Ja, det har ikkje vore mykje lyd frå moskeen i det siste. Dette må vi berre beklage, men det har si naturlege årsak. Mullaen har måtte flykte landet, då enkelte grupper ikkje klarte å sjå forskjell på han og mulla krekar. Så mullaen er nok ein gong i landflyktigheit. Men kvar?
For det første er det ein stad der dei har store problem med å rydde opp etter seg. Overalt kvar eg går finn eg steinrøyser som etter alt å døme har lagt der i all eve. Makan til forfall. Og dei innfødde ser ikkje ut til å vere interessert i å rydde opp heller. Dei berre går forbi, utan å bry seg.
For det andre er det ein stad der folk har ein underleg kollektiv sans for humor. Dei snakkar alle eit tullespråk laust basert på korleis mafiaen snakkar i amerikanske gangsterfilmar. Berre at dei berre snakkar tulleord. Det var sjarmerande til å byrje med, men no har det byrja å bli litt teit. Skjerpings folkens, snakk norsk!
For det tredje, og dette er særs viktig, så er det ein stad der sigøynerar stel alt datautstyret ditt første dagen, slik at det å oppdatere bloggen vert litt vanskeleg. Og å gjere arbeidet ein kom for å gjere. Hmsk. Kan dei ikkje berre finne seg noko skog og mark utanfor Oslo, slik som normale sigøynerar, og ikkje plage ein stakkars reisande mulla på jakt etter ein stein å krype under.
Heldigvis har dei sjarmerande fascistar som matar mullaen godt.