Skulle du sett! Ny dag! Ny luke! I går var vi så heldige å få R2-D2 med reinsdyrhorn! Det må jo vere eit pokkers høgdepunkt. Kvar får dei desse ideane ifrå? Kva rumpe trekk dei eigentleg desse ut av.
Jaja.
Vi er eigentleg mest nøgd med at vi har klart 22, og no 23, fortløpande blogginnlegg. Det trur eg ikkje vi har gjort på fleire år. Vi har skrive fleire blogginnlegg i desember enn i heile 2015 til saman. Skremmande, kva?
Og det heilt utan å forsake kvalitet.
Vel, kanskje ikkje heilt utan...
Greitt, dei fleste innlegga var piss.
Dette innlegget kjem og til å vere piss.
Slik er det med kvantitet over kvalitet. Lev med det.
Kva er det eg seier? Eg veit du lever med det. Der du sitt og stappar trynet ditt full av snop og ser på Netflix og latar som du chiller... eller Gud forby... Skal vi fuckings danse.
I det perspektivet er denne kalenderen awesome kvalitet!
Så då smeller vi i gang og opner luke nummer 23. Nummer 23 folkens! Og der har vi:
Legoklosser!
Kva skal det bli? Sikkert noko uforståeleg noko. Ein lysande vibrator eller ein radiostyrt juletre. Etter dei der reinsdyrhorna er vi villige til å akseptere alt her i moskeen!
Ein laserslede! Så klart! For R2-D2 må ha noko å trekke på? Sidan han har reinsdyrhorn! Men kvifor har då sleden motor? Er det berre for å plate R2-D2?
Bleep! Bleep! Bleep!
Ja, vi er heilt einige, R2-D2.
Bowoop!
Du vil kva?
Bwoop!
Ok!
R2-D2 har funne ut at han skal køyre doningen sjølv. Det høyres rett og rimeleg ut. Varsku! Her kjem eit flygande søppelspann!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar