Våre vener i Framstegspartiet er i vinden att, eller skal vi seie i lufta, etter at nok ein av deira lause kanonar har opna ild i lause lufta. Vi tar oss sjølv stadig å lure på om ein einaste kanon på den skuta der er bunden fast, men det får no så vere. Denne gongen er det Per Sandberg som har komen med eit verkeleg gullkorn om sigøynerar, for sidan
dei er ein "straum av kriminalitet og tigging" bør dei stoggast ved grensa. Problemet med dette er sjølvsagt at det er etnisk diskriminering, eller rasisme som nokon vil kalle det.
Det er dei som trekk linjene til den klassiske jødeparagrafen som nekta jødar (og desse hersens jesuittane) adgang til kongedømet Noreg. Og det er jo ein heilt kurant samanlikning, for all del. Andre har hevda at det er rein fascisme, og det er jo sludder, for i motsetnad til Per Sandberg så er ikkje fascismen i sin essens rasistisk. Det er nok meir redeleg å anklage Sandberg for å vere rasist.
Heldigvis er Framstegspartiet godt trent i å handtere lause kanonar, då det går av ein i veka. Minst. Noko som fordrar spørsmålet; seier ein tilitsvalt i Framstegspartiet noko dumt, og det er ingen journalistar i nærleiken til å få det med seg, har då ein tilitsvalt i Framstegspartiet sagt noko dumt? Dette har haldt meg vaken i natt, for å seie det slik. Zen, bitches.
Etter ein snøgg omrokkering har dei no fått endra ordlyden til noko som dei politiske korrekte brunskjortene der ute lettar kan akseptere. Dei er jo så smålege og hårsåre desse antirasistane, så no foreslår FrP følgjande:
"Politiet kan med hjemmel i Politilovens paragraf 7 stanse grupper med organiserte romfolk, bulgarere eller franskmenn på landegrensen fordi man av erfaring vet at disse menneskene bryter den alminnelige ro og orden og samtidig er det bevist at mange bedriver kriminalitet."
Og det er vanskeleg å seie noko på, for kva i helvete har franskmenn bidratt med anna enn bråk? Dei er eit underlegent folkeslag, som ikkje gjer anna enn å snakke uforståeleg eksistensialistisk piss og drikk vinen vår. Og så tar dei kvinnfolka våre. Kva bulgararane har gjort er eg usikker på, men eg forstår ikkje dei heller noko særleg, og dei virker jo litt kriminelle. Dei ser kriminelle ut iallefall. Det viktigaste er at franskmenn, som gjerne er jesuittar og anna papistpakk (hugs det!) haldast ute av kongedømet Noreg.
Få dei ut! Og lås døra etter dei!