måndag 29. september 2014

Vassekte kannibalkost

Eg er gravid med ei bok. Det er difor eg er så rund. Heilt sant. Og denne boka får eg aldri høve til å føde, fordi eg må skrive alle andre bøker og artikler først, men den er der, og eg tenkjer på den. Heile tida. Gnir meg på magen og lager koselyder. Bok seier eg. Det skal bli bok. Ei skikkeleg kokebok. Det heile byrja med ei sunn interesse for kannibalisme og kannibalistisk kosthold. Men tida strekk berre ikkje til. I mellomtida får eg jo berre kose meg litt på kjøkkenet med eigne oppskrifter. Og eg har skjønt at matblogging det er tingen.

Eit av dei største problema på mitt og ditt kjøkken er kva ein skal gjere med restemat. I eit kannibalistisk kosthold, som i dei fleste kjøtetande kosthold, så kan det snøgt oppstå ein del svinn om ein ikkje har ein plan for alt. Eg likar å tru at eg bruker heile mennesket når eg lagar mat, og då gjeld det å ha ei oppskrift for alt. Det er lett å finne bruksområde for lever, lår og rumpa, men kva med ankler, arm og albue. Her er det ofte ikkje nok kjøt. Mitt tips er så klart å bruke desse til å woke med. Kutt dei opp i biter, og hiv dei i wokpanna simpelten. Med ingefær. Min favorittoppskrift er som følgjer;

Steik opp litt lauk, og gjerne litt kvitlauk på middels varme i wokpanna, med litt god olivenolje. Når lauken er gjennomsiktig så hiv du oppi 300-400 gram kjøtt (1 - 2 arm, avhengig av personen), i lag med ein dæsj finhakka ingefær (ein teskjei eller meir). Ingefær er, som alle veit, heilt naudsynt i kannibalistisk matlaging, og får fram det beste i kjøtsmaken. Eg trur ikkje eg har ei einaste oppskrift som ikkje inneheld ingefær eller lauk.
La dette steike og godgjere seg så lenge som naudsynt. Pass på at kjøtet kan innehalde litt mykje veske og at dersom du ikkje er varsam så ender du opp med å koke, og ikkje steike kjøtet.

Det finnes mange gode forteljingar om korleis misjonærar til Afrika endte opp i ei gryte, men ingen a desse har eg nokon gong klart å få stadfesta. Ein skal leite lenge etter prov på afrikansk kannibalisme i førmoderne tid. I moderne tid derimot har det blitt veldig populært som ein del av terror og krigføring. Slik er no vi menneske. Men sidan kannibalisme er noko ein ofte assosierar med Afrika, tilråder eg å gje maten eit lite afrikansk preg, og kva er vel meir afrikansk enn bananen? Eg har blitt overraska over kor vanleg banan er i afrikansk kosthold, og sleng med glede 1 - 2 bananar i wokpanna når kjøtet er klart, og strør så over med ei halv pose med knuste cashewnøtter (resten gumlar eg under matlaginga). Bananar og ingefær fungerar overraskande bra i lag.
Hiv deretter på litt chili-saus, gjerne av eit søtt slag om du skal gå fullstendig asiatisk. Du treng ikkje meir enn ein spiseskjei eller to, menh om du vil lage ei skikkeleg gryte så berre heller du på med søt chiliog lar det putre ei stund.

Server med ris eller nudler, hell i to glas med chianti og sett på ein episode av Hannibal, og vips har du ein kannibalfest for to.

For dei som ikkje har naboar dei ønskjer å verte kvitt, så finnes det variantar av denne oppskrifta som nyttar svinekjøt over alt på nettet, takka vere Opplysingskontoret for kjøt. Bon apetite.

laurdag 27. september 2014

Skal det vere litt drops?

Ei gamal dame kom opp til meg på gata. Ho må ha vore nærare nytti, med krumbøygd nakke og eit tannlaust venlig smil. Det ramla møllkuler ut av jakkeermet på den den gamle loslitte kåpa då ho strakte fram armen for å presse ei eske inn i hendene mine. Det lukta som gamle visne fioler av henne, og ho hadde to tre pistrete hårstrå i andletet, som verhår på ein katt. Slikt er vanskeleg å seie nei til. Det er i grunn vanskeleg å seie nei til gamle damer, som knapt  klarar å stå oppreist. Eg tenkte eg skulle hjelpe henne med matvarene og komme meg avgarde, ho sleit med å få dei opp i den lille trillekorga ho hadde hatt med seg på handletur - du veit slik dei aller eldste av dei gamle gjerne får. Ho hadde kjøpt inn alt ho trengte av kattemat, kefir og Friele kaffe. Det er slikt gamle damer lev av tenkjer eg.

"Takk" sa ho "du minner meg slik om bror min. Han var og slik ein god gut. Hjelpsom."

"Berre hyggjeleg" mumla eg, og tenkte meg vidare på min veg mot polet (ein whisky etter arbeid, ja takk), men hennar fomlande beinete fingrer hekta seg fast i ermet mitt og signaliserte at ho ville meir.

"Han døde i krigen. Min bror. Men han var alltid glad i drops." Aha, tenkte eg, dette kan snøgt verte ei vanskeleg samtale. Det var då ho fiska noko ut av lomma si og pressa det opp i handa mi. "Dette var favoritten hans. Du minner meg slik om han. Slik ein stram ung kar."

Ho slapp taket og nikka, smilte med munnen lukka, og snudde seg for å gå. Eg stod att med ei sliten pakke med kamferdrops.

Etter nokre steg snudde ho seg og mumla "Men klipp skjegget er snill, du ser så jüdisk ut."