laurdag 31. desember 2011

Å ta til seg Gud

Jada, eg veit det er nyttårsaften, men la meg snakke om noko heilt anna. La meg snakke om det Guddomlege, og korleis ein kan inkorporere det i sitt liv. Det er eit verdig tema for ein nyttårstale i moskeen, så sett dykk ned og lytt til det eg har å fortelje. For i den grad det Guddomlege eksisterar, så må ein kvar person at som ekstern kraft har dette ingen relevans, det er berre når det er i ditt indre, at du sjølv husar Gud, at Gud vert relevant. Mange har nok sine synspunkt på korleis dette skal skje, og særleg er det dei konservative som meiner at dei har svaret, for svaret må vere det same som alltid. Tradisjonar er viktige, det er sant, så eg vil gjerne vise til ein annan tradisjon. Pepperkakehus. Og ikkje minst, pepperkakeGudshus. Min gode ven Lord Bassington-Bassington gjorde meg merksam på denne vidunderlege godbiten, av nokre særs velkledde svenske vener:
Som de ser, så er dette ein vakkert utsmykka pepperkakemoskè. Salafistar og andre reaksjonære vil nok hevde at dette bakverket er fundamentalt blasfemisk, då pepperkaker er matvarer og skal i magen til folk. Det er her eg må reise min peikefinger og sei at dei har misforstått fullstendig! Nett fordi at det skal etast er dette så halal ein kan få det, og langtifrå haram! For ved å ete Guds hus, tillet vi at ein i disse juletider at Gud kan ta bustad i vår mage (og tarmer) i lag med all den gode julemiddagen! Ikkje berre vert Gud relevant, og du ein berar av Guds nåde og kjærleik, du tilbyr Gud delar av den festen han i sin visdom har latt deg ta del i iløpet av jula.

Så denne moskeens oppmoding er sjølvsagt å byggje Gudshus av pepperkaker, sjokolade, krem, deig eller kva pokker du vil og ete det, uavhengig av din religiøse legning, så skadar det ikkje å gå inn i nyåret med ditt utvalte gudhus i vommen.

Godt nyttår kjære meinigheit, eg vonar det nye året vert smakfullt for dykk alle saman. Gurp.

onsdag 28. desember 2011

Ungdommen forstår det

Ja, ungdommen lærar fort, dei har forstått kvar dei skal hente kunnskap, og korleis dei skal få merksemd. Dei har lært det av å lese aviser, snoke på Youtube og lese på bloggane på blogg.no. Dei må andletet sitt ut der, dei må vere synlege, ikkje berre i tekstform, men i video, og det er viktig å vere folkeleg og sette ting i perspektiv. Slik som vår alles kjære Heidi Alexandra gjorde det, då ho uttrykte si enorme medkjensle med alle dei stakkars borna i utlandet. Det er vanskeleg for andre å følgje det opp, men det er jo lov å prøve, ikkje sant? 1, 2, 3 snurr film:



For som alle veit, så er det største problemet til annleispigmenterte rundtomkring i verda at foreldra deira går på narkotika, slik at dei ikkje får feire jul med hair extensions og denslags. Det når ikkje heilt dei same høgdene som Heidi Alexandra, då ho representerar eit heilt utsøkt nivå av kvalme, men godt forsøk var det. Absolutt applausverdig.

Heidi Alexandra kasta seg jo i haust inn i Breivik sine konspirasjonsteoriar, men det som verkeleg er det store blant ungdommen i dag, særleg på Youtube, er ikkje konspirasjonsteoriar om muslimar, men om dei verkeleg store klassiske konspirasjonane. Som Illuminati. Her kan ein hive inn alt ein vill, ein reinaste pytt-i-panne av absurde førestillingar og bisarre forklaringsmodellar. Her er det alltid plass til ein ungdom eller to til å ytre sine meiningar:



Her demonstrerar dei den gode kjeldekritikken som dagens skulevesen satsar stor på i allskens gruppe- og prosjektarbeid. Om du lurar på noko som helst av dei seier i denne videoen må du hugse at du kan sjekke det på Youtube, heilt seriøst, og utover det er det ein advokat som har fortald dei ting. Dette må ein jo ta seriøst. Og dette er reflekterte jenter, for det som dei høyrer om i religiøse tekstar er realistisk, men feil fordi... Youtube og ein fyr har jo sagt noko anna.

Og før de ler av dei stakkars jentene, så må de hugse på at de risikerar livet sitt ved å fortelje dette, eller verre, å få sletta kontoen sin på Facebook! Dette er veldig alvorleg, og vi må alle vakne.

Ein ting er at dei kanskje ikkje heilt har forstått samanhengane i ting, eller kjeldekritikk, eller retorikk, eller... vel noko som helst anna. Men dei har forstått korleis dei skal få merksemd, og merksemd får dei i haugevis. Berre sjå her; dei vert omtalt i bloggen min! Meir merksemd! Neste steg er sjølvsagt å verte invitert på kjendisfestar, og hamna på framsida av VG og Dagbladet. Dagspressa er jo alltid glad i slike gladsaker som dette.

At dei om nokre år truleg vil angre bittert på at dei la ut desse videoane, og framstod som totale nek... vel... altså... dei fekk jo merksemd. Så applaus for ungdommen! Dei har forstått det! Det viktige er merksemd, her og nu, for det finnes inga framtid.

Visstnok går verda under i 2012, og det er nok Illuminati sin feil det òg.

Kva var telefonnummeret til barnevernet forresten?

fredag 23. desember 2011

Ei julehelsing

Jula er ikkje som de sikkert forstår ikkje den mest sentrale feiringa i vår moskè. Med all respekt å melde til dei som roper høglytt om julas eigentlege, og opphavelege bodskap, så er det nok ikkje slik at jula har sitt opphav i  ei gamal feiring av Kristu fødsel. Og før alle hedningane sprett champagneflaskene fordi dei trur eg snakkar om den tradisjonelle feiringa av solsnu, og det klassiske juleblotet, så nei, eg hadde ikkje det i tankane heller. Julefeiringa, i si moderne form oppstod på 1800-talet, og er så mykje anna driven fram av kommersielle interesser. Handelsstanden sitt ønskje om at vi skal kjøpe og konsumere traff verkeleg ei nerve i dei kalde vintermånadane, og berre i Noreg brukar vi i løpet av desember fleire milliardar på julegåver, julemat og anna juling. Overflod er ein ting, å drukne seg sjølv i luksus og feitt er noko anna. Den eigentlege bodskapen? Kjøp noko juggel, og føl deg som eit godt menneske på kjøpet, ein god kristen. Og alternativt, drikk noko øl, ver ein god hedning og dyrk noko så kitschy sola for ei kort stund. Sol Invictus, mine vener!

For all del, eg ser jo at de har det kjekt, og at de ikkje har lyst til å tenkje på dette. Eg har strengt tatt ikkje lyst til å tenkje på kommersialisme sjølv - eg har lyst til å ete god mat, og ha litt ferie. Lese ei god bok, sjå ein film, spele eit spel - men det evige maset, det evinnelege jaget etter å konsummere forstyrrer juleroa mi, og då skal det pinadø forstyrre dykkar litt òg. Her sitt eg som den nissen som eg er, sprayen med kvitfarge til skjegget står klar til i morgon, då skal Grinchen ta rolla til Julenissen som forsvann. Det er slikt som må til når ein er onkel.

Jula kan eg styre meg for, men Julenissen er eg glad i. Og eg tar meg stadig i å lure på kvar han tok vegen. Kvar er han no? Korleis kan folk feire jul, når den fordrukne fyren er forsvunnen? Korleis kan dei styre på, utan tanke på denne elskverdige alkoholiker? Personleg føler eg eit sterkt band til han, truleg fordi han er ein tjukkas med skjegg og godt lynne - slik kjenner ein mulla seg godt att i.

Difor sprayer altså denne onkelen skjegget sitt i morgon, og vonar at trass i at jula eigentleg er masete, trist og kjip, så stiller alle verdas onkler opp på same vis. Det er jobben vår.

God jul.

torsdag 22. desember 2011

Liv og død, side om side

Vi har sett det før, og det er alltid like urovekkande. Når noko stygt og vemmeleg snik seg inn med noko godt. Når det som er vakkert og prisverdig, inneheld ei kime av det motbydlege og destruktive. Som ein trojansk hest. Vi tar i mot ei gåve, utan å vete kva vi får med på slepet. Vi kjøper eit koseteppe til barna, utan å vete kva sjukdomar som følgjer med. Og vips er vår by i flammar, og vips er vår stamme, vårt folk, utrydda av den kvite mann!

Denne type skitne triks har gong på gong blitt praktisert av våre erkefiendar i Pandamonium. Dei prøver stadig vekk å snike seg inn i lag med det som er godt og sunt. For slik å bryte ned ikkje berre oss, men òg det som held oss oppe. Dei vil ta frå oss alt, og det dei ikkje kan ta, vil dei så tvil om.
Berre sjå på korleis dei snik seg innpå Hello Kitty. Plasserar seg pent ved sidan av, slik at dei kan verte plukka opp av intetanande kundar som er ute etter Hello Kitty. Og sjølvsagt til lågare pris, for å senke terskelen for at nokon kjøper pandasvineriet hellare enn det guddomlege rosa ikonet. Her er det altså soleklårt! Side om side, liv og død, og Spongebob Squarepants fanga i midten, stakkars jævelen.

Når først denne trojanske pandaen er tatt i hus vil den sjølvsagt skape eit helvete. Den vil leike med hovuda dykkar. Kviskre styggedom i øyra dykkar medan de søv, og lure dykk til å tykkje at pandaer er uskuldige og donere pengar til World Wildlife Fund.

Så, no under innspurten av julehandelen, ver på vakt mine vener. Dei er over alt! Og dei prøver å snike seg under treet!

Men vi vil ikkje la oss lure! Vi gjer motstand! Til siste mann! Til vi er fri frå pandatrugselen!

måndag 19. desember 2011

Med ein basset mot horisonten

Når mullaen er ute og reiser, så gjer han det helst i godt selskap. Og i seinare tid har dette vore i lag med ein av hans trufaste følgjesvener, den eminente Lord Bassington-Bassington. Ein tweedkledd bassethund, full av verdigheit og klasse. Ja, der hundar tradisjonelt luktar hund, så osar Lord Bassington-Bassington av stil og god smak, og ein skulle nesten tru at han var ein katt (men det er ein heilt annan diskusjon). Det var difor ikkje noko tvil om at reisane vi har tatt i lag måtte få eit eiga visuelle minnesmerke, ei minnetavle om du vil, og det var naturleg at den alltid like talentfulle Den Unge Herr Holm fekk i oppdrag å utføre dette, då han er kjend for sin store kjærleik for både mulla og basset.

Resultatet... er hinsides alle ord.
Originalen snirklar seg snart gjennom postens irrgangar til herrskapshuset til Lord Bassington-Bassington, der eg vonar den vil få ein god heim. Værsågod gamle ørn, og god jul!

måndag 12. desember 2011

Fresh spresh

Ja, sjå her, alle aktive unge menneske... tingen dykk alle har vore ute etter er her. Den er avlangt, og god å ta i, og klemmer du skikkeleg på den så spruter den!
Ja! Det er rett! Det er SPRESH! Tingen som vil gjere livet ditt eit hakk betre, simpelthen fordi den har passformen som skal til til. Og den spruter! Når du klemmer på den! Ring heim til mor, og fortel at du ønskjer deg Spresh til jul, forten henne kva den gjer, fortel henne korleis den er forma - den kjem i mange ulike farger, er stilfullt designet og avlang. Ja, fortel henne alt dette, så får du ein Spresh til jul.
Spresh! Det alle aktive unge jenter ønskjer seg! Det er ingen skam! Det er skikkeleg moderne, hipt og ungdommeleg! Spresh er fresh!

(Nei, dei ville ikkje betale meg for å skrive dette innlegget, men Lady Mju overtydde meg lett om at eg burde gje litt gratisreklame for Spresh!)

onsdag 7. desember 2011

Tystofon, Terrorfon og raddislinje

Våre kjære statsbyråkratar og politikarar har gjort det dei gjer best, iverksatt tiltak som koster mykje pengar og som får folk til å tru at det har rabla for dei. Eit sterkt behov for å sjå ut som om dei brått er i stand til å gjere noko med evt. radikale og ekstreme grupper har dei lansert radikalisering.no, ei netteneste der du lett kan tyste på dine naboar, kollegaer og tidlegare klassekameratar. Personleg har eg ei liste med eks-kjærastar som i løpet av veka vil verte trugslar mot rikets tryggleik.

Ein må lære av historia, veit de, men ikkje visste eg at lærarmeistarane skulle vere gromgutane i Sovjet, Stasi-Tyskland og Det tredje riket. Brått vart Noreg transportert attende til amerika på femtitalet, og Stoltenberg har skifta namn til McCarthy.

Dette er fargerikt gjort folkens; kven kan no anklage regjeringa for å vere politisk korrekte? For å oppmode borgarar til å tyste på kvarandre til Storebror, er vel så langtifrå politisk korrekt som ein får det. Her forventar eg stor jubel frå det store fleirtal av sinte unge menn som kommenterar på nettet! Dei vann, det politiske korrekte er død, og meir draconiske tiltak er rett rundt hjørnet! Vi må satse på at det kjem ei eiga ordning retta direkte mot ungdom, gjerne som involverar at dei går i fine skjorter og har eit armbind av eit slag.

Kan vi få eit poengsystem? Gjerne med rabattar når ein har tysta på 10, 20 eller 30 stykk? Ein kan kanskje få avslag på skatten? Det hadde vore noko det. Halve nabolaget mitt stryk med om eg kan få halvert skatten, eller i det minste satt den ned 10%. Herregud, eg kjem til å tyste på familien min for det.

Men det vil ikkje fungere utan eit skikkeleg namn, og her må dei jobbe litt. Ein kunne kanskje kalla konseptet Tystofonen? Andre har foreslått Terrorfon, men eg tykkjer at eit bra, ungdommeleg forslag ville vore Raddislinja.

For det er viktig å fange ungdommen, og det har dei heldigvis gjort eit forsøk på i den grafiske utforminga. Som eit ungt moskèmedlem har vist, så speler sida både på 'laxing' og sex.

Ikkje berre er det ein pupp i eine hjørnet, det er faktisk ein stressballpupp frå Kondomeriet. Slikt krevst ballar i det offentlege. Du anar ikkje kor ofte uskuldige puppebilete vert fjerna frå ulike departementssider!

Så ein applaus til justisdepartementet for å gjere noko, sjølv om det kanskje er litt sært, og ein applaus for at dei har tatt lærdom av historiebøker og trassar det klamme politisk korrekte helvetet som dei representerar. Og så eit skikkeleg hurra for pupp. Ein kan aldri ha for mykje hurra for pupp.

Men, eit siste punkt, neste gong bør dei ha med penis eller noko. Likestilling er viktig på offentlege sider.

laurdag 3. desember 2011

Junidød i ein desember

Eit av dei bandene som har hatt overgjennomsnittleg mykje å seie for mullaen, særleg dei siste ti åra, er Death in June. Om ein går attende til den gamle bloggen, frå før mullaen vart mulla, så vil ein oppdage at fleire av dei første innleggja dreier seg om at Death in June skulle spele ein konsert seint i 2003, og bråk var i emning. Eg vart difor bedt om å vurdere korvidt konserten kunne gå av stabelen eller ikkje, det gav høvet til eit djupdykk ned i musikken, og mannen bak, Douglas Pearce, som eg ikkje hadde hatt høve til tidlegare. Konserten fann stad og var fantastisk, trass at det stod svoltne og kalde demonstrantar utanfor og gjekk glipp av magien innandørs.

Ikkje lenge etter den konserten la Douglas P. inn årene konsertmessig, og nekte å framføre musikken sin live for publikum. Det har vore ein underleg reise for mannen og bandet; bandet vart forma i 1981 av Douglas P., Tony Wakeford og Patrick Leagas som ein postpunkband inspirert av mellom anna Joy Division. Opphaveleg spelte Douglas P og Tony i det trotskyistiske punkbandet Crisis, og turnerte tilogmed i Noreg som det under banneret til Rock mot rasisme. Death in June skulle få eit litt anna rykte. Til då hadde punkmusikerar gladeleg brukt symboler både frå den eine og den andre politiske rørsla, inkludert nazismen, men med Death in June tok dei svalestup ned i symboluniverset til Det tredje riket og Europas historie. Dei fekk etterkvart selskap av andre band, og med det vart neofolksjangaren fødd - mystisk, militant og melankolsk, menn med kassagitarar, tvilsam legning og uniformer.

Death in June er no i stor grad eit einmannsprosjekt, då både Tony og Patrick Leagas forsvann tidleg på 80-talet.

Til no har Bergen vore den einaste norske byen som har hatt glede av å ha Death in June på ei scene, men det endrar seg i kveld. I samband med 30års jubileumet har Douglas P. komen ut av hiet, og gjev ein aller siste turnè. Og midt under turneen kunne han annonsere at han ville dukke opp i Oslo ein ledig kveld. Det vart snøgt mobilisert til fest og moro.
Du treng altså ikkje spørre kva mullaen tenkjer å gjere i kveld.