fredag 5. desember 2014

Medan vi ventar på våren

Greitt... det er altså desember no. Det er vinter. Og alle saknar å høyre frå mullaen. Eit eller anna som varmar dykk (Det byrjar å verte eit fast poeng dette at det er lenge sidan sist, skikkeleg blogg 2.0).  Vel, realiteten er at eg sitt her og gøymer meg under pandapelsteppet og varmar meg på stearinlys og ventar på varmen og lysare tider - nett som resten av dykk. Levande lys får meg alltid i humør til å synge, eg sitt gjerne og les ei god bok og syng ein song om våren som kjem. Om fugler, blomar og... Hitler.

Min favorittsong er så klart Springtime for Hitler frå 1968

Den får meg til å tenkje på korleis våren puster nytt liv i alt, og vi får lyst til å ta på oss vår beste Lederhosen og danse. Og feie over unge blonde kvinner i dirndl! As a man is wont to do.

Songen er frå ein av mine favorittfilmar, The Producers, om to herremenn som prøver å sette opp ein musikal om korleis Adolf Hitler gav Tyskland ein renessanse. Manuskriptet er skriven av ein veteran frå krigen, og produksjonen er prega av datidens flower power og ein homofil regissør. Det vert ein litt større suksess enn det produsentane planla, men skitt au.

I 2005 valte Mel Brooks å spele inn filmen om musikalen på ny, denne gongen som musikal. Veldig meta. Ein musikal om å lage ein musikal.

Problemet er jo at eg har eit konservativt hjarte. Eg likar ingenting som er nytt om det finnes noko som er gamalt. Alt var betre før. Så eg avskreiv 2005-versjonen med ein gong. Men det er snart gått gått ti år, og sakte men sikkert har den grodd på meg. Kanskje tilogmed 2005-versjonen av Springtime for Hitler er like bra? Kanskje avogtil å foretrekke? Den er jo trass alt lengre, har meir futt... og den har John Barrowman. Sistnemnte er det umogleg å klage på. Han kler uniforma.


Eg klarar berre ikkje å bestemme meg for kva som gjev meg mest von om den kommande våren.

Kva med deg? Kva song seier vår for deg? 1968 eller 2005-versjonen?

måndag 13. oktober 2014

Slik eg minnast krigen...

Måndags morgon. Hausten er her. Det er mørkt. Eg høyrer den nådelause tromminga av regn på vindauget. Og eg skal på kontoret.
Anatoly Fomenko - Melancholia
Er det rart at eg vert gripen av melankoli? Det kan sjølvsagt vere rester av søndagsmelankolien, det er eg open for, men eg tykkjer likevel at måndagsmelankolien har ein eigen smak. Ein eigen besk desperat angst, eit nyttelaust skrik mot den uomgjengelege arbeidsveka.

Melankoli er fetteren til nostalgi, for melankoli får oss til å tenkje på svunne tider. I dag tenkjer eg attende på den store krigen. Krigen slik eg hugser den, var noko slik som dette:



Det var slik krigen var, og det er mi sanning for svarte svingande. Det er slik eg hugsar den, og i min melankoli er det slik denne arbeidsveka ser ut og. Senga virker særs forlokkande nett no.

For meir, sjekk ut dokumentaren The Great Martian War.

måndag 29. september 2014

Vassekte kannibalkost

Eg er gravid med ei bok. Det er difor eg er så rund. Heilt sant. Og denne boka får eg aldri høve til å føde, fordi eg må skrive alle andre bøker og artikler først, men den er der, og eg tenkjer på den. Heile tida. Gnir meg på magen og lager koselyder. Bok seier eg. Det skal bli bok. Ei skikkeleg kokebok. Det heile byrja med ei sunn interesse for kannibalisme og kannibalistisk kosthold. Men tida strekk berre ikkje til. I mellomtida får eg jo berre kose meg litt på kjøkkenet med eigne oppskrifter. Og eg har skjønt at matblogging det er tingen.

Eit av dei største problema på mitt og ditt kjøkken er kva ein skal gjere med restemat. I eit kannibalistisk kosthold, som i dei fleste kjøtetande kosthold, så kan det snøgt oppstå ein del svinn om ein ikkje har ein plan for alt. Eg likar å tru at eg bruker heile mennesket når eg lagar mat, og då gjeld det å ha ei oppskrift for alt. Det er lett å finne bruksområde for lever, lår og rumpa, men kva med ankler, arm og albue. Her er det ofte ikkje nok kjøt. Mitt tips er så klart å bruke desse til å woke med. Kutt dei opp i biter, og hiv dei i wokpanna simpelten. Med ingefær. Min favorittoppskrift er som følgjer;

Steik opp litt lauk, og gjerne litt kvitlauk på middels varme i wokpanna, med litt god olivenolje. Når lauken er gjennomsiktig så hiv du oppi 300-400 gram kjøtt (1 - 2 arm, avhengig av personen), i lag med ein dæsj finhakka ingefær (ein teskjei eller meir). Ingefær er, som alle veit, heilt naudsynt i kannibalistisk matlaging, og får fram det beste i kjøtsmaken. Eg trur ikkje eg har ei einaste oppskrift som ikkje inneheld ingefær eller lauk.
La dette steike og godgjere seg så lenge som naudsynt. Pass på at kjøtet kan innehalde litt mykje veske og at dersom du ikkje er varsam så ender du opp med å koke, og ikkje steike kjøtet.

Det finnes mange gode forteljingar om korleis misjonærar til Afrika endte opp i ei gryte, men ingen a desse har eg nokon gong klart å få stadfesta. Ein skal leite lenge etter prov på afrikansk kannibalisme i førmoderne tid. I moderne tid derimot har det blitt veldig populært som ein del av terror og krigføring. Slik er no vi menneske. Men sidan kannibalisme er noko ein ofte assosierar med Afrika, tilråder eg å gje maten eit lite afrikansk preg, og kva er vel meir afrikansk enn bananen? Eg har blitt overraska over kor vanleg banan er i afrikansk kosthold, og sleng med glede 1 - 2 bananar i wokpanna når kjøtet er klart, og strør så over med ei halv pose med knuste cashewnøtter (resten gumlar eg under matlaginga). Bananar og ingefær fungerar overraskande bra i lag.
Hiv deretter på litt chili-saus, gjerne av eit søtt slag om du skal gå fullstendig asiatisk. Du treng ikkje meir enn ein spiseskjei eller to, menh om du vil lage ei skikkeleg gryte så berre heller du på med søt chiliog lar det putre ei stund.

Server med ris eller nudler, hell i to glas med chianti og sett på ein episode av Hannibal, og vips har du ein kannibalfest for to.

For dei som ikkje har naboar dei ønskjer å verte kvitt, så finnes det variantar av denne oppskrifta som nyttar svinekjøt over alt på nettet, takka vere Opplysingskontoret for kjøt. Bon apetite.

laurdag 27. september 2014

Skal det vere litt drops?

Ei gamal dame kom opp til meg på gata. Ho må ha vore nærare nytti, med krumbøygd nakke og eit tannlaust venlig smil. Det ramla møllkuler ut av jakkeermet på den den gamle loslitte kåpa då ho strakte fram armen for å presse ei eske inn i hendene mine. Det lukta som gamle visne fioler av henne, og ho hadde to tre pistrete hårstrå i andletet, som verhår på ein katt. Slikt er vanskeleg å seie nei til. Det er i grunn vanskeleg å seie nei til gamle damer, som knapt  klarar å stå oppreist. Eg tenkte eg skulle hjelpe henne med matvarene og komme meg avgarde, ho sleit med å få dei opp i den lille trillekorga ho hadde hatt med seg på handletur - du veit slik dei aller eldste av dei gamle gjerne får. Ho hadde kjøpt inn alt ho trengte av kattemat, kefir og Friele kaffe. Det er slikt gamle damer lev av tenkjer eg.

"Takk" sa ho "du minner meg slik om bror min. Han var og slik ein god gut. Hjelpsom."

"Berre hyggjeleg" mumla eg, og tenkte meg vidare på min veg mot polet (ein whisky etter arbeid, ja takk), men hennar fomlande beinete fingrer hekta seg fast i ermet mitt og signaliserte at ho ville meir.

"Han døde i krigen. Min bror. Men han var alltid glad i drops." Aha, tenkte eg, dette kan snøgt verte ei vanskeleg samtale. Det var då ho fiska noko ut av lomma si og pressa det opp i handa mi. "Dette var favoritten hans. Du minner meg slik om han. Slik ein stram ung kar."

Ho slapp taket og nikka, smilte med munnen lukka, og snudde seg for å gå. Eg stod att med ei sliten pakke med kamferdrops.

Etter nokre steg snudde ho seg og mumla "Men klipp skjegget er snill, du ser så jüdisk ut."

søndag 17. august 2014

Må ha det, berre må ha det?

Eg kan ikkje noko for det, eg er tidvis litt for gira på tekniske duppeditter av ulikt slag. Eg likar å leike med dei, eg likar å teste dei ut, og eg skiftar dei gladeleg ut med nye meir fancye modeller. Eg er ikkje ein av dei som alltid må ha det nyaste av alt. eller det mest "fasjonable", det har korkje pengar eller interesse til. Eg berre likar dippeduttar. Eg er eilt normal slik.

Eit resultat av dette er jo at eg har eit par PCar ståande her, inkludert ein gamer laptop, i tillegg så kjem jo lesebrett, nettbrett, mobiltelefonar og ting eg fester på kroppen. Ein skulle jo tru eg hadde nok? Am I not entertained? Jovisstfaen er eg underhaldt! Eg er veldig underhaldt!

Men så skjer et avogtil då, at eg ser noko eg vil ha. Noko eg berre ha! Og no sitt eg her og tenkjer at laptoppen min er ikkje bra nok. Den er for stor. Den er for klønete. Den... er berre ikkje raff nok! Kvifor? Fordi eg har sett verdas finaste laptop. Den var utsøkt. Nei, ikkje noko Apple-drit... ikkje noko Alienware... ikkje noko slikt! Eg snakkar om noko som er faktisk vakkert!

Eg snakker om dette!
Fy fasan! Har du nokon gong sett ein så sexy laptop? Og den musa då! Fyttigrisen!

Min kjære lille niese fylte fem no i slutten av juli, og dette var ei av gåvene. No er eg såååå misunneleg, at eg nesten er grøn. Eg vart så øsen at eg ikkje ein gong klarte å halde tommelen unna linsa!

Sjekk det designet. Dei runde kantane, teksturen på lokket! Dette er sublimt! Og ser du hjartet på lokket? Det bryt då med dei runde formene på maskina elles og har "diamantform"! Dette er ein vassekte genistrek.

Tastaturet er i alle dei rette formene, og omkransa av hovudet til sjølvaste gudinna!

Nei, eg seier dykk... må ha det, berre må ha det! Om eg klarar å vere tolmodig, så kan eg sikkert berre vente nokre år, så vert ho lei av den og gjev til sin onkel. Er lov å vone.

I mellomtida så lurar eg så klart på kor stor systemkraft dette vidunderet har, eg er sikker på at det er mykje! Er det nokon som veit? Legg att ein kommentar i så fall, eg vil gjerne spele neste Dragon Age og The Witcher-spel på den.

Bæsj - nær og fjern.

Når du din bæsj? Kor nær likar du å vere din bæsj?

Ein av dei meir interessante konsepta innan antopologi og kulturforsking som ein stadig vender attende til, er ideen om det reine og det ureine, slik det i si tid var formulert av Mary Douglas i Purity and Danger. Det er ikkje mange teoriar i denne sjangaren som har hatt så lang levetid som denne klassiske teorien. Douglas demonstrerte korleis det ureine, det vi meiner er ekkelt og fælt, tabu og skittent, meir korrekt kan omtalast som "ting der dei ikkje høyrer heime" - Things out of Place. Om du til dømes finn ein usteikt biff på badet vil du oppfatte den som meir skitten enn om den var på kjøkkenet. Ei tånegl er ok så lenge den er på foten, men høyr hylet når den vert funnen på golvet, i sofaen eller senga. For den saks skuld ein fot på bordet, anten den er festa til resten av kroppen, kan vere så rein som den berre vil, den er skitten fordi den er på bordet. Skjønar de poenget?

Det same gjeld så klart bæsj. Bæsj er ekkelt. Det har ingenting utanfor doskåla å gjere. Evt skauen om du er av det meir robuste slaget. Sjølv om det då altså kjem ut av vår kropp skyr vi kontakt med dette ureine. Nokon vil tilogmed gå så langt å føle det ubehagleg å tørke seg bak, på grunn av nærleik til bæsj. Dopapiret vert ein uverdig og ufullkommen mellomman som ikkje heilt og haldent kan beskytte bæsjaren mot sin eigen ureinsle.

Er det ikkje difor godt vi har amerikanarar?


Denne fungerar og for desse tradisjonelt smellfeite amerikanarane som ikkje lenger når ræva si og treng hjelp med det. Som denne informative videoen fortel oss, så hjelp det dei å halde på sin verdighet, dei kan tørke seg sjølv. Med ein pinne. For du veit... verdigheita forsvann ikkje med dine daglege besøk på MacDonalds for å ete frukost, lunsj, middag (og evt. supersunne mellommåltid, supersized), vedigheita di forsvinn når du skulle tørke opp etter å ha drete det ut.

Ja... for du mister litt ekstra verdighet når du drit ut ein Big Mac. Du gjer det. Eg ser den.

Først og framst er den likevel til uvurderleg nytte for dei som aller minst vil påminnast at sjølv dei kan vere ureine. At sjølv dei bæsjar.

Dette har vore ein scatologisk intervensjon.

søndag 27. juli 2014

Ferieplanar? Det er ikkje for seint!

Ferien er snart over, men det er ikkje for seint å reise vekk! Ein kan alltids plukke opp telefonen og ringe ein nær eller fjern ven, kanskje nokon du kjenner på nettet. Kanskje ein bloggar du har følgd lenge? Kanskje du føler det er ein spesiell kjemi mellom dykk? Det er jo isåfall berre å ringe henne eller han, og leggje fram planen.

La meg demonstrere:

*ringelyd*

Hei Caroline, det er meg.

Hysj, hysj, hysj. Ikkje snakk, eg forstår.

Berre pakk sakene dine du, vi skal på tur.

Nei, nei, nei, ikkje tenk på han, ikkje tenk på noko anna enn oss.

Ja, eg veit, eg veit, det er ulikt meg, eg kjenner knapt meg sjølv att.

Kast til side diettmuffinsen no, hiv slankepulveret og proteinmixen i den orange Lipault-kofferten. Legg sminka Lulusminkeveska, og legg den i Samsonitekofferten i lag med Louis Vuiton-stelleveska med bleiene. Babyen lar du vere heime, den matcher ingenting.

Vi skal på ferie no. Berre meg og deg. Du kan gløyme han fyren, han mannen, og få tankane over på andre ting. Vi må vekk. Finne roen, tid til å blogge, og style oss skikkeleg. Eg treng pedikyr, det gjer du og. Verkeleg. Fotsopp er usexy.

Hysj, hysj, hysj, ikkje protester. Eg veit dette er noko du vil. Du har sagt det til meg. Eg les det mellom linjene i kvart eit blogginnlegg.

Så trill ut kofferten no, eg sitt i taxien, eg er på veg. Hotellet har badebasseng, og gratis solkrem - faktor 100, og det er stabil wi-fi, du kjem ikkje til å sakne nokon. Ingen kjem til å sakne deg heller, det går så bra. Velunt ferie.

Ikkje babyen heller nei. Du veit det hadde vore umogleg, den står ikkje til gardinene på hotellrommet. Eg har sendt deg bilete. Har eg ikkje? Var vanskeleg, eg hadde ikkje mobilnummeret ditt, måtte leite litt. Takk og pris for at hustelefonen er på Gulesider.no.

Nei, ikkje legg på. Eg veit du er gira på å komme avgarde, men du veit ikkje kvar du skal møte meg enno. Eg er på veg til din nærmaste Deli de Luca. Eg har pakka lærbukser og pisk, eit par masker til kvar av oss, gummihandsker og ein sekk med kaninfor. Vi treng ikkje meir. Ikkje når vi har kvarandre.

Ja, Caroline, vår kjærleik er så forbudt at politiet burde vore varsla, men nok leik no, eg er på veg, eg er der snart. Eg kjem! Eg kjem! Kjem du?!


*klikk*


INGEN BLOGGARAR VART SKADA ELLER OPPRINGT I PRODUKSJONEN AV DETTE INNLEGGET. EIN KVEPS VART JAGA VEKK: KVIFOR ER DET SÅ MYKJE KVEPS I ÅR?!

tysdag 22. juli 2014

Hello Kalifat

Sommaren er travel, vi jobbar hardt med å oppnå vår draum om å verte kalif istadenfor kalifen. Noko som alltid har vore vanskeleg, då det siste ottomanske kalifatet vart oppløyst i 1924 og den komande mahdien og hans endelege kalifat lar vente på seg. Så klart, ein har jo alltids kalifatet til Ahmadiyyasekta. Eg likar dei. Eg gjer jo det. Deira noverande kalif er den femte i rekkja som har tittelen Khalifatul Masih, etterkomaren av messias, og har hatt hovudsete i London etter at hans forgjengar stakk dit. Og der ligg liksom problemet, kva er vitsen med å vere kalif om heile den muslimske verda er dødsirritert på deg? Ahmadiyya er ei kjempekjekk sekt, det er berre det at dei fleste muslimar meiner dei er hakket for sprø - då dei meiner at Messias dukka opp ein gong i India/Pakistan på 1800-talet. Dei er liksom islam sitt svar på Jehovas Vitner. Smak litt på det. Så nei, det er liksom ikkje den kalifen eg har lyst til å bli kalif istadenfor.

Nei, for å få oppfyllt min draum, måtte først amerikanarane velte Saddam Hussein (AKA Tande P med bart), og destabilisere Irak. Deretter måtte vi destabilisere heile regionen (lett som berre det, hallo), og særleg då Syria. Og så måtte jo sjølvsagt verdssamfunnet la vere å gjere noko for å hjelpe befolkinga i Syria, slik at dei kunne vende seg til sprutsprø islamistar som så klart tilbudte hjelp og ein evig straum av heilage krigarar og martyrar.

Og med det er jo scena satt for ISIS / ISIL å kunne etablere seg i Syria og Irak, og opprette det første skikkelege kalifatet på nesten hundre år og byrje å terrorisere sivilbefolkinga. Spesielt ille har det gått ut over dei kristne i områda dei har okkupert, men du må ikkje tru at rettruande muslimar slepp unna. Den sjølverklærte kalifen si tolking av islam er særare enn ein grinande klovn blant meklarane på Oslo Børs. Såeh... dei må gå.

Og dei har jo ikkje akkurat gjort ein stor jobb i å skaffe seg vener. Sjølv ikkje blant dei andre islamistiske opprørsgruppene i Syria er det store entusiasmen å finne for dei. Ei av dei er Jaysh al-Islam, tidlegare Liwa al-Islam (den islamske brigade), som under leiing av Zahran Alloush er ein gjeng på nesten 50 000 drittsekker. Men dei likar ikkje ISIS / ISIL og deira forsøk på å danne eit kalifat.

Difor har dei hamna på mailinglista mi med informasjonsmaterial om korleis eg skal bli kalif istadenfor kalifen, og korleis det nye kalifatet skal bli.

Eg fortel dette, i all hovudsak, for å forklare dette biletet som har gått sin sigersgong på Twitter.

Som de ser, så har han altså fått ein av dei fine Hello Kitty-notatbøkene med planar for kalifatet mitt, men eg veit ikkje om han har lest det og tatt til vet. Siste eg høyrde så var han framleis ein skjeggete dass, så eg tviler.

Men det er lov å vone. For ein dag, ein dag skal eg bli kalif istadenfor kalifen.

Utan å plage dei kule folka i Ahmadiyya-sekta. For dei er eigentleg berre søte. Med meir sans for humor enn alle jihadistane i Syria lagt saman.


tysdag 24. juni 2014

Litt meir Batman

Eg vert jo eigentleg aldri lei av Batman, sjølv ikkje etter at George Clooney ramponerte karakteren. Sjølv ikkje etter at Batfleck vart annonsert. Du har fått det med deg, sant? Ben Affleck skal spele Batman i Superman vs. Batman, oppfølgjaren til The Man of Steel.

Ja, eg har lagt vaken og tenkt ein del på akkurat det. Heile greia. Superman og Batman-kombinasjonar er sjeldan bra. Eg må vere ærleg. Eg likar dei ikkje. Og Ben Affleck? Joda... han er brukandes til mykje rart. Og eg har ikkje noko i mot å sjå filmar med han. Han har faktisk vakse opp dei siste åra og blitt ein dugeleg skodespelar og filmskapar. Men Batman?

Er du sikker?

Jaja, eg likar framleis Batman.

Trass alt.

Batman kunne ha blitt ferska in flagrante delicti med ein eller annan tenåringsgut i spandex, og eg hadde ikkje brydd meg.
Åja, det har kanskje skjedd allereie. Og sjå kor det bryr meg? Eg er kjempeglad for at Batman har funnen nokre gutar å dele livet sitt med. Vicky Vale var ikkje noko å samle på. Vi ha alle vore på henne. Godt for deg. Bruce!

Og godt for deg Bill Finger. Eg er sikker på at det var dette du hadde i tankane då du fann opp Batman og Robin. Eg fekk pittelitt pes i førre innlegg for å ha tilskriven heile Batmanskapinga til Bob Kane. Bob Kane var ein ganske frampå type, og han visste å posisjonere seg, og det er årsaka til at han er kreditert som skaparen av Batman. Han var teiknaren, ja, og sentral i skapinga, men hans originale utkast til denne flaggermusfyren var langtifrå suksessoppskrifta som ein endte opp med. Det var hans ven Bob Finger, teikneserieforfattaren, som tok namnet og skapte ein verkeleg flaggermus av Batman. Ikkje ein superhel, men ein topptrent superdetektiv, både gotisk og sirkusaktig. Og med ein tenåringsgut i sirkuskostyme på slep, joda.

Bok Kane tok ideane og klarte å selge dei, og saman lagte dei nokre av dei formative forteljingane. Dei gjorde det kanskje i lag, men det var Bob Kane som fekk æra.

Slik er livet.

Og det er sabla typisk.

Det er litt som når han der Bjørkelo prøver å ta æra for ting mullaen har gjort, slik han nyleg gjorde på podkasten Udannet. Fysjom for ein fyr. Ein av oss var jo på studenradioen og snakka om Batman òg for ikkje så lenge sidan, du finn opptaket av det på blætunes, eg meiner iTunes.

Det tok ein smule av... orsak til alle barnefamilier som satt og lytta på den søndagen. Det er framleis trygt å bruke ostehøvelen til mat. Og eg dømmer ingen. Ikkje Batman for sin seriepederasteri. Ikkje Tights for å gje meg ein mikrofon.

Eg dømmer ingen.

Joda. Eg gjer det.

laurdag 7. juni 2014

Laurdagsvilldyret!

Medan vi venter på at eg får fingen ut og skriv litt meir om Batman eller noko, så tenkte eg skulle følgjande observasjon med dykk. Det er laurdagen. Dagen då villdyret vaknar for mange. Og medan mullaen sitt her og retter eksamensoppgåver, så er ein av hans beste vener og tidlegare bloggekollega, jbq, ute i skauen og jaktar på varulv. Og det er jo eit villdyr, er det ikkje?

Når laurdagsvilldyret vakner er det ikkje alltid like trygt å vere i nærleiken. Dette gjeld særleg unge jenter. Noko den følgjande videoen synar godt. Videoen er forøvreg korkje safe-for-work, bra for sarte sinn eller for unge sinn. Ikkje minst fordi unge sinn ikkje var fødd då Michael "PedoBear" Jackson herja hitlistene med Thriller. Mine damer og herrer, la dykk forstyrre av Driller!


Nemnte eg at den ikkje var safe-for-work? Eg gjorde det, sant? Ikkje skuld på meg.

Og om du ikkje har sett den enno. Penis. Dukkepenis. Sex. Altså... ja.

Tenk at jbq skal gifte seg. Vi snakkar om mannen som i si tid gav meg tittelen mulla. All ære vere.

tysdag 6. mai 2014

Litt Batman


Eg er så gamal at eg hugser når Batman heitte Lynvingen på norsk. Det er ikkje alle fornorskinger av engelske ord og namn som er vellukka, og Lynvingen er vel eit av dei meir katastrofale. For kva i all verda tyder eigentleg Lynvingen? Og kvifor er Lynvingen kledd ut som ein flaggermus? (Kvifor Bruce Wayne kler seg ut som ein flaggermus er eit anna spørsmål, men det overlet eg til kvalifiserte psykiatre).

Kva har gått gjennom skallen på den norske redaktøren som fann ut at flaggermus... joda, dei flyr snøgt som lynet og har vinger, gjer dei ikkje? Lynvinge! Eller hadde dei berre ei liste med namn på superhelter som dei kunne trekkje fritt ut av. Skal vi vere glade for at Batman ikkje fekk namnet Raude Spurv og at Supermann ikkje vart Knust Avakado. Dette er verdt å tenkje på.

Lynvingen...

Det funker simpelthen særs dårleg. Det er liksom ingenting meir ein kan seie om det.

Batman er kult. Batman er faktisk genial. Han vart skapt av Bob Kane i 1939, og var frå starten av ein bortskjemt rikmansson som i nattens mulm og mørke kledde seg ut som ein flaggermus for å leike detektiv og løyse vanskelege krimgåter. Serien har alltid veksla mellom det tøffe detektivarbeidet og det lettare absurde, etterkvart som meir og meir fargerike skurker dukka opp for å utfordre detektiven og hans unge elskar læregut, Robin. Sekstitalets TV-serie om Batman med Adam West oppsummerar kanskje den leikande Batman best, med sin sirkusaktige framtoning.

80-talet gav oss ein tøffare Batman, særleg i kjølvatnet av Frank Miller sin Dark Knight. Psykosen som alltid hadde vore ein del av Bruce Wayne-Batman dynamikken skulle no komme tydlegare fram, og han skulle bli enno valdlegare enn tidlegare. Og vi likte det.

Batman er simpelthen genial. Nyleg vitja eg Studentradioen i Bergen og prata ein times tid om Batman. Og så trur eg det finnes ein 40 minutt med ekstra pludring om ostehøvler og teikneserier som skal leggjast ut. Det har ikkje dukka opp enno, så vi får berre vente.

I mellomtida kan vi trøyste oss med at Batman er beintøff. Så tøff at han ein dag i framtida vil redde oss frå maskinveldet. Ja, om nokon er ein match for Terminator og Skynet... så er det Batman. For Terminator er òg kult. Så istadenfor eit radiopptak av meg, så gjev eg dykk dette:
30 years have passed since Bruce Wayne survived Skynet's nuclear blasts in August of '97. Iron demons now roam the planet, and without the requirement to defend the innocent against crime and injustice, Wayne has seeked refuge in the bomb shelter that saved his life; the Batcave.

Having scavenged the wasteland for resources, he discovers the radio of a dead soldier. There is static over a frequency. Flesh and blood is rising up to the west. With The Stinger; a riot control vehicular unit built before the apocalypse along with a refitted bomb blast vest, Batman makes his way across what remains of the United States to join forces with the man determined to neutralize the electronic menace - John Conner.


Men for all del... om du tykkjer det er litt smålåten med ein animert crossover med eit filmunivers. Kva om du køyrer på med Batman og to filmunivers?

Hadde eg ikkje inkludert denne, så hadde folk klaga. Dagens trivia: Jokeren speles her av Joshua Andrew Koenig, som døde i 2010. Han var son av Walter Koenig som spelte Chekov i Star Trek, og Alfred Bester i Babylon 5. Han er no aktuell med pilot til ny Star Trek serie fianansiert på IndieGogo.

Så medan vi venter på opptak frå Studentradioen, kva er din favorittversjon av den psykotiske flaggermusmannen?

måndag 5. mai 2014

Maidans! Maidans!

Det er mai! MAI!

Herregud så tida flyr! 2014 er ein racer! Men i mai må vi stogge litt opp og dra ein tradisjonell maidans.


Det kan vel ikkje gjerast betre enn dette? Heile mai oppsummert, vår kåte natur satt på spissen! Orsak til alle som las tittelen og forventa at eg skulle skrive noko om Maidanrørsla i Ukraina.

Kvifor sitt ikkje du og ser på The Wicker Man no forresten? Den er obligatorisk. Ein av mullaens absolutt favorittfilmar. Ikkje den nye med Nicholas Cage så klart, den kan berre la vere å sjå, men den originale hedenske klassikeren med Christopher Lee. Filmen som satt klassisk hedendom i strid med puritansk kristendom. Som synte oss korleis ein hedensk samfunn faktisk kunne sjå ut.

Og filmen der Britt Ekland strippa og hadde seg med ein vegg. Good times.

Gå og sjå den. Garantert vårstemning!

Om det er for mykje for deg, kva med litt teutonsk dans frå Belgia?

 
For slik kan det og gjerast. Kva er din favorittdans, kjære lesar?

torsdag 17. april 2014

Påskeuro i paradis

Det byrja med mumling. Med eit og anna mildt banneord, i løpet av måndagskvelden. Irritasjonen spreidde seg ut på Facebook. Det var fleire, særleg i facebookgruppene til Visjon Norge og nettverka av bedehusa som meinte ein var gått for langt. Tre eller fire protestgrupper vart oppretta før midnatt, og innan klokka tre på natta hadde gruppene blitt splitta på grunn av fraksjonering til minst sju grupper - mykje takka vere overlappande medlemskap med borgervernet i Rogaland og SIAN. Då går det slik det måtte gå.

Tysdagen vart tilbragt på Facebook, der dei kunne hisse kvarandre opp. Då kvelden kom var det ingen veg attende. Fleire hadde tatt seg ut på gatene i Haugesund, Kopervik, Skudeneshamn, Åkrahamn, Kristansand og dei andre metropolane i Bibelbeltet. Andre samla seg for bønnemøter på bedehusa. Kunne herren gje dei råd? Kunne han gje dei eit teikn? Då den første steinen vart kasta, og traff eit drivhus så glaset singla, var nok dét det einaste teiknet dei kom til å få. Steinen fekk selskap av mange fleire, og politiet sleit med å samle inn folk langs heile kyststripa. Til slutt roa gemyttane seg. Mest fordi nokre av dei involverte skulle møte på jobb på Kiwien neste dag - siste dag før påskeferien tok til.

Like heldig var ikkje politiet på onsdagen, då hadde dei verkeleg fått nok, og det brakte laus. Trass av at Solberg-regjeringa innførte umiddelbart portforbod i det rulleteksten på Paradise Hotel byrja å gå, storma folk ut av bedehusa og tok til gatene, med fakler og heilagvatn. Hedningane skulle no faen meg få sitt, og ingen skulle stogge Guds retmessig. Dei hadde blitt håna for siste gong. Politiet la på flukt, og var sist sett i nokre holer langs Hordalandskysten - evt på Solstrand Hotell utanfor Bergen. Haugalandet og resten av Bibelbeltet står no i fyr og flammer. Siste eg høyrde var at dei hadde skutt ned brannslukkingshelikoptre (satans falne engler) og lynsja medlemmer av Human-etisk forbund (hedenske sjeleskjendarar).

Når ulukka er ute, og situasjonen er så ute av kontroll er det lite anna å gjere enn å omfamne etterpåklokskapen. Var det noko vi kunne gjort annleis? Burde vi ha provosert dei slik? Kunne ein ha hindra Mastiff og TV3 i å syne "påskeveke" på Paradise Hotel denne veka når ein visste kor ømtåleg dei kristne gærningane er? Dei ansvarlege hevder dei har ytringsfridom, og rett til å syne kva dei vil. Triana Iglesias slår ut med armane, medan ho sitt med beina i kross og ser med eit ulmande nesten-sexy blikk på nyhendereporteren, og stiller seg uforståande til det ho meiner må vere ein over-reaksjon. 

- Velkommen til påskeveke på Paradise, der vi har rett til å syne at Judas var ein overkåt sunnmøring, Jesus ein litt døll klovn frå austlandet og Barrabas, vel... de kan sjå alle episodane på tv3play.no og gjere opp dykkar eigen meiningen om vår rappande røvar.

- Jesus Christ!, erklærar Ann Mariell og Aurora i kor. Dei har fått synt kor mykje dei kan av bibelhistoria. Ikkje minst at Jesus... han var engelsk, så difor må ein seie namnet hans på engelsk. Jesus Christ, det veit jo alle. Og så var han ein skikkeleg grei fyr å ha på party.

- Skal han ikkje gjere vatn til vin, snart?

Synd han vart tatt av romarane første dagen, etter at Judas sleike han litt på kinnet. Omnomnom. Frelsersveitte.

Til no har Paradise Hotel skuffa sine sjåarar. Det har vore verkeleg dølle greier, med desperate forsøk på å få litt stemning. Narnia-veka fall på trynet fordi ingen hadde sett filmen... eg gjentar... ingen hadde sette filmen. Og så var det Robinson-veka då, då dei skulle klare seg utan sminke i ei veke. Jentene haldt på å gå veggen. Verst var det ikkje å ha sigaretter. Dei røyker mykje desse jentene. Simone er 20 år gamal.

Noko seier meg at røyking ikkje er bra for huden. Rett etter Robinson-veka var det tid for Baby-veka... dei skulle syne oss at dei kunne handtere småbarn. Det... kunne dei ikkje.

Etter alt dette meinte produksjonen at det var ein god ide å la dei gå laus på ein av dei viktigaste kristne høgtidene. Påska, då kristenfolket markerar at Jesu døde på krosset for syndene deira (kristenfolk synder mykje) og stod opp att på den tredje dagen (a-menneske kaller vi det).

Jævla god idè.

Eg har sett mykje blasfemisk i mi tid, men å la nokre av landets mindre begavede menneske prøve å fortolke påskeevangeliet tar ting til heilt nye høgder. Gløym Mohammedkarikaturar, Life of Brian og Pisschrist... Ann Mariell som kliner med ein junkie i bassenget som Jomfru Maria? Søte uskuldige Mats som Judas? Audun som Pontius Pilatus og Aurora som hora Magdalena...? Okay, greit, dei to siste stemmer vel. På eit vis... 

Nei... det var den kristne tradisjonen utradert.

Takke meg til den Stortyske Påskeharen.

God Ostara

tysdag 25. mars 2014

Sol, penis og panda

Kan det verkeleg vere? Har våren komen til vestlandet? På laurdag kom vinteren attende for fullt, med snø og faenskap. Ein kunne tru vi var fanga i eit helvete, ein eivig fimbulvinter... men så kom måndag... og sola. Den deilige sola som lyste opp heile himmelkvelvinga så snart tåka hadde letta på morgonkvisten. Kan vinteren vere over? Er våren her? Er fortryllinga brudt? Er den kvite heksa død? Ja... ho vart kasta ut av Paradise Hotel i førre veke, og hennar namn var Siri! Meir om det ein annan gong. Det viktige er at det forklarar kvar sola kom ifrå.

Solhungrige bergensarar kravler ut av holene sine for å leggje seg til tørk på benker og asfalt. Det er eit vakkert syn når naturen vaknar til liv att. Fauna ein nesten hadde gløymd dukker opp, og sola inspirerar til draumar om is. Ven, ven is... eller pen is som bokmålsfolket kallar det. Is er jo bra, eg likar is. Eg minnast framleis då eg reiste til London på isjakt. Det var isen sin det. Og no har altså svenskane endeleg klart å hoste opp ein is som kan konkurrere med denne godbiten. Ein saftig godbit som eg gler meg til å leggje leppene mine rundt.
Eller kva? Får ikkje de berre lyst til å ta denne pene isen og suge inn i munnen, og kjenne den smelte ned i halsen. Eg mistenkjer den er litt salt.

Fyttigrisen. Når eg får denne i munnen, då er endeleg somaren her.

Tipset om isen kom til meg via ein forfattar som nyleg gav ut ei bok om konspirasjonsteoriar. Og som eg vanlegvis vil oppfatte som ein grepa kar. Heilt til han i dag vitja kontora til Radical Sector, den største høgreekstreme organsiasjonen i konfliktfylte Ukraina i dag. Berre sjå på dette biletet av han i lag med det eg antek er dørvakta for kontora deira i Kiev!
Kva faen slags svineri er dette? Svikerjævel! Der står han altså med ein vassekte agent for Pandamonium og tøffer seg!
Det ser tilogmed ut som om dei kjem god overeins, og at min såkalla ven sympatiserar med svinet. Og det er jo ikkje tilfeldig at dette finn stad eit steinkast unna inngangsdør til ein av dei meir berykta høgreekstreme organisasjonane i Ukraina. Alle veit at Pandamonium står bak all høgreekstremisme. Slemme er dei. Teite.

Heldigvis fann eg og bilete som tyder på at min ven tok til vet.
Han rapporterar at han høyrde mullaens vyrde stemme i hovudet og såg raudt. Noko som hender oftare enn ein skal tru, men vanlegvis etter nokre glas absinth.
Han sigra over den usle pandaen, og etterlot han på gata før han sneik seg inn på kontoret til Radical Sector.

Og eg kan nok ein gong nyte sola, og drøyme om å sluke ein pen is og sjå på Paradise Hotel.

torsdag 20. mars 2014

Nokon har lagt eit egg eller to

Og nei, eg snakkar ikkje om Elisabeth Norheim sitt utspel på Trygdekontoret på onsdag, der ho presterte å blemere seg sjølv med å seie kva ho meinte om jødar. Alle snakkar om det, så eg vil ikkje seie så altfor mykje... eg er opptatt med å gravleggje andletet mitt i handflata. Facepalm som ungdommen kallar det. Høna har klukka, og ho la eit egg med eit hyl, men nei, det er heilt andre egg eg vil snakke om i dag. Egg som smakar godt, egg som kan klekkast. Du veit. Egg. Namme-egg, ikkje jødeegg eller Norheimegg.

Mullaen har vore ute og reist (og han burde sikkert ha skrive reisereportasje, men det er intet nytt å melde frå Karmøy der han var sist), og det vart litt lenge for ein del. Så lenge at nokon valte å leggje egg i posthylla hans. Det er jo ikkje så uvanleg for mullaen å motta gåver, og vi er som oftast audmjuke og skryt av gåvesendaren både her og der - sjølv om eg ikkje har hatt tid til å gjere det så mykje her i dette lille nettidsskriftet i det siste. Vel, uansett var det altså tre små egg, klar til å klekke i posthylla. Lyst til å sjå?

Her er eit!
Slik burde strengt tatt alle egg sjå ut.

Eg skrella av det ytterste skallet og fann eggekvita, og den var god... og den var både mørk og kvit skal du vete.
Dette er kanskje det kulaste egget eg nokonsinne har sett. Det var genialt!

Einaste problemet var at eg tok ein jafs, og så viste det seg at plomma var hard!
Men den hadde i det minste ein kledeleg farge. Eg er vant til gul, men eg kan verkeleg leve med dette. Eg tykkjer fleire høner burde satse på rosa plomme!

Hadde den berre ikkje vore så hard, så hadde det jo vore perfekt. Måtte knekke opp plomma med rå maskulin muskelmakt, og då synte det seg at egget faktisk var befrukta og at det faktisk hadde byrja å danne seg ein eller annan livsform der. Eg satt den like så godt på fingeren.
Så alt i alt så var det eit ganske bra egg. Eg er berre usikker på kvar det faktisk kjem ifrå... det var vanskeleg å seie kven som faktisk hadde verpa dette egget i posthylla mi. Eg mistenkjer at dette kan vere eit katolsk egg, lagt i forkant av påskefeiringa av vår papistiske påskehare. Det er jo som kjend den einaste haren som faktisk legg egg. Klukker gjer han og ein del.

torsdag 6. mars 2014

Menn frigjer kvinna i Vardø 8. mars

Så var vi der att då, det kjem på kjerringa som jula dette, det virker nesten som om det er den internasjonale kvinnedagen kvart år på 8. mars. Tenkje seg til! Det vert eigentleg litt mykje, men det er ikkje så mykje å gjere med det. Det er berre å gjere si 8. mars-plikt, jenter må ut og marsjere, og nett som på julaften må mullaen vere nisse på kvelden. Denne gongen ramlar mullaen ned pipa i Vardø, invitert til Hotell Vardø av Vardø Museum (som er ein del av Varanger Museum) for å prate litt om korleis menn frigjorde kvinner. Eller som andre vil forklare det, om korleis menn nytta hysteridiagnosen og korleis kvinner fekk sin beste ven, vibratoren.

Som alltid vil foredraget vere sømmeleg illustrert, og med innslag av pantomime.

Er nokon av lesarane her i Vardø-området? Må de alle fly opp for å få dette med dykk? I såfall, god tur. Dette vert moro.

Her er litt ekstra kvinnedagsmotivasjon.


Og heilt alvorleg folkens, om de skulle vere noko tvil om korvidt vi treng ein kvinnedag for å minne oss på slikt, så held det vel at ein tenkjer gjennom kvifor dei måtte stenge kommentarfeltet på den videoen. Skjerp dykk folkens.


fredag 24. januar 2014

Når mullaen har feber...

Mullaen har hatt feber i ei veke. Det byrjar å skje rare ting i hovudet hans.


Det er ikkje så lett å forklare, eigentleg. Det er berre det at nokre ting, heng meir på grep når mullaen har feber enn når han ikkje har.

Når mullaen har feber... så er dette sublimt.


Det er ikkje berre mullaen som har feber.



søndag 19. januar 2014

Gje Grimstad til Cthulhu

Det er et faktum at norsk arkitektur og bykunst er preget av kjedelige, euklidiske former. Det ville vært kjekt om vi fikk en skulptur som brøt med konvensjonell geometri
Dette seier eg i eit intervju med det ganske så respektable nettavisa Imagonem. Bakgrunnen er eit vidunderleg lite kulturtiltak og underskriftskampanje for å reise ein statue til ein som verkeleg forten det. Nokre av dykk har vel høyrd om det kristne initativet om å reise ein statue av Jesus i Grimstad? Det er ikkje så frykteleg originalt, er det vel? Dei er jo flust av dei over heile verda. Og kva ønskjer dei å oppnå med denne avgudsdyrkinga? Gyldne kyr gjer ikkje anna enn å tiltrekke seg insekt, og er som hemorroider og tannpine for dei høgare makter. Nei, skal kystnoreg tiltekke seg merksemd frå nokon som faktisk tel, skal Grimstad klare å sette seg sjølv på kartet, så må vi vende merksemda mot havet og rope på dei stemmen som høyrer oss der... Dagon og Cthulhu. Og sidan Dagon hovudsakleg er opptatt av å kose seg langs kysten av Karmøy og Skudeneshavn, så trur eg nok Cthulhu vil sjå med glede om ein reiser ein statue av han ved bryggja i Grimstad.

For om han først skal byrje å fortære vanvittige nordmenn, la han byrje med Grimstad.

Mi oppmoding er difor å springe og lese intervjuet, "Hyller Cthulhu-initativet i Grimstad", og deretter signere oppropet om å reise ein ikkje-euklidsk skulptur, helst av Vidar Bratlund-Mæland, i Grimstad!

fredag 17. januar 2014

La dei ete kakediagram!

La oss byrje med kaka, prøv å halde følgje på denne tankerekkja folkens. Klamre dykk fast til den raude tråden som om det stod om livet. Her er ein ny historieleksjon.

Vi har alle høyrd om korleis den franske drotninga, Marie Antoinette, i si manglande forståing for folkets liding, skal ha fnyst over at dei ikkje hadde brød og protesterte mot dette. "La dei ete kake", fortel historia oss at ho sa. Dette er sjølvsagt, som det meste av slike forteljingar, særs ukorrekt. Det er korrekt at Marie Antoinette var eit skikkeleg hespetre, med langt mindre bakkekontakt enn til dømes Norwegian sine Dreamliners. Eller... ei hyperaktiv floge, for den saks skuld. Så, ja, ho kunne ha sagt "La dei ete kake", for ho hadde neppe store forståinga for fattigdom og svolt i si samtid. Ho hadde vakse opp utan å mangle noko som helst. Likevel er det feil. For det første så er det korrekte sitatet: "Qu'ils mangent de la brioche”. Altså, la dei ete brioche. Brioche er eit horribelt stykke bakverk som franskmenn til stadig prøver å tvinge på resten av verda. Det inneheld mykje egg og smør, og kan tidvis ta ei form som kan forvekslast med kake. Særleg når dei er flyt med klissete, ekkel krem. Fyttigrisen for noko svineri. Noko som berre understreker vondskapen i sitatet... eg svelt heller enn å ete brioche! Næringsfattig er det og... trur eg. Eg veit ikkje, eg kan ingenting om ernæring.

Ein annan grunn til at ho umogleg kan ha sagt "La dei ete kake", er fordi sitatet vi snakkar om er henta frå ei bok av Rosseau som vart påbyrja då Marie Antoinette var kun 9 år gamal. Sitatet er tilskriven ei anonym frøken på hoffet... men neppe altså Marie Antoinette. Eg mistenkjer ho tilogmed var i Austerrike på tidspunktet, og ikkje ved det franske hoffet.

Men for all del, ho var ei ganske så fæl dame, og det er få som sørger over at ho til slutt vart halshogd av dei revolusjonære jakobinarane. Og dei fleste har jo eigentleg god forståing for korleis kongelege og aristokratar som henne provoserte fram den franske revolusjonen. Ho er ein av dei første tingane ein tenkjer på, når ein tenkjer på revolusjonen.

Kanskje like ofte som ein tenkjer på storminga av Bastillen 14. juli i 1789, som i lag stenderforsamlinga som fann stad samstundes i Versailles, er å rekne som startskotet for revolusjonen. Bastillen var eit berykta fengsel for skurkar som trengte spesialhandsaming. Det vil seie at det aldri var meir enn 40 fanger der samstundes i løpet av 1700-talet, og då i juli 1789 var det berre sju stykk. Kommandanten på tidspunktet var Bernard-René de Launay, og han var, tru det eller ei, fødd på Bastillen. Han var son av den førre kommandanten, og oppdratt til ei karriere som offiser. Allereie som åtteåring vart han utnemnt som æresmedlem av kongens musketerar. Det er eigentleg ganske kult. Synd han satsa på ein ganske rævva karriere, for folk såg ikkje akkurat blidt på Bastillen som symbol på kongemakta. Sommaren 1789 var det dårleg stemning i Paris, og de Launay var smart til å styrke forsvarsverka og få inn forsterkingar av 32 sveitsiske leigesoldatar.

Samstundes var innbyggjarane i byen frykteleg urolege over kva som haldt på å hende i Versailles. Til slutt storma sintre borgarar  Hôtel de Invalides, der kommandanten hadde overgjeve seg og overlatt fleire tusen våpen. Det dei mangla var krutt, så dei vendte seg mot Bastillen som hadde krutt i rikt mon. Opprørarane dukka opp ved Bastillen på formiddagen, deira krav var klart; at de Launey skulle kapitulere festningsverket. Forhandlingane førte ingen veg, og opprørarane myldra inn og la festninga under beleiring. De Launay såg ikkje anna val enn å opne ild mot folkemassen, og dei skaut attende. Forsøk på kapitulasjon i bytte mot at soldatane i festninga fekk gå fri vart avvist, og dette gjorde ikkje forsvararane særleg villige til å leggje ned våpna. Dei hadde eit ess i ermet, dei venta forsterkingar frå lokale hærstyrkar.

Då forsterkingane endeleg kom klokka tre på ettermiddagen, var det ikkje til jubelrop frå de Launay og forsvararane. Dei desserterte og slo seg saman med opprørarane sitt åtak på Bastillen. Frustrasjonen og desperasjonen var til å ta og føle på i det gamle festningsverket. Det vart klarare og klarare for de Launay at det var umogleg å unngå ei massakre om dette fekk halde fram. Kunne han stå ansvarleg for det? I femtida fekk han lurt ut ei melding gjennom porten til opprørarane. Ein lten papirlapp med tilbod om kapitulasjon, om berre hans soldatar fekk gå fri. Dette vart avvist, men kva kunne han gjere? Han overgav seg likevel. Halv seks var storminga av Bastillen eit faktum.

I lag med dei andre forsvararane var de Launay pågripen, og slept ut av Bastillen. Dei vart ført gjennom byen av illsinte menneske som slo, sparka og hetsa. Vi kan lett forestille oss den julinga dei sinte parisbuarane delte ut til sine nye fangar. Ein godt forslått, fortvila og desperat de Launay reiv seg laus og sparka ein av sine voktarar i skrittet, kokken Dulait. “Nok!” skreik han “Drep meg no!”. Han trengte ikkje å be to gonger. Han vart slått i bakken og knivstukken fleire gonger, før dei skar hovudet av hans forslåtte og blodige kropp. Hovudet vart tredd på eit spydd og bert rundt i gatene av Paris.

“Er det eit opprør?” Skal kong Ludvig XVI ha spurd då han høyrde nyhenda. “Nei, det er ein revolusjon!” var svaret til La Rochefoucauld-Liancourt.

Kva gjer ein ikkje for litt krutt?

Ein av dei som storma bastillen og var med på drapet av de Launay var ein skotte med namn William Playfair, ein iherdig tilhengjar av opplysingsfilosofien som inspirerte revolusjonen. Og ein usannsynleg livat statistikar. Forfattar var han og. Han skreiv mellom anna vidunderlege verk som For the Use of the Enemies of England, a Real Statement of the Finances and Resources of Great Britain. Som sikkert vart til stor hjelp for alle som ønskte England vondt (som dei fleste skotter gjer). Etter storminga av Bastillen og revolusjonen var det litt som tyda på at han mista trua på det som foregjekk der og jakobinarane som styrte showet. Iallefall om ein skal tru boktitler som Thoughts on the Presnt State of French Politics, and the Necessity and Policy of Diminishing France, for Her Internat Peace, and to Secure the Tranquility of Europe og, ikkje minst, The History of Jacobinism. Its Crimes, Cruelties and Perfidies: Comprising an Inquiry into the Manner of Disseminating, under the Appearance of Philosophy and Virtue, Principles which are Equally Subversive of Order, Virtue, Religion, Liberty and Happiness. Det var som de forstår, diverre ikkje plass til ein lenger tittel på omslaget. Sjølv om det sikkert hadde vore best. Eg er framleis usikker på kva desse bøkene handlar om. Playfair, må vi rekne med var rettvis i sine omtaler av både England og Frankrike... det ligg jo litt i namnet, eller kva? Playfair... Play fair... leike pent... ja? Ja?... nei, okay, sorry.

Playfair hadde ei veldig omfattande karriere for å hovudsakleg ha vore ein statistiker. Han jobba mellom anna som sølvsmed, handelsmann, aksjemekler, eigedomsmekler og innsatt i fengsel. Desse tingane heng gjerne saman. Det var likevel hans fikling med tal som gjorde han mest kjend. Inspirert av Joseph Priestley sin bruk av tidslinjer nokre år tidlegare, gjorde villmannen Playfair det utrulege... han framstilte talmaterialet sitt med linjegrafer som viste vekst, og samanlikna tallmaterial ved hjelp av... søylediagram! Hans underlege teori var at data framstilt grafisk var langt lettare å forstå, enn berre ramser med tal... tru det eller ei.
Og ikkje nok med det. Mannen kjende verkeleg ikkje sine eigne grenser... for berre nokre få år seinare, truleg med han var på syre eller sopp, fann han ut at brioche... eg meiner kake var godt. Altså godt for å samanlikne data - hovudsakleg deler av det heile. Ja, du ser det, han oppfann, kakediagrammet!

For ein røvar.

Og som de ser, så går det ei line her, frå Marie Antoinette via den franske revolusjonen og storminga av Bastillen og opphavet til kakediagrammet. La dei ete kakediagram, erklærte Playfair, og det gjorde vi pokker meg og.

måndag 13. januar 2014

Buffalo Hump, commancheindianeren

Vi held fram med undervisinga her i moskeen. Ingen vits å stogge no, vel? Ikkje minst sidan vi har litt ekstra tid på oss, sidan Facebook ikkje vil vi skal laste opp bilete til sida. Og då er jo halve moroa med fjasebokji vekke, er det ikkje? Det fekk meg til å tenkje på ein indianar eg høyrde om her forleden. Han gjekk under det engelske namnet Buffalo Hump, og på midten av 1800-talet var han ein big shot blant commanchane. Trass i at han såg litt ut som ein gutekvalp.
Foto: http://firstpeople.us
No veit eg jo at indianerar slit litt med skjeggveksten, og at dei difor kan framstå som litt pinglege og feminine, men det skal ein vel ikkje halde mot dei - likevel, sjå på dette. Og dette biletet skal vere teken når han var i ytterst høg alder. Han var fødd ein gong rundt 1790, og døydde i 1870, altså om lag åtti år gamal. Og dette biletet er ifølgje firstpeople.us tatt i 1872. Altså to år etter hans død. Han held seg med andre ord jæææævla godt... eller så er det nokon som har problem med tal her. Merk at eg ikkje seier noko om kven, eller eit einaste ord om primitive sivilisasjonar og slikt, det ville vore grusomt ufint. Alle kan gjere ein feil. Så greit, dette er bilete av Buffalo Hump to år etter hans død. Lettare mummifisert og infantil med andre ord. Men sikkert ganske kul, om vi skal tru historia.

Heilt malapropos er jo eg av den generasjonen som tykkjer at cowboy og indianerar er noko av det kjekkaste som finnes, kanskje fordi det er så framand frå feskar og reinsame (var eg slem att no?), og eg har jo alltid drøymd om å få møte ein vassekte indianer. Noko eg gjorde i vinter. På den mest naturlege staden ein treff ein indianar. I ein pianobar, i Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland møtte eg for første gong i mitt liv ein vassekte apache-indianer. På pianoet.  Det var stort. Han dedikerte songer til oss, og småprat. Han såg det eksotiske i situsjonen, og insisterte sjølvsagt på å ta eit bilete av meg før vi gjekk. Sjølv om eg mistenkjer han har sett ein vestlandsmulla før... det kan vere skjegget han tykte var så flott.

Uansett, han var apache - som i seg sjølv er kult - og vi snakkar om comancheindianerar akkurat no. Det hadde seg slik at Commanchefolket ikkje var så begeistra for at kvite europearar slo seg til rette i landet deira, og protesterte med litt god gamaldags aktivisme. Og drap. Og sånn derre fridomskamp-slash-terrorisme-avhengig av kva side av saka du er på. Personleg er villig til å innrømme at dei nok hadde eit poeng angåande bleikfisane. Dei var ikkje heilt urimelege sjølvsagt, så i mars 1840 dukka dei opp for å forhandle med amerikanarane i Texas, under kvitt flagg kom leiande comancheindianerar i lag med kvinner og barn til forhandlingsbordet. Med seg hadde dei eit par mexicanske fangar ingen brydde seg om, og ei 16 år gamal kvit jente dei hadde nytta som leiketøy. Dei var villig til å overgje henne, og dei andre fangane dei dei ulike commanchebandene haldt - mot ein pris. Det var tydlegvis ikkje ein pris bleikfisane var villig til å betale, så dei gjekk laus på indianerane med rifler. Rifler har vist seg å vere veldig effektive mot menneske i lendeklede væpna med sløve kniver, så det var ein slakt - som inkluderte kvinner og born for å vere sikker.

Litt ufint kan ein seie. Og det er no Buffalo Hump kjem inn i biletet. Han leier det som er rekna for det største indianeråtaka på den kvite mann i indianerkrigane - "the Great Raid". Dei plyndra, brann og valdtok som hemn for forræderiet. Det kulminerte i "the Battle of Plum Creek" som det framleis er uvisst kven som vann. Både bleikfisane og commancheindianerane meiner dei stakk av med sigeren, men truleg var det nok jordsmonnet som tente mest på det heile. Falne krigarar er god gjødsel gitt.

Strida skulle halde fram i mange år, men til slutt etter fleire forsøk på å få til ei fredsavtale leia Buffalo Hump sine tilhengjarar til reservatet i 1856 og han slo seg sjølv ned som bonde for å vere eit førebilete for sitt folk. Han sørga over at dei hadde tapt sin leveveg, men haldt det altså gåande til sin død i 1870... og fotografens besøk i 1872. Det mest interessante med Buffalo Hump er likevel ikkje hans livshistorie. Slikt er for nerdar, og det er ikkje difor de les her. De sitt framleis og ventar på poenget gjer de ikkje? Vel, eg vart veldig nyfiken då eg høyrde om indianeren Buffalo Hump. For eit underleg namn, tenkte eg for meg sjølv, og bestemte meg for å finne ut meir om han. Og forutan livshistoria fann eg ut at hans engelske namn var eit velvalt pseudonym, då hans indainernamn var noko slikt som Po-cha-na-quar-hip. Sei det etter meg. Po-cha-na-quar-hip. Det har ein vidunderleg rytme og melodi. Og tyder noko slikt som ereksjonen som ikkje vil gå ned.

Og det er på slike tidspunkt eg får lyst til å skifte namn til noko meir fargerikt. Og det får meg til å tenkje på slike bilete som fjasebokji ikkje vil vi skal leggje ut der...

Og så av ein eller annan grunn får det meg til å lure på historia til ein annan indianar, ein saukindianar... nemleg den mindre kjende "Cannot do it". Og nei, eg køddar ikkje.
Foto: http://firstpeople.us

søndag 12. januar 2014

Den tapte krona av Fiume

Det er altfor lenge sidan eg har belært velsigna dykk, kjære lesarar, med meiningslaus trivia interessant kunnskap om ting de ikkje bryr dykk om de ikkje veit nok om. Særleg ting som er relevant for andre ting som de heller ikkje veit noko om. Ja, det er med andre ord på tide å sette dykk på skulebenken eit par minutt medan eg fortel om den tapte krona. Og då snakkar vi ikkje om hovudpynt, men om valuta. Noreg, Island, Danmark og Sverige har alle krone som valuta. Og det rocker. Alle veit det. Ei krone skal helst ha bilete av ei krone på seg, fordi konger har kroner, og det er kult. Dritkult og kongetøft. På konservativ nynorsk kallar vi kongen for drott, og då vert det simpelthen drottkult eller drottøft, men det er ei anna soge. Eg skal no berre kort presentere dykk for ei anna krone... den kunne til dømes sjå slik ut i 1920:
Dette er altså hundrekoners seddelen for den fiumiske krone, som var gjeldande mynteining i Fiume frå oktober 1919 til september 1920. Altså nesten i eit heilt år. Drottkult. Før det var mynteininga den austerrisk-ungarske krona så klart, men det var jo ikkje aktuelt når fiume vart fristat... og dessutan opphøyrde den austerrisk-ungarske krona å vere gyldig i 1918 eller noko slikt. For de skjønner, etter at austerrike-ungarn vart oppløyst etter den første verdskrig, endte Fiume opp med å verte eit vanskeleg spørsmål for alle nasjonane i området. Alt frå serbarar til italienarar krevde byen som sin, men til slutt var det ein italiensk poet med namn Gabriele D'Annunzio som tilførte situasjonen litt passande politisk estetikk ved å okkupere byen og henge opp hengekøya si der. Og medan krona fungerte fint for han i eit års tid, var det den italienske lira som tok over som valuta medan han var inn og ut av byen dei neste fire-fem åra. Å vere inn og ut var noko han likte veldig godt, og sogene om hans omgang med kvinner fram til sin død som gamal gubbe er det mange av. Det er ikkje lite overraskande at D'Annunzio vert rekna som forfaren og den store inspirasjonen til den italienske fascismen som Mussolini gjorde så jævla populær.

Mindre kjend er det at han perfeksjonerte internasjonale teknikker for å verte mata med druer av unge jenter.

Det fann eg eigentleg berre på, men eg er sikker på at det er sant.

Så no har du lært om krona som berre varte i 11 månadar. Den tapta krona.

Det var alt for i dag.