laurdag 19. desember 2015

Tom Egelands Big Badaboom!

Då vi forlot bloggen i går var Tom Egeland nede for teljing, tilsynelatande skoten av ein AT-AT, nett slik han vart instruert til å gjere i filmen ifølgje han sjølv.
Men sidan han kommenterte i bloggen, så kan han jo ikkje vere heilt dau? Kanskje han berre snubla litt i snøen! La oss opne dagens luke og sjå kva vi finn der!
Aha nett det Tom Egeland treng! Ein stor kanon. Ein planetforsvarar! Den som vart nytta til å forsvare transportskipa som evakuerte Hoth under slaget. Peow! Peow! Og så var det Star Destroyerane satt ut av spel!
Så kom igjen Tom Egeland! Nasa ut av snøen! Opp og hopp og gjer deg klar til å smelle til!
Pent smil forresten!

Ja no skal det bli veg i vellinga... ja, om du ser vekk ifrå at den sikter ut i atmosfæra og ikkje mot AT-ATen som er ute etter deg då... kanskje du burde kikke på det... til neste gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar