onsdag 8. april 2015

Gode gamle Fanta

Her i moskeen er vi glade i Fanta, men drikk det altfor sjeldan. Det kan hende det har noko med at vi prøver å unngå sukkerprodukt å gjere, og kanskje ein eller annan stad inni oss har vi ikkje heilt gjett opp tanken på å ikkje kjøpe Coca Cola produkt. Om det er det sistnemnte så ligg det langt der inne, altså, heilt på botnen der anarkiet framleis rår i mi sjel, for resten av meg har gjett fullstendig opp og har omfamna konsumkulturen som om det skulle ha vore ein tapt tvillingbror. Uansett, så er ein kald Fanta ganske forfriskande og godt. Og vi nærmar oss 75 års jubileum for denne kullsyrehaldige fruktdrikken, noko selskapet gjerne ville markere med ein artig liten video.
.
Hoho, den var fin, ikkje sant? Vi kjem straks attende til den, men eg vil først fortelje kva som er aller, aller best med fanta, og det er variasjonen. Mullaen reiser jo litt rundtomkring, og han elskar å smake på nye e-stoffer og kunstige leskedrikker kvar enn han reiser, og Fanta er ein gjenganger. For det finnes ørten og trygve variantar av Fanta (meir presist 90 variantar i skrivande stund), og dei ulike landa rundtomkring i verda har ulike variantar til sals, og dei ulike landa har ulike oppskrifter på dei vanlegaste drinkane. Den klassiske fantaen er faktisk ikkje lik i alle land. Fanta og Fanta Orange som drikken er solgt som i statane til dømes, er ikkje den same Fantaen. Den klassiske Fanta er faktisk ikkje ein apelsindrikk i det heile tatt, uansett kor gul den er. Spennande?

I noreg kan ein til dømes finne følgjande Fanta-variantar i dag:
Orange, Lemon, Exotic, Zero Orange (høhøhø, ingen appelsin?), Peach Tropical, Grape, Strawberry og Mango & Passionfruit. Tidlegare har vi kunne få kjøpt eple, Shokata, Wild Berries og Fanta Free Pineapple Grapefruit. Personleg er eg på jakt etter Banana Fermented Milk Fanta, men eg har enno ikkje klart å finne den nokon stad.

I Rwanda så kalles all brus for Fanta, sjølv om det berre er Fanta Citron, Orange og Fiesta som er tilgjengeleg. Om du skal ha Coca Cola i Rwanda så bestiller du gjerne ein Fanta Cocoa,  og om du vil ha min fars foretrukne blandevatn så bestiller du deg ein Fanta Sprite. Rwanda er altså meir enn folkemord. Det er Fanta.

Den originale fantaen, som den du ser i videoen over, består i all hovudsak av restestoff. Epleskall og myse frå osteproduksjon. Ost vert jo gjerne laga av at ein skil mysen frå ostemassen i mjølka. Myse er altså eit avfallsprodukt som ein i god husmannstradisjon har nytta til å brygge både det eine og det andre. Inkludert Fanta. Kvifor? Jo, no skal du høyre.

Som videoen over fortalde (kva meiner du med at du ikkje kan tysk?) så var det i ein periode for litt over 70 år sidan vanskeleg for den tyske avdelinga av Coca Cola å få tak i sirupen som er basisen for den populære leskedrikken. Den dåverande sjefen for Coca Cola Tyskland, Max Keith måtte finne på eit alternativ. Han hadde tatt over Coca Cola sine operasjonar då hans forgjengar døde i 1938. Altså, han tok over slik ein gjerne gjorde i dei det Tredje Riket - han vart gjett ansvaret for Coca Cola av staten. For det hadde seg jo slik at Tyskland hadde visse issues med omverda på dette tidspunktet, og då dei var heilt tomme for sirup i 1941 så fekk dei ikkje nytt fordi det var mangelvare, men fordi Tyskland var i krig med resten av verda, inkludert USA, der Coca Cola haldt til og sirupen kom ifrå. Oooops. Så naud lærte naken kvinne å spinne, og Max Keith å brygge på epleskal. Resultatet var Fanta, produsert av flittige slavearbeidarar på Coca Cola-fabrikken.

Etter krigen sørga Max Keith for at moderselskapet fekk all profitten frå krigsåra, og i 1960 kjøpte moderselsakpet oppskrifta på Fanta. Og resten er historie og 90-ulike smaker.

Og som med det meste av historie, så kan det vere litt vanskeleg. Reklamefilmen som ville feire dei gode gamle dagane og opphavet til Fanta måtte diverre trekkast frå marknaden. Det var noko med at den reinvaska nazismen og krigen og whatnot. Folk er så kjenslevare.

Den som photoshopper eit bilete av Adolf Hitler som veiver med ei flaske Fanta skal få... uhm... ei flaske Fanta av meg. Dette innlegget er langtifrå sponsa av Coca Cola.