... så er eg ikkje meir hipster enn dette.
Og det er sjølvsagt ein interessant teologisk utgreiing som ligg bak dette, som forklarar korelasjonen mellom moskeen og dei gamle gudar, og det involverar sjølvsagt stjernenes sura, vers 52. Men du har jo neppe høyrd om dei heller. Eller så forstår du berre ikkje.
Men eg er ingen hipster altså. Eg er berre arrogant.
tysdag 27. september 2011
søndag 25. september 2011
Mullaen ser på kunsten sin
Det var openbart stor suksess då eg delte litt kunst med dykk her forleden, og det er sikkert dei som då sitt og lurar på kva noko av kunsten mullaen likar å ha på veggen sin er. Ja, det er båe eit og anna maleri og anna visuell kunst som er i mine klamme hender, og som eg nyt i stille stunder av introspeksjon og febril søken etter visjonar.
Av desse er det nok dei som vil merke seg nokre krussedullar av det som skal forestille hestar i gallopp;
Dette er altså ei original skisse av Salvador Dali som han døpte Mao-Tse Tung. Ikkje spør meg kva han tenkte på, eg er ikkje skrudd saman på heilt det same vis som han. Det har slått meg gong på gong at Dali er ein mann som er bra på avstand, eg mistenkjer han nok var pittelitt slitsom å utforske i detalj.
Eg likar Dali, men blikket vandrar likevel, for det er noko besnærande her. Noko som fangar blikket mitt. Ein kokett skapnad, som flørtar med yndig blikk og positur...
Kan det vere...? Er det...? Det er!
Dette vakre portrettet av underteikna mulla vart overrekt han av ein dyktig penselsvinger han har kjendt sidan tidenes morgon, Bjørn T. Bøe til jul i fjor, og er ein vassekte kunstskatt. Merk kroppsspråket, og dei strategisk plasserte hendene. Blikket! Ååååh! Det blikket! Han har verkeleg klart å fange meg.
Desse bileta er simpelthen for verdifulle til eg kan la dei henge i moskeen, for om enn kor gudfryktige vi er her, så luskar det vantru hundar og barbarar rundt oss til ein kvar tid. Så inntil vidare heng dei på ein trygg stad, der det er alarm. Men ein dag skal dei inngå i moskeens eige galleri.
Og der vonar eg det får selskap av fleire fabelaktige verk, frå kjende og ukjende kunstnerar!
Av desse er det nok dei som vil merke seg nokre krussedullar av det som skal forestille hestar i gallopp;
![]() |
Eit produkt av eit underleg sinn |
Eg likar Dali, men blikket vandrar likevel, for det er noko besnærande her. Noko som fangar blikket mitt. Ein kokett skapnad, som flørtar med yndig blikk og positur...
![]() |
Sjarmtroll på veggen |
![]() |
La deg fange av hans varme smil og livsglade blikk! |
Desse bileta er simpelthen for verdifulle til eg kan la dei henge i moskeen, for om enn kor gudfryktige vi er her, så luskar det vantru hundar og barbarar rundt oss til ein kvar tid. Så inntil vidare heng dei på ein trygg stad, der det er alarm. Men ein dag skal dei inngå i moskeens eige galleri.
Og der vonar eg det får selskap av fleire fabelaktige verk, frå kjende og ukjende kunstnerar!
fredag 23. september 2011
Eg er smigra, men det var ikkje meg...
![]() |
Ikkje ein mann i tjueåra |
Som dei fleste andre som har runda 30, så gjer eg jo sjølvsagt mitt best på å oppretthalde eit ungdommeleg ytre, men eg kan verkeleg ikkje skryte på meg å sjå ut som ein "gutt" i tjueåra. Eg er dessutan ikkje noko særleg til valdsmann, og skulle eg ha satt for meg å vere slem mot Ulrikke Lund, så hadde eg berre lagt att ein kommentar angåande stilen hennar. Ein kan meine kva ein vil om fillene ho surrer seg inn i, og merksemda ho får for det, men eg tykkjer det er relativt ubehøvla å slå henne ned for det. Er det slik at vi som bloggar om kle og stil, ikkje skal gå i fred på gata?
Ja, eg er klar over at det er eit hav av kvalitetsforskjell mellom meg og frøken Lund, men eg prøver ikkje å halde det i mot henne at ho er fanga opp i eit univers av sjellause motemagasin og kyniske klesprodusentar. Det er vel berre ein fase, og ho veks ut av det, utan at nokon treng å ty til overfall.
Så eg tar på det sterkaste avstand.
Og eg gjentar, frykteleg smigra for at nokon trur eg kan verte tatt for å vere i tjueåra, men det var verkeleg ikkje meg. Eg er gamal. Gamal, og velkledd.
måndag 19. september 2011
Biletets forræderi, og sånn derre meta-ting
Eg er stygt påverka av å ha jobba i eit kunsthistoriemiljø i eit par år. Eg tykkjer faktisk at meta-kommentarar rundt biletkunst og vår oppfatting av det, er interessant. Ta til dømes Biletets forræderi, La trahison des images, dette berømte surrealistiske verket av belgiske Magritte.
Dette er inga pipe, erklærar malaren, og sett ein støkk i den piperøykande mullaen, men han har heilt rett i det. Det er ikkje ei pipe, det er eit bilete av ei pipe, ei framstilling av ideen og forma pipe.
Ein fantastisk meta-kommentar til kunstens natur... men kan det ikkje gjerast betre enn dette? Jovisst faen kan det det!
Sanneleg seier eg, at når meta vert meta, så vert mullaen ekstra glad. Og om du ikkje skjønne denne, så er det pinadø noko i vegen med deg.
![]() |
Inga pipe, for svarte?! |
Ein fantastisk meta-kommentar til kunstens natur... men kan det ikkje gjerast betre enn dette? Jovisst faen kan det det!
![]() | |
Look at the size of that thing... |
søndag 18. september 2011
Slapp søndag
For eit par veker sidan var det ein harmonisk søndag, og førre søndag var det tiårsmarkeringa for 11. september. Sistnemnte lot vi naturlegvis forbi gå i tystnad, då ein har sagt det meste som trengtes å verte sagt dei siste ti åra, og alt som attstår er fornuftige menneske som prøver å overhøyre den etterkvart keisame straumen av konspirasjonsteoriar.
Så denne søndagen er ein slapp søndag. Ein skikkeleg slapp søndag. Ein så slapp søndag at det eigentleg hadde tenkt å skrive om uteblir. For eg gidd ikkje, eg vil heller slaure vidare med ei god bok etter fleire desperate forsøk på å skrive både blogginnlegg og notatar til andre skriveri. Det er simpelthen ein slapp søndag. Ein søndag som dette:
Ikkje spør meg kvar biletet kjem frå, kven som har tatt det eller om eg har lov til å nytte det. Det berre låg her og slangt, så eg brukte det. Så slapp er denne søndagen.
Dessutan er kattebilete fritt vilt på internett. Det er eg sikker på at eg las ein eller annan stad.
Eg skulle ha funne det fram til deg.
Men eg er slapp.
Det er ein slapp søndag, skjønner du.
Har du hatt ein slapp søndag, lesar?

onsdag 14. september 2011
Køyredoning og penal
Eg har skjønt at det ikkje skal vere lett å vere ungkar i dette landet her. Det krevst at vi både er kjekke og spennande, og at vi på eit eller anna vis uttrykker vår individualitet på eit vis som ikkje er for spesielt eller skremmande. Ein hårfin balansegong. Eit par ting som aldri slår feil er sjølvsagt om ein er lidande kunstnar (men då må ein vere spinkel og truleg vere bipolar på kjøpet) eller eventuelt har ein motorsykkel. Alle diggar motorsykkel. Det er litt som om du var knekt til hest i gamle dagar - kva ungmø kunne vel seie nei til deg då? Så den glinsande brynja er bytta ut med ekstra polstra onepiece eller skinntøy, og riddarleg poesi er bytta ut med einstavingsord, men det funker like godt.
Så kva skal ein mulla gjere? Det er dyrt å ta motorsykkellappen, og i tillegg må ein jo kjøpe sykkel, og om han ikkje har mentaliteten og fysikken til den lidande kunstnaren, så har han definitivt økonomien. Eg får vel berre ønskje meg det eg treng då, eller kva? Ein køyredoning med stil! Og mine auge fall automatisk på denne!
Korleis er det, treng ein lappen for å køyre Scooter i trafikken? Og vil dei eigentleg stogge og spørre ein skjeggete mann som susar rundt på denne om han har lov til å gjere det?
Ååååh! Eg vil ha! Eg vil ha! Kan eg fååååå?
Eg sitt her og ventar, og ventar! Gje ungkaren ein køyredoning no!
I mellomtida er semesteret godt i gang ved min arbeidsstad, og det vert undervist i hytt og pine. Då er det godt at sjølv om eg må gå til jobb kvar dag, at det er studentar nede i korridoren som garanterar at eg er velrusta for alle utfordringar. Eg har fått meg nytt penal, til mine fine pennar!
Dette er eit utsøkt trearbeid, ikkje noko plastskvip nei, og med god plass til minst ein eller to pennar om eg nokon gong tar dei ut av plasten! Det er tillogmed så fancy at det har dobbel botn!
Ikkje spør meg korleis dei kløktige japanarane får det til! Det er jo nesten reint magisk! Så eg måtte nesten plassere den vassekte japanske HK-pennen min nedi med ein gong!
Og apropos japansk, vi veit jo alle at eg er frykteleg glad i bento-bokser. Problemet er at eg er travel, og er frykteleg lite praktisk anlagt av meg, så ein kan ikkje akkurat forvente at eg skal mekke noko slikt til meg sjølv på morgonkvisten. Og sidan eg som sagt er ungkar, er det heller ingen som tar seg bryderiet med å gjere det for meg. Det er sjølvsagt skandaløst! Men heldigvis er det dei som forbarmar seg over meg, og i det minste sørgjer for at eg har med meg passande lunsj til kontoret!
Hello Kitty på pinne! Det er kjærleik det!

onsdag 7. september 2011
Beatles, sa du?
Eg er oppdratt med the Beatles, og er difor programmert til å tykkje at det er fin musikk. Likevel har det seg slik at eg heller har blitt dratt meir i andre musikalske retninger i løpet av åra. Og om eg skulle plukka ut nokre favorittar frå den perioden Beatles herja på sitt meste, hadde eg nok heller ha plukka ut nokre mannlege smørsangerar som visste å handsame whisky og kvinner. Det heile kan vel eigentleg oppsummerast slik:
Og dette vidunderlege klippet frå The Dean Martin Show i 1965 fann eg via 22 Words, ei side verdt å vitje i ny og ne.
Og forutan det, så er det mykje som tyder på at Dean Martin var... kongen.
Og dette vidunderlege klippet frå The Dean Martin Show i 1965 fann eg via 22 Words, ei side verdt å vitje i ny og ne.
Og forutan det, så er det mykje som tyder på at Dean Martin var... kongen.
tysdag 6. september 2011
Ostepop og osteskruer
I januar var eg så hyggjeleg at eg tilbudte meg å skrive om kva som helst som mine lesarar ville høyre om. Nokre av forslaga var stort sett meir av det same, så dei føler vi at vi har klart å følgje godt opp. Men det var eit forslag som har vorte sittande på hjernebarken og gnagd - ein anonym lesar ville gjerne eg skulle skrive om ostepop. Vi kan jo alle spekulere i kva forhold denne anonyme lesaren har til ostepop (som på nynorsk ifølgje Ikkepedia heiter gullvridlur), og det er lett å sjå for seg ein del aktivitetar som eit kvart moralpoliti med respekt for seg sjølv hadde vore tvungen å gripe inn i. Det er likevel ikkje noko tvil om at ostepop er godt, og ei ettetrakta vare i moskeen. Så i eit halvt år har eg gått her og grubla på kva eg kunne skrive om ostepop, for noko måtte det jo vere. Noko utanom det vanlege. Ostepop har blitt kjøpt inn i store mengder - ikkje berre OLW sine Cheeze Doodles, som mange rekner som dei originale og eigentlege ostepoppane, men andre meir rimelege variantar òg. Ja, for ville det ikkje vere naturleg å skrive om ulike typer ostepop? Eit komparativt studie av ostepop frå ulike produsentar? Tanken frista, men ein prøver å passe vekta her.
Så kva gjer ein då? Ein grublar vidare.
Ein grublar, og ein grublar.
Inntil ein dag, då OLW bestemte seg for å løyse problemet mitt, og presenterte meg og andre forbrukarar for ei ny oppfinning:
Kva er dette? Er det ei skrue? Er det ein ostepop? Den er av ost, ja, liksom, på ein måte... og så fargar den av som paprika. Ja, den smakar jo pittelitt som paprika òg. Men den er som ei skrue.
Hjelpe meg! Det er ei osteskrue!
Oppvakte sinn hugser kanskje at OLW prøvde seg med ostekuler for ei stund sidan? Det var eit fantastisk konsept for alle dei som følte at det ikkje lukta nok rumpe når ein opna ostepopposen - eg sjølv var jo blant dei. No prøver dei seg altså på nytt, med ein ny variant av ostepoppen sin - osteskruer med paprika smak! Eller sagt på OLW-språket;
Cheez Twisterz!
Det smakar eigentleg ikkje så dumt, og det har blitt krevd innkjøp av fleire poser til moskeen. Så her har OLW gjort noko bra, ikkje minst fordi dei har tillatt meg å skrive eit heilt innlegg om ostepop. Og det er eigentleg ikkje så lett som ein skulle tru.
Når det er sagt, så har OLW sponsa meg med korkje pengar eller osteskruer for å skrive om dette. Og det er eigentleg litt synd, for eg lar meg lett kjøpe. Så om nokon i OLW les dette, så er det berre å leggje att ein kommentar med kontaktinfo, så skal eg sende dykk adressa de kan sende framtidige produkt til. I store mengder.
På førehand takk. Og værsågod anonym. Og, sist, men ikkje minst: omnomnom.

søndag 4. september 2011
Harmonisk søndag
Helga er straks over, og ei ny travel ventar folk, fe og mulla. Søndag er den tradisjonelle kristne kviledagen, dagen då tilhengjarane av Kvitekrist sleng rundt i kyrkjer og et samlande familiemiddagar. Det er iallefall slik eg har forstått det, og eg tenkte eg skulle nytte høvet til å strekke ut ei hand til den kristne majoriteten i dette landet og dele litt av deira bodskap med dykk. Dette bodskapet har dei valt, først og framst, virker det som, å dele med oss ved hjelp av musikk. Og ein høyrer gjerne om korleis Gud inspirerar sine disiplar til å yte sitt beste, og gjev dei talenta dei treng for å spre hans kjærleik. Vel, det står i det minste ikkje på iveren og gleda hjå dei kristne;
Ja, var ikkje det flott? Eg klarte faktisk å sjå halve, halvelujua!
Men dei kristne veit at dei når ikkje ungdommen på dette viset. For å nå ungdommen må det langt meir spreke greier til. Som rap og posete bukser! Og igjen, frykteleg mykje iver og innsatsvilje der talentet kanskje uteblir...
Om ikkje det overtydde deg om at Kvitekrist er for ungdommen, så veit ikkje eg... nei, ærleg tala, eg veit ikkje. Det vil kanskje overraske deg at den unge mannen, Michael Clancy, ikkje har tatt livet av seg, men faktisk er praktiserande advokat i dag og aktiv på Twitter... vel, vi får sjå korleis han taklar det når denne videoen "goes viral" som det heiter. Guds veger er uransaklege.
Ha ein framleis fin søndag, kjære lesarar!

torsdag 1. september 2011
Piratar i Bjørgvin, og nokre kvinnfolk
Piratar er jo noko av det kjekkaste som finnes. Kven likar vel ikkje piratar? Alle drøymer om ein dag at ein eller annan vassekte pirat skal komme til vestlandsbygda dei bur i for å plyndre og valdta med eit glis om kjeften. Er ein heldig får ein kanskje litt merksemd frå karen sjølv! Det speler inga rolle om det er ein spanjol, ein fråfallen britisk sjømann eller ein somaliar i slitt t-skjorte som vifter med kalashnikov og machete - piratar er simpelthen fascinerande vesen. Og sidan dei er fascinerande vesen, har sjølvsagt mullaen brukt litt meir enn vanleg tid på å snoke på kven dei eigentleg er, eventuelt var. Dette er eg ikkje åleine om, og det er fleire eg gjerne ville ha trukke fram som kan fortelje langt meir utdjupande og interessant om temaet enn meg, men så var det eg som var tilgjengeleg då den lokale studentradioen ville snakke om temaet i sitt nye radioprogram: Gult kakestykke. Heilt presist prata eg litt om Anne Read og Mary Bonny, dei to kvinnelege piratane som segla (og låg) under Calico Jack. Her er det jo mykje rart å fortelje, men i dette programmet haldt eg meg til det mest sentrale. Trekantdramaer.
Om eg skulle ha valt sjølv kva eg skulle fortelje, så er det ein snasen godbit frå Captain Charles Johnson si bok A General History of the Robberies & Murders of the Most Notorious Pirates frå 1724, som er det opphavelege standardverket om piratane i karibien då dei var på sitt beste. Den mystiske Johnson samla inn informasjon frå vitner og rettsavhøyr og satt saman denne boka med livshistoriene og rulleblada til dei mest kjende piratane i si tid. Deriblant desse to tøttene. Som dei fleste forfattarane i hans tid kan språket hans vere litt vanskeleg å gripe fatt i, men tidvis så glimter han til med dei mest herlege formuleringane. Og ein av dei har vore brennt inn i mitt medvite sidan første gong eg las boka. Det er frå historia til Anne Bonny, eller rettare sagt om farens ekteskaplege problem. Det heile er frykteleg intrikat, og vi kan ikkje gå i detalj på alt, men det er ein episode som er så vakkert og tidsriktig skjildra at ein berre må takast med. Faren til Anne Bonny vart mistenkt av kona si for å ha eit forhold til tenestepiken, og ein gong medan han var ute på eit av sine fylletokt, vart tenestepiken sendt vekk av kona. Og kona la seg i tenestepikens seng, og venta der då mannen kom heim, god og brisen. Captain Charles Johnson skriv:
Om du vil høyre om korleis det gjekk med Anne Bonny, og korleis ho forelska seg i Mary Read i manneklede, så er det berre å laste ned podkasten her. Der kan de òg høyre om korleis Bjørgvin vart offer for piratar.

"The husband came to bed, and that night played the vigorous lover; but one thing spoled the diversion on the wife's side, which was, the reflection that it was not designed for her; however she was passive, and bore it like a Christian."Ein kan seie mykje rart om våre forfredre, men dei hadde faen meg klasse. Sjølv midt i ekteskapleg konflikt. Mora til Anne Bonny vart sjølvsagt tenestepiken, som hadde blitt gravid på dette tidspunktet. Kona til faren vart gravid den kvelden. Og vel... ja, som sagt, det er ei lang og intrikat soge som stiller Hotell Caesar til skamme.
Om du vil høyre om korleis det gjekk med Anne Bonny, og korleis ho forelska seg i Mary Read i manneklede, så er det berre å laste ned podkasten her. Der kan de òg høyre om korleis Bjørgvin vart offer for piratar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)