Trur vi. Vi trur at Bergens beste utelivstilbod er attende no. Vi er rimeleg trygge på det. Eit arrangement er iallefall på trappa om eit par dagar. Ja, du høyrde meg... det er på tide med Absalong att. Om du ikkje har høyrd om Absalong, så er det på tide at du tar deg saman og følgjer med i timen. Absalong er ein salong og diskusjonsarena for det absurde, det abnormale og det som treff deg i abdomenet. Absalong følgjer i tradisjonen av den gamle salongoffentlegheita og byr folk på ein stad der dei kan høyre på eit foredrag utanom det vanlege, av nokre av dei beste formidlarane vi har tilgjengeleg. Temaene som har vore tatt opp har vore alt frå naziporno og raseforskingas opphav til vampyrar, varulvar og Illuminati. Alt satt i stemning av musikk du ikkje høyrer nokon annan stad på byen.
Absalong er simpelthen staden du har lyst til å vere om du er i Bergen. Og no er staden flytta til VIP Lounge ved Lille Lungeren. Og det heile startar med sleppefest for årets store norskproduserte teikneserie: Pickman's Model av Den Unge Herr Holm. Teikneserien er basert på Lovecraftnovella med same namn, og... vel... har inntil nyleg vore rekna som umogleg å illustrere eller attfortelje visuelt. Den Unge Herr Holm har jobba langt og lenge med prosjektet, godt hjulpen dei siste to åra av at han har sluppe å lage gratisplakatar for Absalong (den tida er no over!). Kva novella handlar om? Utover at det er ei reise inn i det mørkaste av ein kunstnar sitt sinn, og at det kan ha noko med kannibalisme å gjere, røper vi ingenting. For kannibalisme vert sjølvsagt eit tema her. Så då må ein viss folklorist til pers og snakke om dette så smakfulle tema i ein halvtime eller så. I tillegg vil den Unge Herr Holm verte tvungen, under tungt avhøyr, om å avsløre alle sine løyndomar og fetisjistiske tendensar når det kjem til Lovecraft. Og prikken over i'en vert ein støyande og deilig konsert med dei lokale heltane i Solstorm. Og det vert sjølvsagt høve til å kjøpe eit signert eksemplar av boka!
Det er med andre ord ingen grunn til å la vere å komme.
Du kan lese detaljar om arrangementet på nettsidene, og gje ein peikepinn om du kjem eller ikkje på fjasebokji.
måndag 27. august 2012
laurdag 18. august 2012
Skikk og bruk i dei siste dagar
Skikk og bruk. Dette har vist seg å vere eit kontroversielt og vanskeleg tema i desse tider. Folk flest, den gemene hope, allmuen, anar verkeleg ikkje kva det er for noko. Det var noko ein hadde før i gamle dagar. Ein har framleis ei og anna retningslinje for kva ein kan og ikkje kan gjere i ulike situasjonar, og kva som vert rekna som ok i ymse sosiale situasjonar. Mobiltelefonbruk er gjerne i kjerna av dette, men det er berre ei side av det forfallet av god oppførsel vi ser rundt oss. Vi tar ikkje lenger omsyn til dei rundt oss, og vi bryr oss ikkje om korleis vi tar oss ut. Det viktigaste er at vi har merkeklede, brunkrem i trynet og gugge i håret. Eller noko slikt. Ikkje pokker om eg forstår dette.
Grensene for kvar og kvatid ein har lov til å nytte mobiltelefonar vert utvida heile tida. Først vart det lov å ta telefonen om ein stod og prata med nokon, så vart det lov å svare på meldinger. Så vart det lov å snakke i mobil når ein stod i kø eller på kassa, og så kom desse jævla handsfretelefonane som lar alle gå rundt som om dei hadde stemmer i hovudet. Vi er jo alle einige om at ein ikkje skal tekste eller snakke i telefon når ein er på kino, men kvifor er det då alltid nokon som gjer det? Jo, fordi reglene ikkje gjeld for deg, tenkjer du. Ditt tilfelle er jo spesielt. Du må vete kva som skjedde på den festen du ikkje var på; klinte ho verkeleg med han?
Så den eine skansa etter den andre fell. God smak og oppførsel er i stadig tilbaketog... men for Guds skuld, gutar, det er ein stad eg ikkje hadde venta å sjå dykk snakke i mobiltelefon. Og det var her:
Alvorleg, jævla talt!
Eg hadde vågd meg ut på eit eventyr blant allmuen, på eit av desse større kjøpesentra i utkanten av sivilisasjonen. Her der proletarar og plebeiarar valfartar for å handle inn sine grillpølser og gulostar, og... usedvanleg stygge klede, måtte eg følgje naturens kall. Og det var på det offentlege herretoalettet eg var vitne til eit menneske, ikledd det som eg antek er den tradisjonelle påkledninga for klyser, som stod i urinalen og snakke i sin mobiltelefon. Faktisk snakka han i den då han kom inn, medan han gjorde sitt fornødne, og når han vaska og tørka sine hender.
Eg vart ståande mållaus att, vel vitande om at eg har sett eit av dei mest synlege teikna eg kan tenkje meg på den vestlege sivilisasjonens totale kollaps. Vi er vitne til ein hyperaktiv degenerering av mennesket til å verte påkledde, trente halvapar. Det er ingenting som kan stogge denne utviklinga virker det som. Det er tidsånden. Det er Kali Yuga.
Ein kan jo kanskje henge eit varselskilt over urinalen om at det er forbode å snakke i telefon der... men at det skulle vere naudsynt tilseier nok at vi er komen til eit punkt der skilting er vanskeleg å tyde for desse troglodyttane rundt oss.
Nei... dette er slutten min vener. Slutten på skikk og bruk. Og slutten på sivilisasjonen.
fredag 17. august 2012
Kamprapport: Pandaria
Som vi har vore inne på, vil Pandamomium tre tydlegare fram som manipulatorane bak World of Warcraft med sin neste expansion: The Mists of Pandaria.
Dette er noko vi ser på med stor uro, men vi er visse på at ikkje alle vil la seg lure, og at ein og annan vil reise seg og mane til strid når utvidinga vert tilgjengeleg for det store publikum. Vi har faktisk fått ein kamprapport frå spelet som tyder på at det allereie har skjedd. Nokon har tatt på seg oppgåva å mane til kamp mot pandabjørnane allereie no. All ære vere the Panda Exterminator som har sendt ut denne rekrutterings- og propagandavideoen!
Så er du eit av desse uheldige kreka som ikkje klarar å rive deg laus frå Pandamoniums massive onlinemakkverk, så veit du at det finnes dei der ute som vil hjelpe deg. Gjer motstand! Ta kampen til deira heimebane, ta kampen til Pandaria. Drep ein kvar panda du ser der!

fredag 10. august 2012
Babybacon
Eg var ein motvillig Facebookbrukar, men for nokre år sidan vart eg overtydd, og etterkvart frelst inn i den klamme varmen som er Facebook. Det går stort sett greit, eg er omringa av kloke menneske som poster interessante ting om bacon, politikk og bacon. Og meir bacon. Problemet er at eg òg har vener og familie som insisterar på å formere seg. Dette er ein aktivitet eg helst ser foregår i det private, men det har seg slik at ein konsekvensane av å få barn er ei hormonell forstyrring som gjer at dei insisterar på å poste bilete av barna sine på Facebook. Heile tida. Dei verste syndarane bytter ut sitt eiga profilbilete med eit bilete av den lille bæsjemaskina.
Det er ikkje berre ikkje naudsynt, det er tidvis litt plagsomt. Og ein har berre to alternativ, la vere å kommentere, eller å skrive at ungen er så søt så. For... vel... ærleg kan ein iallefall ikkje vere.
Hadde deg ikkje vore fint å sleppe å verte satt i denne situasjonen? Vel, nyttar du Chrome så er redninga her. Den siste veka har ein ny pluginn gått som ein farsott over verdsveven. Berre høyr her!
Browser Plug-in Turns Your Friends' Babies Into... by Buzz60
Nemleg! Du kan gjerne barna til dine vener om til bacon. BAAAACOOON!
Eg skal ikkje påstå at eg i stille stunder ikkje har tenkt tanken eit par gonger, men dette er jo ein langt mindre drastisk måte å oppnå om lag det samme resultatet enn det eg hadde i tankane! Glimrande!
Last ned Unbaby Me og nyt ein barnefri og baconfyllt tilvære på Facebook. I det minste ein plass vil du vere fri.
No treng vi noko som kan gjere det samme med mobilbilete.

tysdag 7. august 2012
Nakenidrett og golf i krigstid
Eg vert fortald at London er åstaden for ein olympiade av eit slag i desse dagar, der overbetalte amatørar spring rundt meir eller mindre avkledd framfor hylande folkemengder og klovner seg. Det heile framstår som surrealistisk når eg prøver å forestille meg dette. Eg er ikkje i London, så eg får ikkje sett det med eigne auge. Det som overraskar meg mest er at dette på eit eller anna vis vert omtala som "sport". Sist eg sjekka var ikkje klovnestreker og ablegøyer i delvis avkledd tilstand å rekne som fullverdig sport... meir noko som høyrer heime innanfor den private sfære, kanskje? For all del, eg forstår at denne olympiaden er eit forsøk på å emulere dei klassiske greske sporstaffærane, der olivenfarga atletar demonstrerte fysiske ferdigheiter i adamsprakta. Og det heilt utan sponsoravtaler, noko som gjer det hakket mindre vulgært enn denne bleike moderne etterlikninga. Nakenidrett har sin sjarm, og det hadde jo sin renessanse under dei glade dagar i Tyskland, men kapitalistane tykte det var vanskeleg å finne kroppsdelar å sponsormerke, og utøvarane var uvillige til å la seg tatover med Volkswagen og Coca Cola-logoar.
Slik kan det altså gå. Personleg held eg meg til klassiske sportsgreiner som cricket og golf. Dette er sport for herrer, og som ikkje involverar klovneaktige kostymer eller utagerande usivilisert atferd frå nyrike atletar. Ein kan kanskje inkludere polo blant desse sportsgreinene, men det er ei kjensgjerning at hestane sveitter ein del under denne aktiviteten, og sveitte diskvalifiserar ein kvar aktivitet frå å vere ein sann gentlemannssport. Cricket derimot skal utøvast i eit behagleg tempo, akkompagnert av te, martini og gin, samt agurksmørbrød og sømmelege kvinner. Det sentrale her er at ein kjem seg ut i frisk luft i landlege omgjevnadar. Det gjeld òg for golf, som er ein sport som er perfekt dersom ein har mykje plass til overs. Golf er perfekt dersom du likar å vere i fysisk aktivitet. Ikkje berre får du spasert (i eit samtalevennleg tempo, så klart), men du får svingt litt med armmusklane dine som gjerne er litt stive om du har ein kontorjobb. Problemet med store landområder er sjølvsagt at vedlikehaldet koster, det er dyrt med gartnar. Og så må du ikkje gløyme at det er lett å slite ut ein caddy òg, særleg om dei vert dehydrerte så ta med rikeleg med vatn, i tillegg til whisky og gin. Men hugs at det sistnemnte er til deg, medan vatnet er til caddyen. Forvekslar du dette vil katastrofa vere eit faktum.
Eit anna problem med golfbaner er at eit så stort areal gjerne vert utsatt for skader. Særleg i krigstid. Ein tenkjer ikkje mykje på det, men vi er altså i krig her og der i verda, og dette medfører ein viss risiko. Ikkje berre vil piknikker måtte avlysast om det er fare for kuleregn, men golfbana kan verte alvorleg skada av krigsgjerningar. For at ikkje fleire golfrunder skal verte avlyst enn naudsynt har ein heldigvis i arkiva eit reglement som handterar akkurat desse problema.
Det er eigentleg alt ein treng å hugse på, utanom at det kanskje er verdt å merke seg at krigstid eller ikkje, så er cricket og golf (samt polo) idretter som ikkje vert meir sjarmerande om dei vert utførd nakne. Korrekt antrekk er viktig.
Game on.

Abonner på:
Innlegg (Atom)