tysdag 31. juli 2012

Portugal er ikkje eit land ved middelhavet

Det er lett å ta feil, sidan det er nabolandet til Spania, og tilhøyrer samme språkgruppe. Det ligg liksom der i denne suppa sofistikerte nordmenn kallar Syden, men eg har etter lengre tids vurdering komen fram til at det er på tide å skille Portugal ut av middelhavshelvetet. Portugal produserar trass alt suveren vin, og har ein mattradisjon som gjev infarkt berre ein les oppskrifta. Her snakkar vi bacon, bacon, bacon. Med bacon og feitt attåt. Dette er gode ting, men ikkje på langt når så bra som denne skulen utanfor Lisboa som tidlegare har vore omtalt.
Alt i alt er det gode grunner til å byrje å sjå på Portugal som noko anna enn eit middelhavsland full av olivenfarga casanovaer. Kanskje dei tilogmed har kultur? Ei vaksande samling av portugisisk musikk i hylla kan tyde på det. Ikkje minst når ein snublar over perler som dette bandet i dag:


Hallo? Korleis kan ein ikkje like dette? Openbert eit teikn på at dei er ein høgare ståande sivilisasjon, skvist ut i randen på den iberiske halvøya av desse spanske strandbøllane som dominerar regionen med rå muskelkraft og kroppslukt!

Og apropos musikk så ser Portugal heim til eit av dei meir interessante musikalske foretaka som har funne vegen til hylla mi: extremeocidente. Ein platelabel som har gjort det til sin spesialitet å snuse opp interessant og eksentrisk musikk frå rundtomkring og gje ut. Anten det er uoppdaga perler eller klassiske album som forten ei spesialutgjeving. Av dei utgjevingane eg har vore borti så langt, har alle hatt ei solid innpakking og utforming. Og det fysiske ved ei plate er alltid viktig. For å forklare filosofien må eg nesten la dei snakke sjølv:
"EXTREMOCIDENTE is a label operating from Lisbon connected to what could be loosely termed ' Industrial Culture '. Extremocidente is the result of stubbornness allied to the ongoing war against the effects of time , a war we know we will lose . Extremocidente does not pretend to be a platform for any kind of political , social or personal change . Extremocidente is a watchtower , a place where you can stop , observe and possibly even draw conclusions about the age we live in . Despite having no political agenda Extremocidente is Libertarian in content and Totalitarian in approach . Our enemy is strong and we are sieged . Extremocidente feels blessed to live in the present times."
Dei har ein altfor lite nytta Youtubekanal du kan sjekke ut om du vil.

At hjerna bak denne operasjonen, Joao Verissimo, har høyrd om moskeen og vårt arbeid for å tryggje Europa i kampen mot allskens nedbrytande ukultur, har sjølvsagt ingenting å seie for at vi har komen til konklusjonen om at Portugal og det portugisiske folk er noko heilt anna enn slibrige middelhavsfolk. Nei, for det måtte det sjølvsagt bestikkelser til. Som denne vakre plata, truleg frå Argentina eller noko slikt, som er sendt med kurer til moskeen:
Hola Kitty, indeed! Vi er sjølvsagt særs takksame for denne gåva som har bidratt til å løfte portugisarane ut av selskap med ubehøvla franskmenn, italienarar, spanjolar og grekarar. Eg reknar med dei feirar stort der nede no.

Velkomen inn i det gode selskap Portugal, eg vonar å sjå dykkar mest aktverdige representant, Joao Verissimo her i det kalde nord i næraste framtid slik at eg kan takke personleg. Det er ikkje ein invitasjon. Det er ei ordre. Så er det sagt.

måndag 30. juli 2012

Yoda og dialogen

Diskurs. Anti-tese. Syntese.
Dialogane.

Sånn derre greske greier veit de. Om å drøfte ei sak, å sette motsetnadar opp mot kvarandre, og slik komme fram til svaret. Ein stad der i mellom. Syntesen. Eg er sikker på at Yoda er flink til det. Yoda er som oftast best. Men avogtil...
Avogtil må sjølv Yoda halde kjeft. For nokre ting er berre for dumme til å kontemplere.

Vi drit simpelthen i det. Ned med Pandamonium!

tysdag 24. juli 2012

Ramadan, baconsylte og BLT

Det er den aller heilagste månaden i den islamske kalendaren, ramadan. Verda over går rettruande i seg sjølv og gjennom oppofring prøver å gjere seg til betre menneske. I teorien. Mykje av tida går med til å tenkje på mat, og det å bryte fasta så snart sola går ned. Ein vert så grusomt svalten under ramadan, og fråveret av mat gjer det vanskeleg å tenkje på noko anna. For å kunne konsentrere seg om noko anna, og faktisk møte utfordringa det er å verte eit betre menneske, må ein ty til ulike strategiar. Ein av dei er å unngå påminningar om mat. Deilig mat.

Det er litt synd, for eg har frykteleg mykje matting eg har lyst til å blogge om dagen. Ikkje minst fordi eg har fått meg nytt kjøkken og har kost meg godt på kjøkkenet. Det skada ikkje at eg har oppdaga ein liten baconløyndom som har gjort ein del matretter usedvanleg gode og fruktige. Som BLT til dømes, denne berømmelege smørbrødet som består av bacon, salatblad og tomat - eller bacon, lettuce & tomato som det heiter på finspråket. Dette er ein matrett som vart fullstendig revolusjonert for halvanna veke sidan, då @dnoate på twitter kunne opplyse meg om eit vidunderleg funn:
Nokre få dagar seinare kunne eg plukke opp nokre glas av dette vidunderet på arbeidsstaden til @dnoate.

Ed Hick's Bacon Jam, la oss kalle det baconsylte, er ein chutney som består av 51% irsk bacon, resten er lauk, "Llewellyn's Balsamic Cider Vinegar" (vi antek walisisk balsamico), sterk svart kaffe, lønnesirup, rå sukkerrør, kvitlauk og nokre krydder. Resultatet er ei sylte du kan smøre på ting du elles ville ha steikt baconfrukt attåt, som hamburger og speilegg, og som stort sett er anvendeleg til dei fleste måltid om dagen. Du kan tilogmed nytte det som dressing på pasta. Det er med andre ord eit himmelsk produkt som eg føler det er litt upassande å skrive om no under ramadan, og difor tenkjer eg å la vere. Av respekt for dei mange som sitt no og prøver å tenkje på noko anna enn mat kan eg simpelthen ikkje skrive om dette.

Difor kan eg heller, slik eg har lyst til, fortelje om korleis ein kan lage ein heilt vidunderleg BLT med denne baconsylta. Det er såre enkelt skjønne de. Først og framst treng ein jo berre dei heilt openberre ingrediensane.
Vi må ha baconsylte, salatbladog nyoppskårne saftige tomatar. Og medan baconsylte kanskje er litt vanskeleg å få tak i, så veit ein iallefall at det er tilgjengeleg i Irland så då er det berre å stogge innom på veg frå jobb eller noko ein dag. Etter ramadan. Resten får du tak i dei fleste matvarebutikkar. Utanom min tidlegare nærbutikk. Der var frukt og grønsaksavdelinga ein skam for menneskeheita. Den var faktisk litt skummel. Men nok om det.
Det neste steget eg skulle ha fortald om, dersom eg ikkje skulle vore påpasseleg og ikkje skrive om matlaging denne månaden, hadde vore å smøre baconsylta på to brødskjever. Fantastisk kva? Har du ikkje lenge ønskja deg bacon du kan smøre på ting? Som brød, tortillalefser og sexpartnarar? Eg kjem ikkje over kor flott dette lille glaset er å ha på kjøkkenet.
Etter baconsylta følgjer ein opp med salatblader. I dette tilfellet meir eller mindre fersk rapidsalat. Funker som berre pokker til dette.
Så slenger du på tomaten. Tomaten er litt som bacon, eigentleg. Det er eit tema eg gjerne skulle ha skrive om dersom det ikkje var ramadan. For mange trur at både bacon og tomat er grønsaker, men beggje er faktisk frukter. Ja, du høyrde meg tomaten er ei frukt. Spennande kva?

Når tomaten er på, er det berre å slenge saman det vakre produktet.
Herleg delikat, ja? Skikkeleg saftig og sunt smørbrød som sparkar i gang dagen din slik som hør og bør. Hadde det ikkje vore for at det var ramadan så skulle eg pinadø ha skrive eit langt innlegg full av desse bileta for å fortelje om kor enkelt og greit ein BLT kan gjerast. Men det får vel vente til seinare.

Huff, no var eg brått svolten. Anar ikkje kvifor det skal vere så vanskeleg å la vere å tenkje på mat eg...

Følg med vidare medan eg held fram med å la vere å blogge om mat under ramadan.

søndag 22. juli 2012

Eitt år seinare

Så var det gått eit år sidan tragedia i Oslo og på Utøya. Eit år sidan Breivik satt sin plan ut i live. Eg har sett allskens måter å forholde seg til dette i dag. Dei aller fleste har valt anten å ikkje delta i noko minnesmarkering, men haldt respektfullt avstand og kjeft, eller dei har altså gjett uttrykk for sorg og samhald på ulike vis i sosiale medier. Eg er blant dei som haldt avstand og kjeft. Det har vore mykje prat det siste året, og eg har stått for ein del av praten. Eg har blitt bedt om å uttale meg ved fleire høve i samband med hendingane og rettsoppgjeret, og i ny og ne har eg opna munnen, medan andre gonger har eg meint at andre ytrar seg betre. Eg har ikkje lyst til å verte ein sirkusartist. For sirkus er alltid rett rundt hjørnet i desse tider.

For eit år sidan snakka vi mykje om lærdom. Og eg har prøvd dei siste dagane å komme fram til om vi faktisk har tatt noko lærdom av hendingane i det heile. Svaret er ja og nei. Ekstremisme, særleg frå den hatefulle ytterranden av høgresida har komen i fokus, og dette er absolutt bra og kan tyde på at samfunnet har tatt lærdom. Det er ikkje alt som skal tillatast, det er nokre ting som er verdt å trekkje fram i lyset og konfrontere. Og vi har kanskje sett ein tendens til det.

På den andre sida så ser vi desse ytterkreftane verte meir høglytte, og naturlegvis meir synlege når dei vert trukken fram. Det er tendensar til at vi skal akseptere SIAN og NDL som "samtalepartnarar" og premissleverandørar... Dette er eg ikkje overtydd om er det luraste vi gjer. Det er ikkje alle samtaler som er produktive eller interessante. Og nokre idear er forkastelege frå grunnen av. På lik linje med nazismen og jødehat så er Eurabia-teoriar og muslimhat uakseptabelt i eit liberalt samfunn. Det er ei lærdom vi slit litt med.

Vi skulle verte betre. Vi skulle vise oss frå vår beste side. Men i det siste året har vi sett meir vulgært og valdleg grums spreidd over nettet. Og dei som no har fått med seg at det ikkje er akseptabelt å seie kva som helst om muslimar (ja, det er jo ein og annan som har skjønt det), så har dei vendt merksemda mot sigøynarane.

"Sigøynerspørsmålet" er komplisert. Veldig komplisert. Og eg sitt ikkje på alle svara. Men ein ting veit eg. Og det er at å dehumanisere "den andre", å omtale dei som mindreverdige menneske, samanlikne dei med skadedyr og snegler er ikkje kurant.

Eit år er gått, og det er framleis så mykje hat blant det norske folk. Midt i rosetog og allsang, midt i sorg og tårer over våre falne, så finn vi framleis hatet. Eg er usikker på kor mykje vi har endra oss.

torsdag 19. juli 2012

Sommar og sol!

Det er sommar! Sola skin! Folk spring rundt glade og nyt det fantastiske veret! Barn skrik og plaskar i vatnet. Vakre unge jenter ligg og sleng seg på stranden og i parken, dei myser mot sola når dei trur dei kan høyre ein eller annan kikkar rasle i buskane. Unge menn speider etter sommarflørten, jenta dei skal elske og forlate i løpet av denne varme julimånaden.

Det er tid for sommaridyll! Det vi alle ventar på i dei kalde årstidene vi lev med her i nord! Endeleg skal vore vone forløysast som så mykje smelta snø.

Ein eller annan stad. For Allah veit at det iallefall ikkje er her.

Her høljer det ned. Og er det varmt, så er det òg fuktig. Vi kjenner oss alle som flatlus i trusa på ei fjorten år gamal jente på Justin Bieber-konsert.

Kva?! Ikkje sjå slik på meg! Det er akkurat slik det er, og du veit det! La oss ikkje dvele meir med jentetruser, eg byrjar å lure på om det er noko i vegen med deg som fokuserar slik på desse fuktige små tøybitene.

Apropos tøybiter - kva skal ein gå med i dette veret? Aldri før har vel burkinien vore meir anvendleg, den held deg iallefall tørr ei lita stund sjølv om du sikkert heller burde hatt den i gore tex eller tilsvarande. Eller tweed. Kvifor er det ingen som lagar ein fancy tweed burkini? Folkens! Her er det eit gapande hol i marknaden. Nok eit teikn på at kapitalismen ikkje dekkar alle våre behov!

Og sjølv om det er viktig at ein held seg tørr under denne syndefloda, og at ein kler seg anstendig til ein kvar tid, har eg enno ikkje funne eit einaste gyldig argument for kvifor mine kvinnelege lesarar ikkje skal ikle seg dette praktfulle plagget:
Berre tenk deg kor kledeleg det vert! Dette er sommarplagget for dei som veit å verdsette dei finare ting i livet, uansett kor mykje det regner, uansett kor mykje sola uteblir... og uansett kva blikk du får av gamle skjeggete mullaer. Kjøp dette! Få det på deg!

Og send meg bilete, er du snill...

torsdag 12. juli 2012

Gårsdagen var...

Takk til den faste lesaren, moskèmedlem og bingovert Bad Mynock for ei vidunderleg skildring av min avslappa positur i går. Morgondagen vil nok verte mindre avslappa, men prega av enno meir fyr, flamme og fyrverkeri.

fredag 6. juli 2012

Pandajakt

Det går ein ganske grusom video rundt i ulike nettmedier i desse dagar. Den viser blodtørstige pandabarn i aksjon. Om du er lettskremt eller på anna vis lett påverka av vald mot kvinner bør kanskje ikkje sjå på den følgjande videoen.



Som vi alle ser er det fire blodtørstige pandabjørnar som spring etter ei stakkars forsvarslaus asiatisk jente. Ho gjer sitt beste for å komme unna, og prøver å forvirre dei ved å springe i ring rundt sklia. På eit tidspunkt har ho tilogmed og såpass overtaket at ho kan dytte ein av dei utfor... men det varte neppe. Vi har ikkje høyrd frå jenta i etterkant, og vårt ninjakamerateam var nøydd å flykte frå åstaden då pandabjørnane oppdaga at dei vart filma. Men lytt i bakgrunnen; det mest skremmande er korleis folk står og ler. Så hjernevaska er folk av Pandamonium at dei ikkje klarar å sjå gjennom det falske medvitet, dei klarar ikkje å sjå kva som foregår. Dei ser leik, uskuldig moro og søte pandababyar... der det i røynda er ein blodtørstig jakt. Fire pandababyar som luktar eit lett bytte, som jaktar på menneskekjøt, og eit forsvarslaus offer. Som den einslege gasellen plukka ut av løva.

Det er skummelt. Det er vondt.


Men vi må halde motet oppe. Vi skal bekjempe desse svina.


Vi skal sigre til slutt! Eg sverger ved min kalashnikov!