fredag 28. september 2012

Tillitsvekkande

Hiscox.

His cock.

Ta deira ord for det. Den er bra. Anbefalt sidan 2002.

Tillitsvekkande. Men er det lovleg å reklamere for prostitusjon.

onsdag 26. september 2012

Kamprapport: Det rette utstyret!

Mullaen har vore ute og reist som de nok veit, og burde sikkert oppdatere med ein kamprapport eller to frå den hendingsrike reisa. Kort fortald så har mullaen redda britisk økonomi, og frykter at mastercardet kan ha smelta litt i kantane. Når ein reiser på slike turar er det viktig med korrekt utstyr. I tillegg til eit kredittkort klar til bruk, må ein ha gode sko, varme klede, hatt og tannkost. Og ikkje minst må ein ha koffert. Ein skikkeleg koffert ikkje berre til klede, men til byttet frå dine plyndringstokt og eventyr. Det vert jo alltid ein del av slikt når din nordiske natur tar overhand i møte med framande strender og kloster.
Ein koffert må ein ha! Men kofferter vert gamle og slitne, særleg dette arvegodset. Låsen var ikkje heilt til å stole på, meinte eigaren, så han tryggja den med eit band. Og når ein først gjer det, så kan ein jo alltid satse på eit lett synleg band. Ikkje sant? Og kva er vel meir synleg enn regnboga?
Det er jo det første ein legg merke til. Strengt tatt det einaste ein legg merke til. Er det ikkje? Eg måtte sjå to gonger før eg såg dei to herremennene som har forlagt dressane sin. Eg vonar deira kvinner har tatt godt vare på dei. Det der ser kaldt ut. Men så er eg vant til nordleg, tweedvenleg klima. Og med eit regnboge band var mullaen simpelthen veldig klar for tur.
Det skal litt til å miste den baggasjen, ja. Og turen, den var fin.

fredag 21. september 2012

Ekstremisme i novelleform og sånn derre

Eg er i London. Kva berre tidspunkt enn det til å fortelje at eg var i Oslo førre helg? Det hadde seg slik at det var ein bokfestival i Syndas bygd, og mi tilstadevering var sterkt påkrevd. De skjønner, eg kan ha forfatwa ei novelle for fleire år sidan, som i år vandra gjennom postens mange fasjonable rør til Bokvennen forlag og deira novellekonkurranse med temaet ekstremisme. Klart at Noregs mest elskverdige islamist måtte bidra til denne konkurransa. Problemet var sjølvsagt at politikk er politikk, og kva er vil skrive skjønnlitterært er jo noko heilt anna. Heldigvis var det rom for tolking. Så istadenfor ei novelle om ekstremisme, så valte eg ut ei novelle som var ekstrem i seg sjølv.

Og skulle du sett, eg vann. Og dette førte til ei fuktig og morosam helg i Oslo i førre veke. Eg hadde gleda av å møte nettvener som Torgrim Eggen og Kristine Tofte, og henge med folk som eg sjeldan treff. Eg var innom forlagsfest, og eg tok nye pressebilete. Og ja...

Det var denne boka då. Sidan eg vann novellekonkurranse i lag med Kjersti Kolbotn, så var det sjølvsagt ei lita annonsering og lansering på gong. Og medan ho las opp si novelle, så gav eg eit knippe gode grunner til kvifor eg ikkje hadde lyst til å lese ho høgt for eit intetanande publikum. Om folk vil lese ho, så får dei vel nesten kjøpe boka, tenkjer eg. Mine grunner vart tatt opp på video, så dei vert kanskje lagt ut.

Men det som kanskje satt mest preg på meg var at eg endeleg fekk budd på eit av dei finaste pensjonata i Syndas bygd. Cochs pensjonat. Ja, du høyrde meg. Cochs. Er det ikkje fabelaktig? Best er det sjølvsagt når engelsktalande gjestar vert plassert der. Eg likar å la namnet rulle over tunga. Cochs. Sjå nokon i auga og sei... Cochs.

Var det ikkje kjekt folkens?

Og om det ikkje var nok for å få hjartar til å fryde seg, så er det slik at Cochs er eit litterært hotell. Fem forfattarar har fått rom oppkalla etter seg her; Lars Saabye Christensen, Edvard Hoem, Albert Henrik Mohn, Mia Berner og Hallgrim Berg. Og eg var så heldig at eg vart plassert på eit av dei.

Kan du gisse kva?
Hallgrim Berg sitt rom, ja. Fantastisk. Kva er vel meir passande? Vi snakkar om den herleg demente rasisten som fekk panikk då han såg ein neger med pengar på toget. Då politiet nekta å gjere noko med dette, skreiv han sint inn til avisa om politiet som ikkje handterte openbar kriminalitet.

Det kan ikkje verte betre enn det. Og om du trur eg har spora av, så tar du fullstendig feil, for om eg skal skrive fleire noveller, og leike forfattar, så vonar eg at eg klarar å verte minst like dement som Hallgrim Berg, tenk.

Eller noko slikt.

Eg drakk ei halv flaske vin medan eg skreiv dette. Forfattarlivet i London.

fredag 14. september 2012

Kamprapport: Trånjæmm!

Foto: Erlend Mørk
Problemet med å farte rundt, er jo at det vert lite tid til å blogge... så det tar gjerne før ei veke, før eg får lagt ut reiserapportar. Eller kamprapportar som det visstnok skal heite. Men no er det eit par timar opphold til å ta ein slurk av sufijuicen og fortelje at eg nyleg vitja byen av dei mange bartar - Trånnjæm. Det er jo sånn ca Nord Noreg det, så det er rimeleg eksotisk. Det første som møtte meg var som alltid ein bussjåfør med bart. Stor, skamlaus bart. Og eg visste at eg hadde landa i rett by.

Høvet var eit foredrag i regi av dei gode folka i Forum Nidrosiae, som altså eg skulle halde.

Eg kan ikkje seie anna enn at turen var ein dundrande suksess; fuktig og underhaldande. Etter å ha hoppa av på feil stopp, måtte eg gå heile fem minutt til ein annan del av byen der hotellet eg skulle bu på var. Dette hotellet folkens, får all verdas tomlar opp. Neste gong eg er i Trånjæmm vil eg insistere på å verte inlosjert på Clarion Choice Bakeriet. Eit klassisk 1800-tals bygg, som tidlegare har fungert som... vel... eit bakeri. Det første du ser, etter resepsjonen er atriumet. Her finn du matsalen. Og frå 15.00 til 18.00 er det gratis sjølvbetjenings vaflar.

Gratis.

Sjølvbetjenings.

VAFLAR.

Og dei var gode. Goooode. Omnomnomnom! Ingenting å klage på der, nei. Og rommet... det var like snasent, romsleg og fint. Nok ein gong, klassisk 1800-tals. Med utsikt over... gata nedanfor. Kanskje ikkje spennande, men litt koseleg var det. Fekk lyst til å sette meg til rette med ei rifle, og skyte evt. viktige personar som kom vandrande.

Men gjorde ikkje det. Eg tok turen bort på nærliggjande Cafe 3B der eg etter eit godt måltid hadde gleda av å raljere litt om kjende og ukjende forfattarar av det spekulative slaget. Sleivspark mot Heinlein, Dick, Tolkien og Rand i massevis då eg haldt foredraget eg kallar I Fantasiens skuggedal. Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy.

Eg antek at foredraget fall i god jord, for dei lot meg snakke ferdig, og arrangøren gjorde eit anstendig forsøk på å skjenke meg god og glad på Mellow Mullah som vart servert i baren på dette høvet. Og etter mitt foredrag kunne eg og resten av publikum nyte vakre marsjtoner frå lokale Fleischer, akkompagnert av det eg antek var feriefilm frå andre verdskrig.  Forsamlinga var jamt over ein hyggjeleg gjeng, og eg følte snøgt eg var vener med dei alle saman (ikkje berre alle dei eg var godt kjendt med frå før), så eg følte eg ikkje kunne gjere anna enn å ta med meg to flasker vin og slepe med meg ein gjeng attende på hotellet for eit lite etterspel eller noko slikt.

Ein passande vin for kvelden
Og det var eit absolutt fabelaktig etterspel. Berre avbrudt av ein brannalarm ein gong i to-tre-tida om natta. Hotellets mange trøytte gjestar flaumde ut dørene ein og ein eller i små grupper. Brannalarmen i seg sjølv best av nokre ulelyder etterfølgd av ein herrestemme med merksnodig dialekt som fortel oss at dette er ein brann, og at vi måtte evakuere og vente på vidare instruksjonar. Så fekk vi same beskjed på engelsk og tysk. Særleg på tysk var det velklingande og full av saftige imperativ som fekk oss til å trekkje på oss våre spasersko og gå ut for å helse på dei andre gjestane.

Der stod dei, gamle slitne menn kunn iført bokser og frakk, 50 år gamle kjerringer i slitte treningsklede og allskens anna folk i ulike stadier av avkledning. Og så var det oss då. I dressar og vinglas i handa. Vi følte oss litt skuldige, men det var strengt tatt ikkje vår feil, vi hadde enno ikkje satt fyr på hotellrommet.

Etter kvart kunne brannvesenet pakke saman og hoppe i bilane sine, utan at vi hadde noko meir forståing om det hadde vore brann eller berre vi som var så forbanna heite, og vårt litt etterspel kunne halde fram. Denne gongen utan vidare avbrudd. Eg vakna på eit hotellrom som var definitivt meir redusert enn meg sjølv... og med falske blomar over alt. Frå undertøy til skjegg.

Så slik er det i Trånnjæm. Dagen etterpå gjekk med til å henge på kafè, lese, sjå på folk med bart... og så flakse heimover.

Alt i alt var vi alle einige om at det var ein fin tur, og vi reiser gjerne opp att for å treffe gamle og nye vener. Så det er berre å invitere mullaen om det skulle vere noko som treng hans forklaring der opp.e

onsdag 5. september 2012

Zombiemjau

Vi veit alle at vi står overfor fleire trugsler enn Pandamonium, sjølv om det ikkje treng å vere eit adskilt problem. Frykta for at eit virus av Z-typen skal spreie seg blant menneske er ikkje paranoide vrangforestillinger eller vill fantasi. Trugselen er høgst reell for at ein dag vil menneske vende attende frå det døde for å ete hjernene våre. Det står tilogmed noko om det i bibelen eller noko i den duren.

Kristen teologi er sjølvsagt ikkje mi sterkaste side, men noko lærte vi trass alt om dette på vestlandsmadrasaen i min barndom.

Zombie-apokalypsen er likevel noko ein kan (og bør) førebu seg på. Ein kan sørge for å ha våpen og ammunisjon i hus (naudsynt, uansett dersom kinesarar eller pandabjørnar invaderar), hermetikk og ein bunkers eller trehytte som er lett å forsvare. Det finnes gode bøker for korleis ein handterar dette.

Diverre fortel dei sjeldan kva ein skal gjere om Z-viruset hoppar frå ein art til ein annan. Kva gjer du dersom Zombie Jesus smittar katten din? Kva skjer dersom kattezombiar invaderar bygda di? Alle dine førebuingar vil vere til inga nytte. Sjå her.

Dette kan vere eit alvorleg problem. Kattepusar er søte. Veldig søte. Og vi vil ha vanskeleg for å mostå deira sjarm... og enno verre. Dei kjem seg inn der menneskezombiar ikkje gjer.

Eit alvorleg problem som sagt. Noko forskinga må gripe fatt i. Snarast.

søndag 2. september 2012

Søndagsunderhaldning

Eg har hovudet fullt av andre gjeremål, så eg tenkte å la nokon andre underhalde dykk ikveld. Har de høyrd soga om Bjørn, og korleis det hadde seg at han ein dag kasta ein heller hyperaktiv dverg utfor ein fjellknaus? Det heile har ein heller tragisk slutt, men denne danske animasjonsfilmen er verdt å sjå.

Og om danske vikingar ikkje er heilt di greie, kva då med britiske utforskarar? Bli med dei på eventyr på ein planet langt vekke, for ikkje så altfor lenge sidan.


Utover det vonar eg at alle har hatt ei fin helg. Takk for no, barn.