Den store dagen er her! Det er tre nøtter for Askepott på fjernsynet, sikkert noko Disneyopplegg ein eller annan stad, og dyre gåver i ein haug midt i stova. Iallefall om du har barn.
Og pengar til det.
Pengar er viktig.
Vert ikkje jul utan pengar.
For pengar lar deg kjøpe alt dette skrotet du gjev til folk for å demonstrere at du skal vere glad i dei. Og så vonar du at dei har lagt litt meir tanke i presangen dei gjev deg, enn du la i dine innkjøp. Og at den ligg sånn omtrentleg i same prisklasse. Dette har alt å seie for å forholdet dykk imellom neste året. Har du brukt meir pengar, så vert du jo litt snurt og snytt, ja? Og om dei har brukt mykje meir pengar, så er du i takksamsgjeld til dei. Akk, dette sosiale spelet. Det er overraskande at vi gidd, i det heile.
Neida. Joda. Neida. Vi treng ikkje å vere så kyniske. Det er ikkje eit så rått spel. Det er folk som vil gje kvarandre gåver. For å spre litt glede.
Om dei har pengar. Om dei ikkje har pengar så må dei pent halde kjeft, ete grandisen sin og gje sokker til borna sine. Fordi berre slik veit vi kor mykje vi har, ved at dei har mindre enn oss. Og så kan vi føle oss ekstra gode når vi les om korleis ein eller annan goding har forbarma seg over fattigfolket. Ja, for det skal vi gjere neste år, sant? Invitere ein einsam og pengelens person til å feire jul med oss (berre den eine gongen, det vert den eine spesielle julen dei fekk oppleve rikfolket sin jul, det er snillt det). Neste år. I år funka det dårleg. Var så hektisk desember. Alt som skulle førebuast. Alle gjestane som kom. Alle gåvene som skulle handlast.
Neste år skal vi gni det skikkeleg inn.
Nei, no vart vi kyniske att gitt. Det kan hende juleånden har forlatt oss heilt her i moskeen. Kanskje det hjelper om vi opner ei luke? Sjølvaste julaftenluka? Den må jo bli bra! Vi river opp luka og mater posen med legobitar til mullaen!
Han sluker posen heil, og spytter ut bitane i sin ferdige form! Og hurrameghopp det er sjølvaste julenissen!
Nei, vent no litt! Der lurte han oss nesten! Det er jo C-3PO. Blant vener kjend som Goldenrod. Prippenslask Goldenrod! Han har kledd seg ut som nissen. Eller kanskje han er nissen?!
Men kva det er? Han virker ikkje som sitt lystige sjølv. Var det min tirade no i stad som fekk han ute av julestemning? Nei, det er R2-D2 som har stelt julekjerra hans!
Og det er mykje piping, huffing, hmsking og blipp! R2-D2 vil leike, medan C-3PO er indignert som berre ein som er programmert for indignasjon kan vere. Til slutt er det sutrepaven som sutrar seg til å få rom kjelken attende. Du kan trekke, ditt reinsdyr, erklærar C-3PO!
Trekk dette, piper R2-D2. Og C-3PO flyr avgarde over the Jundland Wastes åleine. Sjå der, på himmelen over moskeen! Her kjem han med gåver til mullaen!
Så då vart det jul til slutt, må eg vel seie.
Og med det så er denne Star Wars Lego Julekalenderen over. sjå her alt det ubrukelege stæsjet den inneheld! Sjå!
Sjåååå!
Herregud. Det er så meiningslaust som berre jul kan vere. Så kommersielt. Så materialistisk. Eit så vidunderleg konsum. Jesus, nissen og Krampus vil vere stolte av oss i år!
Men det er ein ting som har mangla. Det er ein ting som trengst. Som prikken over i-en. Det er jo ikkje ekte Star Wars utan...
Takk! Jar-Jar Binks! Der var du!
Og med det kan eg seie God jul, godtfolk! Vonar de får alt de har lyst på, og ingenting de har bruk for. Og ein ekstra stor takk og lukkeønskjing til dei som faktisk brukar jula på å vere god mot andre, og med dei som treng det mest.
Vi andre er stort sett berre rasshøl.
Eg meiner, God jul, ja!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar