søndag 20. desember 2015

Eit uventa besøk

I går fekk Tom Egeland ein planetforsvarskanonting, og gøymde seg bak den medan han prøvde å finne eit vis å rette den mot noko anna enn atmosfæra. Det er jo ikkje så lett, men han gjev ikkje lett opp han Tom Egeland.
I vår ende av galaksen byrjar det å nærme seg jul. Jul er travelt. Og vi er alle som usikre på korleis vi skal få gjort alt som skal gjerast. Anten det no er innkjøp av julegåver, vaske hus, pynte eller grave nokon ned i hagen. Heldigvis er det ein varm vinter, som permafrosten gjer det i det minste ikkje så vanskeleg å grave, men alt dette regnet gjer det litt som å grave gjørme, altså. Hjelpes, det er ikkje kjekt.

Uansett, eit av dei mange juletiltaka vi har her i moskeen er jo å opne denne fordømrade julekalenderen kvar dag, og i dag er intet unntak. Spørsmålet er, kva effekt vil dagens luke ha på livet til Tom Egeland. 


 Oh myyy... ser du alt det svarte? Ved sida av grått er det jo den andre favorittfargen til Imperiet. Og det er jo skurkefargen. Kanskje Imperiet får forsterkingar?

Visst pokker! Eg kan høyre dei koda signala no! Det er ein Imperial Probe droid!
Berre ignorer den gjennomsiktige plasten! Den skal sveve! Ser du ikkje det?
Den er her for å leite etter opprørsstyrker. For å kunne pusse imperiets mektige her på dei!

Å nei! Han har funne Tom Egeland!

 Og han påkallar forsterkingar!
AT-ATen har snust seg fram til Tom Egeland ved hjelp av proberoboten! Dette vert nesten for spennande! Kvar er mullaens hjartemedisin!?

Har han ikkje!? Kva faen?! Sjå på han då! Han ser ut som ein mann som treng hjartemedisin! Ring legen! Med ein jævla gong, før han ramlar overende!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar