Eg vil trass alt verte kalif. Eg lover det vert kjekt.
Nokre ting ved valresultata kan vere vanskeleg å forstå, likeså reaksjonane på det. Om ein skal tru Facebook og Twitter har dommedag komen og gått, og at i morgon vert konsentrasjonsleirene opna, og sigøynerane har allereie blitt slakta ned i gatene av brunskjortene frå FrP. Isåfall var dei jævla diskre, for eg fekk det ikkje med meg.
Den største endringa som vi står overfor (ingenting har endra seg heilt enno) er at vår statsminister, Jens Stoltenberg har erklært at han går av. Han har lidd eit nederlag og mista ein handfull mandatar. Han gjev difor stafettpinna vidare til Erna Solberg, som ved hjelp av pondus og bergensk
Dei store taparane i valet var visstnok SV og Venstre. Beggje er litt sånn halvgrøne liberale parti som vil at alle skal ha det bra. SV er leia av ein hardbarka sosialist med pappapermisjon, medan Venstre sjeldan eigentleg har noko leiing å snakke om. SV gjekk fullstendig på trynet etter å ha leika regjering med Jens, og klarte såvidt å halde på eit par seter på Stortinget. Venstre derimot dreit seg skikkeleg ut og vann sju nye seter. Og dei grin, og dei grin, og dei grin. Ja, du høyrer framleis rett... Venstre er lei seg fordi dei har gjort eit godt val. Dette kan ein kun forklare med at den manglande leiinga har funne ut at dei vil støtte opp om ei regjering med Siv Jensen og Framstegspartiet... noko dei har gått til val på at dei helst ikkje ville gjere. Dei føler seg pittelitt dumme no. Piskeslaga du høyrer frå naboleiligheita er mest truleg eit venstremedlem som driv og pisker seg sjølv til blods over ryggen. Og det er berre rett og rimeleg... dei bør gjere lit bot for dette. Idiotar.
For kva har dei gjett oss? Denne vidunderlege framtoninga.
Norsk politikk har ikkje sett makan til fruentimmer, eller makan til feiring. Heimbrenten og champagne flaut godt inn i kvarandre denne kvelden då partiet feira eit knustande nederlag, tap på 11 mandat på Stortinget, og difor ein sjølvsagt plass i regjering med JarnErna.
Og slik fungerar altså demokratiet, kjære vener... det største partiet forlet makta, partiet som vinn sju mandat er kjempelei seg, og partiet som tapte 11 feirar og gryler til langt utover natta.
Eg kan forstå det virker litt forvirrande, men eg vonar dette har vore oppklarande for dykk. Eg tar meg ein drink, ser dykk om fire år. MORNA!