tysdag 30. oktober 2012

Star Wars solgt til Disney

"Eg vil at Star Wars skal leve vidare etter meg", fortel George Lucas og sel unna rettane til den ikoniske filmserien og det utvida universet, i lag med resten av hans mektige filmimperium, Lucasfilm ltd. Ein ny Star Warsfilm, produsert av Lucas og Disney, "episode 7", er planlagd for premiere i 2015.

Eg lurte først på om kanskje nokon hadde lurt i meg ei pille.

Så lurte eg på om det var første april.

Så lurte eg på dette med pille att. Kanskje Lucas hadde fått i seg noko.

Men der har vi det altså folkens. For fire milliardar dollar har altså megaselskapet Disney kjøpt opp ein av dei mest lukrative eigedomane i Hollywood. Sjølve anti-Hollywood-Hollywoodselskapet, Lucasfilm. Og med på kjøpet. Star Wars. Star Wars var nybrottsarbeid då dei første filmane kom. Eit sant Space Opera epos. Og Lucasfilm har vore i fronten av utviklinga av ny filmteknologi sidan 80-talet.

No er det Disney som skal styre showet. Ein era er over.

Vanskeleg å fatte her eg sitt. Prøver å tvinge ut ei analyse, men alt eg kjem fram til at det eigentleg er passande, med tanke på at Lucas har fått kritikk for å ha disneyfisert både dei gamle og dei nye filmane. The journey is now complete.

Og nye filmar? Kan no det gå så bra? Vil det verte vist omsyn til fansen? Til det utvida universet? Jar Jar sin enorme fanklubb?

Neppe.

Nei, eg må sove på dette. Kva seier de folkens? Har de nokre tankar om dette?

onsdag 24. oktober 2012

Anna Karenina (2012)


Film og skjønnlitteratur er to vidt forskjellige ting, men to vidt forskjellige språk. Det dei har felles er at dei oftast er strukturert rundt ein eller annan narrativ. Eit hendingsforløp, gjerne i kronologisk rekkjefølgje (men det er strengt tatt ikkje naudsynt). For mange er dette det viktigaste. For lesarar av Dan Brown er det ikkje store ulikskapen på lefsa dei les, og eit filmmanus.

Å filme eit litterært verk som Tolstoys Anna Karenina krever derimot langt meir enn berre ei forståing av hendingsforløpet. Det er så mykje meir enn berre handling som må formidlast.

Wright si nye innspeling av forteljinga lev så definitivt opp til dette. Her gjev kastar ein tradisjonell realisme over bord, og lar hendinga vekselsvis foregå på ei scene, blant publikum og i tradisjonelle kulissar. Og kvifor attskape eit 1800-tals St. Petersburg når du kan bruke eit maleri av byen i bakgrunnen istadenfor? Kvifor filme over heile verda, når du kan utnytte teaterkulissar som du byttar ut framfor kamera, og lar statistane skifte uniformer rett framfor andleta våre medan karakterane går frå den eine staden til den andre. Og montage skal du bruke til å insinuere og fortelje noko som karakterar ikkje kan seie rett ut og kamera ikkje kan fange, ikkje berre lange reiser. For lange reiser kan like godt formidlast av ein mann som går opp ein trapp, og brått er i Moskva.

Dette krev gode skodespelarar. Verkeleg gode skodespelarar. Skodespelarar som er i stand til å spele to scener samstundes. Og det skadar ikkje at dei er velkledde og vakre å sjå til. Keira Knightley, Jude Law, Alicia Vikander og Emily Watson er berre nokre av dei skodespelarane som sleper deg med på denne tragiske kjærleikssoga.

Dette er ikkje ei filmomtale. Dette er ei kjærleikserklæring. Filmen har jo sine svake augneblink. Det er ikkje til å sjå vekkifrå, men pinadø det er lenge sidan eg har forelska meg heilt i eit fullstendig rollegalleri. Og det verkeleg lenge sidan eg har hatt lyst til å daske til det hysteriske fruentimmeret som sprader rundt på lerretet utan tanke på all skada ho gjer. Kvifor er ikkje fleire filmar slik? Kvifor våger ikkje fleire filmar å utnytte det unike potensiale filmspråket gjev for å fortelje djupare soger? Er dei redd publikum ikkje vil forstå?

Anna Karenina, soga om ein hormonell feminist som øydelegg livet til alle rundt seg fordi ho nektar å vere pittelitt diskre når ho pular rundt, kjem på norske kinoar i februar. Gå og sjå den. Og om nokon fortel deg at filmen og boka handlar om noko anna, så er dei fiendar av kjernefamilien og må tuktast. Kos deg like mykje som mullaen gjorde ikveld.

tysdag 2. oktober 2012

Imamsøknad


Så den andre moskeen i Bergen har utlyst ei ledig stilling som imam. Og då eg som mulla i min moske ikkje er lønna nemneverdig, slo det meg at eg kanskje burde dele mine aktivitetar mellom dei to moskeane. Eg sendte ut spørsmålet til eit par lojale tilhengjarar som alle meinte at dette vart eit godt høve til å spre moskeens bodskap til... vel... den andre moskeen. Og korleis kan dei ikkje gje meg jobben? Kor mange andre er kvalifisert til ei slik stilling heromkring? Så eg har kladda litt på ein søknad, og vil gjerne ha litt input på den.

"Hei, mitt namn er Hastur, din gule konge, levande profet og glad mulla med koseleg mage, eg søkjer med dette på stillinga som imam i 50%. Tidlegare i år prøvde eg å få meg jobb som litteraturhussjef, men visstnok ville dei ikkje vurdere meg fordi eg aldri hadde sendt inn noko søknad. Den tabben har eg ikkje tenkt å gjere i denne samanhengen, for eg er imamen de treng i dykkar moske.

Eg er den perfekte kandidat for å bidra til eit økumenisk nettverk, sidan eg likar dei aller fleste. Og ein må vere rimeleg hjernedød for ikkje å like meg. Altså, vi snakkar fullstendig tilbakeståande og siklande idiot. Det er jo eit skikkeleg teologisk spørsmål det der, om nokon som ikkje likar meg forten Allahs nåde og kjærleik. Eller har livets rett i det heile tatt. Men det er kanskje noko vi skal drøfte i ei anna samanheng. Det viktige her er at eg er ein snasen person å ha med å gjere. Og det er eit usedvanleg godt trekk ved ein imam. Og seinare mufti. Evt. kalif.

De etterlys ein sunnimuslim med islamsk basisutdanning, god arabisk og som kan Koranen utanatt. Vel, det er ikkje meg. Eller eg har jo bladd i Koranen ein del, eg er jo trass alt ein mulla, men det eg har ein travel kvardag så det vert gjerne ein del skumlesing. Og arabisken min strekk seg så langt som til å takke skikkeleg for kebaben. Men er dette no så viktig? Er det ikkje viktigare å gå i seg sjølv, og lytte til kva Allah fortel meg, gjennom magekjensla? Og så leite etter ein eller annan laus presedens for påstanden i Koranen eller Hadith? Eg trur det. Eg har ei sterk kjensle av det. 

Moskeen treng ein imam som har eit sterkt forhold til ernæring, særleg konsum av sufijuice og rotfrukt som bacon. Her er det ikkje mange som klarar å henge med på moderne teologi, men med mi sterke hand ved roret kan vi alle saman hamne på ein (dervisj)snurr og ha ein cowboyfrukost dagen derpå. Moskeen treng ein mann som ikkje er redd for å uttrykkje kva posisjon Cthulhu og Hello Kitty bør ha i moderne islamsk teologi. For ikkje å snakke om kor jævlege desse pandasvina er! Fysj og fy, om det er noko som er haram så er det det.

Ja, og så trur eg moskeen bør vere på Twitter og Facebook og slikt, gjerne på Deiligst.no òg, og kan sikkert forfatwe ein fatwa om det. Mine fatwaar er jo dei aller beste ein får i dette landet. Eg får sjeldan klager. Og dei som klager... vel, eg synar til avsnitt lenger oppe om folk som ikkje likar meg. Faktisk kan vi rekne denne søknaden som ein fatwa. Eg kjenner det på meg, i magen og kundalini, at eg burde vere imam i moskeen dykkar.

Ingen protestar? Godt! Eg byrjar på måndag eg."

Kva trur de? Kan eg sende søknaden slik, eller bør eg endre på noko?