søndag 27. juli 2014

Ferieplanar? Det er ikkje for seint!

Ferien er snart over, men det er ikkje for seint å reise vekk! Ein kan alltids plukke opp telefonen og ringe ein nær eller fjern ven, kanskje nokon du kjenner på nettet. Kanskje ein bloggar du har følgd lenge? Kanskje du føler det er ein spesiell kjemi mellom dykk? Det er jo isåfall berre å ringe henne eller han, og leggje fram planen.

La meg demonstrere:

*ringelyd*

Hei Caroline, det er meg.

Hysj, hysj, hysj. Ikkje snakk, eg forstår.

Berre pakk sakene dine du, vi skal på tur.

Nei, nei, nei, ikkje tenk på han, ikkje tenk på noko anna enn oss.

Ja, eg veit, eg veit, det er ulikt meg, eg kjenner knapt meg sjølv att.

Kast til side diettmuffinsen no, hiv slankepulveret og proteinmixen i den orange Lipault-kofferten. Legg sminka Lulusminkeveska, og legg den i Samsonitekofferten i lag med Louis Vuiton-stelleveska med bleiene. Babyen lar du vere heime, den matcher ingenting.

Vi skal på ferie no. Berre meg og deg. Du kan gløyme han fyren, han mannen, og få tankane over på andre ting. Vi må vekk. Finne roen, tid til å blogge, og style oss skikkeleg. Eg treng pedikyr, det gjer du og. Verkeleg. Fotsopp er usexy.

Hysj, hysj, hysj, ikkje protester. Eg veit dette er noko du vil. Du har sagt det til meg. Eg les det mellom linjene i kvart eit blogginnlegg.

Så trill ut kofferten no, eg sitt i taxien, eg er på veg. Hotellet har badebasseng, og gratis solkrem - faktor 100, og det er stabil wi-fi, du kjem ikkje til å sakne nokon. Ingen kjem til å sakne deg heller, det går så bra. Velunt ferie.

Ikkje babyen heller nei. Du veit det hadde vore umogleg, den står ikkje til gardinene på hotellrommet. Eg har sendt deg bilete. Har eg ikkje? Var vanskeleg, eg hadde ikkje mobilnummeret ditt, måtte leite litt. Takk og pris for at hustelefonen er på Gulesider.no.

Nei, ikkje legg på. Eg veit du er gira på å komme avgarde, men du veit ikkje kvar du skal møte meg enno. Eg er på veg til din nærmaste Deli de Luca. Eg har pakka lærbukser og pisk, eit par masker til kvar av oss, gummihandsker og ein sekk med kaninfor. Vi treng ikkje meir. Ikkje når vi har kvarandre.

Ja, Caroline, vår kjærleik er så forbudt at politiet burde vore varsla, men nok leik no, eg er på veg, eg er der snart. Eg kjem! Eg kjem! Kjem du?!


*klikk*


INGEN BLOGGARAR VART SKADA ELLER OPPRINGT I PRODUKSJONEN AV DETTE INNLEGGET. EIN KVEPS VART JAGA VEKK: KVIFOR ER DET SÅ MYKJE KVEPS I ÅR?!

tysdag 22. juli 2014

Hello Kalifat

Sommaren er travel, vi jobbar hardt med å oppnå vår draum om å verte kalif istadenfor kalifen. Noko som alltid har vore vanskeleg, då det siste ottomanske kalifatet vart oppløyst i 1924 og den komande mahdien og hans endelege kalifat lar vente på seg. Så klart, ein har jo alltids kalifatet til Ahmadiyyasekta. Eg likar dei. Eg gjer jo det. Deira noverande kalif er den femte i rekkja som har tittelen Khalifatul Masih, etterkomaren av messias, og har hatt hovudsete i London etter at hans forgjengar stakk dit. Og der ligg liksom problemet, kva er vitsen med å vere kalif om heile den muslimske verda er dødsirritert på deg? Ahmadiyya er ei kjempekjekk sekt, det er berre det at dei fleste muslimar meiner dei er hakket for sprø - då dei meiner at Messias dukka opp ein gong i India/Pakistan på 1800-talet. Dei er liksom islam sitt svar på Jehovas Vitner. Smak litt på det. Så nei, det er liksom ikkje den kalifen eg har lyst til å bli kalif istadenfor.

Nei, for å få oppfyllt min draum, måtte først amerikanarane velte Saddam Hussein (AKA Tande P med bart), og destabilisere Irak. Deretter måtte vi destabilisere heile regionen (lett som berre det, hallo), og særleg då Syria. Og så måtte jo sjølvsagt verdssamfunnet la vere å gjere noko for å hjelpe befolkinga i Syria, slik at dei kunne vende seg til sprutsprø islamistar som så klart tilbudte hjelp og ein evig straum av heilage krigarar og martyrar.

Og med det er jo scena satt for ISIS / ISIL å kunne etablere seg i Syria og Irak, og opprette det første skikkelege kalifatet på nesten hundre år og byrje å terrorisere sivilbefolkinga. Spesielt ille har det gått ut over dei kristne i områda dei har okkupert, men du må ikkje tru at rettruande muslimar slepp unna. Den sjølverklærte kalifen si tolking av islam er særare enn ein grinande klovn blant meklarane på Oslo Børs. Såeh... dei må gå.

Og dei har jo ikkje akkurat gjort ein stor jobb i å skaffe seg vener. Sjølv ikkje blant dei andre islamistiske opprørsgruppene i Syria er det store entusiasmen å finne for dei. Ei av dei er Jaysh al-Islam, tidlegare Liwa al-Islam (den islamske brigade), som under leiing av Zahran Alloush er ein gjeng på nesten 50 000 drittsekker. Men dei likar ikkje ISIS / ISIL og deira forsøk på å danne eit kalifat.

Difor har dei hamna på mailinglista mi med informasjonsmaterial om korleis eg skal bli kalif istadenfor kalifen, og korleis det nye kalifatet skal bli.

Eg fortel dette, i all hovudsak, for å forklare dette biletet som har gått sin sigersgong på Twitter.

Som de ser, så har han altså fått ein av dei fine Hello Kitty-notatbøkene med planar for kalifatet mitt, men eg veit ikkje om han har lest det og tatt til vet. Siste eg høyrde så var han framleis ein skjeggete dass, så eg tviler.

Men det er lov å vone. For ein dag, ein dag skal eg bli kalif istadenfor kalifen.

Utan å plage dei kule folka i Ahmadiyya-sekta. For dei er eigentleg berre søte. Med meir sans for humor enn alle jihadistane i Syria lagt saman.