Unity-huset i Oslo freistar å vere eit samlingspunkt for det som kan krype og gå av alternative i området, i all hovudsak det som kan krype sjølvsagt. Denne helga har dei arrangert eit opent arrangement - Unitymessa. Eller opent hus om du vil.
Temaet er sjølvsagt sjølvutvikling og spiritualitet, noko som slett ikkje er billig. Sjølv ikkje med alternativ prising. Faktisk er det ikkje mindre alternativt enn at dette opne arrangementet kosta 150,-. Per dag! Altså 300 til saman. Eg vil ikkje vete kva det hadde kosta å sjå lurendreiarane på eit lukka arrangement.
Respekt til Unity som klarar å vere alternative, sjølv i definisjonen av open!
søndag 28. august 2011
laurdag 27. august 2011
Fotoforbod
For eit par år sidan fekk studentane i Bergen eit nytt Studentsenter; ein stad å treffast, å ete, ha seminar, få råd og trene. Ja, dei fekk tilogmed ein flunkande ny symjehall. Symjehallen vekte med ein gong ein del merksemd, då den hadde eit litt underleg arkitektonisk konsept. Veggane var av glas. Så alle som vandra ute, kunne stå langs fortauet og kikke inn. Det vart med andre ord ikkje ein symjehall for dei mest beskjedne blant oss.
Og det har kanskje vore eit problem etterkvart, for nyleg var dei nødd å innføre eit fotoforbod på gata utanfor.
Det er sikkert veldig tryggjande for dei som vil symje i fred.
På den andre sida, så er det noko med slik skilting som berre BER om å verte fotografert.

søndag 21. august 2011
Det svakaste leddet i Doctor Who
No prøver eg, tru det eller ei, å unngå å bombardere dykk kjære lesarar med Youtube-videoar, særleg av det meir nerdete slaget, men avogtil er det uomgjengeleg. Som når eg har snubla over det som må vere tidenes beste episode av britiske The Weakest Link. Her har dei samla innehavarane av store og små roller i Doctor Who til å svare på spørsmål så godt dei kan, medan dei vert hundsa av programleiaren. Og resultatet er fabelaktig moro, simpelthen. Så sett dykk ned og sjå, no!
Om du følgjer med gjennom episoden, så ser du ein interessant psykologisk tendens i avstemminga. Jamt over stemmer stjernene ut dei mindre kjendte skodespelarane. Då stjernene føler seg meir som ein del av ein familie, enn dei som til dømes berre har vore med i 2-3 episodar eller som jobbar bak kulissane.
Ser du?! Eg kan kommentere dette på eit seriøst vis òg.
Blue tits.

laurdag 20. august 2011
Lovecraft og det som er i djupet
Den 20. august 1890 vart Howard Phillips Lovecraft fødd inn i denne verda, om han var ein profet, ein vitjar frå ein annan dimensjon eller berre pittelitt eksentrisk er ei drøfting til ein annan dag. Dette er dagen for å gratulere skrekkens gudfar med 121 års dagen. Om du ikkje er kjendt med hans verk og visjonar av eit amoralsk kosmos, der menneska er nederst på hakkeorden, så er det på tide du vert det. Som ein som kjem frå kyststripa av Noreg er fullstendig klar over at vi menneske ikkje er dei opphavelege eigarane av denne kloda, og at det er langt eldre ting enn oss sjølve gøymd blant fjell og fjordar. I avsidesliggjande kommunar kan ein sjå diskre spor etter våre relasjonar til desse urgamle tingene; i snodige skikker, ved mørke, rustfarga altar og i andleta til fiskerfamiliar etter generasjonar med seksuell omgang med det som stigg opp frå fjorddupet.
Ja, du høyrde meg. Dei kjem frå fjorddupet, og dei parrar seg med fiskerar og bønder langs norske kysten. Eit offer vi gjev dei, for å kunne leve i fred for dei eldre gudar - fri frå deira vrede. Dette er den sanninga eg vaks opp med, dette er den sanninga eg fann då eg først opna Lovecraft sine verk og dette er den sanninga eg flykter frå kvar gong eg forlet dette landet. Ei sanning som eg aldri vil unnsleppe.
For det er ikkje berre langs norske kysten, eller i vår vestlege motpart, New England dette er tilfellet. Det fekk eg og mitt reisefølgje, frøken Kvitrev oppleve då vi kom til Brighton tidlegare i år. Det var ein fredfull kystby, på storleik med Bergen, med ein levande handelstand og uteliv. Og knakande god vegetarmat. Vi lot oss imponere av utsøkt grafitti og gamal arkitektur, og ein vennlegsinna lokalbefolking. Vi lot oss overtyde til å ta for oss byens mest kjende område - strandpromenaden. Gjort legendarisk av filmar som Quadrophenia og forsøk på å knerte Margaret Thatcher på eit av strandhotella. Her kunne vi ete is, og sjå restane av den viktorianske paviljongen som gjekk opp i flammar for nokre år sidan - la oss ikkje snakke om russisk mafia, det er berre upassande.
Det var her vi såg det.
Først som ei skugge i vatnet. Ei skugge som kom nærare og nærare. Så såg vi det var ein skapning av eit slag, og vi vart ståande og stirre nyfikne på at dei vagga mot oss med armane utstrakt. Då vi innsåg at det ikkje var armar, men klør, var det allereie for seint for frøken Kvitrev.
Eg kan ikkje fortelje korleis vi kom oss levande frå det, dei bruddstykka eg hugser er... ubeskrivelege. Alt eg kan seie er at de må vokte dykk for vatnet, for det inneheld løyndomar. Løyndomar langt eldre enn vi kan førestille oss. Lovecraft sa det først. Lovecraft åtvara oss om desse mektige vesna som ein gong herska over denne ubetydlege kloden, og som ein gong vil herske over den på ny.
Og difor gratulerar vi denne framsynte profeten, eksentrisk eller ikkje, menneskeleg eller ikkje, med dagen. Vi helsar han med ein skål i laudanum og absinth, og eit solid ladegrep på rifla og blikket retta mot ukjendt farvatn.

tysdag 16. august 2011
Når hjerna råtner
Vi må snart byrje å snakke om noko anna enn villfarne terroristgaukar og brunkfremforgifta drittunger. Det er mykje viktig der ute som forten merksemd, om vi berre klarar å rive oss laus frå den trivielle straumen av informasjon og underhaldning på fjernsyn og i nettaviser. Vi bør reise oss frå sofaen og gå ut og snakke saman litt i ny og ne, stikke hovudet ut av kontoret og bable litt med kollegaer som ein ikkje har på facebook-chatten. Ein vågal tanke, men ein tanke som er verdt å tenkje. Elles kan vi alle ende opp som våre verste fiendar;
Nemleg! Pandajævlar! Late, uvirksomme tyrannar som nekter å løfte på ræva! Dei styrar det meste av media, og vil ikkje noko anna enn at vi skal bli like ubrukelege som dei. Berre for å tene dei skal vi løfte hendene våre i framtid, berre for deira gunst vil vi utøve våre naturlege livsfunksjonar! Pandamonium er ikkje ein mindre realitet no enn før, krigen er så visst i gang!
Sjå på deg sjølv der du sitt; mett på rykter sladder og meiningslaus analyse av alle aspekt av Breviks avføring! Forvirra og forskrudd av nettdebattantar, sliten i hovudet av å lese gærne rosabloggerar som sitt og tygger på lebestifta medan dei smører fecalmaterie utover verdsveven! Eg forstår du er sliten! Eg forstår du ikkje orker å reise deg! Men kjemp i mot! Kjemp i mot Pandamoniums stygge påverknad!
Oj... eg snakkar visst høgt til meg sjølv eg. Det er semesterstart, og mullaens hjerne jobbar i høygir med alt anna enn kreative ting.

søndag 14. august 2011
Gullungen då!
Vi er litt uklare på kva undertrykking, knebling og sensur er i dette landet, og ikkje lærar ein det på skulen heller, der dei bortskjemte drittungane har forstått det slik at kritikk er det same som at dei ikkje får lov å seie noko. Det opplevast kanskje slik når ein har vanskar å svare for seg. Det er ikkje lett å vere mindre begava.
Då Gullungen Lars-Peter Granli møtte litt motbør for å ha støtta opp om Breivik, og ha lagt fram noko sludrete og rasistisk demografi, vart han hysterisk og sletta innlegget fordi:
"...man ikke kan snakke om et aktuelt og alvorlig tema fordi man er redd for å bli sammenlignet med høyreekstremisten Breivik. Ser dere ikke hvor verden er på vei? At vi nå må legge lokk på meningene våre bare fordi man er misfornøyd med innvandringspolitikken eller er FrP´er og Høyrevelger. Hvor har det frie, demokratiske Norge tatt veien der man kunne ytre seg fritt uten å bli halshugd?"
Halshugd faktisk. Vel, det hadde kanskje vore lettare å smøre andletet inn med brunkrem om han kunne leggje det på bordet framfor seg? Eller? Han påpeiker i same innlegget at Noreg er oversvømt av kommunistar. Oh well, det er i det minste ikkje innvandrerar og muslimar og sånn derre? Dette etter eit høgst forvirra innlegg der han forklarar at UDI har skulda for... eit eller anna? Vi mistenkjer at han meiner det er UDI sin feil at vi har innvandring. Eller noko slikt.
"Det stopper ikke der, det står så mye om dette på nett at man ikke vet hvor man skal begynne. Jeg har nå gitt dere et kort innblikk i hva UDI driver med. De sløser med penger, slipper inn det som er å slippe inn osv. De eier ingen grenser! Og når i tillegg underdiriktøren i UDI skriver til meg at det er sånne som meg som skaper terror i Norge og i resten av verden har jeg bare en ting og si. Nei, det er "sånne som deg" som skaper terror. Altså UDI selv."
Og han held fram:
"Nå er det på tide å sparke styret i UDI og heller sette dem til å plukke søppel i Oslo´s gater. De eier ikke kompetanse eller hode til å kunne sitte med en så stor makt som de faktisk gjør. Det er rett og slett hårreisende. Hvem sin feil er det at voldtektene i Oslo har økt så drastisk de siste årene? 80 % av den som voldtar er innvandrere med muslimsk opprinnelse. Hvem sin feil er dette? Jeg har kun et svar, og det er UDI...
UDI står bak alt hatet Norge har til innvandring fordi de slipper inn dem som sværter de muslimene som ønsker å gjøre noe bra for det nye landet de kommer til. De fredelige som ikke ønsker andre vondt. En programleder i NRK fortalte meg at Høyre er det partiet som har flest muslimske medlemmer. Grunnen til det er fordi de ikke ønsker å ha de som ikke har noe bra å utrette i dette landet."
Det er sjølvsagt mykje ein kunne ha svart til dette... men at den som valdtar er 80% muslim er kanskje litt for enkelt å gripe fatt i. Eg tar meg i å lure på kva dei andre 20% av valdtektsmannen er. Kanskje han er 80% muslim, og 20% valdtektsmann. Altså er det ikkje muslimdelen som er problemen, men valdtektsmanndelen. Kanskje vi burde bruke meir tid på å hetse valdtektsmenn?
Men for all del, eg misforstår jo med vilje, men det er ikkje så lett med alle desse som vert fødd inn i dette landet og nektar å lære seg språket. For det er jo noko med dette språket vårt; det vi seier, korleis vi uttrykk oss og kva ord vi nyttar kan ha allskens konsekvensar. Det er difor det i gamle dagar var gjerne folk som las gjennom avisinnlegg før dei vart trykt, for kven vil vel trykkje røret til ein reinspikka idiot? Dei skulle beskyttast mot seg sjølv (og samfunnet skulle beskyttast mot potensielle migrener og magesår som resultat av å lese det). Og her er stikkordet - det ein seier kan ha konsekvensar. Det er ikkje sensur, knebling eller undertrykking, det er berre slik det er. Som du skrik i skogen får du svar, Gullungen.
Eit svar var jo at NRK følte dei måtte sjekke opp i saka, då han er ein profiliert idiot, og då sponsorane til blogg.no fann ut av kva som foregjekk der valte dei sjølvsagt å trekkje seg. Dette er framleis ikkje sensur, Gullungen, dersom det var din neste påstand.
Åh, det var visst det. Ifølgje han så har NRK brudt Ver Varsam-plakaten med sin journalistikk, og i eit vilt samansurium av eit innlegg, oppsummerar han anklaga i tre veldig vaksne punkt:
1) De skremmer folk til å ytre seg offentlig. 2) De hindrer at de synspunkter jeg har frontet ikke vil bli en debatt hos andre bloggere i frykt for å tape penger.3) De glemmer helt at mine to innlegg var fri informasjonsformidling. Jeg viste til en dokumentar som gikk på TV2 i 2010 under navnet "Det Muslimske Brorskap" og til sjokkerende tall på fødselsraten til Europa og USA. At muslimene vokser og de vestlige synker.
Skremmer folk til å ytre seg?! Ja, det forklarar jo kvifor kjeften til denne drittungen går konstant. Kva er det barna lærar på skulen om dagen, eigentleg? Nok ein gong støtar skuta hans på det gigantiske isfjellet av eit faktum at kritikk ikkje er sensur, ueinigheit ikkje er knebling og noko er ikkje sant berre fordi du ser det i ein video på Youtube. På dette tidspunktet drar han òg med seg riksbimboen Heidi Alexandra, som tar ein kjapp pause frå å sminke seg for å fortelje oss at dei ho føler seg litt undertrykt. Særleg er ho uroleg fordi ho, lik Breivik, er arisk, og tykkjer at hennar meiningsmotstanderar burde flytte til Nord-Korea der dei høyrer heime.
*sukk*
Det hadde vore kjekt å seie at vi var ferdig med denne saka no, men dei to skamlause idiotane presterar å drite seg ut på radio kort tid etter. Du må nesten høyre intervjuet for å tru det, og høyrer du godt etter kan du høyre vinden suse gjennom skallen hjå dei to. I intervjuet udjuper Heidi Alexandra si framtidsfrykt for den ariske rase:
"Ja, de er jo positive, de skjønner jo poenget mitt. Jeg er arisk, jeg vil ikke utrydde meg selv. Det er jo, jeg er etnisk norsk. Det er sånn som de som er mot alt Anders gjør, Anders var arisk. Og siden alt som kan kobles til ham er negativt, så blir det plutselig negativt alt sammen."
Nei, ja... altså... nei, gløym det. På veg heim frå intervjuet møtte ariske Barbie ein rumensk tigger og briljerte med språkkunnskapene sine då ho freista å be kvinna dra til helvete på rumensk.
Fint det, Barbie.
Det slår meg at bruningskrem og sminke openbart kan vere farleg om ein nyttar for mykje av det. Kjemikaliene etser inn i huden, gjennom kraniet og går til åtak på det lille som er av grå hjernemasse. Det etterlet seg stort set ein porrøs grønn klump som lagar raslelyd når ein ristar på personen.
Desse stakkars menneska er eit resultat av reality-fjernsyn, sladderpressa og ein grunnutdanning som har kollapsa totalt. Og kvar er foreldra deira? Kvifor har ikkje dei gjort noko? Det tar ei landsbygd å oppdra eit barn, har eg høyrd, så eg trur vi må påta oss ansvaret for å gje desse drittungane husarrest eller noko.
onsdag 10. august 2011
Myter om ein drapsmann
Det er uomgjengeleg at ein drapsmann som Breivik vil tiltrekke seg myter; vi vil sjå opphavsforteljingar og forteljingar om korleis ting gjekk føre seg i 22/7, såvel som kvifor, i åra som kjem. Det er berre naturleg at mange vil oppleve han og hans gjerninger som eit fascinerande mysterium, og noko som bør etterforskast og spekulerast i. Slik ein har gjort med drapsmenn av dette kaliberet tidlegare. Han skil seg ut frå namnlause martyrhungrige terroristar i at hans aksjon var skapt for nettopp dette, på same vis som aksjonen 11. september 2001.
Når det er sagt; så er det framleis eit opent spørsmål om kva forteljingar som får lov til å dominere. Og dette var temaet for Radioselskapet på NRK P2 i dag, der eg hadde forvilla meg inn for å pludre. Du finn meg rundt 6 og eit halvt minutt inn i podkasten.
Mykje er skriven rundtomkring om dette, og eg vil anbefale alle å ta del og spre moroa. De kan mellom anna byrje med the 22/7 Documentation Project. Det er krevd av oss å avkle Breivik som den terroristen han er, og den historia han fortel i eit forsøk på sjølvmytologisering vert avslørt som den løgnen det er. Underlege historier og konspirasjonsteoriar vil vi neppe klare å unngå i denne saka, men vi kan i det minste sameinast at det ikkje er hans forteljing vi lar verte historia.

tysdag 9. august 2011
Gullunger og drittunger
Vi har eit problem. Eit vedvarandre problem. Med drittunger.
I etterkant av 22/7 har ordskiftet gjerne vore fokusert på ekstremistar som Fjordman og andre antijihadistar, som kombinerar sin hatske retorikk med kunnskap henta frå marginale bøker og konspirasjonsteoriar om islam. Vi vil nok erfare at desse er vanskeleg å argumentere med, då dei opplev ein kvar form for kritikk som forsøk på å kneble dei eller undertrykke dei. Fleire av dei har allereie kasta seg rundt for å påta seg offerrolla, medmindre dei er såpass sprø at dei meiner at eigentleg var Arbeidarpartiet sjølv som stod bak. Cui Bono skrik dei, kampropet til rabiate schizophrene paranoide etterforskarar.
Vi gløymer i den samanhengen dei som er langt unna det meir "intellektuelle" hjørnet av debatten, dei som slukar bruddstykker her og der, utan eigentleg å fange essensen. Dei som kjøper enkle demografiske bevisføringar for at "dei" tar over ved å avle bleikfisar ut og liknande. Dei du høyrer snakke på bussen, skrike i kommentarfeltet eller kanskje tilogmed spytter ut eit blogginnlegg i ny og ne. Det kan vere minst like vanskeleg å nå inn i skallen på eit par av dei, og vi må spørre oss sjølv kvifor. Korleis kan vi forklare noko for dei som ikkje forstår logikk og som fnys av den lille skulegang dei har gått gjennom?
Korleis skal vi nå fram til "Gullungen" Lars-Petter Granli, dette er overpynta fjolset som skryt av å vere ein bortskjemt kvise på samfunnets rumpe når han erklærar at Breivik har eit poeng? Og følgjer dette opp med eit innlegg med heilt forkvakla demografi henta frå ein eller annan besynderleg Youtube-video som allereie er blitt plukka frå kvarandre av BBC? I seg sjølv smakar demografiske teoriar om at muslimar avlar ut kvite menneske av så mykje rasisme at det gjer vondt. Det er ikkje ein gong morosamt. Så korleis reagerar han på motstand? I første omgang vil han ikkje sleppe gjennom kommentarar som inneheld motstridande data, nei. Helst skal kommentarane støtte han, eller så kan dei berre kritisere på overflata. Ingen konkret data her i garden. Og etterkvart som reaksjonane ballar på seg, så vert han sjølvsagt hysterisk. For han er så flott, og vi andre tåler jo berre ikkje kor flott han er. Gud betre meg, den neste som seier noko om jantelova til meg får ein på snøvla.
Så kanskje han burde haldt seg til å blogge om kor sjølvbruningskrem og kva fest han var på i helga? Diverre har slike folk òg høve til å påverke ungdom. Sjekk kommentarane, alle dei siklande støvelslikkarane som seier seg einig i det han seier. Og sjølvsagt hopper sjølvaste, Heidi Alexandra Olsen, seg inn i det heile, og kopierar statistikken hans på sitt sedvanlege gjennomtenkte vis. Det heile er eit frykteleg trist syn. Dette er ungdommen, vårt lands framtid.
Så når ein no manar til kamp mot allskens uting på nettet, og vil prøve å heve debatten opp på eit meir anstendig nivå, så gløym ikkje rosabloggerar og gullunger smurt inn i 10 kilo med brunkrem. Her er det mykje arbeid å gjere gitt...

søndag 7. august 2011
Med auge for Polen
Mullaen er katteelskar, det er jo opplest og vedtatt. Han elskar alle kattepusar, uavhengig av rase og form. Dei er alle yndige vakre vesen, sjølv om han kanskje har eit ekstra godt auge til kattetypen kjendt som Kitler. Det er særleg vanskeleg å ikkje vere glad i Kitlerar med ambisjonane på rett stad, slik som dette vidunderleg målretta vesenet:
Er det ikkje vakkert? Minner meg om den vidkjendte strategen og trollamannen Salem Saberhagen, som gjorde eit ihuga forsøk på å invadere Polen... men som vart dømt til å leve ut livet sitt som katt i heimen til ei tenåringsjente. For ein lagnad.
Vonar ikkje det skjer med overnemnte kattepus.
Eller meg.
![]() |
Med auge for Polen, og framtida! |
Vonar ikkje det skjer med overnemnte kattepus.
Eller meg.
måndag 1. august 2011
Verdsfreden vert skapt i Bergen
Å skape fred i verda; ei av dei største utfordringane vi står overfor, og kanskje ei utfordring vi aldri vil kunne meistre. Særleg då vi gjerne er for satt i faste t ankemønstre når vi først er i posisjon til å påverke verda. Den amerikanske læraren John Hunter har tatt konsekvensen av det, og i over 30 år har han latt sitt skuleelevar gjere jobben i staden for. I fjor vart dokumentaren om hans World Peace Game vist ved BIFF:
Det er eigentleg vanskeleg å ta innover seg kor komplisert dette spelet er, og kva han faktisk utsett desse skuleelevane for. Dette er nok til å forvirre og overvelde vaksne, godt utdanna menneske. Korleis eg veit det? Eg var der i dag, då han for første gong satt i gang spelet for nokon andre enn sine eigne skuleelevar, for første gong utanfor klasserommet, for første gong utanfor Amerika og... for første gong med vaksne menneske. Her var det alt frå filosofar og lærarar til unge studentar som satt og stirra i frykt på problema dei vart presentert for. Kva eg gjorde der, er sjølvsagt uvisst, eg vart invitert av organiastorane anten fordi eg er spelforfattar, bloggar eller har ein vinnande personlegheit. Uansett så var eg der som observatør, men fann meg snøgt til rette i lag med våpenforhandlarane i eine kroken og var snøgt i gang med å plukke ut potensielle kundar blant spelarane.
Kvar ettermiddag/kveld dei neste fire dagane skal spelarane møtast her i Bergen og forsøke å oppnå verdsfred og løyse eit sett med 20 konflikter/utfordringer som alle har fleire partar, og ulike element. Dei heng òg saman, så du løyser ikkje eitt problem utan å endre forutsetnadande for fleire av dei andre. Her er det alt frå etniske konflikter, ressurskonflikter, kulturelle og historiske konflikter og ikkje minst rein faenskap. Miljøet er i krise, industrien er i krise, og alle landa er på randen av minst ein krig, og plaga av indre strid. Korleis i all verda klarar 4. klassingar dette? Og korleis skal dei vaksne spelarane klare det?
Dei har til fredag kveld å redde jorda, og å fordele godane slik at alle kjem ut i pluss, og det er ingen garanti for at dei kjem til å klare det. Ingen garanti i det heile. Eg er frykteleg lei meg for at eg ikkje får deltatt alle dagane, men vil nok snike meg innom så ofte eg kan denne veka og sjå folka fortvile etterkvart som planane deira for verdsfred raknar totalt. Og eg ønskjer mine vener våpenhandlarane lukke til med å flå alle saman.
Du kan følgje med på nettsida til World Peace Game og Facebooksida til World Peace Game Bergen, forhåpentlegvis er det ikkje siste gong det skjer. Om du har lyst til å sjå den karismatiske læraren John Hunter prøver å forklare spelet i full forvirra feberfantasi, er det berre å kaste seg over denne TEDtalkvideoen:
Det er simpelthne noko med folk som jobbar for fred i møte med sterke motsetnadar som er frykteleg passande i desse dagar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)