tysdag 27. mars 2012

Vil du vere venen hans?

Min gode ven Lord Bassington Bassington etterlyste mine umiddelbare tankar om denne videoen.


Mine umiddelbare tankar... mine umiddelbare tankar... Eg seier ikkje at det er Lommemannen som har debutert med musikkvideo. Eg seier ikkje at det ser ut som ein syngande penis. Eg seier ikkje at foreldre må vere varsam med kven borna deira er vener med. Eg seier ikkje det, altså.

Songen handlar openbart om ein einsam mann, som ønskjer å få seg vener. Han har lettare å gje uttrykk for det enn, til dømes, Leon i Luc Besson-filmen med same namn. Ja, han går faktisk så langt som å seie at han vil ha ein klem. Mange klemmar. Han likar tydlegvis klemming. Ingenting i vegen med det. Vi veit jo ingenting om aldaren til songaren, så for alt vi veit kan det vere eit heilt normalt ønskje som driv han til å ville vere vener med alle desse leikande borna. Treng ikkje å vere noko sjukt i det. I det heile tatt.

Men det er det.

Det er det.

Den er skriven av eit vaksent menneske. Som eg vonar får hjelp. Mykje, mykje hjelp.

Æsj. Der sa eg vel eigentleg det eg ikkje skulle seie.

måndag 19. mars 2012

Motstandsrørsla

Den underlege lille nazisekta frå Sverige, Svenska Motståndsrörelsen, freistar å etablere seg i Noreg om dagen, og fekk mykje merksemd for det dei omtalar som ein vellukka aksjon i Bartebyen. Med vellukka aksjon meiner denne gjengen ei forsamling på rundt 30 stykk som klarar å hamne i klammeri med lokalbefolking og purk, og 25 av dei vert arrestert. Og så visar det seg sjølvsagt at 23 av desse 25 er svenskar. Det er så ille i dette landet at nasjonalistar no må importere utlendingar for å protestere mot innvandringa til landet. Jommen sa eg smør. På si side meiner dei at dette fokuset på antalet svensker i demonstrasjonen er ein del av ein anti-svensk mediekampanje. Ja, det er vel dei enorme mengdene med jødar i dette landet som står bak det då. I vårt naboland har gruppa bygd seg opp til å verte eit velsmurt aktivistnettverk, eller klin kokos sekt om du vil. Medlemmane vert avkrevd store mengder tiende for å dekke leiaren sitt behov for cheeseburger, medan dei er forventa til å reise land og strand rundt i sitt arbeid for frigjeringskampen. Dette er hyperaktivisme. I Noreg, der slikt er mindre populært, slit dei litt meir, men dei prøver i det minste å ha ein aktiv fasade på nettsida deira. Her kan vi til stadig lese om kamprapportar. Noko som høyres langt meir spennande ut enn det er; det er altså små notisar om at dei har hengt opp eit flygeblad eller stappa noko rask ned i ei uskuldig postkasse utan å verte oppdaga. Veldig bra gutar, foreldra dykkar er sikkert stolte av dykk no. Alle fem av dykk. Nettsidene er forøvreg godt designa i forhold til det tøvet som slike grupper ofte klarar å kline utover nettet her på desse trakter, og inneheld kryptisk informasjon om medlemsgradar og om kor heftig tøft og kult det er å vere aktivist - dersom ein er så heldig å klare dei fysiske opptakskrava. Ja, eg veddar på at det står ein kø og ventar på å verte tatt opp. Mhm.

Deira førar her til lands er ein Haakon Forwald, kjend frå det nasjonalsosialistiske black metal-bandet Disiplin. Eit skikkeleg sjarmtroll av ein mann, som de over her kan sjå tale til sine imaginære tilhengjarar. Jo meir ein grev i tankane til denne karen, jo betre vert det. Og eg har, grunna influensa, ikkje gått særleg i djupnad. Men det eg har sett har fått vommen til å riste av vellyst. Her snakkar vi om ein mann ikkje berre med langt fartstid som nasse, men som naziokkultist knytt til mellom anna ein av desse avstikkarane til Temple of Set, nemleg den så utruleg modne Misanthropic Luciferian Order. Javisst, her snakkar vi skikkeleg tøffe gutar som ikkje berre er luciferianske eller misantropiske, men beggje delar. Åååååh, så dei hatar verda. Skikkeleg òg. Og så er dei (Ariske) overmenneske. Liksom. Atte. Sånn at dei er betre enn alle desse andre menneska. Som liksom berre er patetiske. Skjønner? Fordi dei skjønner ikkje. Altså. Ja? Eg skjelv her eg sitt, mo i knerna. Dette er tøffe saker. Som ein person oppsummerar gruppa: "Their goals are to create a synthesis between the dark traditions of all the ancient aeons and thus to create the occult keys that shall open the gates to the forthcoming endless dark aeon."

Akkurat, ja. Eg finn denne Haakon simpelthen uimotståeleg. Kva er vel betre enn ein politikar som er ærleg om kva han planlegg? Han vil få ned få bukt med avgiftsveldet, lempe ut innvandrarar, drepe jødar og muslimar... og ja, opne helvetes porter og opne opp for forhandlingar med Lucifer og Cthulhu. Der har vi koalisjonsregjering med futt i folkens - dei lover oss tusen år med mørke!

Det er nokre andre boller enn dette nazisludderet dei vanlegvis preiker om når dei forkynner sine germanske paradis. Helvete på jord! Det veit vi at nazistar er flinke til, så dette er reine ord for penga simpelthen. Gje Haakon ei munkekutte og ein fakkel. Og kanskje ein kul bok å ha under armen. Så vert den norske motstandrørsla ei sekt med ballar. Og røykelse. Røykelse er altfor lite på dagsordenen blant naziokkultistar.

onsdag 7. mars 2012

Gervais på sporet av Pandamonium

Fleire og fleire byrjar å innsjå at noko er gale med det biletet av pandajævlane som vi får presentert av mainstream, pandastyrt media. Fleire og fleire skjønner at sanninga vert knebla av politikarar og journalistar som alle likar pandabjørnar, og som er investert i å frambringe ein masseinvasjon av pandabjørnar i Europa, innføre pandalover og Pandamonium. Deira utfordring er jo at sanninga alltid kjem fram, sjølv kor mykje dei prøver å hindre det, fordi folk har auge og øyre, og er smartare enn dei trur. Folk ser at noko er gale, at framstillinga dei får presentert ikkje stemmer. dei avslørar løgna!

Borgarkrig i Europa er rett rundt hjørnet.

Ein som byrjar å sjå at noko er gale, er den britiske komikaren Ricky Gervais som nytta ein TV-opptreden på det amerikanske nyhendeprogrammet Daily Show, på sjølvaste Valentinsdagen, til å avsløre at han er på sporet av kva som er gale. Lik så mange andre opplev han at produksjonen av pandaporno og distribusjon av viagra er ein feilslått strategi, og vil til sjuande og sist føre til ein fullstendig krig.

The Daily Show with Jon StewartMon - Thurs 11p / 10c
Ricky Gervais
www.thedailyshow.com
Daily Show Full EpisodesPolitical Humor & Satire BlogThe Daily Show on Facebook

Greit, han måtte pakke det inn for publikum, men vi kan sjå det på han. Han er på sporet... han er ein av oss snart. Om han berre klarar å leggje frå seg dei andre smådyra.

måndag 5. mars 2012

Vi temmer kvinnedagen

Det har vore mykje uro rundt kvinnedagen i år. Som alltid tenkjer kvinner i alle storleikar å samle seg rundtomkring i norske tettstadar under ymse parolar og marsjere litt. Dette er jo så klart eit tiltak vi i moskeen støttar opp om, då kvinner har godt av å komme seg ut og mosjonere litt i ordna former. Diverre har det vore krangel om parolen som Kvinnegruppa Ottar endeleg klarte å snike inn etter mange års forsøk - eit krav om å leggje ned PROsenteret. Dette førte til at dei andre panikkslagne kvinnene gjekk til motåtak, og fekk fjerne parola. Noko som hissa pikene i Ottar enno meir opp enn vanleg, og dei har trukke seg frå 8. mars komiteen rundtomkring i landet. Aldri før har det støya så mykje i dette særeigne hønseburet, og den kakofoniske kaklinga har gått oss andre på nervene.

Makan til hysteri.

Vi er tvungen til å ta kontroll over situasjonen, og roe desse kvinnene ned litt. Vi har metodane, vi har teknologien, og vi har arenaen. I høve Kvinnedagen i år vil eg, i samarbeid med Kjettersk Kjeller, difor gjere mitt beste for stabiliseringa av desse hysteriske kvinne. Velkomen til mitt foredrag: "Å temme den hysteriske kvinnen: Vibratorens kulturhistorie". Førstkomande torsdag på Den Gode Cafè i Oslo. Eg tillet meg å sitere frå nettoppslaget:
Det er på tide med årets første Kjetterske Kjeller, som denne gang faller på 8. mars. Den observante leser vil få med seg at dette er selveste kvinnedagen, og hva er da bedre enn å tilegne en aften til kvinnens beste venn? Nei, vi snakker ikke om hunden, ei heller mannen (eller andre kvinner, om man svinger den veien), men om vibratoren.

Ved siden av barnefødsler har hysteri vært kvinners største medisinske utfordring i over to tusen år. Hysteri skyldes som kjent at livmoren vandrer rundt i kroppen, og fra antikken har kuren vært å massere kvinnens underliv. Dette er slitsomt arbeid, men med industrialismens gjennombrudd fikk legene mekaniske hjelpemidler til rådighet. Aldri før hadde så mange hysteriske kvinner stått i kø på legekontorene verda over. Vibratoren var en suksess!

Kristian A. Bjørkelo er folklorist og til daglig ansatt ved Universitetet i Bergen, når han da ikke tar opp for mye plass i media. Men på fritiden er han frilansmulla (blant annet berømt for sin fatwa der han slår fast at bacon er en frukt, og dermed halal) og skribent med sans for det aparte. Han er kjent som en glimrende foredragsholder, og denne kvelden vil han fortelle historier om dampdrevne vibratorer, matvarer som demper sexlysten og hvilke snodige ideer menn gjennom tidene har hatt om kvinner og kroppene deres.

Foredraget vil være sømmelig illustrert, men vi advarer om at dårlig pantomine kan forekomme.

Dette vert med andre ord ei hyllest av menn sitt iherdige arbeid for å frigjere kvinna frå fiksering på kjøkken og husarbeid. Ein Facebook-event for den gledelege hendinga finn de her. Det kan vere lurt å komme tidleg.

Etter foredraget vil eg halde workshops for interesserte.



søndag 4. mars 2012

Eit utruleg kunnskapsnivå

Det er ofte ein klagar over dei unge i dag, at dei ikkje lærar noko på skulen, at pedagogikken slår feil, at kunnskap ikkje vert prioritert og at dei unge sjølv virker totalt uinteressert i å lære. Populærkultur og reality show som Paradise Hotell vert trukken fram som styrkjande faktorar for dette. Dette er førebileta til dei unge, dette er slik dei ønskjer å vere, slik dei ønskjer å framstå.

Vi som klagar over dette vert omtala som bakstreverske, gamaldagse surpomper som ikkje forstår oss på dei unge. Eller noko slikt. Vi overdriv visstnok. Javel, kanskje det. La oss ta ein kikk på korleis det ligg an med historiekunnskapane til dei unge.


Nei, okay... det stod kanskje ikkje så bra til hjå vare naboar i Danmark. Såvidt eg veit vert dei ikkje spurd om sine historiekunnskapar i den norske varianten av serien... for her har vi gjett fullstendig opp. Vi er jo strengt tatt ikkje interessert.

Helvete... eg treng ein kopp te. Will you be mother?
I'll be Führer...