Han vart sur. Kalla meg ein metrofil og blabla.
Men ein ting skal han ha rett i, dei treng førebilete. Og akkurat det miljøet har verkeleg vore uheldig med utvalet der, men det er ei anna soge. Ei anna gruppe som stort sett får mehe og knehøner som førebilete er kvinner. Kvinner, og unge jenter, vert bedt om å sjå opp til underdanige jåledukker med like mykje substans som ein MacDonaldsburger... litt same type substans faktisk. Og er dei sterke kvinner med bein i nasa, så er dei det fordi dei har kledd av seg, og vist fram pupper og det som fuktigare er i ein musikkvideo eller på framsida av eit eller anna "moteblad".
Kvinners førebilete har ein funksjon, og det er å bryte ned kvinnas sjølvtillit. Gjere henne misnøgd med sin eigen u-retusjerte kropp, og få henne til å undertrykke alle sine talent og intellektuelle evner. Slikt vil jo ikkje samfunnet ha av dei. Bodskapen er klar.
Det er nesten som om mullaen vert feminist, og gjev stemmerett til haremet sitt. Nesten. Berre nesten.
Men det finnes unntak, det finnes gode unntak, som desse jentene som er heltane nerdejenter kan forsyne seg av:
Og det er jo berre eit knippe av dei kvinnelege førebileta jenter som ser på science ficion og fantasy-TV-seriar har å velge mellom. Og einaste grunnen til at Xena manglar herifrå er sjølvsagt fordi at ho er så schwær at ho dekker heile bloggen om eg skulle ta henne med.
Om du ikkje vil sjå på TV, så kan du finne deg ein annan hobby og samstundes gjere mullaen til ein lukkeleg mann. Du kan byrje i spritbransja slik som desse fantastiske kvinnene. Fire utvalte kvinner som lagar fantastiske variantar av rom og anna kos som mullaen vil ha. Følg deira døme, bli noko, skap noko, og gje meg i dag min daglege sufijuice.
Og skal du absolutt synge, slik som desse popdivaene gjer, så syng, syng med den stemma du har, syng med den kroppen du har. La talentet ditt bere deg fram, la din sjarm og karisma vere det som gjev deg merksemd ikkje berre det at du er like fabulous som Divine.
Eit betre kvinneleg førebilete enn Divine har aldri blitt fødd! Her snakkar vi kvinne med ballar og tæl!
Jenter bli som henne.