søndag 18. november 2012

Å gå sin eigen veg

Å vere unik, det er eit krav i desse dagar. Vi skal vere så spesielle, og utmerke oss alle i hop, at det å definere seg sjølv vert eit livsverk som går på bekosting av alt anna. Vi skal vere unike små snøfnugg.

Og vi oppmodar til det. Heile forbanna tida. Vi hausar opp dei som våger å seie det ingen andre våger å seie. Uansett kor vanvittig det dei seier er, eller kor påviseleg feil det er. Denslags er detaljar. Det viktigaste er at dei er seg sjølv, at dei seier det første som kjem inn i den tresponfylte skallen deira, og ALDRI innrømmer feil. Det er simpelthen veldig viktig at dei aldri lytter til motargument, eller aksepterar motbevis (Ayn Rand, anyone?). For då sluttar dei å vere spesielle, då sluttar dei å vere unike. Dei må ha bein i nasa må du vete.

Ei som har demonstrert gong på gong at ho har desse kvalitetane, og meistrar å vere så jæææævla spesiell og unik er Ingunn Røiseland frå Tøyseland, kjendt frå Vaksineaksjonen for eit par år sidan, der ho hevda at det heile var ein konspirasjon for å plante microchip i oss alle saman. Sidan den gongen har ho berre blitt enno meir spesiell, det er berre å google. Hennar siste utspel er at etter ho har møtt så mykje motstand, det vil seie telegram frå den verkelege verda, så har ho bestemt seg for å bevare sin unike natur ved å melde seg ut av landet. Ho vil ikkje lenger ha norsk statsborgarskap. Flott det, veldig unikt og spesielt og alt det der, skikkeleg snøfnuggmaterial. Problemet er at det får ho ikkje lov til av slemme onkel Stat.

Ikkje at det bryr meg så mykje. Det som bryr meg er kvar ho får desse ideane sine ifrå. Dei som har følgd dette alternativmiljøet ho vankar i veit at konspirasjonsteoriane der er i stor grad henta frå den verkeleg ekstreme høgresida i USA der jødehat og vanvidd går hand i hand. Røiseland er ikkje eit unntak, og dette siste prosjektet hennar har jo henta dreieboka si frå denne gjengen. Eit poeng vår alles kjære John Færseth klarar å hamre på plass i bloggen sin.

Eg hadde eigentleg tenkt å la det liggje der, men så dukka ein annan favoritt i moskeen opp på Facebook og kommenterte saka.
Jupp, ingen ringare enn sjølverklærte bloggmamma og alternativ helseguru Trine Grung, slenger seg innom og erklærar at Røiseland er så flott, fordi ho har bein i nasa og våger å tale makta rett i mot. Kvifor er eg ikkje overraska over at dei kjenner kvarandre? Dei må ha møtt kvarandre på piknik i kva enn alternativ dimensjon dei foretrekk å leve i.

Det speler jo inga rolle at Røiseland kolporterar antisemittisk ideologi, eller har tatt fullstendig farvel med den verkelege verda. Det viktige er jo sjølvsagt at ho er seg sjølv, at ho har bein i nasa, og aldri, aldri, aldri høyrer på motargument.

Nett som Tringe Grung sjølv, tenkjer eg?

I følgje Trine Grung så er det å gå sin eigen veg når ein ikkje vil høyre på kva folk seier, når ein lider av paranoide vrangforestillingar om ein aggressiv statsmakt som forfølgjer deg, og driv medisinske eksperiment. Det er å gå sin eigen veg å tru at jødane, Illuminati og romøgler styrer verda. Det er har ei eigaverdi å hevde noko anna enn det som er sant, å omfamne konspirasjonsteoriar og farlege løgnaktige ideologiar. Fordi då gjer ein ikkje som alle andre. Ein går sin eigen veg.

Ver så snill, Trine Grung. Gå din veg. Til Tøyseland. Hels Trollmannen av Oz.

Eg tar den statsfinansierte motorvegen.

fredag 9. november 2012

Kort om nazi-chic

Eg er som vanleg på farta, og har ikkje hatt høve til å dokumentere all min aktivitet, men nyleg oppdaga mine vener i Radioselskapet på NRK P2 asiatisk nazi-chic og slo på tråden til meg og lurte på kva eg ville seie om Hello Hitler og alt som har med slikt å gjere. Nazi-chic, for dei som lurar, er ein trend blant ungdommen i den fjerne austen, der nazisymbol og busemannen Doffen vert karikert og gjort om til ein søt (kawaii) figur til bruk i kostymer, klede og plakatar. Dette kan sjølvsagt òg verte sett i lys av dei restaurantane og barane som har dukka opp i Asia som berer Hitler sitt namn på døra.

Mykje av årsaka til dette ligg sjølvsagt at Nazityskland ligg fjernt frå dei unge orientalarane i både tid og rom. Det er simpelthen lettare for dei å få det på avstand. For dei er Doffen berre "ein kitschy" fyr, slik til dømes Gengis Khan ville vore for oss. Dei veit at han er stor i Europa, dei veit han var slem og dei attkjenner hans ganske så ikoniske trekk. Det skulle berre mangle at han vart rekontekstualisert og tatt i bruk på same vis som så mykje anna vestleg kultur i austen, på same vis som vi tar i bruk austleg kultur her i vest, utan forståing eller respekt for opphaveleg kontekst.

It's just the way it is.

Og eg kan bable i timesvis om kor kjekt dette er, men eg har ting å ta hand om, så eg berre deler opptaket frå radioen med dykk her. Hopp fram om lag 26 minutt.

laurdag 3. november 2012

Ein godt skjult clitoris

Kvinners seksualitet er vanskeleg for veldig mange menn. Det forstår eg. Kvinner er ikkje alltid like enkle. Likevel vart eg rimeleg sjokkert over at nokon har sette eit behov for å lage denne videoen.

Alvorleg tala, karar. De klarar å finne clitoris utan ein instruksjonsvideo, ikkje sant? Sant?! Ver så snill å fortel meg at denne videoen er overflødig... veldig overflødig.

For det er jo ikkje som at dei fleste kvinner er sugger. Alle sugger er kvinner, men dei færraste kvinner er sugger. Og clitoris på ei sugge, er litt vanskelegare å finne, enn på ei gjennomsnittleg kvinne.

Kva?!

Eg har ikkje sagt noko gale! Det er ei kjennsgjerning at clitoris på ei sugge ligg innanfor den vaginale opninga. og ikkje lett tilgjengeleg ved inngangen som på ei kvinne. Dette er faktisk viktig å tenkje på dersom du ein dag skal befrukte ei sugge. For det er litt av eit arbeid.

Slik ser altså det ut:
Dette medførar sjølvsagt ein del utfordringar. Både for den eine og den andre.

For dansk forsking har vist at sugger som er seksuelt stimulert i forkant av, og under, befrukting, har 6 prosent sjanse for å produsere fleire avkom. Så ved kunstig befrukting er det altså anbefalt å simulere det ein gris ville ha gjort under akta. Det byrjar med å simulere snuten som vert dytta mot inngangen (grisete cunnilingus?). Bruk handa. Køyr deretter handa inn i suggas vagina for å stimulere denne, og gjere henne klar til å motta sæden (som du eg på dette tidspunktet vonar du har med deg, og har trygt lagra på kanne eller noko... det er berre då det er legitimt å drive på med dette). Under sjølve befruktinga vil du massere sugga utanpå, medan du fører røret inn i kjeda. Det lettaste då er å sette seg skrevs over ryggen på sugga og massere sideflesket med føttene, medan ein nyttar hendene til å føre inn tuben med sæd. Og slikt. Og ikkje gløym brysta, kjærteikn gjerne brysta med ei hand undervegs.

For å bidra til stimuleringa har han sjølvsagt laga insemineringsverktøy som doblar som dildoar for suggene.
For dei spesielt interesserte har danske myndigheiter produsert videoar av dette...

Og ja, du finn bilete og litt video her.

Så tell deg sjølv heldig, mann, neste gong du er med ei kvinne - det er i det minste ikkje ei sugge du prøver å befrukte. Og clitoris er faen meg lett å finne og stimulere, iallefall den knotten som er på utsida.