fredag 2. desember 2016

Ein adventskalender for 2016

Korleis skal eigentleg ein adventskalender for 2016 sjå ut? Korleis kan dette året best uttrykkast i kalenderform?

Du veit svaret, du vil berre ikkje innrømme det.

Bak kvar ei luke ei tragedie.

Bak kvar ei luke eit dødsfall.

Bak luke nummer ein er David Bowie

Bak luke nummer to er Nice, utalige ugjerninger utførd av IS

Bak luke nummer tre er ikkje pandabjørnar lenger utryddingstrua! Helvete.

Bak luke nummer fire er Leonard Cohen

Bak luke nummer fem er Prince

Bak luke nummer seks er Robert Vaughn

Bak luke nummer sju er Kenny Baker

Bak luke nummer åtte er Gene Wilder

Okay, dette vart ei langt liste med døde, hovudsakleg kvite, menn, men du skjønar teikninga, gjer du ikkje? Det har ikkje vore eit bra år for oss.

Og på julaften, så får vi faen meg president Trump, Brexit og ei fullstendig inkompetent regjering her heime. Har eg nemnt at vi berre har gjett opp å redde kloden? Klimakrisen vert i 2016 omdøpt til strandsonerenovasjon!

Våg å le. Våg å le. Dette er berre for dumt. Dette var berre litt for deprimerande sjølv for år 2016. La oss difor opne nok ei luke i fjorårets Star Wars-sjokoladekalender I Star Wars kalenderen i dag fekk eg...

Ein julekakemann? Pepperkakemann? I sjokolade? Greitt... okay... eg anar ikkje kva det har med Star Wars å gjere, men eg tar den. 2016 må sukrast og dynkast i sjokolade for at vi skal svelge den.

torsdag 1. desember 2016

Ingen adventskalender i år

Så gjekk det altså eit halvt år til eg skreiv eit nytt blogginnlegg. Mea culpa. Mea maxima culpa.

Om det er eit trøyst så har vi vore travle på andre fronter, og tilogmed blogga litt ein annan stad. Men det er sjølvsagt inga unskyldning for ikkje å halde menigheita oppdatert på alt som skjer i verda.

Det er jo ikkje så mykje, tillat meg ei kort oppdatering:

Ingenting å sjå her med andre ord.

Ifjor gleda vi store og små med ein adventskalender. Ein Star War Lego-kalender. Det var moro det, og eg har jo allereie fått spørsmål om eg skal gjenta suksessen.

Svaret er nei. Nope.

Ikkje i det heile teke. Det ville vore teit om eg skulle komme attende frå bloggferie og berre gjenta det eg gjorde ifjor.

Det ville vore som verdas minst originale reprise.

Og vi er ingenting om ikkje originale her.

Men for dei som absolutt, absolutt må ha ein adventskalender nett som i fjor, så har eg eg her ein uopna Star Wars sjokoladekalender frå ifjor jul! Sendt til moskeen frå ein disippel i London.

Ta-daaa!
Og så med sjølve Darthen då! Det er jo berre awesome. Ekstra awesome sidan han er med i Rogue One no i jula:


Det er jo og ein ekstra fordel med sjokoladekalenderer at dei er litt enklare å tyde enn Lego. Det var jo openbert at dei var byrja å gå tom for idear i legokalenderen og det var klin umogleg å forstå kvar i Star Wars dei hadde funne halvparten av tingane der. Det vert heldigvis ikkje eit problem her, då ein sjokoladekalender krever null originalitet.

Berre sjå her!
Dette er jo... eh... Jar Jar på fire bein? Neida, det er ein Ithorian... eller ein Tauntaun...

Faen, nei, eg gidder ikkje dette. Ikkje ein gong til! Faen heller! Dessutan gjekk den ut på dato 30. november! Fordi dette er jo fjorårets trass alt!

fredag 24. juni 2016

Eg kikker i postkassa og finn...

Eg er komen til ein stad i livet der det å sjekke posten kan vere eit skikkeleg eventyr. Eg må ofte tenkje på intensjonen til avsender - kvifor har eg blitt sendt dette? Er det fordi dei likar meg? Er det fordi dei hatar meg? Er det fordi eg har hengt på eBay full att? Det er like stor sjanse for alle desse alternativa tenkjer eg.

Tidlegare denne veka låg det to underlege pakker i postkassa; eg sprang i hus og spratt dei opp og vart sittande og tenkje litt på dette med livet mitt. Den første pakka er jo grei nok. Eg har byrja å abonnere på Loot Crate sin Level Up, så eg fekk litt geeky stash til å supplere min kanskje litt vel formelle garderobe.

Eit par sokker (Star Trek og Fallout).


Ei baseball skjorte, type Ghostbusters.

Eg nølte sjølvsagt ikkje eit sekund med å hive på meg fillene før eg sjekka ut den andre pakka. Ei lita konvolutt, som innehaldt ein klump eller to. Kva er dette? Eg reiv den opp og lot innhaldet trille ut i handa mi.
Kva var no dette? Det er rundt. Og det er to av dei?
Kan eg gjere noko med dei? Trille dei rundt? Ete dei? Koke suppe på dei?
Nei, vettuka kva det er?


Det er jo testikler!
Dette har eg faktisk erfaring med, for eg har to frå før. Om enn på kroppen. Testiklar er kult!

Om det er slik at du avogtil har lurt på å snitte opp pungen på nokon for å finne ut korleis testikler ser ut, så slepper du jo det no då. Det er ein fordel.

Men altså, det får ein jo til å tenkje. Kvifor har nokon sendt meg testikler? Er det ein trugsel? Er det nokon som seier dei skal skjære ballane mine? Eller at eg treng ballar? Veldig maskulinisert retorikk tykkjer eg, her burde ein kjønsteoretikar komme på banen etterkvart. Kanskje det er ei gåve? Kanskje nokon tykkjer ballane mine er fine, og vil at eg skal ha to i reserve?

Nei, vent litt. Det følgde med eit postkort.

Eg kan då puste letta ut. Det var ei gåve. Frå Viktor Wynd's Wunderkabinett. Eit triveleg lite museum i London full av underlege trivialitetar og snurrepipperiar. Kuriosa er eit dekkande ord for deira samling av brukte kondomer, utstoppa dyr, kroppsdelar og instruksjonsmanualar for gruppesex. Ein av mine favorittstadar å vitje i London - ein lang, men bein, spasertur frå Bethnal Green dersom du lurar.

Museet vart renovert i fjor, og eg donerte eit par lapper til prosessen. Og dette var altså takken. "Enjoy the museum's testicles".

Ja, det skal eg faen meg. Mmmmm. Testikler. Ikkje ein trugsel denne gongen. Berre kjærleik.

tysdag 15. mars 2016

Møt opp i senatet

Caesars død av Vincenzo Camuccini
Dette er dagen folkens.

Kanskje årets viktigaste dag.

Det er Ides av Mars, den midterste dagen i mars-månad slik dei gamle romarane såg det. Sånn ca. Om lag. Med litt Shakespeare i mellom.

Dette er dagen då folkets mann vart røva i frå oss av korrupte parlamentarikarar og sjofle svikefulle vener som Brutus. Det seiast at Caesar skal ha reist sin toga for å dekke andletet sitt då han såg at Brutus var ein av dei som stod i kø for å knivstikke han. Han vil vel neppe kor vondt det gjorde å verte svika av ein av sine næraste. Og det forstår vi godt. Så ivrige var desse senatorane i sitt forræderi at dei skal ha såra kvarandre ein del medan dei veiva med knivane sine over den stakkars folkehelten Caesar.

Politikarar burde ikkje drive med drap, dei er så inkompetente.

Det gjekk rykter om at Brutus faktisk var sonen til Caesar, men Caesar var berre 15 då Brutus vart fødd.

På den andre sida så er det Caesar vi snakkar om her. You go, boy!

Gjennom åra har vi skrive mykje om Caesar og hans endelikt. Og vi ser vel ingen grunn til å ikkje halde fram med denne folkeopplysinga. Tenk kor annleis verda såg ut om vi såg ho i lys av at vi for 2000 år sidan vart frårøva ein folkets mann. Republikken fall kanskje ikkje fordi dei fekk ein diktator, men fordi parlamentet valte å velte han.

Her trår vi farleg nær fascismen, men så lenge ein har sko på bør det gå greitt.

Brutus er kanskje ein av dei mest interessante personane i denne samanhengen. Etter at dei hadde drept vår kjære Caesar utlyste senatorane at dei sjølv skulle få amnesti for det dei gjorde. Folket var likevel ikkje fullt så blide, så fleire av dei, deriblant Brutus søkte tilflukt langt vekke frå Roma. Brutus reiste på strandferie på Kreta.

Octavius tok over som prokonsul i Roma i 43 f.kr. og erklærte alle dei skuldige senatorane for å vere drapsmenn. Dette første på sikt sjølvsagt til ein klassisk romers møljeslosskamp med fleire generalar og legionærar enn det som strengt tatt skulle vere naudsynt. Til slutt vart Brutus slått, og måtte flykte frå slagmarka.

Han bestemte seg for å avslutte flykta ved å flykte inn i sitt eiga sverd haldt oppe av to av sine menn.

Det kallar eg å gå ut med stil.

Og slik gjorde Brutus opp for seg, for sine ugjerninger. Og eg likar å tru at difor ser Europa ut som det gjer i dag. Ingen Caesar, men med eit vaklande EU.