Eg er så gamal at eg hugser når Batman heitte Lynvingen på norsk. Det er ikkje alle fornorskinger av engelske ord og namn som er vellukka, og Lynvingen er vel eit av dei meir katastrofale. For kva i all verda tyder eigentleg Lynvingen? Og kvifor er Lynvingen kledd ut som ein flaggermus? (Kvifor Bruce Wayne kler seg ut som ein flaggermus er eit anna spørsmål, men det overlet eg til kvalifiserte psykiatre).
Kva har gått gjennom skallen på den norske redaktøren som fann ut at flaggermus... joda, dei flyr snøgt som lynet og har vinger, gjer dei ikkje? Lynvinge! Eller hadde dei berre ei liste med namn på superhelter som dei kunne trekkje fritt ut av. Skal vi vere glade for at Batman ikkje fekk namnet Raude Spurv og at Supermann ikkje vart Knust Avakado. Dette er verdt å tenkje på.
Lynvingen...
Det funker simpelthen særs dårleg. Det er liksom ingenting meir ein kan seie om det.
Batman er kult. Batman er faktisk genial. Han vart skapt av Bob Kane i 1939, og var frå starten av ein bortskjemt rikmansson som i nattens mulm og mørke kledde seg ut som ein flaggermus for å leike detektiv og løyse vanskelege krimgåter. Serien har alltid veksla mellom det tøffe detektivarbeidet og det lettare absurde, etterkvart som meir og meir fargerike skurker dukka opp for å utfordre detektiven og hans unge
80-talet gav oss ein tøffare Batman, særleg i kjølvatnet av Frank Miller sin Dark Knight. Psykosen som alltid hadde vore ein del av Bruce Wayne-Batman dynamikken skulle no komme tydlegare fram, og han skulle bli enno valdlegare enn tidlegare. Og vi likte det.
Batman er simpelthen genial. Nyleg vitja eg Studentradioen i Bergen og prata ein times tid om Batman. Og så trur eg det finnes ein 40 minutt med ekstra pludring om ostehøvler og teikneserier som skal leggjast ut. Det har ikkje dukka opp enno, så vi får berre vente.
I mellomtida kan vi trøyste oss med at Batman er beintøff. Så tøff at han ein dag i framtida vil redde oss frå maskinveldet. Ja, om nokon er ein match for Terminator og Skynet... så er det Batman. For Terminator er òg kult. Så istadenfor eit radiopptak av meg, så gjev eg dykk dette:
30 years have passed since Bruce Wayne survived Skynet's nuclear blasts in August of '97. Iron demons now roam the planet, and without the requirement to defend the innocent against crime and injustice, Wayne has seeked refuge in the bomb shelter that saved his life; the Batcave.
Having scavenged the wasteland for resources, he discovers the radio of a dead soldier. There is static over a frequency. Flesh and blood is rising up to the west. With The Stinger; a riot control vehicular unit built before the apocalypse along with a refitted bomb blast vest, Batman makes his way across what remains of the United States to join forces with the man determined to neutralize the electronic menace - John Conner.
Men for all del... om du tykkjer det er litt smålåten med ein animert crossover med eit filmunivers. Kva om du køyrer på med Batman og to filmunivers?
Hadde eg ikkje inkludert denne, så hadde folk klaga. Dagens trivia: Jokeren speles her av Joshua Andrew Koenig, som døde i 2010. Han var son av Walter Koenig som spelte Chekov i Star Trek, og Alfred Bester i Babylon 5. Han er no aktuell med pilot til ny Star Trek serie fianansiert på IndieGogo.
Så medan vi venter på opptak frå Studentradioen, kva er din favorittversjon av den psykotiske flaggermusmannen?