laurdag 29. august 2015

Japansk humaniora, treng vi det?

Den såkalla krisa i humaniora held tydlegvis på å spre seg frå Noreg til Japan, for Morgenbladet kan denne veke rapportere at utdanningsministeren vil reformere eller leggje ned humaniora og samfunnsvitskapen ved japanske universitet. Dette inkluderar då sjølvsagt juss og økonomi. Jussen kan til nød få overleve dersom dei sluttar å mase om grunnlova og grunnleggjande rettar i samfunnet, og fokuserar meir på det som er viktig forettningsjus og byggesaker. Her snakkar vi eit land som ligg i forkant av alt. Eg reknar med Torbjørn Røe Isaksen no kriblar i fingrer og trusa etter å få gjort det same her heime. For kor stor nytte har ein av desse tullete menneskeorienterte vitskapane - robotar kan fint programmerast av matematikarar, kven treng moral, etikk og språk?

Ja, ta no språk. Kvifor gå på universitetet for å lære om språk? Ein kan jo lære det på så mange ulik vis. Sjølv tilråder eg å lære engelsk av Zuiikin'-jentene.



Universitetskurs er overflødige. Språk kan leverast ved å øve dei delane kroppen som er dei mest aktive hjå brukarane av språket, det fortel opphavsmannen til Zuiikin'-jentane. Dei spelte inn 25 episodar av språkserien som vart synt på seine nattestimar og på morgonkvisten på Fuji TV.

Med språkvitskapen ut av vindauget har ein komen langt på veg i å kvitte oss med tullete fag i humaniora. No skal det jo seiast at Japan har litt lettare for å gjere dette. Då store delar av humaniora og samfunnsvitskapen er reflekterande vitskaper som fokuserar innad på samfunnet, kulturen og individet og prøver å forstå dette.

Japan er ein kultur som kanskje ikkje har så godt av å reflektere over kva og korleis dei er? Vil vi eigentleg forstå dette?



Fascinerande, ja, men vil du verkeleg forstå det? Er ikkje det like greitt å akseptere at alt ikkje kan forståast? Eg skulle tru at det er det den japanske utdanningsministeren har konkludert med. Til det beste for det japanske folk skal sjølvrefleksive tankeprosessar skyllast ut av utdanningssystemet.

Ikkje gløym at det var Japan som gav oss mangaen Hentai Kamen - no òg som spelefilm:

Kort oppsummert? Hentai Kamen får sine krefter frå jentetruser. Treng vi å seie meir?

Filmen er forøvreg mogleg å importere på blu-ray, og vil bli synt i moskeen ein av dei neste vekene. For nokon  prøve å forstå japansk kultur, sjølv om dei ikkje vil det - koste kva det koste vil!