måndag 30. mai 2011

Statistikk og vår nye antropologi

Vi lev i ei tid der statistikk og den nye antropologien lærar oss mykje, gjerne alt vi treng å vete, om våre medmenneske. Tal kan umogleg lyge, har eg forstått, og statistikk er eit vindauge inn i den universelle sanninga. Indisiar, prov og kausalitet. Alt smelt saman til enkle tal, formidla av dei sanne orakla, dei som ivaretar den nye antropologi.

Nyleg har vi fått presentert tal som fortel oss at menneske frå Somalia og Pakistan har låg arbeidsdeltaking i Noreg (ikkje så rart, skulle ein tru, sidan dei fleste av dei bur i Somalia og Pakistan, men vi snakkar her altså om flyktningar, og det er jo meir forståeleg då). Desse er som kjend ikkje berre synleg annleispigmenterte, men dei er òg muselmenn, for kulturen i desse landa er hovudsakleg prega av islam. Du veit den der skumle religionen med sjølvmordsbombar, og ein profet som hylla hardt arbeid som viktigare enn bønn, og penneblekk som viktigare enn martyrens blod... du veit.

Den gamle antropologien hadde nok forvilla seg inn i nokre kulturelle greier, eller tilogmed sett på klassesamansettingen i innvandrarmiljøa - unyttig som berre det. Berre vrøvl. Den nye antropologien ser gjennom alt dette, og anarkjenner at statistikk avslørar genetiske etnoreligiøse trekk i folkegrupper. Altså - dei er late. Folk som trur på a) islam og b) har x-faktor pigmentar i huden er late (og trassar slik sin religion, sett slikt!). Ikkje berre er dei late, men den nye antropologien har òg funne ut at dei valdtar, stel og plyndrar som vikingar på tokt i storbyen. Kva har klasse og kultur med dette å gjere? Det er reint etnisk dette må ein vete. Det ligg i blodet. Blodet og opphavslandet. Blut und boden! Der ein før kunne avsløre felles karaktertrekk på stammefolket ved å måle hovudskallene deira, kan vi i dag ty til statistikken. Fortolka av den nye antropologien, haldt i hevd av FrP og deira håndlangerar.

Er vi ikkje heldige?

Tenkje seg til at i uopplyste gamle dagar så hadde tal om dårleg arbeidsdeltaking av annleispigmenterte menneske antydd at folk var uvillige til å tilsette dei. Som om nokon kanskje hadde sprunge rundt i åresvis i media og insistert på at alle som er annleispigmenterte eller trur på rare religionar er late kriminelle som valdtar døtrene våre. Heh... godt vi er opplyst av den nye antropologien.

torsdag 26. mai 2011

Kina; eit føregangsland

Ein kan seie eg gjev etter for press... eller kanskje eg berre viser omsyn til kva mine lesarar. Det har iallefall vore ein del som har meint eg burde skrive ned eit par ord om dette, og her kjem det. Kina. Kina. Kina. Eit komplisert lite land der i den fjerne austen. Kina er eit kommunstisk diktatur tufta på læra til Confucious og Mao Tse-Tung, og det er eit av dei mest framgangsrike kapitalistiske landa i verda. La oss vere ærlege, Kina har kjøpt opp USA for lenge sidan, akkurat no leikar dei berre med dimlingane i Washington, lik ein katt leikar med ein mus den har fanga. Kina er òg det landet i verda som lev med trugselen om Pandamonium nærast på kroppen, samstundes som det er landet som gjev mest etter for pandabjørnane sine horrible krav om menneskeofringar og metropolar bygd til deira ære. Kina er òg landet der dvergar har fått si eiga lille landsbygd. Og no meldar verdsveven at òg miss Kitty White, AKA Hello Kitty skal få sin eigen heimstad i Kina òg. Ja, det skal byggjast ein temapark dedikert til denne vidunderlege gudinna.
Dette vert ein vidunderleg stad der all form for meining vert lutra frå ditt sinn og kropp i det du kjem inn i avsperra område, litt som når du møter opp på ein postmodernistisk litteraturfestival. Eller Kina. For her herskar det harmoni og orden, her er det inga konflikt eller uro. For der ingenting er, der ingenting har meining, så kan heller ingenting bryte. Det er total harmoni, fordi det er fullstendig tyst. Dissonans ville vere om noko lagte ein lyd, og det vil det ikkje gjere. Slik skal vi dyrke vår Gudinne i Kina. Og slik skal vi gjere postmodernisten Baudrillard til sanninga - tivoliet vert den verkelege verda, uforfalska, medan utanfor porten møter sirkuset oss, falsk og glorete.

Heile moskeen gleder seg, og forventar å verte invitert til opninga i 2014.

Dei som i den siste tida har valt å opplyse meg om dette, likar gjerne å tru at det er noko unikt ved det heile. Det er det jo ikkje, då Hello Kitty allereie har fått sitt eige lille Disneyland i Japan. Sanrio Puroland er driven av Sanrio - så klart! - som eig rettane til gudinna, og ho er difor ein framståande attraksjon i dette harmoniens rike i det elles så travle Japan. Ikkje at japanerane vil la seg sjølv verte overgått av kinesarane... dei planlegg å byggje sitt eiga enorme Hello Kitty-land òg.

Det er gode tider for dei som dyrker tomheten.

onsdag 25. mai 2011

Ingen grunn til panikk, vi har eit handkle

Mullaen ber sitt handkle med stil.
Det burde ikkje vere naudsynt av meg å fortelje dykk kva dag det har vore i dag. Det er 25. mai, og som alltid er det den internasjonale handkledagen. For å markere Douglas Adams sin litt og virke, og så hans bortgang 11. mai 2001 har vi dei siste ti åra valt å bere med oss eit handkle kvar enn vi går. For har vi eit handkle, så har vi eigentleg det meste vi treng. Eit handkle er frykteleg nyttig, lærte han oss. I år var det litt spesielt, av to årsaker; for det første for det enkle faktum at dette er det tiande året vi gjer dette. Det er ti år sidan Douglas Adams døde, og ti år sidan vi tok handkledet med oss ut på gata og på jobb. For det andre er det spesielt fordi det i år er første år med nytt handkle for meg. Som alle sikkert hugser, forsvann mitt vanlege handkle ifjor, medan det var på utlån til Bergen offentlege bibliotek.

Heldigvis fekk eg eit nytt handkle, donert av ein veldig snill lesar.

Når ein går rundt med eit handkle, vert det gjerne til at folk spør. Og i løpet av dagen må ein forklare desse hedningane kva eit handkle er godt for. Og dette må ein altså gjere fleire gonger i løpet av dagen. Det er ein smule krevande etterkvart. Heldigvis finnes det nyttige lister med gode grunner til å ha med seg eit handkle. Her er ei liste med 42, naturlegvis. Her er ei liste med 49 grunner.

Ser du? Handkledet er nyttig.

I år har eg valt å nytte handkledagen til å rette fokus mot eit viktig tema. Overfølsome menneske, og menneske som er støytt på andres vegne er noko ein ser meir og meir av. Eit biletet som vart hengt opp på CMI ved UiB vekte merksemd då ein fekk høyre at det kunne støyte muslimar, og difor måtte dette takast ned. Trass at vi aldri fann ein einaste muslim som faktisk brydde seg om biletet. Men slik har det no blitt, i desse paniske, ikonoklastiske tider, det er best å fjerne alt som dei besteborgarlege naivistane trur kan vere til plage for nokon. La oss beskytte dei. Verne om dei...

... eller vi kan kanskje la vere å få panikk, det er berre ei rumpe?
Ei rumpe. Ei bok. Ingen grunn til panikk.

tysdag 24. mai 2011

NSB Komfort?

Ann Ramsey i Kast mamma av toget
Mullaen har nok ein gong vore ute og reist, og det er jo alltid koseleg. Så eg skal jo ikkje klage, eg traff nye og gamle vener, og fekk helse på ein aldrande provokatør som gjorde sitt beste for å tvihalde på eit image som gjekk ut på dato for tjue år sidan. Og eg vil jo ikkje klage på sjølve turen heller, eg likar jo tog - det er jo difor eg valte å ta tog denne gongen. Og det er ikkje slik at eg likar å klage på gamle uskuldege damer og slikt, det er ikkje det - dei er jo jamt over søte, må ein jo seie. Ein må jo det.

Men når eg tar toget på lange strekningar, så er det jo gjerne fordi eg treng litt fred og ro. Til å lese. Til å tenkje. Og, ikkje minst, for å skrive. Eg har tenkt i det siste på å gjere nokre skriveri om kannibalisme, og hadde difor store planar om å bruke turen til å gruble opp litt idear for meg sjølv. Og då tykkjer eg det er heilt greit å leggje ut den ekstra lille hundrelappen det er for NSB Komfort. Ekstra beinplass, straum, aviser og andre menneske som og gjerne planlegg å jobbe. Dette er absolutt verdt det.

Problemet med tog, er sjølvsagt at ein aldri veit kva ein får ved si side, men dette går som oftast greit. Særleg på Komfort. Og om det er problem, så er det jo ikkje alvorlege problem. Ein kan jo berre gje urokråker blikket, eller eventuelt snakke til dei.

Det er ikkje så lett når det er snakk om pratesjuke kvinner i 80-åra, som i sin einsemd søkjer kontakt med mannen dei er plassert ved sida av, og vel å dele sitt livs detaljar med han. For ikkje å snakke om stadig repetetive kommentarar om veret, og spørsmål om dette var riktig vogn og om vogna var ny. Litt senilitet følgjer alltid med i den aldaren. Alt dette er jo vel og bra i dei fleste samanhengar, ein skal jo ikkje vere vanskeleg med dei eldre. Ein må gje dei litt slingringsrom. Ein er trass alt ein gentleman, men eg må innrømme at å skrive om kannibalisme, med denne pratande ved mi side, var eit stykke utanfor mi komfortsone. Det hjalp jo heller ikkje at ho var dårleg til beins, og vart plassert ytterst av togpersonalet. Noko som tyder at ho ikkje kunne reise seg når eg ville ta ein tur på det lille mullarommet og pudre nasa. Så der satt eg, i timesvis. Laaaaaaangt utanfor min komfortsone etterkvart. Takk Gud for at det var toalett på endestasjonen.

Det er ikkje meininga å klage og sutre, sjølv om ein er frista til å sette seg på nokon frå NSB og forlange Komfort-tillegget attende. Men ein kan vel ikkje klandre NSB for tilfeldige eldre passasjerar vel? Nei, NSB er jo eit vidunderleg selskap, og vi er jo alle glade for å vere deira kunder (om ein ser vekkifrå mangelen på lyntog, og utpressingspriser på kafeane deira). Eg kom i det minste vel fram, og hadde det komfortabelt eit par dagar der.
NSB ønskjer deg. Tenk deg det...

torsdag 19. mai 2011

Integrering er ikkje lett, nei

Ein høyrer stadig vekk om innvandrarar som slår seg ned i små koloniar, som berre heng med sine eigne, og nektar å ta til seg sitt nye heimland sin kultur og språk. Dei oppførar seg kontrært, og spytter på eksisterande tradisjonar og levesettet i landet og nektar simpelthen å tilpasse seg.

Og så byrjar dei å offentleg markere sin eigentleg kultur, sin eigen nasjonale identitet, og gnir den opp i trynet på lokalbefolkinga. Det er så frekt, at ein må jo nesten forstå at folk reagerar, ikkje sant? Det er jo det FrP, gjer... er det ikkje?

Eller ikkje når det er dei sjølv i den der nedrige kolonien dei har oppretta i Spania.

Integrering er openbart ikkje lett, nei.

Om eit pigmentert menneske viftar med eit ikkje-norsk flagg i Noreg vekker det enorm harme; og om eit pigmentert menneske oppførar seg som ein dass, så skal alle ut av landet. Men når FrParar oppførarar seg som... FrParar i eit framand land... så er det visst noko heilt anna. Alvorleg tala, det er ikkje kult å kaste egg på eit 17. mai tog, men ikkje faen om desse bleike, feite kolonistane til Carl I. Hagen har ein dønn drit å seie.

Eg merker eg er litt irritert. Kan vi kaste dei ut av landet no?

søndag 15. mai 2011

Uvelkoment selskap.

Slik såg nesten insektet ut, så det var kanskje ikkje ein flygemaur?
Eg var ute og gjekk gatelangs i det fine veret her forleden, då eg brått merka at noko traff brilleglaset - bopp, sa det! Framfor auga mine var det ein mørk flekk, kva enn som traff, var der framleis. Så eg rista på hovudet, i von om å riste av kva enn det var som hadde satt seg på brilleglaset. Og det forsvann, men eg kunne framleis sjå ei skugge, så eg tok av meg brillene for å inspisere. Og der satt den, det såg ut til å vere ein flygemaur eller ei floge av eit slag, og den hadde no slått seg til ro på brilleinnfattinga over glaset. Hm, tenkte eg, det er jo ikkje meininga å vere vrang, men eg er jo ikkje eit transportmiddel for insekt heller, så eg byrja å riste på brillene mine. Og hoppa litt opp og ned på fortauet. Svingte med armane.

Og til slutt var den vekk. Godt, tenkte eg, og gjekk vidare lukkeleg åleine.

Det fekk meg til å tenkje på uvelkoment selskap, og det fekk meg til å tenkje på ei hending i førre veke som kan fungere som ein slags parallell til dette insektet.

Som eg har nemnt tidlegare, så har det slik at det største problemet på gatene i dei fleste norske byar, korkje er innvandrarar eller gateseljarar, men alkoholikerar og junkies. Folk som har drukke seg frå sans og samling, og tatt nok piller til at dei fleste av hjernecellene anten har sovna inn eller flytta til eit betre nabolag. Resultatet er menneske med ein treffande aroma, grautete uttale og ei eiga emne til å starte samtaler med vilt framande på gata (anten dei er der eller ikkje) - ja, ein er tilgjeven om eit lite sekund mistenkjer desse menneska for å ha dyrka fram eit ekstra kromoson ved hjelp av farmasøytika.

Den sinnsforvirra dvergen såg ikkje slikt ut.
Dette er ein heilt annan forvirra dverg.
Vel, altså, her forleden dag traff eg eit av desse menneska. Sløv i blikket, lettare forvirra og attpåtil var ho dverg. Ein siklande, forstyrra narkoman dverg. Eit skikkeleg sjarmtroll. Møtet fann stad på ein busstopp, og ho spurde meg kva tid neste nummer 19 kom, og eg kunne fortelje henne at den kom 17.10. Og med det var det gjort, ho ville gjerne fortelje meg at 17. mai var rett rundt hjørnet. Og det skulle ho feire. Eg nikka og smilte. Helga etter hadde ho bursdag, det skulle ho òg feire. Eg nikka. For det fortalde stemmen henne. Aha, sa eg. Og det er lurt å høyre på stemmene sine. Då ho hadde tatt ein heil haug med sovemedisin, eg hugser ikkje kor mange det var, var det stemmen som hadde brølt til henne: Vakn opp for faen! Din idiot!

Og slik haldt det fram. Det var viktig å høyre på sine stemmer forstod eg, men eg var usikker på kvifor det var viktig å høyre på denne framtoninga. Og til slutt kom ein buss, og eg stilte meg klar til å gå ombord. Var det nummer 19? spurde ho. Nei, det var det ikkje, så ho måtte nok vente litt til, medan eg kasta meg ombord på bussen og slo meg ned i eit sete. Eg kasta eit blikk ut vindauget, og såg at dvergen hadde starta opp samtale med ei jente i slutten av tenåra, som hadde virka veldig ukomfortabel medan eg hadde snakka med kvinnemennesket. Ho virka ikkje mindre komfortabel no. Eg kunne høyre samtala inn på bussen, og fekk med meg at ho hadde byrja på nytt om stemma ho høyrer i hovudet. Medan eg hadde gått på bussen, hadde nummer 19 komen, og stod bak bussen eg var på og tok opp passasjerar. Dette virka det ikkje som om jenta eller dvergen hadde fått med seg, då dei var litt for opptatt av å dyrke den uønskja samtala.

I det nummer 19 lukka dørene, og køyrde rundt bussen eg var på, la tenåringsjenta merke til den. Litt fortvila peikte ho mot bussen og spurde med bevrande stemme; var det nummer 19?

Det var 20 minutt til neste nummer 19 kom. 20 minutt med den samtala. Eg veit eg skal tykkje synd om jenta... men eg flirte heile vegen heim. Eg rista floga av brilleglaset, og floga gjekk vidare til nokon andre.

Gjer det meg til eit dårleg menneske? Eller berre menneske?

Dei kjem i fred

Musikken er ikkje til å ta feil av; slovenske Laibach si tonesetting av Churchill si berømte kamptale frå slaget om Storbritannia...


Dei kjem og dei kjem i fred. Du høyrer det sjølv, leia av Udo Kier vil dei regne flammande og blodig fred ned frå himmelen. Har sagt det før, og eg kan seie det på ny: Iron Sky ser ut til å rocke trusene av oss!

torsdag 12. mai 2011

Atari, ET og søppelfyllinga

Segn fortel om at ein stad i New Mexico er det ein søppelplass der millionar av eksemplar av E.T. the game til Atari 2600 skal ha bli gravlagd. Dette katastrofale spelet, som vart utvikla under press på seks veker for å tilfredsstille krava til forretningsfolk som ville tene pengar på Spielberg sin familiefilm E.T., får gjerne skulda for å ha starta den store videospelkræsjen i 1983 - då alle trudde det var over og ut for spelindustrien. Som vi veit, gjekk det ikkje slik, då spelindustrien i disse dagar ruver over Hollywood i båe inntening og produksjonskostnadar. Eg har lenge vurdert å fortelje denne soga, men aldri komen så langt, så når ein ung snerten jente tar på seg å opplyse folket på Youtube, så lar eg henne få ordet istadenfor.

Når alt kjem til alt, så stemmer det nok ikkje at alle eksemplar av ET vart dumpa ned i grøfta. Og i utgangspunktet solgte det jo rimeleg greit, berre ikkje så greit som dei hadde vona, og dei satt att med eit heftig restlagar. Nokre av desse hamna nok på ei søppelfylling i Amogordo, i lag med mykje anna skrot frå El Paso-kontoret til Atari. Dette skrotlageret vart deretter dekka av sement. I løpet av 1983 protesterte myndigheitene i byen på denne dumpinga, og som ein konsekvens innførte fleire strenge lovar som regulerte avfallshandteringa i byen.

Til sjuande og sist, så stridde det mot Ataris eiget reglement å dumpe alle eksemplara. Så ein eller annan stad... så har dei sikkert tatt vare på dette spelet. Dette grusomt dårlege, marknadsøydeleggjande spelet. Det første av utallige dårlege spel basert på filmar...

onsdag 11. mai 2011

Heksa Batcheeba og slikt

Sei meg kven dine vener er, og eg skal seie deg kven du er. Det er iallefall det dei seier, og det er då eg lurar på om eg burde skaffe meg nokre nye vener. Mine vener er gjerne litt eksentriske dyr; dei lagar musikk, dei skriv, dei malar og dei spring naken rundt i små bygder og skrik etter Shub Niggurath. Eg har over tid slått meg til ro med det som openbart er uttrykk for forstyrra sinn og meir eller mindre svake psykosar. Men eg uroar meg avogtil om kva mi omgangskrets eventuelt seier om meg... eg som er så jordnær, så stabil... så... normal!

Men som mulla skal ein vere inkluderande, og inkluderande er eg. Og det vert jo fabelaktig fine resultat av desse eksentrisitetane til mine vener då. Som i dag, når talentfulle Batcheeba kunne lansere musikkvideoen til sin låt Witch.


Eit vakkert og utfordrande stemningsbilete frå ei ganske så hekseaktig dame. Det kan ein jo like?

Sjølv har eg jo eit litt anstrengt forhold til hekser og hekseri, etter at eg gjorde eit djupdykk i heksearkiva for over ti år sidan og gjorde eit lite studium av det heile. Det var noko med denne soga om deira uskuld og kyrkjas grusomme framferd som simpelthen ikkje stemte. Det var simpelthen feil... men det er vel ei soge for ei anna tid? Der dei fleste av mine vener kanskje identifiserar seg med heksa, annleis og forfølgd, har eg litt andre førebilete. Jahn Teigen til dømes. Eg har alltid likt Jahn Teigen.


Ja... eg er meir som Jahn Teigen eg...

tysdag 10. mai 2011

Grenselaus arroganse?

Det er ei vrien verd vi lev i. Alt er så forbanna komplisert til ein kvar tid, og det er vanskeleg å sjå saker frå alle sine relevante sider, og utvise empati og sympati med motstanderar. Likevel er det gjerne naudsynt og trasse den uomgjengelege hovudpina og gjere eit forsøk. Dette var noko av det Elin Brodin prøvde å fortelje i eit debattinnlegg i Dagbladet for nokre dagar sidan. Og her er vi einige. Vi er òg einige i at bomber og granatar kanskje ikkje er verdas beste vis å gjere seg forstått på. Sjølvmordsaksjonar og slikt, er altså rimeleg kleint i høflege selskap. Det å sjå Al Qaeda i sin rette kontekst, er ikkje det seame som bifalle, poengerar ho. Og det er sant. Så langt, så bra...

Men det er noko anna som ulmar i innleggjet hennar, som byrjar med reaksjonane på at ho ønskte at Osama bin Laden fekk kvile i fred -  det store "men", som følgjer ein kvar sjølvsagt setning, ligg og gløder. Som det heftige forspillet før ein skal tråkke i salaten, og fornærme husverten. Teksten er full av forbehold, forbehold som skal få oss til å forstå at ho eigentleg ikkje likar Al Qaeda eller terrorisme, og det er naudsynt fordi resten av teksten - der ho forstår desse tingane - framstår ho som intet anna enn ein apologet for dei.

Ville du reist på telttur med denne mannen?
Premissen har vi høyrd før. Vesten er fæl og har undertrykt muslimar over heile verda. Og terrorisme er det einaste våpenet tilgjengeleg for dei makteslause. Joda, det er jo alltid noko i slike evige storleikar. Vesten har vore litt kjip, sjølv om vi ofte gjerne har meint det godt. Og ja, terrorisme er eit middel ofte tatt i bruk når ingen andre kanalar er tilgjengelege eller moglege (det er òg eit knefall for spontaniteten, ifølgje Lenin, og ein kan seie mykje bra om meir spontane kulturar enn den trauste norske). Det er ei reell skeiv maktfordeling i desse høva, og ein må til ein viss grad forstå misnøya som oppstår av dette, og dei eventuelt ekstreme følgjene dette kan få...

... men der det verkeleg byrjar å svikte er når denne premissen skal føre til Brodins påstand om at muslimske terroristar a) stort sett har gode argument, b) historisk sett har handla i naudverge og c) har all mogleg grunn til å vere forbanna.

Dette er... ikkje heilt rett, for å seie det mildt. Uavhengig av kva vesten har gjort, er Osama og hans likesinna ikkje talsmenn for ei generell muslimsk befolking, og dei deler ikkje Brodins syn på korleis verda er satt saman. Den urett dei ønskjer å rette på, er ikkje den same som ho snakkar om. Deira ønskje om å opprette eit muslimsk kalifat, der ein streng fundamentalistisk fortolking av islam skal råde, er langtifrå eit svar på den undertrykking vesten kan ha sysla med gjennom åra. Det er heller ikkje snakk om å handle i naudverge i det augneblinket du sporadisk spreng uskuldege menneske til himmels, fordi du har hatt ein dårleg dag eller eit dårleg tiår. Og kva grunn har priviligierte menn som Osama til å vere forbanna, all den tid han har levd godt på ei ujamn fordeling av dei økonomiske godane i sitt heimland? Han er ingen Robin Hood, og det har han aldri prøvd å vere.

Ikkje akkurat SU sin somarleir
Å forstå motparten, og å sette ting i sin kontekst, handlar om meir enn å projisere si eiga naive verdsforståing på andres kamp om hegemoni. Det handlar om meir enn å projisere sitt eige dårlege samvit på andres åtak mot eins verdiar.

Det vi ser hjå Brodin er ikkje eit ukjendt fenomen. Store delar av venstresida, helst med tilhøyrigheit i SV, med sine priviligierte hippieideal framleis inntakt, flaumar over av sympati og kjærleik for "den andre" som vi her i vesten har vore så slem mot. Ein skulle trudd at denne type orientalisme var døydd ut for lenge sidan, men den lev i beste velgåande hjå delar av venstresida. Ja, vesten har vore kjip, og det er mykje rettvis kritikk som bør kunne komme vår veg. Og eg er stor tilhengjar av sjølvkritikk, for ikkje å snakke om litt systemkritikk. Og eg har stor tru på å forstå sjølv mine argaste motstanderar, og tilogmed utvise sympati for hans meiningar, og empati med hans kjenslar, men eg har ingen planar om å tilleggje andre meir altruistiske motiv enn dei har, berre fordi eg skulle hatt dårleg samvit for å vere fødd kvit og priviligiert.

Ein ting er å ta sjølvkritikk, noko anna er det Brodin gjer, som er å gjere knefall for den andre gjengen med kjeltringar. Ein må aldri la seg lure av retorikken til Osama og folk som han. Dei er ikkje noko betre for den muslimske verda enn det vesten er, og talar like lite på deira vegne.

Men for all del; på nokre punkt er vi einige. Det er rimeleg smaklaust å juble over ein manns død. Militær aksjon eller ikkje, dette var eit planlagd drap, og det er ikkje noko ein bør bifalle, reint prinsipielt. Men ein kan forstå at nokon faktisk vel å feire, og å føle seg letta over det heile. På same vis som ein kan forstå at menneske i den muslimske delen av verda har feira åtak mot vesten. Og det er på nett same vis ein bør respondere; stille hoderysting med ein dæsj forståing. For reagerar ein ulikt på dei to tingane - då er ein ein jævla hykler.

søndag 8. mai 2011

Dönitz-dagen

8. Mai... det er ein dag til å tenkje på ting som krig, invasjon og okkupasjon. Sjølv her på vårt trygge lille berg, her der det nesten aldri er krig, her vi aldri merker kva ein okkupasjon eigentleg er. Sjølv her må vi kunne ta oss tid til å tenkje, til å gruble... til å stille spørsmål, på ein dag som dette.

Eg, som ein del andre, markerar 8. mai som Dönitz-dagen, eller "Heil Dönitz-dagen", til ære for mannen som hadde den heller utrivelege gleda av å styre Stortyskland i veka som følgde etter at Doffen tok sitt eiga liv, eller stakk av til månen, Antarktisk eller jordas indre - du vel sjølv kva du vil tru, for alt er jo truverdig med den karen. Som eg har fortald ved eit tidlegare høve, tykkjer eg at vi kan lette litt på hatten eller heve glaset for mannen som fekk akkurat den utakksame jobben det var å ringe rundt og orsake forgjengaren sin heller ufine framferd over det europeiske kontinentent. Det seier jo alt at det tok han ei veke å manne seg opp (og lære seg dei rette glosene, det var ein del språk å lære seg).

Andre vel å markere dagen som Frigjeringsdagen, dagen då vi vart frigjort. Ein vektlegg altså perioden vi var okkupert, frå 1940 til 1945, av tyske styrker. I den same perioden opplevde store delar av Europa krig og elende av heilt utrulege dimensjonar, det var ei historisk tragedie. Og det er før vi byrjar å ta innover oss det umenneskelege Holocaust som fanatikarane i Himmler sitt SS administrerte.

Vi hadde 5 år med unntaktstilstand, og tyskerar som slo sleir i hagen vår. Vi hadde fem år med utanlandsk administrasjon og vi gjekk glipp av eit par stortingsval. Der Europa vart slått til blods, vart Noreg ein smule forulempa.

Men vi markerar frigjeringsdagen, dagen då vi fekk attende vårt eiga byråkrati, Storting og kongehus, etter fem års pause. Vi markerar det, og seier aldri att, medan vi okkuperar Afghanistan og bombar Libya. Vi har jo våre grunner, til dels gode grunner. Vi kjemper rettvise krigar. Slepp rettvise bomber, skyt rettvise rakettar og utførar rettvise okkupasjonar. Det er til deira eiga beste. Så vi har jo våre grunner, og langt betre enn at tyskerane ville beskytte oss mot britisk eller sovjetisk invasjon, sant?

Eg vil ikkje samanlikne det Tredje Riket med Noreg, eller omvendt. Det er urettvist, mot dei beggje. Det er ikkje det same. Det er verkeleg ikkje det same...

... Vi har våre grunner... så det er greit. Vi vil jo ikkje anna enn å skape fred. Ein endeleg fred. Ein fred som kan vare i tusen år. Vi veit jo best, og vi vi vil alles beste. Vi vil aldri treng ein Dönitz til å ringe på våre vegne.

Vonar eg.

tysdag 3. mai 2011

Tradisjonelt britisk

Rett over plaskedammen ligg dei britiske øyene, sjølve sentrum for det britiske imperiet og opphavet til mykje av den danna kulturen. Som gentleman løftar eg gjerne på båe hatt og turban for det tradisjonsrike riket, og då særleg perla som er England. Sjølvsaste fagre Albion, landet der så mange av mine riddarlege ideal vart kodifisert. Her i Noreg, vakkert og historierikt som det er, har vi aldri hatt tradisjon for adleg landeigarskap. Vår adel var i Danemarken og denslags, medan vi stort sett var små- og storbonder ganske langt attende i historia. Vi forstår difor ikkje like lett den kulturen som veks opp rundt det britiske herrskapshuset. Vi er vant til at landeigar og leiglendingar måtte ta i eit tak og jobbe, her dyrka vi ikkje god mote, manerar og jakt.

Det er noko eiga med denne kulturen rundt den landseigande gentleman. Han skal vere eit fritidsmenneske, ein som dyrkar det fine i livet og sine hobbyar, samstundes som han er ansvarsfull. Han har eit ansvar overfor sine forfedre og å ivareta arva deira. Han har eit ansvar over for sin familie og dei som bur og jobbar på landet hans og er avhengig av han slik. Og han har eit ansvar for framtida, og at komande generasjonar kan nyte godt av jord og natur.

Ei byrde kvilar på den britiske gentleman sine tradisjonsrike skuldre. Så kven er vi til å døme han? La meg presentere dykk for den 23. jarlen av Leete, i det han presenterar det som vart hans livsverk etter hans fars (og brors) bortgang. Her ser vi den britiske gentleman slik vi elskar han, pent kledd, og ein mann som nærar eit sterkt forhold til familia si historie.



Akk. Eit førebilete for oss alle. Ein mann som handla i tråd med sitt samvit og sterke moralske sans i alt. Her har ein del norsk pøbel ein del å lære.

måndag 2. mai 2011

Drapet på Bin Laden, i fleire punkt

Bin Laden vart drept i natt. Skutt i hovudet. Splætt.

Og i samband med det, må eg - og ein del andre tenkjer eg - innrømme at vi har tatt feil. Her er det berre å krype til korset og ta til oss ein gong for alle; Datalagringsdirektivet er effektivet. Det tok ikkje lange tida før DLD vart innført for å bekjempe terroren, til at dei klarte å spore opp sjølvaste Osama Bin Laden i Pakistan og sende inn Navy Seals for å ta rotta på han. Så greit, DLD var langt meir effektiv enn det nokon av oss såg for oss.

No jublar dei gatene i USA, som om dei skulle vert rabiate palestinerar eller iranerar som feira at nokon i vesten var død, det vert vifta med flagg og feira stort. For mannen dei har lett etter sidan 11. september er endeleg drept. God gamaldags rettferd, eller kva? Og Mission accomplished? Vel... i motsetnad til kva ein del mindre oppvakte siklande vesen der ute trur, så kan nok ikkje amerikanske styrker vende attende frå Afghanistan og Irak på grunn av eit lite symbolsk drap. Det er lenge sidan desse konfliktene hadde noko som helst med Al Qaeda og Osama å gjere, og når hysteriet har lagt seg vil det nok vere litt av eit antiklimaks å rekne. Som ein fislete orgasme, etter eit eviglangt samleie. Og partnaren din vil framleis ha meir. Kanskje eg bude utvide metaforen til gruppesex for å få den til å henge saman?

Så amerikanarane har drept Osama. Kutta hovudet av Al Qaeda... eller nei. Dei har jo ikkje det. Hans rolle i "organisasjonen" har aldri vore heilt klar. Han har vore talsmann og eit samlande symbol, men Al Qaeda er ikkje organisert i ein tradisjonell struktur. Leiarlaus motstand er prinsippet her. Uavhengige celler utan ein sentraladministrasjon eller ein øverste leiar.

Så kva har dei eigentleg oppnådd? Vi er usikre. Dei har drept ein symbolsk leiar, og gjort han til martyr. På den andre sida har dei nådd eit mål dei satt seg på 90-talet, og som dei gjekk inn for med fornya styrke etter 11. september 2001. Dei har vist verda at dei meiner alvor, og dei har sjølvsagt satt visse krefter i Pakistan på plass ved å gjennomskue deira openbare løgn.

Men kva endrar seg, anna enn at skurkar rundtomkring i verda har enno større grunn til å ville ta hemn mot USA? Kan vi no fly utan å verte tafsa på, avkledd av maskiner, stappe flytande veske i små poser og jamt over stresse som nokre tullebukkar? Vert det meir fred i verda? Nei, diverre ikkje.

Og så har vi dei som jublar over drapet. Ta dykk saman, eit drap er eit drap. Om du er mot dødsstraff så bør du kanskje tenkje deg litt om før du tykkjer det er greit med slike drapsaksjonar? Og er du i mot terror... vel, kva ville du elles kalle, ein målretta aksjon i eit sivilt område? Og du... du som sitt der og sutrar over at Osama var eit menneske, og at han burde vore tatt i live, og stilt for retten. Ja, du kan jo tru det. La oss vere realistiske; amerikanarane måtte drepe Osama. Om dei hadde tatt han i live måtte dei ha gjett han all den luksus ein VIP-fange krev, for organisasjonar som Amnesty hadde følgd nøye med på at alt vart gjort etter reglane. Resultatet hadde vore furore blant befolkinga, og Fox News som godtar seg. Og så var det rettsaka då... der han stiller opp, nystrigla, i ny dress og heile pakka, og får lov å forsvare seg, og tale til verdas befolking. Og det utan at 11. september vert nemnt med eit ord. For trass retorikken, trass propagandaen, om at dette var årsaka til at han var jakta på, så er han ikkje etterlyst i den saka av FBI. Å knytte han direkte til aksjonen har vist seg å vere vanskeleg. For all del, dei han nok klart det. Og det hadde blitt mykje juridisk fiksfakseri, og rare bevis lagt fram. Mykje slikt som Fox News og eit veksande antal menneske i Amerika simpelthen ikkje hadde hatt tolmod til. Dei vil ha blodhemn, og får dei ikkje Osama sitt blod, så ville dei kasta seg over administrasjonen.

Så for Obama sin administrasjon er det absolutt eit pluss at han vart drept. Det kunne ha kosta dei valet å ha han i live.

Så om du tykkje dette er så trist, så tenk deg om. Kva ville du gjort, om du hadde lova å fange eit villdyr, og kostnadane ved å halde det i live var for store? Ein må vere litt realistisk.

Realistisk må ein òg vere når ein skal handtere eit lik. Ein slepp ikkje openbart falske bilete... og ein dumper ikkje liket til verdas mest ettersøkte mann i havet. Ikkje om ein ikkje vil unngå spekulasjonar om kva som faktisk skjedde.

Og med det, opna vi dørene vidopne for konspirasjonsteoriane.