Wojtek vart fødd i Iran i tida rundt 1942, nær Hamadan. Han var foreldrelaus då mora vart skoten kort tid etter han vart fødd. Kjenner eg Iran rett så var det sikkert fordi ho hadde skeivt skaut, var skeiv eller såg skeivt på nokon. Eg likar Iran, men det er fucked up, ok? Og om ein skal ta utgangspunkt i mora til Wojtek, så var det fucked up før Ayatollaene svinsa inn med fotsie kjoler for å gjere Salman Rushdie til populær forfattar. Og slikt.
Heldigvis vart den unge Wojtek funnen av ein ung gut som tok han til seg. Men sidan det liksom er noko ein gjer i Iran, så solgte han Wojtek til ein polsk flyktning på veg gjennom fjella. Elburzfjella for å vere presis, heilt nord i Iran. Polakken var på flukt frå Sovjetiske styrker som utførde ein pogrom i landsbygda hennar. Den naturlege staden å flykte for ein polakk på flukt frå russiske soldatar er så klart dei iranske fjella.
Eg stiller ikkje spørsmål med dette, og det burde ikkje du heller. Det finnes ingen hol i denne fortelja.
Vel, Wojtek vart solgt. Som ei vare. Eg er sikker på at Kvinnefronten eller Ottar hadde hatt sitt å seie om dette om Wojtek var fødd jente, men det var han ikkje, så det finnes ingen som taler hans sak i dette.
Inka Bokiewitz som kjøpte Wojtek er nok og dama som gav han namnet sitt. Eg trur ikkje Wojtek er eit vanleg iransk namn. Medmindre det er frykteleg mange polakker som reiser gjennom fjella nær Hamadan. Kva veit eg? Det er nytt for meg at det var ein einaste som gjorde det.
Men vi stiller som sagt ikkje spørsmål her, vi prøver å attfortelje soga om Wojtek.
Inka synte seg å ikkje vere så frykteleg keen på å behalde han, så ho donerte han til den polske hæren. Som visstnok òg var å finne i Elburzfjella. Travel stad det der. Polakkar valfarta tydlegvis til nord-iranske fjell under den andre verdskrig.
Ja, greitt, eg har litt problem med å komme over den biten, men eg stiller i det minste ikkje spørsmål ved det!
Wojtek vart først uoffiselt innlemma i det 22. artillerikompani i den andre polske hæren. Soldatane her sørga for å gje han mjølk frå tomme vodkaflasker, og mata han med frukt, syltetøy, honning og sirup i følgje dei fleste kjelder. Etterkvart gjekk han over til sigaretter som han både spiste og røyka (dersom nokon hjalp han å få fyr), samt øl. Øl var ein stor favoritt hjå Wojtek. Han om det. Eg tykkjer det vart litt tidleg.
Wojtek følgde artillerikompaniet gjennom Irak, Syria og Egypt, og då han skulle transporterast av britiske transportskip under invasjonen av Italia vart han offisielt innskriven som menig soldat i kompaniet. Han var no eitt eller to år gamal.
Under kampanja i Italia bistod han med transport og var ein kløpper til å bere ammunisjon.
Altså, eg bør nemne at Wojtek var ein bjørn. Difor han var sterk nok til å bere ammunisjon i to-års aldaren. Eg burde ha sagt det med ein gong, orsak! Uansett, han tenestegjorde ærefullt under heile krigen. Han drakk, røyka og leikesloss med sine medsoldatar og herja godt med dei alle saman. Det er vel trygt å seie at Wojtek kanskje er ein av dei største krigsheltane i andre verdskrig. Dei hadde sikkert andre og, men han er den einaste eg kjenner til. Eg kan frykteleg lite om polsk historie.
Herregud, eg visste jo ikkje ein gong at polakkar hadde for vane å gøyme seg i Iranske fjell. Så eg er fullstendig blank.
Etter krigen vart han stasjonert i Skottland, men etter at hæren demobiliserte vart han dumpa i Zoologisk hage i Edinburgh. Og eg er ganske sikker på at Wojtek iallefall er den einaste polske krigshelten det hende med. Det er ikkje greitt. Der levde han til han døydde i 1963. Han var populær blant besøkjande, såvel som BBC. Særleg fordi han var så glad i sigarettar. Som han spiste, fordi ingen vågde seg inn i buret for å gje han fyr.
Eg veit ikkje om det er mest frekt eller feigt. Om ein polsk-iransk bjørn i Skottland ber meg om fyr, så får han pokker meg fyr.
Polsk-iransk bjørn i Skottland? Her snakkar vi multikultur. Er det å plassere han i dyrehagen litt som å internere Mulla Krekar i Hemnes? Berre ein tanke.
Han har fått si oppreising då. Først og framst i form av ein dokumentar der Mulla-look-alike Brian Blessed er forteljaren, men og i form av ei statue reist til hans ære i Edinburgh i 2013. Det er jo ganske awesome. Og grunn nok til å vete kven Wojtek var, ein ekte bjørnetenestemann i den polske hæren.
Og det var dagens historieleksjon. Takk til internett som ikkje har latt meg tenkje på noko anna dei siste vekene.