå er som å masturbere med ein ostehøvel, med rumpa hengande over eit løvebur, men nokon dreit seg ut då dei skulle skrive omtala av den òg. Du veit korleis det er når ein eller annan sippete roman vert til onsdagsfilm på TVNorge? Då er det alltid ei eller anna gripande soge om mot og personleg offer. Og slik vart det òg for den sløve drolten som for ørtande gong skulle skrive omtale av ein film han ikkje orka å sjå; for bakpå coveret på DVDane som gjekk ut stod det: "AYN RAND's timeless novel of courage and self-sacrifice comes to life."


Kva er gale med det, spør du? Vel, den einaste sjølvoppopfringa som foregår i denne filmen, er publikum som kastar vekk dyrbar tid på å lide seg gjennom middelmådig propaganda om korles sjølvoppofring er det verste du kan gjere. For om du har følgd med i timen, så veit du at objektivismen er filosofien til egoistar med tvilsom personleg hygiene som på eit eller anna vis har innbilla seg at dei er ein slags overmenneske. Altruisme, fortel Ayn Rand, er det verste du kan finne på, rein ondskap. Ja, henne om det.

Då teksten vart oppdaga var filmen allereie i dei skitne, sveitte hendene til hennar mest ivrige fans, og dei greip seg alle til hjartet i det som var vekas tredje fedmeinduserte hjarteattak. Og krisa var eit faktum hjå produsentane. Dei er ikkje heilt tydlege på korleis denne feilen kan ha oppstått (objektivistar gjer aldri feil som dei kan innrømme, det er difor det luktar bæsj av buksene deira), men dei har endra teksten til: "AYN RAND's timeless novel of rational self-interest comes to life."

Dei har heldigvis fjerna biten om mot òg. I eit anfall av sjølvinnsikt har dei innsett at det har ingenting med deira pure, impotente egoisme. I same slengen prøver dei å appellere til objektivistane sin grunne natur, ved å hevde at dei som har fått den bisarre feiltrykken av omslaget no er innehaverar av eit samleobjekt som er langt meir verdifullt.

Fordi... det høyres så mykje betre ut enn å seie at driten no renn ned langs leggen.

søndag 13. november 2011

Rasshøl får som fortent

Om innboksen er ein indikasjon på noko som helst, så er det at folk saknar å høyre om kampen mot Pandamonium, det komande pandastyrte terrorregimet der vi menneske vil vere redusert til mat og billig arbeidskraft for våre blodtørstige overherrar. Det er klart at det ikkje er stille på denne fronten, og innboksen er stappfull av etteretningsrapportar - men det er ikkje alt vi kan fortelje om heller. Ting går framover, og vi har tilbakesteg, men kampen held fram. For er det ein ting vi ikkje tolererar, så er det rasshøl, og som dette videoklippet synar, er pandabjørnar verkelege rasshøl, sjølv mot sine eigne;
Merk her korleis denne jævelen av ein drillintstruktør saboterar for rekrutten som prøver å komme gjennom hinderløypa. Eg skulle likt å fortald deg at det er ein gjennomtenkt pedagogikk bak dette, men i realiteten er det berre ein panda som er eit totalt rasshøl mot ein annan panda. Slik alle pandabjørnar er rasshøl mot oss.

Dette kan vi sjølvsagt ikkje akseptere; rasshøl må settast på plass. Det er likevel ikkje nok med propagandaarbeid, etteretning og aktiv geriljakrigføring, vi treng ein sivil arm, ein politisk forgreining av motstandskampen. Vi har difor hatt eit fokus på å mobilisere og rekruttere i politikken. Takka vere Lord Bassington-Bassington kan vi rapportere om at vi har rekruttert ein likesinna som stiller til val i Indianapolis:

Vi stiller oss heilhjarta bak Sandra Larson (vi stiller oss ikkje framfor så lenge ho er væpna), og er ikkje minst store tilhengjar av å vende Pandamoniums brutalitet i mot dei sjølv! Sett rasshøla på plass, la dei få som fortent!

Knus Pandamonium!

torsdag 10. november 2011

Hanne, kontrajihadisten

Vi er jo ikkje overraska, ikkje i det heile tatt, over at ein tekst av Hanne Nabintu Herland dukkar opp i den kontrajihadistiske kloakken på Gates of Vienna. Dei er jo saman i sin enorme harnisk over slemme menneske som meiner noko anna enn dei, og som var ungdom i 68 og ikkje er kristne og... ja, det er strengt tatt vanskeleg å vete kvar Hanne Nabintu Herland eeeeeigentleg er sint på og meiner, for ho har jo ei heller alternativ historieforståing. Vi må ta vare på den vestlege tradisjonen gurglar ho på Gates of Vienna, sida som har fått så mykje merksemd etter somarens tragedie som ein av dei verste formidlarane av hat og valdsfantasiar blant kontrajihadistane. Dette er Fjordnautet sin heimstad.

Vi var ikkje overraska, men vi kunne jo ikkje vete at skrotdama faktisk hadde gjett dei tillating til å publisere rableria hennar... men det har vi fått stadfesta no. Ho har sjølv gått god for dette.

Dette er den modige Hanne, den sensurerte Hanne, Hanne den dyriske jødinna! Dette er besteveninda til Nina Karin Monsen, og eit menneske som har fri tilgang til norsk presse med sitt usamanhengande rør.

Ho har no tatt steget ut og omfamna fascistane som sitt og gaukar seg på Gates of Vienna og pisser i buksa kvar gong dei høyrer nokon bla i Koranen eller tar på seg eit skaut for å halde den norske vinterkulda ute. I all den tid ho sitt og slenger rundt seg med naziskuldingar, burde ho kanskje halde seg for god til det? Nei... kanskje ikkje. Ho har tona flagg, vist sitt sanne "eg" - nok ein gong - og vi får berre ta det til etteretning.

Kjære Hanne; du er eit forbanna fascistoid nek.

tysdag 8. november 2011

No er det jul att! No er det jul att!

Tida går fort folkens! Julebrusen har vore i butikken i ein månad, så no må pinadø jula vere her! Kven bryr seg vel om kalendermånadane? Dei kan jo openbart vere feil. For når kakemenn og julebrus er å få kjøpt i butikken frå tidleg oktober, så må det tyde at jula vert lagt til november, eller at oktober er lagt til feil tidspunkt i år. Dette overlet eg til handelsstanden, dei kan sin julefeiring, det er trass alt dei som har hatt hand om denne hedenske skikken sidan 1800-talet.

Så den siste månaden har eg altså tilbragt her i moskeen, med ein liten busk som har fungert som juletre, og venta på at julenissen skulle komme med gåver til meg. Eg reknar med dette er noko de alle saman har gjort på. Eg har jo stor tru på at i år skulle vere året då han klarte å riste av seg sitt tungsinn etter skilsmissa og vende attende til arbeid.

Men til slutt måtte sjølv eg gje tapt, og vandre ut i verda for å finne mat og selskap, lei som eg var av å snakke med bokhylla og fantasere om å få føttene mine massert av Geirr Tveit. Og sidan Julenissen sist var buande hjå sin fetter på Nordnes, var det naturleg for meg å vende nasa den vegen. Kanskje han var heime der? Det var han ikkje... dei trudde han var reist attende til Nordpolen.

Hmm... kanskje han var forsenka? Kanskje han var heime hjå meg der og då? Eg fann styrke og von i dette, og skulle til å fare heim att til moskeen då eg såg noko skrekkinngytande like ved trappene ved Nye Carte Blanche og Georgernes Verft!
Kva har skjedd her?! Har han berre mista lua si? Eller har det skjedd noko meir dramatisk? Har han stukke av? Har han blitt ført vekk mot si vilje? Ville han forlatt denne siste rest av sin identitet på bakken frivillig som ein tom ølboks?! Eg tvilar! Noko har skjedd med sjølvaste Julenissen og jula står i fare for å verte avlyst, sjølv om den starta i oktober!

Vil Julenissen verte funnen? Vil han dukke opp att av seg sjølv? Vil eg gidde å prøve å etterforske saka? Følg med... eller la vere.

tysdag 1. november 2011

Debattar, gode og dårlege, og litt grafitti

Det har vore ein del debattar rundtomkring etter somarens tragedie. Nokre av dei har vore veldig interessante, andre har vore fullstendig meiningslause. Det er openbart at dei spørsmåla som hendingane har framprovosert engasjerar ein del. Det er mykje å gripe fatt i, og mykje som folk treng å få meir kunnskap. Det er ein del av prosessen ved å bearbeide ei tragedie av dette slaget. Sagt stygt, så ønskjer ein altså snakke traumet i hel. Og då grip ein til det ein kan, og nyttar dei verktya ein har. Likevel er det underleg at av alle dei temaene som UiB kunne ha satsa på, så vart det "kjønn i terrorens tidsalder". Eit tema som sikkert hadde vore interessant, men som det einaste temaet å ta opp i etterkant av somaren vert det litt... kleint. Sleng så inn ein debattant, ein ung og kontroversiell bloggar som har forsvart Breivik og ytra eit stadig forsvar for det å valdta unge jenter fordi... vel... han ikkje får seg noko. Så er scena satt. Eg kan ha nemnt noko om sirkus i forkant av debatten, og sirkus fekk vi.

Du kan nyte showet her om du orker. Eventuelt lese ei omtale av det her.

Eg skal ikkje seie for mykje om det, eg trur det kjem klart fram av videoen kor mislukka arrangementet var. Ja, det var mange oppmøtte - rekordmange i salen - men vart temaet drøfta? Var det difor folk var der? Eg vil hevde nei. Folk var uinteressert i å debattere kjønn og terror, dei var mest interessert i å sjå den galne bloggaren som hadde sagt desse rare tingane, og gjerne gå til åtak på han. Kom deg til psykolog ropte ein frå publikum.

Eit sirkus med andre ord.

Ein debatt som eg satt mykje større pris på, var seminaret i regi av Høgskulen i Oslo og Akershus der Lars Gule, Øyvind Strømmen og han skjeggete fyren som utgjev seg for å vere mullaen debatterte høgreekstremisme og debattkultur. Diverre er ikkje debatten etter innlegga med i videoen, men du får gleda av å nyte nesten halvannen time med babbel her. Og eit samandrag av innleggja og diskusjonen i etterkant har min gode veninde Grete vore så vennleg å leggje ut her.

Ein kan jo spørre seg om kvifor ein skal diskutere dette. Er det eit problem? Er det verkeleg så mange rabiate tullebukkar der ute at den pratande klassa må verte mobilisert på dette viset. Eg meiner, ja. Og det er ikkje berre avgrensa til mørke avkroker på verdsveven. Følg med på teselskapa, følg med på gata. Lytt og sjå. Og det virker som om det er mange som ikkje har lært noko som helst av somaren.
I am the God of Hellfire... and I bring you....
Brenn moskeen har nokon skrive. Ein annan har satt piler til moskeen med "islamo-fascisme", eit ynda uttrykk for dei som har mindre intellekt å skrape saman med likevel har eit eller anna anti-islamsk instinkt. Nokon har kryssa over moskeen, og skrive Bergen. Ikkje så mykje betre det heller, sjølv om dei nok vil få støtte frå ein del austlendingar.

Dette er ein av mange slike skribleriar ein finn på veggane rundtomkring. Ikkje alle søpla er å finne i kommentarfelta på verdsveven eller i stygge bloggar, men all søpla kjem frå den same staden - frå nokon sitt hovud og fattige sinnsliv.

Vi har eit stykke att å gå om vi skal sivilisere den norske befolkinga. Om det overhovudet er mogleg. Men debattane vil halde fram, og det er kanskje positivt.


måndag 31. oktober 2011

Det er dårleg gjort det!

Først opner eg meg for dykk, blottar mi sjel og mitt hjarte, og fortel om min draum om å eige ein vakker rosa scooter med Hello Kitty decal slik at eg kan lokke til meg kvinner og avslutte ungkarstilværa. Så er det nokon som vel å leike med desse kjenslene mine ved å plassere ein rosa scooter utanfor kontoret mitt, utan tilsyn. Berre for å lokke meg til å verte ein tjuv. Og her har eg gått og slitt med mitt moralske kompass, og vurdert korvidt det er meininga at eg skal berre forsyne meg av den. Det er jo openbart ei årsak til at scooteren er plassert der. Det er jo meininga at eg skal ha den!


Det skadar iallefall ikkje å prøve, tenkjer eg. Så eg tenkte at eg kunne kanskje berre ta ein liten tur, iallefall sitte litt på, få kjensla for scooteren og finn ut om den er verkeleg min.

Og det som møtte meg då, var sjølvsagt dette:

Faen heller! Det er ikkje snilt å leike med kjenslene mine slik som dette! Det er dårleg gjort!

Føler for å få meg ein psykolog etter dette. Det er traumatisk. Slutt å le av meg!

onsdag 26. oktober 2011

Saftig Biff

Førre veka braka den tolvte årlege Bergen Internasjonale Film Festival laus. Noregs største filmfestival, med hovudvekt på dokumentarfilmsjangaren, har blitt eit årleg ritual. Eit like årleg ritual som det at eg ikkje får sett alle filmane eg har lyst til, fordi eg har andre plikter. Det var dette med jobb og slikt, førelesinger som må førebuast, og studentar som må tilsnakkast. I år som alle år tidlegare har eg simpelthen vore nøydd å prioritere andre ting, og heller prøve å få meg ein liten dose dokumentar, ein liten dose drama og ei liten dose WTF?!

Det er ikkje lett seier eg, når kinosalane lokkar med nær 180 filmperler frå inn og utland, og eg har gratisbillettar som brenn hol i lomma. Men eg klarte det. Eg klarte å fokusere på jobb.

Diverre.

Men noko film såg eg jo. Så la meg presentere Mullaens filmliste frå BIFF 2011. Vi startar med opningsfilmen, Carnage av Roman Polanski som varma opp for opningsgalla og filmfestival.

Her vert vi presentert for to ulike borgarlege ektepar, som treffast for å snakke om ei konflikt mellom deira to søner. I løpet av filmen bryt dei kvarandre ned, og den høflege fasaden smuldrar opp, i fyll og spetakkel. Mullaen kjenner seg att i beggje dei to mannlege karakterane, og meiner å ha sagt eit par av dei same tingene som dei i festleg lag. Jodie Foster er aldri dum å sjå på heller.

Så måtte vi roe ned med noko Cubansk. Jose Marti: Kanarifuglens auge, om den poeten og frigjøringskrigaren frå 1800-talet.



Filmen er ein del av ein serie som fortel historiene til kjende latinamerikanske frigjerarar. Denne filmen fortel om Jose Marti, ein av Cubas store søner som gav sitt liv i kampen mot Spania. Sjølve filmen fortel ei heilt anna historie, historia om hans barndom og ungdom, om korleis han oppdaga livet, strida og poesien. Ein fin film, og eit greit avbrekk frå Hollywood.

Eg kan ikkje anna enn å varmt anbefale Super av James Gunn, medregissøren av Tromeo og Julie og (av ein eller annan uforklarleg årsak,) manusforfattaren til Scooby Doo-filmen.



Likte du Kick-Ass, så vil du elske denne historia om taparen Frank som prøver å verte superhelt for å vinne attende sin narkomane kone. Resultatet er eit blodig søl, og fantastiske komplikasjonar, og ei utruleg forstyrra, og kåt, ungjente som sidekick. Og når du i tillegg får nyte Kevin Bacon (som skurk) og Nathan Filion (som Guds eigen Holy Avenger)... så er det ikkje noko spørsmål om korvidt du bør sjå filmen, men kor lenge du har tenkt å vente med å få fingen ut.

Etter så mykje moro var det på tide å roe ned med Womb. Ein av dei filmane du ser fordi den kan utfordre deg intellektuelt, men som likevel etterlet deg med ei kjensle av at du eigentleg har blitt utsatt for ein eller annan stillferdig pervo sine fantasiar.



I den mannlege hovudrolla får vi servert Matt Smith (den ellevte doktoren), og det er jo interessant å sjå i seg sjølv kor mykje eller kor lite han er farga av sin rolle i Doctor Who. Filmen fortel historia om to barn som finn kvarandre, så mister kvarandre, finn kvarandre att i 20-åra, og så døyr han. Så langt, så trist. Så kloner jenta guten, fødar han og oppdrar han som sin son. Truleg i naiv tru at det ho verkeleg ville var å ha han i sitt liv. Jajo, i sitt liv og i sitt liv, fru blom. Det kan berre gå ein veg i denne filmen, ver førebudd på å ville vaske deg etterpå, medan du sitt og grublar på filmens bodskap.

Det var med dette på tide med litt dokumentar! Og ein av årets must-see filmar slik sett var A Complete History of My Sexual Failures. Med ein tittel som det, må det bli bra.


¨
Og det gjer det. Til dei gradar. Og du må nesten stille spørsmålet om kor mykje av dette er iscenesatt. For ein større impotent slask enn filmskaparen skal ein leite lenge etter, og at alle desse kvinne forlot han er lett å forstå frå første stund. Det vi ikkje heilt får taket på, er kvifor dei vart involvert med han i utgangspunktet... det seier noko usedvanleg skummelt om den moderne kvinne om så mange kvinner har ignorert det openbare førsteinntrykket av denne mannen. I løpet av filmen tar du deg sjølv i å godte deg når ein domina utsett han for balletortur. For han forten det verkeleg. Gå og sjå, for slapp tiss, sjølvmedlidande og sjølvdestruktiv taparverksemd og... vel... sosialpornografi.

Eg fekk og plass til eit lite australsk drama oppi det heile, med Sleeping Beauty. Ein film som... som... som...



... som.... som... som... Altså, eg skal ikkje prøve å forklare bodskap og det eigentlege innhaldet i filmen, for det trur eg ikkje at eg er i stand til. Vi følgjer ei vakker unge jente, ei veldig vakker ung jente, i det ho tar seg hyre som servitrise i undertøyet, seinare vert ho leigd inn for å sove. Å sove i same seng som eldre menn. Det er det. Ein visuelt tiltalande film, med mykje rart under overflata. Du vil anten hate den, eller storkose deg. Eg koste meg.

Filmen som vart vist under prisutdelinga var Todd Solondz sin Dark Horse med mellom anna Mia Farrow og Christopher Walken. Ein film i vant Solondzstil.



Filmen er i utgangspunktet eit karakterstudie. Eit studie av ei rekkje triste menneske som er fanga av liva sine. Slik at vi kan le av dei. Vi følgjer den tykkfalne Abe som finn ut at han vil gifte seg med ei jente. Det er openbart at ho gjev faen i han, men ho har ikkje noko betre å ta seg til. Eit fantastisk grunnlag for eit forhold, ja? I tillegg er Abe i ein stadig konflikt med sine foreldre, som han framleis bur hjå trass av at han er ein godt vaksen mann. Han jobbar i farens firma, oppførar seg som ein bortskjemt tenåring og samlar på leiketøy. Foreldra på si side lurar på korleis dei kan gjere han meir uavhengig. Slik som hans yngre bror. Legen. Christopher Walker er ukarakteristisk lågmælt og stilleståande i filmen, og han gjer det usedvanleg godt som gamal gubbe!

Den store vinnaren på prisutdelinga var nok dokumentaren The Bully Project som fekk båe ungdommens filmpris og publikums filmpris. Dette er ein dokumentar som nok bør sjåast av eit godt antall menneske her i landet.



Det er mobbing som er temaet, og det vert tatt opp på eit ærleg vis som rørte store delar av sitt publikum. Her følgjer vi mobbeoffer, som vert mobba framfor synlege kamera simpelthen fordi ingen autoritetar bryr seg. Her møter vi foreldra til born som har tatt liva sine etter mobbing. Og vi møtar skulane som ikkje forstår problemet i det heile. Mobbing er eit brennheitt tema i heile den vestlege verda, og ein slik dokumentar vil treffe ei nerve hjå ganske mange. Det tyder iallefall mottakinga i Bergen på, og regissøren Lee Hirsch virka litt overvelda mot slutten.

Eg valte å avslutte festivalen på det ein skulle anta var ei lystig tone. Confessions, forteljinga om ei lærarinne som fortel klassen at ho har forgifta to mjølkekartongar med HIV. Jada. det er sjølvsagt japansk dette.



Dette er historia om hemn og attar hemn, der karakterdjupnad vert demonstrert med spesialeffektar, og alle karakterane er splitter pine gærne. Eller asiatiske som nokon vil hevde. Filmen er blodig, brutal, og tidvis veldig, veldig sær. Eg koste meg.

Så, det var, kort fortald, årets saftige Biff. Andre såg nok fleire filmar, men dei har ikkje tatt bryderiet med å fortelje deg om det enno, så ta til takke med det. Så er det berre å vente på neste års servering. I mellom tida er det 60n.

måndag 24. oktober 2011

Dei prøver å gjere meg til tjuv!

Eg gjennomskuar dei, eg gjennomskuar dykk! De leikar med hovudet mitt! Fristar meg! Prøver å få meg ut på skråplanet, men eg held stand. Eg veit kva dei prøver på! Eg veit kva de prøver på! Og det skal ikkje fungere! Eg er eit moralsk menneske, eg tar ikkje ting som ikkje er mine uansett kor opplagt at det er plassert der for at eg skal ta det! Eg veit rett frå gale!

Heilt sidan eg i førre månad uttrykte eit ønskje om ein rosa scooter til å dekorere med Hello Kitty for å kunne lettare tiltrekke meg ei kvinne, har nokon funne det best å torturere meg med denne godsaka:
Der står den. Tidleg og seint. Heilt åleine. Parkert. Og fristar meg. Kvar dag. Ingen har henta den, ingen har køyrd den. Den står berre der. Og ventar på at eg skal ta den med meg heim, vaske den kjærleg, stryke varsamt og dekorere med stil. Den ber om det. Som ei bibelsk skjøge med prislapp rundt halsen, inviterar denne deilige scooteren berre til at eg skal ta henne heim, ri henne inn i solnedgangen og gjere til min for evig alltid.

Men eg held stand. Ho er ikkje mi. Og eg veit rett frå gale.

Inntil vidare.

torsdag 20. oktober 2011

Rosa einhjørninger og folket i den digitale sfære

Eg sitt og pirker her i materien for eit splitter ny og akademisk førelesing som skal presenterast i neste veke, om populærkultur og det digitale. Eg har to timar på å peike, teikne og forklare allskens rare fenomen og tingelingar. Mitt perspektiv er som alltid folkloristisk, og mitt poeng er og blir at kulturen er og blir den same, prosessane stadig dei same, men at tempoet aukar i takt med nye og betre kommunikasjonsmiddel (jamfør Alan Dundes sin klassiske artikkel, 'Who are the folk?').

I den samanheng har eg to oppmodingar til dykk! Fortel meg kva internett fenomen som de meiner er HEILT naudsynt å verte tatt med i ei slik framstilling? Det er jo openbart at eg ikkje kan ta med alt, eller at eg kan hugse alt, så difor tenkte eg at eg skulle la dykk bestemme! Så veeer så snill å fyll kommentarfeltet mitt.

Den andre oppmodinga er; fortel meg kva eg kan bruke denne videoen til å illustrere:



FLØFFI FOR SVARTE SVINGANDE!

tysdag 18. oktober 2011

Innelåst med meg

Eg held som kjendt til i eit vertikalt boligkompleks, dvs. ei blokk. Den er gamal, stygg og fyllt med skadedyr av båe menneskeleg og anna slag. Og det er difor eit pågåande prosjekt å finne ein annan stad å slå leir. Eit problem som har vedvart sidan eg flytta inn her er sjølvsagt innbrot i bodane våre, drap og anna lyssky aktivitetar. Staden har simpelthen gått til hundane etter dei la ned bordellverksemda her. Dette har sjølvsagt vore til store frustrasjon for eigarane av blokken.

Men dette er kloke hovud må du vete, dei har sikkert gått på BI og slikt, og har difor den beste løysinga på det. Dei fiksar låsen på hovuddøra, slik at den alltid er låst!

Ei hake ved dette er at postvesenet ikkje er tatt med i samtale på dette... så no kjem ikkje postmannen seg inn, og har ikkje gjort det på ei veke. Og sidan bråkmakarane, drapsmennene og dei generelle skadedyra bur i blokka... så, vel. La oss oppsummere: Døra er no låst, med problemfolka på innsida, og vi får ikkje post. Beste løysinga nokon sinne!

Dette er openbart ikkje eit problem, for det er ikkje eg som er innelåst med avskummet, det er dei som er innelåst med meg, som ein reaksjonær forfattar ein gong sa så pent. Så dette går seg nok til, og om ikkje balltreet er avskrekkande, så har eg ein paraply altså. Og hatt. Og kven vil vel bli slått med paraply av ein gentleman i hatt? Dette går så bra så.

La meg berre ta ein kikk på boligannonsane...

I dag kunne forresten postmannen snike seg inn døra, og ikkje berre var det eit par snasne plater frå Tyskland og Polen i postkassa då eg kom heim, men òg dei nyaste numra av Fri Tanke og Samora som beggje inneheld tekstar av underteikna. Ein om World Peace Game og ein annan om dei urimelege menneska. Spring og les, på eit vis.

torsdag 13. oktober 2011

Mullaen i bygda

Sjå! Eg stel eit passande klovnebilete!
Eg tenkjer å vere grei, og glede dei uvaska bygdemenneska i aust med mitt nærver for eit lite døgn. Ja, du høyrde riktig, mullaen tenkjer seg til Oslobygda. Dette i høve i eit lite seminar (akademisk møljepul) om høgreekstremisme ved Høgskolen i Oslo og Akershus der eg er ein sjølvskreven gjest. Ja, dei må jo ha ein klovnete jøglar til å underhalde i pausane, må dei ikkje? Det heile brakar laus med laust tompreik klokka 10.15 i morgon fredag, ein eller annan stad i det såkalla Pilestredet. Og dei mange fjernemdlemmane av moskeen er sjølvsagt sterkt oppmoda til å dukke opp og heie på meg i det eg fortel at... eh... der eg fortel eit eller anna. Eg tenkte eg skulle førebu meg over ein paraplydrink eller noko i kveld, då er det i det minste ferskt i minnet.

Dette er eigentleg mitt vis å invitere dykk alle til å vere med! Kom og hels på! Og så har vi ein solid diskusjon undervegs.

Dei som ikkje kan komme kan visstnok følgje med på internett ein stad, men eg anar ikkje detaljane. Spør nokon som veit.

tysdag 11. oktober 2011

Jødehatet og Trond Andresen

Ved nokre høve der mullaen har tatt seg den fridommen å kritisere Israelsk politikk, har eg vorte konfrontert med anklagar om antisemittisme, det vil seie god gamaldags jødehat. Som misantrop er det alltid vanskeleg å forsvare seg mot anklagar om at ein på eit eller anna nivå mislikar eit folkeslag, for til sjuande og sist så mislikar ein jo alle folkeslag, men det er likevel noko ufint med anklaga om antisemittisme. Mange på venstresida opplev dette ofte, og det har blitt ein floskel i seg sjølv at kritikk av Israel vert møtt med jødehatanklager. Derav Trond Andresen sin parole, som han valte å dele på Facebook nyleg.
Trond Andresen praktiserar retorikk på høgt nivå
Fabelaktig kva? Men eg tenkte eg skulle dele ein liten observasjon med Trond Andresen når eg først har han framfor meg.

Kjære Trond, parolen din er kjempemorosam. Ikkje minst fordi det er sant. Det er gjerne ei total avsporing av debatten når nokon sleng rundt seg med antisemittmerkelappen, det er som med nazist og fascist - du drep simpelthen samtala. Like morosamt er det likevel ikkje når det kjem frå eit ihuga jødehatande fjols som deg, Trond. For Trond, eg veit ikkje du om du har fått det med deg, men årsaka til at du vert kalla antisemitt er fordi du er det!

Anten du finn det for godt å anklage Israel og jødane for ikkje berre ha forkunnskap om 11. september 2001, men at dei stod bak det for å fremje israelske/jødiske interesser eller du sitt og kosar deg med dine feberfantasiar om den jødiske stammementalitet, så er det ein ting det heile oppsummerast med. Du har eit monomant og patologisk negativt forhold ikkje til Israel, men til jødar. Og det kallar vi antisemittisme på den skulen eg gjekk på.

Du leflar med noko av det verste tankegodset vi i Europa har klart å koke opp i vår lange kulturhistorie, og du er ein vandrande skamplett for den norske venstresida. Du er eit fjols, Trond Andresen. Det evige gnålet om antisemittisme er kanskje noko du burde høyre på, fordi ditt jævla antisemittiske gnål er ei avsporing av all god, sunn og moralsk debatt.

Nemnte eg at du var eit fjols.

Gratulerar med dagen til Tor Bach som ønskte seg dette innlegget.

måndag 10. oktober 2011

Ålesunder svikta av skulesystemet, flukter frå hovudstaden

Sinte unge menn kan gjere så mangt; seie så mangt; og skrive så mangt. Det har vi jo alle sett den siste tida. Det er jo ein del av dei der ute, det har vi klart å observere i eit og anna kommentarfelt. Merkeleg nok, og heldigvis, har dei aldri funne vegen til vår moskè i stort hopetal, men det er vel berre flaks. Ein av dei sintaste av dei unge mennene der ute, er den etterkvart vidkjende Peder Are Jensen frå Ålesund, alias Fjordman. Denne ivrige misbrukaren av tastatur og oksygen lova oss å slutte å blogge etter at han vart implisert i Breivik sin udåd. Ikkje lenger skulle han begeistre sine tilhengjerar med tilfeldig samansatte setninger.

Men det varte ikkje lenge gitt. For når unge menn vert sinte så må dei slå, begå hærverk eller skrive usamanhengjande og sende det avgarde. Og eit innlegg av min venn Øyvind Strømmen om den tredje bølgja av høgreradikalisme fekk det Fjordfjolset til å sjå raudt, og hamre over tastaturet med potane sine. Korleis våger Strømmen å anklage han for å vere nazist, alle veit at det er muslimane som er nazistar, og alle på venstresida! Tilsvarsretten skulle nyttast, og han sendte avgarde teksten til Aftenpoften, som etter nokre timar måtte erklære teksten for usamanhengjande og uleseleg og avvise den.

Sensur! Sensur! roper Fjorddraugen! Dei vil ikkje trykke sludderet hans! Så då får han nesten BLOGGE!

Fy faen, og vi som trudde vi skulle sleppe å lese hans indignerte, pseudointellektuelle pølsevev i minst eit halvt år til. Jaja, skamvet har han ikkje! Her prøver han på sedvanleg klumsete vis å sette skapet på plass på taket der han meiner det høyrer heime. Han er jo ingen nasjonalsosialist! At ingen har kalla han det, heller ikkje Strømmen i sitt innlegg, ser ut til å gå han hus forbi. Strømmen skriv i sitt innlegg om høgreradikalisme og høgreekstremisme etter andre verdskrig, der den første bølgja var å rekne som nynazistisk, og den andre bølgja apekattar som var i mot innvandring, så er då altså den tredje bølgja ein rabiat og paranoid antijihadisme, med band til enkelte nyfascistiske miljø.

Altså, inga anklage om nazisme. Men nazisme stod i teksten. Ordet var der. Og vi byrjar med dette å forstå korleis dei tenkjer i dette antijhadistiske miljøet rundt ålesunderen. Der andre ser tekst med meining, ser dei ord som dei kan sette saman slik at det passar dei, evt. ikkje passar dei slik at dei vert sintare. Likeeins vert det at teksten deira er uleseleg og difor avvist av redaksjonen sensur, og ein gigantisk konspirasjon frå marxistane i Aftenpoften si side.

Det er ikkje rart at tosken må flytte frå hovudstaden, det er berre plass til mange enorme idiotar der, og dei har brukt opp kvota for lenge sidan. Og sidan det ikkje er lett å flytte (tru meg, det har eg full forståing for) tyr han på ny til blogging for å få hjelp. Jupp, han har byrja å tigge etter pengar til flyttesjauet på nett.

Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Fjordman har gått frå vekkelsespredikant til svovelpredikant og er no blitt ein tredjerangs TV-evangelist no. SEND ME YOUR MONEY, NOW!

Det heile kan sjølvsagt forklarast med at ålesunderar er det norske svaret på skottar. Og Peder Are Jensen er ein frykteleg stakkarsleg kar, som gjev oss den ære å kunne følgje med på hans forfall online. Takk. Dust.

måndag 3. oktober 2011

Ein travel pizza

Eg er eit travelt menneske, det legg eg ikkje skjul på. Det er mykje springing att og fram, og når eg først er i ro så er eg opptatt ved tastaturet eller ved nasa i ei bok. Dette har sine konsekvensar må ein vete. Ikkje berre det sosiale livet tapar på at eg driv på slik, men det går òg utover kostholdet. Eg likar gjerne å stå på kjøkkenet og lage rare og eksotiske retter, frå Teriyaki til Tangine og pannekaker, men tida strekk ikkje alltid til når ein er travel. Dette løysar ein sjølvsagt med jamne restaurantbesøk på vegen heim, eller enkel take-away frå den lokale thairestauranten eller byens beste sushi. Dette er ikkje billig, og etterkvart som eg prøver å lage meir rom i livet mitt for skriving og dykk kan eg merke at lommeboka er litt anstrengt.

Det fører lett til enkle og kjappe løysingar; av type ferdigmat og halvfabrikat. Ein prøver jo å finne kvalitetsversjonar av det, men det er ikkje alltid like lett. Og når inspirasjonen er like forsvinnande lita som pengebehaldninga vert gjerne frossenpizza eit alternativ. Og det er verkeleg ikkje bra. Det finnes gode frossenpizzaer, og det finnes dårlege frossenpizzaer, men eg har vanskeleg å sjå for meg frossenpizza som er av kvalitet, eller på eit eller anna vis sunn. Og eg likar jo trass alt å ete sunt.

Eg vert snøgt lei av pizza av all slag, men eg kjenner folk som faktisk ikkje berre et Grandiosa, men likar det, og et det så ofte som mogleg. Eg kjenner folk som tykkjer Peppes er ein restaurant. Og eg kjenner folk som ville ha spist pizza kvar dag om dei kunne. Det er nok folk som det som har funne opp denne maskina.
Og det er nok dei same folka som tenkjer å bruke det. Folk som vil ha pizza. Dei vil ha pizza no. Og dei vil ha pizza for ein kvar pris. Uansett tilstand.

Overraskande nok er det ikkje eit japansk konsept, og du finn produsenten i Storbritannia. Så her må vi gå i oss sjølv, og vurdere korvidt britane er pittelitt pizzagærne. Opphaveleg kjem maskina frå Italia, der vi veit at folk er gærne nok etter pizza til å faktisk ha funne opp matretten. Kva har dei å seie til sitt forsvar?
Let’s Pizza kneads the dough, forms a round, adds tomato sauce, layers toppings – and then bakes it all in front of your very eyes. There are no frozen pizzas here; Let’s Pizza is a mini-pizzeria that’s open 24 hours a day!

It’s that simple – we’re revolutionising the hot food vending industry! Delivering reliable pizza vending for food outlets, coffee shops, universities, student accomodation, colleges, caterering companies, events, budget hotels, independent businesses…the list goes on. Thanks to its unique design and solid business proposition, the Let’s Pizza vending machine is being widely adopted in public venues and at private events.
Ooookay... og dei hevdar altså at ingrediensane er ferske. Kor ferske er dei? Er tomatane lagt inn i maskina kvar dag? Er dei liksom-ferske, altså frosne? Og er dei sunne? Leverar dei til moskear?

Ikkje at eg har lyst til å ha tilgang til pizza kvar dag då, men eg vert så frykteleg nyfiken! Kan nokon der borte i England finne ein slik og teste ut for meg, gje meg ein rapport?

Altså, ikkje fordi, som sagt, at liksom, eg er interessert i ein slik pizza. For eg et jo slikt berre når eg må, så klart. Eg er jo sunn, men travel. Travel, men skulle vore sunn... Så automatpizza er nok rimeleg uaktuelt for meg, ja. Anna enn... ja, altså... om det var fordi eg ikkje hadde tid til anna, og eg var skrubbsvolten, eller eg måtte... altså... ja, du veit... prøve når maskina først var der...

Fillern heller! EG VIL HA!

søndag 2. oktober 2011

Men kva les du kjære huseigar?

Mullaen vurderar å flytte moskeen til ein stad han har plass til fleire bøker, det har seg slik at det på eit eller anna punkt sikkert er ønskjeleg å dele senga med meir enn boksamlinga si. Kjøpet av ein Kindle har stogga flaumen av fysiske bøker litt, og lagring på moskeens kontor er sjølvsagt òg veldig avlastande, men til sjuande og sist er det snart ikkje plass til min vom i moskeen lenger, og enno mindre dei enorme massane med tilhengjerar som gjerne vil foreta sin bønn i mitt nærver. Så difor vert det kikka på leiligheiter, anten det no er til utleige eller til sals, alt er aktuelt i desse tider.

Så her sitt eg altså, og surfer på annonser, glor på prospekt og studerar fotografi. Ein kan ta seg sjølv i å stusse i kvifor nokon er så opptekne av å ta bilete av bygget og nabolaget, men det er vel gjerne fordi det er koseleg der, ikkje fordi leiligheita er eit kott som er umogleg å fotografere frå fleire vinklar medmindre ein stillar seg utanfor vindauget.


Det er ein detalj då, ved alle desse annonsane som held meg vaken om nettene. Ei kjelde for uro og angst. Alle leiligheitene ser ut til å vere utforma av nokon med utsøkt smak; alt er stilreint. Møblene matchar kvarandre, frå den stovebord og stol til sofa og oppvaskmaskin. Kven er det som bur slik? Eg ser rudnt meg, og ser på alt rasket har samla saman som utgjer mitt møblement. Eg hadde ein plan då eg flytta inn... men ting skjer, ting vert erstatta, og ting vert kjøpt på impuls. Og slik går ein frå tomt og stilreint rom, til overflaumande bokhyller og boksøyler! Og det er det eg reagerar på når eg ser desse bileta - ikkje berre er dei stilreine menneske, utan noko avvik, dei har aldri bokhyller. Aldri ei bok å sjå! Har du tenkt på det, kjære lesar? Når du har sett etter ein stad å bu, har du nokon gong sett eit bilete som har med bebuarens bokhyller?

Har dei fjerne bøkene før dei tok bilete? Er det slik at det er usømmeleg å vise sine bokhyller, å vise teikn til smak og intellekt i ei bustadsannonse? Eller er det slik at desse menneska simpelthen ikkje les? Det får meg til å sveitte å tenkje på. Særleg i dei tilfelle der bileta er organisert av eigedomsemklerar. Dei har ein klar filosofi bak korleis dei framstiller leiligheita, og denne filosofien utelukkar bøker og bokhyller. Er det livsverda til eigedomsmeklerar vi er vitne til her? Ei verd utan bøker, utan den store og trivielle litteratur? Om dette stemmer er eg usikker på kor mykje eg vil omgås dei, for ein av vår tids store filosofar har sagt ein veldig klok ting om menneske utan bøker:
Så det er klart... ha aldri sex med eigedomsmeklerar. Dei er ikkje verdig din kjønslege kontakt, dei har ikkje bøker som ein del av si livsverd.

tysdag 27. september 2011

Dersom du lurte...

... så er eg ikkje meir hipster enn dette.
Og det er sjølvsagt ein interessant teologisk utgreiing som ligg bak dette, som forklarar korelasjonen mellom moskeen og dei gamle gudar, og det involverar sjølvsagt stjernenes sura, vers 52. Men du har jo neppe høyrd om dei heller. Eller så forstår du berre ikkje.

Men eg er ingen hipster altså. Eg er berre arrogant.

søndag 25. september 2011

Mullaen ser på kunsten sin

Det var openbart stor suksess då eg delte litt kunst med dykk her forleden, og det er sikkert dei som då sitt og lurar på kva noko av kunsten mullaen likar å ha på veggen sin er. Ja, det er båe eit og anna maleri og anna visuell kunst som er i mine klamme hender, og som eg nyt i stille stunder av introspeksjon og febril søken etter visjonar.

Av desse er det nok dei som vil merke seg nokre krussedullar av det som skal forestille hestar i gallopp;
Eit produkt av eit underleg sinn
Dette er altså ei original skisse av Salvador Dali som han døpte Mao-Tse Tung. Ikkje spør meg kva han tenkte på, eg er ikkje skrudd saman på heilt det same vis som han. Det har slått meg gong på gong at Dali er ein mann som er bra på avstand, eg mistenkjer han nok var pittelitt slitsom å utforske i detalj.

Eg likar Dali, men blikket vandrar likevel, for det er noko besnærande her. Noko som fangar blikket mitt. Ein kokett skapnad, som flørtar med yndig blikk og positur...
Sjarmtroll på veggen
Kan det vere...? Er det...? Det er!
La deg fange av hans varme smil og livsglade blikk!
Dette vakre portrettet av underteikna mulla vart overrekt han av ein dyktig penselsvinger han har kjendt sidan tidenes morgon, Bjørn T. Bøe til jul i fjor, og er ein vassekte kunstskatt. Merk kroppsspråket, og dei strategisk plasserte hendene. Blikket! Ååååh! Det blikket! Han har verkeleg klart å fange meg.

Desse bileta er simpelthen for verdifulle til eg kan la dei henge i moskeen, for om enn kor gudfryktige vi er her, så luskar det vantru hundar og barbarar rundt oss til ein kvar tid. Så inntil vidare heng dei på ein trygg stad, der det er alarm. Men ein dag skal dei inngå i moskeens eige galleri.

Og der vonar eg det får selskap av fleire fabelaktige verk, frå kjende og ukjende kunstnerar!

fredag 23. september 2011

Eg er smigra, men det var ikkje meg...

Ikkje ein mann i tjueåra
Det er dei som sprer rykter om at eg ser ut som ein mann i tjueåra, det er frykteleg smigrande, men det var altså ikkje eg som var denne mannen i tjueåra som overfall Ulrikke Lund og skambanka henne med eit glis om kjeften.

Som dei fleste andre som har runda 30, så gjer eg jo sjølvsagt mitt best på å oppretthalde eit ungdommeleg ytre, men eg kan verkeleg ikkje skryte på meg å sjå ut som ein "gutt" i tjueåra. Eg er dessutan ikkje noko særleg til valdsmann, og skulle eg ha satt for meg å vere slem mot Ulrikke Lund, så hadde eg berre lagt att ein kommentar angåande stilen hennar. Ein kan meine kva ein vil om fillene ho surrer seg inn i, og merksemda ho får for det, men eg tykkjer det er relativt ubehøvla å slå henne ned for det. Er det slik at vi som bloggar om kle og stil, ikkje skal gå i fred på gata?

Ja, eg er klar over at det er eit hav av kvalitetsforskjell mellom meg og frøken Lund, men eg prøver ikkje å halde det i mot henne at ho er fanga opp i eit univers av sjellause motemagasin og kyniske klesprodusentar. Det er vel berre ein fase, og ho veks ut av det, utan at nokon treng å ty til overfall.

Så eg tar på det sterkaste avstand.

Og eg gjentar, frykteleg smigra for at nokon trur eg kan verte tatt for å vere i tjueåra, men det var verkeleg ikkje meg. Eg er gamal. Gamal, og velkledd.

måndag 19. september 2011

Biletets forræderi, og sånn derre meta-ting

Eg er stygt påverka av å ha jobba i eit kunsthistoriemiljø i eit par år. Eg tykkjer faktisk at meta-kommentarar rundt biletkunst og vår oppfatting av det, er interessant. Ta til dømes Biletets forræderi, La trahison des images, dette berømte surrealistiske verket av belgiske Magritte.
Inga pipe, for svarte?!
Dette er inga pipe, erklærar malaren, og sett ein støkk i den piperøykande mullaen, men han har heilt rett i det. Det er ikkje ei pipe, det er eit bilete av ei pipe, ei framstilling av ideen og forma pipe.

Ein fantastisk meta-kommentar til kunstens natur... men kan det ikkje gjerast betre enn dette? Jovisst faen kan det det!
Look at the size of that thing...
Sanneleg seier eg, at når meta vert meta, så vert mullaen ekstra glad. Og om du ikkje skjønne denne, så er det pinadø noko i vegen med deg.

søndag 18. september 2011

Slapp søndag

For eit par veker sidan var det ein harmonisk søndag, og førre søndag var det tiårsmarkeringa for 11. september. Sistnemnte lot vi naturlegvis forbi gå i tystnad, då ein har sagt det meste som trengtes å verte sagt dei siste ti åra, og alt som attstår er fornuftige menneske som prøver å overhøyre den etterkvart keisame straumen av konspirasjonsteoriar.

Så denne søndagen er ein slapp søndag. Ein skikkeleg slapp søndag. Ein så slapp søndag at det eigentleg hadde tenkt å skrive om uteblir. For eg gidd ikkje, eg vil heller slaure vidare med ei god bok etter fleire desperate forsøk på å skrive både blogginnlegg og notatar til andre skriveri. Det er simpelthen ein slapp søndag. Ein søndag som dette:
Ikkje spør meg kvar biletet kjem frå, kven som har tatt det eller om eg har lov til å nytte det. Det berre låg her og slangt, så eg brukte det. Så slapp er denne søndagen.

Dessutan er kattebilete fritt vilt på internett. Det er eg sikker på at eg las ein eller annan stad.

Eg skulle ha funne det fram til deg.

Men eg er slapp.

Det er ein slapp søndag, skjønner du.

Har du hatt ein slapp søndag, lesar?

onsdag 14. september 2011

Køyredoning og penal

Eg har skjønt at det ikkje skal vere lett å vere ungkar i dette landet her. Det krevst at vi både er kjekke og spennande, og at vi på eit eller anna vis uttrykker vår individualitet på eit vis som ikkje er for spesielt eller skremmande. Ein hårfin balansegong. Eit par ting som aldri slår feil er sjølvsagt om ein er lidande kunstnar (men då må ein vere spinkel og truleg vere bipolar på kjøpet) eller eventuelt har ein motorsykkel. Alle diggar motorsykkel. Det er litt som om du var knekt til hest i gamle dagar - kva ungmø kunne vel seie nei til deg då? Så den glinsande brynja er bytta ut med ekstra polstra onepiece eller skinntøy, og riddarleg poesi er bytta ut med einstavingsord, men det funker like godt.

Så kva skal ein mulla gjere? Det er dyrt å ta motorsykkellappen, og i tillegg må ein jo kjøpe sykkel, og om han ikkje har mentaliteten og fysikken til den lidande kunstnaren, så har han definitivt økonomien. Eg får vel berre ønskje meg det eg treng då, eller kva? Ein køyredoning med stil! Og mine auge fall automatisk på denne!
Korleis er det, treng ein lappen for å køyre Scooter i trafikken? Og vil dei eigentleg stogge og spørre ein skjeggete mann som susar rundt på denne om han har lov til å gjere det?

Ååååh! Eg vil ha! Eg vil ha! Kan eg fååååå?

Eg sitt her og ventar, og ventar! Gje ungkaren ein køyredoning no!

I mellomtida er semesteret godt i gang ved min arbeidsstad, og det vert undervist i hytt og pine. Då er det godt at sjølv om eg må gå til jobb kvar dag, at det er studentar nede i korridoren som garanterar at eg er velrusta for alle utfordringar. Eg har fått meg nytt penal, til mine fine pennar!
Dette er eit utsøkt trearbeid, ikkje noko plastskvip nei, og med god plass til minst ein eller to pennar om eg nokon gong tar dei ut av plasten! Det er tillogmed så fancy at det har dobbel botn!
Ikkje spør meg korleis dei kløktige japanarane får det til! Det er jo nesten reint magisk! Så eg måtte nesten plassere den vassekte japanske HK-pennen min nedi med ein gong!

Og apropos japansk, vi veit jo alle at eg er frykteleg glad i bento-bokser. Problemet er at eg er travel, og er frykteleg lite praktisk anlagt av meg, så ein kan ikkje akkurat forvente at eg skal mekke noko slikt til meg sjølv på morgonkvisten. Og sidan eg som sagt er ungkar, er det heller ingen som tar seg bryderiet med å gjere det for meg. Det er sjølvsagt skandaløst! Men heldigvis er det dei som forbarmar seg over meg, og i det minste sørgjer for at eg har med meg passande lunsj til kontoret!
Hello Kitty på pinne! Det er kjærleik det!

onsdag 7. september 2011

Beatles, sa du?

Eg er oppdratt med the Beatles, og er difor programmert til å tykkje at det er fin musikk. Likevel har det seg slik at eg heller har blitt dratt meir i andre musikalske retninger i løpet av åra. Og om eg skulle plukka ut nokre favorittar frå den perioden Beatles herja på sitt meste, hadde eg nok heller ha plukka ut nokre mannlege smørsangerar som visste å handsame whisky og kvinner. Det heile kan vel eigentleg oppsummerast slik:


Og dette vidunderlege klippet frå The Dean Martin Show i 1965 fann eg via 22 Words, ei side verdt å vitje i ny og ne.

Og forutan det, så er det mykje som tyder på at Dean Martin var... kongen.

tysdag 6. september 2011

Ostepop og osteskruer

I januar var eg så hyggjeleg at eg tilbudte meg å skrive om kva som helst som mine lesarar ville høyre om. Nokre av forslaga var stort sett meir av det same, så dei føler vi at vi har klart å følgje godt opp. Men det var eit forslag som har vorte sittande på hjernebarken og gnagd - ein anonym lesar ville gjerne eg skulle skrive om ostepop. Vi kan jo alle spekulere i kva forhold denne anonyme lesaren har til ostepop (som på nynorsk ifølgje Ikkepedia heiter gullvridlur), og det er lett å sjå for seg ein del aktivitetar som eit kvart moralpoliti med respekt for seg sjølv hadde vore tvungen å gripe inn i. Det er likevel ikkje noko tvil om at ostepop er godt, og ei ettetrakta vare i moskeen. Så i eit halvt år har eg gått her og grubla på kva eg kunne skrive om ostepop, for noko måtte det jo vere. Noko utanom det vanlege. Ostepop har blitt kjøpt inn i store mengder - ikkje berre OLW sine Cheeze Doodles, som mange rekner som dei originale og eigentlege ostepoppane, men andre meir rimelege variantar òg. Ja, for ville det ikkje vere naturleg å skrive om ulike typer ostepop? Eit komparativt studie av ostepop frå ulike produsentar? Tanken frista, men ein prøver å passe vekta her.

Så kva gjer ein då? Ein grublar vidare.

Ein grublar, og ein grublar.

Inntil ein dag, då OLW bestemte seg for å løyse problemet mitt, og presenterte meg og andre forbrukarar for ei ny oppfinning:
Kva er dette? Er det ei skrue? Er det ein ostepop? Den er av ost, ja, liksom, på ein måte... og så fargar den av som paprika. Ja, den smakar jo pittelitt som paprika òg. Men den er som ei skrue.

Hjelpe meg! Det er ei osteskrue!

Oppvakte sinn hugser kanskje at OLW prøvde seg med ostekuler for ei stund sidan? Det var eit fantastisk konsept for alle dei som følte at det ikkje lukta nok rumpe når ein opna ostepopposen - eg sjølv var jo blant dei. No prøver dei seg altså på nytt, med ein ny variant av ostepoppen sin - osteskruer med paprika smak! Eller sagt på OLW-språket;
Cheez Twisterz!

Det smakar eigentleg ikkje så dumt, og det har blitt krevd innkjøp av fleire poser til moskeen. Så her har OLW gjort noko bra, ikkje minst fordi dei har tillatt meg å skrive eit heilt innlegg om ostepop. Og det er eigentleg ikkje så lett som ein skulle tru.

Når det er sagt, så har OLW sponsa meg med korkje pengar eller osteskruer for å skrive om dette. Og det er eigentleg litt synd, for eg lar meg lett kjøpe. Så om nokon i OLW les dette, så er det berre å leggje att ein kommentar med kontaktinfo, så skal eg sende dykk adressa de kan sende framtidige produkt til. I store mengder.

På førehand takk. Og værsågod anonym. Og, sist, men ikkje minst: omnomnom.