onsdag 29. februar 2012

Skotår no att?

Det er skotår folkens, denslags likar vi jo. Folk storkosar seg med folklore, og snakkar varmt om korleis kvinner i dag står fritt til å fri til menn. Får dei eit nei, så vert det automatisk hansker eller noko på dei. Dette tykkjer jo alle er kjempesjarmerande. Og det er jo flott.

Men det finnes jo andre tradisjonar å halde å halde i hevd denne dagen, dette er trass alt ein dag innstifta av Caesar-sjølv! Førre skotår fortalde eg om ein av av dei meir interessante sideeffektane av denne dagen. Då dette er ein dag som ramlar mellom to stolar, skal det vere fordelaktig å starte nye prosjekt i dag. Prosjekt som barn. Ja, barn unnfanget den 29. februar, har mykje bra for seg. Difor stiller eg meg nok ein gong til disposisjon for dei som vil verte befrukta i dag. Det er nok av single, verpesjuke kvinner der ute, tenkjer eg.

Problemet er jo at dei fleste kvinnene er i år frykteleg opptatt av dette med frieri, og gjerne vil fri til ein ledig mann. Dette gjer det litt utrygt å opne døra. No er det eit par timar sidan eg kom heim, og eg har høyrer utolmodig rasling i føtter utanfor døra, og tidvis lange neglar som klorar. Eg er berre ikkje sikker på om dei er verpesjuke eller giftekåte. Er dei verpesjuke så er det ikkje noko problem, det kan vi takle... har dei derimot ein ring på lur. Vel, polygami er ulovleg i Noreg, så eg ser for meg at det etter nokre få minuttar vil verte opptøyer i blokka mi.

Eg frykter eg må halde døra stengt...

tysdag 28. februar 2012

Tørst? Kva med ein Mellow Mullah?

Det er lenge mellom innleggja for tida, og det heile er ikkje så reint lite skandaløst. Eg kan berre bøye meg i støvet og orsake at livet og arbeidet kjem i vegen for forkynninga. Eg burde love bot og betring, men kan ikkje love anna enn å gjere mitt beste. I mellomtida kan de kanskje slappe av med ein godkjendt og velsmakande drink? Å vente på ein fatwa er tørstskapande arbeid, har eg forstått, men heldigvis er det dei som har tatt ansvaret for det. I likskap med min ven Lord Bassington-Bassington har eg ein forkjærleik for Tiki-drinkar, men i motsetnad til han, så er eg fullstendig ubrukeleg til å lage dei så langt. Lord Bassington-Bassington har på si side ikkje berre perfeksjonert det å lage ein mullatilfredsstillande drink, men han har òg skapt den perfekte drinken for å roe ned ein munter mulla, ein såkalla Mellow Mullah.
Oppskrifta bør ein følgje med religiøs presisjon og iver, og sidan det er ein Tiki-drink bør ein nytte amerikanske mål for den ekstra piffen. Alkoholprosenten skyt i taket, men mullaen din sa det var greit. Oppskrifta er som følgjer:

Mellow mullah
12 cl guava nectar
1,5 cl Rose’s Lime Cordial Mixer
Lime juice*
0,75 cl Cointreau
4,5 cl Mount Gay Rum
* Making one's own guava juice might be a bit ambitious (though Lord Bassington-Bassington is planning on trying) and the guava nectars available in colder climates tend to be on the sweet side. To balance this, add a small amount of freshly squeezed lime juice. The drink should be sweet but also tangy and fresh.


Så her er det berre å sette i gang og kjøpe inn alt ein treng av ingrediensar. Det eg klarar å lese av dette er: Sprit og ein dæsj frukt, men eg er sikker på at dykk andre klarar å skille dei ulike elementa frå kvarandre. Det viktige her er å lage i rikelege mengder, for de skal ikkje berre ha sjølv, men de vil jo sjølvsagt dele med innvidde vener. Såvel som meg. Eg er tørst skjønner de, eg er veldig tørst.
Å slukke tørsten min er ikkje den enklaste utfordringa verda har bydd på, men eg er glad for ein kvar som tar på seg ansvaret med å forsøke i det minste.

Skal vi seie at Mellow Mullah vert årets drink 2012? Ikkje ein fest utan, folkens! Kom igjen!

søndag 19. februar 2012

Eit stilfullt forsvar



Slik kan det verte gjort, med OMG AR-15. Om ein først skal gå for amerikanske automatrifler er dette det beste valet utanom Hell Kitten AR-15. I desse tider er det heilt naudsynt å ha lett tilgjengeleg våpen, vi er omringa av pandabjørnar, gærne terroristar og snuskete gateseljarar. Og kvatidsomhelst er verdas undergang her, og du vi må kjempe for å overleve i eit hav av radioaktive zombiar.

Dette veit vi alle saman.

Så kvifor ikkje forsvare deg sjølv med litt stil? Alle har ein mauser eller ein kalashnikov, men berre den mest stiltryggje herremann har ein OMG AR-15. Og i dei tilfelle der nærkontakt med seljarar og zombiar er naudsynt kan du utstyre din OMG med ein motorsag.
Kva er det ikkje å like ved denne rifla?

Den er kanskje noko av det mest smakfulle eg har sett på denne sida av zombieapokalypsen. Og eg trur den vil gjere seg godt i moskeens arsenal.

Ikkje at vi har eit arsenal då. Vi er jo lovlydige. Som alle andre moskear i dette landet. Og vi førebur oss ikkje på valdleg konflikt.

Men om vi gjorde det, og vi hadde eit arsenal. Så hadde vi tinga ein slik ein.

(Vi takkar dei sjuke jævlane på Ace of Spades HQ for tips, og ikkje så mykje meir)

tysdag 14. februar 2012

Den perfekte sjef

Vi har lenge slitt med Litteraturhuset i Bergen. Først var det vanskeleg å finne pengar, så var det vanskeleg å finne lokal og no i det siste har det vore frykteleg vanskeleg å finne ein sjef. Stillingsutlysinga kom og gjekk, men noko svar kom aldri, og dei infødde byrja å verte urolege. Og det er ikkje rart, forklarte eg på Twitter førre fredag, dei har jo ikkje spurd om eg vil vere sjef enno - for eg er jo den som er best kvalifisert. Dette starta ein flaum av respons på twitter, frå minst to-tre stykker som alle meinte at mullaen var best for jobben. Med eit slikt folkeleg engasjement i ryggen kunne eg ikkje gjere anna enn å la ein Twitterkonto verte oppretta for Litteraturhuset i Bergen som kunne formidle mitt kandidatur til verda. Og då det kom fram kor viktig det var med gode kvalitetsvaflar til under ti kroner, var det ingenting som kunne stogge folkekravet. Folket talte høglytt og ville ha mullaen som sjef på Litteraturhuset i Bergen. Det var massivt. Ein har ikkje sett liknande sidan Oktoberrevolusjonen 1917, eller då muren fall i 1989, eller førre helg på IKEA. Når dei skal lage film av dette, må dei grave opp att Sergei Eisenstein.

Difor var det ikkje rart at Bergens Tidende tok kontakt på måndags formiddag og ville ha ein kommentar frå mullaen. Og det fekk dei, og den kom snarleg på trykk i dag. Og det er då ting byrjar å verte merksnodige.

Stiftinga Litteraturhuset i Bergen såg med skrekk og vantru på denne folkelege oppstanden, og forstod at dersom dei ikkje gjorde noko, måtte dei gje etter for folkekravet. Eit folkekrav om ein folkeleg mulla i maktposisjon i kulturlivet i Bergen. Dei visste at det ville representere ei radikal endring av den elles så platte og stagnerte tilværa dei til no hadde kunne nyte. Tenk kva eg kunne ha gjort som sjef på Litteraturhuset i Bergen, sjå for dykk det kulturelle jordskjelvet!

Det er klart at dette ville blitt for mykje for kulturtantene sine sarte sinn. Så dei rykka kjapt ut i avisene, og erklærte at dei hadde bestemt seg for val av sjef. Og dei hadde altså valt ho som allereie var sjef. Case closed, Helle-Valle held fram til juni neste år.

Så kva tyder dette for folkerørsla? Når folket er i rørsle har dei vanskeleg for å stogge. Folk er ikkje utstyrt med bremser, dei er utstyrt med ADHD. Ein må anten halde fokus, eller finne noko anna å bruke overskotsenergien til. Og det er det folkeaksjonskomiteen no må vurdere - skal vi halde fram kampen som undergrunnsrørsle fram til neste gong stillinga vert utlyst, eller finnes det ein is eller ein brus vi vil ha attende på marknaden? I mellomtida har vi ein twitterkonto... og så dukka denne fabelaktige sida opp som gjev deg oversikt over aktiviteten der. Vi kan jo ikkje la vere å bruke alt dette, vel? Kan vi?


måndag 13. februar 2012

Pandamoniums slavar

Gifta til Pandamonium sprer seg lett, og korrumperar dei enkle barnesinn på eit tidleg tidspunkt. Eit godt døme på dette er ungdommane bak Panda Sheep - nokre skuleelevar som vert oppmoda av sine lærarar til å starte ein bedrift, og endar difor opp med å lage youtubevideoar av seg sjølv utkledd som pandabjørnar. Kvifor det? Fordi andre skal få lyst til å sjå ut som pandabjørnar!



Dette er sjølvsagt veldig trist, men vi må innsjå at akkurat desse ungdommane er ei tapt sak, og ingenting kan redde dei. Dei er no villige agentar for Pandamonium og gjer sitt beste for å rekruttere fleire. For at vi skal lære oss å assosiere det gode med dei, så vil dei at vi skal kle oss ut som dei, og ha det kjekt. Dette har vi sett fleire døme på tidlegare.

Ein kan jo undre seg på kva dei gjer for å få stor påverknad på våre unge. Har dei forgifta drikkevatnet vårt? Teen vår? I det minste ser det ut som ein sjuk lakei frå Pandamonium ønskjer å produsere ein skitten te. Som vi veit evner ikkje Pandabjørnar å fordøye bambus, som er det einaste dei sitt og tygg på medan dei planlegg å utrydde oss. Difor er avføringa deira nesten rein fiber (pluss biter av spiste menneskebarn), og denne fiberen har tidlegare vore nytta til ulike husflidsprosjekt. Men no har altså ein orientalsk "lærar" funne ut at han skal lage te av denne avføringa. Pandabæsjen, hevdar han, vil gje teen ein heilt spesiell aroma. Vi tvilar ikkje. Vi trur og den gjer noko med hjerna di. Den knekk di frie vilje, og gjer deg til ein underdanig slave for pandabjørnar og villig til å gjere alt for dei.

Faen heller, berre sjå på fyren!
Ser de noko kjendt med klesdrakta? Lik ungdommane så har han prøvd å ikle seg sine herrar si form, i von om å blidgjere dei. Slik eit barn etterliknar sine foreldre! Dette er effekta denne styggedommen av ein te har på ditt menneskesinn. Sjølv påstår han at den er slankande og motvirkar "stråling", men han seier ingenting om tankestråler frå herskesjuke pandabjørnar. Kvifor ikkje mon tru?!

Nemleg. Så ikkje drikk pandabæsj folkens, og ver varsam med kva de kler dykk ut som på karneval!

måndag 6. februar 2012

Vill spekulasjon og fantasi

Min sans for skjønnlitteratur og sivilstatus heng kanskje saman. Eg er som kjend ein kronisk ungkar, dei kjem og går desse kvinnene, men mullaen og hans litteratur vert ståande. Ja, mullaen er kjendt for sin kjærleik for klassisk speskulativ litteratur, det Bing og Bringsværd kallar fabelprosa, medan andre vil kalle ting som fantasy, science fiction, horror og weird. Eg går helst for dei norske orda om eg kan. Så kan folk spekulere fritt i om mi interesse for dette gjer meg til ein så enorm nerd at eg ikkje klarar å halde på ei kvinne, men det er ikkje bandet eg ser mellom min smak og sivilstatus. Nei, for dette handlar om langt djupare spørsmål. Det handlar om framtida mi. Kva er sjansane for at eg nokon gong kjem til å slå meg ned med ein av mine vakre kvinner, slå røter om de vil, byggje mitt bibliotek og ikkje minst få avkom. Her har bokhandlarane sagt sitt om mine sjansar.

Du vel sjølv om du vil rekne det som Science Fiction, Fantasy eller Horror. Eg er berre glad dei ikkje førte det opp under Weird.

Det skal pokker meg ikkje vere lett å vere ungkarsmulla.

søndag 5. februar 2012

Sieben - No less than all

Foto: Chris Saunders
Eg har aldri lagt særleg skjul på at eg er ein stor fan av Matt Howden sitt prosjekt Sieben, der han boltrar seg med eit magisk lydbilete hovudsakleg skapt med ei fele. Eg har tidlegare omtalt hans førre plate, Star Wood Brick Firmament, samt hans samarbeidsprosjekt med sin far, The Matter of Britain og konserten han hadde i Trondheim for nokre år sidan. Denne veka kom han med ei ny plate, No less than all, som er tilgjengeleg på nettsida hans, og den er absolutt verdt å vurdere for både nye og gamle fans. Med denne plata held han fram lydbiletet som han etablerte med den djupt personlege Desire Rites, og tar det eit par hakk vidare i ein meir elektronisk og tøffare retning - kanskje som ei spe byrjing på det pågåande samarbeidsprosjektet med Job Karma.

Desire Rite tok musikk til Matt Howden inn i ein ny fase av kompleksitet som òg gav opphavet til ei utgjeving av gamle låter i ny musikalsk innpakking, As they should sound. Dette lydbiletet held han fast på i No less than all, og legg som sagt til elektriske toner som gjev enkelte av låtene ein mørkare, røffare og meir rockete framtoning. Låter som Preacher Online og Black Dog Day er gode døme på dette, samstundes som dei er heilt tydlege Siebenlåter. To andre perler frå albumet er Vonnegut, dedikert til Kurt Vonnegut, forfattaren av Mother-Night og Slaugherhouse Five, og Transmission. Sistnemnte er den første coverlåta Matt har spelt inn på plate, og då er det naturleg at det skulle vere ein Joy Division-låt, då dette er eit band som inspirerte den tidlege neofolken.

Som dei fleste Sieben-album er No less than all eit album som lett synk inn i bakgrunnen, ikkje fordi det er keisamt, men fordi det så lett skapar ein stemning som fyller heile rommet. Det er ei plate som du har lyst til å sette på repeat, og som du stadig kan finne nye sider av når du sett deg ned og lytter. Eg snakkar av erfaring, eg har plata gåande her med jamne mellomrom i nokre veker før den vart sluppen, og eg er framleis ikkje lei.

Alt i alt så er dette nok ei Sieben-plate, lydbiletet har ikkje endra seg stort frå Star Wood Brick Firmament, men det er ikkje feil. Vi likar den lyden, og held ut med ei plate til av det. Og heldige du som har Spotify, for No less than all og fleire andre Sieben-album ligg ute.

torsdag 2. februar 2012

Lekkasje frå moskeen

Eg vart gjort merksam på at eit gamal opptak av ein stille fredagsbøn har hamna på Youtube. Eg veit ikkje korleis det har skjedd, det er jo ikkje akkurat ein kattevideo dette. Vår bøn og meditasjon er ikkje underhaldning eller noko ein skal sukke over fordi vi er så søte. Menmen, no er videoen der ute, og om den ansvarlege for lekkasjen lover eg at det ikkje vert store straffa.


Ja, dette er eit eldgamalt opptak, frå då eg framleis hadde hår. Ja, for de ser vel kven eg er av desse karane, ja? Ja, det er soleklart. Ikkje noko vits å spørre om ein gong.

Det eg saknar er eigentleg litt meir umpfh i lyden. Når nokon først tar bryderiet med å leggje ut vår dhikr på nett, så kunne dei vel gjerne ha fiksa ein bra dubstepversjon av den, eller kva? Der har dei ei utfordring, mine musikalske vener.