Vi skulle så gjerne ha oppdatert bloggen oftare, men vi har vore opptatt med å bygge eit tilfluktsrom i hagen, og fylle det med naudsynt proviant, ammunisjon og hijabporno. I det høvet har vi stukke snuten innom våre vener på Radioselskapet på P2, og snakka om såkalla prepparar og survivalistar. Eit fenomen som alltid er like aktuelt når dommedag er rett rundt hjørnet. De kan høyre kva eg har å seie om det seks minutt inni dette opptaket. Så skulle de òg vere godt førebudd på dommedag.
Og dommedag er jo alltid rett rundt hjørnet må de hugse. Vi menneske er jo litt lettlurte, og ingen lurar oss meir enn oss sjølve. Vi ser meining i menneskeskapte system nett som det er. Og desse såkalla Mayaspådomane er jo eit døme på dette. Vi er simpelthen ganske kørka, noko mitt alter ego, folkloristen Bjørkelo, fortel om i denne kronikken hjå NRK Ytring i dag. Del den gjerne vidare til dine vener, dei har ikkje så altfor lang tid på å få lest den.
Så klart, vi har ikkje mykje å frykte. Sjølv Märtha Louise og hennar engleskule er klare på det i dag.
Det største problemet er kanskje at dei mange kommentatorane under denne statusen har brukt opp heile restlageret av hjarte på Facebook. Dette vert årets smørkrise!
Morgondagen vil syne kven som har rett. Om vi er heldige er det Märtha, og vi vaknar opp med alle ny energi, omsverma av velmeinande englar og klar til å verte nye lysvesen. Eller så er det dommedagsprofetane, og vi får endeleg fred frå maset til engleskulen. Eller det er surmaga, bitra rasjonalsitar som mullaen, og vi vert nøydd å kjøpe inn julegåver i år òg.
Det einaste vi veit sikkert er jo at det er Josef Stalin sin fødselsdag i morgon. Og eg har forstått det slik at ein del av våre meir russofile lesarar vil feire denne dagen.
torsdag 20. desember 2012
tysdag 4. desember 2012
Kort om ein mulla
Det er ein ganske ironisk grunn til at det går så lenge mellom kvar gong menighetsbladet her vert oppdatert. Og eg er ganske sikker på at det er irriterande at eg ikkje har tenkt å fortelje kvifor det er ironisk. Ikkje akkurat no iallefall. Akkurat no vil eg snakke om eit Kickstarterprosjekt som er verdt ein titt. Kickstarter er ein av fleire fiffige crowdsourcingplattformar som har dukka opp i det siste. Her legg kreative sjeler ut sine forslag for produkt dei ønskjer å realisere, men som manglar finansiering. Dei som er interesserte i produktet kan love pengar i bytte mot ulike belønningar som varierar i forhold til kor mykje ein lover.
Eit norskprodusert spel som omhandlar noko så familievenleg og dagsaktuelt for moskeens tilhengjarar som alle sitt og klør etter å sette i gang ei apokalyptisk strid. Eit slikt speler lover Yeehawd! The fun family game about Holy War TM å vere.
På nettsida finn du mykje bra informasjon om dette økumeniske prosjektet, så eg skal ikkje gå i detalj her. Det viktige er at dei treng pengane dykkar. I det minste dykkar lovnad om pengar. Det er om lag to veker til deadline, og dei er nesten halvvegs i innsamlinga.
No er det klart at eit spel om heilag krig som ikkje inkluderar mullaen vil vere eit trist syn. Noko som vart gjort klart gjennom ein folkeleg oppstand på facebooksidene deira, og produsentane har difor gjett etter. For å motivere dykk alle til å love vekk dykkar pengestønad har dei innført ei belønning som passar moskeens tilhengjarar. Om 20 stykk donerar $51 innan frista, så vil spelet inkludere dykkar alles kjære Mad Mullah Hastur.
Eg oppmodar dykk difor til å gje dykk sjølv ein fabelaktig julegåve i år. Rekn dette som ein donasjon til moskeen eller tilsvarande veldedigheit, gje pengar til Yeehawd! slik som alle gode rettruande gjer.
I tillegg til å gje pengar kan du dele sida deira og oppmode andre til å gje pengar, du kan mase om det på Twitter, dele på Facebook og du kan pinadø blogge om det. Du eig vel ikkje skam? SELG I VEG, KAMERATAR!

søndag 18. november 2012
Å gå sin eigen veg
Å vere unik, det er eit krav i desse dagar. Vi skal vere så spesielle, og utmerke oss alle i hop, at det å definere seg sjølv vert eit livsverk som går på bekosting av alt anna. Vi skal vere unike små snøfnugg.
Og vi oppmodar til det. Heile forbanna tida. Vi hausar opp dei som våger å seie det ingen andre våger å seie. Uansett kor vanvittig det dei seier er, eller kor påviseleg feil det er. Denslags er detaljar. Det viktigaste er at dei er seg sjølv, at dei seier det første som kjem inn i den tresponfylte skallen deira, og ALDRI innrømmer feil. Det er simpelthen veldig viktig at dei aldri lytter til motargument, eller aksepterar motbevis (Ayn Rand, anyone?). For då sluttar dei å vere spesielle, då sluttar dei å vere unike. Dei må ha bein i nasa må du vete.
Ei som har demonstrert gong på gong at ho har desse kvalitetane, og meistrar å vere så jæææævla spesiell og unik er Ingunn Røiseland frå Tøyseland, kjendt frå Vaksineaksjonen for eit par år sidan, der ho hevda at det heile var ein konspirasjon for å plante microchip i oss alle saman. Sidan den gongen har ho berre blitt enno meir spesiell, det er berre å google. Hennar siste utspel er at etter ho har møtt så mykje motstand, det vil seie telegram frå den verkelege verda, så har ho bestemt seg for å bevare sin unike natur ved å melde seg ut av landet. Ho vil ikkje lenger ha norsk statsborgarskap. Flott det, veldig unikt og spesielt og alt det der, skikkeleg snøfnuggmaterial. Problemet er at det får ho ikkje lov til av slemme onkel Stat.
Ikkje at det bryr meg så mykje. Det som bryr meg er kvar ho får desse ideane sine ifrå. Dei som har følgd dette alternativmiljøet ho vankar i veit at konspirasjonsteoriane der er i stor grad henta frå den verkeleg ekstreme høgresida i USA der jødehat og vanvidd går hand i hand. Røiseland er ikkje eit unntak, og dette siste prosjektet hennar har jo henta dreieboka si frå denne gjengen. Eit poeng vår alles kjære John Færseth klarar å hamre på plass i bloggen sin.
Eg hadde eigentleg tenkt å la det liggje der, men så dukka ein annan favoritt i moskeen opp på Facebook og kommenterte saka.
Jupp, ingen ringare enn sjølverklærte bloggmamma og alternativ helseguru Trine Grung, slenger seg innom og erklærar at Røiseland er så flott, fordi ho har bein i nasa og våger å tale makta rett i mot. Kvifor er eg ikkje overraska over at dei kjenner kvarandre? Dei må ha møtt kvarandre på piknik i kva enn alternativ dimensjon dei foretrekk å leve i.
Det speler jo inga rolle at Røiseland kolporterar antisemittisk ideologi, eller har tatt fullstendig farvel med den verkelege verda. Det viktige er jo sjølvsagt at ho er seg sjølv, at ho har bein i nasa, og aldri, aldri, aldri høyrer på motargument.
Nett som Tringe Grung sjølv, tenkjer eg?
I følgje Trine Grung så er det å gå sin eigen veg når ein ikkje vil høyre på kva folk seier, når ein lider av paranoide vrangforestillingar om ein aggressiv statsmakt som forfølgjer deg, og driv medisinske eksperiment. Det er å gå sin eigen veg å tru at jødane, Illuminati og romøgler styrer verda. Det er har ei eigaverdi å hevde noko anna enn det som er sant, å omfamne konspirasjonsteoriar og farlege løgnaktige ideologiar. Fordi då gjer ein ikkje som alle andre. Ein går sin eigen veg.
Ver så snill, Trine Grung. Gå din veg. Til Tøyseland. Hels Trollmannen av Oz.
Eg tar den statsfinansierte motorvegen.

fredag 9. november 2012
Kort om nazi-chic
Eg er som vanleg på farta, og har ikkje hatt høve til å dokumentere all min aktivitet, men nyleg oppdaga mine vener i Radioselskapet på NRK P2 asiatisk nazi-chic og slo på tråden til meg og lurte på kva eg ville seie om Hello Hitler og alt som har med slikt å gjere. Nazi-chic, for dei som lurar, er ein trend blant ungdommen i den fjerne austen, der nazisymbol og busemannen Doffen vert karikert og gjort om til ein søt (kawaii) figur til bruk i kostymer, klede og plakatar. Dette kan sjølvsagt òg verte sett i lys av dei restaurantane og barane som har dukka opp i Asia som berer Hitler sitt namn på døra.
Mykje av årsaka til dette ligg sjølvsagt at Nazityskland ligg fjernt frå dei unge orientalarane i både tid og rom. Det er simpelthen lettare for dei å få det på avstand. For dei er Doffen berre "ein kitschy" fyr, slik til dømes Gengis Khan ville vore for oss. Dei veit at han er stor i Europa, dei veit han var slem og dei attkjenner hans ganske så ikoniske trekk. Det skulle berre mangle at han vart rekontekstualisert og tatt i bruk på same vis som så mykje anna vestleg kultur i austen, på same vis som vi tar i bruk austleg kultur her i vest, utan forståing eller respekt for opphaveleg kontekst.
It's just the way it is.
Og eg kan bable i timesvis om kor kjekt dette er, men eg har ting å ta hand om, så eg berre deler opptaket frå radioen med dykk her. Hopp fram om lag 26 minutt.

laurdag 3. november 2012
Ein godt skjult clitoris
Kvinners seksualitet er vanskeleg for veldig mange menn. Det forstår eg. Kvinner er ikkje alltid like enkle. Likevel vart eg rimeleg sjokkert over at nokon har sette eit behov for å lage denne videoen.
Alvorleg tala, karar. De klarar å finne clitoris utan ein instruksjonsvideo, ikkje sant? Sant?! Ver så snill å fortel meg at denne videoen er overflødig... veldig overflødig.
For det er jo ikkje som at dei fleste kvinner er sugger. Alle sugger er kvinner, men dei færraste kvinner er sugger. Og clitoris på ei sugge, er litt vanskelegare å finne, enn på ei gjennomsnittleg kvinne.
Kva?!
Eg har ikkje sagt noko gale! Det er ei kjennsgjerning at clitoris på ei sugge ligg innanfor den vaginale opninga. og ikkje lett tilgjengeleg ved inngangen som på ei kvinne. Dette er faktisk viktig å tenkje på dersom du ein dag skal befrukte ei sugge. For det er litt av eit arbeid.
Slik ser altså det ut:
Dette medførar sjølvsagt ein del utfordringar. Både for den eine og den andre.
For dansk forsking har vist at sugger som er seksuelt stimulert i forkant av, og under, befrukting, har 6 prosent sjanse for å produsere fleire avkom. Så ved kunstig befrukting er det altså anbefalt å simulere det ein gris ville ha gjort under akta. Det byrjar med å simulere snuten som vert dytta mot inngangen (grisete cunnilingus?). Bruk handa. Køyr deretter handa inn i suggas vagina for å stimulere denne, og gjere henne klar til å motta sæden (som du eg på dette tidspunktet vonar du har med deg, og har trygt lagra på kanne eller noko... det er berre då det er legitimt å drive på med dette). Under sjølve befruktinga vil du massere sugga utanpå, medan du fører røret inn i kjeda. Det lettaste då er å sette seg skrevs over ryggen på sugga og massere sideflesket med føttene, medan ein nyttar hendene til å føre inn tuben med sæd. Og slikt. Og ikkje gløym brysta, kjærteikn gjerne brysta med ei hand undervegs.
For å bidra til stimuleringa har han sjølvsagt laga insemineringsverktøy som doblar som dildoar for suggene.
For dei spesielt interesserte har danske myndigheiter produsert videoar av dette...
Og ja, du finn bilete og litt video her.
Så tell deg sjølv heldig, mann, neste gong du er med ei kvinne - det er i det minste ikkje ei sugge du prøver å befrukte. Og clitoris er faen meg lett å finne og stimulere, iallefall den knotten som er på utsida.

tysdag 30. oktober 2012
Star Wars solgt til Disney
"Eg vil at Star Wars skal leve vidare etter meg", fortel George Lucas og sel unna rettane til den ikoniske filmserien og det utvida universet, i lag med resten av hans mektige filmimperium, Lucasfilm ltd. Ein ny Star Warsfilm, produsert av Lucas og Disney, "episode 7", er planlagd for premiere i 2015.
Eg lurte først på om kanskje nokon hadde lurt i meg ei pille.
Så lurte eg på om det var første april.
Så lurte eg på dette med pille att. Kanskje Lucas hadde fått i seg noko.
Men der har vi det altså folkens. For fire milliardar dollar har altså megaselskapet Disney kjøpt opp ein av dei mest lukrative eigedomane i Hollywood. Sjølve anti-Hollywood-Hollywoodselskapet, Lucasfilm. Og med på kjøpet. Star Wars. Star Wars var nybrottsarbeid då dei første filmane kom. Eit sant Space Opera epos. Og Lucasfilm har vore i fronten av utviklinga av ny filmteknologi sidan 80-talet.
No er det Disney som skal styre showet. Ein era er over.
Vanskeleg å fatte her eg sitt. Prøver å tvinge ut ei analyse, men alt eg kjem fram til at det eigentleg er passande, med tanke på at Lucas har fått kritikk for å ha disneyfisert både dei gamle og dei nye filmane. The journey is now complete.
Og nye filmar? Kan no det gå så bra? Vil det verte vist omsyn til fansen? Til det utvida universet? Jar Jar sin enorme fanklubb?
Neppe.
Nei, eg må sove på dette. Kva seier de folkens? Har de nokre tankar om dette?

onsdag 24. oktober 2012
Anna Karenina (2012)
Film og skjønnlitteratur er to vidt forskjellige ting, men to vidt forskjellige språk. Det dei har felles er at dei oftast er strukturert rundt ein eller annan narrativ. Eit hendingsforløp, gjerne i kronologisk rekkjefølgje (men det er strengt tatt ikkje naudsynt). For mange er dette det viktigaste. For lesarar av Dan Brown er det ikkje store ulikskapen på lefsa dei les, og eit filmmanus.
Å filme eit litterært verk som Tolstoys Anna Karenina krever derimot langt meir enn berre ei forståing av hendingsforløpet. Det er så mykje meir enn berre handling som må formidlast.
Wright si nye innspeling av forteljinga lev så definitivt opp til dette. Her gjev kastar ein tradisjonell realisme over bord, og lar hendinga vekselsvis foregå på ei scene, blant publikum og i tradisjonelle kulissar. Og kvifor attskape eit 1800-tals St. Petersburg når du kan bruke eit maleri av byen i bakgrunnen istadenfor? Kvifor filme over heile verda, når du kan utnytte teaterkulissar som du byttar ut framfor kamera, og lar statistane skifte uniformer rett framfor andleta våre medan karakterane går frå den eine staden til den andre. Og montage skal du bruke til å insinuere og fortelje noko som karakterar ikkje kan seie rett ut og kamera ikkje kan fange, ikkje berre lange reiser. For lange reiser kan like godt formidlast av ein mann som går opp ein trapp, og brått er i Moskva.
Dette krev gode skodespelarar. Verkeleg gode skodespelarar. Skodespelarar som er i stand til å spele to scener samstundes. Og det skadar ikkje at dei er velkledde og vakre å sjå til. Keira Knightley, Jude Law, Alicia Vikander og Emily Watson er berre nokre av dei skodespelarane som sleper deg med på denne tragiske kjærleikssoga.
Dette er ikkje ei filmomtale. Dette er ei kjærleikserklæring. Filmen har jo sine svake augneblink. Det er ikkje til å sjå vekkifrå, men pinadø det er lenge sidan eg har forelska meg heilt i eit fullstendig rollegalleri. Og det verkeleg lenge sidan eg har hatt lyst til å daske til det hysteriske fruentimmeret som sprader rundt på lerretet utan tanke på all skada ho gjer. Kvifor er ikkje fleire filmar slik? Kvifor våger ikkje fleire filmar å utnytte det unike potensiale filmspråket gjev for å fortelje djupare soger? Er dei redd publikum ikkje vil forstå?
Anna Karenina, soga om ein hormonell feminist som øydelegg livet til alle rundt seg fordi ho nektar å vere pittelitt diskre når ho pular rundt, kjem på norske kinoar i februar. Gå og sjå den. Og om nokon fortel deg at filmen og boka handlar om noko anna, så er dei fiendar av kjernefamilien og må tuktast. Kos deg like mykje som mullaen gjorde ikveld.
tysdag 2. oktober 2012
Imamsøknad
Så den andre moskeen i Bergen har utlyst ei ledig stilling som imam. Og då eg som mulla i min moske ikkje er lønna nemneverdig, slo det meg at eg kanskje burde dele mine aktivitetar mellom dei to moskeane. Eg sendte ut spørsmålet til eit par lojale tilhengjarar som alle meinte at dette vart eit godt høve til å spre moskeens bodskap til... vel... den andre moskeen. Og korleis kan dei ikkje gje meg jobben? Kor mange andre er kvalifisert til ei slik stilling heromkring? Så eg har kladda litt på ein søknad, og vil gjerne ha litt input på den.
"Hei, mitt namn er Hastur, din gule konge, levande profet og glad mulla med koseleg mage, eg søkjer med dette på stillinga som imam i 50%. Tidlegare i år prøvde eg å få meg jobb som litteraturhussjef, men visstnok ville dei ikkje vurdere meg fordi eg aldri hadde sendt inn noko søknad. Den tabben har eg ikkje tenkt å gjere i denne samanhengen, for eg er imamen de treng i dykkar moske.
Eg er den perfekte kandidat for å bidra til eit økumenisk nettverk, sidan eg likar dei aller fleste. Og ein må vere rimeleg hjernedød for ikkje å like meg. Altså, vi snakkar fullstendig tilbakeståande og siklande idiot. Det er jo eit skikkeleg teologisk spørsmål det der, om nokon som ikkje likar meg forten Allahs nåde og kjærleik. Eller har livets rett i det heile tatt. Men det er kanskje noko vi skal drøfte i ei anna samanheng. Det viktige her er at eg er ein snasen person å ha med å gjere. Og det er eit usedvanleg godt trekk ved ein imam. Og seinare mufti. Evt. kalif.
De etterlys ein sunnimuslim med islamsk basisutdanning, god arabisk og som kan Koranen utanatt. Vel, det er ikkje meg. Eller eg har jo bladd i Koranen ein del, eg er jo trass alt ein mulla, men det eg har ein travel kvardag så det vert gjerne ein del skumlesing. Og arabisken min strekk seg så langt som til å takke skikkeleg for kebaben. Men er dette no så viktig? Er det ikkje viktigare å gå i seg sjølv, og lytte til kva Allah fortel meg, gjennom magekjensla? Og så leite etter ein eller annan laus presedens for påstanden i Koranen eller Hadith? Eg trur det. Eg har ei sterk kjensle av det.
Moskeen treng ein imam som har eit sterkt forhold til ernæring, særleg konsum av sufijuice og rotfrukt som bacon. Her er det ikkje mange som klarar å henge med på moderne teologi, men med mi sterke hand ved roret kan vi alle saman hamne på ein (dervisj)snurr og ha ein cowboyfrukost dagen derpå. Moskeen treng ein mann som ikkje er redd for å uttrykkje kva posisjon Cthulhu og Hello Kitty bør ha i moderne islamsk teologi. For ikkje å snakke om kor jævlege desse pandasvina er! Fysj og fy, om det er noko som er haram så er det det.
Ja, og så trur eg moskeen bør vere på Twitter og Facebook og slikt, gjerne på Deiligst.no òg, og kan sikkert forfatwe ein fatwa om det. Mine fatwaar er jo dei aller beste ein får i dette landet. Eg får sjeldan klager. Og dei som klager... vel, eg synar til avsnitt lenger oppe om folk som ikkje likar meg. Faktisk kan vi rekne denne søknaden som ein fatwa. Eg kjenner det på meg, i magen og kundalini, at eg burde vere imam i moskeen dykkar.
Ingen protestar? Godt! Eg byrjar på måndag eg."
Kva trur de? Kan eg sende søknaden slik, eller bør eg endre på noko?
fredag 28. september 2012
Tillitsvekkande
Hiscox.
His cock.
Ta deira ord for det. Den er bra. Anbefalt sidan 2002.
Tillitsvekkande. Men er det lovleg å reklamere for prostitusjon.
onsdag 26. september 2012
Kamprapport: Det rette utstyret!
Mullaen har vore ute og reist som de nok veit, og burde sikkert oppdatere med ein kamprapport eller to frå den hendingsrike reisa. Kort fortald så har mullaen redda britisk økonomi, og frykter at mastercardet kan ha smelta litt i kantane. Når ein reiser på slike turar er det viktig med korrekt utstyr. I tillegg til eit kredittkort klar til bruk, må ein ha gode sko, varme klede, hatt og tannkost. Og ikkje minst må ein ha koffert. Ein skikkeleg koffert ikkje berre til klede, men til byttet frå dine plyndringstokt og eventyr. Det vert jo alltid ein del av slikt når din nordiske natur tar overhand i møte med framande strender og kloster.
Ein koffert må ein ha! Men kofferter vert gamle og slitne, særleg dette arvegodset. Låsen var ikkje heilt til å stole på, meinte eigaren, så han tryggja den med eit band. Og når ein først gjer det, så kan ein jo alltid satse på eit lett synleg band. Ikkje sant? Og kva er vel meir synleg enn regnboga?
Det er jo det første ein legg merke til. Strengt tatt det einaste ein legg merke til. Er det ikkje? Eg måtte sjå to gonger før eg såg dei to herremennene som har forlagt dressane sin. Eg vonar deira kvinner har tatt godt vare på dei. Det der ser kaldt ut. Men så er eg vant til nordleg, tweedvenleg klima. Og med eit regnboge band var mullaen simpelthen veldig klar for tur.
Det skal litt til å miste den baggasjen, ja. Og turen, den var fin.

fredag 21. september 2012
Ekstremisme i novelleform og sånn derre
Eg er i London. Kva berre tidspunkt enn det til å fortelje at eg var i Oslo førre helg? Det hadde seg slik at det var ein bokfestival i Syndas bygd, og mi tilstadevering var sterkt påkrevd. De skjønner, eg kan ha forfatwa ei novelle for fleire år sidan, som i år vandra gjennom postens mange fasjonable rør til Bokvennen forlag og deira novellekonkurranse med temaet ekstremisme. Klart at Noregs mest elskverdige islamist måtte bidra til denne konkurransa. Problemet var sjølvsagt at politikk er politikk, og kva er vil skrive skjønnlitterært er jo noko heilt anna. Heldigvis var det rom for tolking. Så istadenfor ei novelle om ekstremisme, så valte eg ut ei novelle som var ekstrem i seg sjølv.
Og skulle du sett, eg vann. Og dette førte til ei fuktig og morosam helg i Oslo i førre veke. Eg hadde gleda av å møte nettvener som Torgrim Eggen og Kristine Tofte, og henge med folk som eg sjeldan treff. Eg var innom forlagsfest, og eg tok nye pressebilete. Og ja...
Det var denne boka då. Sidan eg vann novellekonkurranse i lag med Kjersti Kolbotn, så var det sjølvsagt ei lita annonsering og lansering på gong. Og medan ho las opp si novelle, så gav eg eit knippe gode grunner til kvifor eg ikkje hadde lyst til å lese ho høgt for eit intetanande publikum. Om folk vil lese ho, så får dei vel nesten kjøpe boka, tenkjer eg. Mine grunner vart tatt opp på video, så dei vert kanskje lagt ut.
Men det som kanskje satt mest preg på meg var at eg endeleg fekk budd på eit av dei finaste pensjonata i Syndas bygd. Cochs pensjonat. Ja, du høyrde meg. Cochs. Er det ikkje fabelaktig? Best er det sjølvsagt når engelsktalande gjestar vert plassert der. Eg likar å la namnet rulle over tunga. Cochs. Sjå nokon i auga og sei... Cochs.
Var det ikkje kjekt folkens?
Og om det ikkje var nok for å få hjartar til å fryde seg, så er det slik at Cochs er eit litterært hotell. Fem forfattarar har fått rom oppkalla etter seg her; Lars Saabye Christensen, Edvard Hoem, Albert Henrik Mohn, Mia Berner og Hallgrim Berg. Og eg var så heldig at eg vart plassert på eit av dei.
Kan du gisse kva?
Hallgrim Berg sitt rom, ja. Fantastisk. Kva er vel meir passande? Vi snakkar om den herleg demente rasisten som fekk panikk då han såg ein neger med pengar på toget. Då politiet nekta å gjere noko med dette, skreiv han sint inn til avisa om politiet som ikkje handterte openbar kriminalitet.
Det kan ikkje verte betre enn det. Og om du trur eg har spora av, så tar du fullstendig feil, for om eg skal skrive fleire noveller, og leike forfattar, så vonar eg at eg klarar å verte minst like dement som Hallgrim Berg, tenk.
Eller noko slikt.
Eg drakk ei halv flaske vin medan eg skreiv dette. Forfattarlivet i London.

fredag 14. september 2012
Kamprapport: Trånjæmm!
![]() |
Foto: Erlend Mørk |
Høvet var eit foredrag i regi av dei gode folka i Forum Nidrosiae, som altså eg skulle halde.
Eg kan ikkje seie anna enn at turen var ein dundrande suksess; fuktig og underhaldande. Etter å ha hoppa av på feil stopp, måtte eg gå heile fem minutt til ein annan del av byen der hotellet eg skulle bu på var. Dette hotellet folkens, får all verdas tomlar opp. Neste gong eg er i Trånjæmm vil eg insistere på å verte inlosjert på Clarion Choice Bakeriet. Eit klassisk 1800-tals bygg, som tidlegare har fungert som... vel... eit bakeri. Det første du ser, etter resepsjonen er atriumet. Her finn du matsalen. Og frå 15.00 til 18.00 er det gratis sjølvbetjenings vaflar.
Gratis.
Sjølvbetjenings.
VAFLAR.
Og dei var gode. Goooode. Omnomnomnom! Ingenting å klage på der, nei. Og rommet... det var like snasent, romsleg og fint. Nok ein gong, klassisk 1800-tals. Med utsikt over... gata nedanfor. Kanskje ikkje spennande, men litt koseleg var det. Fekk lyst til å sette meg til rette med ei rifle, og skyte evt. viktige personar som kom vandrande.
Men gjorde ikkje det. Eg tok turen bort på nærliggjande Cafe 3B der eg etter eit godt måltid hadde gleda av å raljere litt om kjende og ukjende forfattarar av det spekulative slaget. Sleivspark mot Heinlein, Dick, Tolkien og Rand i massevis då eg haldt foredraget eg kallar I Fantasiens skuggedal. Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy.
Eg antek at foredraget fall i god jord, for dei lot meg snakke ferdig, og arrangøren gjorde eit anstendig forsøk på å skjenke meg god og glad på Mellow Mullah som vart servert i baren på dette høvet. Og etter mitt foredrag kunne eg og resten av publikum nyte vakre marsjtoner frå lokale Fleischer, akkompagnert av det eg antek var feriefilm frå andre verdskrig. Forsamlinga var jamt over ein hyggjeleg gjeng, og eg følte snøgt eg var vener med dei alle saman (ikkje berre alle dei eg var godt kjendt med frå før), så eg følte eg ikkje kunne gjere anna enn å ta med meg to flasker vin og slepe med meg ein gjeng attende på hotellet for eit lite etterspel eller noko slikt.
![]() |
Ein passande vin for kvelden |
Der stod dei, gamle slitne menn kunn iført bokser og frakk, 50 år gamle kjerringer i slitte treningsklede og allskens anna folk i ulike stadier av avkledning. Og så var det oss då. I dressar og vinglas i handa. Vi følte oss litt skuldige, men det var strengt tatt ikkje vår feil, vi hadde enno ikkje satt fyr på hotellrommet.
Etter kvart kunne brannvesenet pakke saman og hoppe i bilane sine, utan at vi hadde noko meir forståing om det hadde vore brann eller berre vi som var så forbanna heite, og vårt litt etterspel kunne halde fram. Denne gongen utan vidare avbrudd. Eg vakna på eit hotellrom som var definitivt meir redusert enn meg sjølv... og med falske blomar over alt. Frå undertøy til skjegg.
Så slik er det i Trånnjæm. Dagen etterpå gjekk med til å henge på kafè, lese, sjå på folk med bart... og så flakse heimover.
Alt i alt var vi alle einige om at det var ein fin tur, og vi reiser gjerne opp att for å treffe gamle og nye vener. Så det er berre å invitere mullaen om det skulle vere noko som treng hans forklaring der opp.e
onsdag 5. september 2012
Zombiemjau
Vi veit alle at vi står overfor fleire trugsler enn Pandamonium, sjølv om det ikkje treng å vere eit adskilt problem. Frykta for at eit virus av Z-typen skal spreie seg blant menneske er ikkje paranoide vrangforestillinger eller vill fantasi. Trugselen er høgst reell for at ein dag vil menneske vende attende frå det døde for å ete hjernene våre. Det står tilogmed noko om det i bibelen eller noko i den duren.
Kristen teologi er sjølvsagt ikkje mi sterkaste side, men noko lærte vi trass alt om dette på vestlandsmadrasaen i min barndom.
Zombie-apokalypsen er likevel noko ein kan (og bør) førebu seg på. Ein kan sørge for å ha våpen og ammunisjon i hus (naudsynt, uansett dersom kinesarar eller pandabjørnar invaderar), hermetikk og ein bunkers eller trehytte som er lett å forsvare. Det finnes gode bøker for korleis ein handterar dette.
Diverre fortel dei sjeldan kva ein skal gjere om Z-viruset hoppar frå ein art til ein annan. Kva gjer du dersom Zombie Jesus smittar katten din? Kva skjer dersom kattezombiar invaderar bygda di? Alle dine førebuingar vil vere til inga nytte. Sjå her.
Dette kan vere eit alvorleg problem. Kattepusar er søte. Veldig søte. Og vi vil ha vanskeleg for å mostå deira sjarm... og enno verre. Dei kjem seg inn der menneskezombiar ikkje gjer.
Eit alvorleg problem som sagt. Noko forskinga må gripe fatt i. Snarast.

søndag 2. september 2012
Søndagsunderhaldning
Eg har hovudet fullt av andre gjeremål, så eg tenkte å la nokon andre underhalde dykk ikveld. Har de høyrd soga om Bjørn, og korleis det hadde seg at han ein dag kasta ein heller hyperaktiv dverg utfor ein fjellknaus? Det heile har ein heller tragisk slutt, men denne danske animasjonsfilmen er verdt å sjå.
Og om danske vikingar ikkje er heilt di greie, kva då med britiske utforskarar? Bli med dei på eventyr på ein planet langt vekke, for ikkje så altfor lenge sidan.
Utover det vonar eg at alle har hatt ei fin helg. Takk for no, barn.

måndag 27. august 2012
Absalong er attende!
Trur vi. Vi trur at Bergens beste utelivstilbod er attende no. Vi er rimeleg trygge på det. Eit arrangement er iallefall på trappa om eit par dagar. Ja, du høyrde meg... det er på tide med Absalong att. Om du ikkje har høyrd om Absalong, så er det på tide at du tar deg saman og følgjer med i timen. Absalong er ein salong og diskusjonsarena for det absurde, det abnormale og det som treff deg i abdomenet. Absalong følgjer i tradisjonen av den gamle salongoffentlegheita og byr folk på ein stad der dei kan høyre på eit foredrag utanom det vanlege, av nokre av dei beste formidlarane vi har tilgjengeleg. Temaene som har vore tatt opp har vore alt frå naziporno og raseforskingas opphav til vampyrar, varulvar og Illuminati. Alt satt i stemning av musikk du ikkje høyrer nokon annan stad på byen.
Absalong er simpelthen staden du har lyst til å vere om du er i Bergen. Og no er staden flytta til VIP Lounge ved Lille Lungeren. Og det heile startar med sleppefest for årets store norskproduserte teikneserie: Pickman's Model av Den Unge Herr Holm. Teikneserien er basert på Lovecraftnovella med same namn, og... vel... har inntil nyleg vore rekna som umogleg å illustrere eller attfortelje visuelt. Den Unge Herr Holm har jobba langt og lenge med prosjektet, godt hjulpen dei siste to åra av at han har sluppe å lage gratisplakatar for Absalong (den tida er no over!). Kva novella handlar om? Utover at det er ei reise inn i det mørkaste av ein kunstnar sitt sinn, og at det kan ha noko med kannibalisme å gjere, røper vi ingenting. For kannibalisme vert sjølvsagt eit tema her. Så då må ein viss folklorist til pers og snakke om dette så smakfulle tema i ein halvtime eller så. I tillegg vil den Unge Herr Holm verte tvungen, under tungt avhøyr, om å avsløre alle sine løyndomar og fetisjistiske tendensar når det kjem til Lovecraft. Og prikken over i'en vert ein støyande og deilig konsert med dei lokale heltane i Solstorm. Og det vert sjølvsagt høve til å kjøpe eit signert eksemplar av boka!
Det er med andre ord ingen grunn til å la vere å komme.
Du kan lese detaljar om arrangementet på nettsidene, og gje ein peikepinn om du kjem eller ikkje på fjasebokji.

laurdag 18. august 2012
Skikk og bruk i dei siste dagar
Skikk og bruk. Dette har vist seg å vere eit kontroversielt og vanskeleg tema i desse tider. Folk flest, den gemene hope, allmuen, anar verkeleg ikkje kva det er for noko. Det var noko ein hadde før i gamle dagar. Ein har framleis ei og anna retningslinje for kva ein kan og ikkje kan gjere i ulike situasjonar, og kva som vert rekna som ok i ymse sosiale situasjonar. Mobiltelefonbruk er gjerne i kjerna av dette, men det er berre ei side av det forfallet av god oppførsel vi ser rundt oss. Vi tar ikkje lenger omsyn til dei rundt oss, og vi bryr oss ikkje om korleis vi tar oss ut. Det viktigaste er at vi har merkeklede, brunkrem i trynet og gugge i håret. Eller noko slikt. Ikkje pokker om eg forstår dette.
Grensene for kvar og kvatid ein har lov til å nytte mobiltelefonar vert utvida heile tida. Først vart det lov å ta telefonen om ein stod og prata med nokon, så vart det lov å svare på meldinger. Så vart det lov å snakke i mobil når ein stod i kø eller på kassa, og så kom desse jævla handsfretelefonane som lar alle gå rundt som om dei hadde stemmer i hovudet. Vi er jo alle einige om at ein ikkje skal tekste eller snakke i telefon når ein er på kino, men kvifor er det då alltid nokon som gjer det? Jo, fordi reglene ikkje gjeld for deg, tenkjer du. Ditt tilfelle er jo spesielt. Du må vete kva som skjedde på den festen du ikkje var på; klinte ho verkeleg med han?
Så den eine skansa etter den andre fell. God smak og oppførsel er i stadig tilbaketog... men for Guds skuld, gutar, det er ein stad eg ikkje hadde venta å sjå dykk snakke i mobiltelefon. Og det var her:
Alvorleg, jævla talt!
Eg hadde vågd meg ut på eit eventyr blant allmuen, på eit av desse større kjøpesentra i utkanten av sivilisasjonen. Her der proletarar og plebeiarar valfartar for å handle inn sine grillpølser og gulostar, og... usedvanleg stygge klede, måtte eg følgje naturens kall. Og det var på det offentlege herretoalettet eg var vitne til eit menneske, ikledd det som eg antek er den tradisjonelle påkledninga for klyser, som stod i urinalen og snakke i sin mobiltelefon. Faktisk snakka han i den då han kom inn, medan han gjorde sitt fornødne, og når han vaska og tørka sine hender.
Eg vart ståande mållaus att, vel vitande om at eg har sett eit av dei mest synlege teikna eg kan tenkje meg på den vestlege sivilisasjonens totale kollaps. Vi er vitne til ein hyperaktiv degenerering av mennesket til å verte påkledde, trente halvapar. Det er ingenting som kan stogge denne utviklinga virker det som. Det er tidsånden. Det er Kali Yuga.
Ein kan jo kanskje henge eit varselskilt over urinalen om at det er forbode å snakke i telefon der... men at det skulle vere naudsynt tilseier nok at vi er komen til eit punkt der skilting er vanskeleg å tyde for desse troglodyttane rundt oss.
Nei... dette er slutten min vener. Slutten på skikk og bruk. Og slutten på sivilisasjonen.
fredag 17. august 2012
Kamprapport: Pandaria
Som vi har vore inne på, vil Pandamomium tre tydlegare fram som manipulatorane bak World of Warcraft med sin neste expansion: The Mists of Pandaria.
Dette er noko vi ser på med stor uro, men vi er visse på at ikkje alle vil la seg lure, og at ein og annan vil reise seg og mane til strid når utvidinga vert tilgjengeleg for det store publikum. Vi har faktisk fått ein kamprapport frå spelet som tyder på at det allereie har skjedd. Nokon har tatt på seg oppgåva å mane til kamp mot pandabjørnane allereie no. All ære vere the Panda Exterminator som har sendt ut denne rekrutterings- og propagandavideoen!
Så er du eit av desse uheldige kreka som ikkje klarar å rive deg laus frå Pandamoniums massive onlinemakkverk, så veit du at det finnes dei der ute som vil hjelpe deg. Gjer motstand! Ta kampen til deira heimebane, ta kampen til Pandaria. Drep ein kvar panda du ser der!

fredag 10. august 2012
Babybacon
Eg var ein motvillig Facebookbrukar, men for nokre år sidan vart eg overtydd, og etterkvart frelst inn i den klamme varmen som er Facebook. Det går stort sett greit, eg er omringa av kloke menneske som poster interessante ting om bacon, politikk og bacon. Og meir bacon. Problemet er at eg òg har vener og familie som insisterar på å formere seg. Dette er ein aktivitet eg helst ser foregår i det private, men det har seg slik at ein konsekvensane av å få barn er ei hormonell forstyrring som gjer at dei insisterar på å poste bilete av barna sine på Facebook. Heile tida. Dei verste syndarane bytter ut sitt eiga profilbilete med eit bilete av den lille bæsjemaskina.
Det er ikkje berre ikkje naudsynt, det er tidvis litt plagsomt. Og ein har berre to alternativ, la vere å kommentere, eller å skrive at ungen er så søt så. For... vel... ærleg kan ein iallefall ikkje vere.
Hadde deg ikkje vore fint å sleppe å verte satt i denne situasjonen? Vel, nyttar du Chrome så er redninga her. Den siste veka har ein ny pluginn gått som ein farsott over verdsveven. Berre høyr her!
Browser Plug-in Turns Your Friends' Babies Into... by Buzz60
Nemleg! Du kan gjerne barna til dine vener om til bacon. BAAAACOOON!
Eg skal ikkje påstå at eg i stille stunder ikkje har tenkt tanken eit par gonger, men dette er jo ein langt mindre drastisk måte å oppnå om lag det samme resultatet enn det eg hadde i tankane! Glimrande!
Last ned Unbaby Me og nyt ein barnefri og baconfyllt tilvære på Facebook. I det minste ein plass vil du vere fri.
No treng vi noko som kan gjere det samme med mobilbilete.

tysdag 7. august 2012
Nakenidrett og golf i krigstid
Eg vert fortald at London er åstaden for ein olympiade av eit slag i desse dagar, der overbetalte amatørar spring rundt meir eller mindre avkledd framfor hylande folkemengder og klovner seg. Det heile framstår som surrealistisk når eg prøver å forestille meg dette. Eg er ikkje i London, så eg får ikkje sett det med eigne auge. Det som overraskar meg mest er at dette på eit eller anna vis vert omtala som "sport". Sist eg sjekka var ikkje klovnestreker og ablegøyer i delvis avkledd tilstand å rekne som fullverdig sport... meir noko som høyrer heime innanfor den private sfære, kanskje? For all del, eg forstår at denne olympiaden er eit forsøk på å emulere dei klassiske greske sporstaffærane, der olivenfarga atletar demonstrerte fysiske ferdigheiter i adamsprakta. Og det heilt utan sponsoravtaler, noko som gjer det hakket mindre vulgært enn denne bleike moderne etterlikninga. Nakenidrett har sin sjarm, og det hadde jo sin renessanse under dei glade dagar i Tyskland, men kapitalistane tykte det var vanskeleg å finne kroppsdelar å sponsormerke, og utøvarane var uvillige til å la seg tatover med Volkswagen og Coca Cola-logoar.
Slik kan det altså gå. Personleg held eg meg til klassiske sportsgreiner som cricket og golf. Dette er sport for herrer, og som ikkje involverar klovneaktige kostymer eller utagerande usivilisert atferd frå nyrike atletar. Ein kan kanskje inkludere polo blant desse sportsgreinene, men det er ei kjensgjerning at hestane sveitter ein del under denne aktiviteten, og sveitte diskvalifiserar ein kvar aktivitet frå å vere ein sann gentlemannssport. Cricket derimot skal utøvast i eit behagleg tempo, akkompagnert av te, martini og gin, samt agurksmørbrød og sømmelege kvinner. Det sentrale her er at ein kjem seg ut i frisk luft i landlege omgjevnadar. Det gjeld òg for golf, som er ein sport som er perfekt dersom ein har mykje plass til overs. Golf er perfekt dersom du likar å vere i fysisk aktivitet. Ikkje berre får du spasert (i eit samtalevennleg tempo, så klart), men du får svingt litt med armmusklane dine som gjerne er litt stive om du har ein kontorjobb. Problemet med store landområder er sjølvsagt at vedlikehaldet koster, det er dyrt med gartnar. Og så må du ikkje gløyme at det er lett å slite ut ein caddy òg, særleg om dei vert dehydrerte så ta med rikeleg med vatn, i tillegg til whisky og gin. Men hugs at det sistnemnte er til deg, medan vatnet er til caddyen. Forvekslar du dette vil katastrofa vere eit faktum.
Eit anna problem med golfbaner er at eit så stort areal gjerne vert utsatt for skader. Særleg i krigstid. Ein tenkjer ikkje mykje på det, men vi er altså i krig her og der i verda, og dette medfører ein viss risiko. Ikkje berre vil piknikker måtte avlysast om det er fare for kuleregn, men golfbana kan verte alvorleg skada av krigsgjerningar. For at ikkje fleire golfrunder skal verte avlyst enn naudsynt har ein heldigvis i arkiva eit reglement som handterar akkurat desse problema.
Det er eigentleg alt ein treng å hugse på, utanom at det kanskje er verdt å merke seg at krigstid eller ikkje, så er cricket og golf (samt polo) idretter som ikkje vert meir sjarmerande om dei vert utførd nakne. Korrekt antrekk er viktig.
Game on.

tysdag 31. juli 2012
Portugal er ikkje eit land ved middelhavet
Det er lett å ta feil, sidan det er nabolandet til Spania, og tilhøyrer samme språkgruppe. Det ligg liksom der i denne suppa sofistikerte nordmenn kallar Syden, men eg har etter lengre tids vurdering komen fram til at det er på tide å skille Portugal ut av middelhavshelvetet. Portugal produserar trass alt suveren vin, og har ein mattradisjon som gjev infarkt berre ein les oppskrifta. Her snakkar vi bacon, bacon, bacon. Med bacon og feitt attåt. Dette er gode ting, men ikkje på langt når så bra som denne skulen utanfor Lisboa som tidlegare har vore omtalt.
Alt i alt er det gode grunner til å byrje å sjå på Portugal som noko anna enn eit middelhavsland full av olivenfarga casanovaer. Kanskje dei tilogmed har kultur? Ei vaksande samling av portugisisk musikk i hylla kan tyde på det. Ikkje minst når ein snublar over perler som dette bandet i dag:
Hallo? Korleis kan ein ikkje like dette? Openbert eit teikn på at dei er ein høgare ståande sivilisasjon, skvist ut i randen på den iberiske halvøya av desse spanske strandbøllane som dominerar regionen med rå muskelkraft og kroppslukt!
Og apropos musikk så ser Portugal heim til eit av dei meir interessante musikalske foretaka som har funne vegen til hylla mi: extremeocidente. Ein platelabel som har gjort det til sin spesialitet å snuse opp interessant og eksentrisk musikk frå rundtomkring og gje ut. Anten det er uoppdaga perler eller klassiske album som forten ei spesialutgjeving. Av dei utgjevingane eg har vore borti så langt, har alle hatt ei solid innpakking og utforming. Og det fysiske ved ei plate er alltid viktig. For å forklare filosofien må eg nesten la dei snakke sjølv:

"EXTREMOCIDENTE is a label operating from Lisbon connected to what could be loosely termed ' Industrial Culture '. Extremocidente is the result of stubbornness allied to the ongoing war against the effects of time , a war we know we will lose . Extremocidente does not pretend to be a platform for any kind of political , social or personal change . Extremocidente is a watchtower , a place where you can stop , observe and possibly even draw conclusions about the age we live in . Despite having no political agenda Extremocidente is Libertarian in content and Totalitarian in approach . Our enemy is strong and we are sieged . Extremocidente feels blessed to live in the present times."Dei har ein altfor lite nytta Youtubekanal du kan sjekke ut om du vil.
At hjerna bak denne operasjonen, Joao Verissimo, har høyrd om moskeen og vårt arbeid for å tryggje Europa i kampen mot allskens nedbrytande ukultur, har sjølvsagt ingenting å seie for at vi har komen til konklusjonen om at Portugal og det portugisiske folk er noko heilt anna enn slibrige middelhavsfolk. Nei, for det måtte det sjølvsagt bestikkelser til. Som denne vakre plata, truleg frå Argentina eller noko slikt, som er sendt med kurer til moskeen:
Hola Kitty, indeed! Vi er sjølvsagt særs takksame for denne gåva som har bidratt til å løfte portugisarane ut av selskap med ubehøvla franskmenn, italienarar, spanjolar og grekarar. Eg reknar med dei feirar stort der nede no.
Velkomen inn i det gode selskap Portugal, eg vonar å sjå dykkar mest aktverdige representant, Joao Verissimo her i det kalde nord i næraste framtid slik at eg kan takke personleg. Det er ikkje ein invitasjon. Det er ei ordre. Så er det sagt.

måndag 30. juli 2012
Yoda og dialogen
Diskurs. Anti-tese. Syntese.
Dialogane.
Sånn derre greske greier veit de. Om å drøfte ei sak, å sette motsetnadar opp mot kvarandre, og slik komme fram til svaret. Ein stad der i mellom. Syntesen. Eg er sikker på at Yoda er flink til det. Yoda er som oftast best. Men avogtil...
Avogtil må sjølv Yoda halde kjeft. For nokre ting er berre for dumme til å kontemplere.
Vi drit simpelthen i det. Ned med Pandamonium!

tysdag 24. juli 2012
Ramadan, baconsylte og BLT
Det er den aller heilagste månaden i den islamske kalendaren, ramadan. Verda over går rettruande i seg sjølv og gjennom oppofring prøver å gjere seg til betre menneske. I teorien. Mykje av tida går med til å tenkje på mat, og det å bryte fasta så snart sola går ned. Ein vert så grusomt svalten under ramadan, og fråveret av mat gjer det vanskeleg å tenkje på noko anna. For å kunne konsentrere seg om noko anna, og faktisk møte utfordringa det er å verte eit betre menneske, må ein ty til ulike strategiar. Ein av dei er å unngå påminningar om mat. Deilig mat.
Det er litt synd, for eg har frykteleg mykje matting eg har lyst til å blogge om dagen. Ikkje minst fordi eg har fått meg nytt kjøkken og har kost meg godt på kjøkkenet. Det skada ikkje at eg har oppdaga ein liten baconløyndom som har gjort ein del matretter usedvanleg gode og fruktige. Som BLT til dømes, denne berømmelege smørbrødet som består av bacon, salatblad og tomat - eller bacon, lettuce & tomato som det heiter på finspråket. Dette er ein matrett som vart fullstendig revolusjonert for halvanna veke sidan, då @dnoate på twitter kunne opplyse meg om eit vidunderleg funn:
Nokre få dagar seinare kunne eg plukke opp nokre glas av dette vidunderet på arbeidsstaden til @dnoate.
Ed Hick's Bacon Jam, la oss kalle det baconsylte, er ein chutney som består av 51% irsk bacon, resten er lauk, "Llewellyn's Balsamic Cider Vinegar" (vi antek walisisk balsamico), sterk svart kaffe, lønnesirup, rå sukkerrør, kvitlauk og nokre krydder. Resultatet er ei sylte du kan smøre på ting du elles ville ha steikt baconfrukt attåt, som hamburger og speilegg, og som stort sett er anvendeleg til dei fleste måltid om dagen. Du kan tilogmed nytte det som dressing på pasta. Det er med andre ord eit himmelsk produkt som eg føler det er litt upassande å skrive om no under ramadan, og difor tenkjer eg å la vere. Av respekt for dei mange som sitt no og prøver å tenkje på noko anna enn mat kan eg simpelthen ikkje skrive om dette.
Difor kan eg heller, slik eg har lyst til, fortelje om korleis ein kan lage ein heilt vidunderleg BLT med denne baconsylta. Det er såre enkelt skjønne de. Først og framst treng ein jo berre dei heilt openberre ingrediensane.
Vi må ha baconsylte, salatbladog nyoppskårne saftige tomatar. Og medan baconsylte kanskje er litt vanskeleg å få tak i, så veit ein iallefall at det er tilgjengeleg i Irland så då er det berre å stogge innom på veg frå jobb eller noko ein dag. Etter ramadan. Resten får du tak i dei fleste matvarebutikkar. Utanom min tidlegare nærbutikk. Der var frukt og grønsaksavdelinga ein skam for menneskeheita. Den var faktisk litt skummel. Men nok om det.
Det neste steget eg skulle ha fortald om, dersom eg ikkje skulle vore påpasseleg og ikkje skrive om matlaging denne månaden, hadde vore å smøre baconsylta på to brødskjever. Fantastisk kva? Har du ikkje lenge ønskja deg bacon du kan smøre på ting? Som brød, tortillalefser og sexpartnarar? Eg kjem ikkje over kor flott dette lille glaset er å ha på kjøkkenet.
Etter baconsylta følgjer ein opp med salatblader. I dette tilfellet meir eller mindre fersk rapidsalat. Funker som berre pokker til dette.
Så slenger du på tomaten. Tomaten er litt som bacon, eigentleg. Det er eit tema eg gjerne skulle ha skrive om dersom det ikkje var ramadan. For mange trur at både bacon og tomat er grønsaker, men beggje er faktisk frukter. Ja, du høyrde meg tomaten er ei frukt. Spennande kva?
Når tomaten er på, er det berre å slenge saman det vakre produktet.
Herleg delikat, ja? Skikkeleg saftig og sunt smørbrød som sparkar i gang dagen din slik som hør og bør. Hadde det ikkje vore for at det var ramadan så skulle eg pinadø ha skrive eit langt innlegg full av desse bileta for å fortelje om kor enkelt og greit ein BLT kan gjerast. Men det får vel vente til seinare.
Huff, no var eg brått svolten. Anar ikkje kvifor det skal vere så vanskeleg å la vere å tenkje på mat eg...
Følg med vidare medan eg held fram med å la vere å blogge om mat under ramadan.

søndag 22. juli 2012
Eitt år seinare
Så var det gått eit år sidan tragedia i Oslo og på Utøya. Eit år sidan Breivik satt sin plan ut i live. Eg har sett allskens måter å forholde seg til dette i dag. Dei aller fleste har valt anten å ikkje delta i noko minnesmarkering, men haldt respektfullt avstand og kjeft, eller dei har altså gjett uttrykk for sorg og samhald på ulike vis i sosiale medier. Eg er blant dei som haldt avstand og kjeft. Det har vore mykje prat det siste året, og eg har stått for ein del av praten. Eg har blitt bedt om å uttale meg ved fleire høve i samband med hendingane og rettsoppgjeret, og i ny og ne har eg opna munnen, medan andre gonger har eg meint at andre ytrar seg betre. Eg har ikkje lyst til å verte ein sirkusartist. For sirkus er alltid rett rundt hjørnet i desse tider.
For eit år sidan snakka vi mykje om lærdom. Og eg har prøvd dei siste dagane å komme fram til om vi faktisk har tatt noko lærdom av hendingane i det heile. Svaret er ja og nei. Ekstremisme, særleg frå den hatefulle ytterranden av høgresida har komen i fokus, og dette er absolutt bra og kan tyde på at samfunnet har tatt lærdom. Det er ikkje alt som skal tillatast, det er nokre ting som er verdt å trekkje fram i lyset og konfrontere. Og vi har kanskje sett ein tendens til det.
På den andre sida så ser vi desse ytterkreftane verte meir høglytte, og naturlegvis meir synlege når dei vert trukken fram. Det er tendensar til at vi skal akseptere SIAN og NDL som "samtalepartnarar" og premissleverandørar... Dette er eg ikkje overtydd om er det luraste vi gjer. Det er ikkje alle samtaler som er produktive eller interessante. Og nokre idear er forkastelege frå grunnen av. På lik linje med nazismen og jødehat så er Eurabia-teoriar og muslimhat uakseptabelt i eit liberalt samfunn. Det er ei lærdom vi slit litt med.
Vi skulle verte betre. Vi skulle vise oss frå vår beste side. Men i det siste året har vi sett meir vulgært og valdleg grums spreidd over nettet. Og dei som no har fått med seg at det ikkje er akseptabelt å seie kva som helst om muslimar (ja, det er jo ein og annan som har skjønt det), så har dei vendt merksemda mot sigøynarane.
"Sigøynerspørsmålet" er komplisert. Veldig komplisert. Og eg sitt ikkje på alle svara. Men ein ting veit eg. Og det er at å dehumanisere "den andre", å omtale dei som mindreverdige menneske, samanlikne dei med skadedyr og snegler er ikkje kurant.
Eit år er gått, og det er framleis så mykje hat blant det norske folk. Midt i rosetog og allsang, midt i sorg og tårer over våre falne, så finn vi framleis hatet. Eg er usikker på kor mykje vi har endra oss.

torsdag 19. juli 2012
Sommar og sol!
Det er sommar! Sola skin! Folk spring rundt glade og nyt det fantastiske veret! Barn skrik og plaskar i vatnet. Vakre unge jenter ligg og sleng seg på stranden og i parken, dei myser mot sola når dei trur dei kan høyre ein eller annan kikkar rasle i buskane. Unge menn speider etter sommarflørten, jenta dei skal elske og forlate i løpet av denne varme julimånaden.
Det er tid for sommaridyll! Det vi alle ventar på i dei kalde årstidene vi lev med her i nord! Endeleg skal vore vone forløysast som så mykje smelta snø.
Ein eller annan stad. For Allah veit at det iallefall ikkje er her.
Her høljer det ned. Og er det varmt, så er det òg fuktig. Vi kjenner oss alle som flatlus i trusa på ei fjorten år gamal jente på Justin Bieber-konsert.
Kva?! Ikkje sjå slik på meg! Det er akkurat slik det er, og du veit det! La oss ikkje dvele meir med jentetruser, eg byrjar å lure på om det er noko i vegen med deg som fokuserar slik på desse fuktige små tøybitene.
Apropos tøybiter - kva skal ein gå med i dette veret? Aldri før har vel burkinien vore meir anvendleg, den held deg iallefall tørr ei lita stund sjølv om du sikkert heller burde hatt den i gore tex eller tilsvarande. Eller tweed. Kvifor er det ingen som lagar ein fancy tweed burkini? Folkens! Her er det eit gapande hol i marknaden. Nok eit teikn på at kapitalismen ikkje dekkar alle våre behov!
Og sjølv om det er viktig at ein held seg tørr under denne syndefloda, og at ein kler seg anstendig til ein kvar tid, har eg enno ikkje funne eit einaste gyldig argument for kvifor mine kvinnelege lesarar ikkje skal ikle seg dette praktfulle plagget:
Berre tenk deg kor kledeleg det vert! Dette er sommarplagget for dei som veit å verdsette dei finare ting i livet, uansett kor mykje det regner, uansett kor mykje sola uteblir... og uansett kva blikk du får av gamle skjeggete mullaer. Kjøp dette! Få det på deg!
Og send meg bilete, er du snill...
torsdag 12. juli 2012
Gårsdagen var...
Takk til den faste lesaren, moskèmedlem og bingovert Bad Mynock for ei vidunderleg skildring av min avslappa positur i går. Morgondagen vil nok verte mindre avslappa, men prega av enno meir fyr, flamme og fyrverkeri.
fredag 6. juli 2012
Pandajakt
Det går ein ganske grusom video rundt i ulike nettmedier i desse dagar. Den viser blodtørstige pandabarn i aksjon. Om du er lettskremt eller på anna vis lett påverka av vald mot kvinner bør kanskje ikkje sjå på den følgjande videoen.
Som vi alle ser er det fire blodtørstige pandabjørnar som spring etter ei stakkars forsvarslaus asiatisk jente. Ho gjer sitt beste for å komme unna, og prøver å forvirre dei ved å springe i ring rundt sklia. På eit tidspunkt har ho tilogmed og såpass overtaket at ho kan dytte ein av dei utfor... men det varte neppe. Vi har ikkje høyrd frå jenta i etterkant, og vårt ninjakamerateam var nøydd å flykte frå åstaden då pandabjørnane oppdaga at dei vart filma. Men lytt i bakgrunnen; det mest skremmande er korleis folk står og ler. Så hjernevaska er folk av Pandamonium at dei ikkje klarar å sjå gjennom det falske medvitet, dei klarar ikkje å sjå kva som foregår. Dei ser leik, uskuldig moro og søte pandababyar... der det i røynda er ein blodtørstig jakt. Fire pandababyar som luktar eit lett bytte, som jaktar på menneskekjøt, og eit forsvarslaus offer. Som den einslege gasellen plukka ut av løva.
Det er skummelt. Det er vondt.
Men vi må halde motet oppe. Vi skal bekjempe desse svina.
Vi skal sigre til slutt! Eg sverger ved min kalashnikov!

laurdag 30. juni 2012
Ta ein kikk på puppane
Mine vener, sett dykk ned med litt sufijuice og titt på dette.
Okay, du lurar sikkert på kva du nett såg. Utanom nokon som satt og drøymde om at menn skulle iføre seg kvinneklede fordi... ehm... kvinner ikkje kan gå topplause. Altså... om det var slik at menn ikkje kunne gå topplause, så hadde dei jo sjølvsagt gått med noko meir kjønskorrekt. Ikkje at eg har noko i mot at menn går med bikini eller andre kvinneklede, eg tykkjer faktisk ikkje det er såååå hysterisk absurd som desse folka gjer, men det har ikkje akkurat samme funksjonen på menn... vel, medmindre dei er like tjukke som meg. Eg har nokre yndige a-cup-pupper her eg likar å tafse på når eg er einsam. Men nok om det.
Dette er altså eit produkt frå gotopless.org, ein tilsynelatande harmlaus organisasjon som kjemper for at kvinner skal ha lov til å gå topplaus offentleg i USA. For som dei seier...
Kan tjukke mannepuppar viftast rundt, kvifor ikkje struttande jentepuppar? Vel... dei har jo eit frykteleg godt poeng då, sjølv om iveren for dette prosjektet kanskje virker pittelitt... overdriven? Manisk tilogmed? Kor viktig er det eigentleg for den gjennomsnittlege kvinner å gå gjennom storbyen topplaus? Eg forstår jo at forbod mot å sole seg topplaus er litt utriveleg, men det er jo noko heilt anna. Nei, her gjeld det å snuse litt på denne maniske iveren... kva kan drive den, kan gotopless.org vere pittelitt... underlege?
Svaret er, ja.
Gotopless.org er sjølvsagt grunnlagt av ein av moskeens favorittar, UFO-profeten Rael som eg nemnte herforleden. Rael, den karismatiske mannen som mottok kunnskapen om korleis vi menneskje vart skapt av romvesen kjendt som Elohim som snart kjem attende for å vurdere skaparverket, har det med å starte organisasjonar for alle dei kjekke tingane. Som då han ville klone fram nye klitorisar for kvinner som var omskjært. Ei anna sak er sjølvsagt å få puppar ut og fram i det offentlege.
Det er jo vanskeleg å protestere mot eit slikt forslag. Kvifor skal kvinner vere tvungen til å følgje andre regler enn menn? Om vi altså då ser vekk frå at kvinnebryst har langt meir seksuelle kvalitetar enn mannebryst. Om ein ikkje ser vekkifrå det, er det framleis like vanskeleg å protestere. Vi vil jo sjå puppane til dei fleste kvinner vi ser på gata. Slik er det berre. Vi likar pupp.
Så eigentleg er det ikkje noko problem her. Om ein ser vekkifrå at gotopless.org er eit skalkeskjul for ei sinnssjuk, sex-fiksert og ritualistisk UFO-sekt.
Nei, forresten. Det er ikkje noko problem her. Gå topplaus, jenter. Det er sommar. Og sommaren varar heilt til august, då denne gjengen markerar topplausdagen der borte i statane. Og sidan de allereie har adoptert allskens alle andre rare amerikanske skikker og kampsaker, så kan de gjerne adoptere denne, òg jenter.
For pupp... det er generelt sett bra. Sjølv om du har ein litt underleg religion.

tysdag 26. juni 2012
Å gje frå seg ein Twitterkonto...
Alle gode ting har ei ende, eller i det minste ein slags avslutting eller mellomspel. Kva dette er, veit eg ikkje, men eit vendepunkt i soga om Litteraturhuset i Bergen er det iallefall. Då eg i februar la fram mitt kandidatur til sjefsstillinga vart det brått mykje aktivitet der i garden, og vips hadde dei visst bestemt seg for nokon andre. Slik kan det gå, men der satt altså folkeaksjonen for mitt kandidatur med Twitterkontoen... og det var ikkje anna å gjere enn å nytte den til å stå på krava. Billige vaflar!
Men det hadde seg slik at desse folka der nede på det lille huset (eller rettere sagt HUB Bergen der dei held hus fram til opninga av litthus), gjerne hadde lyst til å kvitre med denne Twitterkontoen, og helst då med ein signande fatwa frå mullaens munn. Og no er det ikkje i min natur å vere meir vanskeleg enn naudsynt, så eg gjekk med på eit møte med den nytilsette prosjektarbeidar Rebekka Kvelland.
Det var ei hyggjeleg samtale, og samtala dekka heile spekteret frå vaffelprisar til kommande mullaprodukt. Du veit, dei viktige tingane. Ja, og så nokre trivielle greier om kommunikasjonsstrategi, bruk av Twitter og Litteraturhuset sitt image og denslags lite teologiske tema.
Til slutt kom vi til kjerna av saka. Den ettertrakta Twitterkontoen. Eg hadde den heldigvis med meg i veska, og eg kunne vise den fram.
Det var ikkje utan ein viss motvilje eg lot Litteraturhuset ta over folkeaksjonen sin Twitterkonto, men det var på tide å sjå kva dei sjølv kunne klare å gjere med denne. Vi har lenge nok forvalta deira kommunikasjonsansvar, og det er på tide å la dei stå på eigne bein og la dei kvitre for eiga rekning...
Den første offisielle meldinga gjekk snarleg ut på nettet, og erklærte at det var på tide med vaflar. Eg og den tilstadeverande fotografen kunne ikkje vere anna ein heilt einige. Og sidan det var eit par timar på overtid i forhold til lunsj, var det berre å haste avgarde ut døra på jakt etter den gyldne mana frå oven! Det viste seg forsåvidt å vere lettare tenkt enn gjort. Lite ante vi at det var klin umogleg å få tak i vaflar i den enda av Hansabyen; vaffeljarn var øydelagd ein stad, ein annan stad var det ti timar til dei fekk ingrediensane, andre stadar hadde dei berre chiligryte og burger. På ein religiøs kafe var det "tomt", dei har tydlegvis ikkje høyrd soga om korleis Jesus gjorde røre til vaffel i eit teselskap i Gomorrah, men slik var det no. Til slutt endte vi opp på ein Solbrød, som lova oss vaflar... men til kva pris?!
49 kroner for kaffe og vaffel? Kvaslags pris er det? Vaffelen var kroner 32, så då var det billigare å kjøpe med kaffe eller te, meinte jenta bak disken. Korkje marknadsmekanikk eller matematikk var deira sterkaste side her, men vi var desperate. Vi ville ha vaflar, og vi ville ha vaflar der og då. Så då var det til at... ja...
... ja... vaffel i det fri. Både for meg og den elegante, rettruande fotografen i eit litt turisttett strøk.
Det var simpelthen ein velpassande og roleg epilog til eit godt møte... men eg vart sittande att med eit lite spørsmål... kva er det det paret i vindauget held på med på dette biletet?
Og det var det for denne gong, for folkeaksjonen for at eg skal bli litteraturhussjef. Vi avventar neste ledige sjefsstilling der ute. Litthus, mykjehus, vi er med på alt.
Men det hadde seg slik at desse folka der nede på det lille huset (eller rettere sagt HUB Bergen der dei held hus fram til opninga av litthus), gjerne hadde lyst til å kvitre med denne Twitterkontoen, og helst då med ein signande fatwa frå mullaens munn. Og no er det ikkje i min natur å vere meir vanskeleg enn naudsynt, så eg gjekk med på eit møte med den nytilsette prosjektarbeidar Rebekka Kvelland.
![]() |
Tweedmulla forfatwar munnleg fatwa. Foto: Ole-Christian Bjarkøy. |
![]() |
Kvifor skal ein vaffel koste meir enn ti kroner? Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Slik ser ein Twitterkonto ut. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Ein ikkje lite stolt Kvelland tar i mot Twitterkontoen. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Den første offisiele kvitringa frå Litteraturhuset i Bergen. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Blodpris. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Ein velfortent vaffellunsj. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
To herrer med skjegg. Foto: Ole-Christian Bjarkøy |
![]() |
Skål for engasjerte tilskodarar. Foto: Ole-Christian Bjarkøy. |
måndag 25. juni 2012
Eg vil ut på tur
Ein av mine planar for 2012 var å ikkje reise på noko dyr utanlandstur, då vi har flytta moskeen og eg bør nok spare litt pengar. Men det manglar ikkje på attraktive tilbod om å reise både til Milano og London, eller til Warsawa eller Budapest. Det er vanskeleg å halde seg fast her, og gudane veit om eg klarar det. Det nyaste reisemålet som dukka opp på radaren min, kom i samband med den Raelianske dagen dedikert til hakekorset, den 23. juni. Raelianarane er ein sjarmerande gjeng som eg allereie har vore inne på ved eit par høve, og vi bør nok ta dei opp att. Nei, denne gongen minna dei meg på at eg i 2008 oppdaga ei lita gruvebygd i Ontario som fortente eit besøk.
Byen vart grunnlagd langs ei toglinje i 1908, i samband med eit gruveselskap oppretta året før. Byen fekk namnet etter gruvene, og den første omtala av området som Swastika er i ein rapport frå 1907. Det vart opna hotell og gruvedrifta kom i gang. Diverre var den opphavelege innteninga lita fram til 1911 då det vart oppdaga gull i Porcupine. Gruvedrifta i området vart utvida, og Lucky Cross Mine vart etablert. Det opphavelege gruveselskapet, Swastika, skulle ikkje overleve.
Bygda har haldt på sitt og sine tradisjonar, og kvart år flokkar turistane til bygda for å fiske og jakte. Dei har sjølvsagt ikkje vore uberørt av dei store hendingane i verda, og under andre verdskrig vart det forlangt at bygda skulle skifte namn til Winston til ære for den britiske statsministeren - dei nekta.
Ein gong rundt desember 1913 hadde David Betram Ogilvy Freeman-Mitford, 2nd Baron Redesdale, ein gruveeigar frå England, den utvilsame gleda å feie over kona si i Swastika. Resultatet vart fødd august året etter, og fekk namnet Unity Mitford. Unity var ei underleg jente som klarte å sette sitt lille spor på verdshistoria. Hennar syster hadde eit forhold til, og gifta seg seinare med, Oswald Mosley den tidlegare arbeidarpartisten som på tredvetalet starta the British Union of Fascists. Unity hadde på dette tidspunktet allereie omfamna den tyske føraren, Adolf Hitler som sin Justin Bieber, og vart med på heile galoppen. Ho endte til slutt opp i Tyskland, der ho traff på den tyske føraren og dei vart gode vener. Faktisk er ho å sjå på ved sida av Doffen når han erklærar det berømte Anschluss i Austerriket. Unity vart slitt mellom sin lojalitet til Føraren og sitt heimland, og prøvde å ta sitt eiga liv då Storbritannia kom med i krigen mot det Tredje Riket.
Ho vendte seinare heim til England i skam, men haldt ut krigen utan altfor mange store skandaler. Ho døydde etter sjukdom, komplikasjonar og styr i 1948. I åra etter hennar død har det florert rykter om at ho faktisk hadde eit born med Doffen, men ingenting har blitt prova.
Ikkje at dette har så mykje med Swastika å gjere då... eg har berre lyst til å reise der. Skjønner? Mullaen forten å ha eit bilete av seg sjølv ved sida av det vegskiltet. Kven er med?
Byen vart grunnlagd langs ei toglinje i 1908, i samband med eit gruveselskap oppretta året før. Byen fekk namnet etter gruvene, og den første omtala av området som Swastika er i ein rapport frå 1907. Det vart opna hotell og gruvedrifta kom i gang. Diverre var den opphavelege innteninga lita fram til 1911 då det vart oppdaga gull i Porcupine. Gruvedrifta i området vart utvida, og Lucky Cross Mine vart etablert. Det opphavelege gruveselskapet, Swastika, skulle ikkje overleve.
Bygda har haldt på sitt og sine tradisjonar, og kvart år flokkar turistane til bygda for å fiske og jakte. Dei har sjølvsagt ikkje vore uberørt av dei store hendingane i verda, og under andre verdskrig vart det forlangt at bygda skulle skifte namn til Winston til ære for den britiske statsministeren - dei nekta.
Ein gong rundt desember 1913 hadde David Betram Ogilvy Freeman-Mitford, 2nd Baron Redesdale, ein gruveeigar frå England, den utvilsame gleda å feie over kona si i Swastika. Resultatet vart fødd august året etter, og fekk namnet Unity Mitford. Unity var ei underleg jente som klarte å sette sitt lille spor på verdshistoria. Hennar syster hadde eit forhold til, og gifta seg seinare med, Oswald Mosley den tidlegare arbeidarpartisten som på tredvetalet starta the British Union of Fascists. Unity hadde på dette tidspunktet allereie omfamna den tyske føraren, Adolf Hitler som sin Justin Bieber, og vart med på heile galoppen. Ho endte til slutt opp i Tyskland, der ho traff på den tyske føraren og dei vart gode vener. Faktisk er ho å sjå på ved sida av Doffen når han erklærar det berømte Anschluss i Austerriket. Unity vart slitt mellom sin lojalitet til Føraren og sitt heimland, og prøvde å ta sitt eiga liv då Storbritannia kom med i krigen mot det Tredje Riket.
![]() |
Doffen og Unity, sitt i eit tre og drøymer om fred. |
Ikkje at dette har så mykje med Swastika å gjere då... eg har berre lyst til å reise der. Skjønner? Mullaen forten å ha eit bilete av seg sjølv ved sida av det vegskiltet. Kven er med?
onsdag 13. juni 2012
Ein mullaplakat
Moralpolitiet rir nettet att, grønnskollingane invaderar bygda vår og vil fortelje oss som bur her korleis vi skal leve liva våre. Vi trudde vi hadde jaga dei ut av bygda for godt førre gong dei kom dragande med bodord og lovprisingar av den, eine sanne etikken. Hykleriet var til å ta og føle på sist gong vi høyrde kommersielle parasittar gneldre om bloggplakat og bloggetikk. For kvifor skal ikkje bloggarar innordne seg etter dei same ordningane som journalistar og tidsskrift? Det enkle svaret om at vi korkje er journalistar eller tidsskrift funka ikkje, at vi ikkje er eller burde vere organisert hjalp heller ikkje, og at vi har norsk lov å syne til hjalp pinadø heller ikkje. For her er det att!
Denne gongen var det Stine Bjerkestrand frå Tidsskriftet som plumpa ut i det i Aftenpoften med å sondere etter nye "modne" motargument mot ein felles bloggetikk av samme type tidsskrifta har. Uansett kor mange gonger eg las innlegget fann eg pinadø ingenting nytt. Og det er godt gjort, for tilogmed eg kan klare å komme på betre argument enn det desse grønnskollingane kan oppdrive. Dette vekte ein del motreaksjonar. Best var kanskje Vampus som påpeikte det openberre: Dei som treng ein bloggplakat, forstår det ikkje, og resten av oss klarar oss fint utan. Maria Gjerpe viste seg og å vere ganske handy til å sette skapet på plass. Sigve Indregard på si side, oppmoda til ein bloggstafett der vi delte våre erfaringar med etiske problemstillingar (du veit: skal eg leggje ut photoshoppa bilete av Siv Jensen, eller ikkje?)... eit forslag som kanskje hadde vore interessant, men som Worsley leste som ei oppmoding til å formulere sin eigen personlege bloggplakat. Og med eitt vart det interessant heromkring.
Kort oppsummert kom Worsley med fire punkt på plakaten sin:

1. Jeg sparker oppover, ikke nedover!
2. Jeg tar alltid imot konstruktiv kritikk og korrigering.
3. Jeg anbefaler ikke behandlingsformer.
4. Jeg blogger ikke mot betaling.
5. Jeg gjør mitt beste for å være en konstruktiv debattant.
Om eg skulle kommentert dette så hadde det vel vore att å starte ein blogg fordi ein får tildelt midlar kanskje er å få betalt for å blogge, og at bloggplakatar aldri er konstruktive bidrag til noko som helst. Men det er ikkje konstruktiv kritikk, så det skal eg halde meg for god til. Nei, la meg heller plukke opp stafettpinna, og formulere ein mullaplakat tenkjer eg. Eg kasta forslaget til vår alles kjære Undreverset som med ein gong formulerte sitt eige forslag:
1. Alltid elsk mullaen.
2. Elsk mullaen, bekjemp pandaene!
3. Bacon er en frukt.
4. Jenter som har sex med andre enn Mullaen er tøser!
5. Bruker du brunkrem, kanseller Internettabonnement ditt.
6. Apple er bæsj.
Alle seks er gode, gyldige poeng. Ei enkel oppsummering av min livsfilosofi. Men er det ein bloggplakat? Er det relevant for kven eg er som bloggar, som bloggforfatwar.
Nei, eg vil heller ta utgangspunkt i Worsley sine fem punkter, for eg tykkjer det vert kort og greit, og ho berørar veldig viktig poeng for det ein bloggar må tenkje på. Her har ho truffe spikaren på hovudet, og min mullaplakat vert difor som følgjer:
1. Eg sparkar. Det er ikkje så viktig om det er opp eller ned, i mine auge er de alle under meg. Og eg likar å sparke.
2. Eg lyttar ikkje. Ikkje ein gong prøv å fortel meg at eg tar feil, for det gjer eg aldri. Eg har alltid rett. Du derimot, du tar feil. Og du er ein idiot. Og ein pandaelskande fjott.
3. Eg anbefalar juling. Det er så altfor mange menneske der ute som hadde hatt så usedvanleg godt av ein solid runde med bank. Og du er kanskje ein av dei. Vil du høyre meir om det? Lukk auga, så hentar eg cricketpadla.
4. Eg er til sals. Eg er villig til å blogge om kva som helst, mot heilt absurde låge priser og meiningslause motytingar. Diverre er det ingen som nyttar seg av dette fabelaktige tilbodet. Eg anar ikkje kva eg gjer gale. Dressmann! Ring meg!
5. Ta deg ein bolle! Eg svarar ikkje til deg, eller til nokon andre! Eg talar for moskeen, eg talar for Kosmos og det guddomlege! Denslags er det ikkje lett for det menneskelege sinn å forstå seg på. Så om du går herifrå meir forvirra enn opplyst, så er vel ikkje det mitt problem?! Så konstruktiv er eg! Morradi!

Eg vonar dette var oppklarande for alle dykk som lurar på kva linje eg legg meg på etisk. Og om de har fleire spørsmål, så hugs - I'm Batman!
tysdag 12. juni 2012
Minst tusen ord
Som alle har sagt før meg, så kan eit bilete seie meir enn tusen ord. Og det er sant... men nokre bilete seier verkeleg enorme mengder ord. Dei gjer simpelthen ord fullstendig overflødige, fordi det ikkje finnes ord som uttrykk det same som biletet gjer. Kompliserte greier dette, men eg trur kanskje at her ligg kimen til mykje god kunst. Kunst vert difor uttrykksfulle bilete som dette.
Så... ja. Ikkje sant?
Skjønner?
måndag 11. juni 2012
Årets gåve
Ein bursdag rett rundt hjørnet? Eller ventar vi på jul? Har du born? Eller har du eit born i deg som ventar på å komme ut? Uansett kva situasjonen er, så trur eg at eg veit løysinga... eg vart tipsa om at noko var på veg, at noko var i emning... at alle born hadde årsak til å fryde seg. Og kva var det?
Slik går det altså når ein har fullstendig frislepp på merchandising! Ja, no kan du snart vente actionfigurar inspirert av mine eventyr her produsert av multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland. Dette er basert på karakterane frå teikneserien tydlegvis (nytt for meg)...
Og inkluderar figurar av Dr. Evil Panda og min sidekick Ms. Crimson Jihad. Kven er ho, spør du? Ein godt vokta løyndom her i moskeen. Kven kan avsløre hennar identitet?
Vel, eg vonar jo at de alle legg hovuda i blaut og prøver å finn ut kven av pikene rundt moskeen som kan ha gøymd seg bak den raude ninjaburkaen. Vi legg vel ut nokre alternativ etterkvart, om vi finn på ein bra premie til konkurransa.
I mellomtida må eg berre beklage og opplyse om at eg ikkje veit kvatid figurane er klare til bestilling eller kva dei kjem til å koste, men eg lovar å halde dykk oppdatert.

Abonner på:
Innlegg (Atom)