Laibach har fylt 30 år, og det må jo feirast. Og det med stil, og frykteleg lite måtehald. Fram med golvtrommer og på med uniforma! I namnet åt den store Staten, monolitten som står himmelhøgt framfor oss, skal vi danse med Ado Hynkel og Benzino Napaloni, vi skal svinge med Schicklgruber og Matreya, med fascisme og blodraudt anarki!
Dei av mine lesarar som enno ikkje veit kven og kva Laibach er, og kva dei har hatt å tyde for mullaen har nok litt og kvart å lære. Altfor mykje, truleg, til at det kan summerast opp i eit blogginnlegg seint ein søndagskveld. Laibach vart skipa i 1980, i Slovenia, og hentar sitt namn frå det tyske namnet på hovudstaden, Ljubljana og elva som renn gjennom denne byen. Dei oppstod seks månadar etter at den Yugoslaviske landsfadaren Tito døde, og dette skulle vere eit sentralt punkt for gruppa som framstod som meir partilojal og systemtru enn partiet og systemet sjølv. Ved å iscenesette viktige karakteristikk den Yugoslaviske kommunismen kunne Laibach framstå som systemkritikerar, utan å faktisk kritisere, men ved å hylle. Dei synte fram partiets skuggeside, og øste av sin kjærlei mot dei fascistoide tendensane til kommunismen. Med seg fekk dei etterkvart NSK, Neue Slowenisches Kunst, eit radikalt kunstkollektiv organisert i strengt politiske former. La meg presentere staten:
Då kommunismen byrja å vakle under deira brutale hyllest, vendte dei andletet mot vesten og populærmusikken. Beatles stod for fall, for gjennom Beatles hadde fascismen gjort sitt endelege inntog i populærkulturen. Kva var vel ikkje ein Beatleskonsert om ikkje eit hysterisk massemøte og dyrkinga av gudemenneske? Heile albumet "Let it Be" vart gjeven ut i ny prakt av Laibach, der låter som Get Back mista all sin ironi og stod att som eit innvandrarfiendtleg manifest. Rolling Stones slapp heller ikkje unna, og Laibach omfamna deira "Sympathy for the Devil" med ein LP med tolv ulike fortolkingar av den same songen. Og så var det Opus og Queen då... henhaldsvis med Life is Life og Geburt Einer Nation (One Vision);
Beggje låtene vart ompakka som nasjonalistiske powerballader, men særleg Geburt Einer Nation fekk gjennomgå - det endelege provet for at dei var nazistar. Eller er det dèt endelege beviset for at Queen, og dermed populærmusikken, var berare av ei fascistoid uttrykksform?

I åra som følgde kom Laibach til å ta for seg kapitalismen, døden og religionen, og seinare krigen mot terror og deira eiga rolle i spelet dei sjølv har skriven reglane for, men det som gjerne gjorde dei mest kjend for eit breidt publikum var NATO. Eit album dedikert til omforminga av NATO til ei åtaksallianse, og til borgarkrigen i Yugoslavia. Plata var på ein og same tid ei utforsking av krigens realitetar gjennom kjende poplåter (no i industriell technoform) og ein bøn om hjelp til det Yugoslaviske folk. Deira Occupied Europe Tour vart avslutta med ein okkupasjon av Sarajevo, på tidspunktet beleira av serbiske styrker. I fleire dagar haldt Laibach og NSK stand i byen, med massemøter, kunstutstillinger og konserter, til NATO-styrkane endeleg landa i byen og krigen vart erklært over.
2000-talet gav oss ein ny fase i Laibachs repertoar; etter å ha grundig reflektert over sin eigen posisjon, tok Laibach for seg nasjonalismen på eit nytt vis med deira Volk-plate som omfortolka ulike nasjonalsonger. Og etter dette følgde ei nytolking av Bach (LaiBach Kunstderfuge), og no nyleg Wagner (VolkWagner) som enno ikkje er komen ut på plate, men som vi ventar at dei vil spele frå på Rockefeller i morgon. I tillegg vil vi få servert nytolkingar av deira første låter, miksa av syresjefane sjølv: Juno Reactor.
Gjennom sine 30 år har lydene og temaene vore særs ulike for Laibach, men dei har aldri forlatt sine industrielle røter og held fram med å inspirere. Å like Laibach handlar ikkje berre om å like ein særskilt musikk eller eit lydbilete, men ein idè slik den manifesterar seg som musikk. Det er eit utforsking, eller eit avhøyr som dei sjølv seier, av oss sjølve. Dei vil ikkje svare oss på simple spørsmål om kva politikk som er deira, men tvinger oss istadenfor til å ta stilling til vår eigen politikk, vår eigen kultur og vår eigen uttrykksform. Om enn kor platt det høyres ut, så er Laibach ein vedvarande provokasjon for dei som ønskjer å ta til seg utfordringa dei byr på. Og her er det vi kan byrje å snakke i ei eve om kva dette innebærar. Kvar einaste plate frå Laibach er verdig eigne essays, og nokre av enkeltlåtene likeså. Og sett i samband med den fullstendige produksjonen til NSK, lansert som eigen uavhengig stat då Yugoslavia braut opp, har du nok til ein del interessant arbeid. Så sett i gang kjære lesar, gjer deg kjend med Laibach på Youtube, Spotify og nettet generelt.
Personleg skal eg no gjere meg klar til fest på Rockefeller i morgon, og sidan skorna treng ein liten puss etter veka som gjekk, er det sjølvsagt fram med det offisielle skopussesettet til Laibach: Glanz mit Laibach!