tysdag 22. desember 2015

Beep Boop Weep!

Greitt! Det er på tide å ta ein pause frå Tom Egeland-vitsane, er det ikkje? Dei var strengt tatt ikkje morosame lenger. Så då turar vi berre på og opner neste luke. Det er ikkje mange att, så no er det ekstra spennande å sjå kva trugsler som venter i neste luke! Her er det jo full krig, med våpen på våpen. Kunne tru at det var det Star Wars handla om...


Og i luke nummer 22 var det overraskande nok ein pose med lego. Vi er ganske så sjokkerte, men tar oss saman og smeller saman det som det skal vere. Og tadaaaa
 Det er altså alles kjære R2-D2 med reinsdyr horn på hovudet. Så forbanna originalt. Dette er like bra som the Star Wars Holiday Special. Beep boop weep! Boowoop!

 Tom Egeland tar ein pause frå å flykte for Imperiet for å helse på. Det er jul trass alt (HA! Vi sneik inn ein Tom Egeland-referanse til, det hadde du ikkje venta!) Beep beep beep, seier R2-D2. Ja, kva enn du seier, seier Tom Egeland.
Utini! Jawaen har komt seg etter å ha bli drept av Imperiet og vil helse på han og! Dei er jo gamle vener! BLEEEP! BLUUURP! skriker R2-D2, men jawaen har ikkje tenkt å kidnappe R2-D2 denne gongen. Utini sier han. Utini. For kven i helvete vil ha ein astromechdroide med reinsdyrhorn på hovudet? Det er berre fucked up.

Jaja! Beep boop woop, alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar