Mullaen er alltid nyfiken på framande kulturar, og kor langt dei har komen i retning av sivilisasjonen. Denne gongen gjekk turen til Karmøy, nærare sagt til Skudenes som med sine i overkant av 3000 innbyggjarar sjølvsagt har bystatus. Sjølve Somarbyen har TV2 erklært denne rustiske staden. Mtt mål for turen? Å finne ein lokal moské slik at eg kunne få unnagjort ein bøn eller to.
Det skulle vise seg å vere lettare å sagt enn gjort. Trass i at Karmøy og Skudenes ligg kun eit steinkast frå Araberbyen Haugesund. Ein skulle jo eigentleg tru at det var som fot i hose, og at ein eller annan oljesjeik hadde spytta i eit par kroner for å reiste ein minaret eller to, eller i det minste ei TV-stove med nokre bønneteppe slengt rundt.
Det manglar jo ikkje på gudsfrykt blant dei innfødde. Så snart eg var over brua til Karmøy vart eg presentert for eit bedehus, og så enno eitt, og så enno eitt. Etter fire av desse kunne sjåføren min melde at området vi skulle inn i, var
verkeleg religiøse. Der var det eigentleg berre eit par bustadhus klemt innimellom bedehusa.
Og det er jo ikkje som om dei er tomme skall. Ved minst eitt høve såg eg den unge lokalbefolkinga myldre rundt inngangen til eit av desse bedehusa. Dei straumde til som laks opp elva for å gyte. Og det var jo noko fiskeaktig over dei. Det lille eg fekk sett av dei, iallefall. Var ikkje så lett å studere andletet deira, dei hadde mørke kapper med hetter, og andleta vart berre lyst opp av faklane dei bar med seg.
Poenget er altså at det var haugevis av bedehus der. Det var så mange bedehus der at eg ikkje kunne kaste stein, utan å knuse eit vindauge på eit av desse husa og få ein bøling med sinte fiskemenneske med faklar etter meg. Og slikt må ein jo syne omsyn for.
Haugevis av bedehus, men ingen moské. I was looking for Mosque in all the wrong places.
The wrong places er her altså Karmøy.
Men for all del, det var ein koseleg stad dette, med klassisk pre-urban bebygging. Smale gater, fine trehus og trivelege menneske som stirra framandkaren i senk.
Og Johannes, den geriatriske kafeeigaren kunne servere nydelege vaflar med skjelvande hand.
Og det i verkeleg viktorianske omgjevnadar. Seriøst, det var meir dill og dall der enn i moskeen min!
Skudenes har òg ein sjølvbetjeningsbokhandel som er verdt å få med seg.
Og sist, men ikkje minst, så har dei ein nesten ekte månestein som er fleire milliardar år gamal. Eldre enn sjølve skaparverket ifølgje nokre lokale kommentatorar.
Så det var jo verdt turen, sjølv om eg ikkje fann nokon stad å be. Riktig så triveleg var det. Sjølv om eg føler at
lokalbefolkinga i Skudenes fekk eit litt feilaktig inntrykk av meg.
Altså... eg skulle jo berre ta ein liten dukkert, og så sovna eg... eg vil hevde at dette var å overdrive litt.
Men er det slik det skal vere... så reiste eg like så godt heim. Dei er gærne desse Skudenesbuane.