Det finnes ikkje det skitne triks, eller den djupnad Pandamonium ikkje er villig til å synke til for å påverke oss. Dei bombarderar oss med små og enkle impulsar for at vi skal tenkje på dei i positive ordelag. Dei invaderar "det søte" for at vi skal tru dei er søte, dei invaderar det heilage, for at vi skal tru at dei er heilage. Dei vil immunisere seg sjølv mot all motstand, og få oss til å ville underkaste oss deira vilje. Det er deira prosjekt. Og vi er klar over det. Og vi venta vel eigentleg det meste.
Men dette... dette er det verste. At dei kan besudle noko så vakkert... at dei kan våge å prøve å skvise ut ei gudinne, sjølve skytsengelen for vår tid...
Ei grov fornærning av rettruande. Beklagar slurv med biletet, men eg var rasande.
Kva har Hello Kitty gjort dei?! Kva får Pandamonium til å tru at dei kan ta hennar plass? Om det ikkje var krig før, så er det jommen meg krig no! Ned med Pandamonium! For folk, fedreland og Hello Kitty!
I september kjem den etterlengta komplette samlinga av alle seks Star Wars filmane til Blu-ray, altså båe dei nye og dei gamle, fullspekka med ekstramaterial. Blant ekstramaterialet er det scener frå dei originale filmane som vart spelt inn, men aldri vist. Scener som der Darth Vader og Luke kommuniserar med krafta i byrjinga av Return of the Jedi. Scener som dette, som ikkje passa inn i rytma og framgangen til filmane, bidrar enormt til å utvikle karakterane og gje dei meir djupnad, diverre trekk dei ned sjølve forteljinga på tidspunkt der sjåaren gjerne vil komme vidare. Eit godt døme på dette er sjølvsagt klippet nemnt over, men eit anna døme, som òg gav meir djupnad til karakteren Darth Vader, er å finne blant dei tapte scenene til A New Hope. Scener som potensielt kan opne opp for ei heilt ny forståing av karakteren, og som kunne, om inkludert, ført historia inn på eit langt meir interessant spor. Det er ei glede å presentere dykk for denne scena.
Min gode venn Kim Holm, kjend som multikunstnaren Den Unge Herr Holm, freistar til stadig å sprenge grensene for sin kunstneriske aktivitet. Hans siste prosjekt er Free Art Friday, der han produserar gratis kunst, i løpet av ein to timars direktesendt teikneøkt kvar fredag. Det endelege produktet er fritt for alle å ta i bruk, og det finn du her. Denne fredagen tok eg like godt å slengte inn eit ønskje om ein døyande soldat.
Wehrmact soldier dying in the arms of his gay lover. Den Unge Herr Holm. CC-BY.
Ein døyande tysk soldat frå andre verdskrig, i armane på sin homofile elskar får å vere heilt presis. Veldig naturleg motiv, om du spør meg, og resultatet vart fabelaktig.
Om du vil sjå korleis det heile vart til kan du sjå heile den to timar lange seansen (der den døyande soldaten vart mana fram heilt mot slutten) i desse opptaka.
Så vonar eg at de alle held auge med min venn, Den Unge Herr Holm, på fredagane framover. Og treng du ein illustrasjon, så kvifor ikkje ta kontakt med han?
Debatten om desse ungtøsebloggerane har roa seg litt, men eg kan jo ikkje la det liggje heilt. Eg vert anklaga for å ville kneble unge piker fordi dei er piker. Dette er jo sjølvsagt ein hårreisande påstand. Eg har intet anna enn jentenes beste i tankane, eg vil beskytte dei mot seg sjølv. Eg vil beskytte dei mot å verte ein del av eit politisk spel iscenesatt av eit mindretal av kvinner. Eg visste ikkje dette sjølv, før eg fann denne gamle annonsa hjå BoingBoing.
Eg kjempar i mot ein konspirasjon av feministar, sosialistar, fagforeiningar og mormonerar! Det er med andre ord eit nobelt foretak eg har fore. Eg finn støtte i historia.
Dei som aldri har spelt rollespel, og hatt det moro medan dei har gjort det, har gjerne store problem med å forstå kvifor nokon vel å bruke store delar av si fritid til denne hobbyen. Mullaen har aldri lagt skjul på at store delar av sin ungdomstid med å utvikle og spele ulike rollespel, og han tok det såpass langt han endte opp som rollespelforfattar/designer. Ein yrkestittel han til dags dato ikkje har klart å riste av seg, trass at det med vaksenlivet vart veldig vanskeleg å halde liv i sjølve hobbyen. Då han fekk førespurnad om å spele i næraste framtid trakk han difor litt på smilebandet og kasta eit blikk på kalendaren - har eg tid til dette då mon tru? Eigentleg ikkje. Ja, sjølvsagt skal vi spele. Ein dag.
For er du først ein rollespelar, så er du det for livet - sjølv om det går eit, to eller fem år mellom kvar gong du speler. Så ja, eg skal spele ein av dagane tenkjer eg. Kanskje sparke liv i ein pågåande kampanje om eg føler meg velvillig.
Så kva med dykk som lurar på kva som skjer når ein speler? Dei av dykk som ikkje vågar å spele sjølv, men har lyst til å vere flue på veggen. Problemet er at det er kleint. Ein framstår ikkje på sitt mest sosialt intelligente medan ein sitt der og kastar på terningar og ler av teite vitsar og lagar rare stemmer... så du slepp ikkje inn. Ikkje hjå oss... men hjå nokon andre, ja. Møt "I Hit It With My Axe", ein glimrande webtv-serie som følgjer ein heilt vanleg spelegruppe på deira eventyr. Som dei fleste grupper består den av folk frå litt ulike bakgrunner, og i dette tilfellet er det Connie og Frankie, som er ein stripper og ein frisør. Og ja, Kimerly Kane, Zak Sabbath, Mandy Morbid og Satine Phoenix som er pornoskodespelarar. Kva kan gå gale? Her er introduksjonsepisoden.
Ein debatt som ikkje forten å døy ut, er debatten om sensuren av nigger i Mark Twains Huckleberry Finn, og ivrige velmeinande fjols som vil skrive om historia, og byrje med å fjerne ord. Denne forma for stygg revisjonisme ser ut til å breie om seg, utan at dei som står bak ser ut til å forstå problema med det. Det heile er nok til å grøsse.
Dei vil ta frå oss historia. Dei vil ta frå oss kulturen. Dei vil ta frå oss kunstneriske perler som støtar deira sarte sensibilitet. Til deira ære vil eg difor presentere eit meisterverk som står i fare for å verte utsletta av desse revisjonistane. La meg presentere ein av mullaens favorittfilmar - GAYNIGGERS FROM OUTER SPACE!
Dette er ein film som på komplekst vis iscenesetter to tradisjonelt uglesette minoritetar, homsar og negre, og gjer sitt yttarste for å gje oss sympati for dei. Ved å karakterisere dei som utanomjordiske styrkar filmen deira rolle som utanforståande til det kvite heteronormative samfunnet vi lev i, og tar dei dermed på ansvar. Filmen vart regissert av danske Morten Lindberg i 1992, og har framleis mykje å lære oss. Den veldig aktive organisasjonen, Gay Niggers Association of America henta sitt namn frå denne filmen, og den har òg inspirert mullaen i sine daglege relasjonar til dei annleispigmenterte og annleisseksuelle. Det er med andre ord ein film som innehar ei mengde positive attributtar, men som gjerne vil vere først på lista når revisjonistane får satt i gang sitt prosjekt.
Kan vi verkelege vere tyst når vi står i fare for å miste slike kunstperler?
Pølse er noko vi ikkje er så altfor flinke på her i landet. Vi må ut av landet og sørover til Tyskland, og deira vidunderlege Wurst av ulik slag, eller kanskje til deira gode venar i Ungarn, for å få tak i skikkelege pølser. Skikkelege, solide kjøttpølser, laga med allskens krydder og godsaker. Det er noko anna enn denne restematen dytta inn i grisetarmer som vi får servert på butikk og bensinstasjon her på berget. Det årlege konsumet av pølser i Noreg er 45 millionar kilo, dvs 450 millionar pølser på ca. 100 gram, og det vil då seie at vi et i gjennomsnittet 100 pølser kvar i året. Har du tenkt på det? No er det kanskje dei av oss som et litt fleire pølser enn andre, og så er det dei som ikkje et i det heile tatt. Men til sjuande og sist et vi mykje pøler i dette landet. Og det gjerne av dette bleike tynne slaget med vag smak og tvilsom næringsinnhald som dette landet serverar.
Menn og kvinner av norsk herkomst med god smak, søkjer seg difor ut av landet for å få dekka sitt behov for pølse. For der ute kan dei brette sine lepper rundt saftige salte pølser, som smakar av kvitlauk, pepper og andre herlegdomar! Der kan ein la tunga gli med vellyst over det tynne skinnet og kjenne smaken av det gode kjøtet under. Mmmmmm. Pølse folkens, ekte, deilig sentraleuropeisk pølse. Kva seier de jenter, skal det vere litt ungarsk Pick?
Dette er ein kjekk kar, er det ikkje? Vi kan alle forstå at kvinner likar denne karen. Once you go black... og alt det der. Og ein kan lette førestille seg ulike vis ein kan profittere på dette.
Ikkje at vi her i moskeen på noko som helst vis tenkjer på å profittere på det då... eller bidra til at nokon andre kan gjere det. Men sett at ein skulle tene pengar på kvinners kjærleik for dette mannebeinet, så er det berre eit vis (utanom produksjon av intimsåpe) eg vil foreslå.
Eg, den gode mulla, prøver å sette meg inn i eit kvinnesinn, og førestiller meg glatt at ein vibrerande Vader mot mitt kjønn berre må vere ein suksess på ein fredagskveld. Mmmm. Vaaaaaaader....
... ehm altså... ikkje misforstå meg, eg seier ikkje at eg vil ha sex med Darth Vader. At eg har lyst til å kjenne hans sterke armar rundt meg, medan han glir inn i... eh... altså, eg meiner berre at eg kan forstå dei som gjer det. Ikkje sant? Uhm... sjå! Innpakking!
Det vert neppe nye Star Wars-filmar frå George Lucas, eller Indiana Jones... og vi må berre anta at han planlegg å skrinleggje den påbyrja Star Wars-serien som skulle komme snart. Ja, alt vert satt på pause. Lagt til side.
For verda går under i 2012. Eller noko slikt kjem til å skje. Iallefall ifølgje ein 20 minuttar lang tirade presentert av George Lucas til moroklumpen Seth Rogen. Det skal ha hendt på eit møte mellom Rogen, Lucas og Steven Spielberg, og Rogen hevdar at Spielberg tilbragte heile tiraden med å himle med auga. Litt som vi andre gjorde under Saving Private Ryan og München tenkjer eg...
Okay, vi får jo berre tru på det, for Toronto Sun driv jo ikkje med tullball, og konsekvensen er utan tvil at Lucas ikkje har tenkt å starte opp nye langvarige prosjekt når han burde investere i våpen, hermetikk og tid med døtrene sine. Det er iallefall slik eg ville prioritert om eg trudde verda gjekk under (meir om det seinare i år *dramatisk musikk*).
Så det er vel for alle oss slitne Lucas-fans å pakke saman sakene våre, og slappe litt av... for vi veit at han ikkje lenger kjem til å rote rundt med våre høge tankar om han. Vi kan alle møte verdas undergang, tryggje i vår visshet om at han var ein stor mann, som berre vart litt senil på slutten.
Medmindre han tar feil. Eller finn ut at han skal redigere hendingane desember 2012 etter dei har skjedd, og endre utfallet. Faen... det tenkte eg ikkje på. Pokkers stormannsgalskapen til den mannen, han har ein plan!
Ein ekte kosemulla som diverre vil forlate oss. Foto: Kim Nygård (knabba frå VG.no)
Eg har lenge levd i skuggen av mulla Krekar. Noregs mest omtalte mulla. Eg må jo innrømme at han har førsteplassen, og eg ein stakkarsleg andreplass. Eg har sølvmedaljen.
Det er vanlegvis ikkje noko ein skal sutre over, og eg meiner eg har takla det med godt mot tidlegare. Eg har eigentleg lært meg å leve med det. Eg har ein mann som eg kan sjå opp til. Ein mann som kan ta støyten som representanten for dei Kalifathungrige blant oss.
Men no vil han forlate oss. Han vil heim til Irak. Vekk frå kalde Noreg. Vekk frå varme meg.
Berre stikk, roper Jonas Gahr Støre, ein husvert som lenga har hinta til sin gjest at kvelden er over. Godt å verte kvitt han, roper Siv Jensen, som det mannevonde hespetreet ho er. Frykt for skjegg driv henne. Frykt for å virke veik driv Støre.
Ikkje reis frå meg, kviskrar eg ømt, det er farleg der ute.
I følgje sin advokat er han villig til å reise, men han treng berre eit par garantiar først. Han vil jo helst ikkje utleverast til dei som vil ha hans blod, så kanskje Noreg vil tale på hans vegne? Og om så skjer, så reisar han. Så forlet han oss. Den litt godslege fyren med skegg, og eit søtt smil.
Kva gjer eg då? Kva gjer eg utan han?
Jo, eg må reise meg. Vise meg verdig å vere Noregs mest omtalte mulla. Eg er ein godsleg mann. Eg har skjegg. Og eg har eit yndig smil. Nokon vil seie ein langt meir kledeleg nase enn den litt rebellske kurdaren, men det skal eg ikkje seie noko om.
Reiser Krekar vert det endeleg min dag. Min tur til å forsvare meg sjølv mot åtak i dagspressa, min tur til å hevde min rett til å bli i landet. Min tur til å snakke om konas kakeoppskriftar.
Hm. Det var ein ting... om Krekar reiser, må eg som Noregs nye riksmulla ta over kona hans? Eller kan eg få ein nyare modell?
Gjennom ein sjølvdestruktiv diett har pandabjørnane klart å utradere si eiga evne og lyst til seksuelle omkvem med kvarandre. Dei overlet til oss å handtere naturets krav om reproduksjon. Her går det i enorme mengder menneskeprodusert pandaporno, kunstig befrukting og kloning. Det finnes inga grenser for korleis vi skal verte involvert i deira seksualliv, og mentalt underkaste oss og subliminere deira seksualitet.
Eit av dei største problema med dette er at vi erstattar våre eigne seksuelle behov med dei utraderte behova til pandabjørnane. Altså, jo meir vi fokuserar på deira seksualitet, og det å gjere pandasex til attraktivt eller å erstatte den med våre gjerningar, jo meir tilvendt vert vi tanken på pandabjørnar som seksuelt attråverdige vesen. Kombinert med eit bombardement av telepatisk hjernevask for å bryte ned vårt mentale forsvar mot våre naturlege fiendar, og erstatte frykt med ein idè om at dei er søte, har dette ekstreme konsekvensar.
Med tid og stunder vil menneske berre verte i stand til å verte seksuelt opphissa, når dei kan forestille seg partnaren som ein panda eller noko pandaliknande. Den ultimate seksuelle fantasi vert pandahybriden - halvt panda, halvt menneske. Konsekvensane dette vil ha for menneskeleg prokreasjon og pornoproduksjon er enorme, og vi merkar det allereie på nokre felt. Ta til dømes fotografen Tom Jackson, som tydleg lenge har vore under påverknad av desse naturstridige tjukkasane. I ein serie fotografi har han tvunge ei gruppe vakre kvinner til å dekke seg sjølv til med pandakostymar, og slik erstatta deira menneskelege venleik, med desse beistas groteske utsjånad. Resultatet er så motbydleg at eg knapt vågar å vise fram eit knippe døme:
For eit kvart fornuftig tenkjande menneske er det klart at dette kan vi ikkje la skje. Det har gått langt nok. Perversjonane må stogge. Pandamonium må knusast.
Heldigvis har den tapre duoen av politiske aktivistar i Danmark, Wulffmorgenthaler, produsert ein dokumentarserie om nett faren ved den mentale samansmeltinga av menneske og panda, og Pandamoniums umoralske, perverse framtreden.
Dokumentarserien har premiere på dansk fjernsyn i morgon, onsdag 19. januar, og vil vere obligatorisk for alle motstandskjemperar! Framåt! Mot sluttsigeren! Død over Pandamonium!
Det er noko ved å ha skrive blogg så lenge eg har, dei relasjonane ein har til folk i kommentarfeltet er litt som til folk flest. Det er folk som kjem inn og ut av bloggen, som dei kjem inn og ut av livet ditt. Nokre vert verande ei stund, andre ganske lenge og vert som gamle vennar, medan andre berre stikk snuten innom ein gong utan å presentere seg sjølv. Og så det store fleirtal er tyste. Dei berre står og ser på ein, med eit tomt blikk og måpande munn, gjerne litt sikkel rennande ned haka. Slik opplev eg òg gjerne den tause majoritet av mine lesarar, og eg har høyrd at eg skal ikkje dømme folk som hardt. Så eg vil gjere eit lite eksperiment, og du skal vere med.
Ja, du, ja. Du som sjeldan eller aldri kommenterar! Eg veit du er der, eg kan høyre deg puste tungt. Med munnen. Ikkje stå der og gauk deg som ein eller annan Benny frå Lov & Rett i LA, sei noko.
Eg skal gjere det enkelt no. For dette eksperimentet sin del, så vil eg gjerne at du berre seier hei og fortel meg kva du likar å lese her. Eller enno betre, kva du vil like å lese her. Ja, for eit kvart ønskje om tema vil verte infridd. Ja, de høyrde meg. Det er januar 2011, og mullaen lover å skrive akkurat det du ønskjer å lese (meir) om. Så når du oppdagar dette innlegget, legg att ein kommentar! Køyr på...
Eg høyrer rykter om at vi kan forvente plussgrader framover her på vestlandet. Kan det verkeleg tyde at vi er kvitt snø og is, og berre sitt att med regnet? Det er nesten til å leve med, men òg for mykje å vone om. Sjølv om det skulle verte betre heromkring, så er det framleis styggever der ute i verda. Og det er ikkje alle av dykk som er like smarte, heile tida... såeh...
Og då var helga over, og mullaen er attende på plass.
La oss ikkje verte fullstendig oppslukt av debattar om rosa ting, uansett kor fin farge det er, det er langt viktigare debattar som må takast om andre fargar. Svart. Det vil seie, om vi kan tillate fortida å kalle ein spade for ein spade, når vi ikkje tillet det i dag. Skal vi revidere historia? Eit rungande ja, høyrer vi frå blåaugde velmeinande sosialantropologar.
Skeptisk mumling og fnysing kan høyrast frå moskeen, men ikkje berre derifrå. Øyvind Strømmen er ein skribent og bloggar her på vestlandet som svingar ein drabeleg god penn når han kastar seg over dei viktige spørsmåla. Han stillar seg bak vårt krav om å ikkje revidere kulturhistoria i så altfor stor grad, og vel heller å gripe tak i Knoll & Tott for å vise historikken bak "rasistiske" teikneseriestripar og nokre av nyansane ved dei. Kanskje ikkje så dumt det der konseptet når ein skal forstå historia, nyansar. Sjølv om nokon framleis tykkjer at sensur er betre, då ein slik lett fjernar dei vanskelege spørsmåla. Det er ikkje lett å vere sosialantropolog har ein forstått.
Så for all del, medan vi elskar alt som er rosa her i bloggen, så er vi frykteleg opptatt av andre fargar òg, og fråveret av dei dersom sosialantropologane får råde.
Det var då som pokker, ein gamal ørn og fast lesar av bloggen er ute med misogynistiske utspel i Bergens Tidende i dag (ikkje på nett), dagen då alle er opptatt av noko heilt anna. Straume, det frekke individet vågar seg til å hevde at kvinner åleine ikkje kan vere ansvarleg for barn, og at det kanskje ikkje er kvinnediskriminerande med den derre tredjedelsordninga dei driv og drøftar. Det er ikkje noko eg forstår meg så mykje på, då eg er vaksen og ikkje trur min far lenger kan kreve pappapermisjon, men eg forstår jo at det er ekte kvinneforakt eg er vitne til her.
Fast gjest i moskeen er ute med kvinnefiendtlege utspel.
Som om ikkje det er nok, så er mullaen òg å finne under eit merksnodig pseudonym i den same avis, berre nokre få sider før. Det hadde seg slik at dei mangla litt sidefyll, ved sida av eit debattinnlegg der nokon desperat freista å gjere bloggdebatten om til ein debatt om framtidskåra til barneboka (her snakkar vi elegant intellektuell akrobatikk, og mullaen er mektig imponert), så debattredaktøren i blekka ringte mullaen og spurde pent om dei kunne få leggje ut ein redigert versjon av hans innlegg frå laurdag om temaet. Travel og velvillig som han er, sa mullaen ja, og fekk tilsendt den redigerte versjonen. Han gav eit par forslag til endringar, og uttrykte ønskje om at innleggjet kunne signerast Mad Mullah Hastur, og vart overhøyrd - og vips var avisinnleggjet eit faktum.
Spaltefyll til side med intellektuell akrobatikk.
Reaksjonane har stort sett vore positive, det er særleg jenter med bein i nasa som likar dette komprimerte blogginnlegget, medan nokon, for det meste menn, lurar på kvifor eg bryr meg. Eit spørsmål eg ofte stillar meg sjølv, men slår frå meg så kjapt eg kan for å ikkje virke sjåvinistisk ved å ikkje bry meg om "feminine interesser". Ei kvinne som tok det ille opp var Trine Grung, kjendistrynet som har slått seg stort opp på mykje luft, og som i seinare tid har gjort seg sjølv til ein ivrig forsvarar av alternativ medisin. Eller forsvarar-forsvarar, det er å ta litt hardt i. Hadde ho tatt i bruk argument i denne samanhengen, så hadde det kanskje vore ein debatt... men slik er det no ikkje. Som dette innlegget hjå gode gamle Virrvarr synar, eller de kan eventuelt lese kva godaste Gunnar Tjomlid har å seie, han vann trass alt årets Tordenblogg (og det fortente han). Det var difor med stor glede at eg fekk vete at dette var det dummaste Tringe Grung nokon gong hadde lest, eg tok det som eit kompliment.
Eg måtte jo takke med same mynt, måtte eg ikkje?
Og svaret hadde den harmoniske helseforkjemparen og feministen.
Kva skulle dette tyde? Eg vart fascinert av hennar klokskap og openbare innsikt i det mannlege intellekt.
Ja, er eigentleg Trine "Grunga" Grung transseksuell? Kom ho med dette ut av skapet, eg er redd vi får aldre vete svaret, for ho valte å aldri gripe fatt i akkurat det, for begeret var visstnok fullt.
Men over og ut var det ikkje, for eg måtte jo påpeike kven som byrja det heile... så barnsleg er eg! DET VAR DU SOM BYRJA!
Kor på ho overraskande nok beklaga det heile, og ein skulle tru at alt var duka for sivilisert samtale, men på dette tidspunktet ville fleire vere med, og møtt med massiv motstand kasta Grunga seg på eit fly, for aldri å verte høyrd frå att. Sist sett på Gardermoen med halen godt plassert mellom beina gitt.
Og snipp snapp snute, så var det eventyret ute. Sov godt.
Språk er og blir politikk. Særleg når kva vi har lov til, og ikkje lov til, å seie og skrive vert eit spørsmål. Ein skal ha lov til å seie det meste... berre ikkje visse ting, som finnes på ei eller anna liste over fy-ord der ute. Dette er ord som kan støte andre, og må difor undertrykkast og fjernast. Dei færraste vil støte andre, så vi reagerar ikkje så kraftig på det. Vi treng strengt tatt ikkje å fornærme folk i hytt og pine som om det var sport i det (eg seier at ein ikkje treng, ein må gjerne gjere det om det er moro).
Men er det ikkje å ta litt hardt i å prøve å frårøve menneske som ikkje kan forsvare seg sine uttrykk, og deira kultur? Er det verkeleg meining i å forringe kulturen og historia på dette viset? For det er jo det som skjer når dei ønskjer å fjerne alle referansane til "Nigger" i Mark Twain sin Huckleberry Finn. Slik ønskjer dei å rehabilitere antirasisten Twain der på andre sida av andedammen. Dette følgjer opp tilsvarande saker vi har hatt her på våre trakter der hottentottar og negerkongar har fått gjennomgå i bøkene til Astrid Lindgren og visene til Torbjørn Egner.
Dette er prosjekt som berre kan få støtte frå det mest blåaugde av politiske korrekte surrehuer. Vi må andre ord til disiplane til Thomas Hylland Eriksen innanfor Sosialantropologien, der den kvite mann (eller i disse dagar kvinner for det meste) stirrer naivt ut av kontorvindauget sitt i von om å få eit glimt av det ville naturmennesket for å forske litt på det i eit minutt eller to. I denne samanhengen snubla vi over bloggen til Rannveig Svendby som held på med si masteroppgåve om menn som vert valdtatt. Her kan vi lese at ikkje berre er det heilt gruuuuusomt at ein i dag er nøydd å lese at ein for hundre eller to hundre år sidan tenkte annleis om andre menneske enn vi gjer i dag, og - skrekk og gru - kanskje omtalte dei i meir nedlatande former, men at ein bør gå aktivt inn for å sensurere og skrive om historia. Kvifor stogge med Mark Twain, når Knoll og Tott inneheld snakkande apar - noko som berre må vere negre! Ja, for all del, i motsetnad til dei andre svarte menneska med tjukke lepper som spring rundt i desse heller traurige stripene, så må apane vere dei reelle representantane for afrikanske menneske.
For det er jo slik ein opererar i den moralistiske sosialantropologien. Vi skal ikkje lenger studere "den andre", vi skal ikkje lenger undertrykke han med vårt blikk, vi skal føle med han, og vi skal vere indignert på hans vegne. Vi skal forsvare han, der han sjølv ikkje bryr seg. Og i denne prosessen er alt lov. Ranveig Svendbys omtale av Mark Twains Huckleberry Finn oppsummerar det meste.
De fleste er enige i ordtaket; ”det er ikke gull alt som glimrer”. Derfra er ikke veien lang til å innse at alt som er gammelt ikke nødvendigvis er verdifullt – noe er bare søppel. Rasistiske holdninger bør ikke få immunitet bare fordi de er pakket inn i tilsynelatende uangripelige rammer, som ”tradisjon” eller ”klassiker”.
Ei slik kultur- og historielaus påstand kan berre komme frå den mest foraktfulle barbar, svolten på tygge vegg kvar flis i bærebjelkane av vår sivilisasjon. Ein slik vilje til å skrive om historia er ikkje berre samanliknbar med George Orwells fiktive 1984, nei, denne vilja har òg sine heilt konkrete parallellar i dei totalitære prosjekta til Stalin, Hitler og Pol Pot som prøvde å omskape fortida i eit bilete som spegla det framtidssamfunnet dei jobba for. Og det skulle faen meg ikkje vere naudsynt at ein i 2011 må samanlikna ein masterstudent på sosialantropologi med desse brutale kreka, men der har altså dette vanviddet komen.
Om målet er å utradere rasisme og stereotype fordommar, korleis tenkjer ein å få det til utan å faktisk ha døme å vise til? Korleis lære av historia, om ein skriv den om for å ikkje verte minna på den? Foran seg skyver ho barna. For det er grusomt at barn vert utsatt for klassikerar som Huckleberry Finn og Knoll og Tott, originalane av desse må vere forbehaldt forskerar som kan låne dei ut av forsegla arkiv, medan barna kan nyte godt av nyoppussa og steriliserte soger utan noko som helst rot i røynda som skapte dei.
Det er så forbanna historielaust at ein får ein vond smak i munnen av desse prosjekta. Kor langt vil dei ta sin moralske indignasjon? Kor langt skal desse draumeaktige betrevitarane få lov til å ta dette prosjektet med å rydde opp i sin dårlege samvit. Ja, dei har forstått at "den kvite mann" har vore slem, ved å fjerne alle spor, vert nok alt tilgjeven... dog eg trur aldri eg har møtt ein afrikanar som bryr seg om korkje Huckleberry Finn eller Knoll og Tott. Det er det berre moralistiske bleikfisar som gjer.
Eg hadde ikkje tenkt å seie noko, men nokon må jo seie eit eller anna, etter mediestormen rundt at den femten år gamle rosabloggaren og pappas yndling, Voe, har bestemt seg for å leggje inn årene i bloggen og satse på skule og... musikk. Eg må ærleg tale innrømme at eg bryr meg fint lite om henne eller kva ho har tenkt å ta seg til, eg bryr meg meir om at dette faktisk rekna som nyhende. Ein del folk har kasta seg rundt og grepe tak i den uttalte årsaka til at ho sluttar å blogge - alle den fæslege kommentarane ho har fått i bloggen for å stikke seg ut, dette vert så sausa saman med dei av oss som i ny og ne, i ulike samanhengar har komen med eit par kommentarar, langt vekke frå hennar blogg, om kva vi tykkjar om den neste generasjon med Paradise Hotel-deltakarar. I Bergens Tidende er det Marianne Hagland Westerlund, AKA Sitrondrops, som er ute og farar, og ho vert henvist til av Karianne Bjellås Gilje i Dagbladet. No kjem dei stramme kvinnene dei unge jentebloggerane til forsvar, for dei er openbart under åtak av patriarkatet - slik alle kvinner er, konstant, heile året, heile døgnet. All den tid vi menn ikkje tilfredstillar alle deira behov, er vi ikkje anna enn surmaga slavedriverar. Eller korleis skal vi elles tolke desse utspela?
Eg har blogga her og der sidan 2003, båe her og der, og har blitt kjend med mange unge, kvinnelege bloggerar. Ei av dei er faktisk Marianne, som eg har krangla med båe på nett og i friluft, og eg respekterar henne for det. Hennar kronikk i Bergens Tidende bør gjerne lesast, men den bør heller ikkje få stått fullstendig uimotsagt. For implisitt i hennar forståing av kritikken mot Voe, samt kritikken mot dei unge "rosabloggerane" som så (her inkludert dei stygge kommentarane som faktisk dreiv Voe til å slutte, reknar eg med?), vert forstått i eit kjønna perspektiv. Marianne les kritikken av dette miljøet som ein kritikk av dei hovudsakleg "feminine interessene" bloggane deira omtalar (her snakkar vi altså om sjølvdiggande mobilfoto tatt på badet, biletet av frukosten dei neppe et for å unngå å leggje på seg, og liknande), og i utvida forstand, slik Karianne Bjellås Gilje framhevar det, at kritikken kjem berre fordi Voe og dei andre bloggerane er jenter. Ja, for problemet er i følgje henne, ikkje det hjernedøde pisset som renn ut av skjermen med ein gong du går inn på topplista til blogg.no, men at jenter har våga å stikke seg fram og tale i ein offentleg arena om ting som jenter bryr seg om.
Dette er det reinaste pølsevev. Det speler inga rolle om du er gut eller jente, om du svimar rundt som dette neket her, så får du jammensanten høyre det. Å trekkje fram kjønskortet i ein slik samanheng er anten forstokka feminisme, ein feminisme som har sett seg fullstendig blind på alt anna enn kjønsperspektiv eller ein rå hersketeknikk. Nei, vi får ikkje lov å kritisere dei største brødskallene på kloda, fordi dei er jenter, og då undertrykk vi dei. Smekk på lanken.
Som eg skriv over; eg har møtt mange jenter i den norske bloggeverda, som eg har mykje respekt for. Mange skriv tilogmed om sin kvardag, om moter, trening og gudane veit kva anna av "feminine" syslar. Det er ikkje det vi snakkar om her. Det er ikkje jentebloggerar som mottar kritikk, det er ikkje "feminine" interesser som vert råka ned på, det er dårskap. Idioti. Toskeskap. Vakumskalla bimboer som prøver å selge seg sjølv for harde livet, etter modell frå deira store førebilet på plateselskapas fesjå og reality-seriar.
Det verkeleg triste er at dette skal vere eit debattema. At vi skal tilbringe tid på å prate om fjortisjenter som drit seg ut på nettet som om det var noko viktig. La oss berre ha det klart for oss - unge jenter og gutar som uttalar seg offentleg kan vere fabelaktige ting. Om dei hadde satt ord på ting som verkeleg tydde noko utover deira lille univers. Slik som dei fabelaktige jentene i duetten Garfunkel & Oates som gong på gong klarar å ta opp viktige tema som angår unge jenter av all slag!
Slik skal det låte!
Og om det skulle vere naudsynt for fleire råd... vel, her er eit, om du ønskjer at kvinner skal framstå som seriøse og oppegåande menneske, så finn andre kampsaker enn bortskjemte fjorten år gamle jenter som draumar om karriere som popstjerner og glamourmodellar, der finne de stort sett berre luft.
Eg har forstått det slik at kvinner tykkjer det er vanskeleg å finne anstendige mannfolk, at dette står på sin urimeligheit all den tid mullaen er på denne kloda for så vere. Mennene dei treff har ikkje dei naudsynte eigenskapene for å tilfredsstille deira materielle, emosjonelle og fysiske behov, så dei tyr til andre løysingar og hjelpemiddel. Anten det no er ein feit jobb, eit lesbisk parforhold eller ein skuff full av fargerike plastleiketøy. Alt dette er vel og bra, og mullaen dømar ingen, og oppmodar alle kvinner til å gå ut i verda og finne det dei treng. Ein kan likevel stille spørsmål ved dei som vonar å finne kjærleiken på akvariet.
For all del, denne kvinna er ikkje åleine om dette. Som Youtube pent demonstrerar. I tillegg har du alle dei kvinner - og menn! - som finn ei djup, åndeleg meining i det å symje med delfinar. Dette er ikkje så uskuldeg som ein gjerne vil ha det til, for delfinar er faktisk berykta i zoologiske kretser for å ha sex med det meste, og ikkje minst med menneske som symjar rundt dei. Mang eit ung gut har blitt overraska over å ha fått trusa røska av seg av delfinar, før dei... vel... får ei alternativ seksuell oppleving. Delfinar er trent i snutesex, og nyttar gjerne båe den og sine kjønsorgan i sin omgang med kvarandre og meir eller mindre frivillige symjarar. For medan dei fleste rapportar ein får om dette, kjem frå dei som har blitt utsatt for uønskja merksemd, høyrer vi aldri frå den stille majoriteten av sexpartnarar som likar å symje med delfinar, som det så pent heiter.
Bodskapen? Vel, for det første; den unge kvinna på videoen bør ikkje føle seg spesiell, ho var neppe den første, og ho burde få seg sjølv sjekka for sjøherpes eller akvaklamydia. For det andre; Flipper var eit skittent, skittent sexsvolten dyr. Eg berre seier det.
Våre tapre agentar verda over jobbar mot Pandamonium sine overveldande styrkar. Båe gjennom sabotasje og direkte kontrontasjon freistar vi å bryte ned dei usselege pandabjørnane si vilje til makt. Med geriljataktikk skal vi gjere det dyrkjøpt for desse rabiate latsabbane av nokre bambusetande møkkprodusentar å innføre deira blodige terrorregime. Vi vil falle ikkje falle enkelt, og vi vil ta fleire av dei med oss. Vi sitt ikkje stille, nei, vi overfallar dei når vi kan, så ofte vi kan, og med så stor overrasking som mogleg.
Det er ikkje ofte våre agentar har med kamera når dei planlegg direkte konfrontasjon, men avogtil må våre skjulte agentar nytte høvet og gå til åtak. Og dei, dei har gjerne kamera, for å registrere pandaaktivitet. Det er slik vi har fått tak i dette vassekte videoopptaket av ein topptrent pandakommando i kamp mot ein av våre etteretningsagentar.
De ser her kva vi står overfor, men frykt ikkje! Vi vil få vår hemn, og vi vil redde menneska frå deira tiltenkte lagnad. Om du vervar deg sjølv i dag, til kampen mot våre undertrykkerar. Utan deg, vil heile verdas befolking ende som vår agent!
Om Howard Phillips Lovecraft hadde hatt etterkommerar, kva slags folk hadde dette vore? Respektable fattigfolk eller totale dimlingar? Om dei oppdaga at deira forfar sine historier var sanne, korleis hadde dei reagert? Med stoisk ro eller med ein roadtrip?
Svaret vonar eg å få i The Last Lovecraft: Relic of Cthulhu
Ja, gode gamle tentakkelguten har tenkt å dra rumpa si ut av R'lyeh nok ein gong, for å fortære oss alle. Og medan dei fleiste rettruande aksepterar denne lagnaden, og villig kastar seg på tallerkenen, er det dei som freistar å gjere motstand. Ein av dei er visstnok etterkommeren til sjølvaste Lovecraft. Kan dette gå bra? Les meir om filmen på dei offisielle nettsidene.
Eg er ingen ekspert på asiatiske språk eller kulturar, så det hender gjerne at ein og annan ting virker særare på meg enn dei eigentleg er. Eg kan litt om Kina, Korea og Japan, og ein og annan japansk glose som gjer det lettare for meg å manøvrere vanviddet som kjem derifrå, men det er klart at Asia er på den andre sida av kloda. Det er strengt tatt så langt vekke at det er ei heilt eiga verd, eit lite univers for oss sjølv som vi veit frykteleg lite om.
Men dei er nesten som oss. Dei har vore fenomen. Berre på sitt eiga vis. Dei har hippe rockeband og boyband, gjerne hippe rockeboyband for den saks skuld, som thailandske Slur, som ikkje må forvekslast med Blur. Eit rockete hipt band, med underleg dansekoreografi. Det skulle ikkje vere for vanskeleg å forstå noko slikt, eller? Vel, i Asia er alt litt annleis. Og som vanleg har ikkje mullaen ord til å forklare det han ser og høyrer.
Er det nokon som kan thai der ute som vil vere hjelpsame og kanskje redde nattesømnen min?
Etter ein lang dag utan høve til å forfatte ein fatwa eller noko anna til denne bloggen, sett eg meg ned framfor PCen utan ei aning om kva eg skal skrive. Eg snur meg til frøken Stokkefot, som i kveld har prøvd å lade sin øydelagde mobiltelefon (ho drukna den i fylla) som ingenting hadde skjedd, og spør: "Kva skal eg kaste ut i bloggen i kveld?"
"Ein dverg!" svarar ho smilande.
"Ein dverg?!"
"Ja, dei er jo kjekke å kaste har eg høyrd!"
Eg anar ikkje kvar ho kan ha høyrd om slikt, eg tar ikkje på noko skuld iallefall, men her er ein dverg. Ein dansande dverg.
Men, tenkjer eg, er ein dansande dverg nok til å unskulde eit blogginnlegg? Det må meir til for at det skal vere verdt å lese. Så eg sleng ein dverg til på lasset.
Det burde halde.
Eg veit... eg veit... eg er eit dårleg menneske. Men det er verkeleg ikkje vondt meint altså... heilt sant. Stokkefot fekk meg til å gjere det!
Vi har tidlegare tatt opp klesmote i denne bloggen, gjerne med eit fokus på at kleda skapar mannen. Det er eit fåtall av unge menn i dag som forstår verdien av ein god dress og litt anstendig tweed på arbeidsstaden, og slips er fullstendig fråverande. Det heile er sjølvsagt eit resultat av feminismens totale krig mot maskuliniteten, dressen er tatt frå oss som maktsymbol, på lik linje med eit av dei framste symbola på vår manndom. Nei, ikkje tissefanten, men skjegget. Skjegget, i alle sine vidunderlege former er i dag rakka ned på av menn såvel som kvinner, og mange menn skjemst over sitt vakre andletshår. Det er eit kroneksempel på det marxistar omtalar som falsk medvite, at sjølv menn tenkjer at skjegg er noko som ikkje er pent. Det heile er sjølvsagt feil. Skjegg er maskulint, og det er vakkert, det er vår (synlege) stolthet (så lenge vi ikkje vankar dagleg på naturistreservat).
Eit godt skjegg er eit teikn på at ein mann er trygg på den han er, og er villig til å uttrykkje det på eit eller anna vis i andletet, på same vis som ei kvinne tar i bruk sminke. Skjegg kan kanskje gå av "mote", men vil aldri ikkje vere stilfullt. Noko denne gruppa med unge australske menn har innsett.
The Beards er altså eit australsk rockeband, som på lik linje med ZZ Top er ei vakker hyllest av den mannlege andletsbehåringa. Musikken er gjerne så som så i mullaens auge, men bodskapen er god. Utan skjegg er du ingen mann!
Ikkje berre er det ein minus for deg personleg, men kva førebilete er du for dine barn om du barberar vekk din stolthet? Kva vil din son tru om deg om du symbolt kastrerar deg framfor speglet kvar dag, og når han er vaksen nok tar høvelen til hans andlet. For å lære han, eller for å kue han? Om din far ikkje har skjegg, har du ingen far, du har to mødre!
Så om du er blant dei som undertrykk ditt skjegg, kanskje det er på tide å sjå deg i speglet utan å gripe til høvelen? La det gro, og bli ein mann. Bli ein stilfull mann. Bli ein mann som stolt synar fram sin maskulinitet. Bli med på... skjeggrevolusjonen!
Og om nokon der ute prøver å tråkke på deg og ditt skjegg (fullt mogleg om det er langt nok til at du sleper det etter deg), ja så berre avfei dei. Fnys dei i trynet og sei. Eg er mann, sjå mitt skjegg gro!
Hugs at Profeten, Julenissen og Osama bin Laden har skjegg, og to av tre er ikkje ille!
Den økomiske krisa i verda held fram, og det er nok av folk som veit å sko seg på. Kva som helst kan unskuldast med at lommeboka er under press, og kven som helst kan peikast ut som fienden. Syndebukkar må ein ha. Det er difor ikkje rart at brølapar på høgresida, sengekameratane til kapitalistkjeltringane som forårsaka problema i utgangspunktet, sleng gladeleg med leppa. Enten det no er dei halvgærne tomsingane i sofaen hjå Fox and Friends eller den heilgærne kollegaen deira, Glenn Beck, litt lengre ned i korridoren. Du kjenner til han går eg utifrå? Ein mann som får Rush Limbaugh til å virke roleg og sinnsfrisk, og som klarar å få alt Obama tar seg til for å vere fullendinga av ein plan påbyrja av Doffen sjølv.
Eg må ærleg innrømme det. Eg elskar Glenn Beck. Sjølv om Donald ikkje er like begeistra.
Glenn Beck svarar på videoen her. Om du treng å få kort oppsumert Glenn Beck sitt virke, så er The Daily Show vegen å gå:
Det er eit nytt år visstnok, og vi skal frå no av skrive 2011. Eit ganske godt teikn på at dette er tilfelle er at Noregs snakkande manet, Jens Stoltenberg, openberra seg på fjernsynsskjermane i dag, direktesendt frå Månen. Eller kva enn fjern klode den karen no oppheld seg på. Eg kunne høyre han drone avgarde i bakgrunnen her i stad, og kom på at eg kanskje burde sjekke innom dykk mine kjære lesarar og gjere opp status for 2010.
Ikkje at det er så mykje å fortelje - 2010 var eit år som så mange andre, der ein gjerne vart opptatt og distrahert av mykje rart. For å vere ærleg skreiv eg ikkje på langt nær så mykje som eg burde ha gjort - korkje her eller andre stadar. Særleg no i haust har bloggen vore svoltefora, og for dette beklagar eg. Skrivetørka har diverre sine årsaker, og sjølv om eg har lyst til å love at inspirasjonen no renn ut av øyra på meg, og eg er klar for å vere hyperaktiv i 2011, er dette diverre ikkje tilfelle. Eg vil gjere mitt beste for å få opp tempoet, og kvaliteten, og kvaliteten på skriveria, men ver tolmodig.
I 2011 ser vi fram til meir av det same. Det vil seie Pandamonium, Hello Kitty og ymse godsaker. Vi forventar at verda vil vere full av elende, og menneske som seier dei mest vidunderlege ting som berre må forevigast her i arkivet. Og kanskje eit og anna ord om prostitusjon, spel og filosofi. Og du skal ikkje sjå vekk i frå at ein fatwa eller to er påkrevd.
Så det er tilstandsrapporten for 2010.
Forresten - har de nyttårsbukkar der de er? Det har vi her, og det er jo sjølvsagt koseleg, men eg mistenkjer at kvaliteten vert forringa for kvart år som går. Kostyma er ein ting, men dei skal jo liksom synge. Og alle sang den same songen i år; We Wish You a Merry Christmas. Og ikkje berre var det frykteleg dårleg timing (jula er over den no barn), men det var uoriginalt at alle kom og sang det same. Dei burde ha valt ein norsk song, for det var openbart at dei ikkje hadde den engelske uttalinga på plass (eg skulder på skulevesenet).
Eg berre lurar på kva erfaringar de gjorde dykk dette nyttåret? Har borna vore like uoriginale over alt?