fredag 29. november 2013

Skal det vere litt energi?

Å verte sliten er ikkje så uvanleg, vi er ikkje skapt for å stå på heile tida, for å jobbe heile døgnet. Og så er vi jo late i dette landet, vi likar ikkje ubehag og vil sove så lenge som mogleg. Det er berre slik vi er. Dei fleste karrar seg gjennom dagen med ein kaffekopp eller to. Nokre tyr til heile mugger. Dagen er ikkje byrja før kaffen er inntatt. Eg har aldri vore ein av dei, skal ein først starte dagen med sentralstimulerande så er vel, strengt tatt amfetamin meir effektivt enn ein besk svart drikke med ein dæsj mjølk i? Personleg foretrekk eg å starte dagen med appelsinjuice og te.

Ikkje kaffe eller amfetamin. Eg er ikkje ung lenger.

Andre, helst unge menn, som allereie er fulle av energi, og med underlege hobbyar, treng sterkare lut enn kun kaffe. Dei vil ha energidrikker. Dyre sukkerbomber stappfulle av koffein og gudane veit kva, med namn som Urge, Battery, Monster og Red Bull. Samtlege smakar som piss blanda med oppvaskvatn, tilsatt kliss. Gudane veit kven det er som finn på desse tingane, men sterkt hjarte har dei. Ikkje ein gong amfetamin er så kjipt mot kroppen som dette... har eg høyrd, frå unge.

Etikettane på desse energidrikkane er fulle av sterke fargar som skrik energi og potens (sjølv om dei truleg drep potensen din, medmindre du får ein med tilsatt Viagra). Dei skrik action. Handling. Manneting. For du veit... slik er ikkje jenter.

Så difor var det vel naturleg at eg skulle snubla over dette...
Femme Natural Boost, fordi kvinner treng ein eigen energidrikk. For kvinneenergi. Dei feminne energiane, er så klart heilt ulike dei maskuline energiane. Det er difor vi og må ha ulike egg for jenter og gutar. Det seier seg sjølv at jentene må ha sin eigen energidrikk.

Og den må vere rosa. Og mild. Den må strengt tatt ikkje smake noko... for du veit... jenter. Dei er litt... milde. Og svake. Innhaldslause.

Eg er så glad for at eg lev i 2013, og kan sjå at kvinnekampen har komen så langt at kvinner no kan få sine eigne usunne drikker. Tenk kor skandale det hadde blitt om ei kvinne hadde drukke Monster... eller Battery. Heklinga hadde jo tatt heilt av. Og eg vil ikkje ein gong tenkje på kva dei hade strikka i energidrikkrusen.

Nei, takk og lov for feminine energidrikker.

No har endeleg jentene energi til å skrive i dagboka med jentepennen sin.
Værsågod, jenter.

måndag 25. november 2013

Dampserie

Etter ei vellukka Kickstarter-kampanje, har World of Steam lansert den første ferdige episoden i antologiserien. Kvar episode vert tilgjengeleg på YouTube, og som nedlasting i HD for lommerusk. Og det er greit, for det er ikkje akkurat lange episodar. Her er The Clockwork Heart, den første sjarmerande lille episoden.

Og som vi kan sjå er det pent å sjå på, men historia er ikkje original, og den vert litt halt ut av dei mange pene bileta. Skulle likt å sjå manuset.

Oh well... eg er nøgd med berre å få litt pen steampunk å sjå på eg. Det skjer jo ikkje ofte. Og alt er jo betre enn det Wild Wild West.



ALT er betre enn det...

måndag 11. november 2013

Hesteshow

Eg er ikkje, og har aldri vore, så mykje tenåringsjente. Eg har strengt tatt aldri vore ei jente i aldaren 13 og opp til, skal vi seie, 17. Eg er eigentleg meir ei sju år gamal jentunge, om noko, men det er mest fordi My Little Pony er serien for meg. Og deg. Og alle ponniar.

Likevel, trass i at eg ikkje er ei tenåringsjente, altså, så må eg seie at avogtil, så sette eg meg ned og nyt ein og annan hestevideo på nett. Det er jo så flotte dyr, grasiøse og sterke. Nesten som gaseller der dei tripper rundt, om dei er dressert godt nok. Og dressert må ein vel vere samde om, at desse hoppene er.

Dressur er viktig. Ein nyttar ikkje nok tid på dressur og koreografi i desse dagane. Altfor mange hopper slaurer rundt som alkoholforgifta flodhester i gatebiletet vårt. Kvar vert det av sjarmen og ynda til hoppene vi kjenner frå gamle dagar? Glamorøse firbeinte dyr, som lydde kvart eit røsk i taumene. Det er mangelen på dressur som er rota til alt vondt i dag.