fredag 29. november 2013

Skal det vere litt energi?

Å verte sliten er ikkje så uvanleg, vi er ikkje skapt for å stå på heile tida, for å jobbe heile døgnet. Og så er vi jo late i dette landet, vi likar ikkje ubehag og vil sove så lenge som mogleg. Det er berre slik vi er. Dei fleste karrar seg gjennom dagen med ein kaffekopp eller to. Nokre tyr til heile mugger. Dagen er ikkje byrja før kaffen er inntatt. Eg har aldri vore ein av dei, skal ein først starte dagen med sentralstimulerande så er vel, strengt tatt amfetamin meir effektivt enn ein besk svart drikke med ein dæsj mjølk i? Personleg foretrekk eg å starte dagen med appelsinjuice og te.

Ikkje kaffe eller amfetamin. Eg er ikkje ung lenger.

Andre, helst unge menn, som allereie er fulle av energi, og med underlege hobbyar, treng sterkare lut enn kun kaffe. Dei vil ha energidrikker. Dyre sukkerbomber stappfulle av koffein og gudane veit kva, med namn som Urge, Battery, Monster og Red Bull. Samtlege smakar som piss blanda med oppvaskvatn, tilsatt kliss. Gudane veit kven det er som finn på desse tingane, men sterkt hjarte har dei. Ikkje ein gong amfetamin er så kjipt mot kroppen som dette... har eg høyrd, frå unge.

Etikettane på desse energidrikkane er fulle av sterke fargar som skrik energi og potens (sjølv om dei truleg drep potensen din, medmindre du får ein med tilsatt Viagra). Dei skrik action. Handling. Manneting. For du veit... slik er ikkje jenter.

Så difor var det vel naturleg at eg skulle snubla over dette...
Femme Natural Boost, fordi kvinner treng ein eigen energidrikk. For kvinneenergi. Dei feminne energiane, er så klart heilt ulike dei maskuline energiane. Det er difor vi og må ha ulike egg for jenter og gutar. Det seier seg sjølv at jentene må ha sin eigen energidrikk.

Og den må vere rosa. Og mild. Den må strengt tatt ikkje smake noko... for du veit... jenter. Dei er litt... milde. Og svake. Innhaldslause.

Eg er så glad for at eg lev i 2013, og kan sjå at kvinnekampen har komen så langt at kvinner no kan få sine eigne usunne drikker. Tenk kor skandale det hadde blitt om ei kvinne hadde drukke Monster... eller Battery. Heklinga hadde jo tatt heilt av. Og eg vil ikkje ein gong tenkje på kva dei hade strikka i energidrikkrusen.

Nei, takk og lov for feminine energidrikker.

No har endeleg jentene energi til å skrive i dagboka med jentepennen sin.
Værsågod, jenter.

måndag 25. november 2013

Dampserie

Etter ei vellukka Kickstarter-kampanje, har World of Steam lansert den første ferdige episoden i antologiserien. Kvar episode vert tilgjengeleg på YouTube, og som nedlasting i HD for lommerusk. Og det er greit, for det er ikkje akkurat lange episodar. Her er The Clockwork Heart, den første sjarmerande lille episoden.

Og som vi kan sjå er det pent å sjå på, men historia er ikkje original, og den vert litt halt ut av dei mange pene bileta. Skulle likt å sjå manuset.

Oh well... eg er nøgd med berre å få litt pen steampunk å sjå på eg. Det skjer jo ikkje ofte. Og alt er jo betre enn det Wild Wild West.



ALT er betre enn det...

måndag 11. november 2013

Hesteshow

Eg er ikkje, og har aldri vore, så mykje tenåringsjente. Eg har strengt tatt aldri vore ei jente i aldaren 13 og opp til, skal vi seie, 17. Eg er eigentleg meir ei sju år gamal jentunge, om noko, men det er mest fordi My Little Pony er serien for meg. Og deg. Og alle ponniar.

Likevel, trass i at eg ikkje er ei tenåringsjente, altså, så må eg seie at avogtil, så sette eg meg ned og nyt ein og annan hestevideo på nett. Det er jo så flotte dyr, grasiøse og sterke. Nesten som gaseller der dei tripper rundt, om dei er dressert godt nok. Og dressert må ein vel vere samde om, at desse hoppene er.

Dressur er viktig. Ein nyttar ikkje nok tid på dressur og koreografi i desse dagane. Altfor mange hopper slaurer rundt som alkoholforgifta flodhester i gatebiletet vårt. Kvar vert det av sjarmen og ynda til hoppene vi kjenner frå gamle dagar? Glamorøse firbeinte dyr, som lydde kvart eit røsk i taumene. Det er mangelen på dressur som er rota til alt vondt i dag.

søndag 6. oktober 2013

Hjelp til dei som treng det

Hei du! Ja, du, ja!

Eg har noko til deg.

Kva meiner du om at du ikkje vil ta i mot noko frå framande menn med skjegg? Litar du ikkje på meg?

Korleis kan du ikkje lite på meg? Eg ser jo ut som julenissen. Eg må vere julenissen.

Uansett, det eg har til deg, lille ven, er noko du treng. Litt hjelp med å forstå dei vanskelege kjenslene du avogtil vaknar med. Denne underlege kriblinga du har når du har My Little Pony maraton, ser på bilete av Gro Harlem Brundtland... eller, ja... snublar innom bloggen her. Dette er heilt vanleg. Det er ikkje så farleg. Kom ut av garderobeskapet no, legg frå deg det brukte undertøyet du har trøkt opp i naseboret, legg til side stillethelane og det heller klissete eksemplaret av Allers du har knuga i dine hender. Eg har noko til deg, akkurat deg... eg vil du skal sjå på dette.

Ja, no følte du deg litt normal, eller kva?

No var du vel glad for at du tok imot frå framandkaren. Vil du ha godteri?

tysdag 10. september 2013

Demokrati er ikkje lett

Det er ikkje lett å oversjå at det har vore Stortingsval att... og vi har fått eit lite regjeringsskifte. Vi har bytta ut ein gjeng med kjenslevare marionettar, med litt kaldare marionettar. Det er iallefall slik eg har fått det forklart. Eg har som dei fleste veit eit litt anstrengt forhold til heile prosessen, eg venter berre på opprettinga av kalifatet.

Eg vil trass alt verte kalif. Eg lover det vert kjekt.

Nokre ting ved valresultata kan vere vanskeleg å forstå, likeså reaksjonane på det. Om ein skal tru Facebook og Twitter har dommedag komen og gått, og at i morgon vert konsentrasjonsleirene opna, og sigøynerane har allereie blitt slakta ned i gatene av brunskjortene frå FrP. Isåfall var dei jævla diskre, for eg fekk det ikkje med meg.

Den største endringa som vi står overfor (ingenting har endra seg heilt enno) er at vår statsminister, Jens Stoltenberg har erklært at han går av. Han har lidd eit nederlag og mista ein handfull mandatar. Han gjev difor stafettpinna vidare til Erna Solberg, som ved hjelp av pondus og bergensk skremmedialekt sjarm har vunne litt fleire mandatar enn ho hadde vunne før. Stoltenberg sitt parti, som ironisk nok (om ein tar hans CV med i vurderinga) heitar Arbeidarpartiet, er etter valet framleis det største partiet i landet og gjev difor frå seg makta. Jens er simpelthen lei. Det er lenge sidan han har smilt så mykje som når han kasta nøklene til statskassa på JarnErna i går. Det varma eigentleg hjartet.

Dei store taparane i valet var visstnok SV og Venstre. Beggje er litt sånn halvgrøne liberale parti som vil at alle skal ha det bra. SV er leia av ein hardbarka sosialist med pappapermisjon, medan Venstre sjeldan eigentleg har noko leiing å snakke om. SV gjekk fullstendig på trynet etter å ha leika regjering med Jens, og klarte såvidt å halde på eit par seter på Stortinget. Venstre derimot dreit seg skikkeleg ut og vann sju nye seter. Og dei grin, og dei grin, og dei grin. Ja, du høyrer framleis rett... Venstre er lei seg fordi dei har gjort eit godt val. Dette kan ein kun forklare med at den manglande leiinga har funne ut at dei vil støtte opp om ei regjering med Siv Jensen og Framstegspartiet... noko dei har gått til val på at dei helst ikkje ville gjere. Dei føler seg pittelitt dumme no. Piskeslaga du høyrer frå naboleiligheita er mest truleg eit venstremedlem som driv og pisker seg sjølv til blods over ryggen. Og det er berre rett og rimeleg... dei bør gjere lit bot for dette. Idiotar.

For kva har dei gjett oss? Denne vidunderlege framtoninga.

Norsk politikk har ikkje sett makan til fruentimmer, eller makan til feiring. Heimbrenten og champagne flaut godt inn i kvarandre denne kvelden då partiet feira eit knustande nederlag, tap på 11 mandat på Stortinget, og difor ein sjølvsagt plass i regjering med JarnErna.

Og slik fungerar altså demokratiet, kjære vener... det største partiet forlet makta, partiet som vinn sju mandat er kjempelei seg, og partiet som tapte 11 feirar og gryler til langt utover natta.

Eg kan forstå det virker litt forvirrande, men eg vonar dette har vore oppklarande for dykk. Eg tar meg ein drink, ser dykk om fire år. MORNA!

tysdag 3. september 2013

Frisøryrket er det gode liv

Eg har på ny vitja Karmøy, på jakt etter moskear der eg kunne forkynne Ivar Aasen sin glad bodskap. Framleis like lite hell, eg fann eit telt i regnveret, men eg er usikker på om eg var velkomen der.
 Det såg lovande ut på avstand, men så... 

Jajo, han om det. Det er trass alt Karmøy, og dette var vel det eit så klart teikn på det som eg kunne finne. Det hindra meg sjølvsagt ikkje å ta øya nærare i ettersyn, og studere ho frå eit par ulike perspektiv. I denne omgang det økonomiske. Vi kan ikkje leve av å klippe håret til kvarandre, erklærar høgresida når dei skal argumentere for å satse meir på næringslivet. Eg er ikkje ueinig, vi må styrke næringslivet, vi kan ikkje alle jobbe i det offentlege. Sjølv om det avogtil virker som om vi alle gjer det, og lever av å levere offentlege tenester til kvarandre. Biletet er likevel overførbart til privat næringsliv, det er ikkje slik at det offentlege har monopol på underleg sirkellogikk. Ein hårklipper, ein såkalla frisør på fagspråket, er jo trass alt ikkje ein offentleg tilsett. Han, eller ho som det ofte er, er jo trass alt ein aktør i den frie marknaden. Vi har ikkje frisørmonopol eller statlege hårklippesalongar  i dette landet heilt enno. Heller ikkje statlege bordell, ikkje ein gong på Karmøy.

Fun fact: Observasjon tyder på at Kopervik, ein av dei tre byane på øya, strengt tatt er ei fødestove med bystatus. Overalt var det gravide kvinnfolk, eller kvinner med små born. Små born som nytta meg som klatrestativ medan eg satt og skreiv på ein kafè. Visstnok følte ikkje mødrene for å snakke til borna sine når dei herja med framande menn. Greit å vete. Rykta seier at Åkrehamn er verre... men der har vi ikkje våga oss til enno. Kun sett frå bak skotsikre glas på jeepen.

Uansett; om Karmøy skal forståast som eit mikrokosmos av Noreg, som ein stad å teste ut økonomiske teoriar i mindre skala før dei iverksettast på nasjonalt plan kan alt tyde på at vi har funne kjelda til vår rikdom når oljeeventyret er over. Vi kan faktisk leve av å klippe håret til kvarandre. Iallefall om frisørdoningane er noko å lese av. La meg introdusere dykk for ein firmabil frå frisørsalongen Tango, ein av usedvanleg mange frisørsalonger på Karmøy.
Som du ser, så virker det som om det er rimeleg lukrativ business å klippe håret på kvarandre. På ei langstrakt øy som Karmøy så køyrer dei tilogmed heim til kvarndre i jålete sportsbilar for å klippe hår. På andre frisørar, kan eg berre anta. Denne observasjonen trur eg vil revolusjonere norsk økonomisk teori, og gjere det mogleg for oss å satse meir på det private næringsliv i framtida. Eller statlege hårklippesalonger. Eller bordell. Og om bordell, så fleire fødestover med bystatus. I det minste eit gigantisk telt eller to til å føde alle borna i. Og klippe håret deira.

Alt heng saman med alt, skjønner du. Det er samfunnsøkonomi på høgt nivå.

No skal det merkast at sjølv om dei har snasne biler desse frisørane på Karmøy, så er det ikkje garantert at dei klarar å lese elementær vegskilting.

At bilen stod parkert på andre sida av gata for ein køyreskole var ikkje særleg tryggjande heller når eg tenkjer meg om. Det kan og hende det er elementære leseevner ein slit med på Karmøy, men dette må undersøkjast nærare i framtida. Det kan hende det er ein korrelasjon mellom hårklipping, skiltlesing og å stave seg gjennom enkle instruksjonar som... IKKJE PARKER HER DIN FJOTT.

Tida vil vise. Og det var reisebrevet for denne gongen.

fredag 30. august 2013

Ny rekord i jubileumsmånad!

Greit... dette er ille. Ny rekord er det og trur eg. Eg har ikkje blogga på ein månad, og eg føler for å starte med å seie... Hei bloggen! For det er jo ikkje kva som helst månad vi har gått glipp av... det er jo jubileumsmånaden for mine første blogginnlegg. Det aller første blogginnlegget, då bloggen låg på ein litt annan server, la eg ut torsdag 31. juli 2003, og så følgde eg opp med jamt og trutt blogging etter det. Eg reknar difor august for å vere jubileumsmånaden. Ti år med blogging. Det første innlegget kan du difor lese i boka som feirar dei siste ti åra med blogging; Gi meg en scene! - Norsk blogghistorie. Ti år med med traumer, terror og dagens outfit. Og er det noko som oppsummerar livet i moskeen meir enn det, så veit eg ikkje kva det er. Dette veit de alt om kjære lesarar, for de har jo kjøpt og lest boka allereie, har de ikkje?

Bloggen har vore med meg i tjukt og tynt i ti år, jobbar som har komt og gått, kvinnfolk og andre tragedier... bloggen har vore der. Og det er difor litt trist å vete at bloggen vert så stemoderleg handsama når arbeidet kaller på andre fronter, anten det no er kontoret, undervising og førelesingar, artikkelskriving eller, som i den siste tida, bokskriving. Ja, for vi sitt og febrilsk prøver å hamre ut eit nytt bokmanus som vi skal kaste etter dykk.

Det tyder ikkje at bloggen vert gløymd! Eg har framleis ambisjonar om å skrive meir... eg skal skrive meir! For ti år med skriving er det ikkje lett å ta farvel med... så eg feirer like så godt jubileumsåret med å dra ein rekord. Ein heil jævla månad utan blogging... og det trass i glimrande idear til ting eg kunne ha skrive om den siste tida. Som til dømes dette:
Merk det patriotiske flagget til høgre i biletet.

Eller dette:
Og dette:
Evt. dette:
Eller dette, for den saks skuld:
For ikkje å snakke om at det valår i år, og the usual gang of idiots prøver å overtyde oss om at dei ikkje har tenkt å ignorere alle sine løfter med ein gong dei får sjansen. Av ein eller annan grunn så har vi tenkt å la dei sleppe unna med ramponeringa av landet nok ein gong. Demokratiet veit du.

Så det står ikkje på idear... det står på tid og overskot, men eg lover... det kjem. For ti år med skriving. Det er det tøft å slutte med. Kanskje eg tilogmed skriv noko i morgon? Kven veit?

søndag 28. juli 2013

Kvinnelege førebilete, du kan ha dei

Ein gong for mange år sidan var eg i ein krangel med homse frå Arbeidarpartiet. Han meinte det burde vore oppretta eit eiga underforum på det forumet vi krangla på, eit underforum kun for homofile og lesbiske. Kvifor det? undra eg meg. Fordi homser og lesber treng positive førebilete meir enn andre. Åja, svarte eg, det er der Homsepatruljen kjem inn?

Han vart sur. Kalla meg ein metrofil og blabla.

Men ein ting skal han ha rett i, dei treng førebilete. Og akkurat det miljøet har verkeleg vore uheldig med utvalet der, men det er ei anna soge. Ei anna gruppe som stort sett får mehe og knehøner som førebilete er kvinner. Kvinner, og unge jenter, vert bedt om å sjå opp til underdanige jåledukker med like mykje substans som ein MacDonaldsburger... litt same type substans faktisk. Og er dei sterke kvinner med bein i nasa, så er dei det fordi dei har kledd av seg, og vist fram pupper og det som fuktigare er i ein musikkvideo eller på framsida av eit eller anna "moteblad".

Kvinners førebilete har ein funksjon, og det er å bryte ned kvinnas sjølvtillit. Gjere henne misnøgd med sin eigen u-retusjerte kropp, og få henne til å undertrykke alle sine talent og intellektuelle evner. Slikt vil jo ikkje samfunnet ha av dei. Bodskapen er klar.

Det er nesten som om mullaen vert feminist, og gjev stemmerett til haremet sitt. Nesten. Berre nesten.

Men det finnes unntak, det finnes gode unntak, som desse jentene som er heltane nerdejenter kan forsyne seg av:
Og det er jo berre eit knippe av dei kvinnelege førebileta jenter som ser på science ficion og fantasy-TV-seriar har å velge mellom. Og einaste grunnen til at Xena manglar herifrå er sjølvsagt fordi at ho er så schwær at ho dekker heile bloggen om eg skulle ta henne med.

Om du ikkje vil sjå på TV, så kan du finne deg ein annan hobby og samstundes gjere mullaen til ein lukkeleg mann. Du kan byrje i spritbransja slik som desse fantastiske kvinnene. Fire utvalte kvinner som lagar fantastiske variantar av rom og anna kos som mullaen vil ha. Følg deira døme, bli noko, skap noko, og gje meg i dag min daglege sufijuice.

Og skal du absolutt synge, slik som desse popdivaene gjer, så syng, syng med den stemma du har, syng med den kroppen du har. La talentet ditt bere deg fram, la din sjarm og karisma vere det som gjev deg merksemd ikkje berre det at du er like fabulous som Divine.

Eit betre kvinneleg førebilete enn Divine har aldri blitt fødd! Her snakkar vi kvinne med ballar og tæl!

Jenter bli som henne.

søndag 21. juli 2013

Ny Kitty-pute!

Det er ikkje meininga å oversjå deg, kjære blogglesar. Eg har faktisk skrive fleire sider om dagen sidan sist, dei har berre ikkje vore for nett... men det kjem, det kjem! I mellomtida kan eg med stod glede melde at eg har to puter no! Eg trudde mitt livs høgdepunkt vart nådd med mi nye dagbokpute, men pinadø skulle vi opp eit par hakk med ei heimelaga pute!
Mullaen har altså fyllt år, og har fått heimelag Hello Kitty-pute, og den er skikkeleg god å ta på. Og så er den lilla! Og vi likar lilla!
Nemnte eg at den var skikkeleg god å ta på? Omnomnom!

torsdag 4. juli 2013

Kjære dagbok

For eg har det tenk. Ei kjære dagbok. Som mulla har eg mange djupe tankar, så private fatwaer som gjeld berre meg og mitt liv. Om ting eg har sett og smakt på. Ting eg har følt og forelska meg i. Ting som foregår langt inni meg, og som eg deler kunn med meg sjølv, og Gud når han snik til seg nøkkelen og les i den.

Og så straffar meg om tankane er ureine.

Noko dei sjeldan er. Eg lovar. Eg har ikkje ureine tankar. Det veit den smågale somalieren, så når ho kom for å bu i moskeen hadde ho med seg den perfekte gåve. Ho hadde med ei ny dagbok til meg. Men ikkje ein kva som helst simpel dagbok.

Eg fekk verdas beste dagbok. Ei putedagbok!
 Seriøst!

Den har alt! Berre sjå her!
Det er ei pute, med innebygd høgtalar til MP3 spelar, slik at eg kan høyre på musikk medan eg held rundt den og vugger fram og attende og messer vekselsvis på Allah og Cthulhu!
Den har låååås! Slik at eg kan halde uvedkommande ute frå mine innerste løyndomar, som eg då sjølvsagt gøymer INNI puta!
Og så har den kalender! Slik at eg kan skrive ned alle mine viktige møter og bønnetider!
Og mange andre fine sider der eg kan skrive ned at eg likar kake og vil reise til Paris og Mecca og slikt!
Og min fantasiar... mine fantasiar... i min draumar kan eg fly som ein sommarfugl!

Og så tåler desse sidene vask! Høyrer du! Eg kan vaske dei! Eg kan vaske vekk tårer, urin og vin!
Og så følgjer det med penner, og ei dagbok så klart... godt gøymd inne i puta.

Sjå kor fin ho er!
Å kjære dagbok! Du er vakrast i verda, la meg halde rundt deg, la meg kose på deg, la meg fortelje deg alle mine løyndomar...

Kjære dagbok, i dag vart eg veldig glad for ei gåve...

onsdag 3. juli 2013

Sett under barnedåp

Ein månad sidan førre innlegg, det er ein skam. Eg veit. Eg må skjerpe meg.

Kva om eg deler dette videoklippet frå ein katolsk barnedåp?

Katolikkane er gode på tilgjeving, så eg vonar de kan tilgje meg no.

[Oppdatering: Men Youtube var litt hårfine, og likte ikkje at vi satt og såg på video av ein mann i prestekjole som såg ut til å nappe lauken under ein dåpsseremoni. Lurar på kvifor. Det er jo heilt openbart sensur dette... det er ein menneskerett å sjå på vaksne menn masturbere med handa under vide kjoler. Det er det. Tenk. Berre spør Marquis deSade.]

måndag 3. juni 2013

Blodige noir kyss

Vampyr.

Vampyr.

Vaaaampyyyyr.

Gud betre, er det nokon som faktisk bryr seg om vampyrar? Naboen min vampyr, lissom! Eg trudde vi forlot alt dette under førre gothbølgja. Og jada, det heng ei blondeskjorte i skapet mitt, og eg har framleis ein 1800-tals ridefrakk med raudt for eg tar på meg når eg skal henge i mørke bakgater for å framprovosere litt buksetissing og slikt hjå vilt framande jenter midt på natta (heilt normal atferd, hald kjeft!) Men vi vert liksom aldri kvitt desse vampyrane, og det trur eg nok Dodologen hadde sagt seg einig i, om det var mogleg å finne ut kva blogg han haldt hus i no om dagen. Det er ein evig straum av friske, fæle og akk så tragisk hippe vampyrar, frå dei overkåte hormonelle pornovampyrane i True Blood til dei overkåte og hormonelle tenåringsvampyrane i Twilight. Treng vi verkeleg meir? Tyyyyydlegvis, for det tar jo aldri slutt.

Men tom for idear må vi jo gå ein eller annan dag, og kva gjer vi når vi går tom for idear? Utanom å lage ein religiøs musikal?
Så greit... okay... den var kul, den er faktisk ein av mine favorittfilmar, men likevel. Sjangarblanding... det er vegen å gå, og visse sjangrar fiksar dei fleste problem. Så om vampyrmusikal er gjort, så er nok det neste ein film noir. For noir fungerar for alt, hey, det gjorde tilogmed eit Discworldspel morosamt;
Okay... no kjem Pratchettfansen etter meg, og det trass av at eg sa eg likte noko Discworld, relatert. Jaaaja.

Og det er ein haug med andre eksempler eg tenkte på eit par dagar sidan då eg planla å skrive dette, men eg har gløymd alt det... kva i helvete var det eg gjorde i helga? Ingen veit... alt eg veit er at eg fullstendig i ørska. Og eg har to hol på halsen.

Eg har hatt mang ein rar natt etter eg byrja å blogge, men eg har aldri vakna opp død før...

Men okay, kvar var eg? Jo! Vampyrar. Og film noir.

Det måtte skje! Og du skal få gleda av å hjelpe til! Vi snakkar om eit filmprosjekt av Michael Reaves - Bloodkiss, som vert finansiert via Kickstarter.
Har du sett videoen over, så treng du neppe meg til å fortelje deg kva prosjeket handlar om... men så er du kanskje ein fjott, og har latt vere. Så la meg oppsummere; Michael Reaves har Parkinson, men det er ikkje viktig. For han skriv, og han skriv mykje kult. Du har sett det. No har han skrive eit manus, og han vil lage film. Ein film noir, med vampyrar (Så mykje har du forstått til no, har du ikkje?) Med seg har han fått Neil Gaiman, mest kjend for å skrive ting som svartkledde likar og å ha jamleg sex med Amanda Palmer, samt Amber Benson som var søt lesbeheks i Buffy, og så fleire då. 

Dette kan faktisk verte kult. Om ikkje så får vi det i det minste oversått og vi får ein vampyr noir på plass og alle kan verte nøgde.

Og så er dei så beskjedne, alt dei ber om er 50 000, og det har dei fått til allereie. Alt anna går berre til å gjere filmen betre.

Ver så snill... kan ikkje du gjere filmen betre? Stikk innom Kickstartersida no.

(Ja, eg innrømmer det... dei ba meg skrive om prosjektet, og eg er svak for smiger)

onsdag 29. mai 2013

Bloggdød og pine

Bloggen er død.

Det er dei som hevder det iallefall, og enno fleire som har lyst til å prate om det. Ikkje denne bloggen sjølvsagt. Den er i live. Om enn på respirator i ny og ne. Nei, dei tenkjer generelt. Bloggar som dette. Som anten ligg nede for telling, eller ligg og sparkar og vrir seg som ein frådande spastiker - som denne bloggen, altså.

Men det var altså denne boka som kom ut tidlegare i år, og som er tilgjengeleg både som papirbok og ebok, som har fått folk til å ville prate om bloggens tilstand. Dei vil ta pulsen på Bloggnoreg og erklære landet død eller levande, i det minste gje ein førebels diagnose på pasienten. Kva i all verda er det som skjer?

Svaret er jo at det er utvikling som skjer. Endring på godt og vondt. Om det fører til at bloggen i ein eller anna form døyr ut... kanskje?

La oss drøfte dette meir. På Manøver i Bergen førstkomande torsdag hiv vi oss nok ein gong inn i eit panel for å prate om dette. Denne gongem med Lektor Melby som ordstyrar.

Det er gratis, og byrjar klokka 19.00 på Chagall. Bli med?

tysdag 28. mai 2013

Ein gladfilm

Denne kortfilmen gjorde meg eigentleg frykteleg glad, så eg måtte dele den med dykk alle saman.


Hovudet mitt er fullt av innlegg som skal skal skrivast, og dei kjem... må berre få den derre tida til det.

Ha ein elles fin kveld, jenter.

søndag 19. mai 2013

Doffen, han Doffen...

Doffen gets around, det er jo kjend. Han er faktisk langt betre spreidd rundt i verda no, enn han var under sin berømmelege Europaturnè i 1939-1945. Tidlegare har jo eg omtala det fabelaktige boybandet Slur frå Thailand som sørga for å halde Doffen i live der;


Diverre har dei no redigert sin fine video til å innhalde nokre tallause forsikringar om at dei ikkje vil støte nokon. Kven vert vel støtt av søtt?

Det er strengt tatt ei bølge av slike godsaker i Orienten for tida, og eg var jo innom Radioselskapet i november ifjor for å prate om det. På det tidspunktet hadde eg ikkje hatt gleden av å verte presenterte for desse kjekke mongo...larane (ser du, eg kan vere korrekt!)

Ingen skal påstå at musikken er monton iallefall. Den er faktisk ganske allsidig og sprek. Kreativ bruk av sjangarblanding og samples.

Eg måtte innom Radioselskapet og følgje opp det siste nye i Doffen-trender her for eit par veker sidan. Kvifor er Doffen ein komisk suksess? Du kan høyre om det i dette opptaket. Når vi snakkar om dette får det meg alltid til å tenkje på to ting Mel Brooks og Alfons Hatler. Mel Brooks er kanskje den Doffen-fortolkaren som verkeleg har erobra våre hjarter, med slagarar som All I want is peace og Springtime for Hitler. La oss kikke litt på sistnemnte, der Brooks sjølv ikkje speler Doffen:

Vert du ikkje litt rørt? Det er skikkeleg sommarkjensle ute no, sola skinn og eg får lyst til å dra på meg Lederhosen og gå ut og marsjere litt i hagen. Akk, men her sitt eg og jobbar. Mel Brooks har prøvd seg på rapping og, berre så det er sagt.

Alfons Hatler har vi vore innom ein gong for lenge sidan, og vi har aldri fått følgd han opp. Den gongen posta vi denne motiverande låta.

Men vi kunne like så godt ha dratt det i retning av disco.


Eg vrikker på stumpen her eg sitt. Det er jo inga tvil om at Doffen er ein popkulturell suksess, er det? Han er på alles lepper, tv-skjermer og t-skjorter. Eg berre lurar på kven som får royalties...

onsdag 8. mai 2013

Negre og små kvite jenter

Musikk. Musikk er ein av mange magiske uttrykksformer vi menneske har for å snakke om det som angår oss, det som er aktuelt og viktig. Musikk, før det hamnar i hendene på kyniske plateprodusentar og talentlause mehe handlar om noko, noko meir enn pengar, rumper og whatnot.

Musikk kan faktisk vere dagsaktuell og generelt i ein og same vending. Musikk kan gripe tak i noko som skjer her og no, og samstundes nytte det til å seie noko på eit generelt nivå. Til dømes om raseforhold. Om negre og små kvite jenter. Dette som all aktuell, politisk kunst. Som alle folkelege uttrykk som er levedyktige.

Kvifor sitt eg og surrar om dette? Fordi denne er genial.


Den er faktisk meir genial enn originalen!

Naboen min har store testiklar, yeah!

Eigentleg ikkje, for ho er ei lita orientalsk jente.

Eg likar å kalle det folkemusikk.

fredag 3. mai 2013

Få dei ut! Og lås døra etter dei!

Våre vener i Framstegspartiet er i vinden att, eller skal vi seie i lufta, etter at nok ein av deira lause kanonar har opna ild i lause lufta. Vi tar oss sjølv stadig å lure på om ein einaste kanon på den skuta der er bunden fast, men det får no så vere. Denne gongen er det Per Sandberg som har komen med eit verkeleg gullkorn om sigøynerar, for sidan dei er ein "straum av kriminalitet og tigging" bør dei stoggast ved grensa. Problemet med dette er sjølvsagt at det er etnisk diskriminering, eller rasisme som nokon vil kalle det.

Det er dei som trekk linjene til den klassiske jødeparagrafen som nekta jødar (og desse hersens jesuittane) adgang til kongedømet Noreg. Og det er jo ein heilt kurant samanlikning, for all del. Andre har hevda at det er rein fascisme, og det er jo sludder, for i motsetnad til Per Sandberg så er ikkje fascismen i sin essens rasistisk. Det er nok meir redeleg å anklage Sandberg for å vere rasist.

Heldigvis er Framstegspartiet godt trent i å handtere lause kanonar, då det går av ein i veka. Minst. Noko som fordrar spørsmålet; seier ein tilitsvalt i Framstegspartiet noko dumt, og det er ingen journalistar i nærleiken til å få det med seg, har då ein tilitsvalt i Framstegspartiet sagt noko dumt? Dette har haldt meg vaken i natt, for å seie det slik. Zen, bitches.

Etter ein snøgg omrokkering har dei no fått endra ordlyden til noko som dei politiske korrekte brunskjortene der ute lettar kan akseptere. Dei er jo så smålege og hårsåre desse antirasistane, så no foreslår FrP følgjande:
"Politiet kan med hjemmel i Politilovens paragraf 7 stanse grupper med organiserte romfolk, bulgarere eller franskmenn på landegrensen fordi man av erfaring vet at disse menneskene bryter den alminnelige ro og orden og samtidig er det bevist at mange bedriver kriminalitet."
Og det er vanskeleg å seie noko på, for kva i helvete har franskmenn bidratt med anna enn bråk? Dei er eit underlegent folkeslag, som ikkje gjer anna enn å snakke uforståeleg eksistensialistisk piss og drikk vinen vår. Og så tar dei kvinnfolka våre. Kva bulgararane har gjort er eg usikker på, men eg forstår ikkje dei heller noko særleg, og dei virker jo litt kriminelle. Dei ser kriminelle ut iallefall. Det viktigaste er at franskmenn, som gjerne er jesuittar og anna papistpakk (hugs det!) haldast ute av kongedømet Noreg.

Få dei ut! Og lås døra etter dei!

torsdag 2. mai 2013

Uheldig namneval

The Courier Company, 1890
Eg lurar ofte på kva som foregår når bedrifter skal finne namn, anten på heile organisasjonen eller avdelingar. Alt tyder på at det er klassisk komitearbeid, der forslaget som til slutt vert stemt inn, vert stemt inn når alle er gode og slitne klokka tre om natta og all form for kritisk sans har blitt fullstendig brudt ned. Og det er ikkje måte på kor langt dette kan brytast ned. Vi har alle sett det. Det er jo ein grunn til at vi alle satt og haldt pusten her i landet då Statoil og Hydro slo seg saman... herregud så gale det kunne gå. Heldigvis greip fagforeiningane inn mot nattlege komitemøter, og det verste som kom ut av denne perioden var ein lettare homofil rosa Statoil-logo.

Og Noreg kunne puste letta ut.

Nyleg kunne glupingane i Oslo bruke ei lita formue på å finne ut at trikken skulle heite Sporveier att. Gratulerar.

Men det har jo vore verre tilfeller oppgjennom åra. Slik eg snubla over no nyleg. I 2009 investerte den russiske energigiganten (ein av Statoil sine rivalar om du følgjer med i timen) heftig i Nigeria. Det vart oppretta eit eiga nigeriansk underbruk av Gazprom. Og kva skulle bornet heite? Nigaz.

All kritisk sans brudt ned, knust mot bakken og strødd som sand, ørkensand i ein sandstorm.

Det er vakkert.

torsdag 25. april 2013

Falken flyr! Endeleg!

Kampen mot kommunismen, for mange er den minst like viktig som kampen mot bompenger og Pandamonium. Særleg for fascistar og tillitsvalte i FrP er denne kampen frykteleg aktuell til ein kvar tid. Ikkje at det er ein samanheng her då, trass kva sinnsforvirra svensker likar å påstå. Ein stad der slikt har vore eit brennheitt tema er Portugal, dette lille siviliserte landet ved sida av Spania. Ja, dei var jo eit lite fascistisk paradis, og dette har avfødd ein del reelle og ein del fiktive historiske fenomen. Som Kaptein Falk, eller Capitão Falcão som karen heiter på originalspråket. Her i moskeen vart vi obs på denne antikommunstiske facsithelten då ein trailer for ein TV-serie som dokumenterte hans eventyr dukka opp i 2011.

Men meir skjedde det ikkje. Trass iherdig oppmoding frå underteikna mulla på mail, kom liksom produksjonen på denne dokumentarserien aldri nokon veg. Alt kunne tyde på at vi var dømd til å leve i mørkre og uvisse.

Til no, i dag kunne faktisk våre portugisiske kameratar openberre for Facebook at produksjonen endeleg var i gang. Ikkje på ein serie, men på ein 90-minutt lang film. Falken flyr! Endeleg!

Eia! Eia! Alala!

Eg vonar han tar for seg Pandamonium i tillegg til kommunistar. Kommunismen er jo litt passè.

tysdag 23. april 2013

Baconkampf?

Det skal ikkje vere lett å forstå seg på nettkultur, verkeleg ikkje. Og når ein drikk på jobb, så er det frykteleg lett å blande kort. A skjer, B skjer, difor må det vere ei samanheng, eller kva? For å gje eit lite døme; på nettet er det mykje pornografi, frykteleg mykje pornografi, saftig vulgær sex festa til film og bilete til stor forlysting for alle og ein kvar. Eit anna fenomen eg har notert meg er at kollektivtransport berre vert dyrare og dyrare. Dette kan tyde på at folk tener så mykje pengar på å produsere porno at dei har råd til meir buss, alternativt at folk er heime og ser på porno og difor ikkje tar bussen, og difor går prisane opp for dei som faktisk er att. Færre om byrda liksom.

Du ser ikkje samanhengen?

Vel då veit du korleis eg hadde det, då sjølvutnemnt kritiker til leike Aksel Kielland slo eit slag for internettkulturen og ville demonstrere at han hadde oppdaga eit feneomen som kalles meme, og i den samanhengen argumenterte for at å like bacon er å delta i ein kulturkamp mot islam.

Atteva?

For det første... HÆ?!

Om bacon er ein del av ein kulturkamp, så er det kampen mot helsekostekspertar og folk som vil ta frå deg alt som er godt i livet.

For det andre... bacon er ei FRUKT! Kor vanskeleg kan dette vere å forstå?

For min del kokte denne kronikken ned til noko slikt som dette:


Og då har du vandra langt ut i bushen. Lett for, når ein er lettare forvirra og full på jobb.


Etter å ha lest Kielland sin tekst ein del gonger er vi framleis uvisse om han er i mot islam eller bacon, men ein ting er visst, at her i moskeen vil vi gjerne ha båe to. Sprøsteikt, deilig islam og egg. Mmmmmmm. Og saftig vulgær porno sjølvsagt. Og billigare kollektivtransport.

Det heng sikkert saman.

måndag 8. april 2013

Kamprapport: Karmøy

Mullaen er alltid nyfiken på framande kulturar, og kor langt dei har komen i retning av sivilisasjonen. Denne gongen gjekk turen til Karmøy, nærare sagt til Skudenes som med sine i overkant av 3000 innbyggjarar sjølvsagt har bystatus. Sjølve Somarbyen har TV2 erklært denne rustiske staden. Mtt mål for turen? Å finne ein lokal moské slik at eg kunne få unnagjort ein bøn eller to.
Det skulle vise seg å vere lettare å sagt enn gjort. Trass i at Karmøy og Skudenes ligg kun eit steinkast frå Araberbyen Haugesund. Ein skulle jo eigentleg tru at det var som fot i hose, og at ein eller annan oljesjeik hadde spytta i eit par kroner for å reiste ein minaret eller to, eller i det minste ei TV-stove med nokre bønneteppe slengt rundt.

Det manglar jo ikkje på gudsfrykt blant dei innfødde. Så snart eg var over brua til Karmøy vart eg presentert for eit bedehus, og så enno eitt, og så enno eitt. Etter fire av desse kunne sjåføren min melde at området vi skulle inn i, var verkeleg religiøse. Der var det eigentleg berre eit par bustadhus klemt innimellom bedehusa.

Og det er jo ikkje som om dei er tomme skall. Ved minst eitt høve såg eg den unge lokalbefolkinga myldre rundt inngangen til eit av desse bedehusa. Dei straumde til som laks opp elva for å gyte. Og det var jo noko fiskeaktig over dei. Det lille eg fekk sett av dei, iallefall. Var ikkje så lett å studere andletet deira, dei hadde mørke kapper med hetter, og andleta vart berre lyst opp av faklane dei bar med seg.

Poenget er altså at det var haugevis av bedehus der. Det var så mange bedehus der at eg ikkje kunne kaste stein, utan å knuse eit vindauge på eit av desse husa og få ein bøling med sinte fiskemenneske med faklar etter meg. Og slikt må ein jo syne omsyn for.

Haugevis av bedehus, men ingen moské. I was looking for Mosque in all the wrong places. The wrong places er her altså Karmøy.

Men for all del, det var ein koseleg stad dette, med klassisk pre-urban bebygging. Smale gater, fine trehus og trivelege menneske som stirra framandkaren i senk.
Og Johannes, den geriatriske kafeeigaren kunne servere nydelege vaflar med skjelvande hand.
Og det i verkeleg viktorianske omgjevnadar. Seriøst, det var meir dill og dall der enn i moskeen min!

Skudenes har òg ein sjølvbetjeningsbokhandel som er verdt å få med seg.
Og sist, men ikkje minst, så har dei ein nesten ekte månestein som er fleire milliardar år gamal. Eldre enn sjølve skaparverket ifølgje nokre lokale kommentatorar.

Så det var jo verdt turen, sjølv om eg ikkje fann nokon stad å be. Riktig så triveleg var det. Sjølv om eg føler at lokalbefolkinga i Skudenes fekk eit litt feilaktig inntrykk av meg.
Altså... eg skulle jo berre ta ein liten dukkert, og så sovna eg... eg vil hevde at dette var å overdrive litt.
Men er det slik det skal vere... så reiste eg like så godt heim. Dei er gærne desse Skudenesbuane.

torsdag 4. april 2013

Fest for ei bok! (Bergen-edition)

Såeh... det har gått nesten ein månad sidan Gi meg en scene! Norsk blogghistorie - ti år med terror, traumer og dagens outfit såg dagens lys, og Oslo var åstaden for ein liten fest. Men som dei vestlandspatriotane vi er her i moskeen insisterar vi på at boka er verkeleg ikkje utgjeven før vi har hatt ei lanseringsfest i Bergen òg. Vestlandets hovudstad er det som verkeleg tel, og det er Litteraturhuset som vert vertskapen i dag når vi sparkar i gang.

I panelet er han derre Bjørkelo, i lag med vakre menneske som Kristine Tofte, Elisabeth IC og Hjorthen, og Den Unge Herr Holm skal styre showet. Forhåpentlegvis vil han teikne litt, medan desse andre kan signere, preike og blotte seg for publikum. Og ja, publikum, det er deg det.

For det er jo noko med blogging, det forlangar jo ei scene av eit slag. I dag skal det pratast i det vide og det brede om kven desse bloggarane er, på nett og i røynda, og om det er ein samanheng. Er mullaen den same i sin online moske, som han er på gata? Den som kjem på litteraturhuset ikveld får svaret.

Vi gler oss. Ta med pengar til bok. For vi må liksom selge noko av den og for å rettferdiggjere galskapen. Og med galskap meiner eg sprudlevin.
Vel møtt, folkens!

tysdag 19. mars 2013

Sanninga om "slaget" ved Yavin

Jada, jada, vi har jo høyrd den offisielle soga. Om korleis opprørarane skal ha øydelagd den såkalla dødsstjerna. Det finnes så mykje som er så grundig feil med den soga. Kvifor så stor forskjell på forklaringane om kva romstasjonen var? Var den eit våpen, eller var det ein mobil gruvelaser? Opprørarane er iallefall ikkje til å stole på, men den offisielle soga er ikkje meir truverdig den heller. Noko som kjem klart fram i denne dokumentaren.


Nemleg, ja! Det var eigentleg det eg mistenkte! KONSPIRASJON!

Via io9.

måndag 18. mars 2013

Ondskapens hotell

Har du sett The Shining? På norsk kjend som Ondskapens hotell?

Kubrick si klassiske filmatisering av Stephen King sin roman er rekna som ein av skrekkfilmhistorias perler. Historia om eit hotell som har ei så mørk og grusom historie at det driv dei besøkande til vanvidd. Sånn kort fortald iallefall. Sjå den.

Det heile minner meg om eit hotell på veskysten av amerika, i California.

"Last thing I remember, I was 
Running for the door 
I had to find the passage back 
To the place I was before 
"Relax, " said the night man, 
"We are programmed to receive. 
You can check-out any time you like, 
But you can never leave! "

Det heile minner meg òg om eit hotell som har opna i Kina. Handuou Panda Hotel. Ja, du høyrde rett. Eit jævla pandahotell midt i kommunistkina. Og denne gongen er det ikkje eit hotell for pandabjørnar, men eit der menneske skal indoktrinerast, og lære seg å vere omringa av dei svartkvite jævlane som våker over dei. Ikkje berre er hotellet full av tøybamsar, men betjeninga - eller skal vi heller seie vaktane!? - er sjølv kledd ut som pandabjørnar.
Foto: Reuters
Foto Reuters
Det er jo openbart kva som foregår her. I dag eit hotell, i morgon ein fangeleir, ein arbeidsleir! Vi skal verte vant til å vere omringa av dei til alle døgnets tider. Under konstant vakthald. Det heile er openbert! Har du aldri tenkt kor lett det er å omdanne eit hotell til eit fengsel? Hææææ?

No fekk du noko å tenkje på, ja. Forbanna skandale er det!

På tide å planlege ein aksjon. Ei bambusforma bombe eller noko... knus fengslet, før det vert bygd!

tysdag 12. mars 2013

Få ein latsabb ut av sofaen

Om du er som mullaen så har du opplev at den norske verdsveven er beleira av folk med den heller difuse diagnosen ME. Dei har så mykje smerter, og så lite energi. Dei orker ikkje å jobbe, dei orker ikkje å lage mat, dei orker knapt å slepe rumpa si mellom sofaen og senga. Det vert hevda at alt dei orker er å sitte dagen lang på Twitter og Facebook og jamre over kor lite dei orker, og skrive eviglange blogginnlegg om alt dei ikkje får gjort. Men dette stemmer ikkje, for dei masar jo faen meg om alt anna, heile jævla dagen. Politikk! Kunst! Litteratur! Miiiiljøøøø, neglelakk og dyrevern! Og verst av alt interiør og cupcakes! For svarte svingande! EG VERT GAL! Hysj folkens, eg prøver å jobbe!

Dette er eit samfunnsproblem, for vi må faktisk lide oss gjennom all den teksten dei produserar. Lediggang er rota til alt vondt seier dei, og det er snickers og twist. ME er rota til alt vondt.

Så då vart eg glad då Maria Gjerpe, frå Marias Metode, meldte meg om eit nytt prosjekt ho har stabla på beina for å finansiere vidare forsking på ME på Haukeland sjukehus. Eg overlet til henne til å fortelje om detaljane sjølv. Ho er ein av få som har vore heldige å få testa Rituximab. Ein medisin som ser ut til å hjelpe mange med ME-diagnosen. Vore tapre myndigheiter derimot frykter konsekvensane av å sparke latsabbane ut av sofaen sin, og har ikkje ville finansiert eit vidare studie med dei naudsynte 7 millionane. Småpengar i det store og det heile. Det tyder at det er kampanjetid, og at tafatte opposisjonspolitikarar kan late som om dei bryr seg meir no enn når dei sitt og stemmer over statsbudsjettet.

Heldigvis er denne kampanja ikkje avhengig av det ME-ramma Stortinget, kampanje vil at du, og meg, skal bidra. Via ei Crowdfundingside kan du bidra til å gjere prosjektet til ein realitet. 7 millionar treng dei, for å teste ut Rituximab (prøv å sei det kjapt ti gonger etter kvarandre!) på 140 latsabbar. Hittil har dei samla inn nok pengar til fem sytalause drog. Det er ei god byrjing. Men det er kun ei byrjing - på 90 dagar er målet å få ein haug av desse snyltarane ut i aktivitet att. Ikkje fordi at vi treng meir arbeidskraft i dette landet, men fordi min Twitterfeed drukner i deira engasjement.

Om vi berre klarar å tynne ut rekkjene på Facebook og Twitter med ein liten brøkdel, så har vi gjort eit stort framsteg.

Så ikkje ver feig, bidra! Gjer det for latsabbane, gjer det for mullaen, gjer det for NASJONEN!

måndag 11. mars 2013

Injurierande frå bloggebokforfattar

Eg har aldri høyrd på makan til tullball!

Denne Bjørkelo spring rundt og masar om denne boka vi har satt saman, og det finnes ikkje det mediet han ikkje stikk trynet sitt fram i. Frekkhetens nådegåve har han tydlegvis. Og verre vart det då han vitja våre vener på Radioselskapet i dag. Der kom med heller smaklause påstandar om mullaen, ikkje berre prøvde han på schizophrent vis å hevde at han var meg, men ymta frampå at eg på eit eller anna vis hersa rundt med han.

EG?! Som er slik ein mild mulla?! Faen heller!

Eg må ta eit alvorsord med han.

Dei injurierande opptaka kan du laste ned her, berre hopp fram om lag tredve minutt. Det verste er at svinpelsen skal vere med i programmet og slenge drit om andre bloggarar fram til torsdag.

Eg er mållaus! Simpelthen mållaus! For ein drittsekk!

tysdag 5. mars 2013

Fest for ei bok! (Oslo-edition)

Du har kanskje fått det med deg? Eller kanskje ikkje? Men skrivealvane til mullaen har satt saman ei bok om norsk blogging. Det siste året har dei vore opptatt med å samle inn gode historier og tekstar frå kjende tryner i Bloggnoreg. Folk som burde vere kjend for dei som har følgd andre bloggar ann dette meinigheitstidsskriftet dei siste ti åra.

I Gi meg en scene gjer vi eit første forsøk på å dokumentere dei første ti åra med norsk blogging. Eg legg ikkje skjul på at det er langt meir å fortelje, fleire detaljar som må avdukast, og fleire stemmer som burde sleppe til, men ein stad må ein jo byrje, og nokon må jo byrje. Så eg vonar sjølvsagt at de alle vil kaste dykk over boka og verte opplyst.

Om enn berre for å vete eit par løyndomar om mullaen. Ja, du høyrde meg... i denne boka kjem du bak maska på den gule konge, vår tids profet. Meg. Korleis kan du la vere å bestille boka med ein gong?

Den einaste orsakinga for å la vere er fordi du vil kjøpe den på ein av festane eg planlegg å tromme saman. Fordi det er kjekkare å kjøpe bøker når ein drikk Cava, så klart. Og fordi ein vil høyre mullaen & co bable. I førstkomande veke slår vi til på Litteraturhuset i Oslo. og alle medlemmer av meinigheita på austlandet bør stille opp, tørste og kjøpeklare og høyre oss erklære bloggen for død!

Det er jo ein viss sjanse for at det vert babla om boka her og der framover, så om det ikkje dukkar opp her på moskeens nettside, så hamnar det vel på redaktørens facebookside, så følg den.

Og nemnte eg ta de skal kjøpe boka? Ja, eg trur det. Hugs det.

tysdag 26. februar 2013

Nysingle

Ja, alle har vel fått det med seg. Det er slutt. Det er over. Eg er no offisielt single. Nysingle faktisk.

Kva? Joda, eg var ungkar frå før av, men no er det altså slutt mellom meg og Tone Damli Aaberge. Ja, vi kunne ikkje unngå å leggje merke til det i nettavisene i går. Brotet som vart høyrd over heile landet. Heile Noreg er no single! Superparet, paret som gav oss trua på kjærleiken, som i det heile tatt haldt oss saman, Tone Damli Aaberge (24 år, ikkje iq) og Aksel Hennie (37 år, ikkje iq) har visstnok gått ifrå kvarandre.

Det høyres kanskje utruleg ut, men Aksel (37 år, ikkje iq) har altså slutta å følgje Tone (24 år, ikkje iq) på Twitter.

Det er med andre ord god grunn til landesorga.

Over heile landet spring godt utdanna, godt betalte journalistar i ring og leitar etter dei to, for å få vete kva som skjedde, og kvifor. Kan det verkeleg vere sant? Han gav henne ein spesialdesigna ring jo! Dei skulle gifte seg til hausten! Korleis kunne dette skje!?

Eg er knust! Eg har fått hjartet mitt reven ut... eg er single att. Heile landet er single. Det verste samlivsbrotet i manns minne. Dette er verre enn... alt. Absolutt alt.

Eg ser at folk spøker med dette, ironiserar med dette, i sosiale medier og ved lunsjbordet. Alt for å skjule smerta tenkjer eg, alt for å dekke over kor vondt det eigentleg er. Men for meg er det altfor tidleg. Brotet altfor fersk. Såret alt for blodraudt og dryppande.

Eg sitt her i moskeen og gret, og trøyster meg med VGs kavalkade over mine beste minner med Tone.

Kvifor Tone!? KVIFOR?!

Det er så meiningslaust...

tysdag 12. februar 2013

Kven vert ny pave?

Så Ratzinger abdiserar, og dette er det første originale han har gjort i sitt liv sidan han meldte seg inn i Hitlerjugend back in the days. Dette tyder at frå slutten av månaden står den katolske verda utan moralsk rettleiing frå Peter, Jesu og Guds stadfortredar her på jorda. Vi kan vente oss opptøyer, ransbølgjer og valdtektsepidemi etterkvart som katolikkane mister si kontakt med Gud og vert kasta inn i eit amoralsk univers der Gud ikkje svarar via sin mann i Vatikanet. Vatikanet er difor sjølvsagt veldig klar for å finne ein ny mann som Gud kan velge ut som sitt talerøyr.

Det manglar ikkje på forslag, alt frå Nina Karin Monsen til ymse afrikanarar som mislikar homsar veldig, veldig, veldig mykje.

Og så meg då. Eg er jo ein prima kandidat for stillinga som religiøs overhovud. Eg har god erfaring med slikt frå før, og eg er på dagleg talefot med Gud. Så eg skulle tru mitt kandidatur står sterkt, sjølv om eg ikkje har vore så keen på altergutar.

I mellomtida trur eg at eg kanskje vil få hard konkurranse frå populære geistlege som er i kontakt med den særs ettertrakta ungdomsdemografien. Som denne karen.

For å vere ærleg, så vil eg forstå det godt om eg tapar for han. Han har stil, ass.

måndag 11. februar 2013

Okkupasjonen

Etter å ha tilbrakt tre veker i Roma, i selskap av flotte fascistar og militante aktivistar, har eg fått auga opna for nye sider ved andre verdskrig. Først og framst okkupasjonen. Eg forstår langt betre den okkuperte enn eg gjorde før. Dette har ikkje så mykje med selskapet i Roma å gjere, sjølv om dei var særs ivrige husokkupantar. Det har langt meir å gjere med kva som venta meg då eg kom heim.

Moskeen var blitt okkupert av ein kortvokst austerriker. Virker dette kjendt? Så klart! Våre besteforeldre hugser sist gong ein kortvokst austerriker sysla med okkupasjon på desse trakter. Det er ein situasjon det er vanskeleg å sette seg inn i for oss når vi ikkje får opplevd det, men vi høyrer at det var ei fæsleg tid. Sjølv må eg innrømme at det gjekk tåleleg greit, sjølv om eg måtte tilbringe mykje tid på kjøkkenet og slave avgarde for den nye bebuaren. Men så likar mullaen å lage mat då, så det var jo eigentleg ikkje noko problem. Jamt over såg vi lite motstandskamp eller partisanerverksemd, nett som førre gong, men det var langt mindre utvikling av infrastruktur. Det vart bakt bollar då. Bollar er bra. Okkupasjonsbollar.

Lurar på om våre besteforeldre fekk okkupasjonsbollar sist gong.

Det er artig korleis ei lita veke kan sette historiske hendingar i perspektiv.

Ho kallar meg Polen...