måndag 27. juni 2011

Eit reisebrev om shopping

Shopping. Vi veit alle at det er ein essensiel del av storbyferien. Ferieturar og turisme er stort sett synonymt med to ting. Å sjå på ting. Og å kjøpe ting. Vi er veldig opptatt av å springe rundt og å sjå på ting, og vi ser, og vi ser, og vi ser. Kunstskattar, arkitektur, ruinar, klesplagg og bøker. Vi ser på alt vi vil ha. Og i nokre tilfelle så kjøper vi det. For vi kjøper, kjøper og kjøper. Vi vil erverve verda, slik våre forfedre då dei reiste i Viking. Vi fyller koffert og sekk med ting vi truleg ikkje kunne fått heime, og iallefall ikkje til den prisen - berre så det er klart. Det var eit røvarkjøp! Eit røveri! Det var plyndring!

Men det finnes ein mellomting mellom å kikke på ting, og å kjøpe ting. Veit du kva det er? Ja, du gissa det!
Window shopping kallar våre veltalande frendar det. Då ein gjerne går langs fortauet, og kikker på utstillingsvindauge. Og kanskje er du heldig og finn eit vindauge du vil ha?
Eg tykkjer det i midten hadde noko klassisk over seg, men eg veit ikkje om eg får plass i kofferten.

Dette innlegget er så blautt at ein skulle ikkje tru at det var ei hetebølgje i London, men det regner heime så det er mitt alibi.

Eit reisebrev om ballar

Det kan virke som om eg har vore litt uheldig med eit nyleg innkjøpt av undertøy - dvs av såkalla boxer shorts. Som veldig mange andre, så sett eg pris på dette klesplagget evne til å bere og å gje godt med plass, plagget held på plass, samstundes som det tillet rom til å røre seg. Korleis kan ikkje ein mann like det? Diverre har det slik at akkurat dette plagget, som eg betalte litt meir enn vanleg for, ikkje sitt heilt slik som det skal. Det held litt ekstra der det ikkje skal halde, og er laust der det burde halde. Det heile er ei litt uvant erfaring som vi prøver å forklare med at klesplagget kanskje er for lite.

Det får meg iallefall til å tenkje på ballar, men ikkje på kva som helst av ballar. Ballebrødre! For i London finnes det ein kjede av restaurantar, barar og selskapslokal under namnet Balls Brothers.
For all del, brødrane Balle er sikkert flotte karar, og eg skal ikkje halde deira preferansar i mot dei. Eg er ein tolerant og open mulla, som ikkje dømmer folk så lett... men er det naudsynt å avertere med sine meir ekstraordinære preferansar?
Dei som er kjend med London, har kanskje lagt merke til inngangspartia deira rundtomkring? Det er rimeleg mange av dei. Det slår meg, at trass litt underlege krav om "inngang", så er dei populære. Med så mange avdelingar er det trygt å seie at dei brødrane Balle har mange ballar i lufta.

Dette innlegget er eit resultat av å ha tilbragt tid med menneske med altfor dårleg sans for humor, og dette beklagar vi på det sterkaste.

tysdag 21. juni 2011

Druidar! Druidar! Druidar!

Menneskeofring i Stonehenge? av Arthur Moreland
Druidar er merkelege folk, anten dei no driv utpressing av det austerikske vegvesen eller les i invollane til kriminelle, og det er jamt over vanskeleg å vete kva ein skal tru om dei. Det var nok årsaka til at mine venar i Radioselskapet ba meg stikke innom og fortelje litt om deira historie. Problemet med det er at vi veit jo frykteleg lite - vi veit kva Caesar og dei andre romarane skreiv om dei, men kan vi stole på det? Vi veit kva mellomaldarballadane og forteljinga seier, men på dette tidspunktet var det ingen druidar att til å vere modellar. Og vi veit jo kva nydruidane, rekonstruksjonistane og new agerane meiner druidane var, men dette er jo berre vill spekulasjon og fantasi for å tilfredsstille moderne åndelege og nasjonalistiske behov. Det einaste desse ulike versjonane av druidane har felles, er jo nett dette. At ein har lest inn i dei det dei har trengt å vere. For romarane var dei del-siviliserte filosofar, dommarar og seidmenn, som praktiserte barbarisk menneskeofring og spådom i innvollar. For mellomaldarens forteljarar var dei motstanderar av kristninga, som stod i vegen for sanningas lys. For romantikarane var dei kjerna av ein klok og naturnær tradisjon og kultur, eit band ikkje berre til deira historie, men til sjølvaste jorda dei gjekk på og ein inngangsport til ein ny mystisisme.

Og det er frykteleg mykje å fortelje om akkurat desse ulike versjonane, men eg kunne ikkje gå inn på dei alle i dag. Eit opptak ligg allereie ute, og om du hopper fram om lag 20 minutt inn i opptaket, så kan du høyre det lille eg hadde å seie. Ikkje min beste radiooptreden så langt, men den får duge - eller kva?

Det rare med denne soga om dei austerikske druidane er at eg finn den att ganske mange gonger - bakover i tid. Gjerne med dei same sitata. Den tidlegaste omtala var i 2003. God PR eller vandresegn?

Eg sitt framleis og ser for meg ein litt Sopranos-aktig situasjon, der Druidar vandrar innom vegvesenet og insisterar på at dersom dei ikkje får ein fast sum, så vil det skje ulukker langs vegane. Dei vil fjerne steinane som tryggjar trafikken, medmindre dei betalar ei lita forsikringspremie. Eg er skeptisk. Klarar heller ikkje å lausrive meg frå biletet av skjeggete gamle menn i kjoler som les i innvollane til trafikkofre i grøfta. Ikkje pent, men... openbart eit bra utpangspunkt for ein drama-serie. HBO, ring meg!

måndag 20. juni 2011

Dagens outfit!

Eg har jo forstått det, det er rosablogging og moteblogging som er tingen. Og eg har lenge tenkt at eg skulle gjere noko med det, og her er resultatet!

Dagens outfit.

Eller rettare sagt, eit outfit for nokre månadar sidan. For det kan gå litt treigt her i bloggen. For først må ein komme på ein idè. Og så skal ein jo gjere praktiske ting, som å ta bilete. Og så... så skal bileta ut liksom. Og det var der ting gjekk litt ekstra treigt, men no har eg fått bileta frå min dyktige fotograf. Så kanskje ikkje dagens outfit, heilt presist, men dagens outfit ein vinterdag tidleg i 2011? Det får halde, tenkjer eg. Her er altså mullaen, i all sin prakt!
Ein livsnytar, mullaen nyt her ein frisk vinterbris med Bergen by i bakgrunnen, landets vakraste by. Her kledd i ein dressfrakk frå Dressmann, og eit passande skjerf.
Merk skinnhandskene som mullaen ikkje heilt hugser kvar han kjøpte, men dei var ikkje billige, så det er sikkert merkevare for dei som forstår seg på slikt. Her er han brått blitt veldig tankefull. Ein fatwa er kanskje på veg? Eller har han berre komt til å tenkje på kor glad han er i alle sine vakre lesarar som kjem til å kommentere dette innlegget?
Våren er på veg, og mullaen er ikkje redd for å gå med frakken open, og skjerfet stilfult drapert over skuldrane. Han har sett dressmannreklamane. Merk òg beltespenna òg den svarte dressbuksa, som han nok har kjøpt på Dressmann. Den raude skjorta er nok likeså. Raudt er ein bra farge å kombinere attåt mørke dressar, det har han lært på eit eller anna tidspunkt.
Mullaen ønskjer våren velkomen på vennskapleg vis. Ein enkel peikande finger i skyteposisjon - ein klassisk hey der. Frakk og dress er blitt kasta til side, og under har han gått med ein enkel grå tweedjakke, knabba frå Dressmann og tilpassa hans fyldige form av skreddar. Slik som hør og bør. Men det er ikkje berre våren han ønskjer velkomen...
... det er òg deg, kjære lesar. Som han kanskje er litt formyndande til, men det er berre fordi han ser på deg som eit av sine mange barn, som treng ein streng og myndig far. Og pipa... vel, menn i tweed røyker pipe! Slik er det å vere gentlemann. Du skal ikkje gjere alt far din gjer, berre alt han seier. Ikkje røyk, røyking er usunt for deg.
Om mullaen oppdagar at du røykar, eller ikkje kommenterar desse bileta, så kan han i beste fall verte litt skuffa. Og kanskje pittelitt vrang og tvert. Merk at han klarar å vere både nonchalant, hoven og vrang samstundes. Eit kinderegg, det er det mullaen demonstrerar her. Og medan det er pent å sjå på, så vil du jo helst at han skal vere glad, eller kva?

Alle veit at djevelen er i detaljane; og detaljar er det alltid nok av når det kjem til mullaen. Eller vent - det kom ut feil! Gløym det!
Merk det raude og svarte silkeslipset som matcher den raude skjorta, og at skyggene får det til å virke som om det er flekkete. Veldig upent akkurat det siste, men slipset er pent, eg lovar. Og så med ein matchende slipsnål, i gullfarge, frå gode gamle Laibach. Ei gåve frå sekretæren til Lord Bassington-Bassington. Men det er ikkje alt!
Ein gentlemann er ikkje påkledd før mansjettknappane er på plass! Slik er det berre. Gjennom å pryde skjorteermet med dilldall, kan ein dandy herremann vise litt personligheit, stil og interesse. Dette er sølvfarga borehovud, modellert etter dei nytta av norske oljeplattformer. Ei gåve frå ein kjendt og kjær lesar, som har den ære å jobbe i Statoil som propagandist.

Og sist, men ikkje minst, krona på verket for ein kvar velkledd mann (nei, ikkje hatten i dette innlegget, det vert neste gong);
Sko! Desse elegante skorne er kjøpt hjå eminente Russell & Bromley i London, for ein fornuftig sum som eg ikkje skal kaste vekk siffer på å skrive her. Dei klagar ein fornøyeleg klikk-klakk lyd når mullaen spankulerar ned ein korridor for å irettesette studentar og andre dagdriverar, og dei glinser pent i sollys når mullaen har kost på dei med litt skokrem og kjærleik.

Og for deg som framleis lurar på dette med hatten, så er det noko han gløymde heilt å ta med seg opp på taket den kvelden. Men mullaen likar godt å handle hjå Bates i Jermyn Street i London, men hans nyaste hatt vart kjøpt privat og er ein finfin Homburg. Så veit alle det.

Og pipa, la oss ikkje gløyme pipa. Det er ei tsjekkisk sak, kjøpt for rundt 400 spenn hjå Sørensen, mullaens lokale spesialist.

Dette er ikkje tekstreklame, sjølv om det liknar på det. Det er fordi korkje Dressmann eller dei andre har betalt meg eit raudt øre, eller gjett meg noko av dette gratis. Eller andre ting for den saks skuld. Noko eg finn særs skuffande, om eg skal vere ærleg. Dei burde byrje å gje meg gratis ting. Høyrer de Dressmann?! Gje meg gratis klede frå tjukkasbutikken dykkar!

Resten av dykk kan betale meg med lovprisande kommentarar. Akkurat som i alle andre rosebloggar. Okay?! Takk!

søndag 19. juni 2011

Drittmat

Det måtte komme til slutt. Alt skal resirkulerast i desse dagar. Kjeldesortering av alt vi kastar frå oss er obligatorisk. Grønt skal dit, raudt skal dit og det gule må du pakke i spesialposer. Noko slikt er det iallefall, eg klarar ikkje alltid å følgje med. Ein av disse dagane skal eg sette meg ned og lære meg alt om dette resirkuleringsgreiene, for det er jo slik at det  gjeld alt. Absolutt alt avfall skal resirkulerast faktisk. Som eg sa innleiingsvis - det måtte komme.

Og no er bæsjen her. Den resirkulerte bæsjen. Farga med fargestoffer og smaksatt med soya. For her er altså drittmaten!


Bæsjbiff er det ultimate kosthaldstillegget til alle som tykkjer urinterapi er ein god idè.

Personleg har eg aldri vore så frista til å bli veganar før... for dette produktet kjem frå dyr, gjer det ikkje?

torsdag 16. juni 2011

Druidetrygg trafikk

Sidan tidenes morgon har trygg trafikk vore eit sentralt menneskeleg mål, frå den mørke stien til Raudhette til Doffens Autobahn. Grus eller asfalt, speler inga rolle, det har alltid vore utrygge greier. Frå landevegsrøveri til carjacking, frå ingen bremser på kjerra til front-mot-front-kollisjonar mellom Lada og ein lastebil. Så korleis kan det ha seg at det først i moderne tid trafikken er blitt reelt utrygg? Det er dei som hevdar at det har med bilane og vegane å gjere, at ting har endra seg, og at snøgge bilar på eit eller anna vis skal vere farlegare enn å vandre til fots eller å sitte på ei kjerre slept av eit esel. Dette er sjølvsagt sludder.

Vi har berre mista kontakta med naturen, veit de. Vi forstår ikkje lenger på ley-linjer, feng shui og den kosmiske orden. Og dette fører til trafikkaos, og ein heller utrygg trafikk.

Dette tok austerikske trafikkmyndigheiter og ei gruppe druidar tak i for nokre år sidan, og igangsatte eit prosjekt der druidane vart betalt for å regulere energistraumane rundt ein del utsatte vegstrekningar. For det viser seg at dei nye bilvegane ikkje har vore bygd med tanke på leylinjene, og vegane har difor tvungen linjene til å endre retning, lik ein elv vi har demma opp. Druidane har difor tatt på seg å sette opp krystallsteinar for å regulere energistraumen, og slik redusere sjansane for trafikkulukkar. Mot betaling sjølvsagt - nypaganistisk naturreligion betalar ikkje seg sjølv, veit du.

No har det blitt skikkeleg krøll, fordi myndigheitene ikkje lenger vil betale dei for tenesta. Så dei har stogga. Og om eg skal tru rapportane så er no vegane i Austerike ein gigantisk kjedekollisjon. Trist, men sant, dei velkledde skjeggemennene (les druidar) driv ein reell utpressing for å tvinge pengar ut av staten og sett slik liv i fare.

Dette hadde eigentleg vore eit bra utgangspunkt for ein austeriksk versjon av Sopranos. Det er iallefall heilt klart ein druidekontrollert trafikk!

Vi kjem attende i neste veke med meir informasjon om druidar verda over, då det kan hende mullaen er nøydd å mase litt offentleg om dette.

onsdag 15. juni 2011

Det beste ved filmen - traileren

Det er ikkje ei uvanleg oppleving at alt det gode i ein film vert pressa inn i reklamen for den. Her er tempoet høgare, og ikkje hemma av elendige forklarande sekvensar eller manglande narrativ kausalitet. I filmreklamen, eller traileren som det heiter, så kjem inntrykka kjapt etter kvarandre med spennande musikk. Her får du høgdepunkta som perler på ein snor. Og ofte vert du då reint skuffa over at filmen ikkje var på langt nær så god. Det hadde kanskje haldt å sjå traileren? Til dette finnes det ei løysing!

Vi presenterar Drive-in Delirium vol 1. Fire DVDar med over 650 klassiske filmtrailerar, helst frå skrekk og exploitation. Dette er ikkje berre ein heilaften med høgdepunkt, det er fleire. Sett av fleire dagar for berre dei beste scenene frå noko av det mest middelmådige som nokon gong har blitt klistra utover eit filmlerret. Vi her i moskeen legg ikkje skjul på at vi er rimeleg gira på denne. Berre ta ein kikk på traileren!

Fyttigrisen det såg bra ut.

Men eg frykter det kanskje berre er høgdepunkta frå trailerane, gjer ikkje du?

tysdag 14. juni 2011

Mulla på chartertur?

På fredag viste vi dykk det nyaste meisterverket til taltentfulle Tini, og oppmoda alle til å bruke det som ein skitten pike i utforminga av sine eigne meisterverk. I utgangspunktet tenkte eg at de kunne fargeleggje biletet, men det tok ikkje mange timane før ein minst like fargelaus versjon var lasta opp på Facebooksida av ein våre faste lesarar. Ikkje at vi klagar, vi tykkjer det var eit særs interessant bilete, openbart inspirert av ein visjon av mullaen på chartertur. Det er trass alt straks feriesesong, så det er ikkje det store spranget å forestille seg at mullaen skal ut på tur. Vi her i moskeen vart iallefall særs nøgd med resultatet:
Mullaen skal forøvreg ikkje på charterreise, då han ikkje taklar å vere omringa av masete turistar med vinger som pirker han med gaffel.

Kva med deg? Har du ein versjon å komme med? Gje oss lenke til skaparverket eller last det opp på Facebook-sida. Biletet du kan tukle med finn du her.

fredag 10. juni 2011

"Hello Mullah"

Det er lenge sidan eg har gjett dykk noko oppbyggjeleg å stirre på. Noko de kan printe ut, henge over det lille bordet med røykelse og meditere framfor. Dette er sjølvsagt heilt og haldent mi eiga feil, og eg tenkjer å gjere noko med det no med god hjelp frå den alltid like talentfulle Tini. Vår lille tyske venn har produsert nok ei flott altertavle til heimebruk, og tok seg tilogmed bryderiet med å scanne inn dette naturtru framstillinga av mullaen dykkar.
I sånn Hello Kitty stil framstår mullaen her som smilande, rund og imøtekomande. Nett som om du skulle ha komen vandrande inn på kontoret. Det einaste som manglar er kanskje litt fargar, for som alle veit så er det ikkje heilt uvanleg at farger sprer seg kvarhen mullaen vandrar. Difor er det vel kanskje nokre av dykk som tar utfordringa med å fargeleggje mullaen, eller gje han ein passande bakgrunn? Du kan leggje inn ei lenke til det ferdige resultatet i kommentarfeltet eller laste det opp på denne Facebook-sida. Alle bidrag vil verte belønna med ein personleg takk frå mullaen, eller noko slikt!

Om du vil kaste deg over utfordringa kan du laste ned ei høgoppløysings bmp-fil her, det kan du og gjere om du berre vil printe ut og henge på veggen din òg. Det er sjølvsagt full forståing for det.

Kjønskamp om chakraer

Det er mykje rart ein kan krangle om der ute, men det er ein ting som stadig vekk kjem att i krangling og det er kjøn. Fordi det er dei som ser alt som ein kjønskamp, og vil avfeie ein kvar motbør som eit uttrykk for patriarkatets innebygde vondskap. Ja, menn med skjegg som er ute etter å halde kvinner på plass. Dette er tilfelle når det gjeld ungdommers blogging, og det er tilfelle når ein vil snakke om vifting med krystallar, plukking på auraer og dirking av chakraer.

I dei siste dagane har debatten gått rundtomkring om ei lita sak om dette. Der nokon kan ha kritisert at ufornuft skal på eit eller anna vis vere ein kvinnedyd. Det er jo ikkje heilt kurant, er det vel?

Men visstnok er dette berre nok eit uttrykk for patriarkatets hersketrong. Slik kan det gå. Ein kan ikkje snakke fornuft til alle.

tysdag 7. juni 2011

Gratulerar Mira

I kontakt med naturen,og "kvantum fissiks, liksom"  
Mira Craig har blitt mor.

Vi i moskeen gratulerar henne med å ha visualisert ein vellukka graviditet og fødsel, og innser at det er altfor lenge sidan vi har via henne merksemd. Ikkje så rart, sidan ho både er svart og kvit, som pandabjørnar, og alle veit at pandabjørnar lev på vår merksemd. Det tyder ikkje at vi ikkje har gjett henne merksemd tidlegare - er berre å kikke i arkivet det.

Som de veit, så er Mira Craig ikkje berre agent for Pandamonium, men ei vassekte krigarprinsesse som tuktar den ho elskar. Mest truleg fordi dei har visualisert det veldig hardt, for Mira Craig trur på "kvantum fissiks, liksom" og The Secret, det sagnomsuste tankesettet omfamna av sjølvsentrerte New Agere som likar å få alt dei peikar på. Det er klart at det er ikkje så lett å ha med ei slik kravstor og viljesterk pike, og det er ikkje rart difor at ho måtte leite ei stund for å få finne nokon på sitt eiga intellektuelle nivå. Godt jobba, Mira... og sidan vi antar den utkåra ikkje er kjønsmoden, så er jo graviditen og fødselen eit mirakel som berre "kvantum fissiks, liksom" og The Secret kan ha prestert.

Ære vere deg for denne prestasjonen Mira.

Men du...? Er det ikkje litt uforsvarleg å bringe eit barn til verda, når du trur den går under om eit halvanna år? Eller er det liksom berre noko du har visualisert fram i verda fordi du ønskte å oppleve dette før slutten?

Uansett så skal du ha gratulerar. Vonar du får mange fine år med barnet før nokon ring barnevernet.

søndag 5. juni 2011

Perverse pandasvin, forhatt av Times

Vi har nemnt det før, men det er viktig å halde det i mente; Pandabjørnar er noko av det jævlegaste som finnes på denne kloda. Det er tonnevis av ting ein kan seie om kvifor, for det er så mange gode grunner til det. Kimen til problemet er gjerne seksualiteten. Eller mangelen på den. Vi snakkar her om eit vesen som trassar alt vi kan om dyreriket, og nektar å vidareføre sine genar. Dei er simpelthen for late, giddalause og uinteresserte. Dette har nyleg Times tatt opp i ein god artikkel om verdas mest vondskapsfulle dyr. I denne artikkelen, som burde ha lenka direkte til denne bloggen, brukar Times mykje av det same som eg har prøvd å fortelje dykk i nokre år no. At det er naturstridig det pandaene driv med, og at det er noko muffens med korleis dei klarar å lure oss menneske til å handtere deira eiga vilje til liv for dei. Dei gidd ikkje å følgje ordenen i naturen, og får oss til å gjere det for dei. Fordi dei er søte?!
"They have no will to live or reproduce. To this day, scientists have to perform grotesque procedures to keep the panda population from collapsing into oblivion. Forget about the fact that pandas are mean-spirited, mate-abusing, progeny-mauling, deviant monsters. Forget about the fact that these hoodlum bears have conned humanity with their supposed cuteness. The most evil thing about pandas? The cunning with which they expose the stupidity of humans."
Og i dette har dei eit poeng. Dei avslørar vår svakheit, og utnyttar den på det grovaste. I vår naivitet og grenselause idioti gjer vi oss sjølv ei (panda)bjørneteneste og bidrar til å gjere oss sjølv til Pandamoniums villige slavar.

Eg må berømme Times for å ha påpeikt dette til eit større publikum enn det eg klarar å nå. For denne kampen er langtifrå over. Dei prøver stadig vekk å ta over våre seksuelle assosiasjonar. Dei ønskjer å kompensere for sitt manglande libido, ved å rette vår seksuelle merksemd mot dei sjølv. Dei vil vi skal assosiere vår seksualitet med deira, slik at den energien vi ville ha brukt får å få oss eit ligg og å oppnå ein orgasme, vert nytta til å tene dei. Korleis gjer dei det? Det er såre enkelt, skal eg seie deg!
Denne styggedomen av ein vibrator kan du kjøpe hjå VoksenLek.no, og er eit openbart forsøk på å overta kvinners seksualitet på subliminalt vis. Dei vil at ho skal assosiere orgasmen med ein søt pandabjørn. Pandabjørn = orgasme. Fleire pandabjørnar = multiorgasme. Og slik går det til - det som hadde vore ei ung jente som hadde gjort ein glimrande jobb i kassa på Rimi, ender brått opp som zoolog eller biolog med eit brennande begjær for pandabjørnen sin prokreasjon.

Det er EKKELT!

laurdag 4. juni 2011

George Lucas skyt alltid først

Eg har nemnt i forbifarten i fjor, min fascinasjon for Star Wars-tilhengjarar sitt besynderlege forhold til filmskaparen George Lucas. Ikkje alle var like begeistra for dei nye filmane i serien... eller la oss vere ærlege, eit lite fåtall tykte dei var fabelaktige nok til å verte kalla Star Wars-filmar. Slik går det når ein brukar eit par tiår på å byggje opp forventingar og idealisere sine barndomsminner av originalfilmane. Dette må nesten alle partar leve med, så godt dei kan. George Lucas på si side sverger at han aldri meir vil lage storfilmar eller røre Star Wars, og heller vil lage kontroversielle dokumentarfilmar - og sett sporenstreks i gang produksjonen av ein teiknefilmserie og ein dramaserie satt til universet. Fansen taklar det ved å drikke til langt på natt og sjå originalfilmane om att og om att, og torturere små voodoodukkar av Jar-Jar Binks. Eller dei får ut frustrasjonane sine ved å konstruere universet på ny. Ved å iscenesette nye samanhengar, kan dei gje det dei ikkje forstår ny meining. Det er rimeleg menneskeleg eigentleg. Dei kan ikkje forstå at George Lucas kunne ha laga dei nye filmane... så då gjorde han vel ikkje det? Og om han ikkje gjorde det, så må nokon andre ha gjort det... og då vil vel George Lucas ønskje hemn? Så klart!


Case closed!