Bloggen har vore med meg i tjukt og tynt i ti år, jobbar som har komt og gått, kvinnfolk og andre tragedier... bloggen har vore der. Og det er difor litt trist å vete at bloggen vert så stemoderleg handsama når arbeidet kaller på andre fronter, anten det no er kontoret, undervising og førelesingar, artikkelskriving eller, som i den siste tida, bokskriving. Ja, for vi sitt og febrilsk prøver å hamre ut eit nytt bokmanus som vi skal kaste etter dykk.
Det tyder ikkje at bloggen vert gløymd! Eg har framleis ambisjonar om å skrive meir... eg skal skrive meir! For ti år med skriving er det ikkje lett å ta farvel med... så eg feirer like så godt jubileumsåret med å dra ein rekord. Ein heil jævla månad utan blogging... og det trass i glimrande idear til ting eg kunne ha skrive om den siste tida. Som til dømes dette:
Merk det patriotiske flagget til høgre i biletet.
Eller dette:
Og dette:
Evt. dette:
Eller dette, for den saks skuld:
For ikkje å snakke om at det valår i år, og the usual gang of idiots prøver å overtyde oss om at dei ikkje har tenkt å ignorere alle sine løfter med ein gong dei får sjansen. Av ein eller annan grunn så har vi tenkt å la dei sleppe unna med ramponeringa av landet nok ein gong. Demokratiet veit du.
Så det står ikkje på idear... det står på tid og overskot, men eg lover... det kjem. For ti år med skriving. Det er det tøft å slutte med. Kanskje eg tilogmed skriv noko i morgon? Kven veit?