laurdag 30. april 2011

Seksualundervising

Som de fleste veit så er mullaen godt bevandra i menneskets seksualitet, og har ein forkjærleik for å sysle med folkeopplysing, eller seksualundervising om du vil, når høvet byr seg. Anten det gjeld kvar mennesket kjem frå eller om ymse hjelpemiddel, så stillar eg opp og gjer så godt eg kan med å lyse opp i mørkret med min visdom. Sålangt har eg ikkje hatt høve til å integrere min seksualfilosofi inn i eit større teologisk bilete, berre der det har vore naudsynt med teologisk avklaring. Om eg så gjorde - forankra mi seksualundervising i eit større teologisk perspektiv - så ville det sjølvsagt vore i ein situasjon der eg hadde makt over utdanningsinstitusjonane, og kunne ha sørga for ein korrekt pedagogikk rundt det heile.

Diverre er det ikkje så lett, har eg skjønt, og ulike pedagogiske reformar har jo vist seg å ha uante, og gjerne mindre heldige konsekvensar. Pedagogikk er simpelthen eit minefelt, som mullaen burde haldt seg unna om han visste kva som var bra for han. Det gjer han ikkje alltid, så om han var utdanningsminister eller tilsvarande, så hadde nok resultatet i klasserommet blitt noko slikt som dette:


For all del, det kunne jo fungert dette òg, barna har godt av eit intimt forhold til det guddomlege. Store menn vert det ofte sagt har vore rørt av Gud.

(Video via BoingBoing).

fredag 29. april 2011

Personleg merkevarebygging

Kunne du tenkt deg å lære korleis du kan anstrenge deg skikkeleg for å virke desperat? Korleis bli kjend utan å ha noko som helst kvalitetar å komme med? Då vil Thomas Moen visstnok gjerne hjelpe deg. Thomas Moen, bloggmanager (dvs. hallik for 15 år gamle fiendar av det norske språk) og allsidig høgpåsegsjølv-fyr, som i fjor gjorde seg upopulær ved å forfatte ein bloggplakat på vegne av ein hærskare bloggerar som helst ikkje ville at nokon (og aller minst han) skulle tale på deira vegne, er på sett og vis ein ekspert på korleis preike mykje og ofte utan å ha noko å komme med. (Og der slo eg alle rekordar for eviglange negative personkarakteristikkar, det hadde sikkert gjort seg med eit punktum i den setninga. Eller to.).

Denne helga har han tenkt seg Bergen, min by. For å feste og for å klemme... og fyren har sjølvsagt sine prioriteringar i orden då. For kvifor ikkje tene litt pengar på turen? Det var iallefall hans første tanke. Han er i ein by, så då kan han like godt halde kurs. Eit kurs i kva? Eit kurs i narsissisme, kanskje? Ja! Eller som han kallar det - eit kurs i "personleg merkevarebygging". Altså, korleis promotere deg sjølv utan å ha noko å by på, nett som han! Og ikkje minst tene pengar på det... nett som han. Kanskje du lærar å halde unyttige kurs?



Ja, legg merke til kor kjempeflinke desse to karane er til å framstå som... profesjonelle? Berre gje dykk pengane dine, så kan dei lære deg å lage plagsomme amatørmessige youtubevideoar. Nett som dei, og all verdas tenåringer. 1000 kroner skulle dei ha for dette, og det er det jo verdt sidan det er så eksklusivt - berre ti stykk skal få ta del i deira løynde kunnskap.

Og for all del, slik sjarlatanverksemd er det jo ikkje lite av, og det er nok av folk som vil utnytte andre med lovnadar om å verte rik snøgt, så vanlegvis ville eg ikkje brydd meg. Men ein ting ting er å hevde å vere ekspert på "personleg merkevarebygging" og lage så hjelpelause videoar som det der, ein annan ting er å hevde å vere ekspert på "personleg merkevarebygging" og sette kurset ditt til 1. mai av alle dagar.

Det er ein fridag, tenkjer Thomas, så det er jo kult! For mannen er historielaus openbart. Utan evne til å skue ut av si eiga navle. Eg lar meg ikkje provosere av folk som ryddar i hagen på 1. mai, det er faktisk eit demonstrativt standpunkt ein tar - ein del av klassekampen om du vil. Hagearbeid viser at ein veit kva dag 1. mai er, og kva den tyder.

At du trur det er ein fridag, og ein bra dag å selje svindelpakka di... det seier berre at du har lært "personleg merkevarebygging" av Thomas Moen.

Men så vert det ingenting av kurset heller då... for sist eg sjekka var det berre 3 påmeldte, og det var Thomas og Thomas frå videoen over, og Thomas som lånte dei eit møterom på jobben sin (som openbart var ledig på 1. mai!). Så hendinga er no fjerna frå Facebook... men eg tvilar på at herr Moen har tatt noko som helst lærdom av det. For lærdom... er ikkje ein del av hans "personlege merkevarebygging", historielaus, blind sjølvdigging er.

torsdag 28. april 2011

Meny på anbud

Du har tilbod, og så har du tilbod. Nokre tilbod er nesten for gode til å seie nei til for mange. Til dømes er "alt du kan ete for kr x,-" noko veldig mange fell for, før dei fell over ende av si eiga vekt. Vi elskar jo å fråtse i vår kultur når vi først skal skeie ut. Men kva om vi berre betalte det vi følte maten var verdt? Kva om maten kom i begrensa opplag, og vi var nøydd å by på den, som på ein auksjon? Eg trur eg nett har funne ein slik restaurant;
Ikkje verst, kva? Bod runda på lunsjen på denne restauranten byrjar altså på kr 69,- og går då truleg så høgt som den mest svoltne av dagens gjestar er villig til å betale for å mette seg sjølv. Kinamat er vanlegvis ikkje luksusmat, så vi må berre anta at porsjonane er solide.

Kva ville du bydd på steikt ris? På litt kylling i sursøt saus?

For ein så horribel orddelingsfeil... det kan umogleg finne stad.

måndag 25. april 2011

Rosablogging Defence League

Ein treng alle ein hobby eller to, særleg når ein sitt og ventar på eit eller anna arbeidsmarknadstiltak, og rosablogging er absolutt ein god hobby då. Her kryr det jo av meiningslause menneske som spyr ut sine trivialitetar til dei få som vil høyre på. Berre dei 'beste' vert vellukka, og klarar å tene pengar på å seie ingenting. Så då kan det komme godt med å ha erfaring med å tale til døve øyrer og små forsamlingar, gjerne overdøyvd av dei litt større folkehopane.

Ei slik erfaring vil iallefall komme godt med no når Lena Andreassen, tidlegare talskvinne for Norwegian Defence League, byrjar som rosabloggar.
Eg skriv tidlegare, for alt tyder på at hennar verv diverre var kortvarig, og dei uvaska massane no på ny har tatt opp saka som ho prøvde å reingjere. Kven kan vel gløyme hennar retoriske monsterpresentasjon i møte med TV2s reporter Kadafi;
Følg med på hennar nøye planlagde svar; ho trur kanskje at ho skal seie noko om Islam. Legg merke til korleis ho ikkje føler seg trua av den muslimske journalisten, og nikker vennleg til alt han seier. Og ho seier sjølv. Og kva enn stemmene i hovudet og fluane rundt henne seier. Ho nikker. Ho er vennleg innstilt, skjønner?

Diverre var det ikkje alle i Norwegian Defence League som tykte dette var ein så stor prestasjon, og hennar særs vellukka aksjon med nær 10 tilhøyrar, der berre ein vert banka opp av dei 1000 motdemonstrantane, vart svartmalt av dei ho hadde kasta ut frå den anti-islamske nasjonalistiske organisasjonen. Ja, det var tilogmed dei som meinte at ho øydela alt det 'seriøse' arbeidet organisasjonen prøvde å gjere.

Vi er litt usikre på korleis ho motarbeida seriøst arbeid ved å organisere ein demonstrasjon, snakke med journalistar og invitere folk frå English Defence League på besøk... men det kan ha noko med nikking å gjere. Men alvorleg tala folkens; om de ikkje er glad i nikking, la det ikkje gå utover Lena... ho kan ikkje for at ho har plukka opp ein eller annan uvane etter alle desse åra på speed. Eller kva det no har tatt for å plukka opp... alt det der.

Nei, no er ho visstnok ute av leiken, og må vie livet sitt til nye interesser. I bloggen skal ho dele av kvardagen sin... som hittil den siste månaden har bestått av ei kjole, og ein blomsterbukett. Vi sitrar i spenning, og forstår at dette er verdiar ho ikkje vil at slemme muselmenn skal ta frå henne.

For å presisere, så veit vi ikkje at Lena ventar på arbeidsmarknadstiltak, men vi går eigentleg berre utifrå det. Om nokon der ute kan innrømme å ha tilsett dette geniet, så vil vi gjerne sjå ei hand i veret eller noko slikt.

Uansett, velkomen skal du vere i den norske bloggsfæra, eg vonar du kosar deg her med oss, mellom mullaer og 14 årgamle motedrottningar.

laurdag 23. april 2011

Påskehelsing frå moskeen

Det er påskeferie, og det tyder liten utadretta aktivitet frå moskeen si side. Her er vi opptatt med intens introspeksjon og meditative øvingar - det vil seie mat, drikke og bokskriving. Men vi tenkjer sjølvsagt på dykk, kjære lesarar. Vi gløymer dykk ikkje, men vi reknar med at de er godt opptatt med å nyte påska i all si prakt, lik resten av oss. I Noreg er påska kjend som ei kristen høgtid, dominert av skiturar, hytteopphold og blodige krimgåter, samt ein hare som legg fargerike egg. Og noko om Jesus og døden og slikt.

Det er klart det kan vere forvirrande å forstå korleis denne høgtida heng saman, med så mange ulike element. Ein må nesten bruke fantasien for å forstå korleis drapet på Jesus vert oppklart av påskeharen, som så verpar ut den reinkarnerte Jesus ein stad på påskefjellet. Solkrem. Solkrem var òg involvert.

Det heile foregjekk under Pesach, den originale påska (som ikkje må forvekslast med Ostara, det er ei heilt anna soge vi tar eit anna år), som jødane feirar. Jesus, som var jøde, var sjølvsagt frykteleg glad i å feire påske. Dette var då jødane feira at dei stakk av frå Faraoen og Egypt, som ei mørbanka kone på flukt frå sin mishandlande mann til krisesenteret, under leiing av den o mest skjeggete Moses. De kjenner historia? De byrjar som ein god idè, endte med 40 år med ørkentur? Og inkluderte gullkalver, tavlar og deling av vatn? Fabelaktig greie det der, og ikkje så rart at jødane ville feire det. Egyptarane på si side, hadde ei litt anna vinkling på soga, som registrert i desse animerte hieroglyphane;




Og her såg du òg påskelammet si viktige rolle i det heile. Alle veit jo at påskelammet, som i kristen mytologi representerar Jesus, er ein sentral del av kostholdet i denne mest viktige av alle kristne høgtider. Kombinert med nattverden kan det forøvrig virke som om kristne ritual og høgtider er litt vel i overkant mykje basert på kannibalisme, og det å tygge saftige biter av frelsaren deira.

Men det får vi snakke om ein annan gong. God påske!

tysdag 19. april 2011

Korleis halde hans merksemd?

Mellommeneskelege relasjonar er jo ikkje lett. Det førar til så mange rare komplikasjonar og uromoment. Mullaen vert ofte rådspurd i desse samanhengane av desperate menn og kvinner som lurar på korleis dei skal forhalde seg til sine kjære, uavhengig av deira kjøn. Ein skulle nesten tru at han hadde ei samlivsspalte, ja? Eg svarar så godt eg kan på desse spørsmåla, anten det no gjeld blikkontakt eller kva farge på hijaben som sender dei rette signala til den utkåra beilaren (Alt ifrå, "jupp, snakk med min far" til "to skritt nærare, og mine brødre saksar av deg juvelane dine").

Slik er det trass alt å vere ein mulla, ei oppgåve eg gladeleg gjer. Eit spørsmål mange kvinner lurar på, er korleis halde på ein manns merksemd. Dei klarar lett å fange den, men dei fleste har jo ein del konsentrasjonsvanskar og kan lette gløyme kva vi held på med. Så korleis halde på ein herremanns merksemd? Vel, det er dei små tingene, du kan kle deg pent, le av vitsene hans og klype han på rumpa og gje han eit kompliment for hans lange vakre hår, alt det er vel og bra, men eg vil òg tilråde ein del andre metoder. Mat og sex. Lag middag, og ha sex. Og han vil halde auge med deg, særleg om du gjer det med andre enn han. Han vil truleg byrje å følgje etter deg, eller leige nokon til å gjere det. Og slik kan du halde på hans merksemd, om enn kanskje øydeleggje forholdet ditt til han. Det er eit spørsmål om prioriteringar.

Andre har andre råd, som kanskje kan vere like gode å lytte til.

søndag 17. april 2011

Det som skjer på skuta mellom menn

Inga kvinner ombord på skuta. Det har vore regelen i alle år. Det er ulukke å ha kvinner ombord på lange havreiser og plyndringstokt. Det seier seg sjølv. Nei, det er ingen magisk Groo-effekt der skuta berre synk når ei kvinne kjem ombord, heller ikkje er det ein universell regel at kvinner er så inkompetent innan skipsfart at dei kan senke kva som helst kva tid som helst (sjølv om dette i dei fleste tilfeller er sant). Nei, årsaka er nok langt meir prosaisk enn dette.

Det har seg gjerne slik at vi menn, vi har... behov. Sterke behov. La oss kalle dei intimitetsbehov. Behov for litt øm kjærleik, gjerne av det feminine slaget. Og vi vert rimeleg frustrerte når dette uteblir. Berre ein ting er verre faktisk, at tilgangen på dette feminine godet er særs avgrensa. Ei kvinne ombord på ei skute for å vere litt god med mannskapet virker kanskje på overflata som ein god idè, men i realiteten fører det med seg ein del alvorlege problem. For det første; sjalusi. Kimen til ein del knivdrap. Og det er farleg nok å vere ute på tokt, utan at ein skal risikere ein kniv i ryggen for å ha sett litt lenge på skipsskjøga på feil dag. Og dete r det andre store problemet, vandrande blikk og konsentrasjonsvanskar. Ei skute full av kåte distraherte menn, meir opptatt av å stirre og tafse på eit eller anna fruentimmer er ikkje ei effektiv skute. Ei slik skute vil gå på grunn.

Derav inga kvinner ombord på skuta. No er det dei av dykk som vil protestere, og seie at vi menn ikkje vert mindre kåte berre fordi vi fjerner kvinna frå likninga. Vi vil framleis verte like frustrerte, om ikkje meir. Ja, det er klart. Det er her dekksgutane kjem inn.

Unge guterampar (guterumper?) som tilbringer dagane på alle fire medan dei skrubber dekk kjem veldig godt med når mannskapet skal lette på trykket. Ja, no skal ein vere varsam med å anklage barske sjøulkar for eventuelle homoseksuelle avvik, men det er jo ein grunn til at dei har fått rykte som dei har, og den grunnen er den flittige bruken av dekksgutar. Livet på ei skute var tøft for ein ung mann, og gjerne oppsummert med Rum, Sodomy and the Lash - rom, rumpepuling og ris - men han kan trøyste seg med at om nokre år, er det han som rir ferskingen inn i skumringshorisonten. Dette må sjølvsagt ikkje vere til for stor glede for nokon av partane, dette er eit pliktmessig og naudsynt gjeremål, og ikkje rein forlysting. I dei tilfella der båe dekksgut og sjøulk byrjar å sette litt for mykje pris på den institusjonaliserte valdtekta, kan det løne seg å vere diskrè.

Ein ting er at du rotar rundt med ein annan fyr på skuta, noko heilt anna er trass alt å synge høglytt om det. Denslags truer mannskapets kollektive maskulinitet og moral. Det kan snøgt ende med planken.


Det er likevel å foretrekke framfor ei kvinne på skuta. Hugs det.

torsdag 14. april 2011

Vi skal på retur til Apeplaneten

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg er ein stor fan av Apeplaneten, eller Planet of the Apes som den heiter på finspråket (Nei, ikkje den tullete remaken til Tim Burton, men originalen frå 1968), og har storkost meg med heile den originale serien med filmar som følgde (nei, framleis ikkje den tullete remaken til Tim Burton, men oppfølgjarane til originalen frå 1968). Den originale filmen (altså, ikkje den tullete remaken til Tim Burton), var basert på La Planète des singes av Pierre Boulle, og grip tak ei rekkje tidsriktige tema. Som rasisme, borgarretighetskamp og pasifisme. Ei kritisk haldning til vald og ulike undertrykkande strukturar gjekk som ein raud tråd gjennom dei fem filmane som utgjer den originale serien, sjølv om kvar film var unik på sitt vis. Kvar film tok historia til Apeplaneten eit steg vidare, og korkje tidsreiser eller synkande kvalitet på apekostyma kunne øydeleggje det som er ein av mine favorittseriar.

Vel, om du ser vekk ifrå Planet of the Apes med Mark Wahlberg i hovudrolla frå 2001 (Ja, den tullete remaken av Tim Burton). Eg er i utgangspunktet ikkje begeistra for at ein skal spele inn klassiske filmar på ny, berre fordi teknologien har blitt betre, og dette er eit nydeleg døme på kvifor. Filmen fungerar simpelthen ikkje, og når ikkje opp til knehasane på originalen. Kvifor dei ikkje valte å heller satse på ein femte oppfølgjar må du ikkje spørre meg om. Eg er veldig glad for at eg fekk ei gratis kinosyning av denne filmen, for pengane mine var den ikkje verdt. Trass vidunderlege David Warner i apemaske.

Og no, ti år seinare, har tida altså komen for at 2001-versjonen får sin eigen oppfølgjer. I august skal vi verte presentert for Rise of the Planet of the Apes:


Openbart basert på den fjerde filmen i den originale serien, Conquest of the Planet of the Apes, der vi følgjar den første superintelligente apen Caesar i hans kamp for å frigjere sine artsfrender og gjennomføre ein valdleg revolusjon mot menneska som har nytta dei som slavar. Eller nøyaktig kva som skal skje i denne nye filmen anar vi ikkje... men vi kryssar fingrane for at den vidunderlege Caesar vert handsama med respekt.

Elles vert eg litt lei meg. I mellomtida er jo dette den perfekte unskuldinga til å sette seg ned og sjå om att alle apeplanetfilmane (Nei, ikkje den tullete remaken av Tim Burton, hjelpe meg.). Inkludert det som definitivt er ein av mine favorittar, den allereie nemnte Conquest of the Planet of the Apes.


Du kan lese meir om dei originale filmane her:

måndag 11. april 2011

Ein skapkristen yrkesateist

Det måtte skje før eller seinare. Vi har sett teikna lenge. Ting heng berre ikkje på greip lenger. No i desse siste dagar skal vi vere vitne til mykje rart, mykje som simpelthen skulle vere umogleg. Når paradoksa vert kvardagsle, kan ein ikkje rekne med anna enn at svovel kjem til å regne ned frå himmelen, og Siv Jensen ferska til sengs med mulla Krekar.

Men no hopper eg litt fram i tid, det er ikkje før til påske. I mellomtida skal min kjære hansastad, Bergen, vere vertskap for ein skapkristen yrkesateist frå det antaglegvis kannibalistiske Human-etisk forbund som skal snakke om si nye bok om kristen-noreg. Vi snakkar sjølvsagt om ingen ringare enn min gode venn, sekretæren til Lord Bassington-Bassington. Sett til venstre her i eit meir korrekt antrekk i sitt eiga herskapshus.

I Kristen-Norge: En oppdagelsesreise skildrar den velkledde skalla mannen om sine eventyr på jakt etter frelse og Gud blant ulike kyrkjelyder i vårt vidstrakte land. Ein litt underleg prosjekt å ta for seg, for ein mann som hever løn for å vere ateist på heiltid. Dette vil truleg vere noko av det herremannen kjem til å prate om førstkomande onsdag. Og eg vonar at så mange som mogleg av dykk vil slå følgje med meg. Ikkje berre vil det verte eit interessant foredrag, det vil sikkert vere høve til å komme med friske tilrop... eventuelt stille nokre spørsmål. Personleg vurderar eg å gje han ein kort leksjon i korleis verkeleg nå Gud, ved hjelp av fine kvite kjoler, fezar, danseglede og ein liter whisky. Slik Profeten (fvmh) foreslo det... ein gong... då ingen var til stade for å ta notatar.

Om du er på fjaseboka så er det berre å melde seg på arrangementet her. Ser dykk der, godtfolk.

laurdag 9. april 2011

Aldri meir 9. april?

Ein snappar det opp kvart år, denne aversjonen mot niande april. Som om dette er ein dag som helst skal gløymast, dyttast under senga eller stappast inn i det eine klesskapet med alle eksen sine attgløymde klede og sexleiketøy. "Aldri meir 9. april", ropar dei, og hyttar med nevene. Utan tanke på kven dei sårar. Eg har venar som er fødd 9. april, som altså feirar sin fødselsdag på denne dag. Kva skal dei gjere, når desse aprilhatande kriminelle får vilja si og får strykt dagen frå kalenderen? Skal vi fråta dei retten til å feire dagen dei vart fødd? Skal vi fråta dei deira rett til å vere fødd? Det luktar som ein dødsdom.

Og kva med kalenderen? Har du tenkt på korleis den vil verte sjåande ut utan 9. april? Skal vi gå rett frå 8. til 10., opprette 8,5. april, eller berre etterlate eit gapande hol og for alltid dømme denne dagen til ein slags limbotilstand. Korleis gå på jobb som ikkje eksisterar? Korleis førar du timeliste då? Har desse forbryterske kalendervandalane tenkt på dette?

Kva har 9. april gjort dei? Kva har noko dato nokon gong gjort oss? Har 9. april okkupert Noreg? Nei. Har 9. april inspirert krig og elende? Nei. Er 9. april ein imperialistisk trong, eller eit krav om Lebensraum? Nei.

Så slutt å mobb 9. april. La dagen vere i fred, og gå og plag nokon på dykkar eigen storleik.

fredag 8. april 2011

Om det underlege postvesenet

Posten har sendt ut beskjed om at dei skal lansere, eventuelt påtvinge oss, ein eller annan form for digital postkasse for offisiell post. Altså, dei vil gje oss ei epostadresse. Eller noko slikt. Mullaen har ikkje orka å lese brosjyra heilt enno, det virker i utgangspunktet som ein litt dårleg, men for det meste desperat idè, men for all del... noko må dei sikkert bruke portoprofitten på. For ikkje å snakke om sakshandsamingsgebyra for allskens tullete fortollingar.

Eg vert tryggja av moskeens medlemmar at dette ikkje vil gå utover det vanlege tibodet til det underlege og folkeskye Postvesenet. Du veit, det tilbodet som gjer at rapportar frå mine agentar kjem fram sjølv når dei ikkje adresserar postkortet;
Forøvreg saknar vi agenten som sendte dette kortet. Om nokon ser henne, vennligst rapporter til hovudkvarteret. Det er det der store stygge bygget, veit du...

Men ja, posten når jo faktisk fram. Og det har vi dette Postvesenet å takke for. Eg har aldri sett det, men mistenkjer det har mange armar og bein, og følehorn. Og ein eller annan sonarfunksjon. For takka vere postvesenet fylles moskeen opp med allskens dill og dall, som mullaen berre ha! Som bøker:
Ja, for bøker... det er jo naudsynt. Og mullaen har lyst til å verte betre kjend med Gabriele D'annunzio. Smukke Gabby blant venar. Og då må postvesenet levere bøker til moskeen.

Og om mullaen vil kose seg med klassikerar som ikkje er i skriftleg form, og kanskje har lyst til å glo på ein skjerm... vel, då kan postvesenet stille med DVDar.
For du kan pinadø aldri få nok av klassisk Doctor Who... kan du?

Problemet er at det er verkeleg ikkje plass til alt saman snart. Vi må nesten slå inn ein vegg og ta over nabomenigheita. Ja. Slik gjer vi det. Eg hentar slegga.

Eh... kva var det eg snakka om att?

onsdag 6. april 2011

Kom og høyr den heldige jøde!

Eg har ved eit par tidlegare høve fortald dykk om min venn Geoff Berner, whiskyrabbi og fordømt heldig jøde. Denne sjarmerande fordylla klezmermusikaren med sitt hovudsete i Vancouver, Canada. Han har no sluppen ei ny plate, Victory Party, og reiser i samband med det på turne i Europa, og skal halde ein handfull konsertar i Noreg. Han ankom Bergen for nokre timar sidan, og er klar spetakkel i morgon, torsdag. Først vert det minikonsert på platebutikken Apollon klokka fire, og deretter full fres på kveldstid på Hulen. Fredag er det Chateu Neuf i Oslo, etterfølgd av Oslo Spektrum på laurdagen der han som vanleg er support for Kaizer's Orchestra.



Om du ikkje har fått med deg lydane til Geoff og hans klezmerrockande venar, så gjer det sikkert best i å sjekke ut kva eg har skrive tidlegare. Oppsummert: Fordrukkent tull og tøys med ein særprega jødisk schwung. Her snakkar vi melankolske drikkeviser og hyllester av yiddischkultur. Ein mann som erklærar høglytt at han er ein "lucky goddamn Jew" og ein whiskyrabbi. Han syng låter om sigøynerane sin lagnad i Europa, og om franskmennenes knefall for idiotien då dei bygde Maginotlinja. Han kombinerar politisk aktivisme med jødisk ironi, og hersker over trekkspelet. Og han er generelt sett ein sjarmerande drukkenbolt.

Så bli med og fest med meg då?


tysdag 5. april 2011

Kvalm av Pandamonium i Japan

Ingenting hindrar Pandamonium i å forlange vår totale underkasting. Ingen situasjon for alvorleg, inga katastrofe for tragisk, til at dei vil utnytte det for eiga vinning. Gjennom TV2 kan vi høyre at to kinesiske pandabjørnar har slått seg ned i Japan, og tar i mot hyllest frå dei desperate overlevande etter tsunamien. Eller som lakeiane i TV2 formulerar det:
Flere tusen tsunami og jordskjelvofre var kjørt med busser til parken for å få med seg den store opplevelsen. Allerede før portene åpnet sto nærmere tre tusen mennesker i kø. En time etter at portene hadde åpnet var hele 8.000 mennesker inne i parken, det dobbelte av hva som vanligvis er på besøk i parken.
Eg ser det for meg. Jaga inn i bussane av miljøterroristane i WWF, forskremte og svoltne små gule menneske transportert mot ein uviss lagnad. Vel framme i Tokyo vert dei piska ut av bussane, og tvungen til å knele framfor dei to pandabjørnane i tusental. Stirre mot dei, og gje dei sin siste rest av mentalt overskot. Pandabjørnane godtar seg, og storkosar seg medan dei sug livskrafta ut av sine desperate offer. Og dei som vart bedt om å bli att etter seansen... vart aldri sett att.

Heile verdssamfunnet rop og skrik om at vi må hjelpe dei stakkars japanerane i desse tider, men vi ignorerar og skjønnmaler dette brutale overgrepet mot dei. 8000 hjelpelause offer for Pandamoniums uendelege svolt etter vår merksemd.

Som ikkje jordskjelv, tsunami og radioaktivitet var nok!

Eg vert kvalm.

Eg pussar pandarifla.

Og vert kvalm.

måndag 4. april 2011

Rusa på Charlie Sheen

Det er opplest og vedtatt av dei fleste at Charlie Sheen har tørna totalt. Ei rekkje intervju og videoar får Tom Cruise til å framstå som mentalt stabil, og Sheen har visstnok byrja å henge rundt med den sprutsprø konspirasjonsteoretikaren Alex Jones.

Sjølv hevdar han at han kjempar for sin rett til å bryte med konvensjonane og vere ein vinnar, og narkotika tar han ikkje lenger, for han er rusa på å vinne, han er rusa på Charlie Sheen. Eit godt tilfelle er dette intervjuet han klippa om og la ut på nettet sjølv;



Hmmm... etter å ha sett det så har eg eigentleg lyst til å vere rusa på Charlie Sheen sjølv. Eller kva enn pille eller pulver mannen er på.

Obviously. I'm Batman. 

laurdag 2. april 2011

Fredag på ein laurdag

Etterkvart som den vestlege sivilisasjonen synk ned i avgrunnen vert det vanskelegare og vanskelegare å sjå meining i dei lågkulturelle uttrykka vi vert bombardert med. Anten det no er rosabloggerar på framsida av aviser, eller det er Rebecca Black si hjerne- og talentlause låt Friday.

Korleis skal eit tenkjande menneske imøtegå noko slikt? Omringa av åndsamøber som fortel ein at det er gale å ta til motmæle, at vi berre er arrogante og ikkje forstår kor bra det er med songer som har eit refreng som består av to ord repetert, eller vers som er så mundane at dei får Manic Monday til å framstå som Iliaden?

Eit godt vis å meistre ei slik utfordring er å gjere det kapitalismen alltid har gjort mot oss. Internaliser. Uskadleggjer. Ta over og bruk det mot dei. Som til dømes med denne versjonen av Friday som faktisk gjer låta hørbar og interessant.


Dvs. om ein likar denslags elektroniske låter og støy... noko denne mullaen gjer. Ein meir tradisjonell, intellektuell og overdådig versjon har vår kjære Stephen Colbert stått for.


Dette i samarbeid med Jimmy Fallon. Heile historia bak dette finn de her, mullaen kan jo ikkje forklare alt heller.

Elles, ha ein god kveld, sjølv om det ikkje er fredag.