måndag 31. oktober 2011

Det er dårleg gjort det!

Først opner eg meg for dykk, blottar mi sjel og mitt hjarte, og fortel om min draum om å eige ein vakker rosa scooter med Hello Kitty decal slik at eg kan lokke til meg kvinner og avslutte ungkarstilværa. Så er det nokon som vel å leike med desse kjenslene mine ved å plassere ein rosa scooter utanfor kontoret mitt, utan tilsyn. Berre for å lokke meg til å verte ein tjuv. Og her har eg gått og slitt med mitt moralske kompass, og vurdert korvidt det er meininga at eg skal berre forsyne meg av den. Det er jo openbart ei årsak til at scooteren er plassert der. Det er jo meininga at eg skal ha den!


Det skadar iallefall ikkje å prøve, tenkjer eg. Så eg tenkte at eg kunne kanskje berre ta ein liten tur, iallefall sitte litt på, få kjensla for scooteren og finn ut om den er verkeleg min.

Og det som møtte meg då, var sjølvsagt dette:

Faen heller! Det er ikkje snilt å leike med kjenslene mine slik som dette! Det er dårleg gjort!

Føler for å få meg ein psykolog etter dette. Det er traumatisk. Slutt å le av meg!

onsdag 26. oktober 2011

Saftig Biff

Førre veka braka den tolvte årlege Bergen Internasjonale Film Festival laus. Noregs største filmfestival, med hovudvekt på dokumentarfilmsjangaren, har blitt eit årleg ritual. Eit like årleg ritual som det at eg ikkje får sett alle filmane eg har lyst til, fordi eg har andre plikter. Det var dette med jobb og slikt, førelesinger som må førebuast, og studentar som må tilsnakkast. I år som alle år tidlegare har eg simpelthen vore nøydd å prioritere andre ting, og heller prøve å få meg ein liten dose dokumentar, ein liten dose drama og ei liten dose WTF?!

Det er ikkje lett seier eg, når kinosalane lokkar med nær 180 filmperler frå inn og utland, og eg har gratisbillettar som brenn hol i lomma. Men eg klarte det. Eg klarte å fokusere på jobb.

Diverre.

Men noko film såg eg jo. Så la meg presentere Mullaens filmliste frå BIFF 2011. Vi startar med opningsfilmen, Carnage av Roman Polanski som varma opp for opningsgalla og filmfestival.

Her vert vi presentert for to ulike borgarlege ektepar, som treffast for å snakke om ei konflikt mellom deira to søner. I løpet av filmen bryt dei kvarandre ned, og den høflege fasaden smuldrar opp, i fyll og spetakkel. Mullaen kjenner seg att i beggje dei to mannlege karakterane, og meiner å ha sagt eit par av dei same tingene som dei i festleg lag. Jodie Foster er aldri dum å sjå på heller.

Så måtte vi roe ned med noko Cubansk. Jose Marti: Kanarifuglens auge, om den poeten og frigjøringskrigaren frå 1800-talet.



Filmen er ein del av ein serie som fortel historiene til kjende latinamerikanske frigjerarar. Denne filmen fortel om Jose Marti, ein av Cubas store søner som gav sitt liv i kampen mot Spania. Sjølve filmen fortel ei heilt anna historie, historia om hans barndom og ungdom, om korleis han oppdaga livet, strida og poesien. Ein fin film, og eit greit avbrekk frå Hollywood.

Eg kan ikkje anna enn å varmt anbefale Super av James Gunn, medregissøren av Tromeo og Julie og (av ein eller annan uforklarleg årsak,) manusforfattaren til Scooby Doo-filmen.



Likte du Kick-Ass, så vil du elske denne historia om taparen Frank som prøver å verte superhelt for å vinne attende sin narkomane kone. Resultatet er eit blodig søl, og fantastiske komplikasjonar, og ei utruleg forstyrra, og kåt, ungjente som sidekick. Og når du i tillegg får nyte Kevin Bacon (som skurk) og Nathan Filion (som Guds eigen Holy Avenger)... så er det ikkje noko spørsmål om korvidt du bør sjå filmen, men kor lenge du har tenkt å vente med å få fingen ut.

Etter så mykje moro var det på tide å roe ned med Womb. Ein av dei filmane du ser fordi den kan utfordre deg intellektuelt, men som likevel etterlet deg med ei kjensle av at du eigentleg har blitt utsatt for ein eller annan stillferdig pervo sine fantasiar.



I den mannlege hovudrolla får vi servert Matt Smith (den ellevte doktoren), og det er jo interessant å sjå i seg sjølv kor mykje eller kor lite han er farga av sin rolle i Doctor Who. Filmen fortel historia om to barn som finn kvarandre, så mister kvarandre, finn kvarandre att i 20-åra, og så døyr han. Så langt, så trist. Så kloner jenta guten, fødar han og oppdrar han som sin son. Truleg i naiv tru at det ho verkeleg ville var å ha han i sitt liv. Jajo, i sitt liv og i sitt liv, fru blom. Det kan berre gå ein veg i denne filmen, ver førebudd på å ville vaske deg etterpå, medan du sitt og grublar på filmens bodskap.

Det var med dette på tide med litt dokumentar! Og ein av årets must-see filmar slik sett var A Complete History of My Sexual Failures. Med ein tittel som det, må det bli bra.


¨
Og det gjer det. Til dei gradar. Og du må nesten stille spørsmålet om kor mykje av dette er iscenesatt. For ein større impotent slask enn filmskaparen skal ein leite lenge etter, og at alle desse kvinne forlot han er lett å forstå frå første stund. Det vi ikkje heilt får taket på, er kvifor dei vart involvert med han i utgangspunktet... det seier noko usedvanleg skummelt om den moderne kvinne om så mange kvinner har ignorert det openbare førsteinntrykket av denne mannen. I løpet av filmen tar du deg sjølv i å godte deg når ein domina utsett han for balletortur. For han forten det verkeleg. Gå og sjå, for slapp tiss, sjølvmedlidande og sjølvdestruktiv taparverksemd og... vel... sosialpornografi.

Eg fekk og plass til eit lite australsk drama oppi det heile, med Sleeping Beauty. Ein film som... som... som...



... som.... som... som... Altså, eg skal ikkje prøve å forklare bodskap og det eigentlege innhaldet i filmen, for det trur eg ikkje at eg er i stand til. Vi følgjer ei vakker unge jente, ei veldig vakker ung jente, i det ho tar seg hyre som servitrise i undertøyet, seinare vert ho leigd inn for å sove. Å sove i same seng som eldre menn. Det er det. Ein visuelt tiltalande film, med mykje rart under overflata. Du vil anten hate den, eller storkose deg. Eg koste meg.

Filmen som vart vist under prisutdelinga var Todd Solondz sin Dark Horse med mellom anna Mia Farrow og Christopher Walken. Ein film i vant Solondzstil.



Filmen er i utgangspunktet eit karakterstudie. Eit studie av ei rekkje triste menneske som er fanga av liva sine. Slik at vi kan le av dei. Vi følgjer den tykkfalne Abe som finn ut at han vil gifte seg med ei jente. Det er openbart at ho gjev faen i han, men ho har ikkje noko betre å ta seg til. Eit fantastisk grunnlag for eit forhold, ja? I tillegg er Abe i ein stadig konflikt med sine foreldre, som han framleis bur hjå trass av at han er ein godt vaksen mann. Han jobbar i farens firma, oppførar seg som ein bortskjemt tenåring og samlar på leiketøy. Foreldra på si side lurar på korleis dei kan gjere han meir uavhengig. Slik som hans yngre bror. Legen. Christopher Walker er ukarakteristisk lågmælt og stilleståande i filmen, og han gjer det usedvanleg godt som gamal gubbe!

Den store vinnaren på prisutdelinga var nok dokumentaren The Bully Project som fekk båe ungdommens filmpris og publikums filmpris. Dette er ein dokumentar som nok bør sjåast av eit godt antall menneske her i landet.



Det er mobbing som er temaet, og det vert tatt opp på eit ærleg vis som rørte store delar av sitt publikum. Her følgjer vi mobbeoffer, som vert mobba framfor synlege kamera simpelthen fordi ingen autoritetar bryr seg. Her møter vi foreldra til born som har tatt liva sine etter mobbing. Og vi møtar skulane som ikkje forstår problemet i det heile. Mobbing er eit brennheitt tema i heile den vestlege verda, og ein slik dokumentar vil treffe ei nerve hjå ganske mange. Det tyder iallefall mottakinga i Bergen på, og regissøren Lee Hirsch virka litt overvelda mot slutten.

Eg valte å avslutte festivalen på det ein skulle anta var ei lystig tone. Confessions, forteljinga om ei lærarinne som fortel klassen at ho har forgifta to mjølkekartongar med HIV. Jada. det er sjølvsagt japansk dette.



Dette er historia om hemn og attar hemn, der karakterdjupnad vert demonstrert med spesialeffektar, og alle karakterane er splitter pine gærne. Eller asiatiske som nokon vil hevde. Filmen er blodig, brutal, og tidvis veldig, veldig sær. Eg koste meg.

Så, det var, kort fortald, årets saftige Biff. Andre såg nok fleire filmar, men dei har ikkje tatt bryderiet med å fortelje deg om det enno, så ta til takke med det. Så er det berre å vente på neste års servering. I mellom tida er det 60n.

måndag 24. oktober 2011

Dei prøver å gjere meg til tjuv!

Eg gjennomskuar dei, eg gjennomskuar dykk! De leikar med hovudet mitt! Fristar meg! Prøver å få meg ut på skråplanet, men eg held stand. Eg veit kva dei prøver på! Eg veit kva de prøver på! Og det skal ikkje fungere! Eg er eit moralsk menneske, eg tar ikkje ting som ikkje er mine uansett kor opplagt at det er plassert der for at eg skal ta det! Eg veit rett frå gale!

Heilt sidan eg i førre månad uttrykte eit ønskje om ein rosa scooter til å dekorere med Hello Kitty for å kunne lettare tiltrekke meg ei kvinne, har nokon funne det best å torturere meg med denne godsaka:
Der står den. Tidleg og seint. Heilt åleine. Parkert. Og fristar meg. Kvar dag. Ingen har henta den, ingen har køyrd den. Den står berre der. Og ventar på at eg skal ta den med meg heim, vaske den kjærleg, stryke varsamt og dekorere med stil. Den ber om det. Som ei bibelsk skjøge med prislapp rundt halsen, inviterar denne deilige scooteren berre til at eg skal ta henne heim, ri henne inn i solnedgangen og gjere til min for evig alltid.

Men eg held stand. Ho er ikkje mi. Og eg veit rett frå gale.

Inntil vidare.

torsdag 20. oktober 2011

Rosa einhjørninger og folket i den digitale sfære

Eg sitt og pirker her i materien for eit splitter ny og akademisk førelesing som skal presenterast i neste veke, om populærkultur og det digitale. Eg har to timar på å peike, teikne og forklare allskens rare fenomen og tingelingar. Mitt perspektiv er som alltid folkloristisk, og mitt poeng er og blir at kulturen er og blir den same, prosessane stadig dei same, men at tempoet aukar i takt med nye og betre kommunikasjonsmiddel (jamfør Alan Dundes sin klassiske artikkel, 'Who are the folk?').

I den samanheng har eg to oppmodingar til dykk! Fortel meg kva internett fenomen som de meiner er HEILT naudsynt å verte tatt med i ei slik framstilling? Det er jo openbart at eg ikkje kan ta med alt, eller at eg kan hugse alt, så difor tenkte eg at eg skulle la dykk bestemme! Så veeer så snill å fyll kommentarfeltet mitt.

Den andre oppmodinga er; fortel meg kva eg kan bruke denne videoen til å illustrere:



FLØFFI FOR SVARTE SVINGANDE!

tysdag 18. oktober 2011

Innelåst med meg

Eg held som kjendt til i eit vertikalt boligkompleks, dvs. ei blokk. Den er gamal, stygg og fyllt med skadedyr av båe menneskeleg og anna slag. Og det er difor eit pågåande prosjekt å finne ein annan stad å slå leir. Eit problem som har vedvart sidan eg flytta inn her er sjølvsagt innbrot i bodane våre, drap og anna lyssky aktivitetar. Staden har simpelthen gått til hundane etter dei la ned bordellverksemda her. Dette har sjølvsagt vore til store frustrasjon for eigarane av blokken.

Men dette er kloke hovud må du vete, dei har sikkert gått på BI og slikt, og har difor den beste løysinga på det. Dei fiksar låsen på hovuddøra, slik at den alltid er låst!

Ei hake ved dette er at postvesenet ikkje er tatt med i samtale på dette... så no kjem ikkje postmannen seg inn, og har ikkje gjort det på ei veke. Og sidan bråkmakarane, drapsmennene og dei generelle skadedyra bur i blokka... så, vel. La oss oppsummere: Døra er no låst, med problemfolka på innsida, og vi får ikkje post. Beste løysinga nokon sinne!

Dette er openbart ikkje eit problem, for det er ikkje eg som er innelåst med avskummet, det er dei som er innelåst med meg, som ein reaksjonær forfattar ein gong sa så pent. Så dette går seg nok til, og om ikkje balltreet er avskrekkande, så har eg ein paraply altså. Og hatt. Og kven vil vel bli slått med paraply av ein gentleman i hatt? Dette går så bra så.

La meg berre ta ein kikk på boligannonsane...

I dag kunne forresten postmannen snike seg inn døra, og ikkje berre var det eit par snasne plater frå Tyskland og Polen i postkassa då eg kom heim, men òg dei nyaste numra av Fri Tanke og Samora som beggje inneheld tekstar av underteikna. Ein om World Peace Game og ein annan om dei urimelege menneska. Spring og les, på eit vis.

torsdag 13. oktober 2011

Mullaen i bygda

Sjå! Eg stel eit passande klovnebilete!
Eg tenkjer å vere grei, og glede dei uvaska bygdemenneska i aust med mitt nærver for eit lite døgn. Ja, du høyrde riktig, mullaen tenkjer seg til Oslobygda. Dette i høve i eit lite seminar (akademisk møljepul) om høgreekstremisme ved Høgskolen i Oslo og Akershus der eg er ein sjølvskreven gjest. Ja, dei må jo ha ein klovnete jøglar til å underhalde i pausane, må dei ikkje? Det heile brakar laus med laust tompreik klokka 10.15 i morgon fredag, ein eller annan stad i det såkalla Pilestredet. Og dei mange fjernemdlemmane av moskeen er sjølvsagt sterkt oppmoda til å dukke opp og heie på meg i det eg fortel at... eh... der eg fortel eit eller anna. Eg tenkte eg skulle førebu meg over ein paraplydrink eller noko i kveld, då er det i det minste ferskt i minnet.

Dette er eigentleg mitt vis å invitere dykk alle til å vere med! Kom og hels på! Og så har vi ein solid diskusjon undervegs.

Dei som ikkje kan komme kan visstnok følgje med på internett ein stad, men eg anar ikkje detaljane. Spør nokon som veit.

tysdag 11. oktober 2011

Jødehatet og Trond Andresen

Ved nokre høve der mullaen har tatt seg den fridommen å kritisere Israelsk politikk, har eg vorte konfrontert med anklagar om antisemittisme, det vil seie god gamaldags jødehat. Som misantrop er det alltid vanskeleg å forsvare seg mot anklagar om at ein på eit eller anna nivå mislikar eit folkeslag, for til sjuande og sist så mislikar ein jo alle folkeslag, men det er likevel noko ufint med anklaga om antisemittisme. Mange på venstresida opplev dette ofte, og det har blitt ein floskel i seg sjølv at kritikk av Israel vert møtt med jødehatanklager. Derav Trond Andresen sin parole, som han valte å dele på Facebook nyleg.
Trond Andresen praktiserar retorikk på høgt nivå
Fabelaktig kva? Men eg tenkte eg skulle dele ein liten observasjon med Trond Andresen når eg først har han framfor meg.

Kjære Trond, parolen din er kjempemorosam. Ikkje minst fordi det er sant. Det er gjerne ei total avsporing av debatten når nokon sleng rundt seg med antisemittmerkelappen, det er som med nazist og fascist - du drep simpelthen samtala. Like morosamt er det likevel ikkje når det kjem frå eit ihuga jødehatande fjols som deg, Trond. For Trond, eg veit ikkje du om du har fått det med deg, men årsaka til at du vert kalla antisemitt er fordi du er det!

Anten du finn det for godt å anklage Israel og jødane for ikkje berre ha forkunnskap om 11. september 2001, men at dei stod bak det for å fremje israelske/jødiske interesser eller du sitt og kosar deg med dine feberfantasiar om den jødiske stammementalitet, så er det ein ting det heile oppsummerast med. Du har eit monomant og patologisk negativt forhold ikkje til Israel, men til jødar. Og det kallar vi antisemittisme på den skulen eg gjekk på.

Du leflar med noko av det verste tankegodset vi i Europa har klart å koke opp i vår lange kulturhistorie, og du er ein vandrande skamplett for den norske venstresida. Du er eit fjols, Trond Andresen. Det evige gnålet om antisemittisme er kanskje noko du burde høyre på, fordi ditt jævla antisemittiske gnål er ei avsporing av all god, sunn og moralsk debatt.

Nemnte eg at du var eit fjols.

Gratulerar med dagen til Tor Bach som ønskte seg dette innlegget.

måndag 10. oktober 2011

Ålesunder svikta av skulesystemet, flukter frå hovudstaden

Sinte unge menn kan gjere så mangt; seie så mangt; og skrive så mangt. Det har vi jo alle sett den siste tida. Det er jo ein del av dei der ute, det har vi klart å observere i eit og anna kommentarfelt. Merkeleg nok, og heldigvis, har dei aldri funne vegen til vår moskè i stort hopetal, men det er vel berre flaks. Ein av dei sintaste av dei unge mennene der ute, er den etterkvart vidkjende Peder Are Jensen frå Ålesund, alias Fjordman. Denne ivrige misbrukaren av tastatur og oksygen lova oss å slutte å blogge etter at han vart implisert i Breivik sin udåd. Ikkje lenger skulle han begeistre sine tilhengjerar med tilfeldig samansatte setninger.

Men det varte ikkje lenge gitt. For når unge menn vert sinte så må dei slå, begå hærverk eller skrive usamanhengjande og sende det avgarde. Og eit innlegg av min venn Øyvind Strømmen om den tredje bølgja av høgreradikalisme fekk det Fjordfjolset til å sjå raudt, og hamre over tastaturet med potane sine. Korleis våger Strømmen å anklage han for å vere nazist, alle veit at det er muslimane som er nazistar, og alle på venstresida! Tilsvarsretten skulle nyttast, og han sendte avgarde teksten til Aftenpoften, som etter nokre timar måtte erklære teksten for usamanhengjande og uleseleg og avvise den.

Sensur! Sensur! roper Fjorddraugen! Dei vil ikkje trykke sludderet hans! Så då får han nesten BLOGGE!

Fy faen, og vi som trudde vi skulle sleppe å lese hans indignerte, pseudointellektuelle pølsevev i minst eit halvt år til. Jaja, skamvet har han ikkje! Her prøver han på sedvanleg klumsete vis å sette skapet på plass på taket der han meiner det høyrer heime. Han er jo ingen nasjonalsosialist! At ingen har kalla han det, heller ikkje Strømmen i sitt innlegg, ser ut til å gå han hus forbi. Strømmen skriv i sitt innlegg om høgreradikalisme og høgreekstremisme etter andre verdskrig, der den første bølgja var å rekne som nynazistisk, og den andre bølgja apekattar som var i mot innvandring, så er då altså den tredje bølgja ein rabiat og paranoid antijihadisme, med band til enkelte nyfascistiske miljø.

Altså, inga anklage om nazisme. Men nazisme stod i teksten. Ordet var der. Og vi byrjar med dette å forstå korleis dei tenkjer i dette antijhadistiske miljøet rundt ålesunderen. Der andre ser tekst med meining, ser dei ord som dei kan sette saman slik at det passar dei, evt. ikkje passar dei slik at dei vert sintare. Likeeins vert det at teksten deira er uleseleg og difor avvist av redaksjonen sensur, og ein gigantisk konspirasjon frå marxistane i Aftenpoften si side.

Det er ikkje rart at tosken må flytte frå hovudstaden, det er berre plass til mange enorme idiotar der, og dei har brukt opp kvota for lenge sidan. Og sidan det ikkje er lett å flytte (tru meg, det har eg full forståing for) tyr han på ny til blogging for å få hjelp. Jupp, han har byrja å tigge etter pengar til flyttesjauet på nett.

Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Fjordman har gått frå vekkelsespredikant til svovelpredikant og er no blitt ein tredjerangs TV-evangelist no. SEND ME YOUR MONEY, NOW!

Det heile kan sjølvsagt forklarast med at ålesunderar er det norske svaret på skottar. Og Peder Are Jensen er ein frykteleg stakkarsleg kar, som gjev oss den ære å kunne følgje med på hans forfall online. Takk. Dust.

måndag 3. oktober 2011

Ein travel pizza

Eg er eit travelt menneske, det legg eg ikkje skjul på. Det er mykje springing att og fram, og når eg først er i ro så er eg opptatt ved tastaturet eller ved nasa i ei bok. Dette har sine konsekvensar må ein vete. Ikkje berre det sosiale livet tapar på at eg driv på slik, men det går òg utover kostholdet. Eg likar gjerne å stå på kjøkkenet og lage rare og eksotiske retter, frå Teriyaki til Tangine og pannekaker, men tida strekk ikkje alltid til når ein er travel. Dette løysar ein sjølvsagt med jamne restaurantbesøk på vegen heim, eller enkel take-away frå den lokale thairestauranten eller byens beste sushi. Dette er ikkje billig, og etterkvart som eg prøver å lage meir rom i livet mitt for skriving og dykk kan eg merke at lommeboka er litt anstrengt.

Det fører lett til enkle og kjappe løysingar; av type ferdigmat og halvfabrikat. Ein prøver jo å finne kvalitetsversjonar av det, men det er ikkje alltid like lett. Og når inspirasjonen er like forsvinnande lita som pengebehaldninga vert gjerne frossenpizza eit alternativ. Og det er verkeleg ikkje bra. Det finnes gode frossenpizzaer, og det finnes dårlege frossenpizzaer, men eg har vanskeleg å sjå for meg frossenpizza som er av kvalitet, eller på eit eller anna vis sunn. Og eg likar jo trass alt å ete sunt.

Eg vert snøgt lei av pizza av all slag, men eg kjenner folk som faktisk ikkje berre et Grandiosa, men likar det, og et det så ofte som mogleg. Eg kjenner folk som tykkjer Peppes er ein restaurant. Og eg kjenner folk som ville ha spist pizza kvar dag om dei kunne. Det er nok folk som det som har funne opp denne maskina.
Og det er nok dei same folka som tenkjer å bruke det. Folk som vil ha pizza. Dei vil ha pizza no. Og dei vil ha pizza for ein kvar pris. Uansett tilstand.

Overraskande nok er det ikkje eit japansk konsept, og du finn produsenten i Storbritannia. Så her må vi gå i oss sjølv, og vurdere korvidt britane er pittelitt pizzagærne. Opphaveleg kjem maskina frå Italia, der vi veit at folk er gærne nok etter pizza til å faktisk ha funne opp matretten. Kva har dei å seie til sitt forsvar?
Let’s Pizza kneads the dough, forms a round, adds tomato sauce, layers toppings – and then bakes it all in front of your very eyes. There are no frozen pizzas here; Let’s Pizza is a mini-pizzeria that’s open 24 hours a day!

It’s that simple – we’re revolutionising the hot food vending industry! Delivering reliable pizza vending for food outlets, coffee shops, universities, student accomodation, colleges, caterering companies, events, budget hotels, independent businesses…the list goes on. Thanks to its unique design and solid business proposition, the Let’s Pizza vending machine is being widely adopted in public venues and at private events.
Ooookay... og dei hevdar altså at ingrediensane er ferske. Kor ferske er dei? Er tomatane lagt inn i maskina kvar dag? Er dei liksom-ferske, altså frosne? Og er dei sunne? Leverar dei til moskear?

Ikkje at eg har lyst til å ha tilgang til pizza kvar dag då, men eg vert så frykteleg nyfiken! Kan nokon der borte i England finne ein slik og teste ut for meg, gje meg ein rapport?

Altså, ikkje fordi, som sagt, at liksom, eg er interessert i ein slik pizza. For eg et jo slikt berre når eg må, så klart. Eg er jo sunn, men travel. Travel, men skulle vore sunn... Så automatpizza er nok rimeleg uaktuelt for meg, ja. Anna enn... ja, altså... om det var fordi eg ikkje hadde tid til anna, og eg var skrubbsvolten, eller eg måtte... altså... ja, du veit... prøve når maskina først var der...

Fillern heller! EG VIL HA!

søndag 2. oktober 2011

Men kva les du kjære huseigar?

Mullaen vurderar å flytte moskeen til ein stad han har plass til fleire bøker, det har seg slik at det på eit eller anna punkt sikkert er ønskjeleg å dele senga med meir enn boksamlinga si. Kjøpet av ein Kindle har stogga flaumen av fysiske bøker litt, og lagring på moskeens kontor er sjølvsagt òg veldig avlastande, men til sjuande og sist er det snart ikkje plass til min vom i moskeen lenger, og enno mindre dei enorme massane med tilhengjerar som gjerne vil foreta sin bønn i mitt nærver. Så difor vert det kikka på leiligheiter, anten det no er til utleige eller til sals, alt er aktuelt i desse tider.

Så her sitt eg altså, og surfer på annonser, glor på prospekt og studerar fotografi. Ein kan ta seg sjølv i å stusse i kvifor nokon er så opptekne av å ta bilete av bygget og nabolaget, men det er vel gjerne fordi det er koseleg der, ikkje fordi leiligheita er eit kott som er umogleg å fotografere frå fleire vinklar medmindre ein stillar seg utanfor vindauget.


Det er ein detalj då, ved alle desse annonsane som held meg vaken om nettene. Ei kjelde for uro og angst. Alle leiligheitene ser ut til å vere utforma av nokon med utsøkt smak; alt er stilreint. Møblene matchar kvarandre, frå den stovebord og stol til sofa og oppvaskmaskin. Kven er det som bur slik? Eg ser rudnt meg, og ser på alt rasket har samla saman som utgjer mitt møblement. Eg hadde ein plan då eg flytta inn... men ting skjer, ting vert erstatta, og ting vert kjøpt på impuls. Og slik går ein frå tomt og stilreint rom, til overflaumande bokhyller og boksøyler! Og det er det eg reagerar på når eg ser desse bileta - ikkje berre er dei stilreine menneske, utan noko avvik, dei har aldri bokhyller. Aldri ei bok å sjå! Har du tenkt på det, kjære lesar? Når du har sett etter ein stad å bu, har du nokon gong sett eit bilete som har med bebuarens bokhyller?

Har dei fjerne bøkene før dei tok bilete? Er det slik at det er usømmeleg å vise sine bokhyller, å vise teikn til smak og intellekt i ei bustadsannonse? Eller er det slik at desse menneska simpelthen ikkje les? Det får meg til å sveitte å tenkje på. Særleg i dei tilfelle der bileta er organisert av eigedomsemklerar. Dei har ein klar filosofi bak korleis dei framstiller leiligheita, og denne filosofien utelukkar bøker og bokhyller. Er det livsverda til eigedomsmeklerar vi er vitne til her? Ei verd utan bøker, utan den store og trivielle litteratur? Om dette stemmer er eg usikker på kor mykje eg vil omgås dei, for ein av vår tids store filosofar har sagt ein veldig klok ting om menneske utan bøker:
Så det er klart... ha aldri sex med eigedomsmeklerar. Dei er ikkje verdig din kjønslege kontakt, dei har ikkje bøker som ein del av si livsverd.