måndag 28. februar 2011

Konkurranse: Vinn ein tyskar

Pikenes Jens, vitskapsmann og storsjarmør, Major Toht
Ein ofte gløymd helt er Arnold Ernst Toht, ein av dei tidlege forskarane i den høgreorienterte tankesmia SS Ahnenerbe i Tyskland. Han var ein sjarmør og ganske så populær blant dei blonde Bundesmädchen, og kunne ofte bedåre sine tilhøyrar med sin sarte visesong. Hans iherdige innsats for å fremme vitskapen og avdekke skjulte skattar, vart høgt verdsatt i hans samtid, og han hadde rimeleg frie tøyler i si jakt på den heilage gral. Denne ekspedisjonen skulle og bli hans siste, og det ryktes at han døde takka vere ein amerikansk amatørarkeolog som blanda seg inn i ting han burde haldt seg unna. Uansett står major Toht att som ein av dei mest sentrale aktørane i tysk vitskap på 30-talet, og er motivet for ein hyllest frå aLittleGerman. Ho er designeren bak mange av dei flotte mullaplakatane, samt øyredobbane som vi har presentert her i bloggen tidlegare.
Ei hyllest av ein av Tysklands store vitskapsmenn
Denne vakre figuren ønskjer aLittleGerman å gje vekk, til den som kjem på den beste grunnen til at akkurat dei skal få den. Og eg anbefalar alle å sende inn sine forslag. For det skal eg òg.

Så kom igjen, bli med på konkurranse og vinn ein tysk vitskapsmann.

søndag 27. februar 2011

Slaveriet på Cubus

Som vi var inne på tidlegare, så skjuler det seg ein del grums bak fasadane på Cubus. Ikkje alt er som det virker ved første augekast. Du har kanskje sett Cubusreklamane? Dei heng no her og der, samt inne på klestativa, og syner glade, europeiske kvinner i klede frå Cubus.
Gode tilbod, og glade kvite kvinner. Kan det verkeleg vere så enkelt? Ein pastisj frå 50-talet? Nei, ting er aldri så enkle på Cubus. Biletet dei freistar å vise er prismedvitne, lukkelege europeiske kvinner. Røynda er noko heilt anna. Røynda er langt kaldare og kynisk!
Sjå! Nubiske skjønnheiter, tvungen til å stå på utstilling til spot og spe for handlesterke europearar. Slaveriet lev i beste velgåande, og desse kvinnene er berre dei mest synlege ofra for det som truleg er utstrakt slavehandel.

Det er ein skandale at slikt kan foregår rett under nasa på oss! Kvifor har ingen tatt affære?! Hjelp meg å dokumentere slaveriet! Gå på din lokale Cubusbutikk og ta bilete av dei stakkars slavekvinnene som må stå på utstilling der!

onsdag 23. februar 2011

Alternative fødingsteknikkar

Alt er så jævla alternativt no om dagen. Ein skal korkje gjere det som er det tradisjonelle eller det som er det trygge, ein skal gjere det som er så annleis at ein føler seg spesiell. Ein vil i kontakt med seg sjølv, naturen og historia, og det gjer ein ved å oppsøkje metodar som er fullstendig framande for oss nordbuarar. Barneføding er eit klassisk døme. Tradisjonelt så skulle ein gjerne føde i ei lita trehytte i skauen, eller enno betre, på ei steinhelle midt uti skauen i skikkeleg sludd. Skrikande og skrålande, i visse om at båe mora og bornet truleg kom til å krepere. Overlevde dei, så var det fordi dei sparka rumpe og var klar for ei tøff verd. Den moderne metoden er sjølvsagt å føde proppafull av legemiddel, på ein steril fødestova med topptrente legar og jordmødre parat til å ta seg av deg. Korkje mor eller barn sparkar naturens rumpe, men det gjer i det minste dei som står rundt dei. Og det er jo i det minste noko.

Men så har vi dei som er så forbanna spesielle at dei må ha alternative prosedyrar - dei vil føde i plaskebasseng i sin eigen heim. Dei vil føde hengande frå eit tau. Dei vil ikkje ha smertestillande, sjølvsagt, fordi det er unaturleg og dei vil kjenne prosessa på kroppen. Smarte folk - her har ein jobba ræva av seg for å bekjempe naturen og den drepande smerta som følgjer med det å føde bæsjefabrikkar, så skal ein liksom ikkje ha pillene?! Nei, for å ligge i eit oppblåsbart basseng i stova og skrike i smerte er så forbanna naturleg, ikkje sant? Det er så... deg? Tanken åleine, på desse søkjande kvinnfolka og deira alternative og "naturlege" idear, gjer at eg får bruk for smertestillande.

Denslags er like naturleg som å føde medan ein hopper i fallskjerm, og har ein hund til jordmor. Og apropos det.




Greit... eg bryr meg eigentleg ikkje, eg ville berre vise det videoklippet. Fød som de vil, berre ikkje for ofte... og for stygt. Tenk på miljøet.

tysdag 22. februar 2011

Milde mulla!

Det er dei som hevder at eg kanskje er litt sur og streng, at eg slår hardt ned på all umoral og uttrykk for dårleg smak. Og det er vel noko i det, ein skal ikkje tåle alt heller? Og det gjer ikkje denne mullaen. Når foten vert satt ned, så sett eg den hardt. Inga nåde kan eg syne dei som trår over. Slik er det berre, om det er hardt, så får det så vere.

Dei som kjenner mullaen godt, og har kjendt ein stund, veit dog òg at eg har ei mildare side. Eg kan vere båe inkluderande og beskyttande. Ja, eg kan vere den milde mulla Hastur, Mellow Mullah Hastur. Ein som ønskjer å synleggjere dette, er multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland forfattaren av Kald Kaffi Sauen, vokalist i dansebandet Frode Vidars, skulpturen av Varg Veum og underskrivne mulla, som i dag kunne presentere moskeen for dei første bileta av Mellow Mullah Hastur. Og vi må seie oss rimeleg nøgde med resultatet.
Kva tykkjer du kjære lesar? Vart du inspirert til å skildre mullaen slik du opplev han? Eg vonar det.

måndag 21. februar 2011

Barnearbeid på Cubus?

Ein skulle ikkje tru det, men barnearbeid er framleis ein heit potet i 2011. Og i debattane som dukkar opp, er det ikkje rom for mykje nyansar. Alt barnearbeid er slaveri, og eit overtramp mot barns rett til å vere barn - iallefall om ein skal tru det store fleirtalet i vesten som er motstanderar av denne praksisen. Dette er sjølvsagt å ignorere historiske og kulturelle skiller, og det faktum at ikkje alle samfunn har vore eller er som vårt eige, som har utvikla seg til å tenkje på barn som noko uskuldsreint som først og framst skal leike (konsumere underhaldning) og "utvikle seg". I andre delar av verda må barna gjerne bidra til familiens økonomi, anten ved å ta hyre som passar dei, eller ved å jobbe side om side med familien på gard, i fiske eller anna arbeid dei gjer. I sistnemnte situasjon er det lite vestleg indignasjon kan gjere godt, det er meir i stand til å skade fattige familiars høve til å overleve.

På den andre sida har ein reelt barneslaveri der ute, der barn vert utnytta på det grovaste for lita eller inga løn. I alt frå prostitusjon til leiketøysproduksjon vert born behandla som bruksobjekt under heldige skadelege omstende. Ironisk nok er det denne beklagelege situasjon dei indignerte menneska i vesten er best tent med - då tenestene og produkta desse barna produserar billig, er noko vi alle nyttar godt av her. Særleg er dette openbart i motebransjen, der ein til stadig oppdagar at kle- og skoprodusentar nyttar seg av denne type barnearbeid. Noko som mellom anna er avdekka i detalj når det gjeld store kleskjeder som H&M og the GAP.

Men ville du trudd meg om det òg gjaldt kjernesunne Cubus? Alt tyda faktisk på det, då mullaen tok med seg ein av sine medsamansvorne på ekspedisjon til ein lokal Cubusforhandlar.
Ja, de ser rett, mine damer og herrar, små yndige androgyne barn vert tvungen til å arbeide til langt på natt på Cubus. Eigarane av denne butikkjeda eig ingen skam, og lar openbart alt for unge barn jobbe fillene av seg i produksjonen av klede, og tvinge dei til å stille seg på utstilling på kvelden i det vi berre kan anta er storstilt organisert barneprostitusjon! Det er ikkje rart at barna vert så fortvila og frustrerte at dei riv håret av seg.
Dette er noko vi alle bør reagere på. Denne type barnearbeid er òg blir motbydleg, og ein skam for vår vestlege kultur. Og ein ting er når det skjer, langt der vekke i Asia og Afrika, der vi slepp å sjå det, anna enn når ein eller annan venstrevridd journalist har laga ein dokumentar - det er jo ille nok - men dette er i vår eigen bakgård! I sjølvaste Bergen sentrum. Kan vi tolerere noko slikt? Kan vi akseptere slikt rett framfor auga våre?!

Vi bør i det minste forlange at Cubus flyttar denne aktiviteta ut av sentrum. Kven er med på underskriftskampanje?

tysdag 15. februar 2011

Korleis forstå at ei bok aldri bør bli film

Kor ofte har du ikkje opplevd at ei bok du likar har fått ei grusam filmatisering? Det er ikkje så lett å konvertere litteratur til film, og det er berre i dei færraste tilfella det går. Ein er nesten avhengig av at boka er så enkel som mogleg, ikkje så altfor mange besynderlege undertoner og slike ting. Handling er bra. Klartekst er enno betre. La ingenting vere usagt, og det kan bli eit bra filmmanus av det. Det kan, men det er ingen garanti. Avogtil er det berre feil. Og det skal ikkje så mykje til for å oppdage det.

La meg gje eit par gode teikn.

Om boka er så ugjennomtrengeleg at ein bruker nærare 30 år på å klare å stable på beina eit fungerande manuskript, eller ein fungerande produksjon. Ta det som eit jævla stort teikn.

Om du først klarar å få boka kokt ned til eit filmmanuskript, og det strekk seg over tre langtekkelege filmar slik at du kan få med deg alle dei viktige detaljane som den overivrige fansen forlangar skal vere med. Det er nok eit viktig teikn på at dette... dette er ikkje bra.

Så kanskje det ikkje er verdas luraste idè å filmatisere Ayn Rands Atlas Shrugged?
Men for all del, folk såg ut til å like Ringenes Herre så eg kan jo moglegeins ta feil. Filmen kan uansett ikkje verte ein så ulideleg prøvelse som boka...

laurdag 12. februar 2011

Dyrisk laurdagsporno

Det er laurdag, mullaen sitt heime og skal liksom jobbe, men vert distrahert av det eine og det andre. Det er slikt som skjer, vi er vant med det. Men så skjer det. Nokon sender han porno, og han vert sittande og stirre på skjermen og føle avsky. Det var pandaporno. Ein sjuk, sjuk video av nokon som prøvde å lære pandabjørnar til å ha meir "effektiv" sex. Det var ekkelt... og han måtte dele det med dykk!


Ein ting er å sjå på dyresex på ein laurdagskveld, det kan mullaen tilgje... men dette er hinsides. La no dei pandabjørnane døy ut. Kvifor må vi gje etter for deira suggesjon? Vin attende ditt sjølvverd menneske, og gjer motstand mot Pandamonium! Ikkje vere ei brikke i deira perverse sexleik!

Den avanserte seksualiteten

Det er dei som tenner på rare posisjonar og oppskrifter frå Kama Sutra, medan det er dei som vil ha leiketøy som vibratorar og rare maskinere med mykje kjettinger og styr. Det er dei som må gjere det med matrester, og det er dei som gjer det med termometer i rumpa. Sex kan vere veldig enkelt, og det kan vere frykteleg avansert. Dette forstår vi, dette likar vi. Variasjonen er livets krydder, og krydder er vi blitt ein kjenner av. Vi prøver å kjenne til det meste, og det er sjeldan vi stussar... men kva i all verda er eigentleg ei pedalfitte?!
Eg har sett sveivevibratorar, pedal drevne vibratorar og motoriserte sjømannsbruder... men ei pedalfitte? Og ikkje nok med det, den godaste John Howard tilbyr ei rekkje ulike Fittesystem, inkludert PowerFitte! Og det er sjølvsagt ei eiga side dedikert til å forklare nøyaktig kva fitte er, men sidan eg er ein verdsvant mann har eg ikkje følt behov for å utforske akkurat den. Men eg skal, eg skal utforske heile sida hans. For dette virker nytt og spanande. Meir krydder i kvardagen.

Og så, til slutt, litt trivia. Visste det den verkelege tydinga av ordet fitte? Jo, det er ei våt eller fuktig eng eller mark. Det seier seg sjølv eigentleg, gjer det ikkje? Så ikkje ta på veg om du høyrer om ungdom som spring over fitta med sine nye støvler. Det er heilt normalt, eigentleg.

torsdag 10. februar 2011

Eg dementerar!

Grine Trung dementerar at dette er henne.
Eg må gå attende på mine påstandar i gårsdagens innlegg om Trine Grung og Blog Awards. Det var ikkje rettvist av meg, og eg tar sjølvkritikk som det heitte i ml-rørsla. Eg kom i vanvare å seie ting om Trine Grung som verkeleg, verkeleg ikkje stemmer.

For ho kan jo umogleg ha hatt poeng å komme med angåande det fullstendig tragiske fesjået som var gårsdagens Blog Awards. Og det seier ho sjølv i dag, i det ho går ut og dementerar sine utsegn til gårsdagens utgåve av Dagbladet. Det er jo klart, ho meiner jo ikkje det ho seier, folk forstår henne berre ikkje, og så vert ho feilsitert. Slik som alle dei andre gongane ho har måtte dementere.

Så eg ber om orsaking av dykk mine lesarar, og dementerar på det sterkaste mi påstand i går om at Grine Trung hadde eit poeng om noko som helst. Ho er poenglaus, og PR-kåt, og trass sine 40 år (gratulerar med overstått Grungis, høyrer feiringa i går var vellukka, det er bra!) er ute av stand til å oppføre seg som eit modent, og vaksent menneske. Her snakkar vi ein 8-åring som ikkje tålar kritikk, ikkje taklar å verte presentert for sine eigne påstandar, og i same slengen har ballar nok til å påstå ho er ein PR-rådgjevar.

Gud betre meg, den dama er på narkotika og vil tydlegvis ikkje dele med resten av festen.

Eller vent litt... no dementerte ho på Twitter at ho hadde dementert noko som helst. Ho berre tulla! Om ein av tingane ho sa, liksom! Døh!

Eg treng ibux.

onsdag 9. februar 2011

Kva i all verda? spurde ho...

Foto: Barbro Andersen,
Lisensiert under lettare å få
tilgjeving enn tillating
.
Nei, nei, nei, kva i all verda? Dette går ikkje, tenkte ho, korleis kan det ha seg at eg ikkje er nominert her? Er eg ikkje ein inspirasjonsblogg kanskje? Eller kjendisblogg?! Eg er Trine Grung!

Ho kastar seg rundt og ring sine venar i Dagbladet; Det er ei skandale at... eh... altså, at dei som er nominert er nominert i staden for nokon andre!

Nokon andre? Som?

Eh... meg! Nei, altså... nokon som meg! Fotballfruen til dømes!

Trine Grung har vore litt irritert i dag, og meiner at Blog Awards berre er tull. Det har ho jo forsåvidt eit godt poeng med, det er berre tull, og det er ikkje den første bloggprisen som vert delt ut i Noreg. Vi held oss til Tordenbloggen, og ferdig med det, med eller utan sponsing og huttemegtu. Men no er prisutdelinga altså gjort, og Trine Grung måtte sitte på utsida, og sutre - det var ingen seriøse vaksenbloggerar nominert jo! Nei, når kategorien var Bimbo, Tankelaus, velkledd og anorektisk, så seier det vel sitt? For all del, eg hadde ein favoritt blant velkledd, og står ved at Barbro Andersen burde vunne. Fordi ho er ein engel. Resten har eg aldri møtt, og bryr meg midt bak.

Det eg undrast over er korleis Trine Grung kan på eitt vis virke som ho har eit poeng, og samstundes framleis så feil. For la oss vere ærlege, det er faktisk heilt rett som ho seier at det er ganske kørka å nominere nokon til beste blogg når dei knapt rørar tastaturet og ikkje har publisert noko på eit halvt års tid eller kva pokker. Men på den andre sida, så er jo det å foretrekke framfor visse kjendistryner som fyller bloggen sin med ræl, eller lar andre bruke det som kanal for livsfarlege kvakksalvarråd.

Eg er i villråde her gitt, men det koker ned til følgjande. Blog Awards er tull, dei nominerte driv med sludder (utanom Barbro fordi ho er flott), og Trine Grung er så kåt på merksemd at ho vil nytte eit kvart høve til å smøre andletet sitt utover ei avis.

Ja? Skal vi seie det slik? For kva i all verda er eigentleg Blog Awards?

tysdag 8. februar 2011

Hello Nevekamp

Når Pandamonium prøver å ta seg til rette med Hello Kitty er det klart at ein må forsvare Gudinna, og det med stil. Ein kan jo sjølvsagt ty til automatvåpen som vi har vore inne på for eit par år sidan, men det er ikkje alltid dette er like effektiv. I trange bygningar og smug er det berre nærkamp som dug mot pandabjørnane, og dei er som kjend topptrente på dette feltet. Så riktig utstyr vil vere viktig. Knivar er bra, sverd er minst dobbelt så bra, og er du i stand til å vifte med nunchaku, så gjer det òg, men rykter seier dei har forsvar mot slikt. Best av alt er kanskje å utstyre seg med våpen velsigna av sjølvaste nihilismens Gudinne, Hello Kitty, som slike:
Eit heilt uunværleg våpen i kampen mot Pandamoniums pandakommandoar. Foto: FrostingOnTop
Med ein av desse kan du banke vett inn i Pandamoniums slavar, og knekke eit par bjørnekjevar. Så her er det berre å investere i eit lite arsenal, og du kan bestille dei gjennom Etsy.

Og om du har lyst til å kjøpe til meg, så er du hjarteleg velkomen!

God kamp!

måndag 7. februar 2011

Å gjere ære på

Ein gjer ære på sine førebilete og leiestjerner på så vidt ulike vis. Det er eit behov vi har, for å uttrykkje våre kjensler, vår æresfrykt for dei vi sett høgt og som inspirerar oss til å vere den vi er, og til å strekke oss til å vere enno betre versjonar av det enn vi allereie er. Om førebiletet er i live, og får med seg denne kommunikasjonen, er jo sjølvsagt av mindre tyding. Det er eit tilfelle av sjølvuttrykk, som kanskje er like mykje mynta på andre som på motivet. Ein vil seie at dette, det er ein del av meg, den eg er. Ein signaliserar simpelthen delar av sin identitet gjennom korleis ein fysisk demonstrerar si ærefrykt på. Anten det no er ved skulpturar, maleri eller altar.

Og som mulla er det alltid litt smigrande å vere gjenstand for ein smule med avgudsdyrking.
Photo og arrangement: Superfritz, ein god tilhengjar og venn av den norske elg.

søndag 6. februar 2011

Israel og Egypts kulturskattar

Mykje har blitt sagt om kor uheldig det var at Israel gjekk ut med si støtte til Hosni Mubarak i Egypt. Deira ønske om å la han bli sittande som despot, trass den egyptiske folkevilja, hadde sitt opphav i eit ønske om stabilitet og vidare fred mellom dei to landa, men vart oppfatta som arrogant og sjølvsentrerte.

Andre meldingar frå Israel i denne samanhengen har ikkje fått same merksemd, men er kanskje av langt større historisk tyding. Heldigvis har Lamebook klart å snappe dei opp, og offentleggjort dei.
Forståeleg nok, eigentleg. Det var jo ikkje verdas beste arbeidsvilkår for dei israelske framandarbeidarane i Egypt i dei dagar har eg skjønt.

laurdag 5. februar 2011

Alt om kvinner

Du der, unge mann, er du forvirra over kvinnas mystikk? Forvirrar desse urbane nymfene deg? Det er forståeleg, dei er ikkje lett å ha med å gjere, det kan eg skrive under på. Heldigvis vert det via ein del ressursar til å forstå dei, og det finnes dei som har klart å gjennomskue dei og som gladeleg deler sin kunnskap med oss andre.

La meg presentere, mannen som veit alt om kvinner:


Det skulle vel forklare det meste?

onsdag 2. februar 2011

Sjå! Hamsun!

Eg er blant dei som meiner at Knut Hamsun, denne perla i norsk litteratur, strengt tatt ikkje skreiv så bra. Det kan hende eg las han på feil tidspunkt, og at eg med tid og stunder vil lære meg å sette pris på hans forfattarskap, det er eg fullstendig open for. Fram til då, og eg skal gje han ein sjanse til, eg lovar, så held eg meg som oftast til å seie at eg ikkje er så begeistra for han som forfattar, men likte han godt som person.

Og det er då folk stirrar på meg. Meinte eg det omvendt, kanskje? Nei, forbanna pyser! Det har seg slik i dette landet at dei som er frykteleg glade i det han skreiv, har problem med å innrømme kva den karen stod for. Han kunne umogleg ha vore landssvikar, nazisympatisør og fascist. Korleis kan ein nasjonalskatt vere det? Det kan ikkje vere sant! Dei rotar rundt i skuffer og skap, på desperat jakt etter noko å gøyme det bak. Kan han ha hatt Alzheimers? Kan han ha blitt besatt av demonar? Hjernevaska av romvesen? Eit eller anna?!

Nei, beklagar folkens. Det går ikkje.

Og så har du den andre fløyen, som er overtydd om at han var nazist. Ein vassekte, jødehatande, marsjerande brølape av ein nasse. Ja, og då kan han umogleg ha skrive gode bøker! Difor er det dårleg. Har de høyrd makan på sprøyt?! Ein mann kan vel skrive godt, uavhengig av politisk ståstad? Ta dykk ein bolle, folkens!

Nei, ein må kunne skille mellom person og hans verk i eit slikt tilfelle. Utanom i Markens Grøde - for dei av dykk der ute, som trur han ikkje var fascist... kanskje de burde lese den boka på att? Noko med den sterke mann som rydder jord og tar seg kone, og alt det der? Vidunderleg. Og årsaka til eg fekk mannen i halsen i min ungdom.

Men nok om det. Trass mine problem med hans forfattarskap, så er eg jo ein ihuga bibliofil. Og nokre tilbod er for gode til å seie nei til. Som dette; la meg presentere Knut Hamsuns 'Samlede Romaner' (vel, til den dags dato), i fjorten bind, frå Gyldendal forlag år 1933. No på plass på mitt kontor, i ok stand. Til den ringe sum av 800,- norske.
Vassekte bokporno frå 1933
Og om du mot all formodning treng å kvitte deg med litteratur frå før 50-talet, så tar eg gladeleg i mot. Nesten totalt uavhengig av innhald.

tysdag 1. februar 2011

Støtt frøken Rasmussen

Foto: Arnfinn Pettersen (CC-BY)
Eg vil gjerne nytte kvelden til å følgje ei oppmoding frå ein viss tvilsom venn, og sende ei lita støtteerklæring til Sara Mats Azmeh Rasmussen som i disse dagar sitt utanfor Calmeyersgate 8 i Oslo, lokala til godfolka i Islams Råd Norge. Den fråfalne lesbiske muslimen og tidlegare medlem av Human-Etisk Forbund protesterar mot at IRN aldri har, i klare ordelag, tatt avstand frå dødsstraff mot homofili grunngjeven i Islamsk lov, særleg i Iran. Dei har komen med vage insisteringar på at dei er i mot dødsstraff, då det ikkje er ein del av norsk lov, men ein god prinsippiell ståstad mot dødsstraff for homofili har uteblitt.


Dei færraste moderne muslimar klarar å ta innover seg at medan Koranen gjerne har fordømt mannekos (og jentekos for den saks skuld), så har kulturen og litteraturen hatt langt større takhøyde i dei gode gamle dagar. Det er med moderniteten og vestleg samfunnsstruktur at islamsk kultur har blitt så homofiendtleg som den er no. I dei gode gamle dagar var gjerne den arabiske verda ein skjulestad for europeiske homsar. Tenkje seg til. Ting har endra seg. Båe aksepten og diskrimineringa av homofile kan ein oppsummere i ei enkel apokryf åtvaring frå Profeten (fvmh) om å unngå blikket til kjekke unge menn, då dei kan lokke ein til allskens sprell. I dette ligg kimen båe til den homoerotiske poesien den islamske verda har gjeven oss, samt Irans dødsstraff mot bøgar.


Så om du ønskjer at IRN skal komme med klar tale, så gå og gje di støtte til frøken Rasmussen. Eg er kanskje ikkje einig i alt ho har funne på oppgjennom åra, men her tykkjer eg hennar krav er rimeleg.


Og dersom du vil ha noko å sove på - tenk på følgjande: Iran er det landet etter Thailand der det vert utførd flest kjønsskifter, og staten tar ein del av kostnadane. Gode gamle Ayatollah Khomeini var ein stor forkjempar for at dei som sleit med sin kjønsidentitet skulle få dette tilbodet, slik at dei kunne leve i eit heteroseksuelt forhold.