tysdag 24. januar 2012

Respekt frå ungdommen

Er det ein ting eg til stadig eg lar meg irritere over er den epidemien av ulydige og respektlaus ungdom som herjar vår vestlege sivilisasjon. Det byrja så smått med dei gamle grekarane, og det har simpelthen ikkje blitt noko betre. Dei har ingen evne til å følgje enkle instruksar eller respektere sine autoritetar. Dei einaste dei lyttar til er såkalla rockestjerner og popidol, som alle marknadsførar seg som synkrondansande opprørarar. Kvaslags førebilete er dette for ungdommen, hæ? Alle desse hesleg ungdommelege boybandene som forfektar ein eller annan opprørsk ideologi om at det er ok å vere ung... og pen! Det er ikkje rart at det går gale.

Difor er det godt å sjå ungdommer med eit godt og oppbyggjeleg bodskap til sine jamnaldrande, fri for ironi og trassig motstand mot leiande hender.


Slikt vil mullaen gjerne sjå og høyre meir av. Gjerne frå medlemmar av moskeen her, for de vil vel respektere min autoritet? De vil vel adlyde mitt ord? Min fatwa, din lov, kjære lesar, det er pakta mellom oss. Den lukkebringande kontrakta som bringer fred til verda.

Det er godt vi er einige om det.

laurdag 21. januar 2012

Danningsideal: Les ei bok?

Vi her i Noreg er frykteleg stolte av at vi les så mange bøker, dette vitner om ein intelligent kultur der folk bryr seg om dei viktige tingane. Det er ein del av danningsidealet dette, dette mennesket med hovudet full av klassikerar og som lirar av seg sitat frå kjende og ukjende verk på kommando. Det vitnar om at noko foregår oppi skallen. Det er to ting som er gale med dette biletet; det eine er at det bokhyller lenge ikkje har vore rekna som eit aktverdig møbel (men dette held på å endre seg høyrer eg rykter om); det andre er at ingen tenkjer gjennom kva som vert lest. Eg har det klare inntrykket at nordmenn flest les barnebøker og krimlitteratur, og det er når dei ikkje fortærar overnaturlege legeromanar.

Men det er jo betre enn ingenting, om enn det ikkje lev opp til min høge standardar for danning. Det virker som om vi lev i ei verd der det ikkje er mykje rom for positiv utvikling, der kulturindustrien helst ønskjer villige konsumentar, og ikkje kreative forbrukarar. Om vi sjølv vert medvite produkta vi fortærar, kan det jo godt hende vi ikkje lenger har lyst på det som vi vert servert? Og slik sett så kan det vere eit bra tiltak å faktisk berre lese ei bok, samme kva, for i det minste utviklar det språkforståing, og det er første steget mot ein sjølvstendig tanke. Moglegeins.

Men det har seg slik at forfallet der ute i verda har komen så langt at ein må brøle på eit språk dei forstår. Og det er årsaka til dette laurdagsinnlegget. For eg fann ein video som gjorde nett det.


Klar tale der altså.

måndag 16. januar 2012

Helgerasisme

Rasisme var liksom stikkordet denne helga. Det heile var sjølvsagt frykteleg uinteressant, ingenting som skjedde under spelemannsprisutdelinga var i nærleiken av så vågalt og provoserande som den gjengse fredagen i min moskè. Det er dei som hevdar at Moccamann-utsegna er eit uttrykk for kvardagsrasisme... det er jo heilt feil, det var laurdag jo. Det var helgerasisme! Typisk ting ein seier på fest.

Men sidan eg ikkje fann kommentarane særleg støtande, eller reaksjonane særleg interessante, tenkte eg at eg skulle berre la vere å følgje det heile opp. Eg kan heller vise dykk ein video eller to, i rasismens namn.


Eg har forstått det slik at dette er ein av Madcon sine favorittar. Personleg trur eg nok at eg foretrekk ein litt annan variant som ikkje er så full av mannehat.




Utover det høyrer eg at forsoning er på trappa, og at Jonas Gahr Støre har nådd fram med sin dialog, og at på 17. mai skal Moccamannen og Fittehølet framføre Kaizers låter på Spektrum scene. Spennande. Vi gleder oss alle saman. Og det tyder vel at vi unngår situasjonar som denne:


Sjølv om det og virka litt artig...

fredag 13. januar 2012

Like morosamt som...

Ein skal sjå mykje rart, seier dei, og det stemmer nok særleg om ein følgjer fjernsynsfolka si oppmoding om faktisk sette seg ned og sjå på den kløktige underhaldninga dei har funne på. Personleg prøver eg helst å la vere, det er ikkje mange hjerneceller att i knollen etter eit langt liv, og eg vil gjerne spare dei som har overlevd for fleire traumar om mogleg. Difor har eg ikkje gjort meg nokre særleg tankar om Jenny Skavland sitt nye "humorprogram" Tweet4Tweet, som då skal vere eit forsøk på å vere eit Nytt på Nytt for sosiale medier. Allereie på eit konseptuelt blant merker eg at det vrir seg litt i meg. Korleis skal dette verte noko anna enn ei døgnfloge? Her er ein bra hugseregel folkens; om temaet virker overfokusert på mediet som eit bodskap formidlast i, framfor det faktiske bodskapet eller forteljinga, så er det dømt til å verte uinteressant. Noko er ikkje morosamt berre fordi det gjekk runda på Twitter eller Facebook i førre veke, og dessutan var det i førre veke, vi er ferdig med det no. Nådelaust mot dei som får si underhaldning primært frå fjernsynet, men slik er livet. Lev med det.

Så nei, eg har ikkje tenkt så mykje på dette programmet, og hadde verkeleg ikkje tenkt å sjå det heller. Dagbladet sin Pål Nordseth derimot, kasta seg inn i det som ein 80-tals actionhelt og såg på sludderet, og satt eigentleg att med frykteleg lite.

Eg har ingen store protestar mot det han skriv om programmet, han har nok heilt rett, men eg beit merke i siste avsnitt:
"Et mer alvorlig problem er at manuset i går var så slett at både gjester og programledere ble hensatt til desperat improvisasjon rundt genuint ikke-morsomme temaer som rasisme, dyresex og Trine Grung. Det på tross av at programmet ikke går direkte."
Det er ei samanlikning eg har tenkt å gjere ofte framover. Trine Grung er like morosam som rasisme og dyresex. Han har eit betre poeng enn han faktisk trudde. For er det ikkje slik at Trine Grung høyrer like mykje heime på fjernsynet i beste sendetid som dyresex og rasisme?

Personleg prøver eg å finne ut kva eg ler mest av; rasisme, dyresex eller Trine Grung. Kva trur du?

torsdag 12. januar 2012

Skummelt med skaut

Det er ikkje lett å vere barn. Det er så mykje som er stort og skummelt der ute. Eg hugser då eg var liten gut og mor mi hadde klipt håret og farga det, eg var jo heilt i frå meg. Det var simmelt frykteleg skremmande og eg skjønte ikkje heilt at det var same person. Barn er ikkje verdas mest rasjonelle vesen veit de. Difor er det kanskje forståeleg at Gullungen faktisk er såpass redd for kvinner i skaut at når Sverige får sin første snut med eit anna hovudplagg enn ein litt teit hatt, har han ikkje anna å seie enn: "LYKKE TIL SVERIGE. Jeg viser meg aldri hos dere igjen...".

For det er klart, det er slik verda går under. Det byrjar med eit skaut, og før du veit ordet, så er snikislamisert og utavla heile gjengen. For det er visstnok slik det heng saman, ifølgje Gullungen.

Han er kanskje ingen intellektuell cowboy som Fjordman, men han er pinadø like kørka. Gud betre meg.

søndag 8. januar 2012

Språkfascismen

Eg skulle gjerne sagt noko om språkfascismen, eit fenomen eg finn meg sjølv inkludert i. Paradoksalt nok, med tanke på dei hyppige skrivefeila eg gjer sjølv. Sjølvforakt vil kanskje nokon kalle det, andre skrik om hykleri. Personleg foretrekk eg paradoks.

Det språkfascismen manglar er fine uniformer. Det hadde gjort seg. Så kunne vi gått frå dør til dør og... vel... nok tilretteleggjing, nyt sketsjen:



Søndagar er til for å stele andre sine vitsar berre fordi ein likar fine uniformer.

tysdag 3. januar 2012

Hæ?!

Så kom 2012 slentrande inn døra. Alle haldt pusten og såg rundt seg. Kven kom til å vere først ute? Det er alltid ei hard konkurranse når eit nytt år melder sin ankomst. Det er usikkert om det er om å gjere å vere først ut, eller om det er meininga å unngå sigerspallen, men faktum var at no var leiken byrja. Kven skulle vere dei første til å få mullaen til å erklære sin manglande forståing i det nye året? Japan såg på Korea, Korea såg til Kina, dei snudde seg mot dei republikanarane sine presidentkandidatar, medan Carl I. Hagen satt seg i bilen klar til dyst.

Bak dei alle smaug Sverige seg inn i moskeen og fyrte av denne:


Hæ?!

Eg forstår den ikkje... hæææ? Kva er dette for noko?! Hæ?

Og vinnaren er Sverige!