tysdag 29. november 2011

Sakkyndige

Ja, så var dagen her då, og folk hoppar rundt og synsar for full hals i alle kanalar, etter at dei rettssakkyndige har komen med sin rapport der dei konkluderar med at ABB var kokelimonke i gjerningsaugneblinket. Eg er korkje jurist eller psykiatar, så eg må nesten avvente å få rapporten i hendene før eg faktisk seier noko bastant om kva grunnlag dei har for å seie dette. Er fleire års planleggjing, og sjølvmedisinering, kompatibel med ei juridisk forståing av "gjerningsaugneblinket", og er dei sakkyndige klar over at hans tankeunivers er eit han delar med fleire andre?

Isåfall, har dei sakkyndige i dag erklært at kontrajihadistane og nettrolla som herjar rundt i inn- og utland, faktisk alle er paranoid schizophrene og dermed ikkje strafferettsleg ansvarlege for sine gjerninger? Høyrer dei alle heime på lukka avdeling? Og kvar går grensa? Kan dei gjere ei vurdering av Ole Jørgen Anfindsen, Bruce Bawer og Fjordfjolset i same slengen? Ver så snill!

For dei likar jo å påstå at vi lev i Sovjet, og Sovjet perfeksjonerte jo det å patologisere opposisjonell ideologi. Er dei i mot vårt Sovjetkommunistiske paradis, må dei jo sjølvsagt vere heilt sprø! Og ja, eg har allereie sett ein og annan kommentator påstå at dette er eit vis å undertrykke ein mann som har gjennomskua arbeidarpartiet. Takk skal du ha, ikkje beveg deg ut av huset, det kjem nokon og snakkar med deg snart.

Andre er sjølvsagt mest opptatt av at sidan ABB er sjuk, så kan dei toe sine hender, og gå attende til å hate muslimar og sosialdemokratiet med sin gamle intensitet. Ja, gjer det. Og helst like høglytt som før. Vi noterar alle namn, og sender den kvite bilen innom.

Dei sakkyndige har talt. Og då er det ikkje så mykje meir å seie?

Men for all del, så kan dei som vil høyre meir gjere lurt i å øyre kva Øyvind Strømmen skriv, eventuelt Vepsen og ikkje minst Nils August Andresen i Minerva, som alle har sine gode poeng og perspektiv.

No er det pilletid for meg, eg har visst usanksjonerte meiningar om ting, tang og sexye lille Tingeling.

søndag 27. november 2011

Årets juleblad

Det er første søndag i advent, og medan vi ikkje gjer det store nummeret av julefeiringa her i moskeen, så er godt kjend med konseptet og dei ulike tradisjonane som følgjer med. Advent er ein slik tradisjon, ein annan er dei mange julebladane som folk kjøper seg for å kose seg med i jula. Anten det no er klassikarane som Vangsgutane og Knoll og Tott, eller det er nyare tilføyingar til universet som Nemi og M, så er dette ein sentral del av kulturkonsumet i denne perioden. Problemet er sjølvsagt at det ikkje alltid er lett for rettruande å finne vegen gjennom denne materien. Er Smørbukk halal, er Finnbeck og Fia haram på grunn av all julinga han får av kona? Det hadde kanskje vore på sin plass med ein gjennomgang av alle årets juleblad for å vurdere det moralske nivået i kvar enkelt. Men la oss vere ærlege; ikkje berre er det mykje arbeid, og det vil koste moskeen ganske mykje å kjøpe inn alle saman. Så medmindre nokon vil byrje å sende meg desse julehefta, er nok det ein draum som ikkje går i oppfylling for dykk.

Men moskeen kan by på noko betre; eit garantert halal og rettvist juleblad! Vi er stolte av å presentere ein julespesial av mullamagasinet Mellow Mullah-magasinet!

Her får de siste nytt om kvinnesaka i midtausten, mullasamtalen med Lars Gule og Øyvind Strømmen, samt eit par duettar med Hello Kitty! Bestill dykkar eksemplar på dykkar lokale Narvesen. Om dei seier dei ikkje har det tilgjengeleg, så er det berre tull. Insister, og insister hardt. Skrik og rop. Bli valdleg om naudsynt. Få dei til å bestille det til deg!

Og dersom det skulle vere spørsmål om det; eventuelle skrivefeil du finn på framsida er ein del av ein konkurranse på innsida av bladet. Finn fem feil på framsida! Genialt, kva?!

torsdag 24. november 2011

Sei nei til WOW

Speler du World of Warcraft? Kvifor gjer du eigentleg det? Har du tenkt over kva du eigentleg gjer då? All tida du kastar vekk? All den hjernedøde aktiviteten for å gå opp i level? Alle dei uskuldige pikslane som stryk med kvart minutt? 10 millionar menneske er fanga av Blizzard sitt onlinerollespel World of Warcraft, basert på den gamle strategispelserien Warcraft. World of Warcraft vaks seg snøgt til å verte det dominerande onlinerollespelt, og for mange er det sjølve spelet, då det overskugger det meste andre.

Det er openbart at folkehopen som dagleg speler spelet er ein ressurs, og forskarane har kasta seg over det for å undersøkje sosialinteraksjon og gruppedanning, utan å tenkje noko vidare på motivasjonen til bakmennene eller potensialet for å utnytte brukarane. Nokre forskarar har sett på dei økonomiske sidene ved dette, men det stikk ikkje djupt nok. Det skjuler seg eit mørke i Blizzard sine serverrom. Ein entitet som lenge har tatt tida til hjelp, og sakte, men sikkert, slått rot i det umedvitne til dei mange millionane av sveittande nerdar som sitt og slit ut auga sine framfor PC-skjermen i mørke kjellerar.

For tidleg såg våre fiendar potensialet i nettrollespel, og å binde millionar av ivrige, sosialt handikappa nerdar til si sak. Her kunne dei gjere dei avhengige av seg, og sakte men sikkert gjere dei til lojale fanboys og fotsoldatar. Hjernevaska av Blizzardserverane.

Ja, vi snakkar om Pandamanium. Pandajævlane sin stygge konspirasjon for å ta total kontroll over jorda og vår framtid. Det blodige terrorregimet vert bygd i det stille, gjennom effektiv ideologisk krigføring og mental infiltrasjon. Gjennom World of Warcraft ønskjer dei ikkje berre å døyve oss og passivisere oss, dei vil gjere oss lydige. Dette er det siste steget i denne planen, å forme deigen dei har lagt av spelarane. Det steget vert openberra i desse dagar i form av den nyaste utvidinga av spelet Mists of Pandaria!



Her skal dei ikkje berre lære å sympatisere med dei mystiske og vise Pandabjørnane, men dei skal identifisere seg med dei. Dei vert oppmoda til å tre inn i rolla som ein av dei, og slik utviske skillet mellom dei og den komande herskerrasen. Slik vil dei gjere World of Warcraft-spelarar til ei utviding av seg sjølv, ein ekstra arm, ein penisforlengar. Det menneskelege andletet til terroregimet. Deira menneskealibi.

Det heile er sjølvsagt skandaløst.

Og vi vil, som alltid, kjempe i mot. Sei nei til World of Warcraft. Sei nei til Pandamonium.

søndag 20. november 2011

Eit etisk dilemma

Tida fyk forbi, og innlegga eg tenkjer å skrive kvar dag vert liggjande fordi... vel, ein har jo ting som må gjerast. Så då vert det gjerne til at andre ting går i gløymeboka. Og apropos det; er det nokon som har lyst til å komme og rydde litt i moskeen? Eg fekk simpelthen ikkje ut fingen i helga. Så rastlaus ungmø er hjarteleg velkomen til å komme her og ta i eit tak.

I mellomtida, så kan eg glede dykk med eit lite etisk dilemma no på tampen av denne søndagskvelden. Eit dilemma sendt inn av ein av våre mange lesarar:
Så klart; det korrekte svaret er at dersom ein først reiser attende i tid (for det må jo vere ei førutsetnad for dette dilemmaet), så bør strengt hovudprioritet vere å få tak i noko bra bartevoks, ein ny skreddersydd dress, ein hatt frå bates... og ja, du bør melde deg inn i ein gentleman's club. For ærleg tala, kven bryr seg om desse stakkars austerikske kunstnarane? Det vert aldri noko av dei uansett. Og det er under ein gentleman si ære å drive og stele lommebøker frå fattiglus. Det er direkte sjofelt. Heller stele hatten til ein politimann og springe som berre pokker - kven er med?!


For vidare fordjuping i korleis livet bør utarte seg for ein gentleman kan du byrje her:


tysdag 15. november 2011

Sjølvoppofrande objektivistar (og mykje bæsjprat)

Det finnes grupper som står på skitlista til mullaen, som han så altfor sjeldan får høve til å drite ut. Det er ikkje fordi at det manglar på material, men det er fordi dei er ekspertar på å drite seg ut på eiga hand. Det kjem av at dei er så usedvanleg skrudde, at når dei kastar seg over relativt normale gjeremål, og gjer som alle andre, så vert det simpelthen feil. Standard vert for dei tilsvarandre å drite før dei trekk ned buksa og sett seg på porselenet.

Ei slik gruppe er våre alles kjære objektivistar. De veit desse folka som heng ved alle orda som nokon gong har blitt mishandla av Ayn Rand i dei såkalla romanane hennar. Som eg har fortald tidlegare så er det nokre lyse hovud der ute som har funne ut at dei skal filmatisere hennar største og mest ufordøyelege makkverk, Atlas Shrugged - i tre delar. Den første delen - på tre timar - vart no lansert på DVD, og er denne vekas snakkis på nettet.

Kvifor? Fordi ikkje berre drit dei seg ut med å lage ein film som det å sjå er som å masturbere med ein ostehøvel, med rumpa hengande over eit løvebur, men nokon dreit seg ut då dei skulle skrive omtala av den òg. Du veit korleis det er når ein eller annan sippete roman vert til onsdagsfilm på TVNorge? Då er det alltid ei eller anna gripande soge om mot og personleg offer. Og slik vart det òg for den sløve drolten som for ørtande gong skulle skrive omtale av ein film han ikkje orka å sjå; for bakpå coveret på DVDane som gjekk ut stod det: "AYN RAND's timeless novel of courage and self-sacrifice comes to life."


Kva er gale med det, spør du? Vel, den einaste sjølvoppopfringa som foregår i denne filmen, er publikum som kastar vekk dyrbar tid på å lide seg gjennom middelmådig propaganda om korles sjølvoppofring er det verste du kan gjere. For om du har følgd med i timen, så veit du at objektivismen er filosofien til egoistar med tvilsom personleg hygiene som på eit eller anna vis har innbilla seg at dei er ein slags overmenneske. Altruisme, fortel Ayn Rand, er det verste du kan finne på, rein ondskap. Ja, henne om det.

Då teksten vart oppdaga var filmen allereie i dei skitne, sveitte hendene til hennar mest ivrige fans, og dei greip seg alle til hjartet i det som var vekas tredje fedmeinduserte hjarteattak. Og krisa var eit faktum hjå produsentane. Dei er ikkje heilt tydlege på korleis denne feilen kan ha oppstått (objektivistar gjer aldri feil som dei kan innrømme, det er difor det luktar bæsj av buksene deira), men dei har endra teksten til: "AYN RAND's timeless novel of rational self-interest comes to life."

Dei har heldigvis fjerna biten om mot òg. I eit anfall av sjølvinnsikt har dei innsett at det har ingenting med deira pure, impotente egoisme. I same slengen prøver dei å appellere til objektivistane sin grunne natur, ved å hevde at dei som har fått den bisarre feiltrykken av omslaget no er innehaverar av eit samleobjekt som er langt meir verdifullt.

Fordi... det høyres så mykje betre ut enn å seie at driten no renn ned langs leggen.

søndag 13. november 2011

Rasshøl får som fortent

Om innboksen er ein indikasjon på noko som helst, så er det at folk saknar å høyre om kampen mot Pandamonium, det komande pandastyrte terrorregimet der vi menneske vil vere redusert til mat og billig arbeidskraft for våre blodtørstige overherrar. Det er klart at det ikkje er stille på denne fronten, og innboksen er stappfull av etteretningsrapportar - men det er ikkje alt vi kan fortelje om heller. Ting går framover, og vi har tilbakesteg, men kampen held fram. For er det ein ting vi ikkje tolererar, så er det rasshøl, og som dette videoklippet synar, er pandabjørnar verkelege rasshøl, sjølv mot sine eigne;
Merk her korleis denne jævelen av ein drillintstruktør saboterar for rekrutten som prøver å komme gjennom hinderløypa. Eg skulle likt å fortald deg at det er ein gjennomtenkt pedagogikk bak dette, men i realiteten er det berre ein panda som er eit totalt rasshøl mot ein annan panda. Slik alle pandabjørnar er rasshøl mot oss.

Dette kan vi sjølvsagt ikkje akseptere; rasshøl må settast på plass. Det er likevel ikkje nok med propagandaarbeid, etteretning og aktiv geriljakrigføring, vi treng ein sivil arm, ein politisk forgreining av motstandskampen. Vi har difor hatt eit fokus på å mobilisere og rekruttere i politikken. Takka vere Lord Bassington-Bassington kan vi rapportere om at vi har rekruttert ein likesinna som stiller til val i Indianapolis:

Vi stiller oss heilhjarta bak Sandra Larson (vi stiller oss ikkje framfor så lenge ho er væpna), og er ikkje minst store tilhengjar av å vende Pandamoniums brutalitet i mot dei sjølv! Sett rasshøla på plass, la dei få som fortent!

Knus Pandamonium!

torsdag 10. november 2011

Hanne, kontrajihadisten

Vi er jo ikkje overraska, ikkje i det heile tatt, over at ein tekst av Hanne Nabintu Herland dukkar opp i den kontrajihadistiske kloakken på Gates of Vienna. Dei er jo saman i sin enorme harnisk over slemme menneske som meiner noko anna enn dei, og som var ungdom i 68 og ikkje er kristne og... ja, det er strengt tatt vanskeleg å vete kvar Hanne Nabintu Herland eeeeeigentleg er sint på og meiner, for ho har jo ei heller alternativ historieforståing. Vi må ta vare på den vestlege tradisjonen gurglar ho på Gates of Vienna, sida som har fått så mykje merksemd etter somarens tragedie som ein av dei verste formidlarane av hat og valdsfantasiar blant kontrajihadistane. Dette er Fjordnautet sin heimstad.

Vi var ikkje overraska, men vi kunne jo ikkje vete at skrotdama faktisk hadde gjett dei tillating til å publisere rableria hennar... men det har vi fått stadfesta no. Ho har sjølv gått god for dette.

Dette er den modige Hanne, den sensurerte Hanne, Hanne den dyriske jødinna! Dette er besteveninda til Nina Karin Monsen, og eit menneske som har fri tilgang til norsk presse med sitt usamanhengande rør.

Ho har no tatt steget ut og omfamna fascistane som sitt og gaukar seg på Gates of Vienna og pisser i buksa kvar gong dei høyrer nokon bla i Koranen eller tar på seg eit skaut for å halde den norske vinterkulda ute. I all den tid ho sitt og slenger rundt seg med naziskuldingar, burde ho kanskje halde seg for god til det? Nei... kanskje ikkje. Ho har tona flagg, vist sitt sanne "eg" - nok ein gong - og vi får berre ta det til etteretning.

Kjære Hanne; du er eit forbanna fascistoid nek.

tysdag 8. november 2011

No er det jul att! No er det jul att!

Tida går fort folkens! Julebrusen har vore i butikken i ein månad, så no må pinadø jula vere her! Kven bryr seg vel om kalendermånadane? Dei kan jo openbart vere feil. For når kakemenn og julebrus er å få kjøpt i butikken frå tidleg oktober, så må det tyde at jula vert lagt til november, eller at oktober er lagt til feil tidspunkt i år. Dette overlet eg til handelsstanden, dei kan sin julefeiring, det er trass alt dei som har hatt hand om denne hedenske skikken sidan 1800-talet.

Så den siste månaden har eg altså tilbragt her i moskeen, med ein liten busk som har fungert som juletre, og venta på at julenissen skulle komme med gåver til meg. Eg reknar med dette er noko de alle saman har gjort på. Eg har jo stor tru på at i år skulle vere året då han klarte å riste av seg sitt tungsinn etter skilsmissa og vende attende til arbeid.

Men til slutt måtte sjølv eg gje tapt, og vandre ut i verda for å finne mat og selskap, lei som eg var av å snakke med bokhylla og fantasere om å få føttene mine massert av Geirr Tveit. Og sidan Julenissen sist var buande hjå sin fetter på Nordnes, var det naturleg for meg å vende nasa den vegen. Kanskje han var heime der? Det var han ikkje... dei trudde han var reist attende til Nordpolen.

Hmm... kanskje han var forsenka? Kanskje han var heime hjå meg der og då? Eg fann styrke og von i dette, og skulle til å fare heim att til moskeen då eg såg noko skrekkinngytande like ved trappene ved Nye Carte Blanche og Georgernes Verft!
Kva har skjedd her?! Har han berre mista lua si? Eller har det skjedd noko meir dramatisk? Har han stukke av? Har han blitt ført vekk mot si vilje? Ville han forlatt denne siste rest av sin identitet på bakken frivillig som ein tom ølboks?! Eg tvilar! Noko har skjedd med sjølvaste Julenissen og jula står i fare for å verte avlyst, sjølv om den starta i oktober!

Vil Julenissen verte funnen? Vil han dukke opp att av seg sjølv? Vil eg gidde å prøve å etterforske saka? Følg med... eller la vere.

tysdag 1. november 2011

Debattar, gode og dårlege, og litt grafitti

Det har vore ein del debattar rundtomkring etter somarens tragedie. Nokre av dei har vore veldig interessante, andre har vore fullstendig meiningslause. Det er openbart at dei spørsmåla som hendingane har framprovosert engasjerar ein del. Det er mykje å gripe fatt i, og mykje som folk treng å få meir kunnskap. Det er ein del av prosessen ved å bearbeide ei tragedie av dette slaget. Sagt stygt, så ønskjer ein altså snakke traumet i hel. Og då grip ein til det ein kan, og nyttar dei verktya ein har. Likevel er det underleg at av alle dei temaene som UiB kunne ha satsa på, så vart det "kjønn i terrorens tidsalder". Eit tema som sikkert hadde vore interessant, men som det einaste temaet å ta opp i etterkant av somaren vert det litt... kleint. Sleng så inn ein debattant, ein ung og kontroversiell bloggar som har forsvart Breivik og ytra eit stadig forsvar for det å valdta unge jenter fordi... vel... han ikkje får seg noko. Så er scena satt. Eg kan ha nemnt noko om sirkus i forkant av debatten, og sirkus fekk vi.

Du kan nyte showet her om du orker. Eventuelt lese ei omtale av det her.

Eg skal ikkje seie for mykje om det, eg trur det kjem klart fram av videoen kor mislukka arrangementet var. Ja, det var mange oppmøtte - rekordmange i salen - men vart temaet drøfta? Var det difor folk var der? Eg vil hevde nei. Folk var uinteressert i å debattere kjønn og terror, dei var mest interessert i å sjå den galne bloggaren som hadde sagt desse rare tingane, og gjerne gå til åtak på han. Kom deg til psykolog ropte ein frå publikum.

Eit sirkus med andre ord.

Ein debatt som eg satt mykje større pris på, var seminaret i regi av Høgskulen i Oslo og Akershus der Lars Gule, Øyvind Strømmen og han skjeggete fyren som utgjev seg for å vere mullaen debatterte høgreekstremisme og debattkultur. Diverre er ikkje debatten etter innlegga med i videoen, men du får gleda av å nyte nesten halvannen time med babbel her. Og eit samandrag av innleggja og diskusjonen i etterkant har min gode veninde Grete vore så vennleg å leggje ut her.

Ein kan jo spørre seg om kvifor ein skal diskutere dette. Er det eit problem? Er det verkeleg så mange rabiate tullebukkar der ute at den pratande klassa må verte mobilisert på dette viset. Eg meiner, ja. Og det er ikkje berre avgrensa til mørke avkroker på verdsveven. Følg med på teselskapa, følg med på gata. Lytt og sjå. Og det virker som om det er mange som ikkje har lært noko som helst av somaren.
I am the God of Hellfire... and I bring you....
Brenn moskeen har nokon skrive. Ein annan har satt piler til moskeen med "islamo-fascisme", eit ynda uttrykk for dei som har mindre intellekt å skrape saman med likevel har eit eller anna anti-islamsk instinkt. Nokon har kryssa over moskeen, og skrive Bergen. Ikkje så mykje betre det heller, sjølv om dei nok vil få støtte frå ein del austlendingar.

Dette er ein av mange slike skribleriar ein finn på veggane rundtomkring. Ikkje alle søpla er å finne i kommentarfelta på verdsveven eller i stygge bloggar, men all søpla kjem frå den same staden - frå nokon sitt hovud og fattige sinnsliv.

Vi har eit stykke att å gå om vi skal sivilisere den norske befolkinga. Om det overhovudet er mogleg. Men debattane vil halde fram, og det er kanskje positivt.