For fleire år sidan kom eg med
ein påstand om at myta om Tempelriddarordenen er sterkare i dag, enn Tempelriddarordenen nokon gong var. Ikkje alle var einige i det, men ingen kan tvile ved den makta historia om denne religiøse krigarbrorskapen - bankmenn, landeigarar og korstogas elitesoldatar. Det er ikkje rart at dette er eit bilete som fengar folk. Inkludert Anders Behring Breivik (ABB), mannen som stod bak bomba og massakren på fredag.
ABB var frimurar, eit faktum han ikkje la skjul på, og som den offentlege matrikkelen syner oss. Dette er noko eit par folk har gripe fatt i til no, og som konspirasjonsteoretikarar nok vil kose seg med ein del framover, nokon har allereie komen godt i gang. Den Norske Frimurarordenen, som er ein særs kristen organisasjon, tok
på laurdag klar avstand frå ABB sine gjerningar, og effektuerte ein ekskludering med umiddelbar verknad. Dette er ikkje særleg uventa, ikkje berre er det formålsteneleg for alle å distansere seg frå denne karen, men hans ideologiske ståstad og gjerningar står i
sterk kontrast til det frimurarordenen står for. Frimurarordenen, forutan å vere ein kristen guteklubb, hundsa og baksnakka, har mål om å betre enkeltmedlemmane som menneske, og å bidra positivt til verda rundt seg. Dei er tufta på ein inkluderande kristen filosofi, og har eit sterkt fokus på nestekjærleik. Ein finn nok av døme av at dette ikkje akkurat gjeld i praksis for enkeltmedlemmar, men det var dette med liv og lære då.
Det dei faktisk delar med ABB er svermeriet for Tempelriddarmystikk. For ein som likar å dykke ned i kulturhistorie med iver, er det vanskeleg å innrømme at eit konkret svar på korleis frimurariet oppstod er vanskeleg å finne. Ein har eit par leietråder her og der, og nokre ting ein kan seie med litt vissheit, men det er rom for nok tvil til at myter vert spunne. Og sjølv om ein gjerne trur at desse mytene først og fremst vert spunnen utanfor det løyndomsfulle brorskapet, så er det innanfor ordenen det verkeleg kreative arbeidet skjer. Som eg har sagt ved tidlegare høve, og med all verdas respekt; Spekulativt frimurari, førar til spekulative frimurarar. Og den mest vanlege spekulasjonen, ein av grunnpilarane til frimurarordenen er at dei på eit vis har arva sin filosofi og rituelle praksis ikkje berre frå vandrande murarlærlingar, men frå Tempelriddarordenen som måtte gå i skjul. York-rituset lev dette heilt ut i symbolbruk, ritual og titulering av gradane, og ein finn det òg i det langt meir kjende skotske rituset.. Salomons tempel, som står sentralt i ritual og filosofi i Frimurarordenen, var sjølvsagt hovudsete for Tempelriddarordenen i den tid korsfararane framleis hadde kontrollen over Jerusalem.
Det eksisterar ein Tempelriddarorden i Skandinavia i dag, men denne har ikkje ABB noko omgang med, og han kjenner kanskje ikkje til den i det heile tatt.
Tempelriddarordenen, er ein kristen avhaldslosje, dedikert til mykje det same arbeidet som Frimurarordenen, og som mange stadar delar lokal med dei. Denne Tempelriddarordenen er ei avgreining av IOGT,
International Order of Good Templars, ein kristen avhaldsorganisasjon som er involvert i ulikt veldedigheitsarbeid. Her kan menn, kvinner og barn alle vere medlem, og det fungerar litt som lettversjonen av eit ordensforbund, og det er herifrå Tempelriddarordenen kan rekruttere (samt no Tempelbyggjarordenen som er det "nyleg" stifta kvinnelege motstykket). Ein bror i Tempelriddarordenen sverger total avhald frå alkohol, og skal ikkje ha omgang med rusmiddel, og dette forklarar kanskje kvifor dei ikkje er like kjendt som frimurarordenen. Det paradoksale er at i motsetnad til Frimurarordenen, så hevdar ikkje Tempelriddarordenen å ha historiske band til dei originale Tempelriddarane, tvertimot kan ein kvar meister gje deg ei ganske så prosaisk forklaring på korleis brorskapen oppstod. Derimot står ideala til Tempelriddarane sterkt her, og det er den åndelege arva dei ønskjer å handheve.
Men så kvar det ABB sysslar med? Kvar er det han får desse rare ideane sine i frå, då? Han hevdar å ha vore med og stifta ein ny Tempelriddarorden, PCCTS Templar Knights. Javel? Kven er det? Det er iallefall ikkje
desse, som vart skipa på spøk for å demonstrere kor lett det var å lure folk med konspirasjonsteoriar. Utover det har ikkje denne riddarordenen noko tilstadevering på nettet eller ein annan stad - eksisterar den berre i hovudet på ABB?
Om ein les gjennom hans berømmelege manifest er det mykje rart som tydlegvis berre eksisterar i hovudet hans, men det er òg ein del tankegods han delar med andre. Og forutan mykje politisk grums, gjeld dette ideen om den kristne superkrigaren - tempelriddaren. Ein totalt misforstått idè
om du spør min ven Bjørn Are Davidsen, eller ei anstendig historiebok. Om ein skal tru på mytologien rundt han, så er denne tempelriddaren ein dedikert korsfarar og supersoldat, med ein utprega mystisk og religiøs, okkult om du vil, krigar. Han var kristendommens forsvarar, som med presisjon dreiv muslimane vekk frå det heilage land med sverd i hand, gjerne med kommandotaktikkar og kløkt attåt sverdet. Dette biletet stemmer diverre ikkje utanfor litteratur, film og spel, i røynda var Tempelriddarane ein munkeorden, som sverga å beskytte pilgrimane. Deira formål var ikkje å erobre det heilage landet, men å vegen til det, med andre ord. Og då det vart naudsynt å atterobre området deltok dei sjølvsagt, med både hell og uhell i strid. Graden av iver etter å erobre områder styrt av muslimar varierte etter leiarskapet, og det herskar ein smule strid om i kor stor grad dei var styrt av pragmatisme og fanatisme. Låg dei i krig med muslimane av religiøse årsaker, eller politisk-økonomiske? Svaret på det trur eg vil seie er ein lett blanding. Det er ikkje noko tvil om at verdsleg makt var viktig for ein orden, og dei vart ein viktig maktfaktor i Europa fram til dei vart bannlyst.
Det vi sitt att med er nok ein skivebom frå terroristen, ikkje tempelriddaren, ABB. På alle tenkjelege vis har han misforstått og forrådt ideala til organisasjonane han hevder å emulere og representere, anten det no er Tempelriddarane eller frimurarane. I sitt manifest skildrar han seg sjølv, og dei som skal følgje han, som riddarar, dommar, jury og bøddel, og eit innviingsritual som han har skrive om frå innviingsritualet til Frimurarordenens første grad. Dette er eit innviingsritual han sjølv har deltatt på, og den eden han sverga der, har han forrådt med sine gjerninger.
Det kan vere eit interessant prosjekt å sjå vidare og nøyare på kva han faktisk skriv og hevdar om den mytologisk-historiske Tempelriddarordenen, og korleis dette er relatert til hans påståtte tempelriddarorganisasjon. Korvidt denne eksisterar er eit opent spørsmål. Ein har ingen annan indikasjon på at den gjer det, utover hans omtale av den. På den andre sida hadde vi heller ingen annan indikasjon på at ABB var ein alvorleg trugsel, før det var så altfor seint. Så kunnskapen vil komme godt med. Eg tenkjer difor å sette meg ned med dette etterkvart. Slik for å vise at ABB ikkje var ein frimurar, ikkje var ein tempelriddar, men at han var ein terrorist som pakka seg inn i historie og mytologi for å styrke bilete av seg sjølv som ein helt.
Så legg att kommentarar, innspel og tankar, dei er hjarteleg velkomne i prosessen vidare.