måndag 23. april 2012

eMANNzipation, mannefrigjering

Eg innrøm gladeleg at eg kanskje er litt over gjennomsnittet glad i film. Filmfestivalar er det perfekte høvet til å oppdage nye underfundige og fine filmar, og eg tilbringar difor noko av tida mi denne veka på Os internasjonale filmfestival for litt kulturelt påfyll. Ein film eg var veldig nyfiken på, og nesten måtte få med meg var eMANNzipation, forfatta og regissert av Phillip Müller-Dorn. Og eg kan ikkje seie at eg angra på det. Filmen prøver å rette fokus mot eit av dei tema som ein ikkje snakkar om i vårt samfunn, trass vår stor kjærleik for offer og offersoger - trakasserte ektemenn. Vi følgjer ein slik mann, som ikkje har anna alternativ enn å søkje seg til eit herberge for menn og byrje livet sitt på nytt. Han har blitt fullstendig nedbrudt av si brutale kone, og står utan heim, jobb eller sin son og er tvungen til å ta fatt i seg sjølv og sjå på sine val. Han er ein stille mann, ein omtenksam mann, ein ettertenksam mann, ein mann som skyr konflikt og som alltid prøver å tenkje seg gjennom eit problem før han handlar. På herberget møter han andre, veldig ulike menn som òg har vorte utsatt for trakassering, og gjennom gruppesamtaler prøver dei å komme til botns i problema sine, og forstå kvifor dei har latt seg trakassere. Undervegs i filmen får vi sjå korleis romantikken vart til uforståeleg terror og vald, og vi får sjå ein stakkarsleg, men likandes mann byggje seg opp frå grunnen av og attfinne kjærleiken og sin plass i samfunnet. Du kan umogleg ikkje vert underhaldt og rørt av denne filmen.


Phillip Müller-Dorn har laga ein film som både er morosam og trist, samstundes som den er tankevekkjande. Ein snakkar ikkje langt på nær nok om vald og trakassering av ektemenn, då menn er fysisk sterkare enn kvinner. Det er av den grunn naturleg å tenkje seg at det er menn som er den aggressive og valdlege parten i eit forhold. Ein mann som ikkje kan eller vil attgjelde når konflikt oppstår, vil likevel stå svakare overfor ei kvinne som utnyttar dette. Og det er ikkje berre vald, men emosjonell terror og krigføring som bryt ein mann ned og gjer han til ein fange i eit forhold. Likefullt som det skjer med kvinner som har rota seg i hop med ein eller annan psykopat. Müller-Dorn grip difor tak i noko som ligg og syder under overflata i vårt samfunn, for det er mange menn som kan kjenne seg att i delar av den soga filmen presenterar. Noko eg fekk stadfesta i samtaler med andre etter filmen.

Når høvet bydde seg, over nokre glas vin og ein zombie-film, måtte eg berre takke Phillip Müller-Dorn for å ha laga denne filmen. Eg vonar fleire får høve til å sjå den.

torsdag 19. april 2012

Gatekunst

Alle former for kunst fascinerar og opptar oss her i moskeen, og vi lar oss stadig imponere over dei som kan formidle idear og kjenslar gjennom bilete, skulpturar, lyd og andre uttrykk. Vi differensierar sjeldan mellom uttrykksform eller kunstnarskule, så lenge det vi ser og opplev appellerar til oss rasjonelt, emosjonelt eller sjeleleg. Vi må ha ei oppleving av at skaparen av verket faktisk har prøvd å gje oss noko, at det ikkje berre er fargeklattar som dei veit ein idiot av ein samlar vil betale ti tusen for, men at det er eit reelt uttrykk. Gatekunst er eit slikt felt der det tidvis kan vere langt mellom perlene, men dei perlene som er der er verkeleg flotte. Gatekunsten er prega av dei glade amatørar, og noko av den er heilt fabelaktig, medan det er mykje skit òg. Og den første som prøver å fortelje meg at tagging er kunst, skal eg tre ned på minareten. God gatekunst handlar om plassering. At kunsten stemmer overeins, klaffar, med omgjevnadane og overflata - anten at den virker naturleg eller er overraskande og inspirerande. Deretter må det vere teknisk og kunstnarisk godt utførd. Det er med andre ord ikkje lett å lage gatekunst, og gatekunst vert opplevd som noko flyktig, noko som ikkje vedvarar. Skaparen veit at sjansen for at det vert malt over er stor. Dette gjer gatekunsten til noko spesielt, og eg respekterar dei anstendige utøvarane av denne forma.

Difor er det spennande når det virker som om multikunstnaren Vidar Bratlund-Mæland flørtar med gatekunst. Vi vart sendt nokre enkle bilete som illustrerar dette.
Eg bur i Bergen, så det er nok rimeleg å anta at eg både dansar og syng i regnet, opplyst av Hello Kitty. Dette hadde nok tatt seg veldig bra ut ein vegg nær meg eller deg. Min kjærleik til Hello Kitty utforskar Bratlund-Mæland i sitt neste bilete, der han forestiller seg meg og henne i varm og vennskapleg omfamning.
Eg er veldig glad i kattepusar, så det kjem jo ikkje som noko stor overrasking at eg likar å ha dei på fanget og kose litt på dei. Det skulle vel berre mangle.
Og... uhm... altså, jajo, som dei fleste andre, så likar eg jo å gå rundt i undertøyet, og eh... hadde eg hatt katt heime, så hadde eg jo sjølvsagt kjælt med den i berre undertøyet så, sett slik så er jo ikkje dette så uanstendig. Nei, det er vel meir enn kommentar til korleis germansk naturisme, Freikörperkultur, sameinast med min kjærleik for kattar og Hello Kitty, ja. Det er slik det heng saman.
Ehm... eh... altså...

Fint bilete, kva? Altså... eg... uhm...

Helvete... eg trur Bratlund-Mæland har installert kamera på soverommet mitt!

tysdag 10. april 2012

Den gode skule

Den gode skule trur eg ikkje er ein skule som lar deg gjere som du vil, som sett leik i sentrum, og trur at ein lærar alt ein treng gjennom prosjekt- og gruppearbeid. Ein ønskjer gjerne at det var slik, men det er jo ikkje det. Ein god skule krev faktisk lærarar, som lærar vekk eit pensum, lærarar som set grenser, og eit system som krev disiplin. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det ikkje er rom for leik og moro, og rom for fantasi og kreativitet. Neida. Det er det jo alltid plass til, sjølv under ordna former. Det var iallefall slik då eg vaks opp. Og eg skal ikkje skryte på meg dei beste minnene frå barneskulen, men det var ikkje pedagogikken som var problemet. Eg gjekk på ein heilt vanleg barneskule, den låg på andre sida i vegen for huset eg vaks opp i. Dette har jo si forklaring at då skulen i si tid vart bygd, følgde skulemeisteren med på lasset frå gamleskulen. Han hadde til då budd på skulen, men no skulle han altså bu i eit hus ved sida av. Dette var far til mor mi, min morfar. Dette er ikkje viktig, det viktige er at eg vaks opp ved ein liten skule, og den står der framleis. Og den har ikkje endra seg så altfor mykje sidan eg gjekk der, på utsida iallefall. Berre ein ting saknar eg... den gamle dekoren. Eg hugsar eit stort veggmaleri på fasaden, av allskens fantasifulle figurar frå teiknefilmar. Ja, vi snakkar her om kjende karakterar frå mellom anna Disneyfilmar. Ein kan berre spekulere i kvar det vart av dette biletet, det kan jo ha blitt slitt ned, men vår tids andsverksfetisjistiske tankemønster er ein frista til å tenkje seg at ein simpelthen ikkje lenger hadde lov til å ha andre sitt andsverk på fasaden. Uansett kor uskuldig.

For meg representerte det biletet den fantasiverda som skulen ønskte å føre borna inn i. Ei ordna, men fargerik og kreativ verd.

Eg vart minna på dette, då eg fekk tilsendt desse bileta tatt av Lord Bassington-Bassington sin betre halvdel, av ein skule utanfor Lisboa.
Ser du dei fine fargane? Den flotte opne horisonten, den blå himmelen? Ser du dei glade karakterane?
Næmmen! Ser du kva det er? Det er...
Hello Kitty!

Og det seier vel eigentleg alt av det eg prøver å formidle her. Det born treng er ikkje prosjekt- og gruppearbeid, men HELLO KITTY! Kva inspirerar vel borna meir enn Kitty White og hennar familie og vener? Dette er ein skulle mullaen ville ha gått på! No fekk eg lyst til å starte ein koranskule med Hello Kitty-tema. Det trur eg ikkje har blitt gjort enno. Og det  bli gjort! Under kva betre omstende kan barn og unge lære seg om Koranen enn omringa av søte små japanske kattepusar?!

Kven søkjer eg pengar frå til dette? Kven vil finansiere den gode skule?!


Vi har allereie ein maskot!

onsdag 4. april 2012

I find your video disturbing...

Greit, vi har alle gjort det. Åleine og i lag med nære vener og kjærastar. Ein snakkar gjerne ikkje høgt om det, og prøver å ikkje tiltrekke seg for mykje merksemd når det kjem på banen. Det kviler ei sterk skamkjensle over det heile, og det er på tide å bryte tystnaden. Vi har jo alle gjort det, kvifor skal vi ikkje snakke om det? Eg kan vere den første. Eg har spelt ut scener frå Star Wars-filmane, med stor innleving og presisjon. Og det er heilt normalt. Det er naturleg. Det er ingenting i vegen med det. Og eg treng ikkje skamme meg over det.

Sjølv om eg tykkjer det er litt urovekkande å sjå denne videoen.



Det er liksom berre litt... ja... eg veit ikkje. Ikkje at jenta skal skamme seg. Det er lov å nytte fri fantasi. Og leike litt. Og det er jo forståeleg at dei vil lage litt moro når dei i desse dagar slepp Kinect Star Wars som lar deg leike Jedi, Rancor og gudane veit kva i di eiga stove. På den andre sida, så er det ikkje sikkert at alle har godt av det:


På den andre sida kan vi altså ikkje hevde å vere noko betre. Vi har alle gjort det... og no skal vi gjere det att gitt. Så snart vi får fingen ut og komt oss på butikken.