Greitt, det virker som det er veg i vellinga i julekalenderen no. Ikkje mange dagane att, men så langt har det jo gått brillefint, har det ikkje? Vi har tilogmed hatt litt action!
Så då er vi spent på kva dagens luke inneheld; er ikkje du? Vi smeller opp luka og drar ut den lille posen med lett attkjennelege legodelar og tenkjer vårt vanlege: Kva i all verda?
Dette skal jo openbart bli til.. eh... altså... Ja, la oss berre byggje det. Det er umogleg å forstå kva noko skal vere av desse delane.
Og framleis like uforståeleg når ein har satt den saman. Så greitt... eit våpenstativ eller ein konsoll av eit slag?
Det må det vere.
Lett attkjenneleg frå den der filmen som den var med i. Eller noko slikt. Vi trudde eg var godt nok kjend med Star Wars, men dette er oss eit mysterium... Men vent! Eit mysterium? Eit julemysterium?
Det er då det er godt vi har Tom Egeland på laget! Vi sett han på saka!
Tok du den? Vi _satt_ Tom Egeland _på saka_.
Vi er kjempemorosame her i moskeen. Fyttigrisen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar